188. Rene.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 121 ---

Namnet vert i 1500-talet skrive Rene. Det vert no sagt Rènè2; han búr pao, è tao Rènè, ska tì Rènés, sm.s Rènéshaujén. Namnet er samansett, fyrelekken er truleg gn. rani m. tryne, brukt um ei skarvnobb som skal ha funnest i bakken ved husi og såg ut som ein snute, no burtmint. Etterlekken må vera vin (beite).

Skyldi på Rene er 1661 førd upp med 2 laup 2 pund 18 mark. Der var to brukarar og turvande vedaskog. Skyldi var likeins 1723. Litt vedaskog var der, men ikkje nok. Garden var sers lettbrukt, men hadde turr og mager jord. I 1838 er skyldi umskrivi til 7 dalar 1 ort. Der var vedaskog. Samanlikningstalet var 1085.

Matrikkelen 1865 melder at der var 24½ mål åker, 1½ mål dyrka eng, 22 mål god, 93 mål medels natureng og 124 mål skrapebø. 12 mål høvde til dyrking. Vårhamn vanta og Sumarhamni var ring. På båe bruki var namn til timber og turvande vedaskog på bruk 1, men for lite på bruk 2. Bruk 1 var lettbrukt og mindre godt dyrka. Bruk 2 var medels lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 29,8 mål åker, 44 mål kunsteng og 29,5 mål natureng.

Folketalet var 18 i 1801, 28 i 1865 og 32 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Rene.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   12   8          
1723 2   25   21   24      
1865 2   19   41   61 ½ 34  
1918 7   15   46          

Sjur budde 1521 på Rene og betalte 1 lodd sylv og 1 mark som skatt og 8 mark i breffbrot. Goude var leiglending 1563 og Laurits 1591 og 1603. Presten til Domkyrkja i Bergen fekk 1575 ½ laup smør og 2½ såld korn i landskyld. I jordboki 1585-1616 er ført upp at Vangens prestebol fekk 5 såld korn og ½ laup smør i landskyld. Anders var leiglending 1611, Endre i 1614 og Sjur 1621. Oluff Tròdo åtte 1621 12 mark.

--- side 122 ---

Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 1 spann smør og 1 bukkskinn og Anders var leiglending. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 15 mark odelsgods med 1½ ort 9 skill. Anders åtte 1629 15 mark, brukte 1635 2 laup 2 pund 18 mark, var 1636 øydegardmann eller husmann og betalte 1640 skatt etter evne med 1 ort. Olav Dagfinnson var leiglending 1645 og hadde tenestgjenta Berete. F. Broderson let 1649 noko på Rene til kongen i makabyte.

Skyldi var 1652 2 laup 2 pund 18 mark. Derav åtte Vangens prestebol 2 laup 18 mark og kongen 2 pund. Det var likeins 1655, 1659 og 1661. Olav er skriven som leiglending 1648, 1652 og 1659, Nils 1661 og ei enkje 1664. Kongen skøytte 1665 2 pund til Peter Reedtzs. Per Anderssons ervingar åtte desse 2 pund i 1680, lagmann Coch 1691 og Hans Axelson 1695. Prestebolet var heile tidi eigar av 2 laup 18 mark. Laurits var leiglending på heile garden 1691 og 1695.

Arve Ivarson f. 1653 var leiglending etter Laurits og døydde 1702. Han var som ekm. g. m. Kari Gitlesdr. Arve var bror åt Olav I. Kolvu. Arve hadde fire born med fyrste kona og tri med Kari: Gjertrud, g. m. Lars Larsson Bjørku, Guro f. 1678, g. m. Olav Torsteinson Tverberg, Sisselja f. 1682, g. 1. 1712 m. ekm. Anders Nilsson Gjukastein, 2. m. Knut Olavson, Bryttva f. 1685, Gjertrud d. y. f. 1692, g. 1716 m. Nils Ivarson Mo'o, Torbjørg f. 1695, g. 1722 m. Hans Knutson Lirhus og Arve f. 1701, g. 1722 m. lensmannsdotteri Kristi Massdr. Seve og budde på Store Røte. Ved skifte etter Arve var kyrne taksta 3 rd. og ein hest 5 rd.

