Nyre.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 179 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Nydrin. Det vert no sagt Nýrè2; han búr pao, è tao Nýrè, ska tì Nýrés. Namnet er truleg samansett av ned (gn. niðr) og vin (beite).

--- side 180 ---

Brynjolf a Nydrin har saman med seks andre kunngjort 1339 (DN II nr. 231) eit vitnemål um Hylle, umtala på Hylle. Bryniolfuer Bryniolfsson har 1340 (DN I nr. 264) vore med og utferda eit brev um stølen Kviting. Det ser ut til at Bryniolfuer har butt på Nyre; han var 1333-1347 kongen sin umbodsmann på Voss og er 1340 kalla lensmann. I seglet sitt hadde han eit verahovud som snudde framover i eit trikanta skjold.

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangens prestebol åtte 1 laup i Nyre. Elland og Mons var leiglendingar i 1563 og Eirik og Arnfinn i 1591. I jordboki 1585-1616 er meldt at Vangens prestebol fekk 9 merker smør og ½ såld korn i landskyld. Arnfinn og ei enkje var leiglendingar i 1603, Eirik, Arnfinn og Per i 1611 og Per og Arnfinn i 1614. Han åtte då 1 laup. Per vart utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Ivar, Arnfinn og Oluff var 1621 leiglendingar. Arnfinn åtte 2½ spann i Vindal, Granvin, 1 spann i Nedreås, Hordaland, Ivar og syster hans ½ laup i Nesheim, Steffa Gjerstad ½ laup på Nyre og Kolbein Tveito 1 laup på Nyre og på vegner av Karen Monsdr. 14 mark på Nyre. Brita Nyre åtte 1621 og 1625 15 mark.

Leidangsboki 1624 har ført upp som leidang på ein part 18 merker smør og 1 bukkskinn med Ivar som leiglending og på ein annan part 22 merker smør og 1 bukkskinn der Oluff var leiglending. Ryttarskatt vart 1627 lagt på fire odelspartar: a. på ½ laup skatt 1 dalar 1 ort 6 skill., brukar Ivar, b. på ½ laup skatt ½ dalar, brukar Oluff, c. på ½ laup 6 mark skatt 1 dalar 1 ort 6 skill., brukar Brynjulv, d. på 15 mark skatt 1½ ort 9 skill., brukar Brita.

Oluff, Ivar og Brønilde, mor hans, var leiglendingar i 1629 og Ivar og Klas 1635. Øyel Ingebriktson, Olav Mikkjelson, Olav Kolbeinson Skjervheim og Olav Monsson Norekvål selde 1637 deira odelsgods 2 pund 3 mark på Nyre til Bård Olavson Bygd og kona hans, Guro Kolbeinsdr. I 1645 var det tri leiglendingar : Ivar Andersson, g. m. Lussi, Olav Arnfinnson, g. m. Sigrid og Ingebrikt Jonsson, g. m. Marta. Ivar hadde tenarane Mons og Guri og var ofte lagrettemann 1648-1657. F. Broderson har 1649 ved makabyte med kongen late noko i kvart av dei to tuni, der Ivar og Ingebrikt var leiglendingar.

Skyldi er 1652 ført upp med 4 laup 6 mark. Eigarane var 1652 og 1655: Nils Nesheim 1 laup, Nils Ronve 1 spann, Lars Tveito 6 mark, Bård Børing 1 laup 1 pund, F. Broderson 2 pund

--- side 181 ---

1 spann, Ivar Rue 9 mark og Vangens prestebol 26 mark. Brukarane var i 1652: Ivar, ei enkje, Olav og Ingebrikt. Det var same eigarar 1659 so nær som at Munkeliv då var komen i staden for F. Broderson og Lars Torsnes i staden for Nils Nesheim. Brukarane i 1652-1659 var Ivar, Olav og Ingebrikt og dessutan ei enkje i 1652 og Gunnvor i 1657. Olav og Ingebrikt var so fatige at dei slapp skatta. Frå 1661 er det skilt i manntali millom fyrste og andre tun eller øvre og nedre tun som det stundom er skrive.


