37. Lydvo.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 241 ---

Namnet vert umkring 1300 skrive a Lyðvini, i 1398 a Lyduum. Det vert no sagt Lỳdvó; han búr pao, è tao Lỳdvó, ska tì Lỳdva. Den eldre formi Lydvin må vera samansett av eit ord gn. hlið n. (led i gjerde?) og vin (beite). Den yngre formi «a Lyduum» er ei ny fleirtalsform til Lydvin: Lydvar, dativ Lydvum, genitiv Lydva. I samansetning finn me enno båe former brukt: Lydva- og Lydvés-bødn, um bøen der.

Lydvo var halv gard i 1661 med skyld 3½ laup og hadde ein brukar. Elles er berre upplyst um garden at der var vedaskog. Det var halde syns- og avtaksforretning på Lydvo i 1656 og skyldi vart då sett ned frå 5 laup 1 pund av di at jordi hadde teke skade av skred og «jordløb». I 1723 er skyldi førd upp med 4 laup. Det var 2 brukarar på Lydvo og ein i Lydvateigen. Lydvo hadde vedaskog, humlagard og ei flaumkvern, men ikkje fiske. Garden var årvand og tungvinn. Um Lydvateigen er tilført at han var rudd sidan den gamle matrikkel av Lydvo og høyrde til denne garden. Lydvateigen hadde korkje skog, kvern eller fiske, var sers lettvinn og hadde medels god jord. Det var gjort framlegg um å setja Lydvateigen i skyld 12 mark. Skyldi var både 1777 og 1838 4 laup 12 mark, umskrivi 1838 til 11 dalar 1 ort 8 skill. Samanlikningstalet var då 1700. Der var vassfall, brennefang og never til husbruk. Lydvateigen var då brukt berre som skogteig. I 1776 og 1791 var det to kvernar på Lydvo.

I matrikkelen for 1865 er ført upp: 28 mål åker, 5 mål

--- side 242 ---

dyrka eng, 67 mål god, 45 mål medels natureng og 64 mål skrapebø. Det var ring hamnegang, og bruk 2 og 3 vanta sumarhamn. Vedaskog var der so bruk 1 kunde selja for 3 spd. og dei andre bruki for 1½ spd. kvar um året. Litt timberskog hadde dei og. Garden var medels lettbrukt, hadde ikkje fiske eller andre lunnar, var utsett for å svida, og dyrka som vanleg. I 1918 var det 40 mål åker, 33 mål kunsteng og 56,5 mål natureng.

På Lydvo budde 31 menneske i 1801, 36 i 1865 og 41 i 1920.


Bilete 28. Lydvo og Uppheim. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 28. Lydvo og Uppheim. Fot. P. Braaten 1935.
Fødnad og avling (i tunnor) på Lydvo.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 2 37 30 38
1865 4 33 ½ 85 71 ½ 53
1918 7 25 82

For 1657 har me ikkje uppgåve av di soknepresten, Gjert Miltzow, då brukte Lydvo.

Pall på Lydvo er nemnd som vitne i eit diplom frå litt fyre 1300 (DN. XIII. nr. 2) på Veiken, Granvin. Anbiørn på Lydvo har i 1330 vore med i ei kunngjering på Vangen um sal av noko i Ullestad (DN. III. nr. 157).

--- side 243 ---

På Lydvo er utferda brev i 1375 um 7 laup i Gjerme og i 1398 um ½ laupsbol i Flògo. Orm Ivarson på Lydvo er umtala 1455-1472 og er i 1466-72 ofte nemnd som lagrettemann på Voss. Sume meiner at han var son åt Ivar Vikingson Skjelde, fødd på Måge i Ullensvang. Andre segjer at Orm Ivarson på Lydvo var av Onarheimætti. Ein veit um to born etter han, Ivar og Ingerid. Brev frå 1538, 1571 og 1572 tyder på at dei var fødde på Voss.

