Rekve.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 108 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive Rækkuen. Det vert no sagt Rèkvè2; han búr pao, è tao Rèkvè, ska tì Rèkvés. Namnet er truleg samansett med etterlekken vin (beite, naturleg eng). Fyrelekken kunde hanga saman med det gamalnorske verbet hrøkkva (rykkja, vika tilbake, gå sund), brukt um Rekvesøyane ved osen av Rekves-elvi (Dyrvo), der elvegreinene ofte skifter far.

På Rekve er det tri gardsnummer, 15. Øvre Rekve, 16 Millom Rekve og 17 Nedre Rekve.

I diplomatariet er det fire brev som nemner Rekve. Det eldste er frå 6. desember 1303 (DN. I. nr. 97) der Jørund på Rekve er nemnd som vitne i kongsgarden i Bergen vedkomande garden Byrkjo. I brev frå ca. 1303 (DN. II. nr. 71) er det sagt at Jørund på Rekve skulde vore underkjøpt som vitne i ei sak. Jørund hadde sonen Arne nemnd 1330, som vel har vore far åt Jørund Arneson på Rogne. Alv på Rekve gjev 26. novbr. 1328 (DN. I. nr. 198) vitnemål um sal av noko i Byrkjo.

Alvfinn på Rekve vitnar saman med 5 andre um vegvøla på ålmannavegen på Voss i brev 14. mars 1343 (DN. VI. nr. 167). Dessutan har me eit brev av 26. mars 1653 som ikkje er i diplomatariet um arveskifte på Rekve i oktober 1652 millom Guri Eiriksdr. Rekve og Ragna Eiriksdr. som var syster til kona åt Guri sin avlidne mann, Lars Eirikson. Mannen hennar Ragna, Viking Simonson Bø, var til stades. Ragna fekk då m. a. jordgods i nedre tun på Rekve etter Lars, bror sin. Ho var dotter åt Eirik Knutson Seve er det sagt i skiftet.

--- side 109 ---

Tiendemanntalet i 1521 har tri brukarar på Rekve: Alv, Tormod og Asle. Alv betalte 2 mark i skatt og 8 mark i breffbrot. Tormod betalte 2½ mark i skatt og Asle 5 mark i skatt og 8 mark i breffbrot. Der er tri brukarar ogso i 1563: Torstein, Torleiv og Oluf. Kvar betalte då 1 dalar i skatt. Torstein betalte i landskyld 1 dalar og Oluf ½ dalar. Ein Mikkjel tente der for halv løn og betalte 1 ort i skatt.

Pål har vore brukar av noko som stiftet åtte og betalte ½ laup smør i landskyld og 1 kalvskinn i «fredholdt». Eirik har i 1597 betalt tridje års bygsel 102/3 skill. og «landbouedzell» med ½ dalar for ½ laup av stifts- og krungodset i Rekve. I åri 1585-1616 betalte dei på Rekve til Vangskyrkja årleg i landskyld 9 askar korn, 1½ pund smør, og til soknepresten 1 pund smør og 1 såld korn. Rekve er i 1600-talet ført upp som Apostelgods.

Leiglendingar i 1603 er Mons, Mikkjel, Oluf og i 1611 Mons, Simon, Orm, Oluf. Oluf budde på godset åt stiftet og betalte ½ laup smør i landskyld. Mons åtte 1 laup 3 spann i garden og betalte odelsskatt 3½ mark. Han var på tinget i 1713 vald saman med fleire til å likna ut «dagskatten», men dei vilde ikkje av di det var slik motvilje mot denne skatten. Orm var eigar av 1 spann og betalte ½ mark i odelsskatt for det. Simon vart utskriven i 1614 for å reisa til Svinesund med byrse og sverd. Han betalte s. a. tridje års bygsel for 2 laup ½ pund med 2 dalar 12 skill. Simonsnamnet finn me ikkje seinare på Rekve, so han er vel ikkje attkomen frå Svinesund. Dei andre leiglendingane på Rekve var då Mons, Orm, Tomas.

I 1621 er Tomas, Orm og Lasse leiglendingar, den siste på stiftsgodset. Mons Rekve eig då 1 spann 3 mark i Rjodo, 1 laup ½ pund i Lae (Hydle), 9 mark i Takla, 9 mark i Indre Takla og ½ laup i Tren. I Rekve åtte Toris Kyte 21 mark, Laurits Nedre Graudo 2½ spann, Isak Lunde ½ pund, Orm Rekve 3 spann og Eirik Norheim 1 pund. Atle Vele eig då 2 laup i Rekve og Vele. Leiglendingsskatt er betalt i 1629 av Lasse for ½ laup, Orm for 1½ laup og Tønnes for 2 laup 1 spann.

Leidangsboki 1624 syner at leidangen av Rekve var 1 spann smør og 1 bukkskinn for det som Tormod bygsla, 1 pund og 1 mark smør og 1 bukkskinn for det som Orm bygsla og 1 spann smør 1 bukkskinn for det som Lasse bygsla. Vidare er skrive

--- side 110 ---

at jordi var «temmelig god» til avling. Skog var der ikkje. For odelsgodset laut betalast ryttarskatt i 1627 med 3 dalar 1½ ort av 1½ laup, som Orm brukte og 5 dalar 6 skill. av 2 laup som Tomas brukte. Landskyldi til stiftet var ½ laup.

Etter søknad frå presten Henrik Miltzow har kongen vedteke i 1636, at bøndene på Rekve, Brekku, Raustad, En, Rykke og ein gard til skulde skyssa presten til og frå anneksi og vart difor fritekne for onnor skyssplikt. 4 leiglendingar var det


Rekve, Veka, Bø, Byrkjo og Gjukastein set vestanfrå, um lag 1870.
Bilete 14. Rekve, Veka, Bø, Byrkjo og Gjukastein set vestanfrå, um lag 1870. Fot. Hanna Skagen.

på Rekve i 1645: Lasse Eirikson, g. m. Guri, Laurits Oddmundson, g. m. Sigrid, Laurits Kjelson, g. m. Anna, og Per Johannesson, g. m. Marta. Folkvard Broderson har 1649 bytt burt til kongen noko i øvste tunet og noko i millomtunet. Laurits var leiglending i det fyrste og Lasse i det andre tunet. Eigarane i 1652 var etter skattemanntalet: F. Broderson 3 laup 2 pund 12 mark, kongen ½ laup, Voss prestebol 1 laup 6 mark, Vangskyrkja 2 pund og bispen 3 laup.