Nyre
Bilete 23. Nyre. Fot. P. Braaten 1937.

194. Ytre Nyre.

Ytre Nyre er 1661 ført upp med ein brukar og 2 laup i skyld. Elles er berre meldt at garden var lunnalaus. I 1723 var det og ein brukar og same skyldi. Garden var sers lettbrukt, hadde skrinn sandig jord og litt vedaskog. Skyldi er 1838 umskrivi frå 2 laup til 5 dalar 2 ort 20 skill. Samanlikningstalet var 840. Der var humlagard, turvande vedaskog og litt fureskog.

I matrikkelen 1865 er ført upp 18 mål åker, 4½ mål dyrka eng, 21 mål god, 69 mål medels natureng og 46 mål skrapebø. 6 mål høvde til dyrking. Sumarhamni var medels, men Vårhamni

--- side 182 ---

var ring. Skog til husbruk. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 21 mål åker, 82,6 mål kunsteng og 4 mål natureng.

Der budde 9 menneske i 1801, 17 i 1865 og 35 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Ytre Nyre.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   17   13          
1723 1   13   12   16      
1865 2   15   34   54 ½ 30  
1918 4   16   45          

Munkeliv åtte 1661 21 mark, og bøndene åtte resten. Ivar Andersson og Lars Ivarson var brukarar då og 1664, og dessutan Knut i 1664. H. Garmann har 1662 fått kongeskøyte på 3 spann av Munkelivgodset på Øvre Nyre. Vangens Fatighus åtte 1691 og 1695 21 mark, Fogne(?) 18 mark og brukaren Knut 1 laup 33 mark. Torgeir var brukar 1691 og Knut Torgeirson 1695 og 1701. Knut var f. 1664 og kjøpte 1794 1 laup 33 mark. Han var g. m. Sigrid Nilsdr. og døydde 1739, 74 år gl., barnlaus. Sigrid vart attgift 1741 m. ekm. Olav Graudo og 1745 m. Jørgen Nilsson Haugo.

Per Eirikson Vinsand kjøpte 1739 2 pund 12/3 mark etter Knut. Per hadde gard ogso på Vinsand. Han var f. 1684, g. 1. 1716 m. Kari Jonsdr. Kvåle, 2. 1738 m. Herborg Larsdr. Glymme Per døydde 1760 og Herborg 1768. Med Kari hadde han borni: Eirik f. 1724 og Ragnhild f. 1731, g. 1769 m. Nils Olavson Giljarhus. Ho Herborg fekk borni Knut f. 1739 g. 1764 m. Marta Knutsdr. Kvåle, gardmann på Vinsand, og Sjur f. 1743, g. 1773 m. Guri Torgeirsdr. Vetla Ringheim. Sjur vilde ikkje tena, men dreiv med handel m. a. med vilt, vart meld og laut bøta.

Eirik Person g. 1748 m. Ragnhild Andersdr. Midtun fekk same år skøyte frå far sin på 2 pund 12/3 mark og har seinare kjøpt meir. Eirik døydde 1791 og Ragnhild 1803, 77½ år gl. Dei hadde fire born: Kari f. 1751, g. 1774 m. Olav Sveinson Eimstad, Rannveig f. 1755, g. 1783 m. Jørgen Andersson

