174. Mala.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 39 ---

Namnet vert i 1611 skrive Mahle og Malle. Det vert no sagt Mala2; han búr pao, è tao, ska tì Mala. Den gamle formi må vera Mali m. (gen., dat., akkus. Mala), ei avleiding til gn. mọl f. sandbakke. Garden ligg paa ein sandflot med ei sandbrekke ned frå garden.

Landkommisjonen skriv 1661 at Mala var bondegods med ein brukar og 2 pund i skyld. Der var turvande timber og brensel.


Mala
Bilete 8. Mala. Fot. P. Braaten 1937.

I 1723 er sagt at garden var tungbrukt, hadde sandig jord og det var misleg med kornavlingi. Skyldi var som fyrr og vart 1838 umskrivi til 1 dalar 4 ort 23 skill. Fure- og vedaskog til eige bruk, og der var vassfall. Samanlikningstalet var 300.

Matrikkelen 1865 melder at der var 11¼ mål åker, 9½ mål god, 6 mål medels natureng og 38 mål skrapebø. 1 mål var skikka til dyrking. Vårhamni var ring og sumarhamn vanta. Skog til husbruk, og dei kunde selja timber for 8 spd. um året. Garden var tungbrukt, utsett for turk og dyrka vanleg godt. Vassfallet vart sett til ½ spd. årleg innkome. I 1918 var der 15,8 mål åker, 19,5 mål kunsteng og 12 mål natureng.

Der budde 6 menneske i 1801, 17 i 1865 og 21 i 1920.

--- side 40 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Mala.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   5   5          
1723 1   9   12   8      
1865 1   7   22   20 ½ 19  
1918 3   9   24          

Sjur var leiglending på Mala 1591 og er 1611 skriven for husmann eller øydegardmann. Oluf vart 1614 utskriven til Svinesund med byrse og øks. Hans var leiglending 1615. Jon Børve i Kvam åtte 1 spann smør og 3 mele korn og Arnfinn Vik, Jondal, 9 mark smør på Mala. I 1621 var Jon husmann eller øydegardmann. Leidangen var 1624 etter leidangsboki 5 merker smør og 1 geitskinn. Lars var leiglending. Mattis Gudleikson, g. fyre 1645 m. Ingebjørg, er skriven som leiglending 1635 og 1645. Skyldi er førd upp 1652 og 1655 med 3 spann og 1659 og 1661 med 2 pund. Arnfinn Vike var eigar 1652 og 1655 og Brynjulv Vike 1659. Knut var leiglending 1652, Rikolv 1655 og Lars 1659 og 1661.

Mala er ikkje nemnt i folketeljingi 1664, so der har vel ikkje butt nokon då. Arnfinn Ingebriktson Haugen, Trond Johannesson og Laurits Torkjelson i Hardanger har selt Mala i 1670, men det står ikkje til kven. Torgeir Olde var 1676 eigar av 1 spann på Mala. Christen Weinwich er skriven som eigar 1691, og Vangens Fatighus 1695. Tomas Andersson var leiglending 1691 og 1701. Han var f. 1647, g. m. Kari Sveinsdr. og døydde 1703. Dei hadde tri born: Magli f. 1669, Botilde, g. m. Gitle Styrkson og Dagfinn f. 1689, g. 1712 m. Arngjerd Åmundsdr., Fenno og fekk borni: Kari f. 1713, Sigrid f. 1715, Ragnhild f. 1718 og Torfinn f. 1719.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Mala. Gitle Styrkson vart leiglending etter verforeldri. Botilde døydde 1746, 73 år gl. og Gitle 1748, 82 år gl. Dei fekk fem born: Tomas, g. 1729 m. Asgjerd Styrksdr. Nedre Rjodo (og fekk borni Rannveig f. 1729 og Magli f. 1732. Tomas var husmann 1732 og budde 1746 i Grønlidi), Jon f. 1700,

--- side 41 ---

Marta g. 1732 m. Brynjulv Monsson Øvre Fenno, Guri f. 1709, død 1791, og Styrk f. 1712. Han vart g. 1. 1745 m. Marta Styrksdr. Haugo, 2. 1747 m. Brita Nilsdr. Øvre Himle, 3. 1764 m. enkja Marta Gitlesdr. Auro. Styrk var leiglending etter foreldri. Han fekk ikkje born med fyrste eller tridje kona, men hadde med den andre fem born: Marta f. 1747, Nils f. 1751, g. 1778 m. Marta Johannesdr. Store Hornve, Synneva f. 1753, Gitle f. 1754, død 1775, Guri f. 1756, g. 1783 m. ekm. Sjur Halldorson Øvre Grovu. Ved skifte etter andre kona åtte Styrk 2 mark i Himle, og ved skifte etter Styrk 4 mark i Nedre Auro. Styrk døydde 1771, 64½ år gl. og Marta Gitlesdr. 1774, 66 år gl.