Gjert Miltzow skriv i si prestehistorie um dei m. a.: Ivar var sokneprest på Voss og domherre i Bergen i 1484 og 1496. Det ser ut til at han var av adeleg ætt. Han hadde ei syster Ingerid Ormsdr. Ho budde i 1537 på Lydvo, som ho åtte med mange fleire gardar i bygdi. Både ho og dotteri Gyrid er i gamle kalvskinnsbrev kalla odels- og adelsborne kvinnor. Ivar hadde ein son hr. Orm, som ikkje var adelsboren, men har truleg fått god utdaning. Dersom eg ikkje tek feil, skriv Miltzow, so var han kannik i Stavanger.

Ingerid Ormsdr. er i Skattemanntalet 1521 skattskrivi med 45½ lodd sylv i skatt og var største skattytaren på Voss. Ho har vore gift med Ivar Lydvo og hadde med han borni: Gyrid, Sigvor og Gunnhild. Gyrid har vore gift med Lars, som er død fyre 1564, og hadde sonen Gudlaug. Gyrid er død millom 1564 og 1571. Ho har i 1538 late 8 mmb. i Liland til Arnfinn og Knut Jenssøner på vegne av deira mor Sigrid Torkjelsdr. I brev av 17. mai 1587 melder Knut Olavson på Skjelde at Gyrid, syster åt mormor hans, hadde gjeve ½ spann til Olav Nesthus i Vikør fordi han hadde vore hennar verje. Der er og sagt at mannen hennar var død fyre 1527. Sigvor var gift med Lars Eirikson, truleg den same som annan stad er kalla underprost. Deira dotter var gift med Olav Skjelde. Sjå vidare på Skjelde. 29. juli 1564 (DN. IX. s. 817) har Gunnhild selt til båe systerne sine, Gyrid og Sigvor, jordgodset ho hadde ervt etter foreldri sine. Det var tridjeparten av etternemnde jordgods: 5 mmb. i Nedre Berge, 5 mmb. i Ronve, 4 mmb. i Hylle, 2½ mmb. i Vike, 9 mmb. i Haugen, Rd., 4 mmb. i Skorve, i mmb. i Hyljarås, 1 mmb. i Øystese og ½ mmb. i Hovland i Kvam.

Lars har betalt landskyld i 1563 med 2 mark 4 skill. I 1571 kunngjer han saman med 3 andre lagrettemenn at Orm Ivarson på Lydvo hadde kjøpt Liland, men at Arnfinn på Skjelde

--- side 244 ---

hadde løyst inn att garden av folki til Orm (diplom i Bergens Museum). Per var leiglending i 1591, 1603 og 1611 og åtte 1611 1 laup 1 spann i garden. Nils var leiglending 1603, 1614 og 1621. Dessutan var ei enkje leiglending 1611, 1614 og Mattis i 1614. Leidangsboki for 1624 melder at leidangen på Lydvo var 1 pund 6 mark smør og 2 bukkskinn. Det er tilført at Lydvo var god avlsgard. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset med 3 ort. Oluf var brukar. Oluf var brukar ogso i 1629, men var so fatig at han slapp skatta. Arnfinn Knutson bruker heile Lydvo i 1635 og 1640, men i 1645 er det to leiglendingar forutan Arnfinn, nemleg sonen Svein Arnfinnson og Aslak Person. Arnfinn er nemnd som lagrettemann 1648 og som lensmann 1650. Han var gift med Gjertrud, Svein med Kari og Aslak med Marta.

Brev av 1649 (i Bergens Museum) melder at Kirsten Jakobsdr., enkja etter futen Laurits Andersson på Lydvo, selde til sokneprest Henrik Miltzow si odelsjord Lydvo på 3½ laup for 250 riksdalar. Same året stemnde Miltzow leiglendingane Arnfinn og Svein til å flytta frå garden og la fram skøyte av 1649 til dotteri Margreta, «som straks vilde tiltræde og bosætte sig paa gaarden og holde hus for sig selv». Arnfinn og Svein vilde ikkje flytta, for dei hadde bygsla på levetidi. Dei hadde betalt fyrste bygsel av halvparten til eigaren som då var, futen Laurits Andersson, Arnfinn med 90 riksdalar og Svein med 25 riksdalar. Dei vart dømde til å flytta av di ho Margreta åtte meir enn halvparten av jordi. Ho Margreta gifte seg truleg i 1650, med Otto Schreuder, som 1648 vart kapellan hjå Miltzow og budde på Lydvo. Kirsten vart seinare andre kona åt H. Miltzow. Per Joh. Hovland klagar i 1654 (brev i Bergens Museum) over at Otto Schreuder hadde teke jordgods i Lydvo som Hovland hadde fått etter foreldri sine, og ikkje vilde betala landskyld.

