204. Olde.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 268 ---

Namnet er i 1333 skrive i Aulldini. Det vert no sagt Òldè2; han búr pao, è tao Òldè, ska tì Òldés, sms. Òldésbakkjén. Namnet er samansett med vin (beite). Fyrelekken er truleg ei olda, bylgje, kjelde, hole, trog. (Olda er namn på ei kjelde på Hegg.)

Olde er 1661 og 1723 ført upp med skyld 3 laup 1 spann og ein brukar. Garden var lunnalaus er det sagt i 1661. Der var humlagard og turvande brennefang, heiter det 1723. Garden var årvand og sers lettbrukt. Skyldi var likeins 1838 då ho vart umskrivi til 10 dalar 10 skill. Der var turvande vedaskog og to brukarar. Samanlikningstalet var 1520.

Matrikkelen 1865 melder at der var tri brukarar, 32 mål åker, 101/3 mål dyrka eng, 41 mål god, 66 mål medels natureng og 74 mål skrapebø. 13 mål høvde til dyrking. Hamnegangen var ring. Bruk 1 og 2 hadde vedaskog og noko timber og bruk 3 hadde skog til husbruk. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 35,5 mål åker, 46 mål kunsteng og 10 mål natureng.

Der budde 17 menneske i 1801, 16 i 1865 og 21 i 1920.

--- side 269 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Olde.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   9   12          
1723 2   23   24   26      
1865 3   27   60   70 ½ 60  
1918 3   24   54          

Olde
Bilete 32. Olde. Fot. P. Braaten 1933.

Lensmann Borghar og to menn på Voss kunngjorde 1333 (DN III nr. 170) at Torstein og Ingebjørg, kona hans, avstod til Sigurd på Håheim 5 spann i Frøyen og 1 spann i Indre Kvipne i Odda, Hardanger for 5 mmb. i Olde. Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangens prestebol åtte ½ laup på Olde. Bjarne var leiglending 1521 og betalte 5 mark i skatt og 8 mark i breffbrot. Laurits budde der 1563. Rekneskapen for Vangskyrkja 1585-1616 syner at ho fekk 1½ aske korn og 1 spann smør i landskyld frå Olde. Endre var leiglending 1603, Eiliv og Anders Lauritsson 1611 og Laurits, Eiliv og Anders i 1614.

--- side 270 ---

Eiliv åtte 3 laup jordgods 1603 og 6½ laup i 1611. Anders åtte 1611 2 laup 4 mark på Eide.

Leidangsboki 1624 melder at leidangen var ½ laup smør og 2 bukkskinn. Ryttarskatt vart 1627 lagt på Olde. Anders var brukar 1621 og 1629 og var g. m. Søndue Øilufsdr. Han åtte 1621 2 laup 4 mark på Eide, 1 laup 1 spann på Leiddal, 12 mark på Tundal, 3 laup 1 pund på Olde, 1 pund på Ukvitno, 1 spann på Stora Saude og 1 spann på Melland. Som odelsskatt betalte då Anders 3½ dalar 142/3 skill. Anders selde 1622 1 pund på Ukvitno til Isak Sjurson Lunde og kona hans, Guri Oddsdr., for 12 rd. og 1½ rd. i skøytekostnader. Torgeir Arneson, g. fyrr 1645 m. Gunnvor, er skriven som leiglending 1635, 1639 og 1645. Dei hadde dotteri Ågota og tenestedrengen Mons. Der budde og ei huskone Rannveig Eilivsdr. Torgeir åtte 1635 3 laup 1 spann. Ei enkje er 1635 og 1642 skrivi som eigar av 3½ laup.

