159. Møn.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 497 ---

Namnet vert i 1348 skrive i genitiv Mæns. Det vert no sagt Møn; han búr pao, è tao Møn, ska tì Møns. Den gamalnorske formi av namnet er Mæn, som må vera samandrege av móvin, mór m. (sandmo) og vin (beite).

I matrikkelen 1661 er skyldi førd upp med 1 laup 2 pund og der var ein brukar. Timber og vedaskog til eige bruk. Det var likeins 1723 med tillegg at der då var humlagard. Garden

--- side 498 ---

var noko tungbrukt. Skyldi 1 laup 2 pund vart umskrivi 1838 til 6 dalar 1 ort 20 skill. Der var vassfall, humlagard og fureskog til eige bruk. Samanlikningstalet var 960.

I matrikkelen 1865 er ført upp 22½ mål åker, 5 mål dyrka eng, 32½ mål god, 38½ mål medels natureng og 44 mål skrapebø. 6 mål var skikka til dyrking. Hamnegangen var medels. Der var skog til eige bruk, og timber og ved kunde seljast for 42 spd. um året. Innkoma av vassfallet vart sett til 4 spd. og av hellebroti 3 spd. årleg. Garden var medels lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 46 mål åker, 101 mål kunsteng og 5 mål natureng.

Folketalet var 20 i 1801, 25 i 1865 og 72 i 1918. Den store aukingi siste åri skriv seg mest frå helledrifti.

Fødnad og avling (i tunnor) på Møn.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 14 24
1723 2 15 24 20
1865 2 22 47 54 ½ 38
1918 8 28 80

Møn har vore einbølt gard til 1895. Torfinn var brukar på Møn 1563, 1591 og 1611 og betalte landskyld for 1 laup i 1563. Styrk som truleg er son hans Torfinn er skriven som leiglending fleire gonger 1603-1629 og åtte 1611 2½ laup i garden. I ei sak på Store Saude 1624 er umtala Styrker Torfinnson, som mogeleg er Styrk Møn. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var ½ pund smør og 1 bukkskinn. Jordi var god, står det, men der var ikkje noko lunnende. Styrk var leiglending.

I 1627 betalte Styrk 11 dalar 1 ort i ryttarskatt. I 1621 åtte han 1 laup i Berge, 1 laup i Nesheim, 1 pund i Ringheim, 12 mark i Lid, 12 mark i Mo'o, 12 mark i Hodlve, 12 mark i Haukanes, dei tri siste i Granvin, og 1 laup i Norheim, ialt 4 laup. Odelsskatten for det var 2 dalar. Styrk var g. m. Anna Ivarsdr. Møn, som er nemnd siste gong 1645. Dei hadde sonen Knut og kann henda fleire born. Han budde truleg på Nesheim i Reppen eller på Leiddal, og hadde døtterne Sigvor, og Guri

--- side 499 ---

som var g. fyre 1645 m. Nils Knutson og andre gongen m. Lars Halldorson. Guri fekk hjå Anna, bestemor si, 2 laup på Nesheim i Reppen og budde der.

Sigvor Knutsdr. vart g. fyre 1645 m. David Knutson. Ho fekk etter Anna, bestemor si, jordgods på Møn, 1 laup 1 spann på Store Ringheim og 1 laup på Nyre. David er ofte skriven som brukar på Møn 1629-1664 og åtte 2 laup på Møn 1635, 1652, 1 laup 1659, 1½ laup 9 mark i 1661. David Møn er i Skattemanntalet 1645 for Granvin skriven som eigar av ein part i Brekke, Granvin, og hadde bygsleretten til halve garden. I 1647 åtte han mest halve Brekke og 1663 ½ laup smør og 1 tunne salt av garden. I Skattemanntalet 1653 står han som eigar av Mo'o saman med ein annan. David åtte 1652 og 1659 2 pund i Mo'o, 1659 1 spann på Haugo og 1682 1 laup 1 bukkskinn på Nedre Fenno. Han var ofte lagrettemann 1648-1674. På tinget 1670 vart vitna at David hadde hogge timber i Almenningen. Han stemnde 1656 Nils Stuarjo for di han og båe sønene hans hadde brote seg inn på Møn tridje joledag, truga ein gjest på livet, jagt borni åt David til skogs og lovt at det skulde koma ei ulukke på Møn.