--- side 183 ---

Dagestad, Guri f. 1758, g. 1782 m. Knut Knutson Dolve og Eli f. 1761, g. 1790 m. Knut Ivarson Seim. Eirik skøytte 1778 1 laup 2 pund 3 mark til versonen Olav, som sidan kjøpte meir og vart eigar av heile garden. Olav bytte 1802 med Isak og Johannes Olavssøner Haugo uti bruk 1 Ytre Haugo. Dei skifte Ytre Nyre millom seg so Johannes fekk bruk 1 og Isak bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Ytre Nyre. Johannes gifte seg 1803 m. Rannveig Olavsdr. Nyre og døydde 1860, 84 år gl. Rannveig døydde 1870, 86 år gl. Dei hadde borni Brita f. 1804, g. 1832 m. Odd Nilsson Himle (Amerika) og Olav f. 1811. Han var mange år gardist, bygde seg seinare stove på Nyre, var skomakar og god til å spela klarinett. Han var g. 1. i Bergen med Elen, 2. 1866 m. Rannveig Sjursdr. Mosafinn, syster til Olav Mosafinn, og døydde 1871. Sonen Johannes reiste til Amerika. Johannes hadde selt garden 1832 til Lars Knutson Bø for 550 spd. Han var g. m. Brita Bårdsdr. og døydde 1833. Sonen Bård fekk då garden, men selde att 1838 til Olav Davidson Vestrheim for 640 spd. Han var f. 1807 og g. 1838 m. Marta Nilsdr. Jernes. Olav var massing- og jarnsmed, rokkadreiar og mange år stemnevitne. Både Olav og Marta døydde 1899 og hadde sonen Nils f. 1840 som gifte seg med jordagjenta Guri Olavsdr. Midtun og fekk gard på Midtun.

Lars Nilsson Lid kjøpte 1868 garden for 900 spd. Han var f. 1844, g. 1. 1866 m. Arngunna Davidsdr. Klyve f. 1844, 2. 1884 m. Torbjørg Larsdr. Rokne f. 1849. Lars var ei tid skulelærar, budde nokre år på Rene til han kjøpte på Nyre, var lenge med i heradsstyret, i kyrkjetilsynet, nestformann i skulestyret, forlikskommissær, revisor i Voss Sparebank og var mykje med på utskiftingar og skylddeilingar. Torbjørg døydde 1922 og Lars 1925. Lars og Arngunna fekk borni: Synneva f. 1867, død ugift 1927, Ingjerd f, 1870, g. m. gardmann Knut A. Jøssendal, Odda, Brita f. 1874, g. 1909 m. Johannes Knutson Rokne, og Nils f. 1879, g. m. Malina Hallesdr. Gjelle. Han fekk skøyte i 1906 på garden for 3900 kronor. Nils har vore med i heradsstyret, skulestyret, formann i likningsnemndi og er medlem av likningsrådet og verjerådet, skynsmann og styremedlem for Voss Brandtrygdelag.

--- side 184 ---

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 195, lnr. 375 med gamal skyld 1 laup, urevidert 2 dalar 3 ort 22 skill. revidert 2 dalar 3 ort 12 skill. Ny skyld mark 3,95.

Bruk 2. Ytre Nyre. Isak Olavson fekk som ovanfor umtala dette bruket i 1802. Isak var g. 1799 m. Asgjerd Olavsdr. Nyre. Han døydde 1849, 73 år gl. og ho 1854, 77 år gl. og hadde åtte born: Sigrid g. 1829 m. David Andersson Klyve, Kari f. 1803, g. 1825 m. Isak Larsson Seim, Ragnhild f. 1805, g. 1850 m. ekm. Olav Hallvorson Kronstad på Vangen, Kari f. 1808, g. 1838 m. David Knutson Himle, husmann på Haugo, Olav f. 1811, Eli f. 1814, g. 1843 m. Nils Erlingson Himle, Eirik f. 1816 og Guro f. 1819, g. 1853 m. Odd Larsson Dymbe.

Isak skøytte 1828 garden til versonen David for 500 spd. David og Sigrid fekk på Nyre borni: Anders, Asgjerd, Ingebjørg, Isak og Olav, f. 1829-1842. David reiste til Amerika og selde garden 1845 for 800 spd. til David Himle og Asle Sveinson Reime. Dei selde s. å. til Isak Larsson, nemnd ovanfor, for 700 spd. Isak og Kari fekk borni: Lars f. 1826, Ragnhild f. 1837, g. 1864 m. Arnfinn Larsson Kinne og Asgjerd f. 1845, g. 1867 m. Brynjulv Halleson Kinne (Amerika). Isak døydde 1887 og Kari 1892.

