Ringheim.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 287---

Namnet vert i 1300-talet skrive a Ringheimi eller Rìngeimi. Det vert no sagt Rìnjeim2; han búr pao, è tao Rìnjeim, ska tì Rìnjeims. Namnet er samansett av ein ring (gn. hringr m.) og heim, men kva ring her har tydt, er uvisst.

Hollrod heitte den fyrste mannen på Ringheim som me veit namn på. Som umtala på Rogne var han bror åt Odd på Rogne. På Byrkjo er umtala at det i eit diplom frå 1293 er sagt at Hollrod og Odd var rette odelsmenn til garden Byrkjo. Hollrod er og nemnd ikring 1303 i DN. I. nr. 99, 100 og som vitne i DN. V. nr. 61. Me veit ikkje um born etter Hollrod. Anders Pålson Ringheim er umtala 1303 i DN. I. nr. 97, at han og Halle på Rogne gjorde semje med hustru Solveig i Buagarden um ovanfor umtala jordgods i Byrkjo. Semja vart stadfest av kong Håkon ikr. 1304. Anders var gift med Halle

--- side 288 ---

si syster, Ingebjørg Oddsdr. og har truleg fått Hollrod sin part i Byrkjo. Anders var visst far åt Sigurd av Ringheim, som levde 1339. Han hadde sonen Sveika (Sveinki?). Arne Jørundson førde i 1330 vitne um at Sveinkes far Sigurd hadde butt på Arne sin part på Ringheim utan noko vederlag. Skjoldmerke åt Anders Pålson var ein skråbjelke med femodda stjerna på endane.

I Bjørgyngjar Kalfskinn heiter det at Vangskyrkja åtte 3 laup i Lund. Noko av Ringheim, visseleg Indre Ringheim, har i eldre tid stundom vore skrive for Lund. Sjå meir um det på Gjerde. Brev frå 1374 (DN. I. nr. 426) melder at på Forse i Hjelmeland gav Jørund Arneson til kona si, Gyrid Hallbjørnsdr. 30 laupsbol i Øvre Ringheim og fekk att hjå henne 30 laupsbol i Onarheim, Sunnhordland. I brev frå 1377 kunngjer Erlend Arneson og Turid, kona hans, at dei har «unt og gjeve» Jørund Arneson 10 laupsbol, som Hallstein Bårdson åtte i Store Ringheim. To lagrettemenn kunngjer 1378 (DN. VII. nr. 301) at dei høyrde Eindrid Eirikson og Sigrid Arnfinnsdr. vitna for Botolv Eindrideson, at dei var tilstades på Ringheim i «setstovo i Væromp-tunet», då Ingjerd Torgeirsdr. sa at Håvard Ulfson skulde få 7 mmb. i ein av Gjermesgardane når ho var død.

Munkeliv kloster åtte i 1463 ½ laup i Lund (sjå på Gjerde). 20. august 1472 (DN. IV. nr. 974) har Alf Knutson og Magnhild Oddsdr. bytt 5 mmb. i Store Ringheim til Gunnhild Sigurdsdr. mot jordgods i Gjerstad og fiskerett i «Skilleros og Flagerå». Ketil Brynjulvson vedgår i diplom 21. aug. 1472 (DN. VIII. nr. 395) at han har makeskift 15 mmb. i Store Ringheim øvre tun til Alf Knutson og Magnhild Oddsdr. og fått att 10 mmb. i Nedre Røte og i millomlag kyr, smør og korn. 13 lagrettemenn kunngjer 1496 (DN. I. nr. 988) at dei var tilkalla av Magnhild Oddsdr. for å røkja etter merkesteinane millom Store og Vetle Ringheim. Dei fann ut at jordi «Sydher agher» som Gudrid Bodvardsdr. i lenger tid hadde brukt utan heimel, med rette høyrde til Magnhilds gard Store Ringheim.

I 1521 budde på Ringheim Bård, Laffritz og Sigerid. Bård betalte 17 lodd sylv i skatt og 13 lodd sylv i breffbrot. Laffritz betalte 17 lodd sylv i skatt og breffbrot og Sigerid 15 mark i skatt. Atzer, Mikkjel og Jesper var leiglendingar i 1563. Atzer var på bruket i Gullfj.åttung, dei andre i Borstr.åttung.

