244. Lunde.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 524 ---

Namnet vert i 1500-talet skrive Lund og Lunde. Det vert no sagt Lùndé2; han búr pao, è tao, ska tì Lùndé. Namnet kjem av gn. lundr m. lund, holt (i dativ lundi).

Landkommisjonen har 1661 ført upp Lunde med 4 laup i skyld og to brukarar, og segjer at der var vedaskog og skog med smått timber. To brukarar og 4 laup i skyld var det òg i 1723, skog til brensel og husvøling og humlagard. Der var god kornavl, men det var tungvint med høyavlingi. Skyldi vart sett ned til 3 laup 2 pund, som 1838 er umskrivi til 8 dalar 4 ort 19 skill. Fure- og vedaskog var der jamvel litt til sal. Samanlikningstalet var 1350.

Matrikkelen 1865 melder at der var 36 mål åker, 3½ mål dyrka eng, 52½ mål god, 51½ mål medels natureng og 26 mål skrapebø. 2 mål var skikka til dyrking. Medels hamnegang. Skog til husbruk. Timber kunde seljast for 2 spd. årleg på bruk 1 og 2, for 9 spd. på bruk 3 og for 4½ spd. på bruk 4. Garden var svært tungbrukt. Bruk 2 og 4 var dyrka som vanleg

--- side 525 ---

og bruk 1 og 3 betre enn vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 35,9 mål åker, 39 mål kunsteng og 56 mål natureng.

Folketalet var 31 i 1801, 32 i 1865 og 34 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Lunde.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 24 30
1723 3 25 18 32
1865 5 40 82 96 71
1918 7 25 67

Bjørgynjar Kalfskinn melder at brørne Gulbrand og Orm på Finne gav til Vangskyrkja millom anna 1 mmb. i Lunde for sjeli åt far deira. Gudleik er den fyrste brukaren som me veit namn på. Han budde der 1521 og betalte 19 lodd sylv i skatt og breffbrot. I 1563 var det to leiglendingar, Gudleik og Eiliv. Oluf Erlingson Gjerstad møtte 1578 for Ellis Lunde på rådstova i Bergen på herredagen og klagde over at avlidne biskop Olav hadde «bekommet» av foreldri til Ellis 3 mmb. i Lunde. Oluf tok atterhald um odelsretten for Ellis. Odd var eigar av 2 laup i 1603. Nae på Vik i Kvam åtte 1615 ½ laup på Lunde.

Isak er ofte skriven som leiglending 1603-1635. Anders Larsson Olde og kona hans Rannveig Eilivsdr. har 1622 gjeve skinnbrev-skøyte til Isak Sjurson Lunde og kona Guri Oddsdr. på 1 pund i øyjordi Ukvitno for 12 gode riks spesiedalar og ½ rd. i skøytekostnad. Isak åtte 3 laup 12 mark i 1611, 2½ laup i 1614 og 4 laup 1 pund i 1635, truleg i fleire gardar. I 1621 åtte han 1 laup 18 mark på Lunde, 12 mark på Rekve, 4 mark på Kinne og 1634 2 laup smør 1 aske korn på Eide kjøpt av Rannveig Olavsdr. (Eilivsdr.?) Olde. Sigrid Lunde åtte 1621 ½ laup 6 mark på Skutle, ½ laup på Ygre, 1 pund på Eide og 12 mark på Hakastad i Ulvik. Ei enkje var 1636 eigar av 4 laup 1 pund.

Hermann Garmann fekk 1622 kongeskøyte på 1½ laup av Munkelivgodset. Leidangsboki melder at leidangen i 1624 var ½ laup smør 1 bukkskinn av Lunde og 1 kalvskinn av Svanga. Det var bondegods og god avlsjord, er det sagt. Ryttarskatt vart 1627 lagt på to partar odelsjord. På 1 laup 6 mark var

--- side 526 ---

lagt 2 dalar 1½ ort 6 skill. i skatt og på 1 laup var skatten 2 dalar 1 ort. Vermor hans Isak var brukar på denne parten og Isak på den fyrste.

