86. Øvsthus (i Dukstadgrendi).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 25 ---

Namnet vert i 1500-talet skrive Øwsthus. Det vert no sagt Øpstús2; han búr pao, è tao, ska tì Øpstús. Namnet er samansett av øfstr (øvst, på Voss øpstù) og hús.

Øvsthus var skriven for heil gard i 1661 med skyld 4 laup og med ein brukar. Der var brennefang og ein liten humlagard. I 1723 var det same skyldi men to brukarar. Vedaskog var det då og til eige bruk, lite skog til husvøling og kvern og humlagard. Garden var årvand og tungvinn. Skyldi var likeins til

--- side 26 ---

1838 og då umskrivi til 15 dalar 3 ort 8 skill. På garden var humlagard og vedaskog jamvel til sal. Samanlikningstalet var 2360.

Matrikkelen 1865 melder at der var 42 mål åker, 2½ mål dyrka eng, 57 mål god, 68 mål medels natureng og 142 mål skrapebø. Vårhamni var medels, men Sumarhamni ring. Skog til husbruk. Bruk 1 og 2 kunde kvar selja timber for 10 spd. årleg og bruk 3 timber for 26 spd. og bjørkeved for 4 spd.


Øvsthus
Bilete 5. Øvsthus. Fot. P. Braaten 1936.

Garden var tungvinn og dyrka som vanleg. I 1918 var der 46 mål open åker, 73 mål kunsteng og 33 mål natureng.

Det budde 26 menneske i 1801, 36 i 1865 og 47 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Øvsthus.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 24 29
1723 2 32 24 36
1865 4 33 87 102 ½ 72
1918 5 26 80

--- side 27 ---

Magnus på Øvsthus er umtala i brev frå 1514 (DN. IV. nr. 1066). Der er det fortalt um ein Gudbrand Kall, som hadde lege 3 netter i badstova hjå Magnus. Mons Gudleikson Øvsthus betalte 1518 6 lodd sylv i «drotningskatt». (NRJ I. s. 147.) Magnus har i 1521 betalt 6 lodd sylv i skatt og 8 lodd sylv i breffbrot. Erling og Torkjel var brukarar i 1563. Torkjel brukte 3 laup i 1567. Torgeir var leiglending på 4 laup i 1591 og betalte tridje års bygsel i 1597 med 5 mark 5 skill. til stiftet og kruna, som åtte jordgodset. Ei enkje var leiglending i 1603. Knut Gitleson og Pål hadde i 1611 tilsaman 4 laup. Pål har betalt tridje års bygsel for 1½ laup i 1613 og 1616 og var 1614 utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Han var leiglending ogso i 1620. Leidangsboki 1624 syner at leidangen av Apostelgodset var 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Knut var leiglending. Jordi var temmeleg god, er det sagt. Apostelgodset åtte 4 laup i 1627.

Knut Gitleson er ofte skriven som leiglending saman med Pål 1614-1620, og som einebrukar 1621. Knut Gitleson var visst g. m. Barbrå. Ho var g. 2. fyre 1645 med Knut Eirikson Øvsthus, som var brukar av heile garden (4 laup) 1629-1664. Dei hadde sønene Knut og Eirik. Den siste vart g. m. Anna Torsteinsdr. og budde på Dukstad. Knut var ofte lagrettemann. Han betalte odelsskatt for 9 mark i 1621, for 7 spann i 1642, for 1 laup 1 spann i Vetle Ringheim 1652 og 1655 og i 1659 for 1½ laup i Vetle Ringheim og ½ laup i Fadnes.

Hannibal Sehested fekk i 1649 kongeskøyte på leidangen av Apostelgodset 1 pund smør og 1 bukkskinn. Sehested åtte i 1650 4 laup som han hadde fått ved makebyte med kongen. På det var det 1 pund smør og 1 bukkskinn i leidang, 4 dalar i skatt, 1 dalar i fornødspengar, 1 dalar i arbeidspengar og 1 dalar 1 ort 8 skill. i avgift til jordeigaren. Knut var leiglending. Sehested laut lata jordgodset att 1651 til kongen, som selde det 1657 til Gabriel Marselis. Skattemanntalet 1657 for Finnegodset fører og upp 4 laup.

