234. Nesthus.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 441 ---

Namnet vert i 1630 skrive Nesthuus. Det vert no sagt Nèstús2; han búr pao, è tao, ska tì Nèstús. Namnet er samansett av gn. neztr (nedst) og hús n., og tyder nedste huset.

--- side 442 ---

Nesthus er 1661 ført upp med 2 laup i skyld og ein brukar. Der var skog til gardsbruk. I 1723 var det likeins. Garden var sers lettbrukt, er det sagt, hadde god kornjord og humlagard. Skyldi 2 laup vart 1838 umskrivi til 8 dalar 3 ort 2 skill. Der var vassfall, litt fureskog og ved til sal. Samanlikningstalet var 1300.

I matrikkelen 1865 er ført upp 24½ mål åker, 1 mål dyrka eng, 24 mål god, 31 mål medels natureng og 114 mål skrapebø. 4 mål høvde til å dyrka. Medels hamnegang. Sumarhamni låg høgt til fjells. Kvart av bruki kunde selja ved og timber for 11 spd. um året. Vassfallet vart sett til ½ spd. årleg innkome. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 25,4 mål åker, 22,5 mål kunsteng og 47 mål natureng.

Folketalet var 20 i 1801, 16 i 1865 og 16 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nesthus.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   12   16          
1723 2   16       20      
1865 3   28   62   48      
1918 5   18   34          

Gardnamni Nesthus og Midtun syner at dei tidlegare har høyrt saman med ein annan gard, og det må vera Vinsand, men eg har ikkje funne nokor melding um det. Fyrst i 1604 har eg set Nesthus nemnt. Eirik var leiglending då og 1614. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 1½ spann med 3 ort 9 skill. Torkjel var leiglending 1629. Oluf Arnbjørnson, g. m. Guri er ofte skriven som leiglending 1621-1668. Han var ofte lagrettemann 1655-1668. Garden er skriven under Finnegodset i 1657 og 1661. H. Sehested fekk 1648 kongeskøyte på heile garden (2 laup) som høyrde til Gidskegodset. I 1649 fekk Sehested skøyte frå kongen på leidangen 15 merker smør og 1 geitskinn av Apostelgodset. Sehested åtte 1650 2 laup av Gidskegodset. På det var det 15 merker smør 1 geitskinn i leidang, 2 dalar i skatt, ½ dalar i fornødspengar, ½ dalar i arbeidspengar og ½ dalar 16 skill. i avgift til jordeigaren. Sehested let dette jordgodset att 1651 til kongen, som 1657 selde det til G. Marselis.

Klas Miltzow åtte garden 1680 og 1691, Ingjerd Miltzow

--- side 443 ---

1695 og Henrik Miltzow 1714 og 1723. Magne var leiglending i 1691 og Rasmus Arneson i 1695. Han var f. 1639, g. m. Marta Oddsdr. og døydde 1721. Dei hadde sønene Olav og Kåre. Kåre er skriven for Tillung i 1721 og er umtala på Tveiti, Bøjar åttung. Marta levde etter Rasmus. Han var syskinbarnet til Laurits Glymme og var lagrettemann i 1699. Olav vart g. m. Helga Persdr., enkja etter Bård Torgeirson Olde, Fenno og var leiglending etter foreldri sine. Olav samla 1724 inn pen-


Nesthus
Bilete 56. Nesthus. Fot. P. Braaten 1937.

gar i grendi til Lars Skutle og Kjel Berge si reis til kongen. På den store ljoskruna i skipet i Vossakyrkja står m. a.: OLLE RASMUSEN NÆSTS 1733. Det må sikkert vera Olav R. Nesthus. Helga døydde 1738, 76 år gl., Olav 1751, 80 år gl., og hadde tri born: Bård, Rannveig f. 1698, sjå nedanfor, og Marta, g. 1. 1723 m. Sjur Larsson Hæve, 2. 1745 m. Henrik Olavson Rjodo, 3. 1755 m. Gudleik Knutson Bø og 4. 1756 m. Oddmund Herlovson Kvasdal. Bård Olavson bygsla 1731 1 laup av Henrik Miltzow og døydde fyrr 1738. Bård hadde borni Eli f. 1733 og Halldor f. 1735.

