63. Norekvål.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 377 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Nordrhuale. Det vert no sagt Nórékvaol2; han búr pao, è tao Nórélkaol, ska tì Nórékvaols. Namnet er samansett av gn. norðr (nord) og hváll m. (liten haug).

Norekvål er i 1661 uppført som halv gard med 1½ laup i skyld og to brukarar. Der var brennefang, ein liten humlagard og ei ring kvern. I 1723 var skyldi den same, men no berre ein brukar. På garden var vedaskog, humlagard til eige bruk og ei flaumkvern. Garden hadde medels god jord, men var

--- side 378 ---

tungvinn. Skyldi var 1 laup 2 pund i 1777, som i 1838 vart umskrivi til 5 dalar 4 ort 20 skill. Garden hadde då to brukarar og vedaskog til sal. Samanlikningstalet var 900.

I matrikkelen 1865 er uppført 20½ mål åker, 2 mål dyrka eng, 28 mål god, 21 mål medels natureng og 15 mål skrapebø. Vårhamni var ring, men sumarhamni medels. Inkje timberskog, men nok vedaskog. To mål bjørkeved kunde seljast årleg. Garden var tungvinn og dyrka som vanleg. I 1918 var der 39 mål open åker, 64,5 mål kunsteng og 19 mål natureng.

På Norekvål budde det 14 menneske i 1801, 20 i 1865 og 52 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Norekvål.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 17 15
1723 1 15 15 16
1865 2 24 48 50 ½ 40
1918 4 18 74

Vangens Prestebol åtte 2 laup i Norekvål står det i Bjørgynjar Kalfskinn, og Evanger prestebol 2 laup. På 1500-talet finn ein ikkje noko um Norekvål. Kyrkjerekneskapen 1585-1616 syner at Vangskyrkja fekk 7 askar korn og 1 pund smør som landskyld av eigedomen sin i Norekvål. Eirik har butt der som øydegardsmann i 1603, 1611 og 1614. Oluf er førd upp fleire gonger som leiglending 1621-1640. I 1635 brukte han 1½ laup og betalte 1629 odelsskatt for 1 pund. Det var to brukarar i 1645-1664, Olav Monsson og Per Olavson. Olav var gift fyre 1645 med Mildri og hadde då dotteri Anna. Per var gift fyre 1645 med Anna. Olav selde i 1637 saman med Øyel Ingebriktson, Olav Mikkjelson og Olav Kolbeinson Skjervheim i Myrkdalen 2 pund 3 mark i Nyre til Bård Olavson Bygd.

Leidangsboki 1624 syner at leidangen på En var 9 mark smør og 1 geitskinn. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset 1 pund med 3 ort i skatt. Norekvål var i 1652 og 1655 på 1½ laup i skyld. Vangskyrkja åtte 1 laup 1 spann og fekk 2 såld korn og ½ laup smør i landskyld. Torstein Finne åtte 1655 1 spann som høyrde til Munkelivgodset i 1659. Per Norekvål var i 1655 og 1659 eigar av ½ laup i Indre Kvarme. I 1661 åtte

--- side 379 ---

kyrkja som fyrr 1 laup 1 spann og Munkeliv 1 spann. Dette spann kjøpte Hermann Garmann i 1662 og ervingane hans selde det 1677 til Klas Miltzow. I 1691 var Manufakturhuset i Bergen eigar av det. Mons var då brukar.

Manufakturhuset åtte ogso i 1714 og 1735 18 mark og Vangskyrkja 1 laup 18 mark. Gudleik Ingebriktson var brukar i 1701. Han var gift med Åsa Styrksdr., enkja etter Mons. Gudleik døydde 1719 og Åsa 1737. Skifte etter henne syner at ho med Mons hadde fem born: Sjur, sjå bruk 3, Styrk, Anna, enkja etter Mattis Person Store Rokne, Ingebjørg, g. m. husmann Bård Torgeirson Saude og Marta f. 1693. Med Gudleik hadde Åsa ogso fem born: Mons Lirhus f. 1704, Gjertrud f. 1699, g. m. Gudleik Olavson Holo, Mildri f. 1701, g. m. Hans Gjerstad, Brita f. 1703, død fyre 1737, g. m. Tormod, Sigvor f. 1709, som var enkja i 1737.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Norekvål. Styrk Monsson bygsla i 1723 1 pund 21 mark. Han var f. 1688, g. 1724 m. Brita Eiriksdr. Bø og døydde 1752. To born: Mons f. 1728 og Lars f. 1729. Lars gifte seg 1755 med Eli Larsdr. Haugen og døydde 1788. Han var leiglending etter foreldri sine. Ved skifte etter Eli i 1821 var det elleve born: Styrk f. 1764, Olav Lid f. 1767, g. 1810 med enkja Anna Olavsdr. Lid, Lars Skutle f. 1768, g. 1817 med Maria Jensdr. Lekve, Mikkjel f. 1774, g. 1823 med Marta Mikkjelsdr. Norekvål, Ingebrikt f. 1775, var i Manger, gift 1802 med Barbrå Ivarsdr. Skorve, enkja Brita Flatlandsmoen f. 1757, Anna f. 1759, død, Marta f. 1761, Guro f. 1762, Ragnhild f. 1772, g. m. Jon Knutson Bjørndalen, Eli f. 1788, g. m. Askjel Torgeirson Vike.