Landkommisjonen skriv 1661 at Østhus var på 4 laup og høyrde til Finnegodset. Klas Miltzow åtte det 1680 og 1691. Eirik og Ivar brukte kvar 2 laup i 1691. Jens Schjelderup var eigar av Øvsthus i 1695. Styrk var då brukar av 2 laup. I 1701 er Erling og Jon Sjurson leiglendingar.

Jon Sjurson f. 1655, g. m. Ågota Aslaksdr., døydde 1704.

--- side 28 ---

Dei hadde tri born: Sjur f. 1694 (skriven for Ronve i 1758), Guri f. 1696 og Lars f. 1701. Ågota gifte seg att med Nils Josefson, som i 1705 bygsla 2 laup i Øvsthus av sokneprest Chr. Weinwich. Nils døydde 1749, 71 år gl. og Ågota i 1758. Dei hadde tri born: Ingjerd, g. m. Per Vikingson Nedre Lid, Anna, g. m. Lars Brynjulvson Øvsthus, og Sigrid f. 1714. Enkja etter Chr. Weinwich åtte i 1714 2 laup i Øvsthus og Otto og Niels Weinwich 2 laup. Nils Josefson kjøpte i 1715 2 laup.

Lars Brynjulvson og Anna fekk skøyte i 1744 og 1745 frå far hennar på garden hans. Lars kjøpte 1759 løysningsretten til 2 laup og Brynjulv Knutson 2 laup. Kvar betalte 76 rd. Gabriel Marselis hadde i 1657 kjøpt jordgodset. Dei hadde seks born: Ingebjørg f. 1746, Anna f. 1749, g. 1771 m. Olav Knutson Ringheim, Nils f. 1752, Ågota f. 1755, Mikkjel f. 1758, Odd f. 1761. Nils Larsson f. 1752, g. 1778 m. Anna Knutsdr. Store Ringheim, døydde 1824. Han fekk skøyte på garden i 1771 og 1777. Seks born: Lars f. 1781, g. 1818 m. Guri Sjursdr. Langeland, Brita f. 1784, g. m. Svein Sjurson Dukstad, Knut f. 1787, Svein f. 1790 g. 1814 m. Rannveig Olavsdr. Lirhus, Halle f. 1794, var åndsveik og døydde ugift, Aslak f. 1797, g. 1823 med Anna Olavsdr. Store Ringheim, budde på Helleve i 1832. Nils skifte garden millom sønene Lars og Svein so dei fekk ein halvpart kvar. Lars fekk bruk 2 i 1801 og Svein bruk 1 i 1820. Knut var med i krigen mot Sverike og døydde der på sjukehus.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Øvsthus. Svein Nilsson f. 1790, g. 1814 med Rannveig Olavsdr. Lirhus døydde 1859. Dei hadde sønene Knut f. 1815 og Nils f. 1817. Knut gifte seg 1843 med Sigvor Mattisdr. Mølster, sjå bruk 3 Ukvitno. Nils var g. 1. m. Guri Larsdr., 2. 1862 m. Kirsti Olavsdr. Opeland og fekk garden i 1849. Ved skifte etter Guri 1862 var garden taksta 750 spd. Med Guri hadde Nils døtterne Rannveig og Anna og med Kirsti: Guri f. 1863, Marta f. 1865 og Svein f. 1867. Nils selde garden i 1869 for 1000 spd. til Trond Knutson Skiple som let han att 1871 til Svein Nilsson Øvsthus.

Svein bytte i 1875 med Knut Trondson uti eit bruk på Skiple. Knut var f. 1821, g. 1848 med Ingebjørg Åmundsdr. Bø og døydde 1894. Fem born: Marta f. 1849, g. 1887 m. Lars

--- side 29 ---

Knutson Saude, Njåtveit, Ingebjørg f. 1851, g. 1876 m. Styrk K. Dukstad, Trond, Anna f. 1857, Sigrid f. 1861, g. 1889 m. skomakarsersjant Nils Andersen, huseigar på Vangen. Sonen Trond fekk garden i 1881 for 4000 kronor. Han var f. 1854, g. 1880 med Eli Hermannsdr. Dukstad og døydde 1896. Med kona si fekk han gard på Dukstad og selde bruket på Øvsthus i 1884 til Johannes Knutson Dukstad. Han er f. 1855, g. 1877 med Brita Knutsdr. Kvarakvål. Born: Knut d. e. f. 1878, Knut d. y. f. 1883, g. m. Brita Larsdr. Norekvål, gardmann på Ringheim, Anna f. 1883, Johannes f. 1886, g. 1921 m. Marta Olavsdr. Dukstad, Torstein f. 1889, snikkar, Ingebjørg f. 1895, lærarinne. Knut d. e. f. 1878, g. 1913 m. Ingebjørg Hansdr. Hyrt, fekk garden i 1904 for 6100 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 86, lnr. 170, med gamal skyld 1 laup, urevidert 3 dalar 4 ort 14 skill., revidert 3 dalar 15 skill. Ny skyld mark 4,54 etter at bruk 11 er skilt frå.

