137. Midberde.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 367 ---

Namnet er i 1723 skrive Mitbære (i 1695 Yttreberg?). Det vert no sagt Midd- eller Mittbèrè. Sjå elles under Heimberde, nr. 136.

Landkommisjonen skreiv 1661 at skyldi var 2 pund 18 mark og at der var ein brukar. I matrikkelen 1723 er skyldi sett upp til 1 laup. Elles er det då skrive um Midberde det same som er sagt um Heimberde. Skyldi 1 laup er 1838 umskrivi til 5 dalar 4 ort 20 skill. Samanlikningstalet var 900. Der var turvande ved- og fureskog og vassfall.

Matrikkelen 1865 melder at der var 15¼ mål åker, 16½ mål god, 8½ mål medels natureng og 54 mål skrapebø. 1 mål var skikka til dyrking. Hamnegangen var medels. Garden var tungbrukt og hadde skog til husbruk. Bruk 1 var dyrka betre enn vanleg og bruk 2 som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var det 12 mål åker, 4 mål kunsteng og 37 mål natureng.

På Midberde budde 13 menneske i 1801, 11 i 1865 og 15 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Midberde.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 8 14
1723 1 10 9 6
1865 2 19 39 42 ½ 38
1918 2 12 33

Oluff var brukar 1621 på «Ytterberg» som Midberde er skrive for sume tider i gamal tid. Halldor Endeve åtte 9 mark i garden. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 12 mark smør og 1 geitskinn. Oluff er skriven fleire gonger som brukar frå 1635 til 1645 og betalte 1640 skatt det han orka med ½ ort. Han hadde i 1645 dotteri Heffdj.

--- side 368 ---

Allehelgensgodset åtte 1647 1 pund 1 bukkskinn. H. Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen 12 mark smør og 1 geitskinn, og ved makebyte med kongen same år fekk Sehested Allehelgensgodset sin eigedom på Midberde. På dette var det ½ dalar 1 geitskinn i leidang, 3 ort 8 skill. i skatt, 20 skill i fornødspengar, 20 skill i arbeidspengar og 1 ort 22/3 skill. i avgift til jordeigaren. F. Broderson åtte dessutan 1 spann. Josef var leiglending.

Sehested laut lata jordgodset att til kongen i 1651 og han selde det 1657 til Gabriel Marselis. F. Broderson har 1649


Midberde
Bilete 46. Midberde. Fot. P. Braaten 1936.

late noko i Midberde til kongen ved makebyte. Josef og Eiliv var brukarar. Skattemanntalet for Finnegodset 1657 melder at 3 spann i Midberde høyrde til nemnde gods. I 1661 var 1 spann Munkelivgods og 1 laup 6 mark Finnegods.

H. Garmann fekk 1662 kongeskøyte på 1 pund Munkelivgods og selde det same året til Klas Miltzow. Olav Andersson, Nils Olavson og Ingebrikt Olavson var leiglendingar 1661 og Ingebrikt 1664. Klas Miltzow var eigar av heile Midberde 1676 og 1691, men Henrik Miltzow åtte garden 1695. Anders var leiglending 1691 og 1695.

--- side 369 ---

Folketeljingi 1701 har som leiglending enkja Kari Knutsdr. Ho hadde vore g. m. Sakarias og hadde borni Torleiv f. 1691, Knut f. 1693, Eiliv f. 1797, Ingebjørg g. m. Olav Andersson Grytestølen og Orlog g. m. Ivar Gulfson. Ivar var g. 2. 1734 m. Kristi Trondsdr. Skaftedal. Han bygsla 1713 av Henrik Miltzow 1 pund 9 mark som vermor hans Ivar då sa upp. Fyrr hadde Ivar bygsla av den same 1 pund 9 mark, kjøpte 1723 2 pund 18 mark av H. Miltzow, og brukte heile garden. Ivar døydde 1756, 74 år gl. og hadde då borni: Gudleik, Kari f. 1715, Ingebjørg f. 1721, g. m. Olav Kvåle, Marta f. 1728, g. 1752 m. Jon Olavson Heimberde, skriven for Graudo 1756, Orlog f. 1735, g. m. Sjur Steffason Ygre. Ho Kari var g. 1. 1733 m. Hermund Knutson Hegg, 2. 1738 m. ekm. Trond Bjørgo 3. 1756 m. Ivar Johannesson Espeland og døydde på Bjørgo 1781.