Lars Isakson gifte seg 1857 m. Brita Olavsdr. Skjervheim og fekk 1852 garden for 700 spd. Brita døydde 1885 og Lars 1886. Dei fekk sju born: Isak f. 1858, Kari f. 1859, Olav f. 1862, død ugift, Katrina f. 1865, g. 1896 m. Nils Knutson Saude, Viki, Ingebjørg f. 1867, g. 1907 m. Olav Andersson Skjelde, Lars f. 1871 og Brita f. 1874, g. 1893 m. Knut Tormodson Vinsand. Isak fekk garden ved skifte etter foreldri for 3600 kronor. Han døydde ugift og systersonen Lars Knutson Vinsand fekk garden i 1929 for 2500 kronor. Lars er g. m. Brita Nilsdr. Fenno.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 195, lnr. 376 med gamal skyld 1 laup, urevidert 2 dalar 3 ort 22 skill., revidert 2 dalar 3 ort 18 skill. Ny skyld mark 4,01.

Bruk 3-6 og 8-12 ligg i Haugamoen og er umtala i band 1 um Vossavangen.

Bruk 7. Venheim. Utskilt 1914 frå bruk 2 med skyld 2 øre og ervefest til Anders Eirikson Himle. Far hans Anders, Eirik Oddson Himle, budde der. I 1870-åri budde han på Natafløtna på Gjelle, deretter ei tid i Haugamoen og på Vangen fyrr han kom til Nyre. Eirik var f. 1844, g. 1. 1866 m. Anna Sjursdr. Himle, 2. 1884 m. Kari Larsdr. Jernes. Eirik dreiv blekksmed-

--- side 185 ---

verkstad på Vangen til han vart vaktmann i kraftstasjonen åt Vossavangens Elektrisitetsverk og døydde 1913. Han hadde fleire born.

195. Indre Nyre.

Landkommisjonen har skrive i 1661 at det var to brukarar på Indre Nyre, at skyldi var 2 laup og at garden var lunnalaus. Skyldi var likeins 1723, og der var då berre ein brukar. Garden var sers lettbrukt, hadde vedaskog, ein liten humlagard, var årvand og hadde turr leirsandig jord. I 1838 vart skyldi 2 laup umskrivi til 5 dalar 2 ort 20 skill. Samanlikningstalet var 840. Der var då litt fureskog, turvande vedaskog og noko humla-avl.

Matrikkelen 1865 melder at der var 22½ mål åker, 13 mål dyrka eng, 25½ mål god, 86 mål medels natureng og 45 mål skrapebø. 6 mål høvde til dyrking. Medels sumarhamn, men ring vårhamn. Skog til husbruk. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 27,3 mål åker, 64 mål kunsteng og 11 mål natureng.

Folketalet var 19 i 1801, 13 i 1865 og 36 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Indre Nyre.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   9   6          
1723 2   13   9   17      
1865 2   20   32   53   40  
1918 5   17   40          

Vangens prestebol åtte 1661 18 mark, Munkeliv 3 spann, soknepresten i Eidfjord 1 laup. Sjur Ivarson og Halldor Torgautson var leiglendingar då og 1664. Vangens Fatighus åtte 1691 3 spann og Christen Weinwich 1 laup, men 1695 står Fatighuset som eigar av alt. Hermann og Jørgen var leiglendingar 1691, Jørgen og Olav 1695 og Olav Håvardson åleine i 1701. Han var f. 1654, g. m. Kristi Andersdr., som døydde 1744, 85 år gl. Olav var død fyrr. Dei hadde seks born: Anders f. 1684, g. 1714 m. Anna Knutsdr. Skutle, Gusskalk f. 1689,

--- side 186 ---

g. 1714 m. Gudve Eiriksdr. Lydvo, Håvard f. 1696, Per f. 1704, død 1778, Jorunn g. 1723 m. Magne Mikkjelson Rong og Torbjørg, g. 1726 m. Sjur Styrkson, husmann på Nyre.

