235. Midtun.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 448 ---

Namnet vert i 1500-talet skrive Midhus, i 1611 Midtunn. Det vert no sagt Mìttún2; han búr pao, è tao Mìttún, ska tì Mìttúns. Namnet er samansett av gn. miðr (mid-) og tún n., og tyder garden i midten.

Landkommisjonen har 1661 ført upp Midtun med 2 laup 2 pund 15 mark i skyld og ein brukar. Der var ein liten humlagard og skog til husbruk. Det var likeins 1723 med det brigde at der då var to brukarar. Garden var sers lettbrukt. Med kornavlingi var det noko uvisst. Skyldi vart 1723 sett upp til 3 laup som 1838 er umskrive til 8 dalar 4 ort 10 skill. Der var vassfall og skog til husbruk. Samanlikningstalet var 1340.

Matrikkelen 1865 melder at der var 22 mål åker, 35½ mål god, 53½ mål medels natureng og 62 mål skrapebø. 4 mål var høvelegt til å dyrka. Medels hamnegang. Skog til husbruk og timber kunde seljast for 15 spd. årleg på kvart av bruki. Garden var lettbrukt. Bruk 1 var minder godt dyrka og bruk 2 som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 20,9 mål åker, 7,5 mål kunsteng og 40 mål natureng.

Der budde 23 menneske i 1801, 34 i 1865 og 16 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Midtun.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   14   16          
1723 2   20   24   24      
1865 2   23   51   60 1/3 61  
1918 2   14   52          

På Vinsand er umtala «midhusum a Vinnsannde» i 1341 og «midtunet i Vinsand» i 1472. Elles har eg ikkje set nemnt Midtun fyre 1521, då Karinn var leiglending på Midtun og be-

--- side 449 ---

talte 2 lodd 1 kvintin sylv i skatt. Neste brukaren eg har funne, er Jon som var leiglending 1603, 1611 og 1614. Deretter er det enkja Mari Endresdr., som 1645 er skrivi som leiglending og hadde tenestedrengen Oddmund. Der budde ei huskone Marta. Henrik Tott til Balting gard har 1646 bytt med kongen som fekk ½ laup på Midtun, og Tott har i staden fått jordgods i Sunnfjord. H. Sehested kjøpte 1649 av kongen leidangen 6 merker smør 1 geitskinn av Apostelgodset. I 1650 åtte Sehe-


Midtun
Bilete 57. Midtun. Fot. P. Braaten 1937.

sted noko i Midtun. På det var 12 mark 1 geitskinn leidang, 1½ dalar 1 ort i skatt, 1½ ort 6 skill. i fornødspengar, likeins i arbeidspengar og ½ dalar 8 skill. i avgift til jordeigaren. Sehested let dette jordgodset 1651 til kongen, som i 1657 selde det til G. Marselis.

Kyrkjerekneskapane 1654 syner at Vangskyrkja fekk 2 såld korn og ½ laup smør i landskyld av Midtun. Vangskyrkja åtte 1659 og 1661 1 laup og Finnegodset 1½ laup 27 mark. Ei enkje var leiglending 1661 og Anders Halleson i 1664. Klas Miltzow åtte 1½ laup 27 mark i 1680 og 1691, Ingjerd Miltzow i 1695 og Laurits Miltzow i 1714. Vangskyrkja åtte framleies 1 laup. Arne og Nils var leiglendingar 1691. Nils var lagrettemann i 1695.

--- side 450 ---

Anders Halleson var g. m. Sigrid Larsdr. Han har truleg vore leiglending til han døydde. Sigrid vart attgift med Nils Knutson f. 1661. Han var leiglending 1691, kann henda fyrr, og døydde 1750. Sigrid levde etter han. Ho hadde åtte born med Anders og to med Nils: Dønåt f. 1670, g. m. Knut Andersson Dagestad, Kari f. 1671, g. m. Per Knutson Seim, Viki, Eli f. 1673, g. som enkje med Ivar Henrikson Helleve, Ingebjørg f. 1678, g. m. Jon Knutson Lunde, Halle f. 1686, g. 1711 m. Guro Arnfinnsdr. Store Ringheim, leiglending på Bryn, Marta f. 1687, g. 1. 1715 m. Torstein Henrikson Rjodo, 2. 1721 m. Knut Eirikson Stora Saude, Maria, g. 1711 m. Gudleik Knutson Fadnes, Guro, g. 1721 m. Lars Monsson Ukvitno, Anders Nilsson f. 1689 og Torbjørg Nilsdr., g. 1715 m. Mass Torbjørnson Seve, tidlegare lensmann.