Rannveig åtte 1652, 1655 og 1659 2 laup, Torgeir 1 laup og Vangskyrkja 1 spann. Ho fekk 1654 etter kyrkjerekneskapen 1½ aske korn og 9 merker smør i landskyld. Rannveig budde 1652 og 1655 på eige odelsgods og åtte 1652 1 laup i Leiddal og 1655 3 laup. Ho har 1663 selt noko jordgods på Eide. Torgeir budde og på eige odelsgods åri 1652-1659 og åtte 1 spann på Håtveiti. Nils var tenestedreng i 1655. Jon var 1659 leiglending saman med Torgeir. Brukaren 1661 og 1664 heitte Torgeir Bårdson. Eigarane er då ikkje nemnde. Olde er ført upp under Apostelgodset 1676 og 1680. Torgeir åtte 3 laup i 1691, og Vangskyrkja som fyrr 1 spann både då og 1695. Sjur Hylle var 1695 eigar av ½ laup og brukaren Torgeir 2½ laup. Han brukte heile garden både 1691 og 1695. I folketeljingi 1701 er Helge Jonson skriven som leiglending på heile garden.

Anders, som er umtala ovanfor, var son til Laurits, leiglending i 1563 og var g. m. Rannveig Eilivsdr. Ho og Anders har 1622 gjeve skøyte (på skinnbrev) på 1 pund i øydegarden Ukvitno i Viki til Isak Sjurson Lunde og kona hans, Guri Oddsdr. for 12 gode riksspesiedalar og ½ riksdalar i skøytekostnad. Guri var i slekt med Rannveig. Den fyrr umtala Gunnvor g. fyre 1645 m. Torgeir Arneson var visst dotter til Anders og Rannveig. Då Gunnvor døydde, vart Torgeir attgift med Eli Torgisdr. Gjelland. Han er skriven som lagrettemann fleire gonger 1649-1677 og var med og samtykte 1663 i at stølshusi på Krossaset skulde rivast.

--- side 271 ---

Torgeir hadde fem born: Torgeir, Eirik f. 1655, g. m. enkja Eli Mattisdr. Vinsand, leiglending på Vinsand, Bård, g. m. Helga Persdr., brukar på Fenno, Knut f. 1665, g. m. Sigrid Nilsdr., budde på Nyre, og Gjertrud, g. m. Knut Olavson Skutle. Torgeir Torgeirson gifte seg m. Marta Magnusdr. f. 1653 og døydde 1697. Ved skifte etter Torgeir åtte dei 2 pund 7 mark. Dei hadde fem døtter: Gudve f. 1677, g. 1. m. Trond Person Gjelland, 2. 1715 m. Knut Arnbjørnson Gjelland, Gunnvor f. 1680, g. m. Olav Nilsson Vetla Rokne, Sigrid f. 1683, g. 1. m. Torbjørn Herre, 2. 1711 m. Bjarne Andersson Nedre Herre, Marta f. 1686, g. 1722 m. Brynjulv Larsson Gjukastein, og Åsa f. 1692, g. m. Lars Jakobson Helleve. Ho Marta, enkja etter Torgeir, vart attgift med Helge Jonson og døydde 1727.

I 1714 var det desse eigarar: Vangskyrkja 18 mark, Eirik Vinsand 1 pund, Knut Nyre 2 pund 6 mark, Olav Fenno 1 pund 6 mark, Halldor Tveito 17 mark og brukaren Helge 1 laup 19 mark. Han brukte heile garden frå 1698 og fekk 1720 ny bygslesetel på 1 laup 3 spann 9 ½ mark. I 1732 kjøpte Helge 26¾ mark av Lars Jakobson Vetla Rokne, Olav Vetla Rokne og Torgeir Trondson Olde. Brynjulv Arnfinnson og Styrk Jakobson Væte skøytte 1732 2 pund 18 mark på Olde til Styrk Brynjulvson.

