105. Norheim.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 150 ---

Namnet vert i 1500-talet skrive Noderinn, Nørderim, Norem. Det vert no sagt Nóreim2; han búr pao, è tao Nóreim, ska tì Nóreims. Namnet er truleg samansett av nord og heim.

Norheim har vore einbølt gard til 1904. Han er skriven for halv gard i 1661 med 2 laup 18 mark i skyld og ein brukar. Elles er berre sagt, at det var ringt med brennefang. I 1723 var det same skyldi, men to brukarar. Der var vedaskog og litt fureskog til husvøling. Garden var tungbrukt, men hadde medels god jord til kornavling. Skyldi er den same til 1838. Ho er då umskrivi til 5 dalar 2 ort 12 skill. Garden kunde betrast, er det sagt og der var humlagard og skog jamvel til sal. Samanlikningstalet var 830.

Matrikkelen 1865 syner at der var 141/3 mål åker, 1½ mål dyrka eng, 20 mål god, 25 mål medels natureng og 46 mål skrapebø. Hamnegangen var ring. Skog til husbruk og timber til sal for 18 spd. årleg. Hellebroti var verdsette til 18 spd. årleg. Garden var medels lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 24,6 mål open åker, 37,7 mål kunsteng og 25 mål natureng.

På Norheim budde 9 menneske i 1801, 13 i 1865 og 30 i 1920. Aukingi det siste året skriv seg serleg frå helledrifti.

Fødnad og avling (i tunnor) på Norheim.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 8 12
1723 2 17 15 18
1865 2 14 34 35 28
1918 2 16 43

--- side 151 ---

Brynjulv og Knut heitte mennene på Norheim i 1521. Brynjulv betalte 2 mark i skatt og Knut med systri betalte 5 lodd sylv i skatt og 8 mark sylv i breffbrot. I 1553 var Laurits og Hallvard brukarar, i 1563 og 1567 Laurits åleine. Han klagde i 1668 over at han laut betala kaptein Moritz 5 rd. for å verta fri militærtenesta. I 1590 er han nemnd som vitne um noko eigedomar på Lemmesteigane. Laurits var leiglending på 1 laup i 1591, betalte 1597 tridje års bygsel for 1 spann som stiftet og kruna åtte med 5 skill. Laurits budde på Norheim ogso i 1603.


Norheim
Bilete 21. Norheim. Fot. P. Braaten 1936.

Torgeir og Eirik var leiglendingar i 1611 og Ivar var husmann eller øydegardsmann. Eirik bygsla 1 spann av stiftet og åtte 3 spann odelsgods. Han er ofte skriven som leiglending 1614-1636, og var 1614 utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Saman med Marta En åtte han 1½ laup odelsgods i 1614. Eirik var 1621 eigar av 2 pund i Eide, 2 pund i Rekve og 8 mark i Sygnaberde. Bergitte Norheim åtte 1621 ½ laup i «Thogestad» i Ulvik.

Leidangsboki 1624 syner at leidangen for Apostelgodset var 1 spann smør og 1 bukkskinn. Bård var brukar. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 1½ laup odelsgods med 4 dalar ½ ort.

--- side 152 ---

Bruk 1. Norheim. Bård Norheim har vore leiglending 1635 og 1641, betalte 1629 odelsskatt for seg og ei gjente for 4 laup. I 1635 brukte han 2 laup 1 spann. Trond Bårdson, g. m. Synneva og ei enkje, Berete, var leiglendingar i 1645. Skyldi på Norheim er 1652 og 1661 førd upp med 2 laup 1 spann. Eigarane i 1652 og 1661 var Asbjørn Villure 1½ laup, Brynjulv Dale ½ laup og kongen 1 spann. Trond Bårdson var leiglending. Arnoldus de Fine åtte 1 spann i Norheim i 1676 og ervingane etter han i 1680. Andre eigarar i 1680 var Olav Jåstad, Hardanger, og ervingane etter Per Andersson, som åtte 1 spann. I 1695 åtte enkja etter A. Fines 3 spann og Olav Jåstad 1½ laup. Kolbein Larsson var brukar i 1691 og 1695. Han var g. m. Hallkatla Larsdr., døydde 1695 og hadde seks born: Kari, gift fyre 1695, Guri f. 1682, Mikkjel f. 1683, Sjur f. 1686, g. 1713 m. enkja Ingebjørg Eiriksdr. Syndve, Lars f. 1689, Sigvor f. 1693, g. 1716 m. Torgeir Samsonson Store Hyrt.