Tormod Torsteinson Kvåle var so leiglending til 1780 då Bård Oddson Klyve bygsla Mala. Etter han kom Mikkjel H. Opeland som var g. m. Sigrid Johannesdr. Ho døydde 1789 og Mikkjel 1798, 70 år gl. Dei hadde fire born: Synneva, g. m. Knut Andersson Opeland, Marta, g. m. Lars Andersson Møn, Anna f. 1763 og Henrik f. 1769. Mikkjel sa upp bygsli 1788 og versonen Lars Møn kom istaden. Han døydde 1798, 55 år gl. og hadde fem born etter seg: Brita f. 1781, g. 1808 m. Håvard Josefson Grovu, Sigrid f. 1785, g. 1826 m. ekm. Nils Andersson Grovu, Gjertrud f. 1788, g. 1816 m. Sjur Henrikson Brurestolen, Anders f. 1791, g. 1824 m. Marta Larsdr. Dale, Mikkjel f. 1794, g. 1833 m. Ragnhild Magnesdr. Kinne.

Ho Marta, enkja etter Lars, vart uppattgift 1800 m. Lars Knutson Tveiti som vart leiglending og i 1835 fekk kongeskøyte på Mala for 350 spd. Han selde same året garden til Josef Håvardson for same pris og døydde 1864, 87 år gl. utan born. Josef var f. 1811, g. 1. 1836 m. Synneva Torleivsdr. Grovu, 2. 1837 m. Kristense Knutsdr. Ringheim f. 1813. Dei selde garden 1845 til Lars Filipson Øye, Bergsdalen, for 500 spd. og reiste til Amerika. Lars var g. m. Marjo Larsdr. og fekk på Mala borni: Ingebjørg f. 1846, Lars f. 1849, Henrik f. 1855 og hadde fyrr sonen Filip.

Gusskalk M. Seim kjøpte 1851 Mala på auksjon for 335 spd. og selde att same året til Jon Bårdson Bjerkeland for 300 spd. Gusskalk kom sidan til Opeland og seinare til Dukstad, der han er umtala, Jon var g. m. Kristi Johannesdr. og fekk på Mala borni: Johannes f. 1854, Bård f. 1856 og Ingjerd f. 1857. Gitle Olavson Fenno kjøpte 1863 Mala for 400 spd. og bytte 1870 med Lars Torbjørnson uti Opeland, der Gitle er umtala. Lars

--- side 42 ---

var g. m. Brita Olavsdr. og fekk på Opeland sonen Lars i 1869.

Nils Mikkjelson Nesheim, Granvin, kjøpte 1873 Mala for 900 spd. Nils var son åt Mikkjel Bårhaug, Granvin, som skal ætta frå syster hans Rike Torstein på Bjørku. Nils var f. 1836, g. m. Anna Knutsdr. Bulko f. 1838 og døydde 1926. Dei hadde borni: Nils f. 1865, Kristi f. 1872, g. 1899 m. Johan Olsen frå Trondheim f. 1874, Helena f. 1874, Anna f. 1877. Nils gifte seg 1890 m. Torbjørg Nilsdr. Lillegraven og fekk 1890 skøyte frå far sin på Mala for 3742 kronor. Garden vart seld på auksjon 1901 til verbror hans Nils, Johan Olsen, for 2500 kronor. Han selde att 1904 til Mons N. Hefte for 2900 kronor. Per Andersson Løno kjøpte 1905 garden for 2900 kronor og selde att 1912 til Torstein Andreasson Mala for 3500 kronor. Han var f. 1872, g. 1905 m. Sigtru Andersdr. Græe f. 1877, og døydde 1923. Torstein dreiv med måling ved sida av gardsarbeidet.

Mala var fyrr mtrnr. 187, lnr. 369 med gamal skyld 2 pund, urevidert (etter at bruk 3 var skilt frå) 1 dalar 4 ort 4 skill., revidert 1 dalar 4 ort 10 skill. Ny skyld mark 2,74.

Bruk 2. Malahaugen. Skyld 12 øre. Det var fyrr husmannsplass som 1877 vart skilt ut som eige bruk frå bruk 1 med skyld 12 øre og selt til Andreas Trondson Dagestad for 400 kronor. Han var f. 1847, g. 1. 1871 m. Barbrå Andersdr. Kvitno, 2. 1894 m. Ingebjørg Jonsdr. Bjørku f. 1846 og døydde 1924. Born: Torstein, Gjertrud, Olav, Marta, Anna, Johannes, Nils og Ingebjørg f. 1872-1892. Torstein fekk skøyte på bruket i 1906 for 500 kronor og selde att 1912 til Anders Andersson Istad. Han selde so 1926 til Nils, bror sin.