Styrk Larsson f. 1764, var gift 1788 med Brita Olavsdr. Flatekvål, og døydde 1833. Ved skifte etter Styrk var det fem born: Lars, Olav f. 1802 g. 1829 med Synneva Endresdr. Ronve, Guro f. 1788, g. 1834 med ekm. Knut Steffason Grevle, Kirsti f. 1790, g. m. Sjur Jonson Meland, Eli f. 1794, g. m. Lars Brynjulvson Løno, Gjøastein.

Lars Styrkson f. 1792, gifte seg 1828 med Brita Jonsdr. Meland, og døydde 1867. Han bygsla i 1830 bruk 1, og hadde to born: Kirsti f. 1830 og Brita f. 1836. Ho Kirsti fekk med Nils Olavson Gjerdåk sonen Lars i 1868 og kjøpte garden i

--- side 380 ---

1870 for 1700 spd. Lars Nilsson gifte seg med Kristi Jonsdr. og fekk garden hjå mor si. Han døydde 1928. Sonen Nils f. 1896 gift 1917 med Kristi Bartolemeusdr. Gjerde, fekk garden i 1923 for 6500 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 63, lnr. 133 med gamal skyld 2 pund 6 mark. Bergens tukthus åtte 9 mark laus landskyld. Elles åtte Vangskyrkja bruket. Urevidert skyld var 2 dalar 4 ort 22 skill., revidert 3 dalar 13 skill. Ny skyld mark 3,36 etter at bruk 7 er skilt frå.

Bruk 2. Norekvål. Skilt ut frå bruk 1 i 1879 med, skyld 91 øre og selt til Mattis Ivarson Saude,. Han dreiv mykje med kardearbeid både fyrr og etter at han kjøpte bruket. Mattis var f. 1835, g. 1870 med Brita Olavsdr. Saude, og døydde 1905. Sønene Nils f. 1882 og Olav fekk garden i 1916 for 4330 kronor.

Bruk 3. Norekvål. Sjur Monsson f. 1686, bygsla i 1724 1 pund 21 mark i En. Han var gift 1. 1728 med Marta Olavsdr. Urde, 2. 1745 med Mari Olavsdr. Væte og døydde 1752. Ved skifte etter han var det fem born med Marta (a-e) og to med Mari (f-g). a. Olav f. 1732, b. Mikkjel f. 1736, c. Magne f. 1738, d. Guri f. 1729, g. 1764 med Sjur Olavson Gjerdskvål, e. Brita f. 1737, g. 1786 med ekm. Ivar Olavson Urdland, f. Per f. 1746, g. 1778 med Ragnhild Samsonsdr. En, g. Knut f. 1749. Ho Mari gifte seg att 1752 med ekm. Ivar Mikkjelson Norekvål f. 1682 og fekk med han sonen Sjur f. 1755. Ved skifte etter Ivar i 1760 var det fire born frå fyrste ekteskapet: Mikkjel Røyrlidi, Lars Nedkvitno, Anders Ukvitno og Sigrid, g. m. Botolv Løno. Etter semje med sorenskrivar Fleischer avstod ho Mari sin enkjerett på bruk 3 og flytte til garden hans på Ullestad, for at Ingebrikt Olavson skulde få bygsla bruk 3 på Norekvål. Ingebrikt var fødd 1700, g. m. Ragnhild Eiriksdr. og døydde 1777 utan born. Ragnhild gifte seg att 1778 med Gudleik Ivarson Helland.

Eirik Oddson (eller Soneson), g. 1. med Arngunna Vikingsdr. 2. 1790 med Gjertrud Knutsdr. Gjøastein, fekk so bygsla garden. Han skulde vera ein uvanleg kraftig kar, som det går mange forteljingar um. Han døydde 1808 og hadde med andre kona dotteri Arngunna f. 1791. Ho gifte seg 1826 med Trond Ivarson Tøn. Gjertrud gifte seg att 1810 med Olav Eirikson Mølsterteig, som bygsla garden same året. Dei hadde sonen

--- side 381 ---

Eirik f. 1811. Olav døydde 1856 og Gjertrud 1849 som kårfolk på garden.

Trond Ivarson og Arngunna bygsla garden i 1826. Han var fødd 1795 og døydde 1888. Ho Arngunna døydde 1869. Dei hadde to born: Eirik f. 1832 og Ingebjørg f. 1836, gift 1863 med Anders Oddson Holo. Eirik gifte seg 1859 med Torbjørg Oddsdr. Tesdal, og døydde 1922. Han kjøpte bruk 3 i 1865 av Fleischers ervingar for 1200 spd. Sju born: Arngunna f. 1859, g. 1885 med Nils Jakobson Istad i Skulestadmoen, Jorunn


Bilete 42. Norekvål, bruk 3. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 42. Norekvål, bruk 3. Fot. P. Braaten 1935.

f. 1860, Gjertrud f. 1864, Ingebjørg f. 1868, Brita f. 1873, g. 1899 med Kjel Larsson Brattholo, Ivar f. 1875, Odd f. 1879. Ivar gifte seg 1899 med Ingjerd Johannesdr. Hylle og fekk garden i 1912 for 4800 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 63, lnr. 134 med gamal skyld 2 pund 6 mark som Vangskyrkja åtte. Urevidert skyld var 2 dalar 4 ort 22 skill. og revidert 3 dalar 13 skill. Ny skyld mark 3,50 etter at bruk 8 er skilt frå.

