240. Mosafinn.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 486 ---

Namnet vert i 1500-talet skrive Mosseffindem og Mossefinde. Det vert no sagt Mòsafìnn2; han búr pao, è tao Mòsafìnn, ska tì Mòsafìns. Namnet er samansett av mose m. og visstnok fen n. (blautmyr, dike). Um lag 100 meter ovanfor husi låg ei blautmyr som heitte Husamyræ, no utveitt. Der har dei truleg fyrr teke byggjingsmose.

Landkommisjonen skriv 1661 at Mosafinn hadde 3 laup i skyld og at der var brennefang og skog med småtimber. Brukar er ikkje umtala. Skyldi er likeins 1723. Der var ein brukar, vedaskog og humlagard. Garden var god til kornavling, men tungbrukt til høyavling. Skyldi er umskrive 1838 til 11 dalar 1 ort 8 skill. Noko fureskog og turvande vedaskog var der og vassfall og litt humlaavl. Samanlikningstalet var 1700.

Matrikkelen 1865 melder at der var 46, 4 mål åker, 10 mål dyrka eng, 98 mål god, 157 mål medels natureng og 252 mål skrapebø heri medrekna Mosafinn sin eigedom på Narheim. 6 mål var høvelegt til å dyrka. Bruk 1 hadde ring vårhamn, men god sumarhamn. På bruk 6 var det ring vårhamn og medels sumarhamn. Skog var der til husbruk. Timber kunde

--- side 487 ---

seljast for 3½ spd. på bruk 1 og for 3 spd. på bruk 6 for året. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 49,9 mål åker, 44,5 mål kunsteng og 49 mål natureng.

Folketalet var 40 i 1801, 54 i 1865 og 35 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Mosafinn.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   16   10          
1723 2   25   24   38      
1865 5   43   80   104   101  
1918 6   28   65          

I 1865 er fødnaden på Narheim bruk 1 og 2 teken saman med Mosafinn, men ikkje i 1918.

Kåre budde på Mosafinn i 1521 og betalte 4 lodd sylv i skatt og 8 mark som breffbrot. I 1563 var der to leiglendingar Jørgen og Olav. Olav åtte halvparten av det han brukte. Tormod var leiglending 1591 og 1611. Leidangen var 1624 etter leidangsboki 30 merker smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Jordi var bondegods og ho gav god avling er det sagt. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 5½ laup med 12 dalar 1½ ort. Jon Hauso åtte 1615 6 mark smør 1 mmb. korn på Mosafinn. Jørgen er ofte skriven som leiglending 1611-1659. Han åtte 2 laup 9 mark i 1611 og 1614. I 1621 åtte han 1 laup på Dagestad, 2½ pund på Mosafinn, 1 pund på Stora Saude, 1 laup på Bjørgås, 12 mark på Mugås, 1 spann på Berge, 14 mark på Hefte, 9 mark på Vele, 1 spann på Meland og 1 spann på Lid. Som odelsskatt betalte han 2 dalar 19½ skill. Jørgen åtte ialt 6 laup 29 mark jordgods i 1629, 6 laup i 1635 og 5 laup 1 pund i 1642 forutan det han budde på. Han er skriven for Jørgen Andersson i 1645, var då g. m. Marta og hadde tenarane Halldor og Ingeleiv. Han er nemnd fleire gonger som lensmann 1628-1642, og han vart difor fri for sume skattar. Jørgen er ofte nemnd som vitne og lagrettemann. I ei sak på Stora Saude er upplyst at Jørgen var brorson til Karl Stora Saude.

Jørgen åtte 1652 og 1659 1½ laup, Apostelgodset ½ laup og Hans Giøen ½ laup. Jørgen åtte dessutan i 1655 32 mark

--- side 488 ---

på Skjeldal og 1 pund i 1659. Han var brukar 1652-1657 og Olav 1659. Han var fleire gonger lagrettemann 1654-1657. I 1661 var 1 laup bondegods og Klas Miltzow åtte 2 laup. Brukar er ikkje umtala 1661, men i 1664 var det Klas Miltzow. Han var son til soknepresten Henrik Miltzow og bror til soknepresten Gjert Miltzow. Klas var sonesons son til Henrik Miltzow, g. m. Anna Hannemanns, dotter til domfut Hannemanns i Treptow, Pommern. Klas var f. ikring 1632, g. m. Ingjerd, dotter åt futen Laurits Andersson og Kirsten Jakobsdr. Som enkje vart Kirsten g. m. sokneprest Henrik Miltzow. Klas og Ingjerd var soleis på ein måte syskin.