Knut Ivarson var odelsbonde og brukar på Norheim i 1701, var f. 1651, g. 2. 1711 m. Kari Olavsdr. Stuarjo og døydde 1728. Han var leiglending frå 1696 og kjøpte Norheim i 1700. Knut var presten sin medhjelpar og lagrettemann ved matrikkuleringi 1723. Det er upplyst i 1739 at Knut var son åt Ivar Sjurson Helland, som var farfar til Ivar Tormodson Helland. Knut hadde desse borni og kann henda fleire: Ivar, Lars, g. 1714 m. Brita Mattisdr. Himle, Sjur, g. 1719 m. enkja Marta Andersdr. Lirhus, Gudleik, g. 1730 m. Ragnhild Ivarsdr. Tøn, Kolbein, g. 1732 m. Gjertrud Oddsdr. Tøn, Sigrid g. 1721 m. Jens Sjurson Nedkvitno, Gyrid, g. 1735 m. Knut Torgeirson Bryn.

Ivar Knutson f. 1687, g. m. Ragnhild Sjursdr., døydde 1765. Han fekk skøyte på Norheim i 1713 og 1721. Ved skifte etter han 1766 er ført upp desse borni: Arnfinn f. 1711, Kolbein f. 1718, g. 1740 m. Ragnhild Olavsdr., som budde ved Båbruæ, Olav, g. 1763 m. Ragnhild Nilsdr. Haugo, budde på Hemre i 1766, Lars, g. 1761 m. enkja Kari Henriksdr. på Hylle, der dei budde, Borghild, g. 1734 m. Mattis Larsson Kyte, Kari g. 1733 m. Sjur Oddson Graudo, Marta, g. m. Torgis Skjelde, Synneva f. 1728, g. 1769 m. Nils Torsteinson Skjelde, Steinvor f. 1730, g. 1767 m. Ølver Olavson Kvitno, Sigurd f. 1732, g. m. Anders Knutson Herlof i Nordhordland.

Arnfinn Ivarson f. 1711, var g. 1736 m. Orlog Andersdr. Øvre Klyve og døydde 1764. Han var grenader då han gifte

--- side 153 ---

seg, fekk skøyte i 1737 frå far sin på 3 spann i Norheim for 75 rd. Tri born: Anders f. 1743, død 1788, Brynjulv f. 1746, g. m. Ingebjørg Aslaksdr., Knut f. 1750, død 1773. Brynjulv fekk skøyte 1766, 1772 og 1778 på heile Norheim, 2 laup 18 mark. Han døydde 1783 og ho Ingebjørg gifte seg att 1784 m. Ivar Jonson Øvre Kyte. Ingebjørg døydde 1792 og Ivar gifte seg andre gongen 1794 m. Gjertrud Åmundsdr. Tvinno. Ivar styrde Norheim og åtte 40½ mark i garden, som Odd Klyve kjøpte i 1794. Ved skifte etter Brynjulv var garden taksta 500 rd. Han og Ingebjørg hadde to born. Sigrid f. 1774 og Marta f. 1777.

Ho Sigrid gifte seg 1. 1792 m. Odd Davidson Klyve, 2. 1850 m. Mikkjel Gusskalkson Ronve. Odd fekk farsgarden sin på Klyve og ho Sigrid sin farsgard på Norheim. Dei vert umtala på Klyve. Eldste dotteri deira, Jorunn f. 1795, gifte seg 1816 m. Gitle Vikingson Repål, som var f. 1794. Dei fekk Repål hjå foreldri hans og Norheim hjå hennar foreldre i 1829 for 700 spd. og budde sidan på Norheim. Gitle bleiv 1836 i Sørfjorden saman med broren Viking og fire andre på reis til Bergen. Ved skifte etter Gitle var bruttomidelen 1462 spd. Gitle og Jorunn hadde sju born: Brita f. 1816, g. m. Knut N. Gjerde (Amerika), Ingebjørg f. 1817, g. m. Nils Olavson Osgjerd (Amerika), Brynjulv f. 1819, Viking f. 1822, g. m. Kirsti Torsteinsdr. Kyte, Sigrid f. 1826, g. m. Per Samsonson En (Amerika), Odd f. 1831 (Amerika), Knut f. 1835 (Amerika).