Bruk 2. Øvsthus. Lars Nilsson fekk som ovanfor fortalt dette bruket hjå far sin i 1801. Lars var f. 1781, g. 1818 med Guri Sjursdr. Langeland. I skifte etter henne 1869 er førd upp desse sju borni: Anna f. 1818 og Nils f. 1820, som båe drukna på ei byreis i 1836 saman med 5 andre frå Voss, Kari f. 1823, Guri f. 1825, Brita f. 1826, g. m. gardmann Hermann Jonson Dukstad, Marta f. 1828, g. m. Hermann J. Dukstad, Lars f. 1831, g. 1. 1855 med Brita Torsteinsdr. Kyte og døydde 1904. Han dreiv noko med smedarbeid, serleg plogar. Born: Lars f. 1856, g. m. Ingebjørg A. En (sjå bruk 6 En), Nils f. 1858 (sjå bruk 4), Synneva f, 1861, død ugift, Guri f. 1863, Torstein f. 1866, Sjur f. 1868, Kari f. 1870, Brita f. 1873, Ingebjørg f. 1876, Anna f. 1879, død ugift. Torstein f. 1866, g. m. Synneva Hansdr. Skjervheim fekk garden i 1898 for 2400 kronor. Han skøytte i 1928 garden til Hans, son sin.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 86, lnr. 171 med skyld som bruk 1 med undantak av den nye skyldi, som er mark 4,53 etter at bruk 12 er skilt frå.

Bruk 3. Øvsthus. Erling Henrikson Skutle f. 1665 var g. 1. m. Ingebjørg Nilsdr. Vetla Rokne, 2. 1717 m. Kari Davidsdr. Øvre Graudo, død 1776. Erling døydde 1744. Han har vorte leiglending på Øvsthus i 1690-åri og budde der til 1738, då han bygsla 2 laup på Skutle og flytte dertil.

Knut Brynjulvson Nedre Skutle kjøpte i 1738 2 laup i Øvsthus. Han var f. 1688, g. m. Anna Jonsdr. og døydde 1749.

--- side 30 ---

Seks born: Eirik som budde på Vetla Røte i 1750, Guri f. 1727, g. 1750 m. ekm. Arne Kvitno, Dønåt f. 1729, g. 1756 m. Eirik Arneson Vinsand, Sigrid g. 1757 m. Knut Olavson Graudo, Brynjulv f. 1734 og Jon f. 1738.

Brynjulv Knutson f. 1734, g. 1757 med Kari Larsdr. Graudo, døydde 1806. Han fekk skøyte i 1757 på 2 laup og fekk 1759 kongeskøyte på løysningsretten til dei for 76 rd. Åtte born: Anna f. 1759, g. 1777 m. Nils Eirikson Dukstad, Knut f. 1760, Nils f. 1762, Brita f. 1764, g. 1784 m. Knut Eirikson Saude, Brynjulv f. 1770, Gudve f. 1775, Lars f. 1777, g. 1800 m. Anna Olavsdr. Lid, Nils f. 1781.

Knut Brynjulvson f. 1760, var g. 1786 m. Marta Eiriksdr. Saude og døydde 1833. Han fekk farsgarden i 1788 for 300 rd. Sju born: Brynjulv f. 1787, død ugift, Eirik f. 1789, Nils f. 1792, handla med krøter og feitevaror og døydde ugift, Kari f. 1794, g. m. Olav Bidne, Arngunna f. 1799, g. 1830 m. Johannes Olavson En, Olav f. 1801, død ugift, Lars f. 1805, kjøpte gard på Melve.