Klas er på Voss vanleg kalla futen på Mosafinn. Verkeleg fut var han ikkje, men var stjornar over Finnegodset 1658-1662 på vegne av verbroren Hermann Garmann og av Apostelgodset på Voss 1668-1671. Friviljugt var det nok ikkje at Klas slutta som stjornar av Apostelgodset. I 1670 vart byrja etterrøkjingar um skoghogster i Raundalens Ålmenning, og det førde til at Klas vart tiltala for ulovleg skoghogster. Apostelgodset åtte mykje jordgods på Voss og i skog i Almenningen. Under saki er upplyst at Klas hadde gjeve løyve til mange å hogga i Almenningen, og dei laut selja timbret til han for billig pris. Han tente store pengar på det. Sagbruk hadde han då på Mosafinn og på Tysse. I 1683 laut Klas betala 14 rd. i bot for di han ikkje hadde etterkome kongens påbod um å leggja sagene ned.

Saki mot Klas gjekk for alle rettar og vart vidfemnande. Til slutt vart sett ned ein ser kommisjon. Han dømde Klas til å betala 3537 rd. i skogskade. Pant vart teke i jordgodset åt Klas i 59 gardpartar tilsaman 120 laup. Ved kongeleg resolusjon 1689 vart boti sett ned til 2000 rd. Saki er noko meir umtala under Almenningen i Raundalen i band 3. Brev av 1677 melder at Klas kjøpte mykje jordgods av ervingane etter president Hermann Garmann, som dei hadde fått ved skifte etter han 1657. I skattemanntalet 1680 er Klas skriven som eigar av 260 laup 5½ mark og 1 kalvskinn i 166 gardpartar i Voss, Vossastrondi og Evanger. For 1684 betalte han 400 rd. i skatt.

I mange år er der saker fyre for Klas mest på kvart ting, ofte fleire på same ting. Mest er det gjeldssaker påstemnde av han, men ofte er òg han stemnd. Mange gonger laut han bøta for di han ikkje møtte i retten og for ymist anna. Segni fortel

--- side 489 ---

at Klas vart slegen ihel av Vossane, men eg har ikkje set noko som tyder på det, og det var visst ikkje tilfelle. Han døydde 1692. Ved skifte etter han var der att 3900 rd. etter at kreditorane hadde fått sitt. Enkja fekk halvparten av det, deri medrekna 23½ laup jordgods. Ingjerd klagde fleire år over skatten som vart lagd på henne.

Ingjerd døydde 1700. Nettomidelen etter henne var 1492 rd. Seks born: Henrik, g. m. Beate Larsdr., budde i Halden,


Bilete 62. Mosafinn. Fot. P. Braaten 1937.
Bilete 62. Mosafinn. Fot. P. Braaten 1937.

Laurits, g. m. enkja Anna Hansdr. Messing, borgar i Bergen, Kristense, g. m. Hans Mogenson Rødberg, kjøpmann i Bergen, Margreta f. 1672, g. m. Knut Nilsson Sonve, budde på Finne, Kirsten f. ikring 1674, g. m. Hermann Stockhoff, borgar i Bergen og Ingjerd f. 1680, g. 1. m. Nils Olavson Tren, 2. 1706 m. Knut Åmundson Fjose, budde på Raustad.

Enkja etter sokneprest Henrik Miltzow, Kirsten Jakobsdr., som var stykmor åt Klas Miltzow, budde hjå han på Mosafinn frå 1676 til ho døydde. Skifte etter henne er halde 1682 ved geistleg skifterett. Bruttomidelen var 2976 rd. og nettomidelen, som vart skift millom dei tri borni hennar, var tilsaman 1690 rd. Kaptein Jakob Christensen f. 1656 budde på Mosafinn 1701

--- side 490 ---

som losjerande til han døydde. Auksjon etter han vart halde på Mosafinn i 1711. Han hadde havt to tamburar hjå seg som tenestgjerande.

Peter Reedtzs fekk 1665 kongeskøyte på ½ laup av Apostelgodset som borgermeister Ofue Jensen åtte 1676, sokneprest Per Hansson i Eidfjord 1680 og kaptein Stoud 1695. Ingjerd Miltzow fekk etter Klas 2½ laup som ho åtte til sin død. I 1714 åtte Kristense Miltzow ½ laup og Kirsten Miltzow 2½ laup.