--- side 289 ---

Atzer var samstundes odelsbonde med landskyld 2 dalar. Aslag var og odelsbonde med landskyld 1 laup smør. Arffer var leiglending i 1567 på 2 pund, som stiftet åtte. Mikkjel og Jesper var leiglendingar ogso i 1591, men i staden for Atzer var det då Jørgen. Oluff betalte tridje års bygsel med 14 skill. for 2 pund i 1597, som stiftet og kruna åtte. Fru Gyrvhild Fadersdotter (Gyldensparre) skøytte i 1582 til kongen 3 laup Finnegods i Ringheim. Kyrkjerekneskapen 1585-1616 syner at Vangskyrkja fekk 3½ aske korn og 1 spann smør som landskyld av eigedomen sin i Lund.

Fire leiglendingar var det i 1603: Laurits, Mikkjel, ei enkje og Knut. Den siste var på Vetle Ringheim. Laurits var 1611 eigar av 1½ laup i garden, åtte 1614 saman med Oluf Trane ½ laup og var brukar 1614, 1621 og 1629. Mikkjel, er ofte førd upp som leiglending på jordgods som stiftet åtte i tidi 1611-1640. Eirik er òg ofte nemnd som leiglending 1611-1640. Han åtte i 1611 saman med Arne på Gjelland 2 laup jordgods, i 1621 åleine 1½ laup 3 mark, i 1635 2 laup ½ pund og i 1642 ½ laup. Brynjulv var leiglending 1614 og Oluf 1611 og 1614. Han vart 1614 utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Knut Ringheim og Ingebrikt Flatekvål åtte i 1611 2 laup i Ringheim. I 1621 åtte Knut det åleine. Han åtte og noko i Nottveit i Modalen. Ein annan Knut var leiglending på Vetle Ringheim 1614 og åtte ½ laup i garden. I 1629 var han brukar av 1 laup saman med sonen og åtte 1635 2 laup i garden.

Leidangsboki for 1624 melder um tri bruk på Ringheim som betalte leidang. På det eine var det 1 spann smør og 1 bukkskinn med Mikkjel Lauritsson som leiglending og på det andre 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn med leiglendingane Mikkjel og Arnfinn. På det tridje var det 14 mark smør 1 kalvskinn og 1 geitskinn, der Knut var brukar. Etterpå er tilført: Desse tri bruki «er temmelig paa avl, dog bor mange bønder derpaa». Eigedomane var lunnalause og hadde ikkje skog til gardsbruk er det sagt.

Ryttarskatt er 1627 lagt på fem odelseigedomar i Ringheim: a. på ½ laup, skatt 1 dalar ½ ort. Brukar Helle. b. 4 laup, skatt 7½ dalar 1½ ort. Eigar Offue Wogensen i Bergen. c. 1½ spann, skatt 3 ort 9 skill. Brukar Laurits. d. 1 laup 9 mark i Vetle Ringheim, skatt 2½ dalar 3 skill. Brukar Knut og sonen. e. 1 spann, skatt ½ dalar 6 skill. Brukar Arnfinn.

--- side 290 ---

I 1621 åtte Henrik Mølster og Mikkjel Ringheim 1 laup Styrk Møn 1 pund, Sjur Seim ½ laup, Offue Mogenson 3½ laup i Ringheim. Han åtte det òg i 1629. Diplom frå 1619 i Bergens Museum melder at Henrik Henrikson Fønnebo i Bergen med samtykke av kona si, Margreta Velomsdr., selde si odelsjord 1½ laup 1 spann i Ringheim til byfuten i Bergen, Offue Mogenson og kona hans, Anna Søfrensdr. Halle var leiglending 1621 og Erling 1635, 1636. Han åtte 5½ pund i garden i 1635, men var utarma og difor fri for garnisonsskatt. Arnbjørn var leiglending 1635, 1636 og Jon 1635, 1640. Han åtte 1635 4 laup i garden. Arnfinn Ringheim åtte 1629 1 spann i Ringheim. Torstein var leiglending 1640 og Brynjulv 1641.

