80. Nesheim.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 462 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Nesheimi. Det vert no sagt Nèseim2; han búr pao, è tao Nèseim, ska tì Nèseims. Namnet er samansett av eit nes og heim, gn. form Nesheimr.

Nesheim var halv gard i 1661 med 2 laup i skyld og ein brukar. Der var timber- og vedaskog til husbruk. Skyldi var likeins i 1723, men det var då to brukarar, skog til husvøling og til brensel. Garden var årvand, noko tungvinn og hadde humlagard. Skyldi var 2 laup 1 pund i 1777 og vart i 1838 umskrivi til 5 dalar 4 ort 20 skill. God humlagard, fure- og vedaskog til eige bruk var der då og. Likeins noko skog til sal.

Matrikkelen 1865 melder at der var 16¾ mål åker, 1 mål

--- side 463 ---

dyrka eng, 36 mål god, 68 mål medels natureng og 18 mål skrapebø. Vårhamni var ring, og sumarhamn var der ikkje. Skog til eige bruk og timber til sal for 18 spd. og ved for 2 spd. årleg. Garden var sers lettvinn og dyrka som vanleg. I 1918 var det 21 mål open åker, 19,5 mål kunsteng og 23,5 mål natureng.

På Nesheim budde 21 menneske i 1801, 17 i 1865 og 23 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nesheim.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 15 21
1723 2 22 24 14
1865 2 20 48 43 31
1918 4 18 89

Bruk 1. Nesheim. Garden har vore einbølt heilt til 1908 då bruk 2 vart skilt frå.

Evanger prestebol åtte 1 spann i Nesheim er det fortalt i Bjørgynjar Kalfskinn. Stenn budde der i 1521 og betalte 2 mark i skatt og 2 mark og 6 lodd sylv i breffbrot. Torfinn og Mons Hallesøner stadfester i 1563 (i brev DN. X. nr. 761) eit makebyte som far deira, Halle Monsson, har gjort med Per, bror sin, og då fått m. a. 8 mmb. i Nesheim. Arnbjørn Guttormson budde på Nesheim i 1563 og er umtala på Fletre. I 1578 er upplyst at han var død. Som på Hefte er upplyst i 1563, hadde Heftesmannen rett til fritt hestatjor på øydegarden Einhelleren, fri nausttuft til båten sin og eit notkast i «Diuffuicken» på øydegarden. Einhelleren er ved Nesheimsvikjæ.

Mons var leiglending 1603, 1614 og 1621, og Oluf i 1611. Han vart 1614 utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Styrk Møn åtte 1 laup i Nesheim i 1621 og Ivar Nyre og syster hans ½ laup. Pål var då leiglending saman med Mons. Alv tente der for halv løn. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 15 mark smør og 1 bukkskinn. I 1635 var ei enkje leiglending på 2 laup. Henrik var leiglending då og i 1640.

Nils Knutson, g. fyre 1645 med Guri Knutsdr. budde på Nesheim 1645 og åtte garden som då var på 2 laup. David Møn åtte noko i han 1652 og 1655. Ho Guri var sonedotter åt Styrk Møn, (sjå Tvildeætti av L. Kindem), og var g. 2. m. Lars Hall-

--- side 464 ---

dorson. Han var brukar 1659-1670 og visstnok lenger, og åtte Nesheim. Nils og Guri hadde sonen Knut f. 1646. I 1671 var han stemnd for slagsmål i ei gravferd på En og vart dømd til 2 rd. i bot og ½ rd. i sakskostnad. Skyldi er i 1691 og 1695 førd upp med 2 laup 1 pund. Endre åtte 1691 1 laup 1 pund og Jon 1 laup. Dei brukte kvar sitt. I 1695 åtte Endre 1 laup 33 mark og Hallkatla Hommedal 39 mark. Ho var enkje etter Torkjel Jonson, døydde på Nesheim 1701 og hadde fire born.

