141. Øvsthus (i Raundalen).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 389 ---

Namnet vert i 1611 skrive Øffsthuus. Det vert no sagt Øpstús2 út í Dalè, ogso Epstús2; han búr pao, è tao, ska tì Øpstús. Namnet tyder «øvste huset».

På Øvsthus var det ein brukar i 1661 og skyldi var 3½ spann, skriv Landkommisjonen. Matrikkelen 1723 har same skyldi og melder at det var ein brukar, turvande vedaskog og noko til sal. Det var misleg med kornavlen og garden var tungbrukt. Skyldi var 1723 sett upp till 1 laup og 1838 umskrivi til 3 dalar 3 ort 14 skill. Samanlikningstalet var då 560. Der var nok fure- og vedaskog til eige bruk, never til sal og vassfall.

Matrikkelen 1865 melder at der var 16½ mål åker, 9½ mål dyrka eng, 28 mål god, 30 mål medels natureng og 44 mål skrapebø. Hamnegangen var medels. Skog til eige bruk, men ikkje til sal. Garden var tungbrukt og dyrka betre enn vanleg. Kornet fraus sume tider. Ved uppteljingi 1918 var det 21,3 mål åker, 22 mål kunsteng og 38 mål natureng.

På Øvsthus budde 10 menneske i 1801, 16 i 1865 og 24 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Øvsthus.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 12 11
1723 1 16 15 6
1865 2 24 40 36 24
1918 5 20 40

Sjur er den fyrste brukar me veit um på Øvsthus. Han budde der 1611 og vart 1614 utskriven til Svinesund med byrse og øks. Jøstein var og brukar 1614 og Hans 1621 og 1629, då han vart friteken for skatt. Jordboki for 1585-1616 melder at Vangens prestebol fekk som landskyld av eigedomen sin

--- side 390 ---

på Øvsthus 1 geitskinn og ½ laup smør. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 4 mark smør og 1 sauskinn. Hans var leiglending. Olav Endreson som hadde sonen Gudleik, var brukar 1645 og Laurits 1652. Skyldi er då førd upp med 1½ spann som Vangens prestebol åtte. Gudleik var leiglending 1655 og 1659 og Lars Olavson 1657, 1661 og 1664.

I 1676 og 1695 er skyldi førd upp med 1 laup og 1714 med 2 pund 15 mark. Prestebolet var framleies eigar. Herlov Johannesson var leiglending frå fyre 1691. I 1721 fekk han ny festesetel av soknepresten på ½ laup. Herlov var gift med enkja


Øvsthus i Raundalen fyre utskiftingen
Bilete 49. Øvsthus i Raundalen fyre utskiftingen.

Jorunn Olavsdr., som døydde 1718. Ved skifte etter henne åtte dei jordgods på Flatekvål og Alland taksta 294 rd. Deira bruttomidel var 603 rd. Tri born: Johannes Herlovson f. 1691 som kom til Flatekvål, Arngunna Larsdr., g. m. Halle Ukvitno og Gudve Larsdr. f. 1678. Ho Jorunn har altso vore gift fyrst med Lars og fått Arngunna og Gudve med han.

Herlov gifte seg att 1718 m. Marta Olavsdr. Kyte og fekk med henne dotteri Jorunn i 1720, som gifte seg 1738 m. Lars Person Spildo av Losnaætti. Marta døydde 1728, 34 år gl. og Herlov gifte seg tridje gong med Dorte Knutsdr. f. 1708. Herlov døydde 1735, 94 år gl. Ho Dorte gifte seg att 1736 m. Svein Sjurdson Urdland. Dei har so bygsla Øvsthus. Han døydde 1792, 83 år gl.

--- side 391 ---

og ho 1798. Dei fekk åtte born: Gjertrud f. 1740, g. 1764 m. Johannes Person Vetla Grovu, Brynjulv f. 1744, Kari, g. 1767 m. Mattis Larsson Grovu, som 1792 budde i Nordhordland, Brita f. 1746, g. 1770 m. Olav Sveinson Davidhaugen, Sjur f. 1748, Kristi f. 1750, g. 1775 m. Knut Styrkson Vetla Hegg, Sigtru f. 1752, g. 1780 m. Magne Askjelson Reime, Synneva f. 1754, g. 1776 m. Håkon Knutson Reime.