Helge vart attgift 1731 m. Guri Eiriksdr. Fære og døydde 1754, 82 år gl. Ho Guri gifte seg att 1760 m. ekm. Knut Johannesson Lofthus. Helge var lagrettemann 1723 ved matrikuleringen. Han fekk tri born: Jon f. 1732, Marta, g. 1752 m. Åmund Arneson Rene, leiglending på Lofthus og Eirik f. 1738, g. 1775 m. enkja Kristi Arnesdr. Nedkvitno. Jon gifte seg 1757 m. Brita Larsdr. Tillung og fekk 1752 skøyte frå far sin på 1 laup 1 pund 11¾ mark. Brita døydde 1785, 511/3 år gl., og Jon 1800. Dei hadde fem born: Helge f. 1759, Sigvor f. 1761, g. 1794 m. Knut Larsson Øvre Himle, Lars f. 1765, g. 1789 m. Andri Larsdr. Øvre Auro, Gudleik f. 1768, Eirik f. 1772. Helge fekk 1787 skøyte på 1 laup 1 pund 11¾ mark og overbygsli til 9 mark som Vangskyrkja åtte. Sjå vidare bruk 1.

Brynjulv Larsson Gjukastein bygsla 1723 1½ laup 9 mark av Helge Olde og Jørgen Lirhus som åtte halvparten kvar. Brynjulv vart g. 1. 1722 m. Marta Torgeirsdr. Olde, 2. 1727 m. Gjertrud Jonsdr. Kvåle. Brynjulv fekk ikkje born med Marta. Torgeir Trondson Gjelland kjøpte 1731 1 laup 18 mark av Bjarne N. Herre og Olav Vetla Rokne og bygsla 1732 1 spann av

--- side 272 ---

Ivar Lirhus. I 1743 kjøpte Torgeir 18 mark og åtte då ialt 1½ laup. Han var f. 1699, g. m. Ingjerd Oddsdr. Nedre Himle. Torgeir døydde 1763 og Ingjerd 1778, 73½ år gl. Dei hadde to born som vart vaksne: Trond f. 1740 og Per f. 1744, og fem døydde som born. Tri av dei i alderen 1-7 år vart gravlagde tridje sundag i faste 1739. Trond fekk 1762 skøyte frå far sin på 1 laup 18 mark og døydde ugift 1764. Per, bror hans, fekk då skøyte på 1½ laup.

Per Torgeirson f. 1744 gifte seg 1765 med Sigvor Torbjørnsdr. Tvilde. Han døydde 1794, ho 1814, 70 år gl. og hadde fem born: Torgeir f. 1766, Trond f. 1768, død 1837 ugift, Torbjørn f. 1770, Ingjerd f. 1776, g. 1805 m. Knut Knutson Tvilde, Sjur. f. 1783, g. 1809 m. Ragnhild Knutsdr. Rong, gardmann på Gjerdskvål. Torgeir fekk 1789 skøyte frå far sin på 1½ laup. Framhald bruk 3.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Olde. Helge Jonson fekk som fyrr umtala bruk 1 i 1787. Han var f. 1759, g. 1793 m. Inga Bårdsdr. Rokne f. 1769 og døydde 1842. Inga døydde 1848, 79 år gl. Fire born: Brita f. 1794, g. 1816 m. Knut Eirikson Rjodo, Jon f. 1800, Gudve f. 1808, død ugift 1876 og Bård f. 1812, g. 1850 m. Gjertrud Olavsdr. Vivås. Jon fekk 1825 skøyte på bruk 1 og gifte seg same år med Barbrå Arnesdr. Urdland. Dei fekk borni: Tvillingane Inga og Ingebjørg f. 1826 og Gudve f. 1830. Inga gifte seg 1856 m. Arnfinn Jonson Græe og Ingebjørg i 1851 m. Nils Toraldson Bidne. Jon selde 1839 halve garden, som vart bruk 2? til Lars Larsson Dukstad for 500 spd. Det som var att av bruk 1, selde Jon i 1845 til Viking Olavson Urdland. Jon døydde 1846 og Barbrå 1855, 70 år gl.