I 1652 og 1659 er ført upp som eigarar Kirsten, som budde på Bolstad, 3½ laup og Per Hovland 1½ laup. Otto Schreuder budde på Lydvo i 1652 og 1655. Difor er det vel at garden då var skattefri. I 1661 åtte kapellanen Gjert Miltzow 3½ laup i Lydvo og budde der. «Jordgodset var forundt kapellanen til kostpenge og begjeres skattefri,» heiter det. Anders Larsson er ofte umtala som lagrettemann 1663-1674 og har då vore brukar. Garden er både i 1664 og seinare til 1723 førd upp med 4 laup i

--- side 245 ---

skyld. Klas Miltzow åtte i 1680 2 laup 2 pund i Lydvo og ervde 1685 noko og åtte då heile garden. I 1695 åtte Ingjerd Miltzow 2 laup og Hans Akselson 2 laup.

I 1701 var det to leiglendingar: Lars Brynjulvson og broren Eirik Brynjulvson. Båe hadde butt der frå fyre 1691. Lars Miltzow åtte i 1714 heile Lydvo med Lydvateigen. Han selde 1722 2 laup med halvparten i Lydvateigen til Lars Brynjulvson og 2 laup med halve Lydvateigen til Eirik Brynjulvson. Lars var fødd 1653, g. m. 1. Brita Andersdr., død 1698, 2. Hallkatla Jonsdr. Tren og døydde 1737. Av tingbøkene ser me at han har vore god kunde på gastgjevarstova. Med Brita hadde han tri born: Mildri f. 1681, Halldis f. 1683, g. m. Halle Lid, og Per f. 1695, som reiste til Bergen. Med Hallkatla hadde Lars dotteri Brita f. 1700, gift 1723 med Ingebrikt Botolvson Dolve og 1733 med enkjemann Lars Sveinson Lid. Han var etterkomar i 6te ledd av Askjel Torsteinson Bjørku. Lars fekk skøyte 1733 frå verfar sin og 1738 frå medervingar på tilsaman 2 laup i Lydvo med halvparten i Lydvateigen. Brita og Ingebrikt hadde fire born: Brynjulv f. 1725, g. m. Synneva Knutsdr. Væte, Botolv f. 1731, g. m. Lussie Torgeirsdr. Yksnabjørg, Mildri f. 1724, g. m. Josef, Marta f. 1729, g. m. Berge Tormodson Dolve. Brita og Lars Sveinson hadde fire born: Ingebrikt f. 1734, Ivar f. 1736, g. m. Ingjerd Nilsdr. Finne og døydde 1820, Lars f. 1738, g. m. Torunn Knutsdr. Rene, Olav f. 1740, g. m. Marta Knutsdr. Gjukastein.

Brynjulv Ingebriktson fekk skøyte frå mor si i 1765 på 2 pund 23 mark i Lydvo og Lydvateigen, men bytte 1768 med David Oddson Klyve uti Røyrlidi. Ivar Larsson søkte på odelsretten, og etter lagtingsdom av 1773 laut David skøyta til Ivar eigedomen i Lydvo og Lydvateigen for 730 riksdalar. Ivar hadde i 1760 fått skøyte frå far sin på 1 laup 3 mark. Ivar og Ingjerd hadde ni born: Svein f. 1763, g. m. Åsa Nilsdr. Møn, Knut f. 1765, g. m. enkja Marta Olavsdr. Raustad, Lars f. 1767, g. m. Ingebjørg Knutsdr. Gjukastein og vart gardbrukar på Gjukastein, Nils f. 1770, husmann i Lydvateigen, Ingebrikt f. 1772, gift til Ringheim med enkja Kristbjørg Oddsdr., Kari f. 1762, g. m. Nils Nilsson Lydvo, gardbrukar i Røyrlidi, Brita d. e. f. 1775, gift til Møn med Johannes Nilsson, Margreta f. 1778, gift til Gjerde med enkjemann Anders Torbjørnson, Brita d. y. f. 1780, gift til Kvåle med