Endre Knutson f. 1662 var brukar av heile garden 1695,


Bilete 53. Nesheim. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 53. Nesheim. Fot. P. Braaten 1935.

1701 og 1715. Styrk Leiddal åtte 2 laup i Nesheim i 1714 og 1723. I 1723 var det to brukarar: Endre og Nils Styrkson. Endre døydde i 1728. Av borni hans veit me um: Eirik, g. 1734 med Brita Olavsdr. Løno, Rannveig, g. 1713 med Godvin Jørgenson Tvinno. Nils Styrkson f. 1700, g. 1721 med Gudve Knutsdr., døydde 1752. Han var son åt Styrk Knutson Leiddal og Sigvor Andersdr. Nils åtte 1 laup 42 mark i Nesheim etter skøyte 1722 og skiftebrev 1735. Dei var barnlause, og brorson hans Nils, Steffa Knutson Leiddal, fekk i 1753 skøyte frå ervingane etter Nils på 1 laup 32 mark og i 1768 frå Gudve på 40 mark, altso tilsaman 2 laup. Steffa var f. 1730, g. 1754 med Ragna Brynjulvsdr. Øvre Lemme og døydde 1796. Fire born:

--- side 465 ---

Nils f. 1756, Sigvor f. 1758, død 1792, Ivar f. 1762, død 1841, Ingebjørg f. 1766.

Nils Steffason f. 1756, g. 1786 med Gjertrud Åmundsdr. Hefte, døydde 1834. Han fekk skøyte frå far sin i 1776 på 1 laup, i 1785 på 1 laup og åtte i 1796 heile Nesheim 2 laup 1 pund. Ni born: Åmund f. 1788, var med i krigen mot Sverike og døydde 1814 på eit militærsjukehus, Steffa f. 1790, Anders f. 1792, død ugift, Lars f. 1792, død ugift 1880, Nils f. 1794, død ugift 1873, Gjertrud f. 1787, g. 1819 med Brynjulv Ivarson Lemme, Synneva f. 1797, død 1807, Sigvor f. 1800, g. 1835 med Eirik Ivarson Lemme, Styrk f. 1805, g. 1836 med Synneva Bårdsdr. En, paktarfolk ymse stader. Lars dreiv mykje med grøfting i sumartidi og med å binda tægjer um vintrane. Han skreiv ei mengd bøker med frakturskrift. Det var serleg amerikabrev, visor og songar, men og ymist anna han skreiv av. Lars var god songar og kunde utor mange songar og visor. Han budde på Lemme i sine eldre dagar.

Steffa. Nilsson f. 1790, g. 1819 med Gjertrud Ivarsdr. Lemme, døydde 1868. Han fekk garden i 1825. Fem born: Nils d. e. f. 1823, Ivar f. 1828, sjå bruk 2 Grjotland, Nils d. y. f. 1836, Amerika, Åmund f. 1834, død ugift 1906, Gjertrud f. 1821, g. m. Magnus Tveito, Amerika. Ivar har skrive, frakturt og teikna ei bok og Åmund har skrive ei visebok. Båe bøkene er i museet på Mølster.

Nils Steffason d. e. f. 1823, g. 1855 med Ingjerd Andersdr. Leiddal, døydde 1899. Ho Ingjerd reiste til Amerika. Nils fekk garden i 1855 for 900 spd. Nils var ihuga til å lesa, heldt blad og kjøpte bøker. To born: Gjertrud f. 1857 og Ingebjørg. Ho Ingebjørg var f. 1860, og gifte seg 1880 med Olav Brynjulvson Løno, sjå bruk 2 Vestre Løno. Gjertrud gifte seg i Amerika med Olav Person Vinjo, Tkb. f. 1854. Dei kom heim att og budde på Nesheim. Deira son Nils, f. 1878 fekk i 1890 garden hjå bestefaren for 4000 kronor. Nils, som var ugift, bleiv 1901 i Vetlavatnet. Torstein Knutson Lirhus kjøpte garden i 1902 for 15 615 kronor, hogde mykje av timberskogen og selde garden i 1909 til Nils Olavson Giljarhus for 11 500 kronor. Han var f. 1852 på Saude i Borstr. g. m. Gudve Gitlesdr. Rokne og er død. Deira son Johannes f. 1886 fekk skøyte frå skifteretten i 1932 på garden med stølen Mulen (gardsnr. 76 bruk 13 på Vossastr.) og stallrett på Vangen for tilsaman 24 366 kronor.

