102. Repål.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 129 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Ripale. Det vert no sagt Rìpaol2; han búr pao, è tao Rìpaol, ska tì Rìpaols. Namnet er samansett, etterlekken er vel gn. áll m. (ål, rand, stripe), fyrelekken kann vera same ord som nynorsk rìp (rep) m. landstrimmel.

Repål har vore einbølt gard til 1915. Han er i 1661 førd upp som øydegard med 1 laup 2 pund 6 mark i skyld og ein brukar. Der var brennefang og ei ring bekkekvern. Like eins var det i 1723, med tillegg at der var humlagard. Garden var sers lettvinn og årviss til kornavling. Skyldi var den same til

--- side 130 ---

1838, då ho vart umskrivi til 4 dalar 3 ort 5 skill. Der er humlagard og fure- og vedaskog rikeleg til eige bruk. Samanlikningstalet var 650.

Matrikkelen 1865 fortel at der var 15 mål åker, 3 mål dyrka eng, 23 mål god, 46 mål medels natureng og 78 mål skrapebø. Vårhamni var medels, men sumarhamni ring. Skog til husbruk og timber til sal for 12 spd. årleg. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var det 20,8 mål open åker, 49 mål kunsteng og 11,5 mål natureng.

På Repål budde 10 menneske i 1801, 8 i 1865 og 23 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Repål.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 13 15
1723 1 14 12 16
1865 2 14 28 39 24
1918 2 16 41

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangskyrkja åtte 1 laup og Vangens prestebol 3 spann i Repål. Torstein budde der i 1521 og betalte 4½ mark (i pengar) 6 lodd sylv i skatt og breffbrot. Gudmund budde der 1563, Anders 1591 og 1611, Rasmus i 1611, 1621 og 1629. Han åtte ½ laup odelsgods i 1621 og ei enkje åtte då 1 spann i Repål.

Vangskyrkja fekk etter rekneskapen 1585-1616 2 askar korn og 9 merker smør i årleg landskyld og Vangens prestebol 1 aske korn og 4 merker smør av eigedomane sine på Repål. Leidangsboki 1624 syner at leidangen av Apostelgodset var 1 spann smør, 1 geitskinn og 1 kalvskinn. Rasmus var leiglending. Ryttarskatt vart 1627 lagt på ½ laup odelsgods med 1 dalar ½ ort. Knut og Rasmus var leiglendingar i 1635, då Knut hadde 1 laup 60 mark. Ivar Knutson, g. m. Bereta var leiglending 1636 og 1645. Folkvard Broderson har 1649 ved makebyte med kongen late noko i Repål til han. Skyldi er 1652 og 1661 førd upp med 1 laup 54 mark. Som eigarar er skrivne i 1652: Vangens prestebol 45 mark, Vangskyrkja 15 mark, Torgils Helland 9 mark, Broderson ½ laup og Schiøtebaaden 18 mark.

--- side 131 ---

Kyrkjerekneskapen 1654 melder at Vangskyrkja fekk 1½ aske korn og 1 spann smør som landskyld av sin eigedom 1 spann i Repål. Ivar Knutson var leiglending 1636-1664 og visst lenger. Han hadde sonen Eirik f. 1641, som var leiglending etter far sin. Eirik var g. 1. m. Kari Styrksdr., som døydde 1696, 2. m. Orlog Hansdr. Han åtte 1 laup 1½ mark i Osgjerd og hadde med Kari sju born: Sigrid f. 1678, som var i Kjøbenhavn i 1700, Marta f. 1681, Lars, Sjur f. 1686, Kristian f. 1690, Anna, g. m. Mons Skiple, Brita g. m. Johannes Opeland.


Repål
Bilete 19. Repål. Fot. P. Braaten 1936.

Landkommisjonen har i 1661 ført upp som eigarar: Prestebolet 1 spann, Vangskyrkja 1. spann, Folkvard Broderson 1 spann, presten 2½ spann og Schøtebaaden 1 spann. Hermann Garmann har fått kongeskøyte i 1662 på 1½ spann av Munkelivs klostergods på Repål. Det må altso kongen ha fått etter 1661. Eigarane i 1695 var prestebolet ½ laup, dei fatige 27 mark og Olav Schrøder 63 mark. I 1714 åtte prestebolet 18 mark, Vangskyrkja 18 mark, kapellaniet i Krosskyrkja 27 mark og Henrik von Rechen 63 mark. I 1723 åtte prestebolet og Vangskyrkja det same som fyrr, men i staden for dei andre var no

--- side 132 ---

komne kapellaniet i Haus med 27 mark og brukaren Knut 63 mark. Johannes og Knut var leiglendingar i 1691 og Ivar i 1695.

