113. Osgjerd.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 220 ---

Namnet vert i 1563 skrive Odalsgjerde. Det vert no sagt Ósjèr1 og 2; han búr pao, è tao Ósjèr, ska tì Ósjèrs. Namnet er samansett av gn. óðal n. (odel) og gjerde (inngjerding).

Osgjerd er av landkommisjonen i 1661 ført upp med 1 laup 2 pund 6 mark i skyld. Garden har vore einbølt til 1921. Der var vedaskog og humlagard. I 1723 var det same skyldi og humlagard, men lite vedaskog. Garden var tungvinn, hadde kald jord og det var ymist med kornavlingi. I 1838 er sagt at der var god humlagard. Samanlikningstalet var 600. Skyldi var framleies 1 laup 2 pund 6 mark, som då vart umskrivi til 3 dalar 4 ort 20 skill. Matrikkelen 1865 upplyser: Der var 12½ mål åker, ikkje dyrka eng, men 19 mål god, 31 mål medels natureng og 28 mål skrapebø. 4 mål var skikka for uppdyrking. Der var ring hamnegang, turvande vedaskog og noko lite timberskog. Garden var medels lettbrukt, dyrka som vanleg og lunnalaus. Ved uppteljingi 1918 var der 12,1 mål åker og 10 mål kunsteng.

Det budde 9 menneske på Osgjerd i 1801 og 8 i 1865. I 1920 er ikkje ført nokon upp.

Fødnad og avling (i tunnor) på Osgjerd.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   11   10          
1723 1   12   12   14      
1865 1   10   25   30   32  
1918 1   6   14          

Fylkeslækjar Birger Lærum som kjøpte Osgjerd i 1921, har dyrka mykje og gjort ymse betringar elles på garden. Han

--- side 221 ---

har soleis dyrka upp 26 mål. Fyrste året fødde han 1 hest, 4 storfe og 15 småfe. I 1927 var det 1 hest, 15 storfe og 18 småfe, og dei avla 85 tunnor potetor, mykje rotfrukter og grønsaker.

Fyrste busitjaren på Osgjerd som me har namn på, er skriven for Ingell på Odelsdegren i 1521, då han betalte 16 lodd sylv i skatt. I manntalet 1563 er førd upp Knud po Odalsgierd med 1 dalar i skatt. Halldor budde der i 1591 og 1611. Siffuard var leiglending i 1603, 1611 og 1614. I 1611 åtte Siguardt 30 mark i garden og betalte ½ mark 7 skill. i odelsskatt, og har i 1614 betalt 1 dalar i leiglendingsskatt. Jon var leiglending 1621 og betalte 1 dalar i leiglendingsskatt. Ei enkje åtte ½ laup i Øvre Skutle og betalte 1 mark i odelsskatt. Leidangsboki for 1624 melder at leidangen på Osgjerd var 9 mark smør og 1 geitskinn.

Sverkve Bø var eigar av 3 spann i Osgjerd i 1621, 3½ laup i 1629 og 1635 og 2½ laup i 1636. Han er umtala på Bjørku og Bø. Ei bok um Taklaætti av L. Kindem, som er i Bergens Statsarkiv, byrjar med Sverkve som ættefar. Sverkve Osgjerd vitna for retten i 1669. Jon har i 1636 som tenestdreng betalt pendingsskatt med 1 ort. Bård Tormodson er skriven som einebuar mange gonger i tidi 1640-1664. Han var g. m. Apellone som truleg var dotter åt fyrr nemnde Sverkve, og hadde i 1645 tenestgjenta Jorunn og huskona Berete. Bård hadde ein son Sverkve f. 1664. I 1655 var Bård og ei enkje brukarar. Ho budde på eige jordgods 3 spann.