Sjur Botolvson og Per var leiglendingar etter Arve. Sjur kjøpte 1720 2 pund av Boye Rafnsdorff og selde det att til bror sin, Lars Botolvson. Lars var g. 1. 1719 m. Sigrid Nilsdr. Fenno, 2. 1723 m. Barbrå Sjursdr. Grjotland. Lars bygsla noko av soknepresten. Lars døydde 1736, 53 år gl., og hadde med fyrste kona sonen Nils f. 1721 som gifte seg 1762 m. Anna, Jakobsdr. Leiddal. Barbrå gifte seg att 1736 m. Sjur Sjurson Grjotland som same år bygsla 1 laup av soknepresten.

Hollgeir Jørgenson Grjotland kjøpte 1748 2 pund av ervingane etter skiftebrev 1722. Han var g. 1. m. enkja Anna. Olavsdr., 2. 1750 m. Sygni Larsdr. Bø. Ho Anna hadde fyrr vore g. m. Sjur og hadde med han seks born: Velom Ukvitno, Sjur Grjotland, Nils, Olav, Brita, g. m. Olav Jørgenson Tvinno,

--- side 123 ---

og Ingebjørg som 1750 var enkja på Grjotland. Hollgeir hadde med Anna dotteri Brita og med Sygni dotteri Anna f. 1751. Hollgeir døydde 1772, 79 år gl. Anna Hollgeirsdr. vart g. 1769 m. Bård Larsson Lunde, som 1770 fekk skøyte frå verfaren på 2 pund. Bård døydde 1778, 40½ år gl. og hadde med Anna fem born: Sygni f. 1770, Ingebjørg f. 1772, Lars f. 1773, Marta f. 1775 og Guro f. 1777. Ho Anna vart uppattgift 1779 m. Johannes Monsson Tveito.

Johannes bygsla 1779 1 pund av soknepresten og kjøpte 1783 2 pund på Rene av Olav Åmundson Tundal. Johannes


Bilete 19. Rene. Fot. P. Braaten 1937.
Bilete 19. Rene. Fot. P. Braaten 1937.

selde det att 1786 til Knut Askjelson, som same år bygsla noko av soknepresten som Johannes då sa upp. Framhald bruk 1.

Arne Rene, g. m. Rannveig Sverkvesdr. var leiglending til han døydde i kring 1729 og fekk borni: Lars, g. 1739 m. Synneva Eilivsdr. Kvåle, Svein f. 1718, Anna, g. 1734 m. Odd Ivarson Takla og Kristi f. 1727, g. 1761 etter kongelegt løyve med sin trimenning Botolv Davidson Nedkvitno. Rannveig vart attgift 1730 m. Knut Knutson Litlere som same år bygsla 1 laup 2 pund 18 mark av soknepresten og fekk 1733 dotteri Jorunn. Rannveig døydde 1743, 57½ år gl., og Knut vart attgift 1743 m. enkja Ingebjørg Torgisdr. Litlere. Knut døydde 1769, 80 år gl. og hadde med Ingebjørg fire born: Torunn, g. 1761 m. Lars Larsson

--- side 124 ---

Lydvo, Rannveig f. 1745, g. 1774 m. Trond Eirikson Græe, Anna f. 1747 og Guro f. 1750, død 1776. Ho Ingebjørg var fyrst g. m. Sverkve Litlere og fekk tri born med han: Torgis, Jon og Bård; den siste døydde ugift 1763. Olav Torgeirson Håtveiti bygsla 1761 1 laup av soknepresten, flytte 1782 til Flatlandsmoen og er umtala der og på Håtveiti.

Jon Sverkveson var g. 1. 1760 m. Eli Gudleiksdr. Takla, 2. 1778 m. Ingebjørg Larsdr. Lid. Han bygsla 1761 2 pund 18 mark av soknepresten og budde der til 1780 då han flytte til Øyaflåten. Ivar Larsson er so vorten leiglending og var g. 1. m. Mari Magnesdr. 2. 1785 m. Ingebjørg Nilsdr. Sonve. Ivar fekk to born med Mari og tri med Ingebjørg: Herborg f. 1779, g. 1816 m. Anders Knutson Vinjo, Sjur f. 1780, Nils f. 1785, Mari f. 1787, g. 1809 m. Knut Olavson Nyre og Lars f. 1793. Ivar døydde 1803, 52 år gl., og Ingebjørg 1841, 912/3 år gl. Framhald bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Rene. Vangens prestebol åtte 1 laup 18 mark i dette bruket. Knut Askjelson var som ovanfor meldt eigar av 2 pund og bygsla resten av bruket. Han var g. m. Orlog Olavsdr. Skifte vart halde 1805 etter han, då han var komen burt. Fem born: Olav f. 1786, Brita f. 1789, g. 1811 m. Olav Ivarson Vike, Torgeir f. 1792, g. 1834 m. Sigvor Persdr. Holo, Askjel f. 1795 og Guri f. 1798. På skifte etter Knut vart dei 2 pund som han åtte, utlagt for skuld til Hans Olavson Vangen. Året etter skøytte han det til henne Orlog. Ho vart attgift 1807 med Sjur Eirikson Gjerde som bygsla 2 pund 21 mark av soknepresten. Sjur døydde 1839, 63 år gl. utan etterkomarar, og Orlog 1842, 85 år gl.