Olav Knutson Espedal frå Hallingdal kjøpte 1715 3 laup og makabytte 1718 med Ditlov Henrikson soleis at Olav fekk odelsretten til 2 laup på Mosafinn og Ditlov fekk 2 laup med odelsrett på garden Haug i Valdres. Knut Finne stemnde 1724 på vegne av Klas, son sin, på odelsretten som Olav Knutson hadde kjøpt av Kirsten Klasdr. Olav fekk 1726 ogso odelsretten åt Henrik Baltzer Miltzow på Mosafinn. Saki var fyre på tinget 1726 og det vart dømt at Olav skulde ha garden, men ved lagtingsdom 1728 fekk Knut medhald, og sonen Klas fekk same år skøyte på garden 3 laup. Olav har 1725 kjøpt av Henrik Miltzow 2 laup på Eimstad og 1 laup 18 mark på Nestås. I 1732 kjøpte han på Nedre Ringheim, der han vart buande.

Klas Knutson Finne som vart eigar etter Olav, var f. 1702, g. 1726 m. lensmannsdotteri Brita Massdr. Seve f. 1708. Klas var sersjant og døydde 1736. På skifte etter han var garden verdsett 396 rd. og bruttomidelen var 602 rd. Ho Brita gifte seg att 1737 m. korporal Isak Hermundson Gjerme f. 1703. Han fekk same år skøyte på 3 laup. Isak døydde 1779 og Brita 1792. Brita fekk fire born med Klas og seks med Isak: Ingebjørg f. 1727, g. 1. 1745 m. Lars Person som budde på Glymme, 2. 1768 m. ekm. David Knutson på Lunde, Lars f. 1729, Kristense f. 1730, g. 1751 m. Anders Jørgensen Dagestad, Knut f. 1733, død ugift 1763 i Helsingør som utkommandert soldat, Klas Isakson f. 1737, g. 1764 m. Kari Nilsdr. Grimastad, som budde på Grimastad, Rannveig f. 1738, g. 1755 m. Torstein Knutson Stora Saude, Soffi f. 1741, g. 1770 m. Olav Sjurson Skjeldal, kjøpte gard på Midt Skutle, Hermund f. 1743, g. 1775 m. Anna Torsteinsdr. Lunde, budde på Ygre, Sigrid f. 1745, g. 1776 m. Olav Johannesson Hornve og Guro f. 1751, g. 1781 m. Ivar Sjurson, husmann på Mosafinn.

Lars Klasson f. 1729 vart g. 1751 m. Ingebjørg Knutsdr. Stora Saude. Han fekk 1752 skøyte på 1½ laup. I 1757 lyste

--- side 491 ---

Lars at han vilde gjera bruk av odelsretten til 1½ laup når mori som åtte dei, var død. Stykfaren hadde eigna det til seg. Lars fekk 1788 skøyte på det frå mor si og åtte då heile garden. Han skifte garden i to like partar millom sønene Knut som fekk bruk 1 og Klas som fekk bruk 6. Lars døydde 1804 og Ingebjørg 1806, 78 år gl. Sju born: Marta f. 1753, g. 1772 m. Olav Sjurson Skjeldal, Margreta f. 1755, g. 1781 m. Olav Larsson Skjeldal, Klas f. 1757, Ingebjørg f. 1760, g. 1784 m. ekm. Per Olavson Vetla Rokne, Brita f. 1763, g. 1. 1785 m. Arve Knutson Skjeldal, 2. 1790 m. Mikkjel Larsson Skjeldal, Knut f. 1767, Eirik f. 1770.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Mosafinn. Knut Larsson fekk som nemnt dette bruket i 1788. Han var f. 1767, g. 1793 m. Anna Halldorsdr. Glymme og døydde 1834. Anna døydde 1850, 75 år gl. Dei hadde åtte born: Lars f. 1794, Ingebjørg f. 1796, g. 1819 m. Torstein Monsson Lunde, Margreta f. 1798, g. 1817 m. Torstein Knutson Saude, Per f. 1800, død ugift 1829, Brita f. 1803, g. 1826 m. Klas Knutson Grimastad, Asgjerd f. 1809, g. 1837 m. Anders Knutson Grimastad (Amerika), Klas f. 1812 (Amerika) og Halldor f. 1815, som var sjukleg og døydde ugift 1884.