I 1652 og 1655 åtte Nils Thyfflåe 1 laup og Marta Thyfflåe 3 spann, men i 1659 og 1661 eig Torkjel Uppheim i Ulvik 1 laup og Bård Osgjerd 3 spann. Torkjel hadde bygsleretten til alt. Anders, son hans Torkjel Uppheim, har ått Osgjerd i 1676, for då bytte han med Sjur Torgeirson uti Møn, men i 1679 har Sjur kjøpt Møn attende. Denne bytehandel gjorde nok Sjur for å sikra seg mot odelstrette på Møn frå Lars og Knut Nesheim, Reppen. Dei åtte Osgjerd i 1680. I 1691 og 1695 er Eirik brukar av heile garden og eig 1 laup 1½ mark i han. Lars Ygres born åtte då 2 pund 4½ mark i Osgjerd. Ryttarskatt var lagt på odelsgodset med 2 mark 10 skill.

Ved folketeljingi 1701 er Knut Olavson f. 1661 einebrukar og eig noko i garden. Kommissarius F. Broderson stemnde i 1711 og 1712 Rognald Skiple for overfall på Knut Osgjerd

--- side 222 ---

andre påskedagen ved kyrkja, og det vart vitna at «Rognald var Knuts mester». Dei vart forlikte. Knut bytte ikring 1712 med Kåre Rasmusson Tveito, som då kom til Osgjerd. Han var g. m. Eli Hallesdr. og dei fekk 1715 dotteri Sigrid. Kåre vart stemnd til tings i 1713 for di han ikkje hadde betalt fyrste bygsel til Odd Lunde for 26½ mark, som Odd åtte i Osgjerd. Garden er i Odelsskattemanntalet 1714 førd upp med skyld 1 laup 2 pund 6 mark. Derav åtte Kåre 2 pund 12½ mark, Knut Osgjerd og Odd Sonve 1 pund 2¼ mark og Knut Repål 13 mark.

Ivar Sjurson Rjodo har i 1718 kjøpt av Kåre 1 laup 1½ mark i Osgjerd, 6 mark i Lien og 2 mark i Røyrlidi og samstundes bygsla av Nils Bø og Odd Lunde 1 pund ¾ mark hjå kvar i Osgjerd. Kåre flytte til Tillung, der verfaren Halle vilde avstå garden til Kåre. Nils Knutson Bø skøytte i 1732 13 mark til Borghild Oddsdr. Lunde. Ivar kjøpte 1740 av Nils Gudleikson Vike ½ laup 3¼ mark og av Olav Rekve 13¼ mark i Osgjerd. I nødsåri var almebork ei kjærkomi hjelp i matvegen. Men alm var det ikkje mykje av. Ivar planta ikkje so lite alm. Ivar vart stemnd i 1732 for di han hadde overfalle og fare ille med Anders Hylle i likferd på Bokkatun, so han miste hår og skjegg.

Ivar var f. 1693 av foreldri Sjur Oddson Gjelle og Anna Eiriksdr., gardmannsfolk på Rjodo, og g. m. enkja Inga Bårdsdr. Jernes. Ivar døydde 1774 og Inga 1755, 74 år gl. Ho hadde fyrr vore g. m. Mikkjel Styrkson Tesdal. I skifte 1756 etter Inga er ført upp ein son Styrk med Mikkjel og tri born med Ivar: Mikkjel f. 1719, g. 1739 m. Barbrå Jonsdr. Fagnastøl, Eirik f. 1720 og Arngunna, som vart g. m. Odd Klyve. Buet åtte 2 pund 4½ mark i Osgjerd, verdsett 76 rd. Bruttomidelen var 655 rd. Derav utlånt 410 rd., reide pengar 20 rd., sylv for 13 rd. og koparsaker for 48 rd. rekna med 12-24 skill. morki. Nettomidelen var 626 rd. Det er ført upp 11 kyr à 4-5 rd, 8 sauer à 3 rd., 3 gymbrar à 2½ mark og 4 verar à 3 mark.

Eirik Ivarson f. 1720 var g. m. Rannveig Andersdr. Flatlandsmoen f. 1722 og døydde 1799. Han fekk skøyte frå far sin på Osgjerd i 1749 og 1761. Rettsbøkene syner at Eirik har vore ute i slagsmål av og til. Fem born: Anders f. 1751, Anna d. e. død 1831, 72 år gl., gift 1778 til Lemme m. Ivar Brynjulvson, Anna d. y. død 1834, 77 år gl. g. 1783 m. Mons

--- side 223 ---

Ivarson på Kvarakvål, Bård f. 1755, g. 1784 m. Brita Eiriksdr. Saude, (Inga?) g. 1774 m. ekm. Anders Oddson Kvåle.