I skattemanntalet 1655 er for fyrste gong skilt millom kvart tun på Rekve, nemleg øvre, millom og nedre tun. Me skal difor no ta kvart tun for seg, som no er gardsnr. 15, 16, 17.

--- side 111 ---

15. Øvre Rekve.

Bispestolen åtte denne garden i 1652 og truleg lenge fyrr. Skyldi var då 3 laup. Landkommisjonen skriv 1661, at det var halv gard og hadde ein liten humlagard. I 1695 og 1723 var skyldi 2½ laup. Matrikkelen av 1723 melder at garden hadde «lidt» vedaskog, ein liten humlagard, ikkje fiske, var årvand og tungvinn og noko uviss til kornavling. Skyldi er


Bilete 15. Rekve 1935, set vestanfrå. Fot. P. Braaten.
Bilete 15. Rekve 1935, set vestanfrå. Fot. P. Braaten.

den same i 1838. Då er ho umskrivi til 5 dalar 3 ort 21 skill. Samanlikningstalet var 870. Um alle bruki på Rekve er det då sagt, at dei hadde vedaskog og sers godt vassfall. «Derimod haandmales kornet» er det sagt. Dette må vel vera anten ei skrivfeil eller mistyding. Skyldi vart sett ned i 1865 til 5 dalar 3 ort 13 skill. og umskrivi i 1890 til mark 8,32.

Matrikkelen av 1865 fører upp 17¼ mål åker, 36,5 mål dyrka eng, 26,5 mål god, 48 mål medels natureng og 40,5 mål skrapebø. 3 à 4 mål på bruk 4 var skikka for dyrking. Det var ringt beite og bruk 8 vanta sumarhamn, bruk 7 hadde ikkje skog. Dei andre bruki hadde vedaskog, men ikkje timber. Bruk 4 var tungbrukt, medan bruk 8 var lettbrukt. For bruk 7

--- side 112 ---

og 8 var av vassfallet rekna årleg innkoma 1 spd. for kvart. Garden var utsett for å svida. Bruk 8 var dyrka betre enn vanleg, men bruk 4 var ringare. Ved uppteljingi 1918 er ført upp 36 mål åker, 21½ mål kunsteng og 29 mål natureng.

På Øvre Rekve budde 25 menneske i 1801, 41 i 1865 og 77 i 1920. Den store aukingi etter 1865 kjem seg av tilflytting til Bulken, der det budde 38 menneske i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Øvre Rekve.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 12 8
1723 2 16 18 20
1865 2 25 56 36 ,3 74
1918 5 21 59

Bispestolen åtte dette jordgodset som var på 3 laup i 1661. Det er ført upp med 2½ laup i 1691, 1695 og 1714. Det siste året er tilført, at ingen vil vedkjenna seg å vera eigar av den halve laupen etter dei 2½ laup. I 1723 er heile skyldi 2½ laup, som bispestolen åtte.

Per var brukar i 1655 og 1661, men i 1664 var det ei enkje. Han Per var stemnd til tings fordi han våren 1667 hadde teke og rive Nils Bjørku i skjegget, då han saman med futefullmektigen var på skattekrevjing hjå Per. Per laut bøta 3½ rd. Olav var leiglending i 1695 og Mons Ivarson i 1701 («Jesperson» står det sume stader). Han var då 46 år gl. og visst nyleg gift med enkja Guro Knutsdr. som døydde 1739, 86 år gl. Ho hadde fyrr vore g. m. Odd, som hadde tri søner med henne: Per, Knut og Ivar. Med Mons hadde ho dotteri Brita f. 1699, som i 1740 vart gift med Halldor Jonson Rekve. Mons er likeins brukar i 1715.

I 1721 har Ivar Botolvson bygsla 1½ laup, som Mons «Jesperson» hadde sagt upp. Ivar var gift 1. 1720 m. Marta Monsdr. Rekve og 2. 1722 m. Magli Arnfinnsdr. Skulestad. Olav Larsson Skjerpe bygsla so i 1724 1½ laup av bispeenkja. Han var g. 1. m. Ingebjørg Larsdr., 2. i 1739 m. Ingebjørg Jørgensdr. Bø. Olav døydde 1764, 82 år gl., barnlaus. Ho Ingebjørg Jørgensdr. vart attgift i 1765 med Eirik Davidson Saude, som då bygsla

--- side 113 ---

garden. Han var g. 2. m. Johanna Andersdr. Dagestad i 1788, og døydde 1795, 55 år gl. Ho gifte seg so i 1797 m. Velom Bjarneson Røte og døydde 1838, 73 år gl. Velom bygsla 1½ laup i garden. Sjå vidare bruk 8. Med Johanna hadde Eirik borni: David f. 1790, Ingebjørg f. 1789 og Gjertrud f. 1793. Ho Ingebjørg vart gift til Jo-tunet på Fenno med Jon Brynjulvson. Gjertrud var andre kona åt Lars Eilivson Skiple.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Øvre Rekve. Skilt ut frå bruk 4 i 1876. Nils Ivarson selde det til Mikkjel Aslakson Veka for 800 spd (sjå bruk 7). Han selde i 1878 til Bryttva Nilsdr. Rekve for kr. 2771,58. Ho var f. 1848, g. 1878 m. ekm. Lars Nilsson Yksnabjørg, fødd på Gjerde 1798. Han døydde 1888. Lars selde garden i 1879 til Aslak Mikkjelson Rekve for 2400 kronor. Både han og Mikkjel, far hans, er umtala på Grevle, der dei seinare budde og døydde. Aslak selde i 1883 til lærar Arnfinn N. Seim for 3500 kronor. Han er f. 1855, g. m. Ingjerd Olavsdr. Skjeldal f. 1859, og har vore lærar på Dyrvedalen frå 1875 til 1914. Dei har 13 born. Sonen Torstein f. 1897, fekk skøyte i 1922 på bruk 1 og bruk 19 for 6000 kronor. Han er g. m. Eli Botolvsdr. Gjerme. I 1928 er fråskilt bruk 22. Skyldi på bruk 1 er no mark 1,40.

