82. Nedkvitno.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 474 ---

Namnet vert i 1563 skrive Nerequittne. Det vert no sagt Nékvìtnó2 eller Nékvitt'n2; han búr pao, è tao Nékvìtnó eller Nékvìtt'n, ska tì Nékvìtna eller Nékvìss, sms. Nékvìssgróè. Namnet er samansett av niðr (ned) og eit ukjent ord kvipn(?).

Nedkvitno er i 1661 ført upp som halv gard med 2 laup i skyld og ein brukar. Elles er berre sagt at der var brennefang. I 1723 var det same skyldi, men to brukarar. Der var då lite skog til husvøling, men ved til eige bruk. Det var god fórgard, men kornavlingi var det ymist med. Skyldi var i 1777 2 laup 18 mark, som i 1838 vart umskrivi til 7 dalar 1 ort 4 skill. Då var det skog til eige bruk og noko furuskog til sal, humlagard og eit lite vassfall. Samanlikningstalet var 1090.

Matrikkelen 1865 har ført upp 29,5 mål åker, 4,5 mål dyrka eng, 40,5 mål god 49,5 mål medels natureng og 125 mål skrapebø. Hamnegangen var ring. Skog til husbruk. Bruk 1 kunde selja timber for 18 spd. årleg og bruk 2 for 14 spd. Garden var medels lettvinn. Bruk 1 var dyrka som vanleg og bruk 2 betre enn vanleg. I 1918 var der 29,5 mål open åker, 31,5 mål kunsteng og 37,5 mål natureng.

På Nedkvitno var det 21 menneske i 1801, 26 i 1865 og 60 i 1920. Det er arbeidet på helleberget sidan 1890-åri som gjer den store auken.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedkvitno.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 26 16
1723 2 22 24 15
1865 2 27 61 61 66
1918 6 22 41

Sjur budde på Nedkvitno i 1521 og betalte 7½ lodd sylv i skatt og breffbrot. Oluf var brukar av 2 laup i 1563 og 1567. Nils betalte tridje års bygsel i 1597 for 2 laup som stiftet og kruna åtte, med 2½ mark 3 skill. Greb er ofte ført upp som leiglending 1603-1616 og betalte i 1610, 1613 og 1616 tridje års bygsel for 2 laup. Sidan er Baste Tommeson skriven som leiglending 1621-1629 på 2 laup. Leidangsboki 1624 melder at

--- side 475 ---

leidangen var 1 spann smør og 1 bukkskinn. Torgeir Nilsson, g. m. Barbrå er nemnd fleire gonger som leiglending 1635-1645. Dei hadde dotteri Asgjerd.

Hannibal Sehested fekk kongeskøyte 1649 på leidangen 1 spann smør av Apostelgodset i Nedkvitno. Sehested åtte 1650 2 laup som han hadde fått ved makebyte med kongen. På denne eigedomen var det 14 mark smør og 1 geitskinn i leidang, 2 dalar i skatt, ½ dalar i fornødspengar, ½ dalar i arbeidspengar og ½ dalar 16 skill. i avgift til jordeigaren. Torgeir var leiglen-


Bilete 55. Nedkvitno. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 55. Nedkvitno. Fot. P. Braaten 1935.

ding. Sehested laut i 1651 lata eigedomen att til kongen, som i 1657 selde att til Gabriel Marselis. Skattemanntalet 1657 har ført upp 2 laup som Finnegods i Nedkvitno. Laurits Grevson var brukar 1661 og er fleire gonger nemnd som lagrettemann 1655-1659. I 1664 og 1670 var det to brukarar: Lars og Olav Larsson.

Skyldi er 1680 og seinare 2 laup 18 mark. Klas Miltzow åtte då og i 1691 2 laup. Mikkjel og Bård brukte kvar sin halvpart av garden i 1691 og Mikkjel hadde alt i 1695. Då var Ingjerd Miltzow eigar av 2 laup. Anders Larsson f. 1649 og Bård Magneson var leiglendingar i 1701. Bård var f. 1645, g. 2. med

--- side 476 ---

Gudve Gitlesdr. og døydde 1739. Med fyrste kona hadde han fire born: Brita g. 1713 med ekm. Styrk Olavson Haugo, Ingebjørg, g. m. Olav Kyte, Ragnhild g. 1729 med Ivar Andersson Svanga, skriven for Graudo i 1739, Gudve f. 1703, g. 1743 med ekm. Hav Nedre Vinjo.

