41. Raustad.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 264 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Rauðstaudom. Det vert no sagt Raustò2; han búr pao, è tao, ska tì Raustò, i sms. Raustòmìttúné. Namnet er samansett, etterlekken er ein stad, gn. staðr i fleirtal staðir. Fyrelekken må vera Rauðr, eit tilnamn eller mannsnamn. I gamalnorsk har ordet lydt Rauðstaðir, i dativ Rauðstoðum.

Raustad var halv gard i 1661 med skyld 2½ laup 1 spann og ein brukar. Der var brennefang er det sagt. Skyldi var den same i 1723 og likeins ein brukar. Der var då og vedaskog og 1 flaumkvern. Garden hadde medels god jord, men var tungvinn. Der var ei kvern i 1776 og 1791. Skyldi var 1777 og 1838 2 laup 2 pund 6 mark. Samanlikningstalet var 800 i 1838, og der var vedaskog og kvernavatn. Matrikkelen av 1865 fører upp 18 mål åker, 28 mål god, 34 mål medels natureng og 24 mål skrap. Der var ring vårhamn, ikkje sumarhamn. Garden hadde vedaskog, men ikkje timber. Garden var medels lettbrukt, utsett for sviding, hadde ingen lunnende og var dyrka som vanleg. I 1918 var det 18,5 mål åker, 22,5 mål kunsteng og 27 mål natureng.

Folketalet på Raustad var 9 i 1801, 25 i 1865 og 19 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Raustad.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 15 20
1723 2 17 18 24
1865 2 20 58 48 48
1918 3 18 29

--- side 265 ---

Raustad er nemnd i Bjørgynjar Kalfskinn. Odd på Raustad betalte i 1521 3 lodd sylv i skatt og 8 lodd sylv i breffbrot. Hoffuerdt budde der 1563 og Sjur i 1591 og 1611. Leidangsboki for 1624 melder at leidangen på Raustad var 1 spann smør og 1 bukkskinn. Ryttarskatt vart 1627 pålagt odelsgodset med 1 dalar ½ ort. Laurits er skriven som leiglending fleire gonger 1603-1629, han åtte 1621 2 spann i Store Saude. Det er truleg son hans den Mikkjel Lauritsson, som då kjem og ofte er førd upp som brukar 1635-1655. Kona hans heitte Marta. Han var lagrettemann 1648 og 1649 og åtte i 1642 ½ laup i Raustad.

Lars var so brukar 1657, 1659. Etter søknad frå sokneprest Henrik Miltzow vedtok kongen i 1636 at bøndene på Rekve, Brekku, Raustad, En, Rykke og ein gard til skulde skyssa presten til og frå anneksi, og dei vart fritekne for onnor skyssplikt. I 1661 åtte lektoratet i Bergen heile garden, og Klas Jensson var brukar då og 1664. Han er nemnd som lensmann 1670 og 1672, som lagrettemann fleire gonger 1671-1677, og hadde 1680 sak med Svein Seim, som skulda han for å ha forført kona hans. Båe vart dømde til å be henne um tilgjeving. Futen har stemnt han Klas til tings i 1685 fordi han, endå han var gift, skulde ha levt saman med tenestgjenta si, Ragnhild Larsdr. Dei tilstod båe og Klas bad um nåde, ikkje um rett. Klas vart dømd til å røma frå Voss og skulde under livs fortaping aldri koma attende til bygdi. Busluten hans skulde gå til kongen. Ho Ragnhild skulde bøta. Det er to brukarar i 1691, Klas og Lars. I 1701 er det likeins to: Klas Ivarson, 71 år, og Lars Mikkjelson, 40 år, truleg son åt fyrr nemnde Mikkjel. Lars hadde sønene Knut f. 1695 og Olav f. 1798.

Ingjerd Miltzow, dotter åt Klas H. Miltzow på Mosafinn, var gift ikring 1702 med Nils Olavson Tren. Brevbyte millom soknepresten på Voss og bispen syner at folket hennar Ingjerd sette seg imot at ho skulde ha han Nils, men ho gav seg ikkje på det, og dei vart gifte. Dei har so vorte leiglendingar på den parten i Raustad som lektoratet i Bergen åtte. Nils døydde 1705 og Ingjerd vart attgift 1706 med Knut Åmundson Dukstad eller Fjose. Han var fødd 1682 og døydde 1732. Ho Ingjerd var fødd 1680 og levde til 1750. Knut bygsla Raustad 1706 og 1707.