Bruk 2 og 3 og dei andre som vantar nedanfor, er uppførde framanfor under Bulken.

Bruk 4. Øvre Rekve (Sandneset). Olav Kristofferson frå Vetleteigen på Vossastrandi har vore leiglending på dette bruket, som då høyrde til bispestolen og var på 1 laup. Olav var fødd umlag 1737, døydde 1813. Han var g. m. Guri Kjelsdr. og det var to søner etter dei: Lars som bygsla garden etter foreldri i 1795, og Nils, som vart slik ein namngjeten felespelar, ofte nemnd som Gamle-Rekven.

Lars, f. umlag 1771, var g. 1795 m. Brita Andersdr. Rekve og hadde borni: Kristoffer, Olav, Nils, Ivar f. 1815, Anders f. 1818, Bryttva f. 1801 og Guri f. 1812. Han Kristoffer f. 1795, g. m. Ingebjørg Vikingsdr. Gjerme, var husmann i Rekveskvammen. Sonen Lars kjøpte garden Vassenden. Olav f. 1796, g. m. Marta Småbrekku, var husmann i Vekahaga og god felespelar.

Nils Larsson f. 1810, fekk kongeskøyte i 1845 på garden,

--- 114 ---

som til den tid hadde vore bispegods, for 500 spd. og jordavgift 2 tunnor 1 skjeppe 22/3 fjerdingkar bygg, men selde garden 1848 til Nils Ivarson Glymme for 700 spd. Han var fødd 1812 og gift fyrst med Bryttva Larsdr. og i 1849 med Brita Mattisdr. Gjerde. Nils døydde 1892. Med Bryttva hadde han dotteri Bryttva f. 1848. Ho fekk garden, og gifte seg 1878 med ekm. Lars Nilsson Yksnabjørg, som då var 81 år gamal, og døydde 1888. I 1859 er fråskilt bruk 7, i 1876 bruk 1, 2, 5 og i 1918 bruk 19. Jakob Ekse eig no garden.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 15, lnr. 35 med gamal skyld, 1 laup, urevidert 2 dalar 1 ort 15 skill. No er skyldi 48 øre etter at bruk 19 er skilt frå.

Bruk 5. Øvre Rekve. Skyld 33 øre. Det er skilt ut frå bruk 4 og selt i 1876 til Olav Magneson for 200 spd. Han selde ein teig, som vart bruk 6, og let i 1908 garden til Lars, son sin. Garden vart i 1918 seld på auksjon saman med bruk 1 Vetla Røte, til Anders K. Nesheim, Haugesund, for 36000 kronor. Olav, Lars og Anders er umtala på bruk 1, Vetla Røte. Eigedomen vart seinare teken attende ved odelssøknad og skøytt til Torbjørg Mattisdr. Rekve.

Bruk 6. Monsbakken. I 1887 er dette bruket skilt ut frå bruk 5 og selt i 1888 til Nils Nilsson som selde det i 1911 til Alfred Kristenson. Skyld 17 øre.

Bruk 7. Øvre Rekve (Kvernhusholmen). Utskilt frå bruk 4. Selt i 1850 til Anders Johannesson Hornve. Han selde det 1862 til Mikkjel Aslakson Veka, som dreiv med masing og stamping (sjå bruk 1). Nils Helgeson Arhelleren kjøpte eigedomen i 1884. Nils Knutson Rekve eig det no (sjå under husmannsplass på Veka). Han er f. 1855, g. m. Ingebjørg Larsdr. f. 1865. Han har drive mykje med helletekkjing. Skyldi er 15 øre.

Bruk 8. Rekve. David Eirikson f. 1790, nemnd ovanfor, bygsla dette bruket, og fekk kongeskøyte på det i 1841 for 700 spd. og jordavgift 3 tunnor 1 skjeppe 3 fjerdingkar bygg, som seinare er innløyst. David var gift 1815 med Kari Larsdr. Store Skiple, som var av hallingætt, og døydde 1830. Born: Eirik, Lars, Guri, Johanna, Gudve som alle reiste til Amerika so nær som Eirik som fekk farsgarden. Han var fødd 1816, g. 1. m. Marta Sjursdr. Hornve, 2. 1860 m. Ragnhild Helgesdr. Arhelleren og døydde 1898. I 1883 vart fråskilt bruk 9 og i 1888 bruk 10 og 11. Born med Marta: Lars f. 1843, Sjur f. 1845, Arn-

--- side 115 ---

finn f. 1852 (sjå bruk 9), Kari f. 1849. Born m. Ragnhild: Anders f. 1867, Brita f. 1869, Knut f. 1873, Johanna f. 1877. Ho Kari var g. m. Odd Knutson Hæve. Anders fekk garden ved skifte etter far sin i 1899 for 1400 kronor, men let han 1902 for 2700 kronor til Odd K. Hæve. Sjå bruk 2 Hæve. Sonen Mattis, g. m. Maria Ivarsdr. Seve, fekk garden i 1907 for 2900 kronor. Han var f. 1880 og døydde 1926.

Bruk 8 var fyrr mtrnr. 15, lnr. 36 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 3 dalar 2 ort 6 skill., revidert 3 dalar 2 ort 13 skill. Ny skyld mark 5,11, som er sett ned til mark 1,23 etter at bruki 9, 10 og 11 er fråskilde.