Anders Eirikson f. 1751, g. 1781 m. ek. Brita Andersdr. Gjerde f. 1751. Han fekk farsgarden i 1792 og budde der til 1804, då han bytte uti Tròdo med Brynjulv Åmundson og gav 1000 dalar i millomlag. Det er fortalt at Anders flytte med seg bualoftet og ei bu, og Brynjulv tok med seg bui og hestastallen, som var bygd saman. I bui som no er på Tròdo er innskrift på 2 glasrutor i vindauga: «Welagte Erich Iversen Oskier 1751» og «Welagte Qvinde Ranvei Andersdotter Oskier 1751». Brynjulv bytte att i 1805 med Bård Oddson Klyve uti eit bruk på Opeland.

Bård Oddson f. 1761, g. 1. m. Gjertrud Ivarsdr. f. 1763, 2. 1825 m. Guro Nilsdr. Møn, f. 1783 og 3. 1834 m. Gjertrud Eiriksdr. Rykke f. 1785. Bård døydde 1847. Bestefar hans Bård hadde planta mykje alm og Bård fekk difor mykje meir almebork enn til eige bruk. Han selde ikkje bork, men mol han til mjøl saman med bork av hasl og selde det som mjøl av almebork, er det fortalt. Ved skifte 1817 etter fyrste kona åtte dei heile Osgjerd, taksta 700 rd. Fem born med fyrste kona: Kari f. 1786, g. 1817 m. Lars Knutson, leiglending på Bø, Tjukkeb., Inga f. 1791, Synneva f. 1794, Olav f. 1797 og Marta f. 1801, g. 1832 m. Lars Mikkjelson på Lassahaugen.

Olav Bårdson f. 1797, g. 1817 m. enkja Brita Hermundsdr. Evanger, fekk halve garden hjå far sin i 1807 for 350 spd. Brita hadde fyrr vore g. m. Nils Ivarson Tøn, og ved skifte etter han i 1818 fekk ho gastgjevareigedomen på Evanger. Olav fekk 1818 kongeleg løyve til å driva som gastgjevar. Olav døydde 1831 og hadde sonen Nils f. 1818. Han gifte seg 1839 m. Ingebjørg Gitlesdr. Norheim, fekk halve Osgjerd ved skifte etter far sin og den andre halve i 1840 ved skøyte frå godfaren Bård. Nils selde Osgjerd i 1850 til Per Person Nesbøen for 750 spd. og reiste til Amerika.

Per Person f. 1800 på Haugen i Granvin, g. m. Signy Herlaugsdr. Spildo, Granvin, døydde 1867. Han var kunnande med ymse arbeid, serleg trearbeid og med muring. Signy-Apalen i tunet er truleg planta av henne Signy. Ho og Per hadde ti born. Sju av dei vart vaksne og reiste til Amerika, herre ho Sigrid vart att. Ho var f. 1833 og vart gift 1861 m. Brynjulv Brynjulvson Midberde f. 1832. Dei fekk farsgarden

--- side 224 ---

hennar i 1862 for 750 spd. Ved sida av gardsarbeidet dreiv han mykje med hestahandel. Ho Sigrid var flink til å spinna og veva og med ljåen heldt ho godt fylgje med slåttekarane på teigen. Han døydde 1920 og ho 1913. Seks born: Per f. 1862, Brynjulv f. 1865, Lars f. 1867, Anna f. 1868, g. m. Johannes Hallsteinson på Vetla Hornve, Ingebjørg f. 1870, g. m. Torstein Andersson på Nedre Kyte, Brita f. 1874. Lars og Brita reiste til Amerika.

Per Brynjulvson fekk garden i 1901 for 4000 kronor. Han dreiv mykje med hestahandel og døydde ugift 1903. Broren


Osgjerd
Bilete 26. Osgjerd. Fot. P. Braaten.

Brynjulv fekk so garden i 1903 for 4000 kronor, men vart ikkje buande der av di han i 1895 hadde kjøpt bruk 1 på Ygre og har sidan butt der. I 1921 kjøpte fylkeslækjar B. Lærum Osgjerd for 27 000 kronor. Brynjulv tok undav ein teig som ved skylddelingi vart bruk 3.