Olav Knutson f. 1786, bygsla 1807 2 pund 21 mark av soknepresten og fekk 1816 skøyte frå mori på 2 pund. Olav vart g. 1808 m. Brita Olavsdr. Tveito. Dei fekk på Rene borni: Knut, Olav, Brita, Orlog og Askjel f. 1809-1824. Olav og Torgeir Knutssøner laut bøta i 1811 for å ha brent og selt brennevin. Olav bytte 1824 sin part i garden med Olav Vikingson uti Løkjo på Vossastrondi. Han bygsla same år av soknepresten. Olav gifte seg 1826 m. Gunnvor Nilsdr. Afdal og fekk borni: Knut f. 1830, Viking f. 1831, g. 1857 m. Guro Sylfestsdr. Rene (Amerika), Gudve f. 1834 og Gjertrud f. 1840. Olav døydde

--- side 125 ---

1854, 66 år gl. og Gunnvor 1880. Lars Nilsson Lid bygsla då garden nokre år til han kjøpte gard på Nyre.

Knut Davidson Haugo fekk 1868 kongeskøyte på garden for 1241 spd. Han var f. 1838, g. m. Brita Eilivsdr. Haugo og fekk borni David, Eiliv, Kari, Brita, Margreta, Gudve og Sella f. 1866-1883. Eiliv er huseigar på Vangen, sjå bruk 181 av Lekve. David fekk halve garden som vart bruk 3. Den andre halve som framleies er bruk 1, selde Knut 1896 til Olav Knutson Rykke for 5200 kronor. Knut døydde 1924 og Brita 1918. Olav er f. 1863, g. 1892 m. Dina Helgesdr. Uppheim, Vossastr. som er død. Olav har drive mykje med snikkar- og bygningsarbeid. Deira son Hermann f. 1900 fekk skøyte på garden i 1931 for 5000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 173, lnr. 336 med gamal skyld 1 laup 2 pund 18 mark, urevidert 4 dalar 4 ort 1 skill., revidert 3 dalar 3 ort 17 skill. Ny skyld mark 5,45.

Bruk 2. Rene. Sjur Ivarson f. 1780 nemnd ovanfor var g. 1802 m. Gudve Olavsdr. Kinne og bygsla bruk 2 av soknepresten. Dei fekk borni Ivar, Brita, Ingebjørg og Eli f. 1803-1821. Torbjørn Gitleson Fenno bygsla 1822 garden og fekk 1855 kongeskøyte på han for 400 spd. og jordavgift 2 tunnor 1 skjeppe 22/3 fjerdingkar bygg. Torbjørn var g. 1. 1807 m. Kristi Eiriksdr. Afdal, 2. 1834 m. Synneva Knutsdr. Mølster. Han døydde 1859, 72 år gl. og Synneva 1867, 78 år gl. Med Kristi fekk Torbjørn fire born: Kristi f. 1811, g. 1842 m. Styrk Ivarson Vike, Herborg f. 1816, g. m. Sjur Olavson Jørdre, Gjertrud f. 1819, g. 1842 m. Lars Olavson Bergo, Hylle, og Anna f. 1822, g. 1855 m. Olav Gudleikson Grønlidi.

Sjur Olavson fekk 1855 skøyte frå verfaren på garden for 400 spd. og selde att 1863 til Sylfest Monsson Fletre for 475 spd. Sjur døydde 1874, 65 år gl., og Herborg 1910. Deira dotter Sigrid f. 1847 gifte seg 1877 m. Anders Olavson Grovu, Skutle. Sylfest var f. 1799 på Fletre, er skriven for Jeraldstveit, då han 1835 gifte seg med Anna Larsdr. Rogne og døydde 1879. Deira dotter Anna f. 1844 vart g. m. Arne Sjurson Rene f. 1836. Han fekk 1870 skøyte frå verfaren på garden for 100 spd. Dei fekk borni: Sjur f. 1865, Ivar f. 1868, Sylfest f. 1870, Knut f. 1872 og Anna f. 1774, som alle reiste til Amerika. Anna døydde 1880.