Bruk 1. Repål. Knut Nilsson f. 1659 var leiglending i 1701 og til han døydde 1732. Han hadde vore gift fyrr, og var uppattgift med Marta Gitlesdr. Graudo. I 1716 kjøpte Knut 63 mark i Repål. Han hadde med fyrste kona to born: Nils f. 1684, død ugift, Arnfinn f. 1791, g. 1731 m. Anna Knutsdr. Lirhus, og med Marta tri born: Gitle f. 1711, Ivar f. 1714, g. 1751 m. Torunn Monsdr. på Kvarakvål, og budde der, Viking f. 1716, g. 1753 m. Brita Kolbeinsdr. Øvre Kyte og pakta ymse gardar.

Ervingane ved skifte etter Knut har i 1734 og 1735 skøytt tilsaman 63 mark til Gitle Knutson. Han var g. 1. 1734 m. Rannveig Olavsdr. Staup, 2. 1750 m. Steinvor Monsdr. Kvarakvål. Gitle døydde 1793 og ho Steinvor gifte seg uppatt 1794 m. ekm. Lars Kolbeinson Graudo. Gitle hadde ikkje born og heller ikkje Lars med henne Steinvor. Gitle selde eigedomen sin i Repål i 1781 til Olav Sjurson Repål, men kjøpte han attende i 1782.

Gitle selde so i 1790 til brorson sin, Viking Vikingson, og Ingjerd, festargjenta hans, 63 mark i Repål. Viking var f. 1768, g. 1. 1791 m. Ingjerd Knutsdr. Bø, 2. 1842 m. Marta Johannesdr. Hovda. Viking var ein sers dugande arbeidar både i tre og jarn og hadde overlag mykje bune som han sjølv hadde arbeidt. Ein stor løbygning sette han upp med to låvar over einannan og køyrebru med tak over til den øvste, som låg på stavleione. Steinfloren gjekk under heile huset. Han bygde bualoft med to rom i kvar høgd og stovehus med to høgder. Han brende og mykje brennevin. I Sørfjorden bytte han til seg ein biletbibel, prenta i 1585, for 2 anker brennevin. Viking døydde 1859. Seks born: Gitle f. 1794, Knut f. 1796, g. 1. 1822 m. enkja Guro Olavsdr. Ullestad, 2. 1849 m. Dønåt Arnfinnsdr. Finne, budde på Ullestad og seinare på Finne, Steinvor f. 1798, g. 1824 m. gardmann Olav Vikingson Gjerdåk, Kari f. 1802, g. 1. 1824 med gardmann Torgeir Davidson Mølster, 2. 1850 m. ekm. Herlaug Aslakson Flatekvål, Nils f. 1806, g. 1833 m. Brita Olavsdr. Øvre Lid, gardmann på Urdland, Viking f. 1809, død ugift.

Gitle Vikingson f. 1794, gifte seg 1816 m. Jorunn Oddsdr.

--- side 133 ---

Klyve og fekk Repål etter foreldri hans. I 1829 fekk dei Norheim etter hennar foreldre og budde der. Borni åt Gitle og Jorunn vert umtala på Norheim. Eldste sonen Brynjulv fekk skøyte i 1855 på Repål for 1100 spd., men selde i 1857 til Anders Knutson Uppheim for 1400 spd. Han var f. på Ullestad 1825, g. 1845 m. Kirsti Olavsdr. Flatekvål og døydde 1909. Han dreiv lang tid handel med krøter og feitevaror. Dei hadde fire born: Knut f. 1845, Guro f. 1851, g. 1876 m. Åmund Knutson på Hefte, Ingjerd d. e. f. 1855, g. 1877 m. gardmann Bjarne Torgeirson Kvåle, Ingjerd d. y. f. 1865, g. 1899 m. ekm. Åmund Knutson Hefte. Knut Andersson f. 1845, var g. 1867 m. Ingjerd Knutsdr. Tverberg og budde ei tid på Repål, men flytte til Haugesundskanten. Olav Rasmusson Bjelde frå Sogn kjøpte Repål i 1889 for 7800 kronor. Han var f. 1848, g. m. Marta Eiriksdr. og døydde 1913. Deira son Rasmus fekk garden i 1915 for 6000 kr. Han er f. 1878 og g. 1906 m. Brita Nilsdr. Bjørku.

Repål var fyrr mtrnr. 102, lnr. 203 med gamal skyld 1 laup 2 pund 6 mark, urevidert 4 dalar 3 ort 5 skill., revidert 4 dalar 1 ort 1 skill. Ny skyld mark 5,87 etter at bruk 5 er skilt frå.

Bruk 2. Dokkjæ. Skyld 36 øre. Skilt frå bruk 1 i 1915 og skøytt til Olav Larsson Rekve, som selde i 1916 til Lars Olavson Repål. Lars er f. 1882, g. m. Brita Andersdr. Grevle og driv med hellebenk.

Bruk 3. Myrvall. Skyld 7 øre. Skilt frå bruk 1 i 1919 og skøytt til Johannes Jonson Kyte.

