252. Narheim.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 583 ---

Gamle skriftformer vantar. Det vert no sagt Nareim2; han búr pao, è tao Nareim, ska tì Nareims. Namnet er samansett med heim. Fyrelekken nar- kunde korna av verbet nara, blåsa kaldt, men er vel heller eit gamalt ord nar- med tyding trong.

Gardane Mosafinn, Saude og Grimastad har frå gamal tid havt eigedomar på Narheim. Der har butt ymse husmenn. Sume av dei er upprekna på vedkomande gard under husmenn. Elles har eg funne melding eller høyrt um etternemnde husmenn: Endre hadde sønene Sjur f. 1704, død 1767, og Mikkjel f. 1709, død 1727. Anders Andersson hadde borni Olav f. 1732, Gjertrud f. 1734, Ragnhild f. 1737 og Torunn f. 1741. Arve hadde borni Anders f. 1741, død 1751 og Gjertrud, g. 1758 m. Sjur Gudleikson Rødland. Eirik Sylfestson f. 1710, død 1787, hadde borni Olav f. 1760, død 1815, Herborg f. 1763, g. 1. 1797 m. Sjur Andersson Røte, 2. m. Lars Larsson og Botolv, g. 1797 m. enkja Kristbjørg Mikkjelsdr. Brunborg. Herborg døydde 1814 og Botolv 1826, 70 år gl., barnlause. Nils Knutson, g. m

--- side 584 ---

Ingebjørg Larsdr., fekk borni Marta, Lars, Anders og Nils f. 1766-1775. Magne Larsson, g. m. Gjertrud Olavsdr., fekk borni Eli f. 1770 og Lars f. 1780. Ivar Olavson, g. m. Ingebjørg Knutsdr., fekk dotteri Gyrid f. 1775.

Ivar Sjurson, g. m. Ingebjørg Nilsdr., leigde 1782 av Lars Klasson og Klas Larsson Mosafinn plass på Narheim i 20 år. Ivar og Ingebjørg fekk borni Sjur f. 1786, Olav f. 1791 og Marta f. 1794. Nils Sjurson, g. m. Brita Bergesdr., fekk sonen Steffa f. 1802. Mikkjel Larsson, g. m. Brita Larsdr., fekk sonen Sjur f. 1805. Sjur Magneson, g. m. Marjo Knutsdr., fekk sonen Olav f. 1805. Mikkjel Larsson, g. m. Brita Larsdr., hadde sonen Torstein f. 1808. Nils Knutson, g. m. Anna Olavsdr., fekk sonen Knut f. 1827. Isak Larsson, g. m. Kari Larsdr., hadde sonen Isak f. 1830.

Olav Magneson f. 1793 var g. 1821 m. Barbrå Eiriksdr. Rykke f. 1783. Lars Magneson f. 1800, g. 1828 m. Rannveig Bjarnesdr. Ringheim døydde 1857. Josef Henrikson Hemre f. 1785, g. 1819 m. Isborg Knutsdr. Hjørnevik, hadde plass på Sauesteigane. Ho døydde 1829, 53½ år gl. og Josef 1826, barnlause. Isborg testamenterte i 1829 arven etter seg til Knut Masson Ukvitno, Hefte, som var uppalen hjå dei. Knut har fortalt at han då gjekk i skinnbrok både sumar og vinter utan underbukse. Når han var ute i snødriv, kom det ofte snø inn på kroppen gjenom hol i broki. Isak Seim, seinare Nyre, hadde sidan dette plasset nokre år.

På Sauesteigane budde og ikring 1830 husmannen Olav Vingeren som med kona si budde under ein stor heller ved Torfinno, no kalla Vingershedler'n. I nærleiken er ei ekre kalla Vingersekra. Olav var ein hardhaus. Han gjekk berrføtt um haustane lenge etter at snøen var komen. Det er fortalt at Olav aldri vanta pengar. Når nokon kom og vilde låna, gjekk han utover Elvateien og kom heim att Moltemyræ og hadde då pengar med seg.

Oleiv Knutson Grimastad fekk 1848 eine plasset Sauesteigane. Han var f. 1809, g. 1845 m. Steinvor Olavsdr. Liland og fekk åtte born: Marta f. 1835, g. 1864 m. Torstein Larsson Skjelde på Dolve, Knut f. 1845, Olav f. 1847, Klas f. 1848, g. m. Berta Styve, Guri f. 1858, Ingebjørg f. 1861, g.m. Nils Helle, Brudvik, Lars f. 1863 og Brynjulv f. 1865, alle i Amerika so nær som Marta, Klas og Ingebjørg. Oleiv var eit godt hovud,

--- side 585 ---

kraftig og spretten. Som døme er m. a. fortalt at som eldre mann hoppa han med ei tunne rug på ryggen og spente seg i enden med føtene. Han dreiv mykje med korgarbeid på sine eldre dagar og var ein meister til å dikta visor, helst smedevisor. I 70-års alderen gjekk han ut som vanleg ein dag, og det var det siste dei såg han. Då Torstein Olavson kjøpte bruk 2, var der ein husmann Anders kalla Surren. Han flytte sidan til eit plass på Saude.


Narheim og Gilbakken
Bilete 72. Narheim og Gilbakken. Fot. R Braaten 1937.