Anders Olavson, g. m. Ragnhild, var brukar 1642 og hadde sonen Olav og tenestgjenta Brita. Der budde ei huskone Guri. Anders var eigar av 3½ laup. 1 spann var Allehelgensgods i 1647. F. Broderson let noko i 1649 til kongen ved makabyte. Broderson åtte 1652 og 1655 1½ laup, brukaren Anders 2½ pund, Sæbjørn Berge ½ laup og Nils Hoffue 2 pund. I 1659 var det desse eigarar: Munkeliv 1½ laup, brukaren Anders 2 pund, Sæbjørn Berge ½ laup og Nils Arffue 2 pund. Anders åtte 1655 I pund på Hatlestad (Hakastad?) og 1659 4½ mark på Kinne.

Munkeliv åtte 1661 2 laup, Anders 2 laup 1 pund. Anders var brukar 1645, Anders og Olav 1652, Anders 1655, Anders og Olav 1657-1661. H. Garmann fekk 1662 kongeskøyte på noko av Munkelivgodset og selde det til Klas Miltzow. Jon Knutson og Sjur Andersson var brukarar i 1664. Klas Miltzow åtte 1676 3 laup 1 spann og 1680 4 laup. Velom Eide åtte 1680 ½ laup og 1 pund 10 mark i 1691. Dei andre eigarane då var Hans Akselson 2½ laup og Vangskyrkja 1 laup 2 mark. I 1695 åtte Hans Akselson 3 laup og Ingjerd Miltzow 1 laup.

Knut Eirikson var leiglending 1691, 1695 og 1701. Han var f. 1650, g. m. Guri Larsdr., og døydde 1706. Guri døydde 1741, 80 år gl. Dei hadde sju born: Lars f. 1685, Per f. 1691, død 1756, Ingebjørg f. 1692, g. 1724 m. Gudleik Mikkjelson Bø, Anna f. 1693, Marta f. 1695, Anders f. 1697 og Torbjørg f. 1704, g. 1735 m. ekm. Mikkjel Brekkhus.

Styrk Knutson kjøpte 1706 3 laup av Boye Rafnsdorff og Morten Koch. Styrk var som ekm. g. 1742 m. Rannveig Torbjørnsdr. Løno. Styrk skøytte 1729 1½ laup til Knut Jonson Mølster og selde 1739 1½ laup til Mikkjel Gudleikson for 170 rd., men kjøpte det sistnemnde attende i 1741. Styrk døydde 1743, 73 år gl. og Rannveig 1744, 41 år gl., barnlause. På skifte etter dei er ført upp 1½ laup jordgods verdsett 150 rd. Odd Oddson kjøpte 1709 1 laup av Lars Knutson. Odd var g. m. Rannveig Steffadr. Då Styrk og Odd kjøpte, var der hus berre til ein brukar. I 1712 vart halde delingsforretning for husi og eigedomen elles. Styrk skulde ha tri fjordepartar og Odd ein fjordepart. Rannveig døydde 1738, 65 år gl. som enkje og hadde to born: Borghild f. 1707, g. 1740 m. ekm. Nils Veka, og David f. 1714.

--- side 527 ---

Han døydde ugift 1747 og åtte då 1 laup etter skøyte 1739 som systeri Borghild ervde. Ho var g. andre gongen 1744 m. Olav Monsson Tøn. Ved skifte 1739 etter Rannveig åtte buet ½ laup på Lunde og 8¼ mark på Osgjerd.

Olav Monsson åtte 1 laup som han let 1747 ved byte til Lars Olavson. Han døydde 1787, 76 år gl. og hadde borni Ingebjørg, g. 1764 m. Nils Knutson Mosafinn, skriven for Narheim i 1785, og Bård, g. 1769 m. Anna Hollgeirsdr. Rene.