Bruk 4. Nedre Norekvål. Utskilt frå bruk 3 i 1883 med skyld 69 øre. Det var fyrr husmannsplass. Ivar Larsson Rogne f. 1802, g. 1835 med Borghild Gitlesdr. Hornve, budde der og døydde 1882. Deira born var: Lars f. 1835, Gitle f. 1838, gift 1865 med Gjertrud Knutsdr. Rekve, huseigar på Vangen, Styrk f. 1841, død ugift 1885, Ivar f. 1843, sjå bruk 6, Anna f.

--- side 382 ---

1846, Ingebjørg f. 1853. Lars var gift 1883 med Kari Andersdr. Gjerde og hadde døtterne Brita f. 1884 og Marta f. 1886. Lars kjøpte eigedomen i 1883. Han dreiv mykje med smedarbeid. Brita var gift 1905 med Knut J. Øvsthus på Ringheim. Marta gifte seg 1906 med Johannes M. Jernes. Dei har no eigedomen.

Bruk 5. Vetle Norekvål. Skilt frå bruk 3 i 1879 med skyld 32 øre og skøytt til Bård Ivarson Norekvål. Han var f. 1822, g. m. Guri Brynjulvsdr. Lemme, og døydde 1906. Han var snikkar og båtbyggjar. Sonen Ivar f. 1878 hadde so bruket til han døydde i 1934. Per Olavson Rasdal har no bruket. Han er f. 1862, og er g. 1904 med Ivar si syster Ingebjørg, f. 1876.

Bruk 6. Frydenlund. Skilt frå bruk 1 i 1893 med skyld 18 øre. Ivar Ivarson Norekvål, nemnd under bruk 4, var fødd 1843, gift 1882 med Guri Persdr. Nåsen og døydde 1926. Han var husmann på denne eigedomen og bygde der. Dotter deira, Anna f. 1890 kjøpte eigedomen i 1893.

Bruk 7. Moteig. Skilt frå bruk 1 i 1896 med skyld 8 øre. Ivar Andersson Prestegard f. 1868, g. m. Marta Jonsdr. og døydde 1922 kjøpte bruket og bygde der. Han dreiv mykje med helletekkjing.

Bruk 8. Groatreet. Skilt frå bruk 3 i 1921 med skyld 2 øre og selt til Odd E. Norekvål for 100 kronor. Sjå bruk 20 Flatekvål.

Husmenn.

Johannes Torgisson f. 1638, var husmann i 1701. Olav Styrkson f. 1802, d. 1892, g. m. Synneva Endresdr. Ronve fekk i 1828 feste på plass ovanfor gardshusi. Han var halden for å vera ein flink smed. Dei hadde tri born: Brita f. 1831, g. 1854 med gardmann Olav Sjurson Hornve, Marta f. 1835, Styrk f. 1839, som reiste til Amerika. Det gjekk gjetord um kor flink ho Marta var til å veva. Nikolai Myklebust har no plass og driv mest med hellearbeid. Han er f. 1876, g. m. Rakel Olavsdr.

Støl.

Stølen var 1½ mil frå garden heiter det i 1723. Norekvål stølar no på Ensstølen. Sjå meir um han på En. Vårstøl har det vore i lidi ovanfor garden, men han har ikkje vore brukt i seinare tid.

Offentlege forretningar.

Markene på Norekvål og grannegardane var fredlyste i 1782, i 1888 var forretning um merki og utskifting i 1895. Husi

--- side 383 ---

på bruk 1 vart då flytte austover, medan husi på bruk 3 står i gamle tunet. Bruk 3 fekk i 1898 semje um gjerdeplikti på Jedlen. Bruk 1-3 har kontrakt um helledrift, og det har vore drive hellebenkjer der i mange år.

Kvern.

I 1777 var det to kvernar på Norekvål og har vore det til ikring 1870-åri i grovi vestanfor husi. I Norekvålshaugen var det ei grav der dei har funne ei gamal krukke. Gamle postvegen gjekk gjenom tunet på Norekvål til dess vegen som no er, vart bygd.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Norekvål.

Gudleik 1714, 1718 og Styrk 1742 tavle 4 nr. 21 og i 1746 t. 4 nr. 17. Lars 1757 t. 6 nr.66. Sjur 1729, 1731, 1732 t. 4 nr. 18, litt brigda i 1740. Ingebrikt 1773, 1774 t. 4 nr. 19. Eirik 1778 t. 4 nr. 20. Eirik Oddson teikna dette bumerket umvendt i 1781.