Det ser ut til at David Møn må vera same mannen som David Mo'o. Han er førd upp i matrikkelen 1667 som 60 år gl. og budde då på Mo'o. Han skal vera dotterson til presten David Petræus i Granvin. I Skattemanntalet 1666 er uppført David Mo'o som 22 år gl. og i folketeljingi 1701 som 60 år gl. Dette må vera soneson til fyrr nemnde David. Det høver og godt med at Styrk på Møn er kalla uppatt med Styrkår på Mo'o.

Ho Sigvor, enkja etter David, gifte seg andre gongen med Sjur Torgeirson. Han bytte i 1676 med samtykkje av kona si 5 spann på Møn, som Anders Torkjelson Uppheim, Ulvik, fekk, uti 7 spann på Osgjerd. Lensmann Viking Tvilde kjøpte Møn 1679 og pantsette garden til Torkjel Andersson Uppheim, Ulvik. Då Sigvor døydde utan born, kjøpte Sjur att dei 5 spann på Møn av Anders Torkjelson Uppheim i 1680. Lars Halldorson Nesheim, som var gift med Guri, syster hennar Sigvor, har i retten 1680 gjeve avkall på arven han hadde motteke som tilkom dei etter Sigvor.

Sjur vart 1671 stemnd til tings for ervesvik i buet etter David, men vart forlikt med ervingane um å betala dei 14 rd. Etter krav av futen laut Sjur vidare betala 7 rd. til kongen.

--- side 500 ---

Sjur vart gift andre gongen m. dotter til Lars Øvre Fenno. På hausttinget 1680 forlikte Sjur seg med Lars Fenno soleis at Sjur skulde levera attende det som han hadde fått i heimagjerd med kona si og dessutan 30 rd. Under semja um dette er upplyst at då Sjur 1779 bad Lars um å få dotter hans, høyrde vitni på kva ho skulde få i heimagjerd. Ho må ha døytt straks etter at ho vart g. m. Sjur.

Sjur gifte seg tridje gong m. Sisselja Torbjørnsdr. og fekk med henne dotteri Sigvor. Sjur åtte 1691 1 laup 18 mark på Bjørku og var lagrettemann 1674. Då Sjur døydde, gifte Sisselja seg med lensmann Viking Steffason Tvilde. Dei budde på Møn 1695 og 1701 og på Tvilde 1691 og 1715. Arnfinn Andersson Store Ringheim, som var i slekt med ovanfor umtala Sigvor Knutsdr., stemnde 1699 på odelsretten til Møn, men domen gjekk han imot. Viking og Sisselja fekk sønene Sjur f. 1692 og Steffa f. 1696. Sjur gifte seg 1711 m. Guri Jonsdr. på Vike og dei budde der. Steffa vart g. 1. 1717 m. Gudve Larsdr. Ronve, 2. 1752 m. Brita Hollgeirsdr. Ullestad og var gardmann på Ronve. Sjå meir um Viking på Tvilde.

Nils Larsson Spildo var g. m. Sigvor Sjursdr. Møn som er umtala ovanfor. Han var gardmann på Øvre Spildo, f. 1675. Sigvor døydde 1717 og Nils gifte seg att 1718 m. Anna Magnesdr. Byrsheim, Ulvik. Ved skifte etter Sigvor åtte buet 2 laup 2 pund 21¾ mark på Øvre Spildo, 5 pund på Møn og 5 spann på Bjørku. Jordgodset på Møn hadde Nils fått skøyte på 1679 frå Anders Torkjelson. Det var taksta 150 rd. Sagi på Møn fekk Nils utlagd for 7 rd. Der var mange sylvsaker på skifte og eit «sølvbeslagen horn» som Nils fekk for 15 rd. Dette må vera det kjende Velkenshornet, som er kome til Spildo med foreldri hans Nils, Lars Nilsson Nes, Strandebarm, g. 1659 m. Ingebjørg Persdr. Øyerhamn, som var av Losnaætti. Bruttomidelen var 903 rd. Tri born: Sjur som fekk garden på Spildo,. Lars f. 1707 og Ingebjørg f. 1710, g. m. Ivar Hansson på Nesheim, Granvin.

