Mølster.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 279 ---

Mølster er gard nr. 46 i matrikkelen for Voss. Nordre grenselina for Vangen går over nedre parten av Mølster sin eigedom, men husi på garden står utanfor grensa so nær som husi på bruk 4, som er innanfor grensa.

Bruk 4. Frihaug. Skilt ut frå bruk 1, Mølster, i 1899 med skyld 26 øre og selt til Lars Person Armot, som bygde der. Mattis B. Mølster fekk ved odelssøknad eigedomen i 1901. Ved skifte etter han fekk broren Edvard eigedomen. Han er arbeidar, f. 1895 og gm. Marta Olavsdr. Rygg.