--- side 246 ---

Bjarne Torgeirson. Svein Ivarson fekk i 1797 og 1805 skøyte frå far sin på garden. Framhald bruk 2. (Sjå um ætti i Kindem: Losnaætti på Voss nr. 695.)

Eirik Brynjulvson kjøpte som ovanfor umtala i 1722 2 laup i Lydvo med halvparten i Lydvateigen. Han var g. m. Marta Knutsdr. og døydde 1736, 77 år gl. Dei hadde seks born: Mattis f. 1697, g. m. Bothilda Helgesdr. Lid og budde på Lid, Raundalen, Anders f. 1706, gift 1730 med Margreta Massdr. Seve, Gudve, gift 1714 med Gusskalk Olavson Nyre eller Finne, Marta, gift 1718 til Rjodo med Olav Henrikson og 1722 med Torgeir Bårdson Fenno, Torbjørg, g. m. Anders Sjurson Byrkjo, Brita gift 1729 til Dolve med Knut Botolvson.

Anders Eirikson fekk skøyte frå far sin i 1730 på farsgarden. for 200 riksdalar og døydde 1746. Lagrettemann var han i 1739. Ho Margreta gifte seg att 1747 med Nils Nilsson Mugås, som då fekk skøyte på garden. Anders og Margreta hadde fem born: Mass f. 1732, gift 1767 med Marta Nilsdr. Sonve, Eirik f. 1734, død i Kjøbenhavn som soldat, Styrk f. 1739, Knut f. 1742, g. m. Dønåt Andersdr. Håtveit, Hallbjørg f. 1744, gift 1765 til Uppheim, Gullfj. med Lars Johannesson og 1774 med Endre Mikkjelson Arhelleren (sjå ætteboki Tvildeætti nr. 262.) Nils og Margreta hadde to born: Nils f. 1751, husmann på Lydvo, og Marjo, gift 1775 med Eirik Nilsson Finne.

Mass Andersson fekk halve farsgarden 1766, den andre halve 1783 og døydde 1809. Sju born: Eirik f. 1768, g. m. Rannveig Larsdr. Mæringi, Knut f. 1769, Nils f. 1771, gift 1802 med enkja Brita Mikkjelsdr. Bauthus og 1820 med Ragnhild Arnfinnsdr. Gjerde, gardbrukar på Bauthus, Odd f. 1775, Mattis f. 1780, g. m. enkja Eli Nilsdr. Dukstad og fekk gard på Dukstad med henne, Margreta f. 1773, gift til Kvåle med Svein Andersson, Eli f. 1777. Framhald bruk 1.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Lydvo. Eirik Masson fekk garden ved skifte etter mor si 1787. Han døydde 1841. Ti born: Mass f. 1788, g. 1826 m. Anna Gusskalksdr. Eide, Nils f. 1793, Amerika, Lars f. 1796, gift til Vålo med Herborg Torkjelsdr., Knut f. 1797, Amerika, Svein f. 1799, husmann på Lydvo, Olav og Styrk, båe i Amerika, Marta f. 1790, gift til Røte med

--- side 247 ---

Anders Torgeirson, Brita f. 1795, gift til Græe med Trond Knutson, Jorunn f. 1802, Amerika.