Lars Knutson fekk 1826 skøyte frå far sin på garden for 500 spd. og var g. 1. 1821 m. Gjertrud Knutsdr. Stora Saude, 2. 1847 m. Marta Knutsdr. Saude f. 1808. Lars døydde 1882, hadde ti born med Gjertrud og eit med Marta: Knut f. 1821, Anna f. 1823, død ugift 1847, Anders f. 1827, død ugift blind, Per f. 1830, g. 1880 m. Synneva Nilsdr. Skjelde, husmann i Skjeldahaga, Sigrid, f. 1833, død ugift, tvillingane Torstein og Ingebjørg f. 1835, Klas f. 1838, Margreta f. 1841, Knut d. y. f. 1843, skreddar, og Anna f. 1848. Torstein, Ingebjørg, Klas og Margreta reiste til Amerika. Torstein var med i borgarkrigen der. På skifte 1845 etter Gjertrud vart garden verdsett 830 spd. Bruttomidelen var 1092 spd. og nettomidelen 480 spd.

Knut Larsson d. e. vart g. 1850 m. Brita Hallesdr. Dagestad f. 1821 og fekk 1859 farsgarden for 500 spd. Båe døydde 1888 og hadde fem born: Lars f. 1850, bleiv 1874, Gjertrud f. 1853, Rannveig f. 1857, Halle f. 1860, Anna f. 1863, g. 1894 m. Knut Mikkjelson Eimstad. Halle gifte seg med Ingebjørg Kjelsdr. Takla f. 1858 og fekk 1899 skøyte på garden for 3200 kronor.

--- side 492 ---

Halle døydde 1910 og deira son Lars fekk 1924 skøyte på bruk 1, 2 og 8 for 8000 kronor. Han er f. 1895 og g. m. Brita Sjursdr. Saude.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 241, lnr. 471 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 5 dalar 3 ort 4 skill., revidert 5 dalar 3 ort 9 skill. Ny skyld mark 8,26 fyrr noko var skilt frå.

Bruk 2. Stølen Flodvikane. Utskilt i 1863 frå bruk 1. Skyld 56 øre. Selt til Knut Eirikson Seim som 1886 selde att til Halle Knutson Mosafinn. Sonen Lars fekk skøyte på bruk 2 saman med bruk 1 i 1924.

Bruk 3. Flodvikane. Utskilt frå bruk 2 i 1889 med skyld 17 øre og selt til Nils M. Skylje. I 1899 er bruk 3 ført saman med bruk 5.

Bruk 4. Narheim. Skilt frå bruk 1 i 1855 med skyld mark 1,04. Olav Eirikson Narheim kjøpte det for 350 spd.

Ivar Sjurson, umtala under husmenn, fekk 1782 løyve til å bu og bruka plasset Narheim i 20 år mot at han plikta seg til å setja husi i lovfør stand og svara noko årleg avgift. Olav Eirikson døydde 1861, 35 år gl., utan etterkomarar. Faren Eirik Olavson selde garden 1862 til Eirik Velomson Tren for 500 spd. Han var f. 1814, g. 1858 m. Steinvor Nilsdr. Skjelde f. 1827 og døydde 1884. Steinvor døydde 1898. Dei fekk borni: Velom f. 1861, Nils f. 1867, Olav f. 1870, g. m. Olina Tobiasdr. Dagestad, snikkar, og Brita f. 1872. Velom gifte seg 1885 m. Brita Mattisdr. Skylje og fekk same år skøyte frå far sin på garden for 1200 kronor. Per Person Småbrekku kjøpte 1889 garden for 2000 kronor. Han var g. m. Brita Kjelsdr. Båe er døde, og deira son Per fekk garden i 1932 på skifte etter foreldri.

Bruk 5. Flodvikane. Utskilt frå bruk 4 i 1862 med skyld 34 øre. Eirik Olavson selde 1867 denne stølsparten til Eirik Mattisson Skylje, som selde att 1889 til Nils Mattisson Skylje. Bruk 5 er 1899 ført saman med bruk 3. Nils har late eigedomane 1932 til sonen Nils saman med bruk 1 Skylje.