Bruk 9. Øvre Rekve. (Kallhaugen.) Det er utskilt frå bruk 8. Arnfinn Eirikson fekk bruket hjå far sin i 1879 for 2800 kronor. Han gifte seg 1. 1879 med Dønåt Knutsdr. Gjerstad, 2. 1908 m. Marta Olavsdr. Brekku, Gullfj. Arnfinn let eit stykke av garden som vart bruk 17. Ragnhild, dotter hans f. 1881, g. m. Brynjulv Asleson Klyve som er død, fekk garden i 1910 for 4700 kronor og kår. I 1921 er fråskilt bruk 21. Skyldi på bruk 9 er no mark 2,56.

Bruk 17. Solhaug. Utskilt frå bruk 9 i 1907. Arnfinn Eirikson selde det til Sjur Knutson Gjerstad, som bygde der. Han var f. 1855, g. 1890 m. Rannveig Bjarnesdr. Lisseim og var god ljåsmed. Han selde til Knut Knutson Saude. Skyldi er 17 øre, men eigedomen er i 1932 ført saman med bruk 5.

Bruk 19. Brustegane. Utskilt frå bruk 4 i 1918. Arnfinn N. Seim kjøpte det av Bryttva Rekve. Sjå bruk 1. Skyldi er 3 øre.

Bruk 21. Bjørkelund. Utskilt frå bruk 9 i 1921. Brynjulv A. Klyve selde det til Sigurd Ivarson Arnøy. Skyldi er 3 øre.

Bruk 22. Solhaug. Skilt frå bruk 1 i 1928. Torstein Seim selde det til bror sin, Hans Arnfinnson Seim. Skyldi er 3 øre.

16. Millom Rekve.

Millomtunet på Rekve var på 3 laup i skyld i 1661 og hadde to brukarar skriv Landkommisjonen, og segjer elles berre at der var turvande vedaskog. Matrikkelen 1723 fører upp skyldi med 2 laup 2 pund 6 mark og ein brukar. Det var då noko vedaskog og ein liten humlagard. Garden var turr, årvand, hadde ring jord og var tungvinn. Det vart gjeve tilråding um å minka skyldi med 18 mark og ho er førd upp i 1777 og 1838

--- side 116 ---

med 2½ laup og umskrivi 1838 til 5 dalar 14 skill. Samanlikningstalet i 1838 var 770.

Matrikkelen i 1865 fører upp 16½ mål åker, 6 mål dyrka eng, 18¾ mål god, 72 mål medels natureng og 51 mål skrapebø. 9 à 10 mål kunde dyrkast. Hamnegangen var ring. Det var vedaskog, men ikkje timberskog. Bruk 1 var utsett for å svida, men var dyrka vanleg godt. Bruk 2 leid ofte av turk og var ikkje so godt dyrka. Ved uppteljingi 1918 var det 28 mål åker, 22 mål kunsteng og 11 mål natureng.

Folketalet var i 1801 17, i 1865 18 og i 1920 14.

Fødnad og avling (i tunnor) på Millom Rekve.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 13 9
1723 1 13 12 20
1865 2 17 37 38 ½ 44
1918 3 15 35

Vangskyrkja åtte i 1655 2 pund, Vangens prestebol 1 laup 16 mark, kongen 1 laup og Folkvard Broderson 1 laup. Kyrkja fekk som årleg landskyld av sin part 6½ aske korn og 1 pund smør står det i kyrkjerekneskapen for 1654. Munkeliv åtte i 1659 2 laup 13 mark, Vangskyrkja 1 spann, Guri 1 pund og Torgeir 27 mark. Lasse var brukar 1655 og ei enkje i 1659. Landkommisjonen har ført upp som eigarar i 1661 Vangskyrkja 1 spann, Munkeliv 2 laup 13 mark og bondegods 2 pund 9 mark. Laurs og ei enkje var brukarar.

Hermann Garmann har i 1662 fått kongeskøyte på 2 laup av Munkelivgodset i Rekve. Klas Miltzow var 1691 eigar av 2 laup og kyrkja av 1 pund 6 mark. I 1695 var eigarane: Vangskyrkja 18 mark, Fatighuset 27 mark, Ingjerd Miltzow 1½ laup og Lars Helland 27 mark. Erling var brukar 1691, Gudleik i 1695 og Olav Nilsson i 1701. Han var då 34 år. Skattemanntalet 1714 har som eigarar: Vangskyrkja 18 mark, Fatighuset 1 pund, Magne Gjerstad 1½ laup, lensmann Viking Tvilde 1 pund 2½ mark. 21½ mark vilde ingen vedkjenna seg som eigar til.

Jørgen var leiglending 1715, var g. m. Åsa Pålsdr., hadde sonen Torleiv i 1696 og døydde 1718. Det vart halde registrering hjå Jørgen i 1714 av di han «sit ægteskab med lejermaal har

--- side 117 ---

forseet». Etter at gjeldi var fråtrekt, åtte han berre 2 rd. 5 mark 3 skill. Etter lovi gjekk halvparten til kongen og den andre halvparten til kona åt Jørgen. Det var i 1723 dei same eigarar som i 1714, men med den skilnad at Viking Tvilde i 1723 åtte 2 pund og Ivar Gjerstad var komen i staden for Magne Gjerstad. Ivar hadde bygsleretten til alt. Vangskyrkja sin part i garden fylgde med då kongen i 1723 selde kyrkja. Rikolv Larsson, g. m. Ingebjørg Mikkjelsdr. bygsla 2½ laup i 1718 og budde der til han døydde fyre 1734. Per, son til Ivar Monsson Gjerstad, vart deretter brukar. Han gifte seg 1. 1734 m. Marta Oddsdr. Sonve, 2. 1736 m. Brita Velomsdr. Eide, var skriven som tambur 1734 og som korporal ofte seinare. Ved dom i åstadsak som Per hadde lagt upp mot henne Ingebjørg, vart ho plikta til å vika frå garden so Per fekk trø til. Han åtte 2 pund 6 mark i garden etter skøyte 1734, og i 1745 1½ laup. Borni åt Per var: Ivar, Anders, Marta f. 1741, g. m. Lars Torleivson Gjerme, Velom f. 1748, g. m. Eli Olavsdr. Bø, Anna f. 1750, g. m. Odd Masson Seim, Gjertrud f. 1754, g. m. Mons Olavson Vetla Hornve, Bjarne f. 1757, Gusskalk f. 1759, g. m. Kirsti Knutsdr. Ullestad, som budde på Vangen.