Mass Eirikson fekk garden 1824 for 700 spd. Han var med i krigen mot Sverike og døydde 1868. Seks born: Rannveig f. 1827, g. m. enkjemann Eirik Larsson Veka, Margreta, Kirsti, Eirik, Marta, fødde 1829-1834, Gusskalk f. 1839. Han gifte seg 1870 med Katrina Nilsdr. Tofte og fekk garden i 1867 for 800 spd. hjå Eirik bror sin som hadde fått garden i 1857 for same pris. Fem born: Anna f. 1871, død ugift, Elisabet f. 1874, g. m. gardmann Lars Kjelson Takla, Mass f. 1876, g. m. Brita Alfredsdr. Bergstrøm, Nils f. 1880 og Anders f. 1886, Amerika. Mass fekk garden i 1909 for 4800 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 37, lnr. 86 med gamal skyld 2 laup 6 mark, urevidert 5 dalar 3 ort 4 skill., revidert 4 dalar 2 ort 17 skill. Ny skyld mark 6,62, sett ned til mark 5,72 etter at bruk 5 var skilt frå.

Bruk 2. Lydvo. Som ovanfor fortalt fekk Svein Ivarson dette bruket hjå far sin. Svein døydde 1838 og hadde seks born: Ivar f. 1799, g. m. Anna Nilsdr. Prestegård, Nils f. 1809, husmann i Lydvateigen, Lars f. 1817, husmann på Ullestad, Guro f. 1801, g. m. Ivar Knutson Kvåle, Ingjerd f. 1804, Brita f. 1814. Ivar fekk garden i 1828 og ved skifte etter faren i 1838 ein part i Raundalens Almenning. I 1839 vart utskilt halvparten av garden som bruk 3. I 1844 vart bruk 2 selt på auksjon til Torstein K. Seim for 750 spd. og Ivar reiste nokre år seinare til døtterne Ingjerd, Guro og Anna i Amerika. Fire av borni hans Ivar var att på Voss: Svein, g. m. Ingebjørg Knutsdr. Gjerstad, gardmann på Helleve, Åsa f. 1826, g. m. Knut Arnfinnson Finne, Ingjerd f. 1828, g. m. Olav Knutson Grevle, gardmann på Grjotland, Rannveig f. 1836, gift til Gjerstad med Steffa Knutson.

Åsa og Knut kjøpte bruk 2 i 1851 for 730 spd. Åsa døydde 1901 og Knut 1906. Fem born: Arnfinn f. 1851, Ivar f. 1856 g. m. Maria Helgesdr. Seim, Granvin, sjå bruk 37 Lekve, Gudve f. 1858, Svein f. 1861, Amerika, Anna, f. 1864. Arnfinn gifte seg med Guro Gusskalksdr. Dukstad og fekk garden. Han har vore med i skulestyret, heradsstyret, formann i jordstyret, sokneselskapet og mykje med i det kommunale arbeid elles. Arnfinn tok til med større kjøkenhage og frukttre-avling 1888 og i 1898 med planteskule for skogtre. Han har fått sylvmedalje frå Landbruksselskapet. Born: Anna f. 1879, g. m.

--- side 248 ---

skomakar Henrik Brekke, sjå bruk 61 av Prestegarden, Knut f. 1881, g. m. Marta Olavsdr. Haga, Ingebjørg f. 1884, g. m. agronom Martinus Vatle i Haus, Gusskalk f. 1886, g. m. Jeanetta Ragnhildstveit, Ingjerd f. 1887, g. m. Johannes Klasson Finne, bankmann i Bergen, Ivar f. 1892, g. m. Astrid Lunde, har Voss Trevarefabrikk på Vangen. Sonen Knut fekk garden i 1909 for 3000 kronor. Han har halde fram med planteskulen og kjøkenhagen, har vore med i heradsstyret, formannskapet, og er revisor i Sparebanken og for heradsrekneskapane.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 37, lnr. 87 a med gamal skyld 1 laup 3 mark, urevidert 2 dalar 4 ort 2 skill., revidert 2 dalar 1 ort 22 skill. Ny skyld mark 3,47.