Lars Nilsson Spildo f. 1707 var g. m. Brita Andersdr. Vambheim, Ulvik f. 1710. Far hennar, Anders Larsson, var ei tid lensmann i Ulvik og truleg soneson åt presten Anders Rieber, Eidfjord. Lars døydde 1741 og Brita gifte seg att 1742 m. Anders Gusskalkson f. 1715. Ved skifte etter Lars åtte dei Møn, taksta 160 rd., som dei hadde fått ved skiftebrev 1717 og gåvebrev

--- side 501 ---

frå Lars, far hans. Buet åtte vidare 1 laup på Vambheim og 30 mark på Graudo. Brita døydde 1766 og Anders 1781. Lars og Brita fekk to søner Lars f. 1730 og Nils f. 1735. Med Anders fekk ho Brita fem born: Lars f. 1743, g. 1781 m. Marta Mikkjelsdr. Opeland, husm. på Møn, Knut f. 1744, g. 1772 m. Synneva Mikkjelsdr. på Opeland, Guro f. 1747, Gudve f. 1750, g. 1775 m. Nils Nilsson Sonve, Anders f. 1753, død 1781.

Lars Larsson f. 1730, g. 1753 m. Brita Persdr. Osa, var ei tid lensmann i Ulvik og Granvin. Han fekk 1742 eigedom på Møn og Vinjo og bytte 1752 1 spann i Møn til Nils, bror sin, og fekk att 1 spann på Vambheim. Nils var f. 1735, g. 1757 m. Guro Johannesdr. Vambheim. Anders Andersson Rieber, sokneprest i Eidfjord, var oldefar hennar Guro.

Nils fekk Møn og noko i Vinjo ved skifte etter bestefaren og faren, gåvebrev frå mori og makebyte med Lars, bror sin. I bualoftet på Møn har stått denne innskrifti måla på to glasrutor: «Nils Larsson Møn og Guro Johannesdr. 1759». Nils døydde 1812 og Guro 1811, 75 år gl. Dei hadde fem born: Brita f. 1758, g. 1. 1780 m. Olav Knutson på Bokkatun, 2. 1786 m. Ivar Nilsson Stuarjo, Johannes, Åsa f. 1775, g. 1798 til Lydvo m. Svein Ivarson, Ingebjørg f. 1779, g. 1802 m. Lars Larsson på Skjerve, Guro f. 1783, g. 1825 m. ekm. Bård Oddson Osgjerd.

Johannes Nilsson f. 1767, g. 1798 m. Brita Ivarsdr. Lydvo f. 1775, fekk skøyte på garden 1788 og 1801. Han dreiv mykje med hestahandel og reiste på Austlandet. Då Brita var enkje fekk ho Olav, som var lauskar på Møn og ein kunnande arbeidar, til å gjera ei kjerre, som skal vera ei av dei fyrste på Voss. Olav lærde han Lars, son hennar Brita, til å smida. Johannes døydde 1830 og Brita 1861, og hadde ni born: Nils d. e. f. 1799, Ingjerd f. 1800, g. 1822 til Klyve m. David Oddson, Guro f. 1801, g. 1823 m. Eirik Knutson på Øvsthus, Ingebjørg f. 1802, g. 1830 m. Brynjulv Davidson på Hylle, Ivar f. 1804, g. 1837 m. Arngunna Larsdr. Bø, gardmann på Lydvo, Anna f. 1807, g. 1832 til Ringheim m. David Hallsteinson, Lars f. 1811, g. 1835 m. Marta Andersdr. Graudo (Amerika), Nils d. y. f. 1814, g. 1. 1836 m. Synneva Knutsdr. Lid f. 1813, 2. 1861 m. Kristense Eiriksdr. Rokne, gardmann på Øvre Lid, Brita f. 1815, g. 1840 m. Anders Torbjørnson på Kvåle, Gullfj.

--- side 502 ---

Nils Johannesson d. e. f. 1799, var g. 1829 m. Arngunna Oddsdr. Klyve f. 1803. Han fekk 1829 skøyte på farsgarden. Nils døydde 1860 og Arngunna 1883. Fire born: Johannes f. 1831, død ugift 1855, Odd f. 1834, død ugift 1855, Brita f. 1836 og Guro f. 1844, g. m. Knut Nilsson på Øvre Lid f. 1839. Ho Brita gifte seg 1857 m. Knut Andersson Hellesnes. Dei fekk 1862 farsgarden hennar for 1300 spd. Dei var med dei fremste i bygdi til å stella garden, betra krøterslaget, hadde sers godt fjøsstell og vyrdsling av budråtten. Ved utstellingar fekk dei ofte premiar for krøteri og budråtten. Knut var ei tid lensmannsdreng, var med i likningsnemndi, fatigstyret, heradsstyret, skulestyret, var overformyndar, takstmann og presten sin medhjelpar. Knut døydde 1910 og Brita 1918.