Bruk 6. Mosafinn. Klas Larsson fekk, som fyrr fortalt, bruk 6 i 1782. Han var f. 1757, g. 1781 m. Rannveig Andersdr. Nedre Lid f. 1761. Ho døydde 1817 og han 1840, og dei hadde åtte born: Lars f. 1784, Ingjerd f. 1786, g. 1. 1809 m. Eirik Styrkson Seim, 2. 1819 m. Torstein Brynjulvson Liland, budde på Seim, Anders f. 1788, g. 1822 m. Marta Knutsdr. Vestrheim,

--- side 493 ---

Ingebjørg f. 1790, g. 1815 m. Sjur Brynjulvson Liland, husmann, Brita f. 1792, død 1810, Marta f. 1795, g. 1820 m. Nils Olavson Tren, Knut f. 1800 (Amerika) og Anna f. 1803, g. 1827 m. Torstein Olavson Tren.

Lars Klasson fekk 1810 farsgarden og gifte seg 1819 m. Ingjerd Olavsdr. Hornve. Han døydde 1873 og ho 1874. Seks born: Klas f. 1822, Olav f. 1823, død ugift 1881, Anders f. 1827, g. 1. 1860 m. Gunnvor Larsdr. Norekvål, 2. 1870 m. Margreta Torsteinsdr. Saude, budde på Indre Takla, Per f. 1830, kramkar, Rannveig f. 1833, Åmund f. 1836, g. 1869 m. Marta Knutsdr. Fenno, husmann på Takla. Klas fekk farsgarden i 1847 og gifte seg 1857 med Anna Olavsdr. Strømme frå Osterøy. I 1854 selde han garden til Odd Knutson Vinsand, som fekk skøyte skrive på Knut, son sin. Klas var sidan husmann.

Odd Knutson var f. 1811 og g. 1840 m. Sigrid Nilsdr. Sonve f. 1816. Han var paktar på Flatlandsmoen fyrr han kom til Mosafinn. Odd døydde 1884 og Sigrid 1894. Dei hadde borni: Knut f. 1840, Nils f. 1844, g. 1865 m. Guri Larsdr. Mosafinn, Mass f. 1847, g. 1869 m. Jorunn Nilsdr. Saude, var skreddar, Lars f. 1850, Johannes f. 1853, Dønåt f. 1857, g. m. Nils Bårdson Lunde og Mons f. 1860. Knut vart g. m. Sigvor Kjelsdr. Takla f. 1849 og døydde 1893. Dei fekk fem born: Odd f. 1874, død ugift 1899, Sigrid f. 1877, g. 1897 m. Arnfinn Olavson Ukvitno, bur på Hellesnes, Anna f. 1880, Lars f. 1884 og Nils f. 1889, sjå bruk 10. Lars er g. 1908 m. Gyrid Johannesdr. Ystanes f. 1885 og fekk garden i 1910 for 2400 kronor. Han er agronom, har vore med i likningsnemndi, jordstyret, styret for Bulkens Landbrukslag og Bulkens Meieri.

Bruk 6 var fyrr mtrnr. 241 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 5 dalar 3 ort 4 skill., revidert 6 dalar 9 skill. Ny skyld mark 8,85 fyrr noko var skilt frå.

Bruk 7. Flodvikane. Utskilt 1889 frå bruk 6 med skyld 13 øre og selt til Olav Torsteinson Narheim som selde stølen att 1892 saman med bruk 1 Narheim til Lars Torsteinson. Kontorfullmektig Ingebrikt Nesheim fekk 1931 skøyte frå Lars Narheim på bruk 7.

Bruk 8. Bjørndalen (ved Hamlagrøvatnet). Det var husmannsplass under Mosafinn til 1853 då det vart utskilt frå bruk 6 med skyld 22 øre og selt til Rognald og Lars Andersson Nestås for 100 spd. Ivar Olavson, g. m. Ingebjørg Knutsdr., budde der

--- side 494 ---

som husmannsfolk og fekk borni Synneva f. 1772, Knut f. 1776 og Guri f. 1778. Knut vart g. m. Kari Arnesdr., og hadde plasset etter foreldri hans og fekk borni: Ivar f. 1810, Ingebjørg f. 1815, g. 1846 m. Odd Vikingson Eide, Arne f. 1816, Kari f. 1819, g. 1860 m. Anders Person Berge, Guri f. 1824. Kari Arnesdr., døydde 1830, 50 år gl. Det er fortalt at ein av dei gamle i Bjørndalen sa fyreåt kva dag han skulde døy. Gudleik Larsson døydde 1839, 76 år gl. som kårmann. Kona Eli Persdr. døydde 1850, 63 år gl.