Bruk 3. Lydvo. Det er skilt ut frå bruk 2 i 1838 og selt til Ivar Johannesson Møn for 950 spd. Han var g. m. Arngunna Larsdr. Bø og døydde 1851, 47½ år gl. 5 born: Johannes f. 1838, Amerika, Lars f. 1841, Knut f. 1844, Bergen, Nils f. 1846, Amerika, Ivar f. 1849, g. m. Gjertrud Eiriksdr. Graudo, snikkar og sjølveigar på Bø, Tjukkeb. Lars gifte seg med Arngunna Persdr. Bø, fekk farsgarden i 1869 for 550 spd. og døydde 1923. 7 born: Ivar, Anna, Ingebjørg, Knut, Arngunna, Per, Johannes. Per fekk garden i 1916 for 5000 kronor. Han er f. 1882 og gm. Kari Brynjulvsdr. Klyve, Granvin.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 37, lnr. 87 b med skyld som bruk 2.

Bruk 4. Lydvateigen. Fråskilt bruk 1 i 1914 og selt til Nils K. Mandelid for 3000 kronor. Skyld 62 øre. Nils er f. 1883 og gm. Brita Larsdr.

Bruk 5. Lydvateigen. Utskilt frå bruk 1 i 1916 og selt til Nils K. Mandelid for 1400 kronor. Skyld 28 øre.

Husmannsplass.

Nils Larsson bygsla Lydvateigen i 1724 av Lars Miltzow. Seinare finn me desse uppførde som husmenn i Lydvateigen: Ivar Olavson og kona hans, Ingebjørg Nilsdr., båe døde 1725, Nils Larsson, som bleiv 1736 saman med fire andre på heimvegen frå kyrkja, Godvin Åmundson, g. m. Brita Eiriksdr., som døydde 1747, Gusskalk Larsson Endeve f. 1759, g. m. Kristi Knutsdr. Ullestad. I folketeljingi 1801 er ført upp Nils Ivarson, 32 år,

--- side 249 ---

g. m. Guri Olavsdr., 42 år. Frå 1840-åri budde Nils Sveinson der. Han var f. 1809, g. m. Herborg Knutsdr. Seim og døydde 1892. Nils var so glad i å syngja og kunde mange visor og songar. Dessutan er nemnde som husmenn på Lydvo: 1701 Sjur Monsson, 70 år, 1727 Anders Mikkjelson, g. m. Anna Larsdr., 1730, Steffa Olavson, g.m. Guri Nilsdr., Nils Nilsson, f. 1751, g. 1784 m. Kari Ivarsdr. Lydvo, Lars Andersson som budde på Myræ under Lydvo. I 1801 er ført upp Johannes Andersson, 50 år g.m. Synneva Mikkjelsdr., i 1830 Knut Torgeirson, g.m. Ingjerd Nilsdr., i 1831 Svein Eirikson, død 1874, g.m. Ingjerd Bårdsdr. En, i 1832 Olav Mikkjelson, g. m. Gjertrud Gusskalksdr. Svein Eirikson dreiv mykje med vevskeiarbeid. Likeins sonen Per som var gift 1854 med Brita Massdr. Lydvo. Dei kjøpte seg gard på Lisseim.

Stølar.

Lydvo hadde ikkje støl i 1723. Mass Eirikson som fekk bruk 1 i 1824, hadde sumarsstøl på Steinset ved Kaldenuten på Bordalen. Denne stølen er seld og i staden er kjøpt støl av Bidne på Marteinstølen, Vossastrondi. Arnfinn Knutson kjøpte sumarsstøl åt bruk 2 på Kinnarbakken i Brekkedalen, Vossastrondi. Bruk 3 har sumarsstøl i Krakaliæ. Alle bruki har vårhamn i heimemarki. Voss herad fekk i 1928 kjøpekontrakt frå Hardanger og Voss Reinsdyrlag på stølen Steinset.

Offentlege forretningar.