Bilete 65. Lunde. Fot. P. Braaten 1937.
Bilete 65. Lunde. Fot. P. Braaten 1937.

Han døydde fyre 1785 og hadde borni: Sygni, Ingebjørg, Lars Marta og Guro f. 1771-1777. Lars selde 1765 1 laup til Halldor Bårdson. Han var son til Bård Olavson Fenno, som var g. 1727 m. Ingebjørg Endresdr. Giljarhus. Halldor gifte seg 1. 1766 m. Gjertrud Rognaldsdr. Haugo, 2. 1771 m. Ragnhild Andersdr. Lid, 3. 1776 m. Jorunn Arnfinnsdr. Ullestad og døydde 1811, 78 år gl. Jorunn døydde 1817, 85 år gl. I skifte etter Halldor er ført upp tri born: Bård f. 1767, Knut f. 1772, g. 1803 m Rannveig Sjursdr. Bø, og Anders f. 1773. Knut og Rannveig har vore på Lunde då dei fekk borni: Halldor f. 1803 og Steffa f. 1812. Knut døydde 1851. Halldor gifte seg 1839 m. Ragnhild Olavsdr. Skjelde. Bård fekk garden i 1791. Sjå bruk 4.

--- side 528 ---

Knut Jonson Mølster kjøpte 1729 som fyrr nemnt ½ laup. I 1744 kjøpte han 1 laup 1 pund 101/3 mark av Werner Hosewinckel og 4/5 mark av Rognald Nestås. Knut var g. 1730 m. Brita Davidsdr. Nedre Klyve. I 1753 selde han 1½ laup til brorsonen Jon Davidson. Brita døydde 1769, 60¼ år gl. og Knut 1777, 69½ år gl. Dei hadde sju born: Jon som var sinnssjuk og døydde 1791, David, Ingebjørg f. 1736, Kari f. 1741, g. 1765 m. Kolbein Johannesson Berge, budde 1783 på Vågå i Lindås, Styrk f. 1745, skriven for Taulen i 1791, Torbjørn f. 1749, g. 1778 m. Torunn Larsdr. Lid, budde 1783 på Rasdal i Evanger, og Knut f. 1751 som 1777 var i Kjøbenhavn og døydde 1783 ugift på Lunde. Ved skifte etter Brita åtte dei 1½ laup, som vart taksta 324 rd.

David Knutson fekk 1776 skøyte på 1 laup 1 pund 91/3 mark. Han var som ekm. g. 1768 m. enkja Ingebjørg Klasdr. Glymme som døydde på Lunde 1799, 72 år gl. Dei fekk døtterne Rannveig, g. 1748 m. lensmann Gusskalk Mattisson Mølster og Brita f. 1769, g. 1788 m. Mons Torsteinson Lunde f. 1761. Han fekk 1788 og 1791 skøyte på 1½ laup. Sjå bruk 3.

Jon Davidson kjøpte som ovanfor nemnt 1½ laup av Knut, farbror sin, og bytte 1759 med Torstein Olavson Gjerstad uti 1½ laup på Gjerstad. Torstein var g. 1751 m. Marta Monsdr. Giljarhus og døydde 1774, 53½ år gl. Marta døydde 1802, 79 år gl. Fem born: Mattis f. 1752, Marta f. 1754, g. 1776 m. Brynjulv Olavson Liland, Anna f. 1755, g. 1775 m. Hermund Isakson Mosafinn, Olav f. 1756 var skulehaldar og g. 1790 m. Marta Larsdr. Uppheim og Mons f. 1761, g. 1788 m. Brita Davidsdr. Lunde. Ved skifte 1774 etter Torstein åtte dei 1½ laup som vart verdsett 525 rd. Sonen Mattis fekk garden, bruk 1.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Lunde. Mattis Torsteinson f. 1752 gifte seg 1. 1778 m. Brita Andersdr. Hovda, 2. 1791 m. Brita Andersdr. Væte. Ho døydde 1808 og Mattis 1817. Han fekk tri born med fyrste kona og seks med den andre: Marta f. 1781, g. 1806 m. Isak Klasson Grimastad, Eli f. 1784, g. 1811 m. Rognald Rognaldson Nestås, Marta d. y. f. 1786, g. 1814 m. Nils Arveson Rødland, Torstein f. 1792, Anders f. 1796, Brita f. 1798, g. 1819 m. Eirik Olavson Skjeldal, Anna f. 1801, død 1817, Olav f. 1802,