Viking var f. 1822 og gifte seg 1845 m. Ingjerd Mikkjelsdr. Jerald. Dei fekk borni: Barbrå f. 1846, Olav 1849, Mikkjel f. 1853, Synneva f. 1856 og Svein f. 1859. Viking selde garden 1862 til Olav Ivarson Rokne for 950 spd. og reiste til Amerika. Olav var f. 1836, g. 1859 m. Guro Johannesdr. Vangen, Rokne, og fekk fem born: Brita f. 1861, g. 1883 m. Olav Olavson Himle f. 1855, Ivar f. 1865, Maria f. 1870, g. 1904 m. Anders Knutson Bokkatun, husmann, Johannes f. 1875 g. m. Malina Johannesdr. Himle, sjå bruk 5 Øvre Himle, og Brita f. 1879. Olav døydde 1923 og Guro 1918. Ivar gifte seg 1889 m. Inge-

--- side 273 ---

bjørg Knutsdr. Sonve og fekk same år skøyte på farsgarden for 2000 kronor. Ivar døydde 1923 og sonen Knut fekk 1931 garden for 5000 kronor.

Bruk 1 rar fyrr mtrnr. 206, lnr. 406 med gamal skyld 1 laup 1 pund 21 mark, urevidert 2 dalar 2 ort 14 skill., revidert 2 dalar 20 skill. Ny skyld mark 3,16.

Bruk 2. Olde. Som fyrr nemnt kjøpte Lars L. Dukstad bruk 2 i 1839. Han var g. 1835 m. Anna Sjursdr. Dukstad og var då skriven for Vinjo, 27 år gl. Dei fekk på Dukstad og Olde borni Brita f. 1839, Lars f. 1841 og Kari f. 1843. Bård Helgeson Olde søkte på odelen og fekk 1843 skøyte på garden for 625 spd. Han var, som fyrr nemnt, f. 1812 og g. m. Gjertrud Olavsdr. Vivås. Han døydde 1890 og Gjertrud 1892. Dei hadde tri born: Eirik f. 1850, Olav f. 1853 og Knut f. 1856, g. 1889 m. Synneva Olavsdr. Hornve. Eirik vart g. 1879 m. Gjertrud Nilsdr. Fære og fekk farsgarden. Han døydde 1928. Sonen Olav f. 1879 fekk 1914 skøyte på garden for 2000 kronor. Han selde att 1927 til Torstein Knutson Himle for 5500 kronor. Torstein er f. 1890 og g. m. Ingebjørg Eiriksdr. Olde, som er død.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 206, lnr. 406 b med urevidert skyld 2 dalar 2 ort 15 skill., revidert 2 dalar 20 skill. Ny skyld mark 3,16.

Bruk 3. Olde. Torgeir Person fekk som fyrr umtala 1½ laup i 1789. Saman med 9 mark som Vangskyrkja åtte vart det bruk 3. Torgeir gifte seg 1796 m. Marta Nilsdr. Fære f. 1765. Ho døydde 1818 og Torgeir 1840. Dei fekk fire born: Per f. 1798, Brita f. 1801, død ugift 1832, Nils f. 1807, død 1852 og Ingjerd. Per fekk 1826 skøyte frå far sin på garden og gifte seg 1827 m. Ingebjørg Olavsdr. Flatekvål. Ho var sers flink til å veva og sy kvitsaum. Per døydde 1840 og Ingebjørg 1864, 61 år gl. Dei hadde sju born: Torgeir f. 1828, Olav f. 1829 (Amerika), Torbjørn f. 1830 (Amerika), Johannes f. 1832, Marta f. 1834, g. 1873 m. Ivar Nilsson Gjelland, Barbrå f. 1836, g. 1865 m. Anders Andersson Kvitno og Sigvor f. 1838, g. 1864 m. Ivar Gudleikson Tillung. Olav var med i borgarkrigen i Amerika. Ved skifte etter Per vart hans eigedom på Olde taksta 720 spd. og bruttomidelen var 942 spd.