Knut og Brita fekk ni born: Arngunna f. 1858, g. m. Eirik Torgeirson Kvåle på Bryn, Margreta f. 1859, g. m. Ivar Håvardson Grovu på Møn, Nils f. 1861, død ugift 1892, Marta f. 1863, g. m. Knut Torsteinson på Seim, Gullfj., Kirsti, f. 1866, g. m. Ludvik Ramsdal på Mønshaugen, Anders f. 1868, Brita f. 1872, g. m. Lars Andersson Kvåle på Møn, Johannes f. 1875, død ugift 1902, Sigrid f. 1881, g. m. Anton Slettemark på Vetla Rokne.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Møn. Anders Knutson f. 1868, g. m. Brita Johannesdr. Nedre Lid, f. 1869 fekk i 1895 skøyte på garden med undantak av bruk 2 for 10000 kronor. Han er agronom frå Stend. Garden har han drive mønstergild, har dyrka mykje, har utvalde hestar, krøter og smale og har fått ei mengd premiar ved utstellingar. Ny tidsmessig uthusbygning sette han upp i 1903 og vølte uppatt det gamle eldhuset i gamal stil til stove.

Anders kjøpte 1903 eit jordstykke, Storøynæ, av Herlaug Vivås, 1908 bruk 2 av far sin, 1910 ein skogteig av Magne Opeland og tidlegare av Ytre Takla bruk 3, Mønshaugen. Der bygde Anders forretnings- og bustadhus og dreiv landhandel, men selde det 1892 til verbroren Ludvik Ramsdal. Anders har vore med i likningsnemndi, skulestyret, heradsstyret, formannskapet, i styret for Brandtrygdelaget, i direksjonen for Voss Veksel- og Landmandsbank, formann i styret for Sokneselskapet, Voss Skiferbrud og Kvægavlsforeningen, prisdomar ved utstellingar, overformyndar, takstmann og skynsmann. Ti born: Knut,

--- side 503 ---

Johannes, Nils, Ingebjørg, Brita, Margreta, Anna, Arngunna, Anders og Synneva. Knut f. 1893, g. 1821 m. Gerda Furuberg f. 1900, fekk 1929 skøyte på bruk 1 med elektrisitetsverket for 9000 kronor. Han var med i heradsstyret og hadde fleire andre tillitsyrke. Han døydde 1936.

Møn var fyrr mtrnr. 160, lnr. 310 med gamal skyld mark 1 laup 2 pund, urevidert 6 dalar 1 ort 20 skill., revidert 7 dalar 2 ort 8 skill. Ny skyld mark 10,88 eller mark 6,50 etter at bruk 6 er skilt frå.

Bruk 2. Nyhaug. Skilt frå bruk 1 i 1895 med skyld 44 øre. Eigar: Knut A. Møn, som 1908 selde det til sonen Anders


Møn
Bilete 63. Møn. Fot. P. Braaten 1936.

K. Møn for 2500 kronor. Bruket vart 1920 ført saman med bruk 1.

Bruk 3. Støfringshaug. Utskilt frå bruk 1 i 1901 med skyld 5 øre og selt til Andreas Støfringshaug som har bygt og bur der. Han er f. 1867, g. 1907 m. Anna A. Slåtten og har drive hellebenk på Møn og ei tid fiskehandel på Vangen.

Bruk 4. Steinbruhaugen. Skilt frå bruk 1 i 1901 med skyld 1 øre og ervefest til Knut Knutson Takla. Han er f. 1857, g. m. enkja Anna Karina Skielvik, f. 1863, død 1916. Han reiste lang tid for bladet Skandinaven i Amerika, gav 1913 ut boki «Det norske folk i De Forenede Stater» og reiste umkring

--- side 504 ---

i Noreg og heldt foredrag um Sambandstatane. To søner: Karl Gustav f. 1898 og Knut Ingemann f. 1901.