--- side 529 ---

g. 1829 m. Synneva Larsdr. Uppheim, og Velom f. 1806, g. 1832 m. Kari Knutsdr. Grimastad. På skifte 1808 etter Brita var deira 1½ laup verdsett 500 rd.

Torstein Mattisson fekk farsgarden i 1815 og gifte seg året etter med Marta Eiriksdr. Stora Saude. I 1832 fekk han fråskilt bruk 2 og selde bruk 1 til Anders, bror sin, for 300 spd. Bruk 2 selde Torstein 1846 til Brynjulv Småbrekke for 350 spd. Torstein døydde 1849 og Marta 1880, barnlause. Anders Mattisson var f. 1796, g. 1824 m. Ingjerd Gudleiksdr. Vetla Saude. Dei selde garden att 1843 til Hallvor Gunnarson Grimastad for 530 spd. og reiste til Amerika. Hallvor var f. 1807, g. 1840 m. Anna Larsdr. Kvåle f. 1811, og døydde 1895. Ho døydde 1885 og hadde borni Kirsti f. 1847 som døydde 1921, og Anna f. 1853. Anna vart g. 1882 m. Lars Monsson Saude f. 1859 som døydde 1928. Dei fekk garden i 1885 for 1600 kronor. Sonen Mons fekk 1908 skøyte på garden for 4000 kronor. Han er f. 1882 og var g. m. Brita Hallesdr. Mosafinn f. 1887 som døydde 1924.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 245, lnr. 480 med gamal skyld 2 pund 1½ mark, urevidert 1 dalar 3 ort 7 skill., revidert 1 dalar 4 ort 12 skill. Ny skyld mark 2,77, alt etter at bruk 2 er fråskilt.

Bruk 2. Lunde. Brynjulv Sjurson Småbrekke kjøpte som nemnt bruk 2 i 1846. Han var g. m. Anna Knutsdr., og fekk på Lunde borni Mons f. 1848 og Marta f. 1851. Olav Gjermundson Skår kjøpte 1851 garden for 435 spd. og selde att 1854 til Olav Engelson Soldal for 490 spd. Bård Nilsson Skjelde kjøpte garden 1855 for 650 spd. Han var f. 1825, g. 1856 m. Jorunn Olavsdr. Seim f. 1826. Dei fekk borni: Nils f. 1857, Olav f. 1858, g. m. Anna Knutsdr. Dagestad, bur i Tyrlingen, Anders f. 1860, g. m. Marta Nilsdr. Saude og Torstein f. 1865, som vart hotellstyrar i Os. Bård døydde 1896 og Jorunn 1908. Nils fekk 1885 garden for 1100 kronor og vart g. m. Dønåt Oddsdr. Mosafinn f. 1857. Han selde garden 1902 til Marta Halldorsdr. Lunde, som er f. 1882 og g. m. Johannes Arnvedson Dolve. Marta selde att 1916 til bror sin Klas Halldorson Lunde for 4000 kronor. Han er f. 1888 og g. m. enkja Maria Knutsdr. Mo, Hosanger, f. 1888.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 245, lnr. 480 b med gamal skyld 2 pund 1½ mark, urevidert 1 dalar 3 ort 7 skill., revidert 1 dalar 4 ort 4 skill. Ny skyld mark 2,67.