Eirik Knutson f. 1789, g. 1823 m. Guro Johannesdr. Møn, døydde 1877. Han fekk skøyte på farsgarden i 1800 og 1827. Trettan born: Knut f. 1824, Brynjulv f. 1825, gardmann på Melve, Marta f. 1827, gift til Klyve med Odd Davidson, Brita f. 1829, død ugift 1915, Anna f. 1830, g. m. fanejunker Torstein Andersson Hellesnes, Kari f. 1832, g. m. gardmann Lars Olavson Kjønnagard, Johannes f. 1834, død 1856 ugift, Guro f. 1836, g. m. gardmann Lars Knutson Haugo, Ingjerd f. 1838, g. m. Hans J. Hyrt på Lirhus, Arngunna f. 1840, gift til Hylle med Johannes Davidson, Lars, død ikring 15 år gl., Guri f. 1844, g. m. Lars Eilivson, gardmann på Haugo, Brita d. y. f. 1849.

Knut Eirikson f. 1824, var g. m. Brita Davidsdr. Klyve og døydde 1906. Han fekk garden i 1861 for 1150 spd. Fem born: Guro f. 1857, g. m. Ivar K. Hefte, Eirik f. 1858, Ingjerd f. 1860, g. m. Ivar D. Gjøastein, Johannes f. 1869 (Amerika), Lars f. 1872, død 1925 ugift.

Eirik Knutson f. 1858, g. m. Anna Nilsdr. Ringheim fekk garden i 1907 for 4800 kronor. Han er agronom og har drive mykje med dyrlækjing. Eirik let garden i 1930 saman med bruk 10 til sonen Nils for 24 500 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 86, lnr. 172, 173 med gamal skyld 2 laup, ure vidert 7 dalar 4 ort 4 skill., revidert 6 dalar 2 ort 2 skill. Ny skyld mark 7,41 etter at bruk 14 er skilt frå.

--- side 31 ---

Bruk 4. Garbògen. Skyld 40 øre. Skilt frå bruk 2 og selt til Nils Larsson Øvsthus, nemnd ovanfor. Han er skreddar, er f. 1858 og g. m. Kari Persdr. frå Evanger. Bruket let han 1931 til Per, son sin, f. 1891.

Bruk 5. Helgaset støl. Skyld 18 øre. Skilt frå bruk 2 i 1905. Eigar Hermund Fagnastøl. Sonen Lars kjøpte det i 1916.

Bruk 6. Bjørkelund. Skyld 15 øre. Utskilt frå bruk 2 og selt 1907 til skomakar Nils J. Madsen, f. 1880, g. m. Kristina Eiriksdr. Sjå bruk 11 og 12.

Bruk 7. Skogstad. Skyld 6 øre. Utskilt frå bruk 2 og selt til Steffa Larsson Alland, som let det til dotteri Ingjerd i 1912. Nils Hårklau kjøpte eigedomen i 1930. Sjå bruk 3 Alland.

Bruk 8. Garbògen. Skyld 30 øre. Skilt frå bruk 1 og skøytt i 1918 til Johannes Johannesson Øvsthus f. 1886, g. m. Marta Olavsdr. Dukstad.

Bruk 9. Lundheim. Skyld 45 øre. Skilt frå bruk 2 og selt i 1912 til Sjur Mikkjelson Øvsthus, som selde att 1929 til Sjur L. Sausjord.

Bruk 10. Åsheim. Skyld 30 øre. Utskilt frå bruk 3 og skøytt 1930 til Nils Eirikson Øvsthus, sjå bruk 3. Han selde att 1932 til Lars K. Kvamme.

Bruk 11. Bjørkelund. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 1 og selt 1921 til Nils Madsen. Ført saman med bruk 6.

Bruk 12. Bjørkelund. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 2 og selt 1920 til Nils Madsen. Førd saman med bruk 6.

Bruk 13. Orretræet. Utskilt frå bruk 3 i 1932 med skyld mark 1,10 og selt til Eirik Madsen.

Bruk 14. Åsheim. Skilt frå bruk 3 i 1932 med skyld 25 øre og selt til Lars K. Kvamme. Sjå bruk 10.

Husmenn på Øvsthus.