Brynjulv Sveinson f. 1744, g. 1771 som grenader m. Sigrid Askjelsdr. Reime. Far hans sa upp bygsli 1779 og Brynjulv kom som leiglending i staden. Han døydde 1829 og Sigrid 1831, 79½ år gl. Tolv born: Guri f. 1772, g. 1796 m. Asle Knutson Reime, Herlaug f. 1773, Olav f. 1775, g. 1800 m. enkja Maria Hansdr. Blomberg, gastgjevar på Vangen, umtala band 1 side 132, Gjertrud f. 1777, g. 1803 m. Eiliv Ivarson Vetla Hegg (eller Kolvu), Marta f. 1779, g. 1798 m. Knut (Per?) Andersson Hegg, Askjel f. 1780, husmann, Svein f. 1783, Dordei f. 1785, g. 1810 m. Jon Magneson Reime, Brita g. 1816 m. Nils Olavson Kvåle, Anders f. 1790, Orlog f. 1794, Jon f. 1795, g. 1826 m. Guri Magnesdr. Reime.

Askjel, Svein og Anders var alle samstundes med i krigen mot Sverike er det fortalt. Berre namnet hans Svein står på Veteranbautaen. Han og nokre andre soldatar hadde krope inn under ein heller. Rett som det var høyrde dei svenskar uppå helleren segja: Her er visst baggar under fjellet. Svein retta då byrsepipa si upp og skaut på ei von. Straks etter kom det trillande ein daud svenske nedover. Dei andre svenskane vart då ferdige i snare laget. Svein vart blind på sine gamle dagar og døydde ugift 1852.

Dei einskilde bruk. Øvsthus.

Bruk 1. Øvsthus. Herlaug Brynjulvson f. 1773, g. 1801 m. Ingebjørg Askjelsdr. Reime bygsla bruk 1 i 1801 av soknepresten. Herlaug døydde 1838 og Ingebjørg 1855, 79 år gl. Seks born: Askjel f. 1803, Brynjulv f. 1804, g. 1829 m. Brita Håkonsdr. Reime, husmann, Olav d. e. f. 1809, husmann, Guri f. 1811, død 1881 dauvstum, Jon f. 1814, g. 1. 1837 m. Brita Andersdr. Kyte, 2 m. Herborg Magnesdr. Kyte, husmann i Kytesgeilo, Olav d. y. f. 1817, g. 1856 m. Marta Torsteinsdr. Brekku, gardmann på Brekku.

--- side 392 ---

Eiliv Ivarson Vetla Hegg, nemnd ovanfor, bygsla bruk 1 i 1803. Det er fortalt at han skulde vera so rik, at det var berre han Jon Kyte som var like rik. Eiliv døydde 1815, 56 år gl. 1817 var halde skifte både etter Eiliv og Gjertrud, kona hans. Bruttomidelen var då 639 spd. Dei hadde sonen Ivar f. 1807. Han gifte seg 1. 1827 med Ingjerd Aslesdr. Hegg, som døydde 1841, 33 år gl., og 2. 1843 m. Brita Arnesdr. Nygryten f. 1797, død 1878. Ivar bygsla bruk 1 i 1816. Han hjelpte ofte folk med å vøla um sår, skjera upp svullar, og til å ta blod. Noko medisin laga han sjølv og noko kjøpte han frå Bergen. Ho Brita fylgde med frk. Münster til Kjøbenhavn og lærde vass-kur. På heimreisi stogga ho ei tid i Göteborg. Brita vart ofte henta til barselkonor og var den fyrste på Øvsthus som kokte kaffi. Ivar døydde 1876 og Brita 1878. Han fekk seks born m. Ingjerd: Eiliv f. 1827, Guri f. 1828, Gjertrud f. 1830, Asle f. 1832, g. 1864 m. Guri Knutsdr. Voll, Sigrid f. 1838, g. 1860 m. Bjarne Torgisson Hegg, Ingjerd f. 1841, g. 1870 m. Torgis Knutson Voll.