Ivar Person f. 1738, død 1779, g. m. Kari Knutsdr. Byrkjo, fekk noko av farsgarden i 1758 og noko til ymse tider seinare, so han i 1780 åtte i alt 1 laup 2 pund 1½ mark. Bruttomidelen ved skifte etter han var 831 rd. Borni var: Rannveig, Knut, Per, Torbjørn, David, Ivar, i alderen 16-1½ år. Sorenskrivar Fleischer gav 1775 til Vangens Fatighus 13¼ mark i garden, som han hadde fått ved skifte etter lensmann Tvilde i 1757. Ho Kari vart attgift med Eirik Andersson Haug. Han kjøpte 1½ laup, men bytte i 1786 med Anders Person uti 1 laup i Seim, Gullfj. Han var som fyrr nemnt son åt Per Ivarson Rekve. Anders f. 1739, død 1813, var g. m. 1. Bryttva Ivarsdr. Saude, 2. 1798 m. Marta Bjarnesdr. Store Røte og hadde borni: Rannveig, g. m. Lars Larsson Uppheim, Brita d. e., g. m. Styrk Olavson Grevle, Gjertrud, g. m. Knut Torsteinson Saude, Brita d. y., g. m. Lars Olavson Øvre Rekve. Han Anders skifte garden millom døtterne Rannveig og Brita d. e. i bruk 1 og 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Millom Rekve. Brita Andersdr. fekk dette bruket i 1791. Same året vart ho g. m. Styrk Olavson Grevle.

--- side 118 ---

Ho Brita datt utover i Istonæ og slo seg ihel 1811. Ho var då 43 år gl. Styrk dreiv med hestehandel og døydde 1830, 68 år gamal, medan han var ute på reis. Deira born var: Olav, Anders, Bryttva, Synneva f. 1804, Sjur f. 1809. Olav døydde ugift. Anders f. 1796, g. m. Marta Persdr. Gjerme, hadde fyrst bruk 1 Flògo og seinare bruk 3 Gjerme. Ho Synneva gifte seg med Botolv Steffason Gjerstad og vart buande på Ullestad. Sjur Styrkson, g. m. Anna Persdr. Gjerme, fekk farsgarden på Rekve i 1831, men selde han og reiste til Amerika i 1845. Fleire av etterkomarane hans vart prestar, professorar og elles mange sers dugande folk.

Bryttva Styrksdr. f. 1801 vart g. m. Arnfinn Sjurson Hornve. Dei fekk farsgarden hennar Bryttva i 1848 for 765 spd. etter odelssøknad mot Ivar Nilsson Kvilekval, som hadde kjøpt garden i 1845 av Sjur Styrkson for 600 spd. Bryttva og Arnfinn hadde borni: Brita, Sjur og Kirsti. Sjur var g. m. Guri Torsteinsdr. Dagestad og reiste til Amerika. Kirsti vart g. m. Knut Botolvson Væte. Ho Brita f. 1836, var g. m. Olav Eirikson Vetla Saude som var komen til Saude frå Verpelstad, Stamnes. Dei fekk farsgarden hennar i 1866 for 600 spd. og hadde borni: Arnfinn, Brita og Marta. Arnfinn fekk garden i 1902 for kr. 3200. Han er f. 1869, g. 1900 m. Anna Torsteinsdr. Dolve, f. 1876, har vore med i styret for Bulkens Meieri og er agent for Singer Symaskinkompani. Sonen Olav er overrettssakførar på Vangn.

Bruk 1 var fyrr mtrnr, 16, lnr. 37 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 2 dalar 2 ort 19 skill., revidert 2 dalar 2 ort 12 skill. Ny skyld mark 3,64.

Bruk 2. Millom Rekve. Lars L. Uppheim var som fyrr nemnt gift 1795 m. Rannveig Andersdr. Rekve. Hjå far hennar fekk dei 2 pund 6 mark i garden og bygsla 1 pund 12 mark. Han bygsla burt sin part i 1799 til Olav Torsteinson Lunde som var g. m. Marta, syster åt Lars, og var skulemeister. Då Lars var død, kjøpte ho Marta garden i 1805 for 820 rd., og let han i 1817 til Torstein, son sin, som selde i 1822 til Knut, bror sin som var f. 1802. Han let garden att i 1832 for 236 spd. til systeri Marta. Ho var g. m. Viking Olavson, men døydde 1837 utan born 45 år gl. Viking fekk so garden ved skifte etter henne 1 laup 27 mark, som då var verdsett 420 spd. og skogen 40 spd.

Viking selde i 1840 til Torgeir Larsson Skjelde, som var

--- side 119 ---

g. 1831 m. Kari Olavsdr. Rekve f. ikr. 1797. Dei hadde borni: Olav f. 1835 og Mari. Olav var handelskar og døydde ugift i 1909. Mari fekk garden i 1875 for 500 spd. og styrde han til 1903, då ho selde til Anders Gusskalkson Gjerme for 3000 kronor. og kår. Mari døydde ugift 1931 vel 99 år gamal. Ho hadde sers godt minne og hadde mykje å fortelja um ætter og anna. Anders selde i 1909 til Knut Knutson Saude for 4000 kronor. Knut budde der til 1913 og selde so til Ivar Andersson Røyrlidi for 5000 kronor. Han er f. 1872 og g. m. Anna Larsdr. f. 1868. Frå bruk 2 er utskilt 3 partar som bruk 3, 4 og 5.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 16, lnr. 38 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 2 dalar 2 ort 19 skill., revidert 2 dalar 2 ort. Ny skyld mark 3,50, som vart sett ned til mark 2,29 etter at bruk 3, 4 og 5 var fråskilde.