--- side 530 ---

Bruk 3. Lunde. Mons Torsteinson Lunde fekk som fyrr umtala bruk 3. Han var f. 1761 og g. 1788 m. Brita Davidsdr. Lunde f. 1769 og døydde 1819. Brita døydde 1829, 61 år gl. Åtte born: Ingebjørg f. 1788, g. 1827 m. Anders Olavson Berge, Torstein f. 1790, Marta f. 1795, g. 1818 m. Lars Andersson Vetla Saude, David f. 1798, g. 1835 m. enkja Synneva Larsdr. Uppheim, Margreta f. 1801, Brita f. 1804, g. 1824 m. Nils Pålson Dale, Granvin, Olav f. 1808, g. 1840 m. Anna Davidsdr. Vestrheim og Klas f. 1812.

Torstein Monsson fekk skøyte 1819 og 1824 på farsgarden, kvar gong halvparten. Han gifte seg 1819 m. Ingebjørg Knutsdr. Mosafinn. Dei fekk seks born: Mons, Anna, Knut, Brita, Per og Marta f. 1819-1832. Torstein døydde 1834 og Ingebjørg 1866 68 år gl. På skifte etter han vart jordgodset 1½ laup taksta 550 spd. og skogen 100 spd. Garden vart utlagd til Mons. Han døydde 1856, 36 år gl. Nils Pålson Dale kjøpte garden i 1839 for 710 spd. Han var som fyrr umtala g. 1824 m. Brita Monsdr. Lunde f. 1804. Dei fekk ni born: Pål f. 1826, Olav f. 1828, g. 1858 m. Sigrid Styrksdr. Fjose, budde på Ygre, Nils f. 1830, g. 1855 m. Marta Klasdr. Grimastad (Amerika), Rannveig f. 1832, g. m. Lars Larsson Bø, husmann på Fenno, Brita f. 1837, g. 1859 m. Bård Nilsson på Bjørku, Anna f. 1842 (Amerika), Torstein f. 1844, død ugift 1865, Mons f. 1847, g. 1879 m. Josefine Valen, og Marta f. 1849, g. m. Olav Person på Fenno. Olav Nilsson reiste ei tid med kram. Mons byrja som kramkar, reiste seinare med handel på dei store marknadane i Nordland og dreiv stor handelsforretning i Kabelvåg. Nils døydde 1864, 60 år gl. og Brita 1884.

Pål Nilsson fekk 1852 garden hjå far sin for 300 spd. Han var g. 1. 1850 m. Steinvor Larsdr. Skjelde, 2. 1886 m. enkja Magli Klasdr. Mosafinn. I sine yngre dagar reiste han med kram og gjorde god forretning. Pål døydde 1896 barnlaus, og Magli 1924. Styrk Olavson Ygre som er brorson hans Pål, fekk garden i 1885 for 3200 kronor. Styrk er f. 1863, g. m. Margreta Brynjulvsdr. Væte f. 1864. Han har vore med i skulestyret, fatigstyret, likningsvesenet og representantskapet for Voss Veksel- og Landmandsbank. Dei er barnlause. Etter at bruk 5 var skilt frå, selde Styrk i 1897 garden til Anders Bårdson Lunde for 4350 kronor. Han var husmann på Mosafinn då han kjøpte garden, er f. 1860 og g. m. Marta Nilsdr. Saude. Deira

--- side 531 ---

son Nils fekk 1920 garden for 4000 kronor. Han er f. 1889 og g. m. Anna Sjursdr. Grimastad.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 245, lnr. 482 med gamal skyld 2 pund 18 mark, urevidert 3 dalar 1 ort 14 skill., revidert 3 dalar 3 ort 15 skill. Ny skyld mark 5,43.