Anders Nilsson f. 1689 gifte seg 1. 1711 med Guro Knutsdr. Seim, Viki, 2. 1718 med Rannveig Larsdr. Glymme. Han bygsla 1711 1 laup 31½ mark av Lars Miltzow og kjøpte 1721 1 laup 2 pund 15 mark. I 1724 bygsla Anders 1 laup av Vangskyrkja og var då brukar av heile garden. Han døydde 1726, og Rannveig vart attgift 1727 m. Nils Tormodson Gjelle. Han kjøpte 1738 1 laup 16 mark av styksonen Nils. Rannveig døydde 1750, 57 år gl. og Nils 1751, 51 år gl. Ho fekk tri born med Anders og to med Nils: Guro f. 1719, død 1736, Nils f. 1723, Ragnhild f. 1726, g. 1748 m. Eirik Person Nyre eller Vinsand, Anna f. 1730, g. 1751 m. Mons Nilsson Nesthus, og Olav f. 1737, g. 1755 m. Dønåt Andersdr. Dagestad. Guro bleiv 1736 saman med fire andre i Vangsvatnet på heimveg frå kyrkja. På skifte 1726 etter Anders vart hans jordgods verdsett 157 rd. Nils fekk 1749 og 1751 skøyte på tilsaman 1 laup som vart bruk 1. Halvbroren Olav fekk resten, sjå bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Midtun. Nils Andersson f. 1723 vart g. 1749 m. Gjertrud Knutsdr. Leiddal f. 1726. Dei fekk sju born: Guro f. 1750, død 1820 som huskone på Gjelle, Rannveig f. 1751, g. 1782 m. Knut Åmundson Hefte, Anders f. 1753, g. 1787 m. Ingjerd Olavsdr. Fitjo, leiglending på Fitjo, Styrk f. 1757, Nils f. 1764, g. 1805 m. Gudve Knutsdr. Dagestad, Nils d. y. f. 1767, g. 1810 m. Rannveig Knutsdr. Dagestad, og Sigvor, g. 1804 m. Brynjulv Styrkson Edal. Sigvor døydde barnlaus

--- side 451 ---

fyre 1810. Nils døydde 1809 og Gjertrud 1817, 91 år gl. Styrk vart g. 1789 m. Helga Monsdr. Nesthus og fekk 1790 skøyte frå far sin på bruk 1. Helga døydde 1839, 76 år gl. og Nils 1845, og hadde fem born: Nils f. 1793, Anna f. 1797, g. 1821 m. Mikkjel Larsson Setre, Ingebjørg f. 1799, g. 1826 m. Lars Styrkson Tøn, Rannveig f. 1802, g. 1829 m. Nils Davidson Saude, og Gjertrud f. 1805, g. 1827 m. Klas Eirikson Himle.

Nils Styrkson gifte seg 1821 m. Anna Larsdr. Setre og fekk same år skøyte på garden. Ho døydde 1822, 28 år gl. ved at ho datt utover eit berg, og han døydde 1852. Dei hadde ikkje born og systerson hans Nils, Styrk Larsson Tøn, fekk garden. Han var f. 1828 og g. 1853 m. Synneva Torsteinsdr. Davidhaugen f. 1832. Styrk døydde 1872, 45 år gl. og Synneva 1897. Dei fekk ni born: Ingebjørg f. 1853, Torstein f. 1856, død ugift 1876, Lars f. 1857, g. 1882 m. Ingebjørg Larsdr. frå Ullensvang f. 1856, Kristi f. 1858, g. 1890 m. Nils Person Dymbe, Anna f. 1861, Brita f. 1862, Olav f. 1865, Styrk f. 1867, Anna f. 1872 død 1891. Olav Torsteinson Fletre kjøpte 1880 garden for 6400 kronor. Han var f. 1843 og g. 1872 m. Brita Knutsdr. Hefte. Ho døydde 1923 og han 1929. Deira dotter Anna f. 1889 gifte seg med Nils Nilsson Finnesteigen. Dei fekk garden i 1929 for 6000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 236, lnr. 462 med gamal skyld 12/2 laup, urevidert 4 dalar 2 ort 3 skill., revidert 4 dalar 1 ort 17 skill. Ny skyld mark 5,74,

Bruk 2. Midtun. Vangskyrkja åtte framleies 1 laup. Olav Nilsson fekk som fyrr nemnt skøyte på 31½ mark og bygsla kyrkja sin part. Han var f. 1737, g. 1. 1755 m. Dønåt Andersdr. Dagestad, 2. 1775 m. Brita Tormodsdr. Gjelle. Olav døydde 1818 og Brita 1849, 98 år gl. Olav fekk fire born med Dønåt og sju med Brita: Nils f. 1757, død ugift 1776, Anna f. 1759, g. 1783 m. Lars Sjurson Setre, skriven for Ullestad i 1818, Rannveig f. 1762, død ugift 1784, Gjertrud f. 1768, g. 1793 m. Lars Bergeson Flògo, skriven for Hyljarås i 1818, Nils f. 1777, Tormod f. 1779, Sjur f. 1782, gift og busett i Bergen, Lars f. 1784, Anders f. 1789, død ugift 1873, Olav f. 1794, husmann på Sundsteijen, og Nils d. y. f. 1810 som bleiv i isen ved Saganeset. Det er fortalt at seks av sønene til Olav og Brita var ute i krigen mot Sverike og av dei fall Tormod og Lars. Den sjuande sonen vart og utkommandert og var på veg austover. Komen til Stalheim fekk han bod um at han kunde reisa heim att.