--- side 126 ---

Knut Arneson tok eksamen på Bergens Underoffiserskule, var sersjant og reiste 1904 til Amerika, der han er snikkar og bur i Madison. Han har vore styrar i kring 10 år av bladet Vossingen, har gjeve ut boki um Vossane i Amerika og er skrivar i Vossalaget. Knut har visst betre kjennskap til vossane i Amerika, enn nokon annan. Han har gjort eit verdfullt og uppofrande arbeid med boki og bladet.

Arne selde 1881 garden på Rene til Bjarne Sjurson Rjodo for 3600 kronor, kjøpte same år bruk 3 Kinne og vart attgift med Barbrå Hermundsdr. Skutle. Arne las mykje og var sers interessert i det som gjekk for seg. Han var smed, arbeidde lenge på hellebergi og prøvde med ymse uppfinningar. Det var han som fyrst tok til å skanta hellor med soks. Han laga og skantemaskina til det bruk. Arne ervefeste 1901 bruk 25 på Rogne og døydde der 1906. Med Barbrå fekk han borni Synneva f. 1883 og Brita f. 1885. Synneva er g. m. sjåffør Henjum og har bruk 159 av Lekve. Brita er g. m. Olav Josefson Mosafinn, sjå bruk 38 av Rogne. Bjarne Sjurson var f. 1824, g. m. Anna Torsteinsdr. Saude, Viki f. 1827. Han hadde butt på Bauthus, på Haug og deretter på Ronve fyrr han kom til Rene. Ho døydde 1903 og han 1907. Dei hadde borni: Torstein f. 1848, død 1872, Sjur f. 1851 (Amerika), Knut f. 1853, Bjarne f. 1858 og Anders f. 1863 (Amerika). Knut har reist mykje umkring. Bjarne, g. 1892 m. Guri Olavsdr. Bokkatun, fekk garden. Han skøytte garden til sonesonen Bjarne Andersson 1926 for 2000 kr., og døydde same året.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 173, lnr. 337 med gamal skyld 1 laup urevidert 2 dalar 1 ort 23 skill., revidert 2 dalar 18 skill. Ny skyld mark 3,13.

Bruk 3. Rene. Utskilt frå bruk 1 i 1892-93 med skyld mark 2,73. David Knutson fekk skøyte på det 1896 hjå far sin for 3000 kronor. Han er f. 1866 og g. 1888 m. Torbjørg Åmundsdr. Brekke, Granvin. David selde att 1918 til Hermund Torleivson Selland for 12000 kronor og har kjøpt bruk 27 av gardnr. 192 Haugo. Hermund er f. 1875, g. m. Kristi Johannesdr. Skjerve. Åmund Janson Skjerve kjøpte 1920 garden for 16 000 kronor. Han budde fyrr på bruk 4 Skjerve, der han er umtala.

Bruk 4. Renebø. Utskilt 1918 frå bruk 3 med skyld 73 øre og selt av David til dotteri Berta, som er f. 1889 og g. 1918 m. skreddar Lars Nilsson Fosshaug f. 1894, frå Sogndal.

--- side 127 ---

Bruk 5. Solheim. Skilt frå bruk 2 i 1923. Skyld 2 øre. Bjarne selde det til Knut bror sin i 1925, som same år selde att til Trygve Sverdrup. Olav Johannesson Skjerve kjøpte 1926 eigedomen. Han er f. 1892, g. 1924 m. Guri Andersdr. Kinne og er snikkar og kyrkjetenar.

Bruk 6. Rene. Skilt ut frå bruk 2 i 1925. Skyld mark 1,66. Bjarne selde det til Anders son sin f. 1892.

Bruk 7. Renesteigen. Utskilt 1925 frå bruk 6. Skyld 8 øre. Selt til Lars J. Kolvu.

Bruk 8. Nyheim. Skilt ut frå bruk 6 i 1936. Skyld 22 øre. Selt til Henrik T. Tøn. Han er f. 1896 og g. 1922 m. Brita Persdr. Rykke f. 1899.