--- side 466 ---

Nesheim var fyrr mtrnr. 80, lnr. 159 med gamal skyld 2 laup 1 pund, urevidert 5 dalar 4 ort 20 skill., revidert 5 dalar 4 ort 14 skill. Ny skyld mark 7,99 etter at bruk 4 er skilt frå.

Bruk 2. Nedrestølen. Skyld 3 øre. Skilt frå bruk 1 og selt til Arnfinn Larsson Alland i 1908. Sjå bruk 6 Ukvitno.

Bruk 3. Nesheim. Skyld mark 4,29. Skilt frå bruk 1 i 1931. Eigar: Johannes N. Giljarhus. I 1932 er det ført saman att med bruk 1.

Bruk 4. Nesheim. Skyld 60 øre. Skilt frå bruk 1 i 1932. Eigar Nils O. Nesheim. Skøytt 1932 til sonesonen, Nils Olavson Nesheim.

Husmenn.

Gunnar budde der i slutten av 1600-talet og hadde sonen Arne f. 1687. Lars Olavson f. 1761, g. m. Ingerid Larsdr. hadde plass frå ikr. 1790. Han døydde 1815 og ho 1837. 4 born: Olav f. 1791, Lars f. 1795, død som husmann på Nesheim 1851, Anders f. 1799, g. 1832 med Mari Andersdr. Nedkvitno, Marta f. 1803, g. 1841 med Anders Gudleikson Hylle. Aslak Jonson g. m. Sisselja Persdr. fekk medan dei hadde plass på Nesheim sonen Jon i 1839 og dotteri Anna i 1843. Mons Brynjulvson f. 1797 døydde som ekm. og husmann i 1879. Svein Knutson Ukvitno f. 1844, g. 1866 med Marta Styrksdr. En døydde 1927 som husmann på Nesheim. Born: Knut f. 1866, Sigvor f. 1868, Synneva f. 1871 og Sigrid f. 1876.

Støl.

Støl hadde ikkje Nesheim i 1723 eller i 1838. No har dei støl på Mulen på Brekkedalen. Kvern er ikkje umtala i 1723, men i 1776 var der ei. Nesheim har no kvernhus i grovi på Grjotland. Det skal vera bygt ikring 1811.

Ymse.

Eldhuset på garden har årstalet 1688 og har røykomn, truleg den einaste som no er att på Voss. Stova har halvlem og jarnbjelke tvers ovar med to jarnringar. Over døri står: «Bygd 1835 SNSN». Loftet er 6,25 x 6,25 m. innvendes med fire faste sengjer på eine sida. Løbygningen er bygd i 1797 og var då den største på Voss og eit storverk for si tid. Under heile løda er svær mur, fint uppmurt av stor stein til fjos. På ein av steinane er innhogge: «Anno 1797 NSSN». På Nesheim er to gravhaugar. Det har vore grave i den eine, men ein veit ikkje um at der er funne noko. Ei segn fortel at på Nesheim skal ha butt ein mann som heitte Bjørn herse.

--- side 467 ---

Bumerke på Nesheim.

Lars 1726 tavle 4 nr. 66. Nils 1740 og Steffa 1766-1778 t. 4 nr. 59. Seglet åt Steffa Knutson i 1788 t. 4 nr. 67.