Nyre.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 292 ---

Av Ytre Nyre, gardsnr. 194, og Indre Nyre, gardsnr. 195, er det to teigar som ligg innanfor grensa av Bygningskomunen. Den eine (gardsnr. 194, bruk 3, 4, 5, 8, 9, 11, og gardsnr. 195, bruk 3) ligg ved Raundalselvi millom Bryna- og Haugamerket. Den andre (gardsnr. 194, bruk 6, 10 og 12) ligg ved Vosso nedanfor hovudbruki på Nyre.

Tufter av Ytre Nyre. Gardsnr. 194.

Hovudbruki, bruk 1 og 2, ligg utanfor Bygningskommunen. Bruk 1 fekk Nils Larsson Nyre skøyte på hjå far sin i 1906. Lars hadde kjøpt garden i 1868. Skyldi er no mark 3,79. Bruk 2 fekk Isak Larsson ved skifte etter foreldri sine 1887. Skyldi er no mark 3,29. Frå desse bruki er utskilt nedanfor nemnde eigedomar innanfor Bygningskommunen:

Bruk 3. Nyland. Skilt ut frå bruk 2 i 1888 med skyld 12 øre og selt til Knut Oddson Eide. Han selde i 1914 til Anders O. Fjose, som skilde ut bruk 9 og 11. Skyldi er no 10 øre. Sjå bruk 14 av Indre Haugo.

Bruk 4. Lundheim. Skilt frå bruk 1 og 2 i 1902 med skyld 4 øre og selt til Gusskalk N. Berge, som bygde og budde der til dess Eidesbanen oreigna eigedomen. Torgeir Bryn kjøpte huset og flytte det til sin eigedom på sørsida av Hardangervegen.

Bruk 5. Skogheim. Utskilt frå bruk 1 i 1910 med skyld 5 øre og selt til Ingvald O. Belgum, som bygde stovehus der. Han er steinarbeidar, f. 1876, og gm. Ingebjørg Larsdr.

Bruk 6. Flatabø. Skilt frå bruk 2 i 1913 med skyld 40 øre og selt til Torleiv O. Belgum, som har bygt stove og uthus der. Han driv med køyring, er f. 1869, og gm. Brita Larsdr. Rokne.

Bruk 8. Venheim. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1920 og selt til O. K. Bjerke. Nils L. Nyre og Olav J. Opeland eig det no.

--- side 293 ---

Bruk 9. Elvely. Skilt frå bruk 3 i 1921 med skyld 1 øre og selt til Petter Pettersen, som bygde stove der. Vevmeister Gerhard Davidsen har kjøpt eigedomen, er f. 1885 og gm. Elfrida Albricht.

Bruk 10. Brattheim. Skyld 14 øre. Skilt ut frå bruk 2 i 1923 og selt til lærar Tormod Vinsand, som bygde bustadhus der. Han er f. 1894 og gm. Kristi Brynjulvsdr. Ringheim.

Bruk 11. Moheim. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 3 i 1929 og selt til Karl Hansen, som har bygt og bur der. Han er anleggsarbeidar, f. 1882 og gm. Gjertina L. Ulvund.

Bruk 12. Jørgensteigen. Utskilt frå bruk 2 med skyld 2 øre og ervefest i 1930 til lærar Jørgen Kildal. Han har bygt bustadhus der, er lærar på Kunsthandverkskulen, er f. 1898, og gm. Henriette Lærum.

Johan N. Bryn fekk feste på ei tuft av bruk 1 ved Bordalsvegen og bygde stovehus. Voss fatigvesen eig det no.

Tufter av Indre Nyre. Gardsnr. 195.

Hovudbruki, bruk 1 og 4, ligg utanfor Bygningskommunen.

Bruk 3. Frå bruk 1 er i 1879 utskilt ein teig ved Brynamerket med skyld 15 øre og selt til Lars N. Møn. Sonen Lars Møn fekk eigedomen og selde han 1918 til handelsmann Nils K. Bergo. Sjå bruk 69 av Prestegarden.

Bruk 5. I 1879 var ogso skilt ut frå bruk 1 ein teig som vart bruk 5 med skyld 30 øre og selt til Knut O. Kronstad. Han selde att 1912 til sonesonen Knut Andersson Kronstad.

Denne upprekning av eigedomane på Vangen syner at det på Ålmenningen er 30 matrikulerte bruk, på Prestegarden 104, på Finne 25, på Ullestad 43, på Lekve 220, på Rogne 102, av Mølster 1, av Ringheim. 10, av Tvilde 1, av Bryn 2, av Haugo 86, og av Nyre 9. Hertil kjem nokre eigedomar som ikkje er matrikulerte, so det i det heile er ikring 650 serskilde eigedomar på Vangen.