Bruk 3. Dalen. Utskilt frå bruk 2 i 1891 med skyld 2 øre. Nils Trondson fekk det på arvefeste i 1892. Arnfinn Olavson fekk det i 1898. Skyld 2 øre.

Bruk 4. Istonæ. Klas Knutson Rekve kjøpte det i 1906. Sjå gnr. 15, bruk 2. Skyld 5 øre.

Bruk 5. Rekve. Skyld mark 1,14, utskilt 1909 frå bruk 2. Eigar Knut Knutson Saude. Han har bygt der.

17. Nedre Rekve.

Denne garden er av Landkommisjonen førd upp i 1661 med skyld 2½ laup 1 spann og med 2 leiglendingar. Elles er berre sagt at der var brennefang. I matrikkelen 1723 er skyldi førd upp med 2 laup 2 pund 18 mark. Der var vedaskog og ein liten humlagard. Garden var medels god og noko betre enn dei andre Rekvesgardane. Skyldi er i 1777 og 1838 førd upp med 2 laup og 1 pund og er det siste året umskrivi til 4 dalar 3 ort 5 skill. Samanlikningstalet i 1838 var 700.

Matrikkelen 1865 fører upp 16 mål åker, 4,5 mål dyrka eng, 18,5 mål god, 46 mål medels natureng og 37 mål skrapebø. 2 mål var skikka for uppdyrking. Hamnegangen var ring so nær som Sumarhamni for bruk 2 som var medels. Der var vedaskog, men ikkje timberskog. Garden leid ofte av turk. Bruk 1 var dyrka vanleg godt og bruk 2 betre enn vanleg. Ved uppteljingi 1918 var det 22,2 mål åker, 25 mål kunsteng og 12 mål natureng.

Folketalet var i 1801 10, i 1865 16 og i 1920 13.

--- side 120 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedre Rekve.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 14 12
1723 2 15 15 20
1865 2 15 36 35 ½ 32
1918 3 10 33

Folkvard Broderson åtte 1655 2½ laup 1 pund i Nedre Rekve. Laurits var leiglending. Etter kyrkjerekneskapen 1654 fekk Vangskyrkja årleg landskyld av sin part i Nedre Rekve 2 askar korn og ½ pund smør. Eigarane i 1661 var Vangens prestebol ½ laup, kongen ½ laup, Munkeliv 1 laup og Vangskyrkja 2 pund. Mons og Laurs var brukarar. Peter Reedtzs har i 1665 fått kongeskøyte på 1½ laup. I 1695 åtte Vangskyrkja 2 pund, Ingjerd Miltzow 1 laup, Hans Akselson 12 mark og Vangens prestebol ½ laup. Knut og Lars var leiglendingar i 1691 og Erling Person frå Berge i 1695 og 1701. Erling var fødd ikring 1640, g. m. Maria Knutsdr. og hadde sonen Styrk, som var fødd 1676.

Eigarane i 1714 var Vangens prestebol ½ laup, Magne Gjerstad 1 laup og Hans Davidson ½ laup. Styrk var leiglending. I 1723 åtte Vangens prestebol 1 pund 18 mark, Vangskyrkja 2 pund, Magnus Faye 1 pund 12 mark og Styrk 1 laup 12 mark. Styrk var brukar av alt. Vangskyrkja sin part fylgde med henne då kongen i 1723 selde kyrkja.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Nedre Rekve. Styrk Erlingson, nemnd ovanfor, var gift fyrst med Magli, dotter hans Magne Gjerstad, og har i 1707 fått 1 laup i Rekve med henne, kjøpte seinare meir attåt, so han åtte ialt 1½ laup i 1740. Styrk var gift andre venda med Mari Knutsdr. Dagestad og døydde 1748 utan born. Ho Mari vart attgift 1749 m. David Åmundson Fjose, som då fekk garden. Han var gift 2. m. Guro Olavsdr. Liland. David døydde 1769 44½ år gl., utan born. Ho Guro gifte seg året etter med Nils Knutson Raustad f. 1745, død 1817. Han bygsla 1771 2 pund i Rekve av Vangskyrkja, 1 pund 18 mark av Voss prestebol og kjøpte i 1793 1½ laup av Erling Ivarson Flògo,

--- side 121 ---

som hadde teke dette jordgodset på skuld ved skifte etter David i 1769. Nils var no brukar av heile garden. Nils hadde gard på Vestrheim òg. Nils og Guro hadde borni Ingjerd f. 1771, g. 1794 til Fjose med Oddmund Styrkson, Kari død ung, David f. 1777, g. m. Brita K. Hovda, gardmann på Vestrheim og Knut f. 1783.

Knut Nilsson gifte seg 1815 med Eli Styrksdr. Fjose, fekk same året skøyte frå far sin på hans part i garden og bygsla i 1808 det som prestebolet åtte og i 1819 det som kyrkja åtte. Knut døydde 1866. Deira born var: Guro f. 1816, Nils f. 1818, Amerika, Styrk f. 1821, gift til Uppheim, Vestb. med Kari Persdr., Knut f. 1824, gift til Geitle, Evanger med Marta Gudleiksdr. Han fekk skøyte frå far sin i 1855 på laus landskyld 1½ laup i farsgarden, men selde henne i 1884 til Knut, son sin, som selde att 1905 til Pål Andersson Kvalheim for 200 kronor. Ein part vart skilt frå garden som bruk 2 i 1857. Eirik Torgisson Eimstad kjøpte bruk 1 av Fleischers ervingar i 1864 for 1200 spd. Han var f. 1824, g. m. Ingebjørg Klasdr. Skjeldal og døydde 1895. Dei hadde borni Torgis f. 1860, Ragnhild f. 1863, Klas f. 1864, Nils f. 1867 og Anna f. 1870. Nils gifte seg 1891 m. Brita Knutsdr. Røte. Dei fekk farsgarden hans i 1893 for 2000 kronor. Deira son Eirik f. 1901 har no garden.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 17, lnr. 39 med gamal skyld 2 laup 1 pund, urevidert 3 dalar 3 ort 7 skill., revidert 3 dalar 19 skill. Etter at bruk 3, 4 og 5 er skilt frå er skyldi no mark 4,31.

