94. Melve.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 85 ---

Namnet vert i 1339 skrive i Medaluin. Det vert no sagt Mèlvé1; han búr pao, è tao Mèlvé, ska tì Mèlvés. Namnet er samansett av gn. meðal (millom) og vin (beite).

Landkommisjonen har i 1661 skrive at Melve var halv gard med 3½ laup i skyld og hadde to brukarar. Der var brenneved og ein ring humlagard. Skyldi var likeins i 1723. Då var det berre ein brukar, noko vedaskog og humlagard. Garden hadde turr, steinut jord og var tungvinn. Skyldi var den same til 1838, då ho vart umskrivi til 6 dalar 1 ort 12 skill. Der var då god humlagard og fureskog til eige bruk. Samanlikningstalet var 950.

Matrikkelen 1865 syner at der var 23 mål åker, 34 mål god, 30 mål medels natureng og 38 mål skrapebø. Vårhamni var ring og Sumarhamni medels, men langt burte. Skog til husbruk. Timber kunde seljast på kvart av dei to bruki for 10 spd. årleg. Garden var medels lettbrukt, utsett for sviding og dyrka som vanleg. I 1918 var det 26 mål open åker, 20 mål kunsteng og 18 mål natureng.

Det budde 12 menneske på Melve i 1801, 15 i 1865 og 28 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Melve.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 16 20
1723 2 20 24 24 ½
1865 2 18 40 56 48
1918 2 16 41

--- side 86 ---

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangskyrkja åtte 6 laup i Miklavin. Då det er førd upp ser um jordgods som prestebolet åtte i Endeve og Helleve, må desse 6 laup truleg vera i Melve. Ashle i Melve har saman med 6 andre den 6. april 1339 kunngjort vitnemål umtala i DN. II. nr. 231 på Hylle. Torfinn på Melve betalte 1521 ½ mark 2 skill. i skatt og 8 mark i breffbrot. Helge var brukar i 1563 og døydde fyre 1590. Han er i 1563 skriven for Helge Torgilsson i eit brev um Hefte. Mass budde på Melve i 1591 og 1611. Ivar er ofte skriven som leiglending 1611-1640. Leidangsboki 1624 melder at leidangen av Apostelgodset var 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn og at Ivar var leiglending. Det var god bondegard står det. Ryttarskatt var lagt på ½ spann odelsgods med 1 ort 3 skill.

I 1645 var det ei enkje og Arnfinn Torgeirson, g. m. Marta som var brukarar. Skyldi på Melve er førd upp med 3½ laup i 1652, 1661 og 1695, som lektoratet i Bergen åtte. Store-Arnfinn og Vetle-Arnfinn var leiglendingar 1657 og 1661. I 1664 var det Arnfinn Torgeirson. Knut og Lars var det i 1670, 1691 og 1695. I 1670 var Lars stemnd for di han hadde slått Jorunn Eiriksdr., men fekk det forlikt mot å betala henne 2 mæler korn. I 1669-70 låg 1 laup 42 mark øyde og vart difor friteke for skatt.

Folketeljingi 1701 har førd upp som leiglending Torgis Sjurson f. 1668 med styksønene Knut Larsson f. 1676 og Olav Larsson f. 1688. Torgis var g. 1. m. enkja Kari Knutsdr., som døydde på Øvre Rykke 1699, 2. m. enkja Sigrid Olavsdr. og døydde 1713. Ho Kari var enkja etter Lars, som var brukar fyre Torgis og hadde dei fyrr nemnde sønene Knut og Olav. Sigrid var g. 1. m. Lars Uppheim i Vestbygdi, og hadde born berre med han. Etter futerekneskapen 1735 åtte lektoratet framleies heile Melve, 3½ laup.