Osgjerd var fyrr mtrnr. 114, lnr. 226 med gamal skyld 1 laup 2 pund 6 mark, urevidert 3 dalar 4 ort 20 skill., revidert 3 dalar 1 ort 21 skill. Ny skyld mark 4,92, sett ned til mark 3,20 etter at bruk 3 er skilt frå.

Bruk 2. Skilt frå bruk 1 i 1900 med skyld 55 øre og oreigna av jarnbanen.

Bruk 3. Ygre. Skilt frå bruk 1 i 1921 med skyld 1,17. Eigaren er Brynjulv Osgjerd.

--- side 225 ---

Husmenn.

Husmenn var der ikkje i 1701 eller 1723. Sjur Hollgeirson var husmann der. Seinare var han husmann på Ygresbødn. Gastgjevar Blomberg på Vangen stemnde han Sjur i 1748 for di han hadde gått Blomberg i næringi med «øltapperi». Sjur vart dømd til 20 rd. i bot og 3 rd. i sakskostnad. Gastgjevaren skulde få tridjeparten av boti. Nils Henrikson var husmann i 1780-åri på Osgjerdsbød'n.

Kvern.

Kvern hadde dei ikkje på Osgjerd i 1723, men i 1776 og 1791 var der ei. I Ygresgilæ har Osgjerd havt kvern til ikring 1880, då kvernhuset vart rive. Det stod på eigedomen åt Bokkatun, og Osgjerd betalte årleg leige for det.

Støl.

Støl var det ikkje til Osgjerd, er det sagt i matrikkelen for 1723. Osgjerd åtte ei tid støl i Myseliæ, men selde han til Tundal. Sjå meir um det på Tundal. Ivar Rjodo som kom til Osgjerd i 1718, kjøpte same året halvparten i Kvitno, Rd. Osgjerd har støla der etter at stølsretten i Myseliæ vart seld. I 1788 selde Osgjerdsmannen Kvitno, men tok undav stølen, som Osgjerd har ått og brukt til Brynjulv Osgjerd selde garden i 1921 og tok stølen undav til garden sin på Ygre.

Ymse.

I Kolvidi er ein teig som heiter Osgjersteigen og som vel i eldre tid må ha høyrt til Osgjerd.

Øvste stovehuset på Osgjerd skal vera bygt ikring 1862 og stova nedanfor bygde Per Nesbøen til kårstove i 1850-åri Lærum har vølt og pussa upp eldhuset til ei hugnaleg peisestove og laga eldhus under henne. Bualoftet har Lærum ogso vølt mykje um. Ovanfor det står bui som skal vera komi frå Tròdo.

Uppmed Grauavegen, som tidlegare var bygdaveg til Raundalen, er ein stor flat stein som heiter Ridarsteid'n. Når brudfylgje or Raundalen var på heimveg frå kyrkja, stogga dei gjerne ved steinen for å få seg øl og noko mat å bita i. Folk or grannelaget møtte og upp skulde sjå bruræ, og fekk då oftast smaka på ølet. Fyre-ridarane prøvde då å rida upp på stemen og rida umkring på han. Det var eit karsstykke å greida det.

Nokre teignamn på Osgjerd skal me ta med. Austanfor husi er Kolgrovehaugen, nedanfor han Firemarkateigen, lenger nede Beitehaugane, vestanfor husi Langaokor-brekkuna og i nord

--- side 226 ---

for husi Sjussaokor-brekkuna, Dalarsteigen, Halldalarsteigen, Flatane o. fl.

Offentlege forretningar.

Oversyn og takst er halde 1830, semje i 1878 um ein steingard, jarnbanetakst 1900 og 1909. Militæretaten oreigna i 1897 noko av skogteigen, godviljug utskifting i 1905 med Ygre i utmarki.

Bumerke.

Ivar Osgjerd teikna fleire gonger 1721-1745 tavle 5 nr. 86. Det er mykje brigda i 1758. Eirik Ivarson 1773- 1799 t. 5 nr. 86 og mykje brigda i 1780.