Bruk 2. Nedre Rekve (Haugen). Johannes Sjurson Hornve, g. m. Guri Knutsdr. Rekve f. 1816, nemnde ovanfor, fekk kongeskøyte på bruk 2 i 1859 for 200 spd. Han hadde stampe i Rekveselvi og stampa vadmål åt folk. Borni deira var: Kirsti f. 1842, Sjur f. 1845, Eli f. 1850, g. m. Jakob Knutson Skjerven, Knut f. 1853. Ho Kirsti gifte seg 1866 m. Johannes Nilsson Eide. Dei kjøpte farsgarden hennar på auksjon i 1866 for 1100 spd. Born: Guro f. 1868, g. m. Olav L. Flògo på Bulken, Nils f. 1870, Amerika, Johannes f. 1871, Brita f. 1877, g. m. Lars Andersson Dukstad, småbrukar på Gjerde, Knut f. 1882, Amerika. Han Johannes gifte seg 1903 m. Elisabet Sjursdr. Berge, f. 1878 og har no farsgarden.

Bruk 2 var mtrnr. 17, lnr. 39 b med skyld urevidert 4 ort 22 skill., revidert 1 dalar 1 ort 6 skill. Ny skyld mark 1,82.

--- side 122 ---

Bruk 3. Bjørkelund. Skilt frå bruk 1 i 1921 med skyld 10 øre og selt til Sigurd Arnøy.

Bruk 6. Nyheim. Utskilt frå bruk 1 i 1928 og ervefest til Anders Sveinson Hjørnevik. Skyldi er 4 øre.

Bruk 5. Nedre Rekve. Skilt frå bruk 1 i 1929 med skyld 15 øre. Eigaren er Nils E. Rekve.

Um Rekvesgardane er elles å melda:

Husmenn på Rekve.

Oluf er nemnd i 1611 som husmann eller øydegardsmann. I 1701 hadde ei enkje plass der. Knut var husmann i Kvammen i 1741 og Per Olavson i 1770-åri. Husmannskona Brita Endresdr. Bulken vitna i 1759, at då ho kom til Rekve for å vera med i gravferdi til bror hans Olav Vassenden, møtte ho han Olav i døri. Han hadde ei skål øl i handi og sa at ho måtte drikka no, for dei hadde ikkje meir. Halldor Rekve hadde havt folk hjå seg i loftet um natti, og dei hadde drukke upp alt ølet. Han Per fekk i 1781 feste på ein teig i utmarki, kalla Sandneset i Kvammen som far hans Per, Olav Ivarson, hadde rudt upp for 36 år sidan. Etter husmann Torgeir Knutson vart halde skifte 1791.

Folketeljingi 1701 har desse husmenn: Per Halldorson, 49 år, g. m. Gjertrud Knutsdr., Per Olavson, 50 år, gift fjorde gongen med Marta Kolbeinsdr. Då han Per døydde, vart ho attgift med Johannes Knutson Gjerme. I Rausmulen (berget over Bulken) er ei to, der han slo høy til to smalafoster. Kona firte han ned i berget med eit tog som ho sette fast når han var komen ned i toi. Når han var ferdig, kleiv han upp att etter toget. Johannes var ein kunnande arbeidar og hadde sers godt handlag. Ljosestakar, krunor og andre ting støypte han av massing og reiste umkring og selde. Ein holveg laga han or stovekjellaren ned mot vatnet. Um vinteren la han ut etl på isen åt skrubben. Frå nedste enden av holvegen skaut han sidan mang ein skrubb. Ein gong skaut han to i eitt skot (sume segjer tri). På tinget 1833 synte han fram skinni av to vaksne ulvar som han hadde skote den 2. februar. Skinnet av ein skrubb han skaut sende han til Bergens Museum. Stampe hadde han i Rekveselvi. Seinare flytte han Johannes frå Sandneset til Helgahaugen på Gjerme, sette upp smidjehamar, belg og slipe-

--- side 123 ---

stein, som alt gjekk med vatn. Deretter var han ei tid på Kallhaugen og var husmann på Grindaland frå 1850.

Herbrand Olavson Bokkatun var husmann i Kvammen, men kom på lægd i sine gamle dagar og døydde på Flògo 1847. Han hadde vore med i fleire krigar og tent m. a. under Napoleon. Sjå meir um han under husmenn på Bokkatun.

Steffa Rekve fekk husmannsfeste i 1850 hjå Eirik Davidson. Gjenta Ingebjørg Larsdr. Saude fekk plass hjå Arnfinn Sjurson i 1862. I 1865 var etter folketeljingi desse husmenn: I Kvammen Kristoffer Larsson, ekm. 70 år, nemnd fyrr. Han dreiv mykje med vevskeibinding og gjekk ofte på vegen millom Rekve og Bulken og batt vevskeier so han kunde få høve til å snakka med folk som for forbi. På Monsbakken var Knut Knutson Dolve, 51 år, g. m. Marta Larsdr. som hadde fått husmannsfeste i 1861. På Kallhaugen var Steffa Sjurson, 65 år, g. m. Brita Johannesdr., på Sandneset Sjur Arnfinnson, 27 år, g. m. Guri Torsteinsdr. og på Bulken Marta Mikkjelsdr., enkje etter Knut Person som hadde fått husmannsfeste i 1852. Knut spelte fele og var i slekt med storspelaren Nils Rekve. Ho Marta var uvanleg tungerapp og hadde god greide på kven som var vistalause, kven som vilde ha dreng eller gjente i grendi og alt som hende i bygdi. Av husmenn elles kann nemnast Knut Steffason som hadde plass i Rekveshagen, Knut som hadde plass på Monsbakken og Nils Trondson frå Valdres som budde på Røysateigen. Mikkjel Aslakson, umtala under gnr. 15, bruk 1, hadde ei tid plass på Øynæ, millom to armar av Rekveselvi eit stykke ovanfor vatnet og budde på «Holmen», som er lenger uppe i elvi. Sjå bruk 7.