Arne budde i Bjørndalen etter foreldri sine til dess han fekk plasset Aodnehajen der kona og borni hans er umtala. Arne hadde kvern i Rasbòregroæ, men flytte henne til Kvednusgroæ i Bjørndalen og sette demme i Demmetjødnæ. Det er fortalt at i Bjørndalen skulde dei leva nokolunde godt i gamle dagar. Dei skulde føda upp til 10 naut, mykje fisk var det i Hamlagrøvatnet og vilt i fjelli. Det dei trong kjøpa, laut dei bera frå Fyksesundet. Ein som budde i Bjørndalen, bar ei tunne korn den vegen. Etter Arne flytte derfrå, vart Bjørndalen brukt til geitehamn, og husi er no nedrotna. No er det smalahamn. Det er fortalt um ein av dei eldste i Bjørndalen at han var umåteleg sterk og at han var drøvtyggjar. Det verste var med sur sild, sa han, då ho kom upp att fleire gonger. Det er og fortalt um dei gamle i Bjørndalen at når dei einkvar gongen kom ned i bygdi, gjekk dei likeins som i fjellet, fyrst mannen, so kona og deretter borni etter alder.

Rognald og Lars Nestås selde 1870 Bjørndalen til Knut Larsson Mosafinn. Enkja etter han, Brita Hallesdr., skøytte 1888 til Knut Oddson Mosafinn. Etter at bruk 11 var fråskilt har enkja etter Knut i 1910 gjeve skøyte til Lars, son sin.

Bruk 9. Narheim. Skilt ut 1899 frå bruk 6. Skyld 1 øre. Per Småbrekku selde det 1900 til W. Konow som selde att til Bergen og Voss kommunar. Eigedomen er 1934 førd saman med bruk 5 på Eide.

Bruk 10. Mosafinn. Utskilt frå bruk 6 i 1907 med skyld 95 øre og selt 1910 til Nils Knutson Mosafinn. Han er f. 1889 og g. m. Eli Johannesdr. Ystanes, Kinsarvik, f. 1898.

Bruk 11. Bjørndalen. Skilt frå bruk 8 i 1907 med skyld 4 øre og selt til Nils Knutson Mosafinn saman med bruk 10.

Bruk 12. Mandelid. Skyld 25 øre. Skilt ut frå bruk 6 i 1912 og selt til Johannes Nilsson Mandelid. Han er g. m. Helena

--- side 495 ---

Magnesdr. Deira son Edvard f. 1904 fekk 1935 skøyte på eigedomen.

Bruk 13. Indre Mosafinn. Utskilt 1928 frå bruk 1 og 2. Maria Hallesdr. Mosafinn er eigar.

Husmenn på Mosafinn.

Olav Olavson f. 1643 var husmann i 1701. Knut Oddson hadde dotteri Marta f. 1739. Nils Godvinson hadde dotteri Brita f. 1747. Olav Ivarson hadde sonen Sjur f. 1749. Knut Nilsson, g. 1727 m. Synneva Andersdr. Gjerme døydde 1772, 70 år gl. og hadde fem born: Anders, g. 1762 m. Sigrid Ivarsdr. Narheim, Nils g. 1764 m. Ingebjørg Larsdr. Lunde, Ragnhild, g. m. Jon Henrikson Vetla Saude, Anna, g. 1. 1762 m. Olav Andersson Rue, 2. 1776 m. Olav Andersson Tysso og Rannveig f. 1737, g. 1775 m. ekm. Eirik Larsson Hovda. Nils var og husmann og hadde sonen Knut f. 1768. Hermund Isakson, g. m. Anna Torsteinsdr., nemnd ovanfor, fekk borni: Marta f. 1776, Brita f. 1777 og Isak f. 1781.

I 1801 var der fire husmenn: a. Ivar Sjurson f. 1751, g. 1. 1781 m. Guro Isaksdr. Mosafinn, 2. 1782 m. Ingebjørg Nilsdr. Seim. Dei fekk borni Nils f. 1782, Sjur f. 1786 og Olav f. 1792. b. Per Josefson f. 1730, g. m. Soffi Olavsdr. f. 1735 som hadde sonen Josef f. 1770, umtala nedanfor og dotteri Marta. Per døydde 1801. c. Magne Rasmusson f. 1765, g. 1785 m. Marta Magnusdr. som døydde 1830, 71 år gl., og Magne døydde 1800. Dei budde på Narheim og hadde borni: Marta f. 1785, Rasmus, husmann på Skjelde, Kari, Olav, husmann på Narheim, Gjertrud, Magne, g. 1832 m. Torbjørg Brynjulvsdr. Eide, husmann på Lunde og Lars f. 1785-1801. Lars var g. 1828 m. Rannveig Bjarnesdr. Ringheim. d. Ivar Olavson f, 1739, g. m. Ingebjørg Knutsdr. som hadde borni: Synneva f. 1772, Knut f. 1776 og Guri f. 1778.