Brynjulv Gitleson f. 1819, g. 1841 m. Ingebjørg Eiriksdr. Saude fekk Norheim i 1849 for 850 spd. I hans tid tok dei til med helledrift på garden. Ti born: Gitle f. 1841, g. m. Julia Jonsdr. Hefte, styrar av Skandinavens bokhandel i Chicago, Eirik f. 1844, gift, var i postverket i Chicago, Jorunn f. 1846, g. m. David Larsson Brattåker, farmar i Iowa, Nils f. 1849, Barbrå f. 1852, g. m. Nils Samsonson En (Amerika), Odd f. 1854, g. m. Anna Arnfinnsdr. Sygnaberde, benkjedrivar og huseigar på Norheim, Viking f. 1857, g. m. Ingebjørg Oddsdr. Fletre, snikkar i Chicago, Ingjerd f. 1860, Knut f. 1863 (Amerika), Brita f. 1867, g. 1886 m. Olav Andersson Nesheim, Vossastr., gardmann på Helleve.

Nils Brynjulvson f. 1849, var g. m. Ragnhild Olavsdr. Grjotland og døydde 1899. Han fekk skøyte på garden i 1882 for 3900 kronor. Helledrifti på Norheim vart auka mykje i hans tid. Han var ein fyregangsmann med helledrifti og fekk

--- side 154 ---

skipa eit lutlag til å handla med hellone som vart upparbeidde på Voss. Til føring av hellone frå Norheims- og Øvrebergi fekk han bygt togbane ned til Lønavatnet der ei dampferje førde hellone over vatnet. Frå ei bryggje under En vart so hellone køyrde til jarnbanestasjonen på Vangen. I 1895 vart l/l Voss Skiferbrud skipa, og det overtok handelen med hellone. L/l Voss Transportkompani vart skipa då jarnbanen Voss-Oslo vart opna, og det bygde ny togbane som førde hellone frå hellebroti til Klyve stoppeplass ved Bergensbanen.

Nils og Ragnhild hadde elleve born: Ingebjørg, Brynjulv, Olav, Ingjerd, Eirik, Julia, Anna, Gitle, Knut og Nils. Ingebjørg f. 1874, g. m. Klas Selheim, handelsmann på Grovu, Rd., Olav f. 1877, g. m. Anna Andersdr. Lemme og døydde 1908, dreiv stor hellebenk på Norheim, var styrar av togbanen og åtte huseigedom på Norheim. Ho Anna er attgift med Lars Sjurson Sonve. Ingjerd f. 1880, g. m. Henrik Stafset i Amerika. Eirik f. 1882, g. m. Ingebjørg O. Mølster, ingeniør i Chicago, Julia f. 1884, død, g. m. rektor Leiv Heggstad, Anna f. 1885, g. m. lærar Anders E. Kvåle, Oslo, Gitle sjå bruk 6, Knut f. 1890, g. m. Hanna Fjellberg, bilkøyrar på Karmøy, Ivar f. 1892, g. m. Synneva S. Børve, styrar for Kvam elektrisitetsverk, Nils f. 1894, g. m. Marta Andersdr. Helleve, driv hellebenk.

Brynjulv f. 1876, g. m. Marta Davidsdr. Nedre Klyve, fekk garden i 1904 for 8000 kronor. Helledrifti har auka munarleg sidan han tok garden og er millom dei tri største på Voss. Mange har arbeid der. Han har vore med i styret for l/l Voss Skiferbrud og for togbanen, har vore med i heradsstyret, formann i styret for Voss kommunale elektrisitetsverk og har havt ymse andre tillitsyrke.

Nordheim var fyrr gnr. 105, lnr. 208 med gamal skyld 2 laup 18 mark, urevidert 5 dalar 2 ort 12 skill., revidert 5 dalar 1 ort 1 skill. Ny skyld mark 6,79 etter at bruk 6 er skilt frå.

Bruk 2. Skjevlingen (støl). Skyldi 10 øre. Skilt frå bruk 1 i 1904 og selt til Knut S. Kyte. Sonen Svein fekk skøyte på eigedomen i 1922.

Bruk 3. Skjevlingen. Skyld 10 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1904 og selt til Lars Arneson Kyte.