Bruk 4. Lunde. Bård Halldorson fekk som fyrr fortalt bruk 4 i 1791. Han var f. 1767, g. 1787 m. Kari Nilsdr. Tren og fekk sju born: Gjertrud f. 1787, g. 1815 m. Bjarne Larsson Eggjareid, Anna f. 1790, g. 1818 m. Bjarne Nilsson Væte, Brita f. 1792, g. 1829 m. Sjur Arneson Grytestølen, Jørgen f. 1794, død fyre 1828, Halldor f. 1796, g. 1823 m. Brita Andersdr. Skjelde, Ingebjørg f. 1802, g. 1829 m. Styrk Larsson Lunde, husm. i Ukvistræe, Knut f. 1804, død 1827. Bård kom burt i Bergen 1828. Kari døydde 1844, 81 år gl. På skifte etter Bård var garden verdsett 330 spd. og skogen 50 spd.

Halldor Bårdson fekk halve garden på skifte etter faren og den andre halvparten ved skøyte 1829 frå mori. Halldor vart g. 1824 m. Gunnvor Andersdr. Røte, og fekk sønene Knut f. 1828 og Anders f. 1831, g. 1862 m. Steinvor Erlingsdr. Væte, husmann på Bryn. Gunnvor døydde 1868, 71 år gl. og Halldor 1889. Knut fekk 1854 skøyte frå far sin på garden for 775 spd. Han gifte seg 1855 m. Marta Larsdr. Skjelde f. 1823, og fekk sonen Halldor f. 1855. Han vart g. 1. m. enkja Kristense Knutsdr. Ukvitno, 2. 1894 m. Jorunn Knutsdr. Saude, enkja etter Isak K. Gjerme. Marta døydde 1898 og Knut 1917. Halldor fekk farsgarden i 1882 for 1600 kronor. Han dreiv i lenger tid med krøterhandel. Med Kristense fekk han fire born og med Jorunn tri. Dotteri Kristense f. 1903, fekk 1927 kjøpekontrakt på garden for 5000 kronor. Ho skøytte garden 1931 til Halldor Klasson Lunde for odelstaksten 16 800 kronor.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 245, lnr. 482 med gamal skyld 2 pund 18 mark, urevidert 2 dalar 1 ort 15 skill., revidert 2 dalar 2 ort 8 skill. Ny skyld mark 3,59.

Bruk 5. Lunde. Utskilt 1897 frå bruk 3 med skyld 23 øre. Styrk Olavson umtala på bruk 3 har bygt og bur der.

Bruk 6. Skilt ut frå bruk 3 i 1920. Anders Bårdson umtala på bruk 3 er eigar.

Bruk 7. Lunde. Utskilt 1929 frå bruk 1 med skyld 2 øre. Hallvard L. Lunde har kjøpt det.

Bruk 8. Nadlen. Skilt frå bruk 4 i 1931. Halldor K. Lunde er eigar.

--- side 532 ---

Husmenn på Lunde.

Knut Oddson, g. m. Brita Sjursdr., fekk borni Jon f. 1717 og Odd f. 1718. Knut Torbjørnson, g. m. Brita Endresdr., fekk borni Guri, David, Anders og Ingebjørg f. 1728-1737. Anders Helgeson, g. m. Guro Olavsdr., døydde 1740, barnlause. Ivar Ivarson gifte seg 1731 m. Guro Olavsdr. Bauthus. Ho vart g. andre gongen 1748 med Jakob Nilsson Bø. Båe døydde 1751, barnlause. Lars Halldorson, g. m. Brita Olavsdr., fekk borni Gjertrud f. 1738 og Marta f. 1745. Lars døydde 1759. Eirik Guttormson, g. m. Ingjerd Torsteinsdr., budde på Lundaleite og fekk borni Guttorm, Marta, Gunnhild og Gjertrud f. 1763-1772. Eirik døydde 1784.