Bruk 5. Møn. Utskilt frå bruk 1 i 1920 med skyld mark 3,50. Johannes A. Møn fekk skøyte på bruket frå far sin. Han er f. 1894, g. 1924 m. Maria Larsdr. Sæ, Eidfjord. Dei har no gard på Austlandet og bur der.

Bruk 6. Fosslid. Utskilt frå bruk 1 i 1920 med skyld 80 øre. Nils A. Møn fekk skøyte på det frå far sin. Der er bygt nye hus og dyrka upp 30-40 mål jord. Nils er f. 1896 og gift med Eli Olavsdr. Hodlve, Granvin.

Bruk 7. Fagerhaug. Skilt frå bruk 5 i 1926 med skyld 3 øre og selt til Nils Olavson Møn. Det er ein part av plasset som foreldri hans hadde. Han er bakar, er f. 1876, g. m. Kari Andersdr. Væte f. 1878.

Bruk 8. Nyheim. Skilt frå bruk 5 i 1927 med skyld 2 øre og selt til Albertin Bjørku, f. 1894, g. m. Olina Larsdr. Flatekvål f. 1893.

Bruk 9. Støfringshaug. Utskilt 1928 frå bruk 5 med skyld 3 øre og selt til A. Støfringshaug som tillegg til bruk 3.

Bruk 10. Møn. Skilt frå bruk 5 i 1931 med skyld mark 1,00. Nils A. Møn fekk skøyte på det frå far sin som tillegg til bruk 6.

Husmenn på Møn.

Amund Larsson f. 1655 var husm. 1701 og hadde sønene Nils f. 1687, Hermund og Lars båe fødde 1692. Lars Sjurson var g. som ekm. 1713 m. Marta Larsdr. Glymme og døydde 1718. Dei var paktarfolk og hadde borni: Gjertrud f. 1706, Herborg f. 1708, Sjur f. 1715 og Magne f. 1717. Tornfinn, g. m. Magli Tomasdr. døydde 1718 og Magli døydde 1726, 57½ år gl. Dei fekk borni Marta f. 1706 og Ågota f. 1708. Per Larsson Glymme, g. m. Gjertrud Eilivsdr. Kvåle var paktarfolk på Møn over 20 år. Per døydde 1735, 54 år gl. og hadde borni: Eiliv, Olav, Sjur og Ragnhild, g. 1736 m. Gitle Olavson Graudo.

Anders Torsteinson og kona hans, Kari Styrksdr., var husmannsfolk og fekk 1730 dotteri Brita. Gudleik Olavson fekk 1732 dotteri Ingjerd. Gudleik Knutson f. 1701 er skriven for Jernes 1779 då han vitna at han hadde vore husmann i 30 år på Møn. Der fekk han dotteri Gjertrud f. 1737 og sonen Bjarne f. 1737. Herbjørn, g. m. Marta Torfinnsdr. fekk 1740 dotteri Gjertrud og 1745 sonen Torfinn. Marta døydde 1785,

--- side 505 ---

78 år gl. Nils Askjelson f. 1731 var husmann på Møn 1760-63 og budde 1779 på Jeraldsteigen.

Lars Gusskalkson hadde plasset Haugen i 22 år og døydde 1788, 61½ år gl. Han hadde fem born etter seg: Gusskalk f. 1755, Styrk, Brynjulv f. 1761, død 1842, g. 1808 m. Sigvor Persdr. Mosafinn, Gudve f. 1754, g. 1787 m. David Larsson Skjelde, Torbjørg f. 1765. Eirik Nilsson g. m. Brita Sjursdr. fekk 1782 sonen Knut. Hallvard Gudleikson g. m. Jorunn Arnvedsdr. fekk 1784 sonen Arnved. Anders Magneson g. m. Arngjerd Monsdr. hadde dotteri Gjertrud f. 1792. Torgeir Olavson og kona hans, Brita Knutsdr., hadde sonen Olav f. 1792. Gusskalk Larsson, nemnd ovanfor, gifte seg 1793 m. Gunnvor Larsdr. Øvre Fenno, budde på plasset Gamlehaugen og hadde borni: Lars f. 1794 (Amerika), Kari f. 1796 og Nils f. 1799.