Bruk 4. Skjevlingen. Skyld 10 øre. Skilt frå bruk 1 og selt 1904 til Anders B. Kyte.

Bruk 5. Lunden. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 1 i 1920.

--- side 155 ---

Brynjulv Norheim bytte med Olav G. Rogne uti bruk 15 på Øvre Kyte. Olav selde i 1932 til Knut Fenno.

Bruk 6. Grimsgjerde. Skyld 48 øre. Utskilt frå bruk 1 og selt 1920 til Gitle Nilsson Norheim, som har bygt og bur der. Han er f. 1887 og g. m. Guro Torisdr., har i lang tid drive hellebenk og driv no bilrute millom Kyte, Ygre og Vangen. Bruk 6 var tidlegare husmannsplass.

Husmenn på Norheim.

Gudleik Knutson, g. 1730 m. Ragnhild Ivarsdr. Tøn har fått borni Kari i 1730 og Gjøa i 1732. Eirik Halldorson, g. m. Dordei Andersdr., som døydde 1783, 61 år gl. hadde då ei dotter Gjertrud f. 1758. Ivar Erlingson f. 1735, g. m. Gjertrud Persdr., døydde 1789 og hadde fem born: Ingjerd f. 1771, Erling f. 1775, ei dotter f. 1781, Per f. 1785, Olav f. 1788. Lars Knutson f. 1739, var g. 2. m. Barbrå Hollgeirsdr., 3. m. Rannveig Bjarnedr. og døydde 1801. Med fyrste kona hadde han borni: Rognald Tørviken, Vanylven, og Brita, g. m. Knut Andersson Haukeland, Sunnmøre, og med andre kona to: Lars, på Sunnmøre og Ingebjørg f. 1776. Rannveig Bjarnedr. var g. 2. m. Hermund Magneson og døydde 1811, 63½ år gl. utan born. Johannes Andersson Helland frå Hosanger f. 1852, g. m. Kari Larsdr., fekk dotteri Olina 1888 og døydde 1889. Tormod Ivarson Lekve f. 1825 i Ulvik, g. m. Ragnhild Torsteinsdr. frå Raundalen, budde på plasset Grimsgjerde. Fyrr budde dei på Velesplasset på Nedkvitno der borni deira er uppførde. Tormod døydde 1892. Dotteri Ragnhild f. 1868, g. 1889 m. Olav Torgrimson Seim, Granvin, budde der nokre år. Seinare var Sjur Person Kvòrmo der 7 år og kjøpte so gard på Gjøastein. No er plasset bruk 6. På Hagaflòten har ei tid vore husmannsplass.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden, er det fortalt i 1723. Han heiter Skjevlingen. Brynjulv Gitleson kjøpte stølen Fossen på Rjoanddalen. Nils Brynjulvson kjøpte støl av garden Hagen i Raundalen og flytte dertil selet frå Fossen. Stølsretten på Skjevlingen er seld til Øvre Kyte, sjå bruk 2-4 ovanfor.

Kvern og sag.

Kvern er ikkje nemnd i 1723, men i 1776 og 1791 var der ei. Ho stod i Svinaonæ i Øvre Klyvshagen til ikring 1915. Viking Repål hadde stampe i kvernhuset. Nils Brynjulvson bygde uppgangssag ved Svinaonæ i 1877 saman med Nils B. Lemme.

--- side 156 ---

Nokre år var det dampsag ved Burekkja, og sidan har Brynjulv Nilsson havt elektrisk sirkelsag.

Offentlege forretningar.

Godviljug utskifting 1827, odelssak 1830-1833, semje um grensa med Nedkvitno 1901, godviljug utskifting av skogen i stølsmarki 1903 og ymse kontrakter um helledrifti.

Ymse.

President W. F. K. Christie har i 1824 skrive at det var gravhaugar på Norheim. Då Nils Norheim bygde stovehuset som no er der, reiv han den gamle rotstova. Timbret til henne skal vera hogge i Stranda-almenningen på Brandsetdalen og vart køyrt fjellvegen um Jonsstølen til Norheim.

Bumerke.

Knut 1714-1722 tavle 5 nr. 52. Ivar 1735 t. 5 nr. 53. Arnfinn 1760 t. 5 nr. 54. Olav 1763 t. 5 nr. 55.