Josef Person, g. 1794 m. Marta Andersdr. Lid, budde på plasset Aodnetveitæ. Foreldri hans har truleg butt der fyrr. Josef og Marta fekk borni Ingjerd f. 1796, død ugift 1879, Per f. 1804 og truleg fleire. Josef døydde 1816. Per gifte seg 1830 m. Anna Olavsdr. Store Hornve og døydde 1875. Anna døydde 1872, 76 år gl. Dei hadde borni: Marta f. 1831, g. 1864 med Lars Kristofferson Rekve, Ragnhild f. 1834, Josef f. 1836, Olav f. 1840, g. 1870 m. Sigrid Jensdr. Dagestad. Han var

--- side 496 ---

skomakar og hadde Aodnetveitplasset på bruk 1. Båe er døde. Josef gifte seg 1864 med Marta Sjursdr. Ukvitno, hadde Aodnetveitplasset på bruk 6 etter foreldri hans og var skomakar. Dei fekk borni: Per, Anna, Ingebjørg, Marta, Josef, Olav, Guri, Anders, Sigrid f. 1865-1891. Lars Klasson f. 1810, g. m. Ingjerd Olavsdr. Hornve, var husmannsfolk etter at dei let garden til Klas son sin.

Sjur Brynjulvson Liland f. 1792 var g. 1. 1815 m. Ingebjørg Klasdr. Mosafinn, 2. 1864 m. Herborg Magnesdr. Kyte. Dei heldt seg fyrst på Narheim, men fekk seinare plass på Øvre Mulen på Mosafinn. Sjur var tolleg god felespelar. Han døydde 1867 og Herborg 1912. Med Ingebjørg fekk han fire born: Marta f. 1816, g. 1845 m. Knut Andersson Dagestad, Klas f. 1818, g. m. Marta Josefsdr. Byrkjo, Rannveig f. 1822, g. 1866 m. ekm. Olav Johannesson Nyre og Olav f. 1828. Klas var skulehaldar i Viki frå 1837-1867, lenge vaksinatør og døydde 1908. To døtter: Magli f. 1840, g. 1. m. Olav Nes, 2. m. Pål Nilsson Lunde og Ingebjørg f. 1845, g. 1864 m. Endre Samsonson Bryn (Amerika).

Olav Mosafinn f. 1828 var skulelærar nokre år, men slutta då prost Münster ikkje likte at han brukte fela so mykje. Seinare dreiv Olav med skreddararbeid. Fyrr han var seks år gamal, tok han til å klunka på fela åt faren og synte slik hug for felespel, men foreldri hans var uhuga på at han skulde læra seg til å spela. Faren spelte difor berre når Olav var ute. Han fann snart på å stå med øyra innåt veggen og lyda når faren spelte. Når han var ute, tok Olav fela og det varde ikkje lenge fyrr Olav spelte fleire av faren sine slåttar. Det vart då til at foreldri let han få spela, og han vart den vidgjetne spelemannen, so mange musikkunnige set han ved sida av Myllarguten. To turar var Olav i Amerika, reiste umkring og heldt konsert. Både i Bergen og på Voss heldt han spelekveldar og spelte um vårane i mange bryllup. Olav var eit sers godt hovud, ordhittig og eit stykke av ein skodespelar. Olav kjøpte seg kår på Saude på sine gamle dagar og døydde 1912. Vossabygdi har reist ein minnestein på gravi hans. Arne Bjørndal har skrive minnebok um han.

Nils Gunnarson f. 1796, g. m. Magli Mikkjelsdr., budde på plasset Nedre Mulen, der ho døydde 1867, 75 år gl. og han 1875. Sidan fekk Klas Torsteinson Seim plasset. Han var f.