Gudleik Ivarson vart g. 1. m. Kari Eilivsdr. Øyaflòten, 2. m. Dønåt Gitlesdr. Gudleik fekk skøyte 1753 og 1756 på 2 pund 9 mark og kjøpte 1759 løysningsretten til 2 pund 18 mark. Gudleik døydde 1760, 52 år gl. og hadde då tri born: Ingebjørg f. 1752, g. 1778 m. Kolbein Jørgenson Røyrlidi, Gudleik f. 1760, g. 1782 m. enkja Anna Davidsdr. Skutle og Ivar g. 1770 m. Kari Oddsdr., som fekk dotteri Magdelid 1772. Ivar fekk skøyte 1769 på 291/3 mark som han ved makebyte har late til Olav Sjurson. Olav var g. m. Kari Arvesdr. og fekk på Midberde borni Ivar f. 1776, Gjertrud f. 1779, Torleiv f. 1782. Olav har bytt 1782 med Kolbein Bårdson uti Stalheimsøyi. Framhald bruk 2.

Enkja Dønåt Gitlesdr. selde 1762 til «sin festemann» Johannes Hollgeirson 1 pund 12 mark, som Torgeir Sverkveson har fått ved makebyte. Olav Olavson Kvåle var gift fyrst 1743 m. Ingebjørg Ivarsdr. Berde og andre gongen 1764 m. Brita Knutsdr. Voll. Ingebjørg døydde 1763, 42½ år gl. og Olav 1766 47 år gl. Ho Brita gifte seg att 1768 m. Torleiv Larsson Heimberde på bruk 3. Ved skifte 1767 etter Olav åtte han 2 pund 15 mark som vart verdsett 400 rd. Fem born med Ingebjørg: Ingebjørg f. 1745, Olav f. 1748, g. 1768 m. Sigrid Arnesdr. Skiple (og fekk på Midberde borni Olav f. 1769, Ingebjørg f. 1771, Arne f. 1772, Anna f. 1774 og Soffi f. 1776), Brita f. 1754, g. 1770 m. Askjel Olavson Reime, Orlog f. 1757, g. 1783 m. Knut Askjelson Reime, Lars f. 1760, g. 1788 m. Orlog Jonsdr. Øvre Kyte. Olav og Brita fekk sonen Knut i 1765 som døydde 1804.

--- side 370 ---

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Midberde. Nils Jonson har 1778 og 1786 fått skøyte på 1 pund 16 mark. Han var g. m. Brita Brynjulvsdr., som døydde 1816, 83 år gl. Nils døydde 1832, 80 år gl. Det var to born etter dei, Brynjulv og Brita. Brita gifte seg 1821 m. Jon Nilsson Tverberg. Brynjulv var fødd 1781 og gift 1817 med Anna Brynjulvsdr. Gjerdåk f. 1801, dotter åt Eidsvollsmannen. Ho skulde vera ei gåverik kvinne og styrde godt sine ting. Brynjulv fekk skøyte på garden 1811. Han døydde 1853 og Anna 1884. Fem born: Nils, Arnbjørg f. 1822, g. 1845 m. Lars Torsteinson på Davidhaugen, Brynjulv f. 1832, g. 1861 m. jordagjenta Sigrid Persdr. Osgjerd, Brita f. 1832, g. m. Jon Mattisson på Dukstad, Anders f. 1844, g. 1869 til Tøn med Anna Knutsdr.

Nils Brynjulvson f. 1820, g. 1848 m. Guri Askjelsdr. Flåm, Aurland f. 1828, fekk farsgarden 1847 for 500 spd. Nils dreiv ei tid med krøter- og hestahandel. Han døydde 1890 og Guri 1871. Dei hadde seks born: Brynjulv, Askjel, Knut, Anna, Maria, Brita. Brynjulv f. 1852 var hestahandlar og døydde ugift. Knut f. 1858 var og hestahandlar, åtte gard på Vinjo og døydde ugift 1892. Anna f. 1849 vart g. 1871 til Øvre Graudo med Eirik Nilsson. Maria f. 1858 gifte seg 1893 m. Lars Henrikson Mørkve. Brita f. 1868 er g. 1892 m. Hermund Larsson på Vetla Skiple.