Rannveig Olavsdr. f. 1698 gifte seg m. Nils Endreson Gil-

--- side 444 ---

jarhus. Han kjøpte 1734 2 laup av Henrik Miltzow. Nils bleiv 1736, 3ð½ år gl. i Vangsvatnet på heimreis frå kyrkja saman med fire andre. Han og Rannveig hadde tri born: Mons f. 1728, Barbrå f. 1732, død 1838 og Kolbein f. 1734, død 1741. På skifte etter Nils var jordgodset verdsett 336 rd. Rannveig vart attgift 1737 m. Per Arneson Tren. Ho ervde 1 pund 8 mark etter Nils, og Per kjøpte 1736 1 laup 10 mark og åtte ialt 2 laup. I 1760 kjøpte Per løysningsretten til 1 laup for 115 rd. G. Marselis hadde ått dette jordgodset tidlegare. Per døydde barnlaus 1777, 67½ år gl.

Mons Nilsson f. 1728 vart g. 1. 1751 m. Anna Nilsdr. Midtun f. 1730, 2. 1772 m. Anna Persdr. Øvre Kvitno. Han fekk 1751 skøyte frå stykfaren på 1 laup og kjøpte 1760 løysningsretten til 1 laup for 115 rd. G. Marselis hadde tidlegare ått dette jordgodset. Mons fekk sju born: med fyrste kona og tri med den andre: Nils f. 1753, Rannveig f. 1754, g. 1779 m. Sjur Henrikson Hæve, Kaldestad, Barbrå f. 1757, g. 1778 m. Hans Tomasson Nordvik, Os prestegjeld, Marta f. 1759, g. 1777 m. Olav Olavson Hylle, Brita f. 1761, g. 1790 m. dokter Lars Hallsteinson Istad, Helga f. 1763, g. 1789 m. Styrk Nilsson Midtun, Rannveig d. y. f. 1766, g. 1788 m. Lars Mikkjelson Setre, Per f. 1780, død 1797, Anna f. 1783, død 1797, og Synneva f. 1785, død 1797. På skifte etter Anna Nilsdr. var deira 1 laup på Nesthus verdsett 216 rd. Dei åtte og 12 mark på Kaldestad, verdsett 200 rd. Bruttomidelen var 624 rd. Mons døydde 1794 og Anna gifte seg att 1795 m. Nils Andersson Flògo. Han kjøpte 1799 bruk 2 Byrkjo.

Nils Monsson f. 1753 gifte seg 1781 m. Anna Andersdr. Dagestad f. 1752. Båe døydde 1782 og hadde sonen Nils f. 1782. Han fekk 1794 og 1795 skøyte på tilsaman 1 laup. Sjå vidare bruk 2. Olav Olavson var som ovanfor umtala, g. m. Marta Monsdr. Han fekk 1777 skøyte frå vermori Rannveig Olavsdr. på 1 laup for 200 rd. Marta døydde 1797, Olav 1806, og hadde sju born: Per f. 1777, Olav f. 1780, g. 1824 m. enkja Brita Persdr. Tren, Anna f. 1782, død ugift 1819, Guri f. 1785, g. 1816 m. Torbjørn Gusskalkson Vestrheim, budde 1821 i Bergen, Brita f. 1788, g. 1829 m. ekm. Gitle Monsson Glymme, Rannveig f. 1792, g. 1816 m. ekm. Nils Olavson Midtun og Anna f. 1796. På skifte etter Marta var jordgodset verdsett 450 rd. Bruttomidelen var 790 rd. Per fekk 1798 og 1801 skøyte på 1 laup som vart bruk 1.

--- side 445 ---

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Nesthus. Per Olavson åtte som nemnt dette bruket. Han var f. 1777 og g. 1810 m. Anna Jørgensdr. Kvitno f. 1783, og fekk sju born: Olav f. 1811, g. 1840 m. Anna Rognaldsdr. Glymme, Marta f. 1812, g. 1. 1840 m. Arnbjørn Magneson Setre. 2. m. Kolbein, frå Sunnfjord, paktarar ved Bergen, Jørgen f. 1814, død ikring 1850 i krigen i Amerika, Bryttva f. 1817, g. 1846 m. Knut Brynjulvson Kinne (Chicago), Anna f. 1820, g. 1865 m. Nils Nilsson Jerald, Mons f. 1822, Anna d. y. f. 1825, g. 1863 m. Knut Knutson Tvilde, Nesthus, husmann på Gjelle. Olav hadde farsgarden nokre år, var postførar millom Voss og Bergen og reiste sidan til Amerika. Per døydde 1829 og Anna 1860.