Bruk 1. Narheim. Utskilt 1870 frå gnr. 240 bruk 6 Mosafinn. Skyldi er 2 øre. Fyrr hadde Sjur Brynjulvson Liland på Øvre Mulen, Mosafinn, denne teigen, som endå er kalla Mulateigen, og budde der då borni Marta og Rannveig vart fødde. Olav Torsteinson Narheim fekk skøyte på bruk 1 for 50 spd. Han var f. 1834 på Skjeldal og g. 1858 m. Anna Nilsdr. Tren f. 1830. Båe døydde 1909 barnlause. Halvbroren Lars Torsteinson f. 1873, kjøpte 1892 bruk 1, 2, 4 på Narheim og gnr. 240 bruk 7 Flodvikane for 1800 kronor. Lars er ugift og selde att 1931 til sorenskrivarkontorist Ingebrikt L. Nesheim for 6500 kronor.

Bruk 2. Narheim. Utskilt 1853 frå gnr. 240, bruk 6 Mosafinn. Skyldi er mark 2,09. Torstein Olavson Skjeldal fekk skøyte på

--- side 586 ---

det med part i stølen Flodvikane for 400 spd. Han var f. 1795, g. 1. 1825 m. Rannveig Larsdr. Saude, 2. 1867 m. Kari Johannesdr. Narheim f. 1848. Han fekk med Rannveig sonen Olav f. 1834 og med Kari tri born: Lars f. 1873, Rannveig f. 1876, g. 1903 m. Henrik Erlingson Fære frå Årdal f. 1864, og Torstein f. 1885 som bur på Stord. Torstein Olavson var husmann på Skjeldal fyrr han kom til Narheim. Då han flytte dertil, bar han stovevyrket sitt frå Skjeldal. Torstein var ein drivande mann. Han bygde nye hus og rudde og dyrka mykje. I 1867 let han garden til Olav, son sin, for 200 spd. og døydde 1887. Kari døydde 1922. Bruk 2 har sidan fylgt med bruk 1.

Mtrnr. 243, lnr. 475 a 2 (bruk 3). Narheim. Utskilt 1842 frå gnr. 242 bruk 1 Stora Saude. Skyld 11 øre. Torstein Olavson Narheim kjøpte det 1858 og let det 1867 til Olav, son sin, for 200 spd. Eigedomen vart ført saman med bruk 4.

Bruk 4. Narheim. Utskilt 1858 frå gnr. 242 bruk 1 Stora Saude. Skyld 12 øre. Torstein Olavson fekk 1870 skøyte på det for 200 spd. Det har sidan fylgt med bruk 1.

Bruk 5. Søre Narheim. Utskilt 1882 frå gnr. 242, bruk 4 Stora Saude. Skyld 30 øre. Knut Larsson Gilbakken kjøpte det for 960 kronor. Hamneretten på Hodnaberg som fylgde med, selde Knut 1903 til Klas Knutson Saude på Hellesnes.

Bruk 6. Hansalidi. Skilt frå gnr. 243 bruk 1, Grimastad i 1862. Skyld 11 øre. Lars Nilsson Gilbakken kjøpte det for 100 spd., og det har sidan fylgt med Gilbakken.

Bruk 7. Hansalidi. Utskilt 1862 frå gnr. 243, bruk 3, Grimastad. Skyld 11 øre. Lars N. Gilbakken kjøpte det for 100 spd. Det har fylgt med Gilbakken sidan.

Bruk 8. Torfinno. Skilt ut 1899 frå bruk 4 med skyld 2 øre og selt til W. Konow som 1920 selde det til Bergen og Voss kommunar. Det er ført saman med bruk 5 Eide.

Bruk 9. Torfinno. Utskilt frå bruk 1 i 1899 utan skyld. Elles som bruk 8.

Bruk 10. Saueslidi. Utskilt 1934 frå bruk 5 med skyld 8 øre og selt til Torstein P. Skjelde.

Folketalet på Narheim var 10 i 1865 og 2 i 1920.

I 1865 avla Torstein Olavson 15 tunnor korn, 8 tunnor potetor og fødde 1 hest, 16 storfe og 28 småfe. Heri er ikkje medrekna Sauesteigane. Onnor uppgåve for 1865 har eg ikkje

--- side 587 ---

funne. Ved uppteljingi 1918 var der 4,7 mål åker, 46 mål natureng, og dei fødde 3 hestar, 13 storfe og 11 småfe.

Støl.

Stølen er på Flodvikane ved Hamlagrøvatnet. Stølsretten som bruk 4 av Mosafinn hadde, høyrer no til Skylje, og det er no utan støl. Narheim og Skylje kjøpte 1889 eit tillegg til stølsretten på Flodvikane og eig no kvar ikring ein femtepart i Flodvikane. Med Sauesteigane fylgde stølsrett på Hodnaberg for 4 kyr og 12 smalar.

Kvern.

Kvern hadde Torstein og Eirik i Kvednagroæ som kjem or Brùkatjødni. Olav flytte kverni ut i Torfinno. Kvernane er no burte for lenge sidan.

Offentlege forretningar.

Kontrakt 1896 med W. Konow um Torfinno. Utskifting 1910 av innmarki og av Sauesliæ. Oreigningstakst 1928 vedkomande regulering av Hamlagrøvatnet. Konsesjon 1928 vedkomande same regulering. Overskyn 1928 vedkomande regulering av Torfinno. Bruk 4 av Mosafinn flytte husi sine etter utskiftingen 1910.

Bumerke.

Nils Knutson 1766, 1779 tavle 9 nr. 75.

Ymse.

På Narheim er nokre gravhaugar.