248. Nestås.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 561 ---

Namnet vert i 1500-talet skrive Nestaas. Det vert no sagt Néstaos2; han búr pao, è tao, ska tì Néstaos. Den gn. formi har vore Nezt(i)áss, samansett av gn. neztr og áss m.: «nedste åsen».

Matrikkelen i 1661 melder um Nestås at skyldi var 1 laup 1 spann, og at der var ein brukar, litt fureskog og brennefang. Likeins var det 1723 med det brigde at der då var skog til


Nestås
Bilete 69. Nestås. Målarstykke av Nils Bjørgum.

husbruk og turvande brensel. Humlagarden var til liten nytte av di det var for kaldt. Garden var tungbrukt, og jordi var misleg for kornavl. Skyldi er førd upp med 1 laup 27 mark i 1777, som 1838 er umskrivi til 5 dalar 1 ort 12 skill. Samanlikningstalet var 800. Der var fureskog jamvel til sal og turvande vedaskog.

Matrikkelen i 1865 fører upp 16 mål åker, ½ mål dyrka eng, 29½ mål god, 14½ mål medels natureng og 29 mål skrapebø. 6 mål høvde til å dyrka. Sumarhamni var medels, men vårhamni var ring. Skog til husbruk og timber kunde seljast for 2½ spd. årleg på kvart bruk. Garden var medels tungbrukt. Bruk 1 var dyrka som vanleg, men bruk 2 var mindre godt dyrka.

--- side 562 ---

Ved uppteljingi 1918 var der 26½ mål åker, 28 mål kunsteng og 15,3 mål natureng.

Der budde 12 menneske i 1801, 18 i 1865 og 20 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nestås.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   9   15          
1723 1   11   12   10 ½ 33  
1865 2   18   44   39      
1918 5   14   34          

Asbjørn heitte mannen som budde på Nestås i 1563. I brev utferda 1585 på Voss av lensmann Mikkjel Tvilde og fem lagrettemenn er umtala eit skifte. Eirik Andersson hadde ervt både mor si som døydde fyrst, og sidan far sin. Eirik hadde vidare ervt bror sin som bleiv utanfor «Vike Fet», og ei syster som døydde barnlaus på Nestås. Det gjeld jordgods på Istad, «Mule» og Tvilde. Torkjel er skriven som leiglending fleire gonger 1611-1635. Han vart 1614 utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Jon Hause, Granvin, åtte 1615 8 merker smør og 1½ mæle korn på Nestås.

Torgeir åtte 1621 2 spann på Nestås og «Hyrdingen», og Sjur Seim 2 pund på Nestås og Stora Rokne. Leidangen var etter leidangsboki 1624 ½ pund smør og 1 geitskinn. Eirik Rasmusson, g. m. Brita er ofte ført upp som leiglending 1640- 1664 og har truleg vore der lenger. I 1664 er ført upp sonen Mikkjel f. 1652. I 1645 hadde Eirik tenestgjenta Sigrid. Skyldi var 1652 og 1659 1 laup 1 spann. Kirsten Ofue Vogensen åtte 1652 og 1655 1 laup og Jon Hafstad eit spann. Melchior var tenestedreng i 1655. Tomas Gilbertson var eigar av 1 laup 1659 og 1661 og Jon Hafstad av 1 spann i 1659. Det var bondegods i 1661.

Anders Garmann åtte 1676 og 1680 1 laup og Klas Miltzow 1 spann i 1676. Han åtte 1½ spann i 1691 og Gjert Miltzow 1 laup. I 1695 åtte Lars Miltzow 21 mark og Henrik Miltzow 1 laup. Han er skriven som eigar av heile garden 1 laup 18 mark i 1714 og 1723. Mikkjel var leiglending 1691, ei enkje i 1695 og Rognald 1701. Lars Olavson bygsla 1709 1 laup. Han var g. m.

--- side 563 ---

Ragnhild Hermundsdr. Ho vart gift andre gongen 1710 med Knut Gusskalkson Kinne, som då vart leiglending. Han døydde 1740, 61 år gl., og Ragnhild 1749, 90 år gl., barnlause. Olav Knutson Ringheim selde 1733 garden til David Nilsson Stora Saude. Olav hadde kjøpt garden i 1725 av Henrik Miltzow.