--- side 452 ---

Ho Brita fekk 3 dalar året i pensjon på sine gamle dagar. Ingen av dei seks brørne har fått namnet sitt på veteranbautaen.

Nils Olavson f. 1777, fekk 1799 skøyte frå faren på 31½ mark og bygsla 1800 1 laup av Fleischer. Nils vart g. 1. 1801 m. Guri Larsdr. Kvåle f. 1770, 2. 1816 m. Rannveig Olavsdr. Nesthus f. 1792. Nils døydde 1834 og Rannveig 1857, 66 år gl. Nils fekk tri born med Guri og to med Rannveig: Olav f. 1801, Jorunn f. 1806, g. 1835 m. Per Olavson Helleve, Brita f. 1809, g. 1. 1830 m. Mikkjel Ivarson Melve, 2. 1844 m. Torbjørn Andersson Gjerde på Melve, Guri f. 1817, g. 1841 m. Olav Olavson Styve (Amerika), Olav d. y. f. 1823, g. m. ei frå Sogn (Amerika). Olav d. e. gifte seg 1835 m. Marta Larsdr. Setre, fekk skøyte på foreldi sin part i garden og bygsla 1837 1 laup av Fleisehers ervingar. Olav døydde 1866, Marta 1867, 65 år gl. og hadde to born: Nils f. 1838, død ugift 1859 og Guri f. 1843.

Ho Guri gifte seg 1864 m. Nils Olavson Nyre, f. 1840. Dei fekk gardparten som foreldri hennar åtte, og kjøpte 1868 av Fleisehers ervingar parten som hadde høyrt til Vangskyrkja for 1250 spd. Nils var tambur og døydde 1931. Åtte born: Olav f. 1865, Nils f. 1867, g. m. ei av tyske foreldre, Marta f. 1869, Brita f. 1871, g. m. ein svenske i Seattle, Olav d. y. f. 1874, farmar i Amerika, David f. 1876, gullsmed i Portland, Oregon, Anna f. 1879 er i Seattle og Ragna f. 1888, g. m. ein frå Sunnfjord og bur i Seattle. Olav er på gullgraving i Klondyke. Nils var 2½ år i krigen millom Spania og Sambandstatane i Amerika og var med då Manilla vart innteke. Sidan har han vore formann på skipsverft i Seattle.

Ho Marta gifte seg med Nils Mikkjelson Rekve f. 1867. Dei fekk farsgarden hennar i 1904 for 3200 kronor. Han er snikkar og har sidan 1915 vore lærar i arbeidsskulen for gutar. Då han våren 1937 slutta som lærar, vart det gjeve han ein spaserstokk med handtak av drive sylv som teikn på takksemd for hans samvitsfulle og trugne tenest i arbeidsskulen. Sonen Nils fekk 1933 skøyte på garden for 3000 kronor. Han er f. 1893 og g. m. Synneva Tormodsdr. Vinsand.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 236, lnr. 463 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 4 dalar 1 ort 21 skill., revidert 3 dalar 4 ort 5 skill. Ny skyld mark 5,60.

Bruk 3. Torfinno. Utskilt 1908 frå gardnr. 235 bruk 1 og 2, gnr. 236 bruk 1 og 4, gnr. 237 bruk 1, gnr. 235 bruk 1-4.

--- side 453 ---

Brukseigar W. Konow har fått skøyte i 1911 på rettane i Torfmnsvassdraget frå Olav T. Midtun, Nils M. Midtun, Nils H. Vinsand, Knut T. Vinsand, Anders K. Dagestad, Hallvard K. Dagestad, Guro J. Dagestad, Lars E. Rue og Torstein K. Dagestad. Bergen og Voss kommunar kjøpte 1920 eigedomane. Bruk 3 er 1934 ført saman med bruk 5 på Eide.

Husmenn på Midtun.