Styrk Larsson, nemnd ovanfor, g. 1790 m. Sigrid Larsdr. Herre var skulemeister og dertil stemnevitne til 1819. Dei fekk døtterne Marta f. 1791 og Gudve f. 1797. Per Brynjulvson f. 1738, g. m. Ingerid Kristensdr. hadde plass i 1801 og ei dotter Gjertrud f. 1785. Olav Hermundson, g. m. Kristi Nilsdr. fekk 1830 sonen Hermund. Sjur Erlingson, g. m. Marta Sjursdr. hadde døtterne Marta f. 1840 og Sigrid f. 1842. Odd Vikingson, g. m. Soffi Arnvedsdr. fekk sonen Lars i 1849. Nils Larsson, g. m. Anna Torgeirsdr. som var f. 1801, og døydde 1883 fekk 1851 dotteri Anna. Olav Gudleikson Veiseteigen fekk 1856 husmannsfeste hjå Nils Johannesson.

Arnfinn Sjurson Bokkatun fekk 1866 plasset Gamlehaugen, som seinare vart heitande Anfinnsplasset. Han var f. 1833, g. 1865 m. Guro Knutsdr. Nedre Fenno f. 1839 og døydde 1930. Dei hadde fire born: Sjur f. 1865, Knut f. 1868, g. m. Brita Torsteinsdr. Herre, bur på Gjerde bruk 7, Nils f. 1871, g. m. Brita Sveinsdr. Grovu, bur på bruk 7 Istòbakken, Brita f. 1875. Sjur og Brita har fått fest det som var dyrka av plasset. Arnfinn var husmann og arbeidar av det gamle gode slaget. Han tente frå han var 16 år gamal og til han vart husmann 33 år gl. Løni var fyrste åri 5 dalar, 8 alner kvitt vadmål, 2 skopar og sume år eit vottapar eller eit sokkapar. Seinare steig lønene noko um senn. Som husmann gjekk han på dagarbeid og fekk 12-16 skill. dagen um vinteren og 18 skill. um våren. Då han var 94 år gl. trefte eg han i arbeid på slåtteteigen. Vanleg var

--- side 506 ---

han då uppe kl. 4-5 um morgon og nuska heile dagen med arbeid.

Knut Sjurson, bror hans Arnfinn, var g. m. Anna Persdr. og hadde plasset Nyhaug 1866 til 1872. Dei fekk då borni: Marta f. 1866, Brita f. 1868, Ragnhild f. 1871, som alle reiste til Amerika. Sjur Nilsson Jerald f. 1822 var g. 1861 m. Sigrid Magnesdr. Rykke og døydde 1879. Sigrid døydde 1878. Dei fekk dotteri Marta. Sigrid hadde med Knut Kjelson Helleve dotteri Brita f. 1847, som 1873 vart g. m. Lars K. Selheim.

På plasset Øvre Huse budde Mikkjel Styrkson f. 1797, g. 1840 m. Torbjørg Larsdr. Klyve og fekk borni Kristi f. 1845 og Styrk f. 1840, som budde på Solstad, Istad. Mikkjel datt ned or ei to under Storaberge 1862 og slo seg ihel. Toi har sidan heitt Mikkjelstonæ. Nils Larsson f. 1798 på Bjørku, der foreldri hans er umtala, hadde fyrst plass på Bjørku og sidan på Nera Huse og deretter på Olahaugen på Møn. Nils var g. m. Anna Torgeirsdr. f. 1801. Ho døydde 1883 og Nils 1884. Dei hadde borni Lars f. 1839, bakar og handelsmann på Vangen, sjå bruk 30 av Lekve i band 1, Olav, Josef f. 1842, Ingebjørg f. 1837, Brita f. 1844, Sigvor f. 1847 og Anna f. 1851. Olav var f. 1846, g. 1875 m. Ingebjørg Andersdr. Fenno. Dei fekk 1875 plasset Steinbruhaugen eller Olaplasset som det og er kalla etter han. Han var skreddar og døydde 1924. Ho døydde 1906. Deira son Nils bur på bruk 7.