Mons Person gifte seg 1848 m. Brita Sylfestsdr. Dukstad og fekk same år garden for 650 spd. Han døydde 1894 og Brita 1902. Dei hadde fem born: Per f. 1849, Jørgen f. 1852, g. 1. m. Synneva Nilsdr. Tunes, Haus, 2. m. Maria Gudleiksdr. Jernes, sjå bruk 7 Ytre Haugo, Synneva f. 1857, g. m. ekm. Halle Nilsson Vinsand, Olav f. 1860, død 1937, g. m. Pernilla Larsson, huseigar på Vangen, sjå bruk 7 av Prestegarden og Anna f. 1868, g. m. Berge Olavson Væte, som no bur i Haugamoen (bruk 29 Indre Haugo). Per gifte seg 1871 m. Kari Nilsdr. Saude og fekk 1880 skøyte på farsgarden for 2800 kronor. Deira son Mons fekk 1915 garden for 2800 kronor. Han er f. 1877 og g. m. Marta Tormodsdr. Vinsand.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 235, lnr. 460 med gamal skyld 1 laup, urevidert 4 dalar 1 ort 13 skill., revidert 4 dalar 7 skill. Ny skyld mark 5,91.

Bruk 2. Nesthus. Nils Nilsson fekk som fyrr nemnt bruk 2. Han var f. 1782, g. 1803 m. Marta Brynjulvsdr. Liland. Nils vart utkommandert 1807 i krigen mot Sverike og var m. a. i garnisonsteneste i Kristiansand. Han bygde sag i Nesthuselvæ. For å få meir vatn til henne, demde han upp Rundatjødnæ og veitte henne åt elvi. Sagbladet smidde han sjølv. Nils og Marta fekk sju born: Anna f. 1804, g. 1828 m. ekm. Lars Olavson Dymbe, Nils f. 1806, Marta f. 1808, g. m. Lars Finnesteigen, Brynjulv f. 1810, g. 1856 m. Kari Torsteinsdr. Davidhaugen, sjå bruk 2 Store Røte, Olav f. 1812, g. 1842 m. Steinvor Olavsdr. Berge, Gjertrud f. 1816, g. 1. 1854 m. Halle Andersson Gjerde, 2. 1856 m. ekm. Bjarne Torgeirson Røte, bruk 1 Store Røte, Anders f. 1818, død ugift 1889. Nils døydde 1861 og Marta

--- side 446 ---

kona hans, 1821, 41 år gl. På skifte 1822 etter Marta var garden verdsett 600 spd. Bruttomidelen var 1019 spd.

Nils Nilsson f. 1806 vart g. 1837 m. Guri Larsdr. Gjukastein. Han fekk halve garden på skifte etter mori og den andre halve ved skøyte 1837 frå faren. Nils døydde 1857 og Guri 1872, 61 år gl. og hadde tri born: Nils f. 1839, Lars f. 1847, død ugift 1879 og Brita f. 1849, g. 1872 m. Mattis Gusskalkson Dukstad f. 1844. Nils gifte seg 1863 m. Rannveig Knutsdr. Røte f. 1843 og fekk same år garden for 600 spd. Nils døydde 1883 og Rannveig 1917. Åtte born: Guri f. 1864, g. m. Oliver Ullebust frå Førde f. 1863, Ingebjørg f. 1866, g. m. Nils Halleson Vinsand, Marta f. 1868, g. m. Asle Jonson Heimberde, bur i Haugamoen, Brita f. 1870, Nils f. 1872, Rannveig f. 1875, g. 1907 m. Johannes Gusskalkson Midtun, Knut f. 1877 og Anna f. 1883, g. m. Mads Arnfinnson Haga f. 1880. Nils fekk 1896 skøyte på garden og gifte seg 1910 m. Kristi Olavsdr. Midtun. Han var nokre år i Amerika. Var med i likningsnemndi, skulestyret, likningsrådet, 15 år i heradsstyret, Sparebankens forstanderskap, formann i skogrådet, revisor i Voss Handelslag og formann i Skogeigarlaget som han var med og skipa. Han var mykje med på utskiftingar, skyn og skogtakstar. Nils døydde 1932.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 135, lnr. 461 med gamal skyld 1 laup, urevidert 4 dalar 1 ort 13 skill., revidert 4 dalar 10 skill. Ny skyld mark 5,95.

Husmenn.