--- side 497 ---

1828, g. 1870 m. Margreta Nilsdr. Vele og dreiv ei tid med handel. Seinare var han «staotarekonje», det vil segja at han skulde bringa ut or bygdi utanbygdarar som kom til Viki på tigging. For det fekk Klas noko korn årleg hjå kvar gardbrukar i grendi. Han døydde 1888 og Margreta 1930 og hadde borni: Ingjerd f. 1876 og Nils f. 1879. Anders Knutson Vinsand f. 1820, g. 1847 m. Brita Nilsdr. Mosafinn feste 1848 plasset Selsjerna og budde der til dei reiste til Amerika. Klas Larsson, g. m. Anna, Olavsdr. Saude, fekk dette plasset i 1856, og døydde 1884.

Arne Knutson umtala på Bjørndalen bruk 8 flytte seinare til plasset Aodnehajen. Arne var f. 1816, g. 1. 1841 m. Marta Olavsdr. Nesthus, 2. 1847 m. Rannveig Erlingsdr. Rykke, f. på Veiso 1808. Arne døydde 1898 og Rannveig 1902. Han fekk to born med Marta og tri med Rannveig: Knut f. 1842, Synneva f. 1845, Gjertrud f. 1848, død ugift 1931, Ivar f. 1851 og Kari f. 1853. Kari vart g. 1878 m. Johannes Nilsson Vinsand f. 1842. Dei fekk 1882 plasset etter foreldri hennar. Han var skomakar og døydde 1903 og ho 1918. Torbjørg Magnesdr. feste 1867 eit plass. Anders Bårdson Lunde f. 1860, g. m. Marta Nilsdr. Saude fekk 1888 plasset Hajen og bygde og rudde der. Han var skomakar og dei budde på plasset til dei fekk bruk 3 Lunde.

Elles har vore desse husmenn som eg ikkje veit kva plass dei har havt. Bjarne Larsson død 1825, 78 år gl. Lars Magneson, g. m. Rannveig Jørgensdr., fekk borni: Marta, Rannveig, Kari, Magne og Marta f. 1830-1839. Anders Klasson f. 1788, g. 1822 m. Marta Knutsdr. Vestrheim, er nemnde ovanfor. Han døydde 1866. Dei hadde borni: Klas, Knut, Lars, g. 1857 m. Sigtru Nilsdr. Tesdal, Rannveig, Ingjerd, Eirik, Marta, Brita, Knut f. 1822-1844. Isak Larsson, g. m. Kari Isaksdr., fekk borni: Knut f. 1835 og Ragnhild f. 1839. Eirik Olavson Skjeldal har 1845 fått feste på plass.

Støl.

Det var to mil til støls fortel dei i 1723. Stølen ligg hjå Hamlagrøvatnet og heiter Flodvikane. Smalar og unghestar hamnar dei i Bjørndalen som ligg i nærleiken.

Kvern.

I 1723, 1776 og 1791 var der ei flaumkvern. Seinare har der vore to kvernar til seinare tid. Bruk 6 har sett upp sirkelsag. Klas Milzow hadde sag på Mosafinn då han dreiv med timberhandel.

--- side 498 ---

Offentlege forretningar.

Forretning 1726. Odelssak 1728. Synsforretning 1732. Forretning 1778. Odelssak 1779. Sak med Saude um beiting 1815. Semje 1820 um beiting. Utskifting 1826 på Søteigen. Semje 1837 um beiting og gjerde. Semje 1848 um beiting i Narheimsslåttene. Odelstakst 1857. Utskifting 1885. Merkeskilforretning 1889. Kontrakt 1896 med W. Konow um Torfinno. Kontrakt 1901 med Bergens Skogselskap. Oreigningstakst 1928 vedkomande regulering av Hamlagrøvatnet. Konsesjon 1929 vedkomande regulering av Bergsdalselvi og Torfinno. Utskifting 1929. Bruk 6 har flytt stova si etter utskiftingen.

Bumerke.

Olav 1727 tavle 9 nr. 44. Lars 1755 t. 9 nr. 45, litt brigda på tri måtar 1757, 1759 og 1767. I 1767 teikna han 1 K. Lars Klasson 1779, 1784 teikna 1 K S og eit anna merke i 1781. Isak 1762 t. 9 nr. 46. I 1764 teikna han H med prikk over fyrste striket.

Ymse.

Kongsaokkor'n skal ha fått namnet av at alt kornet som dei fekk der, gjekk med til skatt til kongen. - Namnet Humlagardshaujen syner at der har vore dyrka humle. I haugen er funne ei øks frå Vikingetidi. - Der er fleire gravhaugar. Sume av dei er granska av Bergens Museum.

Segn.

Ei segn fortel at på Mosafinn skal vera nedgrave ein stor skatt av større verd enn heile garden.