I 1656 var halde skyn på Lydvo over skaden som garden hadde lide ved «Jordbrud». Merkegang var halden 1656, sak var det med Finne um stølen Kviting i 1712, odelssak 1745, 1762, 1771, 1772, 1775 og 1780, takstforretning 1783, godviljug utskifting 1839, jarnbanetakst 1878 og utskifting 1894-95. Bruki 2 og 3 flytte då husi or gamle tunet, der bruk 1 er att. Bruk 3 fekk semje i 1899 med Bauthus og Uppheim um leiding av vatn.

Bualoft.

Nedanfor stovehuset på bruk 1 har bualoftet stade som høyrde til dette bruket. Fortidsminnesmerkeforeiningi kjøpte huset i 1909 og flytte det i 1913 til den nye tufti austanfor gamle tunet. Loftet er bygt av rundt, fint tilvølt timber, i to høgder, med prydnad ymse stader, serleg umkring hovuddøri i andre høgdi. Loftet er frå millomalderen, men skal vera yngre enn frå ikring 1300. Ved sida av Lydvaloftet står ei bu, som ikring 1913 vart flytt dertil frå Kapellansgarden. På bui står årstalet 1483, men det må vera gale, for slike tal var ikkje i bruk den tid. Bui må vera mykje yngre.

--- side 250 ---

Bumerke teikna av Lydvamenn.

Anders 1673 tavle 3 nr. 68. Eirik 1710-1727 t. 2 nr. 73. I 1719 teikna han t. 4 nr. 51. Lars 1710-1719 t. 2 nr. 74. Lars 1711 t. 2 nr. 75. I 1724 teikna han t. 2 nr. 74, men med eit lite skråstrek over vinstre foten. Mass 1771 t. 2 nr. 76. I 1784 teiknar han t. 5 nr. 4, men med tverrstrek under merke. Nils Lydvateigen 1727 t. 2 nr. 77. I 1731 sette han merket på hovudet, men utan det vesle loddbeine streket til vinstre og med.


Bilete 29. Lydvo, bruk 1, med det gamle Lydvaloftet. Teikning av arkitekt P. Blix 1888.
Bilete 29. Lydvo, bruk 1, med det gamle Lydvaloftet. Teikning av arkitekt P. Blix 1888.

ein firkant i staden for ein trikant. Ingebrikt 1729, 1730 t. 2 nr. 78. Anders 1732-1737 t. 2 nr. 79. Steffa Olavson Lydvateigen 1732 t. 2 nr. 80. Lars Jensson Lydvateigen teikna 1778 ein umsnudd L med prikk over og S. Lars 1742-1747 t. 2 nr. 81. I 1750-1762 er teikna ein S på ein L. Nils 1756, 1761 t. 2 nr. 82. Brynjulv 1765 t. 2 nr. 83. Ivar 1775 t. 2 nr. 84. Mass 1790 t. 2 nr. 85.

Ymse.

I 1842 var det nervefeber på Lydvo. Seks menneske låg sjuke samstundes. Etter uppmoding av dokter H. G. Wille vedtok formannsskapet å leiga sjukepassar til dei.

--- side 251 ---

Segn.

Ei gamal segn fortel at Lydvo skal ein gong ha vore prestegard. Presten skulde bu der då kyrkja vart bygd i 1270-åri. Presten skal ha planta ei rad med tre langs med vegen. Millom dei var eit som dei ikkje visste namn på. Det vart kalla Gulltreet og vart vida umtala. Etter det fekk Gullfjordungen namnet sitt. Presten hadde to paktarar. Den eine av dei hadde ein bror på Valberg som var slik kjempe. Ein gong han kom i jolegjestebod til Lydvo, hadde han ein stein til stav som han slengde frå seg på tunet. Steinen brotna i to. Ein ligg som troppestein og den andre som er 3 alner lang, ligg på tunet. Då paktarane døydde, vart den eine gravlagd i Sakrishaugen og den andre i Einarhaugen. Sakrishaugen ligg millom postvegen og jarnbanen og vart opna for ei tid sidan. Der var ei steinkiste 6 alner lang, og i henne var noko bein og jarnsaker. Einarhaugen som ligg lenger uppe, er jamna um lag ut. Der vart funne ei stridsøks.