Magne Rasmusson f. 1765, g. 1785 m. Marta Magnesdr. Narheim, hadde fyrst plass på Lunde, seinare på Mosafinn der dei er umtala. Deira son Magne bygde og rudde på plasset Nadlen. Han var f. 1799, g. 1832 m. Torbjørg Brynjulvsdr. Eide f. 1801 og døydde 1871. Dei fekk borni: Brynjulv f. 1833, Olav, Marta f. 1837, Rannveig f. 1842 og Anders f. 1846. Ekm. Erling Monsson f. 1724 var husmann 1801. Likeins Rasmus Sjurson f. 1766, g. m. Bryttva Rasmusdr. f. 1744. Jon Nilsson, g. m. Rannveig Ivarsdr., hadde sonen Hallvor f. 1806. Olav Knutson døydde 1819, 50 år gl. Styrk Larsson, g. m. Ingebjørg Bårdsdr., hadde i 1830-åri plass på Lunde truleg der dei no kallar Styrktuftna. Seinare budde dei på Saude. I 1833 døydde konone Barbrå Eiriksdr., 82 år gl., og Ågota Larsdr., 58 år gl. Olav Larsson, g. m. Kari Nilsdr., fekk sonen Nils f. 1856. Jotuftna har ei tid vore husmannsplass.

Støl.

Det var 1½ mil til støls i 1723 heiter det i matrikkelen. Stølen er ikring 4 km. vestanfor Narheim og heiter Lundaholmen eller Holmen. Namnet skal skriva seg frå at i gamle dagar stod seli på ein holme i vatnet der. So vart nok Lundane uvener og flytte då seli sine, so nær som ein. Alle bruki har vårflor.

Kvern.

Ei flaumkvern har der vore 1723 og tri i 1776 og 1791. Alle fire bruki har seinare havt kvar si kvern i Grimastagroæ, men no er der berre ei att, og ho er ikkje i bruk lenger. To vass-sager har der vore, som no er til nedfalls. Ny sag er no sett upp, som vert drivi med elektrisk kraft.

--- side 533 ---

Offentlege forretningar.

Forretning 1712. Odelssak 1773. Sak mot Skjelde 1810 um merkesgjerde. Semje 1822 um beiting. Godviljug utskifting 1832. Semje 1837 um beiting. Utskifting 1892. Etter utskiftingen flytte bruk 1 alle husi, likeins bruk 2 med undantak av løbygningen. Bruk 3 flytte stova, loft og bu og hestestall.

Bumerke.

Knut 1739 tavle 9 nr. 62. Han brigda det på tri måtar 1745-1759. Styrk 1740 t. 9 nr. 63. Lars 1751-1771 fire gonger t. 9 nr. 64. Kolbein 1768 t. 9 nr. 65. Halldor 1781 t. 9 nr. 66. David 1782 t. 9 nr. 67.

Ymse.

Fyrr i tidi vart slege mykje meir på skrapebø og i utslåtter enn dei no gjer. På Lunde var i eldre tid 22 utlødor som vart fyllte med høy, og endå laut dei setja noko høy i stakk. No vert ikkje meir enn tredjeparten av utlødone brukte. - Styrk, Knut og enkja etter Odd møtte på tinget 1733 og klagde seg for at det hadde vore lauseld natti fyre Maria bodskapsdag. Fleire hus og mykje innbu hadde stroke med. På tinget 1735 har dei fått ettergjeve skattar tilsaman 9½ rd. -

I ein gravhaug er funne øksablad og 11 glasperlor av ymis farge og prydnad. I ein annan haug er funne spjot, 2 øksar, kniv og spiral, fingerringar. På garden elles er funne etternemnde ting som truleg skriv seg frå fleire manns- og kvinnegraver i yngre jarnalder: 3 sverd, 3 piler, 4 økser, skjoldknapp, 3 beitlamilar, kniv, stykke av skoning, 2 ovale bronsespenne, bronsespenne med keltisk prydnad, bronsekjel, 3 glasperlor, soks og sneldehjul.