Torgis hadde med Kari dotteri Andri f. 1695. Ho gifte seg 1. 1719 m. Steffa Vikingson Gjerdåk, 2. 1750 m. Mikkjel Askjelson Bø. Steffa bygsla heile Melve og Mikkjel etter han. Han vart stemnd for retten i 1757 for ulovleg tobakkshandel. Kolbein Kolvu vitna at han hadde kjøpt ei mork hollandsk tobakk for 10 skilling hjå kona hans Mikkjel. Steffa og Andre hadde fem born: Torunn f. 1722, død 1784, Torgis f. 1725, g. etter kgl. løyve 1760 m. enkja Sisselja Sjursdr. på Seim i Viki, der han vart buande, Lars f. 1729, g. m. Marta Arnvedsdr. på Skjerve og

--- side 87 ---

budde der, Sjur f. 1731, g. 1. 1756 m. Orlog Ivarsdr. Berde, 2. 1773 m. Dordei Jørgensdr. Nedre Graudo, budde på Øvre Ygre, seinare på Fagnastølen og deretter på Bjørku, Kari f. 1736, g. 1766 m. Knut Monsson Kvarakvål, gardmann på Øvre Rykke og seinare leiglending på Bø, Tkb.

Andri døydde 1777, og Mikkjel gifte seg same året med syskinbarnet sitt, Steinvor Torsteinsdr. Haugo, etter kongeleg løyve. Ho døydde 1809 og Mikkjel 1813. I skifte etter han er ikkje ført upp noko born, det er berre syskini hans som står som ervingar; men i folketeljingi 1801 er skrive at son hans var Ivar Mikkjelson f. 1763. Han var g. m. Kari Larsdr. og døydde 1840. Han bygsla halve Melve i 1794 og resten i 1798. Sju born: Mikkjel f. 1795, Sigrid, f. 1797, g. 1819 m. Anders Knutson Øvre Rykke, Steinvor f. 1799, g. 1819 m. Nils Knutson på Øvre Rykke (framhald bruk 2), Ingebjørg f. 1800, g. 1826 m. Brynjulv Larsson Kvåle (sjå på Lirhus), Guri f. 1803, g. 1824 m. Kristoffer Åmundson Graudo, Lars f. 1805, død 1830, Marta f. 1807, g. 1829 m. Josef Kyte, skulelærar og organist i kyrkja på Vangen.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Melve. Mikkjel Ivarson f. 1795, g. 1. 1821 m. Gudve Olavsdr. Nedre Rykke, 2. 1830 m. Brita Nilsdr. Midtun og døydde 1842. Han fekk kongeskøyte i 1835 på 1 laup 2 pund 6 mark som vart bruk 1. Kjøpesummen var 500 spd. og jordavgift som seinare er løyst. Mikkjel hadde med Gudve to born: Kari f. 1820, g. 1843 m. Ivar Nilsson Melve (Amerika) og Sisselja f. 1828 (Amerika), og med Brita to: Ivar f. 1835 og Gudve f. 1840, død 1851. Ved skifte etter Mikkjel var garden taksta 500 spd. Nettomidelen var 326 spd. Brita Nilsdr. gifte seg andre venda 1844 med Torbjørn Andersson Gjerde f. 1801 og død 1878. Han var god smed og snikkar, var både i Hardanger og på Sørlandet på husebyggjing, smed- og snikkararbeid. Ein skruested på 25 kg. som han arbeidde, er på Melve. Torbjørn og Brita hadde borni Brita f. 1845, død 1925, Guri f. 1845, død 1917, Nils f. 1849 og Anders f. 1851. Anders gifte seg 1893 med Anna Andersdr. Tøn og fekk skøyte frå mor si på garden i 1881 for 1400 kronor. Han var sers hendig og arbeidde sjølv mykje av det han hadde bruk for, t. d. kjerre,

--- side 88 ---

arbeidsvogn, såmaskine, dryftemaskine o. m. Han døydde 1931. Sonen Torstein fekk garden i 1929 for 3500 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 94, lnr. 189 a med gamal skyld 1 laup 2 pund 6 mark, urevidert 3 dalar 18 skill., revidert 3 dalar 1 ort 5 skill. Ny skyld mark 4,72.

Bruk 2. Melve. Nils Knutson Øvre Rykke kjøpte i 1835 1 laup 2 pund 6 mark, som vart bruk 2, og fekk kongeskøyte på det for 500 spd. og jordavgift 3 tunnor 5 skjeppor bygg, som seinare er løyst. Som ovanfor umtala var han g. m. Steinvor


Melve, bruk 2
Bilete 13. Melve, bruk 2. Fot. P. Braaten 1936.