Torbjørn Mikkjelson f. 1685, var g. m. Jorunn Arnvedsdr. og døydde 1746. Han bygsla i 1781 1 laup, og kjøpte både denne laup og 1 laup til i 1707. Ved skifte 1746 åtte han dessutan ½ mark smør og ½ hud i Osa. Fem born: Arnved g. 1735 med Mari Helgesdr. Mølsterteigen, Mikkjel f. 1712, død 1751, Ivar f. 1721, sinnssjuk, Olav f. 1727, Marta, g. 1738 med Knut Vikingson Ygre.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Nedkvitno. Jorunn Arnvedsdr. vart attgift 1752 med Botolv Davidson Midtun. Jorunn døydde 1760, og Botolv gifte seg andre gongen 1761 med trimenningen sin Kristi Arnesdr. Rene. Han fekk ved skifte etter Jorunn i 1760 1 laup i Nedkvitno og hadde 1759 fått kongeskøyte på løysningsretten til 1 laup for 40 rd. Kongen hadde selt jordgodset i 1657 til Gabriel Marselis. Botolv hadde to born med Kristi: Jorunn f. 1764, g. 1784 med Viking Vikingson Store Røte, Nedkvitno, Ingebjørg f. 1766. Botolv døydde 1774, 60 år gl. Ho Kristi gifte seg att 1775 med Eirik Helgeson Olde. Han fekk skøyte i 1775 på 1 laup og let att ½ laup i 1784 og ½ laup i 1789 til Viking Vikingson. Viking var f. 1760, g. m. Jorunn Botolvsdr. og døydde 1821. Sju born: Guri f. 1785, g. 1824 med Hermund Gudleikson Fagnastølen, Botolv f. 1786, Kristi f. 1790, g. 1824 med Olav Knutson Ukvitno, Knut f. 1794, Viking f. 1800, g. 1839 med enkja Ingjerd Davids-dotter Hylle, Brita f. 1804, g. 1840 med Torbjørn Eilivson Løkjo, Eirik f. 1806, g. 1837 med Kristi Knutsdr. Bokkatun.

Botolv Vikingson f. 1786 fekk garden i 1809. Han var med i krigen mot Sverike og døydde på eit militærsjukehus på Austlandet 1814. Broren Knut Vikingson fekk garden i 1820 for 600 spd. Knut var f. 1794, g. 1823 med enkja Ingjerd Davidsdr. Hylle og døydde 1837. Han bleiv i Vangsvatnet der han dreiv med timberflåting. Ved skifte etter han i 1839 var garden taksta 505 spd. og skogen 80 spd. Fem born: Jorunn f. 1825, Viking f. 1827, Brita f. 1829, g. 1849 med Olav Nilsson Ukvitno, Anders f. 1832, Kristi f. 1834. Viking fekk halve

garden ved skifte i 1839 etter far sin. Han døydde 1839, og i 1840 fekk broren Anders Knutson garden. Han var f. 1831, g. 1864 med Magli Olavsdr. Knapskog og døydde 1905. Ni born: Ingjerd f. 1865, g. 1890 med Aslak Torsteinson Helleve, Knut f. 1866, Maria f. 1869, g. 1894 med Svein Nilsson Ukvitno, Brita f. 1871, Olav f. 1872, Kristi f. 1873, Marta f. 1876 g. 1896 med Askjel Olavson Bryn, Ingebjørg f. 1878, Anna f. 1880. Brita, Olav, Kristi og Ingebjørg døydde ugifte. Knut Andersson gifte seg 1893 med Brita Jonsdr. Dukstad og fekk garden i 1905 for 6000 kronor. Sonen Anders fekk garden for 2000 kronor i 1928. Han er f. 1894 og g. m. Sigrid Arnvedsdr. Dolve.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 82, lnr. 162 med gamal skyld 1 laup 9 mark, urevidert 3 dalar 3 ort 6 skill., revidert 3 dalar 3 ort 21 skill. Ny skyld mark 5,49 etter at bruk 5 er skilt frå.