Torgeir gifte seg 1854 med Marta Larsdr. Sonve og fekk garden på skifte etter far sin i 1840 for 620 spd. Marta døydde 1855 og Torgeir let 1862 garden til Johannes, bror sin, for

--- side 274 ---

800 spd. og reiste til Amerika. Johannes vart g. 1866 m. Marta Gudleiksdr. Tillung. Han døydde 1891 og Marta 1916. Dei hadde tri born: Per f. 1870, Ingebjørg f. 1879 og Gudleik f. 1883. Per vart g. 1892 m. Brita Olavsdr. Auro f. 1867 og fekk 1903 skøyte på farsgarden for 2500 kronor. Per var nokre år i Amerika. Deira son Olav fekk 1921 garden for 8000 kronor. Han er f. 1893 og g. m. Brita Knutsdr. Jernes.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 206, lnr. 407 med gamal skyld 1 laup 1 pund 21 mark, urevidert 5 dalar 5 skill., revidert 4 dalar 1 ort 17 skill. Ny skyld mark 6,32.

Husmenn.

Torgeir Trondson, g. m. Ingjerd Oddsdr., hadde plass fyrr han 1732 kjøpte garden. Ivar Nilsson Gjelland f. 1849 g. m. Marta Persdr. Olde fekk plass og bygde der. Dei fekk borni Nils f. 1874 og Ingebjørg f. 1878. Ivar dreiv fleire år med hellearbeid. Dotteri Ingebjørg har plasset. Nils Bjarneson Herre hadde stove på Olde. Han var f. 1852, g. 1883 m. Kari Larsdr. Saude og døydde 1916. Ho døydde 1931. Nils var smed og arbeidde sers gode ljå. Olav Olavson Himle f. 1855, g. m. Brita Olavsdr. Olde, nemnd ovanfor, feste jordstykke av alle tri bruki og bygde på bruk 1. Olav døydde 1928 og enkja bur der no.

Støl.

Stølen var 1 mil frå garden er det sagt i 1723. Olde har støl på Helgaset i sør for Grønlidvatnet.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala 1723, men i 1776 og 1791 var der to. Alle tri bruki har havt kvern i Kjøtlo.

Offentlege forretningar.

Sak 1775 mot Gjelland og 1804 med Fære um skog. Semje 1828 um ikkje å halda geiter. Utskifting 1841. Odelssak 1843. Utskifting 1865. Semje 1888 um gjerde. Utskifting 1930. Etter denne utskiftingen flytte alle tri bruki husi sine.

Bumerke.

Helge 1713, 1725 tavle 8 nr. 51. Torgeir fleire gonger 1740-1757 t. 8 nr. 52.

Ymse.

Fleire av gardamennene på Olde og Himle har saman ei utslåtte kalla Liæ i Færesmarki. - Helge Jonson fekk 1713 teke upp tingsvitne der det er upplyst at um sumaren hadde det vore lauseld og fleste husi med innbu og avling hadde gått med. - I ein gravhaug var 1853 funne fire spenne, to nåler, ein ring, ein tolvkanta knapp og ein smøgjestol, alt av massing, nokre små ting av sylv og to jakslar av menneske. Torgeir Person, som var f. 1828, grov ut Skaonarhaujen og fann ei leir-

--- side 275 ---

krukke og nokre små jarnstykke av hestamilar som Bergens Museum fekk. Gravhellone var ikring 6x2 alner. Der var so mykje stein at han fekk nok til veiter på ei myr ikring 6 mål stor.

Segn.

Gamle folk fortel at etter det dei har høyrt skal Olde vera eldste garden på Bordalen. I Skaonarhaujen skal vera gravlagd ein som heitte Skaonar som skulde vera bror åt Kola Gjelle, Torald Tillung, Verold Jerald og Hallbjørg Græe.