Bruk 1. Indre Nyre. Håvard Olavson f. 1696, g. 1729 m. Brynhild Erlingsdr. Berge, var leiglending etter foreldri sine. Han døydde 1765, Brynhild 1769 og hadde borni: Olav, Ragna f. 1730, død ugift 1782, Rannveig g. 1755 m. Jon Sjurson Ronve, og Inga f. 1735, død 1807. Rannveig døydde 1768, 36 år gl. og hadde borni Marta f. 1755 og Rannveig f. 1757. Olav gifte seg 1767 m. Kari Nilsdr. Sonve og var leiglending etter foreldri sine. Kari døydde 1784, 43 år gl. og Olav 1801, 67 år gl. Dei hadde elleve born: Håvard f. 1768, Knut f. 1769, Erling f. 1771, Nils f. 1772, Eli f. 1773, Odd f. 1775, død 1795, Brynhild f. 1776, død fyre 1803, Kristi f. 1778, Anders f. 1779, g. 1817 m. enkja Kari Olavsdr. Ringheim, Ivar f. 1780 og Knut d. y. f. 1784, g. 1809 m. Mari Ivarsdr. Rene. Nils var skreddar. Knut og Erling arbeidde sers fine kjengjor og ausor og dreiv med tjørebrenning.

Håvard Olavson f. 1768, g. 1801 m. Anna Bjarnesdr. Gjelland, bygsla garden 1800 og 1801 av Vangens Fatighus. Anna døydde 1806 utan born og Håvard vart attgift 1822 med Borghild Ivarsdr. Glymme. Håvard døydde 1838 og Borghild 1885. Dei fekk fire born: Odd f. 1823, Anna f. 1826, g. 1848 m. Knut Olavson Kronstad, sjå bruk 9 av Prestegarden, Marta f. 1827, g. 1846 m. Olav Trondson Rong (Amerika), Ivar f. 1833, g. 1854 m. Brita Isaksdr. Nyre (Amerika).

Odd Håvardson f. 1823, g. 1845 m. Torbjørg Sveinsdr. Jernes, bygsla garden etter foreldri sine. Odd døydde 1870 og Torbjørg 1873, 47 år gl. Åtte born: Svein f. 1847, Lars f. 1850, g. 1870 m. Marta Knutsdr. Haug og døydde 1877, Nils f. 1853 (Amerika), Ivar f. 1855 (Amerika), Håvard f. 1858, g. 1885 m. Marta Styrksdr. Kvitno, gardmann på Kvitno, Knut f. 1860, død ugift 1882, Anders f. 1863, g. 1888 m. Anna Styrksdr. Kvitno, gardmann på Auro, Marta f. 1866, d. 1937. Svein gifte seg 1872 m. Ingebjørg Larsdr. Sonve og fekk 1873 kongeskøyte på garden som Vangens Enkjeheim åtte. Kjøpesumen var 1800 spd. og jordavgift 3 tunnor 4 skjeppor 2½ fjerdingkar bygg. Svein og Ingebjørg fekk borni: Odd f. 1873, Lars f. 1875, g. 1895 m. Brita Brynjulvsdr. Nesheim, Håvard f. 1877, g. 1901 m. Maria Knutsdr. Helland, Nils f. 1880, g. 1908 m. Kari Larsdr. Selheim og døydde 1930, Torbjørg f. 1883, g. 1902 m. Olav Endreson

--- side 187 ---

Brekku, Knut f. 1886, død ugift 1920 og Maria f. 1889. Svein døydde 1890.

Etter at Svein hadde selt bruk 2-5 som vart skilt frå bruk 1, selde han det i 1893 til Nils Styrkson Fjose for 6000 kronor. Nils var f. 1841, g. 1892 m. Kristi Larsdr. Hylle. Han dreiv i lengre tid med hestahandel, var med og skipa Voss Ullvarefabrikk og var med i styret. Han døydde 1922 barnlaus. Brorsonen Nils Åmundson Fjose fekk 1916 skøyte på garden for 4000 kronor. Nils er g. m. Anna Josefsdr. Lid.