Askjel Herlaugson bygsla bruk 1 av soknepresten i 1826. Sjå um han på bruk 2. Eiliv Ivarson fekk kongeskøyte på bruk 1 i 1877 for 3000 kronor og jordavgift 1 tunne 2¼ fjerdingkar bygg. Eiliv var f. 1827 og g. 1. 1859 m. Ingebjørg Nilsdr. Urdland og 2. 1868 m. Inga Ivarsdr. Kvarakvål f. 1828. Eiliv døydde 1903 og Inga i 1900. Med Ingebjørg hadde Eiliv to born: Ivar f. 1860, og Ingjerd som var f. 1862, g. 1891 m. Olav Askjelson Heimberde, jordamann på Vike. Ivar er g. 1882 m. Herborg Johannesdr. Øvsthus f. 1856 og fekk farsgarden. Han har vore med i skulestyret, heradsstyret og er framleies med i forstandarskapet for Voss Sparebank. Deira son Eiliv f. 1883, g. m. Guri Knutsdr. Hegg, har no garden.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 142, Lnr. 282 med gamal skyld ½ laup, urevidert 1 dalar 4 ort 7 skill., revidert 1 dalar 4 ort. Ny skyld mark 2,62.

Bruk 2. Øvsthus. Askjel Herlaugson, nemnd ovanfor, bygsla bruk 2 i 1826 av soknepresten. Askjel var f. 1803, g. 1826 m. Synneva Knutsdr. Brekku f. 1800. Han døydde 1876 og Synneva 1883. Dei hadde to døtter, Anna f. 1827 og Ingebjørg f. 1838. Anna vart g. 1848 m. Mons Johannesson Tufto og reiste til Amerika. Ingebjørg gifte seg 1859 m. Hallstein Johannesson Grovu f. 1828. Hallstein fekk kongeskøyte 1877 på bruk 2 for 3000 kronor og jordavgift 1 tunne 2¼ fjerdingkar bygg.

--- side 393 ---

Hallstein døydde 1878 og Ingebjørg gifte seg att 1880 m. ekm. Nils Styrkson Nesheim. I 1888 vart fråskilt bruk 3. Ingebjørg fekk fire born m. Hallstein og eitt med Nils: Askjel f. 1861, g. 1894 m. Anna Aslesdr. Brekku f. 1872, Johan f. 1867, Anna f. 1871, Knut f. 1877 og Synneva Nilsdr. f. 1881, g. 1906 m. Olav F. Rud frå Toten. Eirik Torisson Seland kjøpte 1893 bruk 2 for 1775 kronor. Han var f. i Skånevik 1849, g. m. Brita Olavsdr. og døydde 1912 ved vådeskot. Sonen Torstein fekk 1933 skøyte på garden frå mori for 1700 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 142, lnr. 283 med gamal skyld 18 mark, urevidert 1 dalar 4 ort 7 skill., revidert 1 dalar 4 ort. Ny skyld mark 2,62 fyrr bruk 3 var skilt frå.

Bruk 3. Øvsthus. Det er utskilt frå bruk 2 1888 med skyld mark 1,31 fyrr bruk 4 og 5 var skilt frå. Jens Olavson Mæringi kjøpte 1888 bruk 3 for 1775 kronor. Han var f. 1851 og g. 1877 m. Brita Oddsdr. Bø. Han dreiv mykje med kjøthandel under jarnbanearbeidet i Raundalen. Jens åtte ei tid bruk 3 Øyaflòten. Sonen Olav f. 1884, g. 1908 m. Katrina Olavsdr. Eggjareid fekk 1910 skøyte frå far sin på bruk 3 Øvsthus for 2000 kronor.

Bruk 4. Nesthus. Utskilt frå bruk 3 i 1897 med skyld 3 øre og selt til Askjel Hallsteinson Øvsthus for 200 kronor. Askjel er f. 1861 og g. 1894 m. Anna Aslesdr. Brekku f. 1872. Askjel er død og enkja skøytte 1933 bruket og bruk 5 Eggjareid til sonen Johannes for 4500 kronor.

Bruk 5. Bjørkehaugen. Skilt ut frå bruk 3 i 1918 med skyld 1 øre og selt til overlærar Walter Fischer for 900 kronor.

Bruk 6. Nyheim. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 4 i 1934. Anders A. Reime er eigar.

Husmenn på Øvsthus.

Olav Andersson, gift andre gongen m. Ingebjørg Tomasdr. døydde 1760 og hadde fire born etter seg: Sakarias, Mons Tomas og Anna. Lars Larsson, g. m. Kari Eilivsdr., fekk 1785 dotteri Synneva. Mikkjel Larsson, g. m. Atle Larsdr. døydde 1788 og hadde tri born: Torbjørg f. 1778, Kari f. 1779 og Lars f. 1784. Torgeir Sverkveson, g. m. Synneva Endresdr., døydde 1792 og hadde borni Endre, Knut f. 1773 og Kari. Olav Arneson

--- side 394 ---

døydde 1836, 65 år gl. Lars Johannesson døydde 1842, 82 år gl. Me veit ikkje kva plass dei ovanfor nemnde budde på.