Husmenn.

Hermund Åmundson, g. m. Anna Sveinsdr. fekk borni Sjur f. 1717 og Sigrid f. 1720. Torbjørn Olavson, g. m. Gjertrud Knutsdr., budde på Husaplasse som låg ovanfor vegen frå Lid til Skutle. Dei fekk borni: Olav f. 1822, g. 1854 m. Sigvor Gusskalksdr. Berge, Gjertrud f. 1824, Brita f. 1829, g. 1869 m. ekm. Lars Torsteinson Tverberg, Synneva f. 1832, g. 1870 m. Olav Torbjørnson Bulko, og døydde 1877 som husmannskone på Setre, Nils f. 1836, g. 1861 m. enkja Gjertrud Olavsdr. Skutle. Torbjørn døydde 1855, 60 år gl. og Gjertrud 1886. Torgis Knutson f. 1794, g. 1834 m. Sigvor Persdr. Holo fekk dotteri Brita f. 1846.

Odd Vikingson f. 1784, var g. 1. 1832 m. Guri Olavsdr. Ygre, 2. 1844 m. Soffi Arnvedsdr. Kinne f. 1812. Dei var fyrst husmannsfolk på Møn, men budde i 1860-åri i Reneshagen på plasset Reneshuset eller Soffiplasset som det seinare ofte var kalla. Dei hadde sønene Nils f. 1843 og Lars f. 1849. Odd skulde vera felespelar og døydde 1867, 75 år gl. Dei hadde ei liti koseleg stove med kyrabås i eine hyrna, og smale under sengene. Nils var rokkedreier og dreiv spindelen med vatn i Renesgroæ når ho var stor nok. Soffi og sønene reiste til Amerika.

I Reneshagen budde i 1860-åri ogso gjenta Soffi Larsdr. f. 1800, enkja Gjertrud Knutsdr. f. 1791, Gjertrud Torbjørnsdr., nemnd ovanfor, med sonen Brynjulv Sjurson f. 1854, Synneva Torbjørnsdr., nemnd ovanfor, og hennar son Per Mikkjelson f. 1860. På Reneshaugen budde Brynjulv Sjurson f. 1854, g. 1881 m. Maria Mattisdr. Berge, som fekk fleire born. Han arbeidde i lang tid på Palmafossens Sagbruk. På Rene har

--- side 128 ---

og butt Lars Knutson Skutle, g. m. Margreta Larsdr. Dei fekk borni Knut f. 1870 og Johan f. 1872.

Støl.

Stølen var 1½ mil frå garden, skriv matrikkelen 1723. Renesstølen heiter Lyklaset og ligg ovanfor Bulko og er no berre brukt til smalehamn. Det er fortalt at det har vore mykje strid med Hardingane som påstod at Renane hadde heimla stølen til seg av eigedomen åt Hardingane, men Renane nektar det.

Kvern

Kvern har det visst ikkje vore på Rene korkje i eldre eller seinare tid.

Offentlege forretningar.

Godviljug utskifting 1855. Semje 1859 um gjerde og grindar. Utskifting 1886-90. Fråsegn 1892 um løypestreng. Utskifting 1907 av Reneshagen.

Bumerke.

Sjur 1711 tavle 7 nr. 78. Han har elles fleire gonger brukt merket t. 7 nr. 79. Arne 1719 t. 2 nr. 73. Lars 1727, 1731 t. 7 nr. 80 og eit anna merke 1734. Knut mange gonger 1734-1752 t. 7 nr. 81, litt brigda 1750 og teikna K A R i 1785. Hollgeir fire gonger 1758-1763 t. 7 nr. 82. Olav 1765, 1769, 1772 og Olav Torgeirson 1781 t. 2 nr. 91. Jon 1769, 1774 og Jon Ivarson 1775 t. 7 nr. 83. Bård 1772 t. 7 nr. 84.

Ymse.

Fyre utskiftingi 1886-90 stod alle gardshusi samla der husi åt bruk 1 no er. - Olav Olavson Rene har 1778 fått prenta ei religiøs vise. - Nedanfor postvegen er Marahaugen som no for det meste er utjamna. Der har vore funne milar til hestebeitl, som er på Bergens Museum, og eit spjot som er kome burt. Ovanfor vegen er Humlagardshaugen og Kvannagardshaugen som syner at der har vore både humla- og kvannagard. Der er og Brurahaugen.