Kvern.

På gnr. 15 var flaumkvern i 1661 og 1723. Likeins i 1723 på gnr. 16 og 17. I 1776 og 1791 var det to kvernar på gnr. 15, ei på gnr. 16 og ei på gnr. 17. Det er god vassføring i Dyrvo, og på kvernane der kunde dei mala um dei fleste andre kvernar ikkje hadde byr. Difor var det male mykje åt andre på Rekveskvernane. Ei tid var der 3 vadmåls-stampor, som hadde mykje arbeid. No er berre ei i drift, som Anders Hornve bygde. Han bygde og kvern, beinmylne og vassag. Lars Hernes eig dei no. Hallstein Hellesnes dreiv òg mykje med stamping i Rekveselvi.

--- side 124 ---

Stølar.

Stølen ligg 1½ mil frå garden er det sagt i 1723. Kjeaset er no vårstøl at alle Rekvane. Gardsnr. 16 og 17 har sumarsstøl på Kvitla, som ligg på grensa millom Evanger og Voss. Fleire gonger i tidi 1756-1904 har det vore sak um stølen, men domane skal ha gjeve Rekvane rett er det fortalt. Bruk 8, 9 og 10, gardsnr. 15 har sumarsstøl på Rauberge, som skal vera kjøpt av Vetla Røte. Det segjest at gnr. 15 òg har havt støl på Ytre Kvitla.

Offentlege forretningar.

På Rekve var odelssak i 1677, sak mot Uppheim og fleire um «Kvitlerstøl» i 1756, åstadtingsvitne vedkomande Vestrheim um «Kvitle» i 1802, odelssak i 1811, «åverkssak» mot Steine, Evanger i 1817 og 1825, odelstakst i 1827, godviljug utskifting 1842 og 1847, jarnbanetakst 1878, utskifting 1891, overutskifting 1892. Tri bruk laut flytta husi sine. I 1802 var halde steiningsforretning vedkomande gnr. 16 og 17. Semje um ikkje å halda geiter er vedteke av gnr. 15 i 1821.

Ymse.

Gnr. 15 åtte fyrr ein teig um lag midt i Røteseigedomen. Det segjest at det er som fadragåve han hadde vorte Rekveseigedom. Ved siste utskifting fekk Røte teigen. Futerekneskapen for 1675-76 syner at 2½ laup i Rekve då slapp skatt av di det hadde vore «fjeldskred og elvebrud». Dyrvo (Dyrvedalselvi) var i november 1907 større enn nokon dålevande kunde minnast. Ho reiv med seg Gjermesbrui, to kvernhus på Rekve, ei sag lenger uppe, gjekk over hovudvegen på båe ender av Rekvesbrui og braut jarnbanebrui, so toget kunde ikkje koma fram på fleire dagar. På gardsnr. 15 bruk 9 brann stovehuset um hausten 1899. I 1908 brann eit eldhus på gardsnr. 16 bruk 1.

I 1934 er under utgraving funne ei grav 4,5 meter lang, 70 cm. breid, hellesett innvendes og dekt med stein og store hellor. Konservator Espevoll har upplyst, at det er ei kvinnegrav frå vikingtidi. Ho har ikkje vore opna fyrr. I gravi var hovudskallen av ei kvinne, to beltesteinar, eit lite spenne av bronse, 1 kniv og stykke av 2 spannforma leirkrukkor.

Segn.

På stølen Kvitla er Huldahaugen ikkje langt frå husi. I gamle dagar lyste det blåe logar upp or han. Fleire gonger i seinare tid har det treft at kyr som har lege ved haugen og kvilt har vorte huldabrende, er det fortalt.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Rekve.

Jørgen Rekve 1711 tavle 1 nr. 60. I 1716 teikna han I I S med prikkar over I'ane. Styrk 1713 t. 1 nr. 61. Han teikna

--- side 125 ---

t. 4 nr. 5 9 gonger frå 1717 til 1747. Mons 1714-20 t. 1 nr. 62. 1 1720 og 1721 snur bumerket med eine spissen upp og 1728 har det berre ein spiss som vender ned. Rikolv 1719 t. I nr. 63. Olav 1727 t. 1 nr. 64. I 1733, 1736, 1746 og 1755 er det eit strek tvers over i staden for kula, i 1751 er det strek berre på eine sida. I 1745 skil bumerket seg mykje ut frå dei andre. Halldor 1747 t. 1 nr. 65. Per 1748 t. 1 nr. 66. I 1759 heng ruta og foten nede ihop. Anders Person har i 1788 og 1792 eit loddbeint strek med to tverrstrek og to skråstrek til fot nede. David Åmundson teikna 7 gonger 1750-1765 t. 1 nr. 67. Same bumerket er teikna av Ivar 1769 og Nils 1781. Nils Knutson teikna 1788 og 1795 som ein M, der beini sprikjer frå ein annan med ein kross over midten, der lengste enden vender upp. Knut 1765 t. 1 nr. 68. Eirik 1766-1782 t. 1 nr. 69. Det er Eirik Davidson i 1782. Ivar 1770 t. 1 nr. 70. Han teiknar likt med fyrnemnde Per i 1759 berre med det brigde at det er eit tverrstrek på øvste enden. Knut Kolbeinson 1775, 1778 t. 1 ur. 71. Nils Bulken 1736 t. 1 nr. 57.