Ved skifte etter Nils vart buet verdsett til 470 riksdalar. Det åtte 9½ mark i Finne, 1 spann i Lassahaug, 28 mark i Lid,

--- side 266 ---

6 mark i Hyljarås, 18 mark i Nesheim, 2 laup i Uppheim, 12 mark i Kvarakvål, 2 pund i Hildestveit og 3½ laup i Øvre Rykke. I bunadstidi hennar Ingjerd var ymse brigde med jordgodset. Med Nils hadde ho sonen Olav, f. 1702 og Klas som døydde ikkje lenge etter faren. Olav gifte seg 1723 med Anna Oddsdr. Sonve og budde på Tren. Med Knut hadde ho Ingjerd seks born: Ingjerd, f. 1708, g. m. Eirik Oddson Sonve, gardmann på Jerald. Anna f. 1712 g. m. 1. Gusskalk Nilsson Eide, 2. 1736 med Knut Oddson, truleg frå Sonve og 3. 1742 med Torbjørn Sjurson Vike, og budde fyrst på Eide sidan på Tvilde. Gudve, gift 1733 med lensmannssonen Torbjørn Masson Seve, Gjertrud f. 1718, død ung, Nils f. 1720, død ug. 1739, Guro, gift 1744 med enkjemann Knut Johannesson Uppheim.

Knut og Guro bygsla 1744 den parten i Raustad som mor hennar hadde, og ho fekk kår. I 1756 kjøpte Knut 1 laup av brørne Joachim og Petter Nordahl. Lars Eilivson hadde vore leiglending på den parten. Guro og Knut hadde sju born: Nils f. 1745, g. 1770 med enkja Guro Olavsdr. Rekve som fekk gard på Vestrheim og Rekve. Knut f. 1753, g. 1778 med Ingjerd Oddsdr. Gjerstad, fekk gard på Hæve. Johannes f. 1756, vart g. 1782 med Marta Olavsdr. Flatekvål. Lars f. 1761 var tambur, gifte seg 1790 med Anna Bjarnesdr. Røte og vart jordamann på Brekku, Gullfj. Kirsti f. 1751, g. 1769 med jordamann Knut Nilsson Finne. Ingjerd f. 1759, g. 1776 med Ivar Olavson Gjerstad og 1797 med Knut Jonson Gjerstad, jordamann på Gjerstad, Margreta f. 1765, g. 1788 med leiglending Anders Andersson Væte.

Johannes og Marta fekk Raustad etter foreldri hans. Johannes er skriven for tambur då han gifte seg. Han døydde 1795 og ho Marta gifte seg uppatt i 1797 med Knut Ivarson Lydvo, f. 1765. Han bygsla same året 2½ laup 1 geitskinn i Raustad og fekk kongeskøyte 1832 på garden for 800 spd. og jordavgift 5 tunnor 6 skjeppor bygg. Johannes og Marta hadde fire born: Knut f. 1783, g. m. Anna Jonsdr. Dagestad, Guro f. 1785, g. m. lensmann Mattis Gusskalkson Ringheim, Kirsti f. 1787, gift til Hornve med Sjur Arnfinnson, Ingjerd f. 1790, g. m. gardmann Knut Knutson Dolve.

Knut og Marta hadde to born: Johannes f. 1798 og Margreta f. 1802. Johannes gifte seg 1827 med Ingebjørg Mattisdr. Mølster. Han var stemnevitne frå 1819 til 1829. Margreta vart

--- side 267 ---

gift 1825 med Anders Torsteinson Hellesnes. Knut Ivarson døydde 1832, og i 1833 vart garden skift soleis at Johannes Knutson fekk to tridjepartar og Anders Hellesnes ein tridjepart. I 1837 vart Raustad skift i to jamstore partar. Knut Johannesson fekk då bruk 1 for 300 spd. og Knut Torgeirson Kvåle fekk bruk 2 for 400 spd. Tri gonger vart han utkommandert, fyrste gongen i 1808 då han skulde halda brudlaup. I 1810 fekk han koma heim att, og då gifte han seg.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Raustad. Knut Johannesson og Anna hadde sju born: Johannes f. 1808, g. m. Marta Knutsdr. Røte, Guro f. 1811, g. m. Torstein Torgeirson Kvåle, gardmann på Dagestad, Jon f. 1814, skreddar, Marta f. 1817, g. m. Anders Nilsson Brekku, husmann på Raustad, Knut f. 1824, g. m. Guri Knutsdr. Raustad, Anders f. 1827, Amerika, Ingebjørg f. 1830, g. m. Per Torbjørnson Hommedal, gardmann på Midtun, Vossastrondi. Johannes Knutson fekk farsgarden i 1838 for 400 spd. og døydde 1862. Johannes og Marta sine born var: Knut f. 1844, g. m. Brita Larsdr. Rokne, Anna f. 1843, Gudve f. 1846, g. m. gardmann Olav Knutson Dukstad, Marta f. 1849, gift til Vetla Rokne med Knut Larsson, Anders f. 1853, misjonsprest. Knut Johannesson fekk skøyte på garden 1876 for 500 spd. og døydde 1877. Fire born: Marta f. 1872, Kristi f. 1874, g. m. gardmann Nils Johannesson Lid, Kv., Anna f. 1875, g. m. Lars Johannesson Lid, Palmafossen, Marta f. 1877. Marta d. e. gifte seg 1901 med Johannes Nilsson Bø frå Vik i Sogn, og fekk garden i 1903 for 3200 kronor. Johannes døydde 1919, og sonen Knut har no garden. Han er f. 1902 og g. m. Pernhild Vilhelmsdr. Oma, Strandebarm.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 41, lnr. 93 a med gamal skyld 1 laup 1 pund 3 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 3 ort 12 skill. Ny skyld mark 3,93, sett ned til mark 3,58 atter at bruk 4 er skilt frå.