Johannes var husmann i 1603. Isak Jakobson, g. m. Anna Larsdr., døydde 1782, 47½ år gl. Dei hadde borni Mari f. 1767 og Ragnhild f. 1763, g. m. Svein Kolbeinson f. 1765, som døydde 1828. Ragnhild døydde 1838. Deira dotter Anna f. 1807, gifte seg 1841 m. Jon Olavson Apaltun. Johannes Larsson, f. 1763 g. som ekm. 1829 m. Katla Jonsdr. Vinjo f. 1780, hadde plass på Sundsteijen. I 1830 laut han bøta 10 spd. for ulovlegt sal av brennevin. Det var klaga elles og over sal av rusdrikk der. Med fyrste kona fekk Johannes sonen Olav, som vart g. m. Brita Olavsdr. Dei budde og på Sundstejen og fekk dotteri Brita f. 1834. Knut Olavson, g. m. Ragnhild Mikkjelsdr., fekk borni Marta f. 1837 og Olav f. 1838.

Olav Olavson Midtun f. 1794, nemnd ovanfor, gifte seg 1818 m. Ingebjørg Botolvsdr. Bystølen og fekk plass på Sundsteijen. Han førde over Sundet. Til føring av hestar, krøter og køyregreider hadde han ferje. For føringi skulde Olav ha eit såld korn årleg av kvar gardbrukar på Gjukastein, Hornve og Kvåle, som laut ha føring over Sundet når dei skulde på stølen. Olav fekk og noko korn årleg av gardane Nesthus til Dagestad. Olav dreiv med vadmålstamping, reiing av skinn og bygde fleire båtar. Ein stor båt bygde han med propell og innretning til å trø med føtene eller snu med hendene so båten gjekk, men. farten vart for liten. Båten vart sidan brukt som førslebåt på. Evangervatnet då dei bygde Vossabanen. Olav kalla dei oftast. Gamlesunden. Han døydde 1871, Ingebjørg 1872, 84 år gl., og hadde seks born: Brita f. 1815, g. 1850 m. Sjur Torgeirson Mølster, Åsa f. 1820, g. 1861 m. Gusskalk Olavson Berge, Rannveig f. 1822, g. m. Ingebrikt Olavson Graudo, gardmann på Rjodo, Ingebjørg f. 1823, og Olav, båe døde ugifte i Amerika, og Sjur f. 1830 som hadde plass fyrst på Sundsteijen, seinare på Lydvateigen, der han er umtala.

--- side 454 ---

Gusskalk Olavson Eimstad f. 1825, g. 1854 m. Eli Jensdr. Dagestad hadde plass på Sundsteijen. Dei hadde føringi over Sundet etter Olav. Gusskalk dreiv mykje med vevskeibinding. Han døydde 1896. Dei hadde åtte born: Olav f. 1855, g. 1879 m. Marta Nilsdr. Rødland, Jens f. 1856 (Amerika), Knut f. 1859, g. m. Ingjerd Andersdr. Nattvik, sjå bruk 47 av Lekve, Gusskalk f. 1866, Nils f. 1868, Gjertrud f. 1873, Johannes f. 1875, død 1911, g. 1907 m. Rannveig Nilsdr. Nesthus, og Rannveig f. 1878, død ugift 1896.

Støl.

Det var ¼ mil til stølen melder matrikkelen 1723. Midtun skal fyrr ha havt støl saman med Vinsand og Dagestad på Flyane, men flytte til stølen Tjedna som ligg uppe på Graosio. Mjølstødl'n er ikring 300 meter ovanfor garden. Krøteri er der 2-3 vikor um våren.

Kvern.

Der var to flaumkvernar i 1723 og ei i 1776 og 1791. Folk minnest um tri kvernar. To av dei er nedlagde, men ei er endå i bruk.

Offentlege forretningar.

Dom 1809 um stølsbeiting. Åstadsak 1812. Forretning 1835 um kyrkjetiendi. Dom 1835. Semje 1852 una merkesgjerde. Utskifting 1878. Kontrakt 1896 med W. Konow um rettar i Torfinno.

Bumerke.

Nils 1722 tavle 9 nr. 32. Han har brigda det mykje i 1723. Nils Knutson 1735 t. 9 nr. 32. Nils Tormodson 1731 t. 9 nr. 33. Olav fleire gonger 1762-1782 og Olav Nilsson 1790, 1795 t. 1. nr. 13. Nils 1777 t. 9 nr. 37.

Ymse.

Gardane Gjelle til og med Dagestad, Glymme kann henda undanteke, eig i Graosio. Vetla Saude kjem so vidt i Torfinnsosen. Midtun, Vinsand, Rue og Dagestad har sameige i Graosio. Det tek til på stølane Flyane og Øyane og endar i ei noko smal remse ved Torfinnsvatnet millom Grøno og Torfinnsosen. - Under pløygjingi i 1920 i Almehaujen kom dei på ei grav av hellor 3-4 meter lang og ikring 1 meter breid. Der låg noko av ei heileskål, nokre framtenner og nokre jarnstykke.