Bruk 4. Teigen. Skyld 25 øre. Skilt frå bruk 1 i 1926 og selt til Brynjulv N. Repål. Han var f. 1870, g. m. Alis Haktorsdr. og døydde 1930. Han dreiv hellebenk og var lenge med ved togbana åt hellebroti.

Bruk 5. Grannatun. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1931. Eigar: Klyve Ungdomslag som har bygt hus åt laget. Sjå bruk 25 på Øvre Kyte.

Husmenn på Repål.

Knut Brynjulvson Bø, Rd. f. 1779, g. m. Kristi Andersdr. hadde plass på Dokkatræe Repålsmarki i 1820-åri. Ei tid budde dei på plasset Lauvhovden på Repåls eigedom ovanfor Røyrlidi. Knut vart oftast kalla Lauvhovden. Han var hattamakar, var ute i krigen mot Sverike og døydde på Opeland 1860. Knut planta bærbuskor og dyrka fleire slag hagevokstrar på plas-

--- side 134 ---

set i Repålsmarki. Av borni deira veit me um desse fem: Anders g. 1835 m. Ragnhild Samsonsdr. En (sjå på En) som hadde sonen Jon Andersson, utgjevar av bladet Skandinaven i Chicago, Brynjulv, g. 1831 m. Brita Knutsdr. Ringheim, husmann i Tangen på Fenno, Gitle f. 1821, g. 1846 m. Herborg Gudleiksdr. Kvamme, husmann på Flatlandsmoen, Sigrid f. 1800 g. 1. m. Jakob Ingebriktson, 2. 1845 m. Nils Andersson Grovu, 3. 1868 m. Olav Hermundson Grovu. Olav var fyrst husmann i Grovehagen, seinare gardmann på Jerald, Ingebjørg, g. 1846 m. husmann Olav Knutson Endeve. Dokkatræe er no bruk 2.

Nils Ivarson f. på Ringheim 1833 og g. 1865 m. Anna Brynjulvsdr. Lemme fekk husmannsfeste på Repaolsteigen, der han rudde og bygde. Han var skomakar, døydde 1918 og hadde sonen Brynjulv f. 1870. Repaolsteigen er no bruk 4 der sonen Brynjulv er umtala. På Hadlingahaugen hadde Olav Magneson Kyte og systri Sisselja plass. Han var f. 1838 og døydde 1902. Ho Sisselja var f. 1847 og døydde 1928. Hadlingahaugen skal ha namnet sitt av at krøterhandlarar frå Hallingdal mykje budde der og sanka krøteri som dei kjøpte. Olav Nilsson f. 1848, g. m. Guri Larsdr. Vinjo, Vossastr. har plasset Furehaugen, som dei har rudt og bygt på.

Stølane.

Stølen var 1 mil frå garden er det fortalt i 1723. Tidlegare har Lauvhovden vore støl åt Repål. Repål hadde i 1767-68 ei stor åstadsak med Nedre Klyve. Repål hadde i lang tid fått løyve hjå Nedre Klyve til å støla på «Floren» av di det var so gale med udyr i Lauvhovden. Under saki synte det seg at Repål hadde fått hevd på noko av Klyvsbeiti og fekk då tilkjent ein større teig av Nedre Klyve og ein part av Longemyræ på Øvre Klyve. Repål hadde ei tid fyre denne saki bygt på Nyestødl'n og eig han framleies, men bruker han ikkje. Singeset er no Repål sin støl, men dei har ikkje brukt han på lenge.

Ymse.

Ikkje langt frå Singeset ligg Raukjeldo. Gamle Raundalsvegen gjekk um Raukjeldo og folk kvilte ofte der på reisi. Der ligg nokre store steinrøyser. Vanleg kasta dei som for forbi nokre steinar på røysene. Ein skal gjera det, segjer eit gamalt herme, for å halda røysene ved lag. Vossane samla seg her og bar saman stein til desse røysene som skulde brukast til

--- side 135 ---

å møta kong Sverre med når han kom, segjer segni. Men Sverre tok vegen um Sverrestigen med folket sitt, so bøndene fekk ikkje bruk for steinrøysene.

Kvern.

Flaumkvern hadde Repål i 1723, 1776 og 1791. Kverni har stått i Svinaonæ til ikring 1900 og var i bruk til slutten av 1880-åri.

Offentlege forretningar.

Sak i 1766 mot Nedre Klyve um beitingi. Sak mot Nedre Klyve i 1771 og 1772. Godviljug utskrifting 1827.

Bumerke.

Knut 1719 tavle 5 nr. 45. Gitle 1748 t. 5 nr. 46. I 1751 og seglet hans 1787 t. 5 nr. 91 med skilnad at i staden for skråstreket uppe ligg to trikantar ved sida av einannan på eit tverrstrek. Gitle teikna to andre bumerke 1757 og 1759 og i 1766 bokstavane G K.