Askjel Nilsson f. 1855, g. 1874 m. Anna Nilsdr. Kvamme fekk 1886 skøyte på garden for 2000 kronor. Då Knut, bror hans døydde, fekk Askjel garden etter han på Vinjo og selde 1904 Midberde til Askjel Brynjulvson Heimberde for 5000 kr. Han er umtala på bruk 3 Heimberde.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 138, lnr. 275 med gamal skyld 1 pund 16 mark, urevidert 3 dalar 1 ort 14 skill., revidert 2 dalar 3 ort 16 skill. Ny skyld mark 3,98.

Bruk 2. Midberde. Kolbein Bårdson Stalheimsøyi har som ovanfor nemnt fått bruk 2 ved makebyte. Han var g. m. Johanna Larsdr. og dei fekk sju born: Gjertrud f. 1783, Bård f. 1786, g. 1816 m. enkja Rannveig Larsdr. Ulvundsøy, Per, g. 1808 m. Guro Olavsdr. Bygd, Lars, Marta f. 1789, g. 1818 m. Mikkjel Larsson Holo, Knut f. 1792, g. 1815 m. Magli Olavsdr. Brekku, Brita g. 1817 m. Velom Åmundson Gavle. Bård var med i krigen mot Sverike.

--- side 371 ---

Lars Kolbeinson gifte seg 1816 m. Torunn Larsdr. Mæringi og fekk skøyte 1810 frå far sin på bruk 2 for 200 rd. Lars døydde 1842, 64 år gl. og Torunn 1870, 75 år gl. Ved skifte etter Lars var garden taksta 586 spd. og det var tri born: Kolbein f. 1816, Sigrid f. 1821, g. 1846 m. Lars Knutson Grovu og Anna f. 1828, g. 1848 m. Nils Knutson Store Hegg.

Kolbein Larsson f. 1816, g. 1853 m. Gunnhild Bjarnesdr. Røyrlidi f. 1829, fekk garden ved skifte etter far sin 1842. Kolbein var hendig med ymse arbeid og arbeidde alt ein trong på ein gard både i tre og jarn. Gunnhild døydde 1902 og Kolbein 1905 og hadde borni: Lars f. 1856, Knut f. 1858, g. 1882 m. Guri Steffadr. Fagnastølen, Sigrid f. 1863, g. 1881 m. Hans Person Heimberde. Lars Kolbeinson gifte seg 1882 m. Mari Larsdr. Grovu og fekk farsgarden i 1883 for 1920 kronor. Deira son Kolbein fekk garden 1910 for 2000 kronor. Han er f. 1884 og g. 1915 m. Marta Jonsdr. Lid.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 138, lnr. 276 med gamal skyld 1 pund 8 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar. Ny skyld mark 2,91.

Husmenn.

Johannes Larsson f. 1651 var husmann 1701. Lars Larsson, g. m. Margreta Jonsdr. fekk sonen Lars 1822. Håkon Nilsson hadde plasset Midberdeshaugane på bruk 2 og døydde 1837 ikring 30 år gl. Sidan har der ikkje butt nokon. I Midberdesteigane på søre sida av storelvi var i gamal tid eit plass som heitte Midberdesplasset. Det er no utslåtte. Det er fortalt um ein husmann på Midberdeshaugane at han brende gamle sko og gjekk upp på taket for å njota den gode røyken.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden står det i matrikkelen 1723. Stølen er på Øyaset ovanfor Berdesgardane. Vårstølen Florane ligg eit kvarters gang nedanfor Øyaset. I stølsmarki er nokre svære heidrar som dei kallar Seveshedlerane. Det er fortalt at i gamal tid skal nokon på Seve ha støla på Syningen som er ovanfor desse heldrane.

Kvern.

Kvern var der ikkje 1723, men 1776 og 1791 var der ei. Bruk 1 har kvern som står på Sygnaberde sin eigedom. Kverni åt bruk 2 tok elvi med seg for nokre år sidan.

Offentlege forretningar.

Steiningsforretning 1796. Godviljug utskifting 1836. Jarnbanetakst 1900.

Bumerke.

Ivar 1713-1740 mange gonger tavle 6 nr. 52, Gudleik Ivarson teikna same merke nokre gonger 1740-1752.

--- side 372 ---

Johannes 1742 t. 6 nr. 53, og noko brigda 1747. Bjarne 1756 t. 6 nr. 54 og teikna eit anna 1764. Olav 1771 t. 1 nr. 45. Nils Jonson 1780 t. 6 nr. 55.