228. Mølsterteigen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 410 ---

Namnet vert i 1695 skrive Lille Mølster, i 1723 Mølster Teyen. Det vert no sagt Mølstùrteijén2; han búr i, è ór Mølstùrteijè, ska í Mølstùrteijén. Namnet er samansett av gardsnamnet Mølstùr (nr. 46) og teig m.

Mølsterteigen er utskilt frå Mølster, men me veit ikke kva tid. Han har alltid vore einbølt. Fyrste gong me har funne han nemnd, er 1695, då han hadde 12 mark i skyld og ein brukar. Det var likeins 1723. Garden var sers lettbrukt og hadde midlungs jord, er det sagt. Der var noko brennefang, men ikkje humlagard. I 1838 er skyldi 12 mark umskrivi til 1 dalar 1 ort 15 skill. Det er då sagt at der var turvande brennefang og samanlikningstalet var 200. Matrikkelen 1865 melder at der var 8 mål åker, 10 mål dyrka eng, 4 mål god, 17 mål medels natureng og 27 mål skrapebø. 1 mål var skikka for dyrking. Sumarhamni var ring og låg høgt til fjells. Der var vedaskog, men ikkje timber. Garden var medels lettbrukt, utsett for snø-og jordskred og dyrka betre enn vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 11,4 mål åker, 13 mål kunsteng og 2 mål natureng.

Der budde 7 menneske i 1801, 16 i 1865 og 5 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Mølsterteigen.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1865 1   8   15   18   18  
1918 2   5   13          

Bruk 1. Mølsterteigen. Askjel var leiglending i 1695 og Helge Gudbrandson i 1701. Han fekk ny bygslesetel 1720 av

--- side 411 ---

Henrik Miltzow som var eigar av garden frå fyre 1695. Helge var f. 1661 og g. m. Mari Larsdr. Ho døydde 1745, 76 år gl. og Helge 1748, 86 år gl. Dei hadde fem born: Gudbrand, Eirik, g. 1739 m. Ingebjørg Larsdr. Gjerdåk, Brita f. 1712, g. m. Magne Gjerdskvål, Lars f. 1715 og Maria g. m. Arnved Græe.

Gudbrand var g. 1. m. Anna Olavsdr., 2. 1745 m. Brita Asbjørnsdr. Rekve og fekk 1734 skøyte frå Henrik Miltzow på Mølsterteigen. Gudbrand døydde 1777, godt 74 år gl. og


Mølsterteigen
Bilete 50. Mølsterteigen. Fot. P. Braaten 1937.

Brita 1788, 80 år gl. Han fekk to born med Anna og tri med Brita: Brita f. 1739, g. 1787 m. Per Oddson Skår, Granvin, Mari død 1776, 33 år gl., Anna f. 1747, g. 1775 m. ekm. Nils Knutson Bø, Olav f. 1750, g. 1775 m. Ingebjørg Johannesdr. Helland, og døydde 1777, og Helge f. 1753, g. 1778 m. Sigtru Torgeirsdr. Stora Rokne, skriven for Espeland i 1788.

Eirik Johannesson Holum kjøpte garden i 1777 og gifte seg 1778 m. Ingebjørg Johannesdr. Mølsterteigen, enkja etter Olav Gudbrandson. Eirik var frå Sogn og skal ha vore vaktmann på eit slott i Kjøbenhavn og på festningen i Bergen fyrr han kom til Voss. Ho Ingebjørg hadde med Olav sonen Johannes f. 1776. Eirik døydde 1825, 82 år gl., Ingebjørg 1830, 83 år gl.;

--- side 412 ---

dei hadde fem born: Olav f. 1780, g. 1810 m. enkja Gjertrud Norekvål, budde på Norekvål, Johannes f. 1783, var korporal då han 1815 gifte seg med Kristi Knutsdr. Lemme, Ingebjørg f. 1785, g. 1814 m. Knut Sjurson Tyrlingen, Guri f. 1787 og Marta f. 1790, g. 1813 m. Lars Jonson Brekhus. Johannes var husmann.

Johannes Olavson f. 1776 fekk 1802 skøyte frå Eirik, stykfar sin, på garden. Han var g. 1. 1807 m. Ragnhild Åmundsdr. Jernes, 2. 1844 m. enkja Dønåt Oddsdr. Vinsand. Han dyrka mykje på garden, bygde steinflor som var i bruk til 1910 og flytte ei gro soleis at to åkrar kom saman. Dei fekk sju born: Olav f. 1808, Ingebjørg f. 1811, g. 1838 m. Olav Magneson Setre (Amerika), Åmund f. 1813 (Amerika), Eirik f. 1815, Nils f. 1820, g. 1842 m. Elsebø Nikolaidr. Vangen, sjå bruk 23 av Prestegarden, Lars f. 1824, g. 1856 m. Brita Nikolaidr. Vangen, sjå bruk 23 av Lekve, Marta f. 1826 (Amerika). Ragnhild døydde 1841, 62 år gl. og Johannes 1851, 81 år gl. Ved skifte etter Ragnhild var garden taksta 350 spd. Bruttomidelen var 460 spd. Eirik var 47½ år i Amerika, men kom heim att og døydde på Voss.