Rognald Rognaldson Nestås kjøpte 1734 av David. Rognald var truleg g. m. Gjertrud Knutsdr. Båe døydde 1767, 69 år gamle. Ved ein odelsforretning på Lunde i 1739 var Rognald verje for Nils Mølster. Rognald og Gjertrud hadde fire born: Dønåt f. 1734, Ragnhild f. 1738, Gjertrud f. 1739, g. 1759 m. Knut Gusskalkson Vestrheim, og Knut f. 1743, død 1772. Rognald fekk 1758 og 1762 skøyte frå far sin på garden, kvar gong halvparten. Rognald gifte seg 1759 m. Gjertrud Torbjørnsdr. Seve. Ho døydde 1801, 60 år gl. og han 1806, 75 år gl. Dei hadde sju born: Ingjerd f. 1763, g. 1805 m. Anders Brynjulvson Skjerveggen, Rognald f. 1765, Olav f. 1770, husmann, Torbjørn f. 1771, død 1815, Mass f. 1775, g. 1. m. Helga Knutsdr. Hjørnevik, 2. 1823 m. Johanna Jonsdr. Dagestad umtala som husmann på Ukvitno, Rp., Anders f. 1778 og Gudve f. 1783. Ved skifte 1801 etter Gjertrud hadde dei halve garden som vart verdsett 300 rd. Bruttomidelen var 485 rd. Sonen Rognald hadde i 1788 fått halve garden som vart bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Nestås. Anders Rognaldson f. 1778 fekk 1801 skøyte frå far sin på halvparten av garden som vart brak 1, Han gifte seg 1811 med Ingebjørg Eiriksdr. Stora Saude og fekk fire born: Rognald f. 1811, Gjertrud f. 1814, Eirik f. 1820, bleiv 1839 i Hamlagrøvatnet, og Lars f. 1823, g. 1862 m. Arngunna Nilsdr. Haugo, gardmann på Saude. Anders døydde 1847 og Ingebjørg 1855, 74 år gl. Rognald fekk 1838 garden og vart g. 1843 m. Kari Olavsdr. Seim, f. 1822. Rognald døydde 1883 og Kari 1908 og hadde åtte born: Anders f. 1845, Olav f. 1847 (Amerika), Ingebjørg f. 1851, Eirik f. 1853 (Amerika), Brynjulv f. 1857, lærar og kyrkjesongar i Moss, Olav d. y. f. 1861, Lars f. 1863 og Knut f. 1866 (Amerika).

Anders Rognaldson f. 1845, g. 1875 m. Herborg Persdr. Saude, fekk farsgarden i 1876 for 400 spd. Anders var med i likningsvesenet, fatigstyret, skulestyret og heradsstyret, arbeidde mykje for indremisjonen og reiste ei tid som emissær.

--- side 564 ---

Ei bok fekk han prenta over smalemerki på Voss. Ho har vore til stor hjelp for smale-eigarane. Anders døydde 1917 og Herborg 1931. Åtte born: Rognald f. 1877, Kari f. 1879 (Amerika), Anna f. 1881, g. m. Hallvard Knutson Dagestad, Ingebjørg f. 1883, g. m. Olav Eirikson Seim, Per f. 1885, dokter i Minot, North Dakota, Oleana f. 1890 (Amerika), Berta f. 1892, død ugift 1918, og Olav f. 1894, g. m. Ingebjørg Larsdr. Bystølen f. 1885. Olav fekk 1916 skøyte på garden for 4000 kronor.

Rognald Nestås reiste 16 år gamal til Amerika der han tok juridisk eksamen og har sakførarforretning i Minot, North Dakota. Han har vore med i legislaturet for staten, statsadvokat for Ward county og guvernør for North Dakota. Nestås har reist mykje på taleferder og er kjend som stortalar, er kyrkjeleg interessert og har arbeidt mykje for avhaldssaki. Då han 1925 vitja fødebygdi, tok han ein rundtur i Europa og helsa då på fleire av dei fremste statsmenn.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 249, lnr. 491 med gamal skyld 2 pund 1½ mark. urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 2 ort. Ny skyld mark 3,50.

Bruk 2. Nestås. Rognald Rognaldson fekk bruk 2 ved skøyte frå faren i 1788 og på skifte etter mori 1801. Rognald var f. 1765, g. 1. 1811 m. Eli Mattisdr. Lunde f. 1782, 2. 1826 m. Ingebjørg Endresdr. Uppheim. Rognald døydde 1848 og Ingebjørg 1863, 79½ år gl. Han fekk tri born med Eli: Gjertrud f. 1812, død ugift 1888, Brita f. 1817, g. 1850 m. Anders Larsson Tren og Rognald f. 1820. På skifte 1823 etter Eli vart garden taksta 400 spd. Rognald fekk halve garden på dette skiftet og 1836 skøyte frå faren på den andre halvparten. Rognald vart g. m. Magli Knutsdr. Skjeldal f. 1824 og døydde 1885. Ho døydde 1899 og hadde åtte born: Rognald i. 1844, Knut f. 1845, Eli f. 1846, g. 1869 m. Knut Styrkson Ukvitno, Ragnhild f. 1850, g. m. Helge Dolve, Ingebjørg f. 1852, Halldor f. 1854, Anna f. 1858, g. 1882 m. Eiliv Larsson Skjervheim og Olav f. 1865. Alle syskini reiste til Amerika so nær som Rognald. Olav har gjeve 1000 kronor til Voss Barneheim.

Rognald fekk 1877 farsgarden for 1600 kronor og vart 1876 g. m. Sigvor Larsdr. Skjervheim f. 1849. Han døydde 1896 og ho 1918 og hadde sju born: Rognald f. 1877, Lars f. 1879, Knut f. 1882, g. m. Margreta Olavsdr. Seim, Olav f. 1885, Nils f. 1885, g. m. Marta Ingvaldsdr. Belgum, Eirik f. 1888 og Olav d. y. som er i Amerika. Nils har målarforretning på Vangen.