På plasset Nerestødl'n var tri husmannsplass som folk no veit um. Der budde Askjel Brynjulvson, Olav Mikkjelson og Knut. Krigsveteranen Askjel Brynjulvson, nemnd ovanfor, f. 1780 var g. 1813 m. enkja Anna Knutsdr. Eggjareid. Dei hadde borni: Brynjulv, gift 1869 m. Gunnhild Gudleiksdr. Skiple, husmann på Klyve, Sigrid f. 1813, gift til Sogn, Gjertrud f. 1816, Hans f. 1818, båe døde i Hardanger, Kari f. 1820, g. m. jekteskippar Vigleik Svåsand, Jondal, Sjur f. 1824 (Amerika). Hans var slik slåsskjempe. Sume leigde han til å jula upp einkvan som dei var sinte på. Askjel fortalde ymist frå krigen. Dei kokte ofte umalen havre til mat åt seg. Norskane vilde ha vunne på svenskane, sa han, dersom det ikkje hadde vore gjort svik. Ein gong fekk dei utlevert kulor som var for store åt geværi og ein annan gong patronor utan kulor. Askjel døydde 1866.

Olav Mikkjelson hadde tent i garnisonen i Kjøbenhavn. Knut Nilsson, g. m. Anna Olavsdr. fekk døtterne Anna f. 1852 og Brita. Brita og faren hadde ei tid kvar sitt plass, men budde saman i ei liti stove, der dei hadde kvar si kyr og eine sengi var over den andre. Siste husmann på Nerestødl'n var Torgis Magneson Reime som var g. m. Sigrid Aslesdr. Olav Herlaugson d.e., nemnd på bruk 1, var husmann i Sverrdalen som høyrde til bruk 2 og 3. Han var f. 1809, g. 1835 m. Orlog Persdr. Hegg og 1867 m. Ingjerd Torsteinsdr. Brekku. Olav døydde 1896 og hadde med Orlog sønene Herlaug f. 1841 og Brynjulv f. 1847, som båe er døde.

Asle Ivarson fekk plass i Sverrdalen hjå bruk 1 i 1875. Han gifte seg 1864 m. Guri Knutsdr. Voll f. 1839 og døydde 1892. Dei fekk åtte born: Ingjerd f. 1864, Gjertrud f. 1866, Knut, g. m. Sigrid Monsdr. Brekku, Ivar, Brita f. 1876, Brynjulv f. 1874, g. m. Ragnhild Arnfinnsdr. Rekve, gardmann på Rekve, Torgis f. 1879 og Guri f. 1882, g. 1909 m. underoffiser og handelsstyrar Anders Larsson Berge f. 1883 i Fjerland. På Øvsthus sin eigedom i Honndalen har vore husmannsplass på Hermannsstødl'n.

Stølen var ¾ mil frå garden i 1723. Øvsthus stølar no saman med Brekku på Brekkestødl'n.

--- side 395 ---

Kvern.

Kvern var der både 1723, 1776 og 1791. Bruk 1 har kvern no og i Brekkeelvæ, der dei mel åt andre og.

Offentlege forretningar.

Steiningsforretning 1796, jarnbanetakst 1896 og 1900. Semje med jarnbanen 1907 um veg til Reimegrend stasjon. Utskifting på Øvsthus og Brekku 1916.

Bumerke.

Nils 1715 tavle 4 nr. 85. Svein 1742, 1770 t. 6 nr. 65. Det er noko brigda 1769. Mikkjel 1744 t. 3 nr. 21. Brynjulv 1781 t. 6 nr. 67.

Ymse.

Til slutten av 1800-talet var Raundalsvegen over Skipleseidet fælt bratt til båe kantar. Frå Skipleseidet gjekk vegen utover um Øvsthus, Brekku, Reime, Hegg, Voll og vidare til Eggjareid. Heimover til Klyve var vegen bakkut og dårleg.

Dei gamle fortalde at kong Sverre på si ferd gjenom Raundalen låg med heren sin i Sverrdalen og at han har fått namnet sitt av det. Då dei arbeidde med den gamle vegen, fann dei eit sverd ikkje langt frå Sverrdalen, og sume har sagt at namnet Sverrdalen kjem av det.