Plasset Olahaugen var fyrr kalla Steinbruhaugen. Den fyrste me veit um som budde der var ein Odd. Han dreiv med kverni i Hòle i gilet nedanfor plasset. Odd var g. m. Soffi. Dei fekk seinare plasset Reneshuse. Etter Odd var det Nils Herbrandson Takla, g. 1837 m. Brita Sjursdr. Fenno, som budde der nokre år. So kom Olav Gudleikson Veiso (Veisegubben) og deretter skreddar Olav Nilsson, som feste plasset 1875. Olahaugen er no skift millom bruk 4 og bruk 7.

Johannes Sveinson Steine frå Kvam f. 1840, g. 1. m. Kari Trondsdr. Jeraldstveit, 2. 1884 m. Ingebjørg Åmundsdr. Skår, fekk 1872 plasset Nyhaug. Han døydde 1891 og hadde tri søner: Svein, Trond og Johannes f. 1880. Knut Alland hadde plasset 1894-1899 og var sidan gardmann på Øvre Lid. Lars Andersson Kvåle har no plasset. Han er f. 1871, g. 1897 m. Brita Knutsdr. Møn. Ivar Håvardson Grovu f. 1853, g. 1880 m. Margreta Knutsdr. Møn har plasset Teigen i Storehaugen. Han er

--- side 507 ---

snikkar. Jakob J. Haugen f. 1870, g. 1895 m. Maria Sjursdr. Tveiti fekk plasset Stetteteigen i 1904 og driv med hellearbeid. Kristoffer Agledal har i lang tid drive med hellebenk, fekk 1894 plass på Møn og har rudt og bygt der. Han er g. m. Ingjerd Sveinsdr. Helland. Anders Larsson har plasset Strenghaugen. Han er g. m. Anna Endresdr. Lillegraven og er snikkar og bygningsmann. Han har vore med i heradsstyret og ymse andre kommunale arbeid. Johannes Davidson Vivås fekk nytt plass Vetlehagen, men det er lagt til garden att og Johannes kjøpte gard på Brekku, Gullfj.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden melder matrikkelen 1723. Møn har støl på Potten på Hòraldsdalen. Stølsrettane på Potten åt bruk 1 og 4 på Skjerve kjøpte Anders Møn 1920 og 1929.

Kvern og sagbruk.

Ei flaumkvern var der 1723, 1776 og 1791. Kverni var ved Hòrjolo til ikring 1908. Møn hadde fyrr kvern i Hòle ved Øyelvæ nedanfor Olaplasse. Anders kjøpte kvernarettane i Hòrjolo av bruk 1 og 3 på Skjerve saman med bruk 3 Bjørku. I 1909 kjøpte Anders av Josef N. Bokkatun kvern med vassrett på Takla. I 1723 er tilført at der var flaumsag på Mønsmannen sin odelsgrunn for skjering til husvølingar åt eigaren og grendi, men det var ikkje lovleg å skjera til «kjøbmandskab». Det vart skore 100 bord um året og skatten vart 29 skill. Nils Spildo har gjeve upp på tingi at han hadde skore på Mønssagi 250 bord i 1733, 300 i 1734 og 250 i 1735. Lars Bjørku gav upp 1740 at Brita Møn hadde skore 156 bord på sagi si som stod på Rykke sin grunn. I 1745 var det skore 12 tylvter bord og betalt 6 skill. sagskatt. Ervingane etter Lars Nilsson som døydde 1741, selde sin part i sagi på Rykke sin grunn 1756 til sonen Nils Larsson. I 1760 var det skore 1664 bord. Slike uppgåvor vart gjevne på tinget kvart år so lenge det skulde betalast ser sagskatt. Sagi var på Bokkatun sin grunn 1780, står det. Nils Larsson selde 1788 og 1801 til sonen Johannes kvar gong 1/6 i sag og stampe på Bokkatun sin grunn. Denne sagi stod på Magnehaugen. I 1780 var Nils Bjørku og Lars Møn saman um sagi på Bokkatun. Nils Oddson Sonve og far hans åtte Mønssagi på Rykke sin grunn i 1780-åri. Ho vart rivi 1791. Johannes Møn skar 1790 på sagi på Bokkatun. På tinget 1815 er upplyst at Mønssagi var nedrivi. Johannes N. Møn har 1829 skøytt til Nils, son sin, eit nytt sagbruk. Det stod fremst i Øyelvæ til ikring 1914. Møn har havt sag

--- side 508 ---

på Kleivane ved Hòrjolo, truleg bygt av Nils Johannesson. Ho vart rivi ikr. 1920.