Steffa Olavson, g. m. Guri Nilsdr., døydde båe 1736 og hadde borni Brita, Ingebjørg og Marta f. 1730-1733. Anders Torsteinson hadde borni Styrk, Brita og Torstein f. 1738-1744. Brynjulv Larsson, g. m. Anna Brynjulvsdr., fekk borni Gudve f. 1775 og Ragnhild f. 1778. Mikkjel Sjurson f. 1748, g. m. Brita Olavsdr. f. 1745 fekk borni Olav f. 1783 og Brita f. 1791. Mikkjel døydde 1809 og Brita 1836.

Odd Oddson Ringheim fekk 1872 feste på plasset Soleimsvikjæ i Kallhajen på bruk 2. Han var f. på Bø 1827, g. m. Gjertrud Magnesdr. Liland f. 1840. Som avgift skulde han skjera storåkeren og slå ein dalarsteig. Dei fekk borni Odd f. 1862, Knut f. 1872, Ingebjørg f. 1877 og Nils f. 1883. Odd slutta 1888 med plasset og døydde 1917. Gjertrud døydde 1886. Ovanfor Kalvatræe noko langt uppe har vore eit plass. Det syner etter hustuft og åker. Huset vart flytt til Midtunsstølen

--- side 447 ---

Tjedna. Det er fortalt at ho Helga Midtun bar eit sperrepar i fyreklæde då dei flytte huset og spyta samstundes medan ho gjekk.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden er det skrive i 1723. Båe bruki har støl på Rapjane (Nesthus-Rapjane) under Graosio som dei brukar. Bruk 1 har dessutan støl i Svòrtegjelæ som dei kjøpte av Glymme, og bruk 2 har støl på Grøno ved Torfinnsvatnet kjøpt av bruk 1 Vinsand, brukt til smalehamn. I 1908 vart det skilt ut ein part (Torfinnsvatnet) frå stølen Svortegjelæ og selt til brukseigar W. Konow. Denne parten er skyldsett saman med bruk 3 Mølsterteigen.

Kvern.

I 1723 var der ei flaumkvern og 1767 og 1791 to. Båe bruki har havt kvern og sag i Nesthuselvæ. No er der ei kvern og to sirkelsager. Bruk 1 hadde lenge stampa i Nesthuselvæ. Gamle Mons (f. 1822) dreiv mykje med stamping av vadmål um vårane. Medan han passa stampa arbeidde han med spyting og skulde vera serlaga flink til det. Stampa har ikkje vore i bruk etter at han døydde og er no burte. Det var stampa nokre stader ved Vangsvatnet då. Når stamparane reiste til kyrkje, tok dei med i båten det som var stampa. Etter preiki stod dei ved båten sin og leverte det som var stampa og tok imot vevar til stamping.

Offentlege forretningar.

Forretning 1708 um merki millom Nesthus og Ullestadteigen. Sak 1728 millom eigaren og leiglendingen. Takst 1822 og 1843. Semje 1857 um merkesgjerde. Utskifting 1867. Kontrakt 1906 med W. Konow um rettar i Torfinnsvatnet.

Bumerke.

Rasmus 1713 tavle 9 nr. 28. Olav nokre gonger 1717-1722 t. 5 nr. 56. Bård 1734 t. 9 nr. 29. Nils f. 1735 t. 9 nr. 30, Per 1748 t. 4 nr. 82. I 1756-1776 har han nokre gonger teikna ein umsnudd S på eit loddbeint strik. Mons teikna fleire gonger 1755-1787 t. 9 nr. 31 og brigda det mykje 1762.

Ymse.

Hausten 1860 brann alle husi på Nesthus so nær som sagi og ei smidje. - Det gjekk med 18 hus, avlingen og mesteparten av innbuet. - På toppen av Graosio er Rundatjødnæ, som har to utlaup. Det eine er Nesthuselvæ og det andre renn i Torfinnsvatnet. Ved det utlaupet er for lang tid sidan sett på ei steindemme so alt vatnet renn i Nesthuselvæ. Denne demma skal vera bygd av Nils Nilsson som var med i krigen. Truleg

--- side 448 ---

Midtun.

er sagi og bygd då. - Då husmannen Odd grov ut tufti åt stova si, fann han eit gamalt avbrote sverd med fint handtak og noko av ei talje. I nærleiken er funne ein spjotsodd. Både odden og sverdet er i Bergens Museum.