Olav Johannesson gifte seg 1833 m. Guro Knutsdr. Vinsand, f. 1806. Ho var både stykdotter og verdotter åt far hans Olav. Han fekk halve garden ved skifte etter faren og resten ved skøyte 1834 frå mori. Olav var ein dugande skreddar og dreiv mykje med det heilt upp i alderdomen. Det er fortalt at han fekk den fyrste symaskina til Voss. Olav arbeidde felor og var god lausedansar i sine beste år. Han og Eirik Gjelle øvde seg ofte på ein liten flat ved vegen, og der var jamnast svarttrakka etter dei. Eirik spente høgst, men Olav dansa finast. Han vart krank på sine gamle dagar, so han laut bruka to stavar. Olav og Guro døydde båe i 1891, og hadde fem born: Johannes f. 1834, Knut f. 1840, Nils f. 1843, Odd f. 1846 og Eirik f. 1848.

Johannes gifte seg 1861 m. Marta Knutsdr. Jernes, og fekk 1858 garden for 200 spd. Han var ein drivande mann, dyrka mykje på garden, arbeidde seg treskjeverk og veitte groi soleis at han fekk treskja med vatn. Då fengslet på Vangen var under byggjing, selde han stein til det og køyrde han fram. Johannes selde att 1870 til Viking Bårdson Selje for 700 spd. Både Johannes og syskini hans reiste til Amerika. Knut gjekk

--- side 413 ---

på lærarskulen på Vangen. Fyrr han reiste til Amerika, skreiv han ei minnetavle som heng i stova på Mølsterteigen.

Viking selde 1874 garden til Olav Olavson Jerald for 740 spd., som same år selde att til Knut Johannesson Farestveit for 700 spd. Nils Olavson Mølsterteigen tok i 1878 garden ved odelssøksmål for 4500 kronor. Knut flytte til Lekvemoen der han dreiv med køyring og skyssing. Odd Bjarneson Herre kjøpte 1879 garden for 3200 kronor, men selde att 1880 til Gudleik Nilsson Helland for 3160 kronor.

Gudleik var f. 1841, g. m. Ingebjørg Knutsdr. Helland, f. 1846. Han var skreddar og hadde garden Lassahaug frå 1872 til 1878. Ingebjørg døydde 1909, Gudleik 1916; dei hadde sju born: Nils f. 1871, Jorunn f. 1874, Marta f. 1878, g. m. Olav Nilsson Veka, gardmann på Herre, Knut f. 1881, Gudve f. 1884, Brita f. 1887, g. m. Aksel Nilsson frå Sverike f. 1887, bur i Lutatræe på Jernes, og Anders f. 1891. Nils fekk garden i 1910 for 2400 kronor. Han har dyrka mykje på garden og bygt nye hus. Ei tid dreiv han med hellearbeid. Nils og Knut var ei tid gjætarar åt reinsdyrlaget.

Mølsterteigen var fyrr mtrnr. 230, lnr. 453 med gamal skyld 12 mark, urevidert 1 dalar 1 ort 15 skill., revidert 1 dalar 3 ort 12 skill. Ny skyld mark 2,48 fyrr noko var skilt frå.

Bruk 2. Mølsterteigen. Utskilt 1873 frå bruk 1 med skyld 5 øre. Johannes Olavson hadde bygt uppgangssag i Tomasso og drive den til han selde garden. Knut Torkjelson Setre kjøpte sagi i 1874 for 30 spd. Sonen Nils fekk den i 1894 og selde 1899 til Magnus Dagestad. Nils Mølsterteigen kjøpte so i 1911.

Bruk 3. Torfinnsvatnet. Utskilt 1908 frå Mølsterteigen og Nesthus med skyld 2 øre og skøytt til brukseigar W. Konow. Bergen, og Voss kommune fekk 1920 skøyte på eigedomen. I 1934 er det ført saman med bruk 5 på Eide.

Husmenn.

Lars Brynjulvson, g. m. Anna Styrksdr., døydde 1766 og hadde borni Velom og Brita f. 1743. Ho Anna levde att etter han Lars. Johannes Eirikson f. 1783, g. m. Kristi Knutsdr. Lemme, umtala ovanfor, var husmann på Mølsterteigen og ei tid på Nestås der dei er umtala. På plasset Vasstræhaujen budde 1865 Knut Person f. 1825, g. m. Gjertrud Olavsdr., f. 1829 frå Fana og hadde borni Olina f. 1856, Eirik, Olav f. 1861, Knut f. 1863 og Nils f. 1865. På plasset Stoveflåten nedst på eigedomen budde ein Mikkjel som reiste til Amerika.

--- side 414 ---

Støl.

Stølen heiter Svòrtegjelæ. Han ligg ved sørenden av Torfinnsvatnet og skal for over 100 år sidan vera kjøpt av Glymme. Over selsdøri stod årstalet 1808 og nokre bokstavar, truleg fyrebokstavane åt ein Glymmesmann. Johannes Olavson køyrde bygningsvyrke over Graosio på skaraføre og bygde nytt sel. Stølen har ikkje vore i bruk sidan ikring 1880.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala i 1776 eller 1791. Der er kvern i Tomasso, men ho har ikkje vore brukt i seinare tid. Sagi, umtala på bruk 2, vart rivi i 1890-åri

Bumerke.

Helge 1740 tavle 9 nr. 19. Gudbrand 1744 t. 9 nr. 17, brigda på to måtar 1752 og 1770. Eirik 1780, 1789 t. 9 nr. 21.