Anders Møn bygde 1911 elektrisitetsverk og ved sida av det sagbruk i l914 og tok burt sagi som Møn hadde ved Kvislo (Øyelvæ). Elektrisitetsverket er på 36 kw. og gjev kraft til ljos, koking, uppverming og drift av maskinor på garden og i hellebroti. Noko kraft leiger han burt til grannane.

I 1892 byrja Anders med helledrift. Fyrr hadde det og vore flekt hellor, og det er i matrikkelen 1865 sett til årleg innkome 3 spd. I 1896 fekk han bygt køyreveg frå hellebroti til hovudvegen. I 1898 vart bort tunnel i hellebroti og seinare er der arbeidt to til. Til drifti av hellebroti er der luftkompressoranlegg, elektriske heiser og pumpor. Anders har drive helledrifti fram til ein stor forretning.

Offentlege forretningar.

Odelssak 1702. Åstadforretning 1723 millom Møn og Skjerve um skoghogst i Potteliæ. Nils Larson Møn hadde 1779-81 åstadsak med Olav Larsson og Rasmus Asbjørnson Nedre Vinjo um merki til ein skogteig. Semje 1906 med Sjur Veiso um burtleiding av vatn. Med militæretaten vart gjort semje 1909 um skjotebane.

Ymse.

Den nordlegaste Mønsstova har årstalet 1612 i ljorekista. Stova er bygd av svært timber som skal vera kome or Stuasetmarki. For ein 50-60 år sidan vart ho klædd innvendes med bord. Eldhuset trur dei er eldre enn stova. Anders har vølt det uppatt i gamal stil til ei hugnaleg stove. -

Som døme på kor nærsøkjen bjørnen var i gamle dagar, er fortalt at for ikring 100 år sidan drap bjørnen ei kvige ved Gjervorgrindæ og to kalvar der jarnbanestasjonen Mønshaugen no er.

I eit brev frå 1348 umtala på Rykke heiter det at Eirik Erlendson åtte «Oddeteigen ovanfor alfarvegen upp under Mønsgjerde frå Ordølavadet og fram til Halmskrinde-ledet» (Halmsgrinde-ledet?). Dette er altso alfarvegen som var brukt av dei som kom over Bjørkebruæ og skulde framover. Heilt til dess den nye Hardangervegen kom i 1860-åri, var det vanleg um vinteren, når det låg is på Opelandskjødnæ og Mónsvatnet og myrene var tilfrosne, at dei køyrde der i stadenfor hovudvegen.

Gjervor Møn er ei segnkvinne som det er mange forteljingar um. Ho skal ha rudt og bygt på Møn og var forferdeleg stor og sterk. Ein gong kom ho i strid med han Stue Spildo um geitahamnene, som var ved merket millom dei, og dei kom i

--- side 509 ---

tak i Krigsskòrane um merket. Båe vart so medtekne av slagsmålet. Stue stupte då han kom til Stushaugen og der vart han gravlagd. Gjervor vart på heimvegen liggjande ved Gjervorgrindæ og er jorda der. Bulkemannen stod på Bulkehaugen og kasta stein på dei medan dei stridde. Dei kasta stein attende på Bulkemannen. Steinane som er på fleire hestelass, er å sjå den dag i dag. Denne segni um møtet millom Stue og Gjervor vert fortalt på ymse måtar.

Ho Gjervor hadde sett seg fyre at ho vilde ikkje ha lenger stølsveg enn at ho kunde ta han i tri steg. Med tridje steget kom ho til Potten. Uppe i stølsbeite skal liggja ei svær helle som Gjervor bar dertil i fyreklæde sitt og la til bru over ei elv. Til tvore brukte ho ei fure som ho hadde rykt upp med røtene. Då ho Gjervor var død, laga dei nokre timberstokkar av tvora som vart brukte i veggen på stova som då vart bygd på Møn.

Bumerke.

Per 1722 tavle 2 nr. 64. Anders 1744 teikna A G og har brigda merket på tri måtar 1747-1770. Nils 1759, 1760 t. 7 nr. 6. Han har brigda merket på ulike måtar 1774- 1785. Nils 1765, 1770 t. 7 nr. 7. Eirik Nilsson 1782 t. 7 nr. 8.