Bruk 3. Mala (støl). Skyld 24 øre. Utskilt 1838 frå bruk 1. Eigar var Bård Oddson Håtveiti etter makebyte 1837. Han selde 1838 til Lars Larsson Klyve, Granvin, som selde att 1839 til Olav Isakson Haugsnes. Hans Larsson Klyve kjøpte stølen 1870 og let han 1890 til Erling, son sin, som 1903 selde til Torstein Olavson Grønlidi. Han let stølen 1920 saman med bruk 2 Grønlidi til sonen Sjur.

Bruk 4. Rustalid. Skyld 9 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1897 og selt på auksjon til Håvard Berge, som selde att 1910 til Anders Nilsson Løno. Kari, enkja hans, selde 1916 til Mikkjel Grevle.

Bruk 5. Filipshaugen. Skyld 27 øre. Skilt ut frå bruk 1 i

--- side 43 ---

1901 og selt på auksjon til Nils Mikkjelson Mala, som let det 1911 til versonen Johan Olsen.

Bruk 6. Tatrahaugen. Skyld 18 øre. Utskilt 1901 frå bruk 1 og selt på auksjon til Anders Andersson Svelgane. Han var f. 1850, g. 1883 m. Barbrå Hermundsdr. Dale f. 1856, var smed og arbeidde mykje på sagbruki ved Palmafossen og Vanjolo og døydde 1927. Dei har fleire born.

Bruk 7. Skogteig. Skyld 8 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1901 og selt på auksjon til Olav Larsson Vinjo, som selde att 1912 til Torstein A. Mala.

Bruk 8. Lidi og Berget. Skyld 92 øre. Utskilt 1901 frå bruk 1. Svein H. Grovu og Anders K. Møn kjøpte det på auksjon for 1100 kronor.

Bruk 9. Malalien. Skyld 30 øre. Skilt ut frå bruk 8 i 1926. Håvard S. Grovu er eigar.

Bruk 10. Tuftateigen. Skyld 16 øre. Utskilt frå bruk 8 i 1926. Ingebjørg Skutle er eigar.

Husmenn på Mala.

Gitle Styrkson f. 1661 var husmann 1701 og seinare leiglending som umtala ovanfor. Brynjulv var husmann 1733. Knut Jonson døydde 1831, 63 år gl. Husmannskona Sigrid Larsdr. døydde 1844, 59 år gl. Jakob Jakobson, g. m. Sigrid Knutsdr. fekk 1829 sonen Jakob. Per Olavson Skutle, g. 1832 m. Ingjerd Kjelsdr. Takla f. 1810, fekk sønene Kjel 1835 og Anders 1839. (Alle reiste til Nordland.) Lars Olavson, g. m. Ragnhild Nilsdr., fekk 1849 dotteri Anna.

På plasset Tatrahaugen budde Ingebrikt, g. m. Ingerid Takla. Torbjørn Hermundson Bulko f. 1797, g. m. Gudve Knutsdr. f. 1808 hadde plasset Malahaugen. Torbjørn døydde 1863 og Gudve 1869 og hadde sju born: Hermund f. 1830, g. 1854 m. Guri Halldorsdr. Teigen f. 1823. Anders f. 1832, g. 1860 m. Gudve Sjursdr. Rjodo, Gjertrud f. 1834, Knut f. 1839, g. 1862 m. Marta Bårdsdr. Håtveiti, Olav f. 1843, g. 1877 m. Gjertrud Larsdr. Vangen, Barbrå f. 1845, g. 1869 m. Johannes Andersson, Lars f. 1846, g. m. Brita Ivarsdr., Ingebjørg f. 1852, g. 1877 m. Ivar Torgrimson Seim, Granvin. Hermund er skriven for urmakar 1856, var seinare handelsmann på Målsnes og døydde som hotelleigar i Harstad. Olav hadde stove på Rogne og har fleire born etter seg.

--- side 44 ---

Anders Larsson f. 1790, g. 1824 m. Marta Larsdr. Vetlemodn på Dale hadde plasset Vetla Mala. Han døydde 1870 og ho 1878, 81 år gl. Lars Filipson og Marjo Larsdr., umtala ovanfor, hadde plasset Filipshaugen etter at dei selde garden.

Støl.

Stølen var ½ mil frå garden er det sagt i matrikkelen 1723. Mala hadde ei tid stølen til bruk 2 på Opelandsstølen, men ved gardbyte millom Lars Ljono og Gitle Olavson fekk Opelandsbruket att sin støl og Mala fekk sin på Steindru.

Kvern.

Kvern var der 1723, men ikkje 1776 eller 1791. Nedanfor Istadsagi sette Gitle Mala upp sag i 1864-65.

Offentlege forretningar.

Takstforretning 1847. Bruk 5 og 8 har semje med Kvitlens Skyttarlag um leige av skjotebane.

Bumerke.

Gitle 1718 og fleire gonger 1721-1735 tavle 7 nr. 33 og mykje brigda 1720. Styrk 1765 har teikna merket t. 7 nr. 33 med tillegg av ein kross øvst.