--- side 565 ---

Lars gifte seg 1906 m. Brita Jensdr. Grimastad og fekk 1913 skøyte på farsgarden for 2000 kronor. Lars er medlem av heradsstyret og har havt ymse andre tillitsyrke.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 249, lnr. 492 med gamal skyld 2 pund 1¼ mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 1 ort 10 skill. Ny skyld mark 3,33.

Bruk 3. Sletthaugen. Utskilt i 1895 frå bruk 1 og 2 med skyld 24 øre og selt til Anders Knutson Litlere, som selde att 1900 til Anders Rognaldson Nestås. Lars Jakobson Fadnes kjøpte eigedomen 1900. Han var f. 1870, g. m. Marta Jonsdr. Skylje og døydde 1925. Dei fekk ti born. Sonen Einar fekk eigedomen i 1934.

Bruk 4 og 5. Torfinno. Utskilde 1899 frå bruk 1 og 2, kvart med skyld 1 øre og selt til W. Konow i 1900. Han selde att 1920 til Bergen og Voss kommunar. Bruk 4 og 5 er i 1934 førde saman med bruk 5 på Eide.

Husmenn på Nestås.

Olav Nilsson Kvitno f. 1735, g. som ekm. m. Synneva Magnesdr. f. 1760, fekk døtterne Ragnhild f. 1794, g. m. Trond Arneson Hatlestad og Marta f. 1799. Olav døydde 1819. Rasmus Magneson, g. m. Ingebjørg Arvesdr., fekk 1820 sonen Arve. Johannes Eirikson Mølsterteigen f. 1783, g. 1815 m. Kristi Knutsdr. Lemme, var underoffiser. Han vart friteken for herteneste og var skulelærar i Evanger 1822-1833. Johannes budde truleg på Kristihaujen og døydde 1833. Dei fekk fem born: Eirik, Knut f. 1822, Olav f. 1825, Johannes f. 1829 og Ingebjørg. Alle so nær som Knut reiste til Nordland, der dei vart gifte. Johannes var lærar og kyrkjesongar i Ankenes og seinare i Hillesøy i Troms. Eirik og Olav var gardmenn. Ingebjørg hadde over 100 borneborn.

Kona Marta Olavsdr., døydde 1847, 52 år gl. Olav Rognaldson f. 1770, g. 1818 m. Eli Styrksdr. Edal hadde plasset Øvstehaujen. Han vart stemnd i 1831 av prost Münster og dømd til å betala 20 skill. for haustarbeid i 1830 som han ikkje hadde gjort. Olav bleiv 1832 i Vangsvatnet. Gjertrud Andersdr. f. 1814, nemnd ovanfor, fekk 1848 plass på Nestaoshaujen og døydde ugift 1833. På Klevaflåten har vore plass i eldre tid. Johan Stenmann frå Vermland i Sverike fekk plass på Sletthaujen. Han var f. 1844, g. m. Marta Olavsdr., døydde 1891 og hadde fem

--- side 566 ---

born. Han dyrka mykje der. Plasset vart utskilt som bruk 3 og selt.

Støl.

Støl hadde ikkje Nestås i 1723. Rognald Rognaldson kjøpte 1775 støl på Øyaset av Lars Sjurson og Knut Arneson Skjeldal for 50 rd. Øyaset ligg ved Hamlagrøvatnet, og Nestås stølar der framleies. Vårstølen heiter Storhaujen.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala i 1723, men 1776 og 1791, og seinare har der vore to kvernar. Dei hadde ei tid vasshjul til å driva treskjemaskina med.

Offentlege forretningar.

Forretning 1737 mot Seim og Ukvitno og 1738 mot Seim. Merkeskilforretning 1764 mot Ukvitno. Sak 1794, 1796 og 1797 med Ukvitno. Takst 1822. Semje 1822 um beiting. Semje 1831 um grensa millom Øyaset og Søre Hamlagrø. Utskifting 1924. Oreigningstakst 1928 vedkomande regulering av Hamlagrøvatnet. Konsesjon 1928 vedkomande regulering av Bergsdalselvi og Torfinno.

Bumerke.

Knut 1715, 1721 tavle 3 nr. 92. Rognald Rognaldson fleire gonger 1745-1787 t. 9 nr. 82. I 1763-1785 teikna han t. 1 nr. 8.

Ymse.

Då Nestås vart skift i bruk 1 og bruk 2, fekk kvart bruk halvparten av alle åkrar og ekror slik som dei då vanleg skifte gardane. Rognald og Anders vart samde um å byta ein del og fekk to menn med seg til å gjera det. Dei fekk då færre stykke og det vart til lette for drifti. So fekk dei offentleg utskifting i 1924. Etter utskiftingen flytte bruk 2 husi sine, medan husi på bruk 1 framleies er i gamle tunet.