Bruk 2. Nedkvitno. Arnved Torbjørnson, g. m. Mari Mølsterteigen, nemnd ovanfor, fekk ved arv og kjøp i 1746 og 1747 2 pund 8 mark i Nedkvitno. Han fekk kongeskøyte i 1759 på løysningsretten til 1 laup for 40 rd. Kongen hadde selt jordgodset i 1657 til Gabriel Marselis. Arnved selde eigedomen i 1760 til Lars Andersson, som samstundes kjøpte 16 mark av Ivar Torbjørnson. Det hadde han ervt etter far sin. Lars åtte då 1 laup. Han var g. m. Gjertrud Tormodsdr. og døydde 1783, 69¾ år gl. Ei dotter Gunnhild var g. m. Anders Knutson Grovu. Kristoffer Larsson kjøpte bruket i 1774. Han var g. 1772 med enkja Kari Andersdr. Øvre Kyte og døydde 1779, 31 år gl. Ho vart gift tridje gongen 1783 med ekm. Henrik Styrkson Rykke, som var f. 1720 og døydde 1793. Han kjøpte bruket i 1782. Med fyrste kona si hadde han seks born, førde upp ved skifte 1793: Mikkjel Tren, Aslak Jernes, Lars, Olav, Marta, g. m. Nils Nilsson Øvre Rykke, Ragnhild g. m. Arnfinn Andersson Øvre Rykke.

Lars Henrikson f. 1756, g. 1787 med Kari Andersdr. Kyte, fekk garden hjå far sin i 1791. Han døydde 1833 og hadde fem born: Kari f. 1787, g. 1815 med Torgeir Bjarneson Røte, Marta f. 1790, g. 1. 1815 med Eirik Bjarneson Røte, 2. 1817 med Herlaug Aslakson Flatekvål, Ingebjørg f. 1793, Gjertrud f. 1801, g. m. Knut Knutson Tungeteigen, Ragnhild f. 1805, g. 1837 med Olav Knutson Bokkatun. Ho Kari og Torgeir fekk garden hjå far hennar i 1815, men bytte med Eirik Eirikson Røte uti gard på Røte i 1817.

--- side 478 ---

Eirik var f. 1816, g. 1843 med Ingjerd Nilsdr. Fitjo. Han selde garden i 1849 til Mons Johannesson, Dale i Bruvik, for 1100 spd. og reiste til Amerika. Mons var f. 1814, g. m. Marjo Halldorsdr. og døydde 1862. Tri born: Johannes f. 1837, Halldor f. 1841, død ugift 1875, skulelærar, Jon f. 1846, g. 1876 med Marta Persdr. Vinjo, gardmann på Nedre Graudo. Johannes gifte seg 1. 1871 med Marta Larsdr. Skiple, 2. 1890 med Marta Olavsdr. Skiple og fekk garden i 1869 for 450 spd. Han døydde 1922 utan etterkomarar. Brorsonen Per Jonson Graudo fekk garden i 1905 for 3600 kronor. Han var f. 1881, g. 1908 med Johanna Larsdr. Flatekvål og er død.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 82, lnr. 163 med gamal skyld 1 laup 9 mark, urevidert 3 dalar 2 ort 22 skill., revidert 3 dalar 3 ort 1 skill. Ny skyld mark 5,26.

Bruk 3. Vele. Skyld 56 øre. Skilt frå bruk 2 i 1926 og skøytt 1927 til Lars Olavson Bokkatun. Han hadde sidan 1887 havt eigedomen som husmannsplass.

Bruk 4. Nedkvitno skule. Skyld 40 øre. Utskilt frå bruk 2 i 1929. Eigar Voss herad.

Bruk 5. Nedkvitnaflåten. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 1 i 1930. Eigar Knut A. Nedkvitno.

Husmenn på Nedkvitno.