Mikkjel Larsson, g. m. Atla Larsdr. fekk dotteri Kari i 1780 og sonen Lars 1783. I 1801 var der to husmenn: a. Sjur Knutson f. 1760, g. m. Ragnhild Halldorsdr. med borni Hallvard og Eli, 2 og 5 år, b. Olav Torsteinson f. 1743, g. m. Marta Henriksdr. Johannes Larsson, g. m. Gjertrud Samsonsdr. hadde plasset Orretræe på bruk 3 i 1850-åri. Dei fekk sonen Lars i 1852 og dotteri Anna i 1855. Medan bruk 1 og 2 var i eitt,

--- side 32 ---

høyrde plasset Hagane til det. Jørgen Gudmundson budde der. Tuftene syner enno. På plasset Sjeungane under bruk 3 budde Knut Torbjørnson Mala f. 1840, g. m. Marta Bårdsdr. og fekk då borni Gudve i 1862, Lars i 1867 og Anders 1871. Då dei reiste til Amerika i 1872, kom Mikkjel Monsson Hefte i staden. Han var g. m. Synneva Larsdr., døydde 1905 og hadde fleire born.

Stølar.

Stølen var 1¼ mil frå garden i 1723, heiter det. Alle bruki på Øvsthus har havt støl på Helgaset på Langedalen og bruk 1 har det framleies. Bruk 2 bytte burt sin stølsrett der i 1870-åri til Fagnastølen og fekk i staden støl på Jonsstølen, men har selt han att. Bruk 3 selde stølsretten sin på Helgaset 1881 til Fagnastølen, hadde so ei tid støl i Berrdalen, Vossastr. og sidan i Storebotn i Myrkdalen. Ei segn segjer at Øvsthus skal ha vore vårstøl åt Dukstad i gamal tid.

Kvern.

Ei kvern til eige bruk var der i 1723, men ikkje noko i 1777 eller 1791. Bruk 1 og 2 har havt kvern i grovi som renn ned millom husi deira. No er det ikkje vister etter staden, men der var tidlegare ein åker kalla Kvednhusaokor'n. Bruk 3 hadde kvern i Ensgroæ.

Øvsthus har eigedom i Neseimsøyane. Ei segn segjer at Øvsthus fekk det som fadragåve. Ei onnor segn fortel at då Øvsthus var i eit bruk, hadde kona der ei syster på Gjerde. Dei fekk til eit byte so Gjerde let noko av Nesheimsøyane sine til Øvsthus og fekk i staden Sjedikane, no Kvitheimsaosen, for at Gjerde skulde få noko fureskog. Ovanfor Hòlo har vore flekt hellor. På Kjønnagard er eit helletak som er kome derfrå. På Almhaugen har stade ein stor alm. Han var innopen og rømde fire vaksne karar. På Orretræe stod ein stor sprake som var 12 tumar i tverrmål 2 alner frå roti og pålag 13 meter høg. Han vart hoggen i 1870-åri.

Offentlege forretningar.

Steinaforretning 1776, då det vart steint millom Øvsthusbruki. Fyrr skal der ikkje ha vore merkesteinar. Takst var halde 1811, godviljug utskifting på Helgaset 1827, semje um beiting i Vinja-aosen 1877 og utskifting 1909.

Ymse meldingar.

I 1799 var det lauseld på Øvsthus. Alle husi med det som var i dei gjekk med. - Ei kone, Synneva Knutsdr., har skrive ei gudeleg vise på 30 vers, som er prenta

--- side 33 ---

1847. På Øvsthus er funne ei øks frå steinalderen og der er eit par haugar som ikkje er utgravne.

Nedste parten av Øvsthuseigedomen heiter Randiæ. Segni segjer at namnet er etter gjenta Randi Øvsthus, som skal vera gravlagd der. To kjempor Ljose Lofthus og Skorpe Lirhus fridde til henne og vart uvener um gjenta. Ljose drap då Skorpe, men vart fri for straff av di han kom seg upp i kyrkjetårnet og ringde med klokka fyrr nokon fekk tak i han. - Det er fortalt at stortjuven Gjest Bårdson ein gong gøymde ein skatt i noko heidrar i Hjedla på Øvsthus. Sume skal ha leitt etter skatten, men har ikkje funne nokon.

Bumerke på Øvsthus.

Nils 1710 og Lars 1750-1757 tavle 4 nr. 85. Nils Larsson teikna N S samanslyngd i 1784 og N S i 1786. Erling 1732 t. 4 nr. 86. Per 1739 t. 4 nr. 87 og med litt brigde i 1742. Knut 1740 t. 4 nr. 88.