Indre Nyre var fyrr mtrnr. 196, lnr. 377 med gamal skyld 2 laup, urevidert 5 dalar 2 ort 20 skill., revidert 5 dalar 1 ort 1 skill. Ny skyld mark 7,59.

Bruk 2. Arnfinnshaugen. Utskilt 1879 frå bruk 1. Skyld 17 øre. Selt til Steffa Knutson Haug. Han er f. 1857, g. 1877 m. Ingebjørg Larsdr. Lunde og har drive mykje med murararbeid. I 1937 har sonen Steffa fått skøyte på eigedomen for 5000 kronor.

Bruk 3 og 5 er umtala i band 1, boki um Vossavangen.

Bruk 4. Indre Nyre. Utskilt 1878 frå bruk 1 med skyld mark 3,64 og selt til David Halleson Prestegård for 1740 spd. Han hadde hotell og handelsforretning på Vangen, og er umtala i band 1 um Vossavangen tuft 73. Sonen Nils som og er umtala der, fekk 1926 skøyte på garden. Han er f. 1874 og g. m. Marta Josefsdr. Lid.

Bruk 6. Indre Nyre. Skilt ut frå bruk 1 i 1893 med skyld 16 øre. Enkja etter Svein, Ingebjørg Larsdr., selde det 1920 til sonen Odd, som atter selde 1926 til Olav E. Brekku, umtala ovanfor.

Bruk 7. Indre Nyre. Skilt ut i 1893 frå bruk 1 med skyld 8 øre og selt til Eirik Torgeirson Kvåle, som 1919 let det til Torgeir, son sin.

Husmenn på Nyre.

Ved Vosso var to husmannsplassar på Nyre kalla Hỳlen. Sjur Styrkson, g. 1726 m. Torbjørg Olavsdr., budde på det eine, der dei fekk borni: Styrk f. 1726, Marta f. 1728, g. 1753 med Lars Gusskalkson Klyve etter kongelegt løyve då dei var syskinborn, Ingebjørg f. 1732, g. 1770 m. Rasmus Vikingson Rykke, og Torbjørg f. 1757, g. 1778 m. Knut Torkjelson Brekku, f. på Øvre Fenno 1750. Sjur døydde 1766, 64 år gl. og Torbjørg, kona hans, 1752, 60 år gl. Sjur har soleis vore attgift.

--- side 188 ---

Knut og Torbjørg budde og på eine Hỳlaplasset der Knut døydde 1822 og Torbjørg 1821. Dei fekk fem born: Guro f. 1779, g. m. Torstein Sveinson Gjelle, Erling f. 1781, Torbjørg f. 1783, død 1859, Kari f. 1786, g. m. Arne Hallvorsson Løstad i Bergen og Ingebjørg f. 1789, g. 1824 m. Per Styrkårson Rygg. Per og Ingebjørg hadde føringi over Vosso frå austsida. Per døydde 1837, 42 år gl. og Ingebjørg 1859. Ho var den siste på Hỳlaplasset som dreiv med føring og var vanleg kalla Hỳlo. Per fekk i 1830 10 spd. i mulkt for å ha selt brennevin. Dei hadde borni Marta og Knut f. 1826, g. 1850 m. Brita Rasmusdr. Mølster. Ho døydde 1852, 60 år gl. og hadde dotteri Ingebjørg.