Ivarsdr. Dei selde garden 1850 til Lars Knutson Øvsthus for 600 spd. og reiste til Amerika. Lars var f. 1805 og døydde ugift 1885. Garden let han i 1858 til brorsonen Brynjulv Eirikson Øvsthus for 350 spd. Han var f. 1825, g. 1859 m. Brita Brynjulvsdr. Hylle og døydde 1904. Sju born: Lars f. 1862, Guro f. 1863, g. m. Hermund Kjelson Helleve, Ingebjørg f. 1865, Brita f. 1867, Marta f. 1869 (Amerika), Eirik f. 1872, kasserar ved Fødselsstiftelsen i Bergen, Anna f. 1879 (Amerika). Lars Brynjulvson f. 1862, g. 1892 m. Brita Åmundsdr. Fjose fekk farsgården i 1900 for 3000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 94, lnr. 189 b med skyld som bruk 1.

--- side 89 ---

Bruk 3. Skyld 55 øre. Oreigna av bruk 1 i 1899 til jarnbanen.

Bruk 4. Melve. Skyld 77 øre. Skilt frå bruk 2 ved oreigning i 1899 til jarnbanen.

Husmenn.

Knut Monsson var husmann 1766 og fekk då dotteri Ingjerd. Mikkjel Larsson, g. m. Atla Larsdr. fekk dotteri Torbjørg i 1777. På Rosteigen rudde ein Halldor og budde der som husmann. Halldorsteigen vart denne teigen ofte kalla sidan. Uppe i utmarki i Olatræhòlo brende han tjøre under Tjørebræhedler'n og der ligg kol att enno. Halldor døydde ikring 1858. Sidan har ikkje nokon butt på plasset.

Støl.

Stølen var 2 mil frå garden i 1723. Vetlestølen er no namnet på Melvesstølen. Han ligg til merkes med garden Øyjordi på Vossastr. Det er fortalt at Melve fyrr hadde stølen lenger uppe, på Luren. Sume fortel at Ure på Vossastr. fyrr åtte Vetlestølen. Andre har sagt at Løn har ått han.

Offentlege forretningar.

Forretning um Vetlestølen er halden 1732 og 1733 millom Melve og Bø på eine sida og Sundsvoll og Øyjordi på den andre. Forretning er halden i 1786 um ei slåtte, godviljug utskifting 1832, skyldsetjing 1834, overtakst 1843, utskifting 1888 og semje um beiting i Vinja-åsen 1877. Ved utskiftingi flytte bruk 1 husi sine. Fyrr stod dei saman med husi på bruk 2. FOT lang tid sidan medan Melve var i eit bruk skal husi ha stått på ein stad kalla Tuftaren, men dei vart flytte derfrå av di der ikkje var vatn. Brunnen ved husi på bruk 2 skal aldri ha vore turr.

Ymse.

Båe bruki har eigedomar uppe ved Repål. Bruk 1 har der to teigar som heiter Kytesteigane og bruk 2 ein teig Jedlane. På båe er noko skog. Fyrr var der utslåttor, men dei slår ikkje der no. I Bjørkemod'n har båe bruki kvar sin skogteig.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala på Melve i 1723, men der var ei i 1777 og 1791. No er det to som står i Ygresgjelæ.

Ymse meldingar.

Då dei grov i Storehaugen, fann dei ein spyd-odd og ei grytehodde. Dei låg umlag ein meter djupt. Nede noko på Melveseigedomen står to steinar uppreiste. Der heldt gamle Sjur Bø til med brennevinsbrenning. Som døme på matupplag fyrr på gardane kann nemnast at då bruk 1 flytte husi sine etter utskiftingi hadde dei 9 fleskeskinkor, den eldste 5 år gamal, tilsvarande med smalekjøt og 200 såld korn. - I 1842 var det nervefeber på Melve. Alle på bruk 1 låg sjuke. Det vart søkt til formannskapet um å få sjukepassar, og det vart imøtekome.

--- side 90 ---

Bumerke.

Steffa 1725-1747 8 gonger tavle 5 nr. 21. Mikkjel 1751-1782 5 gonger t. 5 nr. 22, brigda på to måtar i 1758-1770 4 gonger. Mikkjel Askjelson 1782 t. 5 nr. 22, brigda 1783 og atter 1786.