Bruk 2. Raustad. Knut Torgeirson Kvåle fekk som ovanfor nemnt dette bruket i 1837. Han var fødd 1786, g. m. Ingjerd Nilsdr. Lydvo og døydde 1844 (Kindem: Røteætti nr. 31a). Dei hadde to døtter: Guri f. 1829 og Margreta f. 1830 g. m. Bjarne Knutson Brekku. Guri var som fyrr nemnt g. m. Knut Knutson Raustad og fekk farsgarden hennar, noko i 1845 og

--- side 268 ---

noko 1852. Åtte born: Knut f. 1852, gift 1. 1877 med Ingebjørg Jonsdr. Fletre og sidan med Torbjørg Hallsteinsdr. Kvarme. Ingjerd f. 1854, g. m. Anders Person Gjerme, Anders f. 1857, g. m. Elina Knutsdr. Setre, snikkar og bygningsmann, Amerika. Torgeir f. 1860, lærar og kyrkjesongar, Anna f. 1862, Marta f. 1865, g. m. gardmann Jon Johannesson Dolve, Nils f. 1869, Johannes f. 1875. Nils og Johannes er lærarar på Austlandet. Knut fekk garden i 1881 for 2800 kronor. Han døydde 1917 og hadde med Ingebjørg fire born: Knut, Jon, Guri og Kirsti. Jon fekk kjøpekontrakt på garden i 1906 for 7500 kronor. Enkja, Torbjørg, fekk skøyte i 1921 frå skifteretten på garden for 27 000 kronor. Ho testamenterte garden til systri Anna og ho skøytte att til Kirsti Knutsdr. g. m. Per Hydningen. Dei budde der nokre år, reiste so til Amerika og selde 1927 til Sjur Olavson Dukstad for 27 500 kronor. Han selde i 1932 til Endre A. Rue for 22 000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 41, lnr. 93b med skyld som bruk 1. Ny skyld mark 3,93 som er sett ned til mark 3,55 etter at bruk 3 er skilt frå.

Bruk 3. Hydningen. Skilt frå bruk 2 i 1927 med skyld 38 øre. Eigar: Per og Kirsti Hydningen.

Bruk 4. Raustad. Utskilt frå bruk 1 i 1927 med skyld 35 øre. Eigar er Marta Raustad.

Husmannsplass.

Husmannsplass har det vore i Raustadhagen. Fyrr nemnde Anders Nilsson, g. m. Marta Knutsdr. budde der. Anders døydde 1875, 55 år gl. og Marta 1872.

Stølar.

Soknepresten og gardmennene på Ullestad, Mølster og Lekve stemnde i 1700 og 1708 brukaren på Raustad fordi han um sumrane sat på stølen Valberg og beita ut hamni deira. Raustadmannen svara at Valberg var stølen hans, og at krøteri alltid gjekk «horn med horn». Det segjest ikkje noko um kva utfall det vart, men i 1723 er det sagt i matrikkelen at der var ikkje støl til Raustad. David Mølster fekk 1747 for seg og fleire interesserte halde tingsvitne um stølsretten på Valberg og hadde innkalla Lars M. Brekku, Knut J. Raustad og Ingjerd Raustad. Steffa Trå vitna at Knut Gjerde, som var ein gamal mann og var død for 35 år sidan, hadde fortalt at uppsitjarane på Brekku og Raustad vart i presten Henrik Miltzow si tid frådømde

--- side 269 ---

retten til Valberg, men Klas Raustad stølte der både fyre og etter domen. No har båe bruki vårflor i bøjagarden, og bruk 2 har sumarsstøl på Kisseldur, men bruk 1 har ikkje sumarsstøl-

Offentlege forretningar.

Sak mot Uppheim og fleire 1756 um stølen Kviting, åstadsak mot Dolve og fleire i 1795, utskifting 1825, skyldskifting 1837, sak saman med fleire mot «Den lærde skole» 1830, forretning um fråflytting 1835, skilsdom um veg og vassleiding 1906, skilsdom um veg, vassrett, gjerde og skoghogst 1914, rettsforlik 1915, forrretning um merke mot Brekku 1903, utskifting 1884-85. Bruk 1 flytte då husi sine.

Bumerke.

Knut 1716-1769 tavle 2 nr. 101. I 1748 er det ein ring i staden for dei to bøygde sideføtene. Knut Johannesson 1772 t. 2 nr. 102, Sersjant Styrk 1782 t. 2 nr. 103. Knut Johannesson Raustad sitt segl i 1769 var bokstavane K I S med prikk over i'en og nedanfor som merke eit liggjande 4-tal.