Lars Andersson f. 1759, g. m. Anna Olavsdr. hadde 1801 borni Ingebjørg, Anders, Knut, Tormod og Olav, f. 1784-1799. Lars Andersson f. 1790, g. 1. 1818 m. Marta Monsdr. Lunde, 2. 1822 m. Ragnhild Davidsdr. Saude, budde på eine Hỳlaplasset. Lars var sylvsmed og i sine unge dagar ei fæl slåsskjempe. Han døydde 1837 og Ragnhild vart attgift 1845 m. ekm. korporal Lars Bergslien. Ragnhild døydde 1886 og hadde med Lars sju born: Gudleik (Amerika), Anders f. 1826, g. m. enkja Guro Davidsdr. Jernes, David f. 1824, g. m. Brita Larsdr. Tren, husmann på Tveito, Knut, Eli, Lars og Nils, f. 1828- 1836. Knut, Eli og Lars døydde ugifte. Lars var skreddar og Nils snikkar i Stavanger. Endre Endreson, g. m. Anna Aslaksdr., fekk borni Aslak f. 1824 og Eirik f. 1827. Mons Johannesson Haugo feste 1829 «eit lite plass» på Nyre.

Stølen.

I matrikkelen 1723 er sagt at det var 12/3 mil til stølen åt Ytre Nyre og 1¾ mil til Indre Nyre sin støl. Nyresstølen heiter Løkjane og ligg ytst på Bordalen ovanfor stølen Haugamodn. Løkjane er og nemnde på Haugo. Ein mann på Lydvo som ikkje hadde støl, bygde Steinselet dei kalla, på Steinset, millom Løkjane og Ålvik sin eigedom og brukte beiti åt Ålvikjarane og Nyrane. Knut Gjelle kjøpte stølen og selde til Ålvikjarane, og dei selde att til Voss Reinsdyrlag. Utanfor Løkjane ved buvegen til Botnen er ein stor stein kalla Presten. Borni som går forbi steinen skal «ofra» til han ved å kasta ein stein burt på han.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala i 1723, men i 1776 og 1791 var der ein flaumkvern. Bruk 2 Ytre Nyre hadde kvern i Nyresgroæ og bruk 1 i Sonvesgroæ. Der hadde Indre Nyre og kvern, men alle er burte no.

--- side 189 ---

Offentlege forretningar.

Forretning 1734. Semje 1828 um ikkje å halda geiter. Utskifting 1829 på Løkjane. Utskifting 1865. Merkeskilforretning 1865 millom stølsbeiti åt Nyre og Rong. Utskifting 1887. Godviljug utskifting 1908 av Maksam. Kontrakt 1913 um skjotebane i Ronveshagen. Kontrakt 1924 um telegrafline. Haugamodn og slåtteteigen Tvangen vart ikkje tekne med ved utskiftingen i 1887. Etter utskiftingen flytte bruk 1 Ytre Nyre husi sine vestover og bruk 4 Indre Nyre flytte husi same leid til Jernesmerket.

Bumerke.

Knut 1712 tavle 8 nr. 6, litt brigda mange gonger 1714-1729 og mykje brigda 1716 og 1723. Olav 1719, 1727, 1729 t. 8 nr. 7. Håvard 1733 og fleire gonger 1751 t. 8 nr. 8. Olav Håvardson fleire gonger 1776-1785 t. 8 nr. 8. Per 1743 t. 8 nr. 9 Eirik 1767 t. 8 nr. 10, brigda på to måtar 1767, 1779. Olav 1774 t. 8 nr. 11. Olav Sveinson 1778, 1786 t. 8 nr. 12, mykje brigda 1783.

Ymse.

Som nemnt på Haugo eig alle åtte hovudbruki på Haugo og Nyre Svelgane ved merket mot Granvin og likeins slåtteteigen Tvangen. Han vart teken av utmarki i 1854 og lagd til innmarki. Nokre som vart tvinga til å vera med på det, kalla teigen for Tvangen som no er det vanlege namn. Nyre har skogteigen Maksam som ligg millom Jernesstølen Smågiljane og Finnesteigstølen Rapjane.

Den eldste ferjestad ved Vosso var Hỳlen på Nyre sin eigedom, der dei førde over Vosso til Hestabakken på Prestegarden, og der dei på Hestabakken førde over til Hỳlen. Seinare vart ferjestaden lenger nede der han no er. - Kristi Olavsdr. Nyre har 1848 dikta ei vise på 32 vers som er i Finneloftet.