Sjur Sjurson f. 1645 var husmann i 1701 og hadde sønene Ivar f. 1688 og Lars f. 1692. Lars Ivarson f. 1720 budde der 1762. Svein Rikolvson, g. m. Brita Oddsdr. fekk sonen Ivar i 1781. Eirik Halldorson, g. m. Ågota Kolbeinsdr. budde der i 1790-åri. I 1801 var det to husmenn: Lars Halleson f. 1717, g. m. Ågota Atlesdr., døydde 1803, og hadde då sønene Halle på Gjerstad og Anders på Hefte, Olav Knutson f. 1741, g. m. Gjertrud Larsdr. som hadde sonen Ivar f. 1794. Lars Nilsson, g. m. Guri Steffadr. hadde borni: Magli f. 1846, Anna f. 1850 og Steffa f. 1857. Anders Larsson, g. m. Ingebjørg Monsdr. fekk sonen Lars i 1863.

I 1865 var der tri husmenn: Tormod Ivarson Lekve f. 1822 i Ulvik, g. m. Ragnhild Torsteinsdr. Dei budde på eine Velesplasset. Seinare har dei havt plass på Norheim. Dei hadde borni Ivar f. 1857, Kristi f. 1864 og Ragnhild f. 1868, Lars Johannesson f. 1797 på Vetle Ringheim, død 1889, g. m. Brita

--- side 479 ---

Andersdr. Dei rudde plasset Kronæ og hadde det frå 1835-1888. Sidan har der ikkje butt nokon. Han var ofte kalla Gjertru-Las og var i lenger tid «staotar». Staotaren skulde jaga fantafolk og urettkomne tiggarar or grendi. For dette fekk han som løn ei kanne korn hjå kvar gardbrukar. Ein staotar var det då i Mønsgrendi og ein i Hornveshagen. Dei hadde som merke ei massingplate i hua med løve og krune på. Lars skulde vera både sprek og kraftig. Han hadde seks born: Anders f. 1835, Ingjerd f. 1838, Gjertrud f. 1842, Johannes f. 1845, Maria f. 1848 og Ingebjørg f. 1851. Herlaug Aslakson, som budde på Velesplasset, var fødd 1796 på Flatekvål, g. 1. 1817 med enkja Marta Larsdr. Nedkvitno, 2. 1850 med enkja Kari Vikingsdr. Mølster og døydde 1889. Herlaug var sume tider talsmann og kjømeister. Lars Andersson, g. m. Anna Ingebriktsdr. hadde borni Brita f. 1870 og Anders f. 1873. På Velesplasset bur no hellearbeidar Per Johannesson Tøn f. 1867, g. 1885 med Kari Jonsdr. Høyland. Det andre plasset der er no bruk 3.

Støl.

Stølen var 1 mil frå garden er det skrive i 1723. Det var vel Helgaset på Langedalen, den same stølen som dei no har. Kvern er ikkje umtala i 1723, men i 1776 var der to. Den eine var rivi ikr. 1928, den andre står enno, men vert ikkje brukt.

Ymse.

Hellebrot har vore drive på Nedkvitno sidan i 1890-åri. I mars 1929 var det lauseld på Nedkvitno. Stove, loft og flor brann på bruk 1 og stove og loft på bruk 2. Mesteparten av innbuet, mat og klæde gjekk med. To gonger fyrr har det vore lauseld på Nedkvitno.

Offentlege forretningar.

Steiningsforretning var halde i 1798. Godviljug utskifting på Helgaset i 1827. Bruk 2 hadde merkeskilsforretning med Alland på Stølen Helgaset i 1857 og bruk 1 semje med Norheim um merki i 1900.

Bumerke på Nedkvitno.

Torbjørn 1713-1741 tavle 4 nr. 70. Bård 1715 t. 4 nr. 71. Arnved 1748 t. 4 nr. 72. Lars 1761 t. 4 nr. 73. I 1770 har han snutt upp ned på merket med eit loddbeint strek under. Lars Andersson teikna i 1776 t. 4 nr. 73 med loddbeint strek over og ein runding på toppen av det. Eirik 1780 t. 4. nr. 74.