I koppskattmanntalet 1645 er ført upp: a. Eirik Jørgenson, g. m. Sigrid, og tenestgjenta Mari, b. Brynjulv Olavson, g. m. Guri, og tenestgjenta Ragnhild, c. Mikkjel Lauritsson, g. m. Berete, og son Henrik, d. Brynjulv Lauritsson, g. m. Marta, e. Botolv Gudleikson, g. m. Gjertrud, og tenarar Olav og Brønilde, f. Mons og enkja Beret, husfolk, g. Torstein Sjurson, g. m. Ågote, husfolk. Bokstav c-g høyrde til Store Ringheim. Mikkjel Lauritsson er umtala som lagrettemann 1637 i eit diplom um Gjerde.

Hannibal Sehested fekk kongeskøyte i 1649 på leidangen av Apostelgodset i Ringheim 1 spann smør og 2 bukkskinn. Sehested åtte i 1650 3 laup 1 spann Finnegods i Ringheim, som han hadde fått kongeskøyte på 1648. På dette var det 1 spann smør og 1 bukkskinn i leidang, 3 dalar 1 ort i skatt, 3 ort 6 skill. i fornødspengar, 3 ort 6 skill. i arbeidspengar og 1 dalar 8 skill. i avgift til jordeigaren. Mikkjel og Brynjulv var leiglendingar. Sehested laut lata det til kongen att i 1651, som i 1657 selde det til Gabriel Marselis. Det er same skyldi i skattemanntalet 1657. Kyrkjerekneskapen 1654 og 1659 melder at Vangskyrkja åtte ½ laup i «Lund udi Ringheim» og fekk årleg landskyld av denne eigedomen 3½ aske korn og 1 spann smør.

Skattemanntalet 1652 har desse eigarar og brukarar: a. På 3½ laup 1 spann i Gullfj. åttung. Eigarar: Brynjulv 1 laup, kongen ½ laup ½ spann, Anna Mund 4 pund, Broderson ½ laup og Mikkjel Hough 1 pund. Brynjulv og Anna Mund bygsla jordgodset burt. Eirik og ei enkje var leiglendingar. b. På Indre Ringheim 4 laup: Eigarane var Kirsten Offue Mogenson 3½ laup og Vangskyrkja ½ laup. Dei bygsla burt kvar sitt.

--- side 291 ---

Mikkjel og Brynjulv var brukarar. c. På Vetle Ringheim var 1½ laup. Knut Øvsthus åtte ½ laup 1 spann og Olav Bø 3 spann.

Likeins var det i 1655 med undantak av: a. På Indre Ringheim var lensmann Jakob Skulestad brukar og på Vetle Ringheim var Jon brukar. b. Det er skilt millom to tun, øvre og nedre på Store Ringheim (Gullfj. ått.). Øvre tun var 1½ laup ½ spann. Brynjulv åtte 1 laup og kongen ½ laup ½ spann. Brynjulv brukte alt. Nedre tun var 1½ laup ½ pund. Eigarar: Anna Mund 4 pund, Folkvard Broderson ½ laup, Mikkjel Hough 1 pund. Knut Person Rokne var nyleg gift til Ringheim med Ingebjørg Oddsdr., åtte noko og bygsla noko i garden. Trond Ringheim åtte 1½ laup i Sonve 1652 og 1659.

I 1659 er Store Ringheim førd upp med 3 laup 2½ pund. Eigarane var: Kongen 2 pund, Trond Ringheim 3 laup ½ pund. Han brukte 1 laup 2 pund og Eirik 2 laup ½ pund. Indre Ringheim var 4 laup. Karen Lind åtte 3½ laup og Vangskyrkja ½ laup. Lensmann Knut var brukar og garden var difor skattefri. Vetle Ringheim var 2 laup. Knut Øvsthus åtte 1 laup 1 spann og Olav Bø 3 spann. Eirik var leiglending.

Landkommisjonen har i 1661 ført upp Undertun, Øvretun og Indre Ringheim. Undertun, Gullfj. ått. var 4 laup ½ pund. Kongen åtte 2 pund og Trond resten. Han brukte alt. Øvretun, Borstr. ått. var 5 laup 1 spann. Til Finnegodset høyrde 3 laup 1 spann. Borni til Brynjulv Ringheim åtte 3 spann og Knut Øvsthus 5 spann. Leiglendingar var Ivar, Eirik og ei enkje. Indre Ringheim var 4 laup. Kyrkja åtte ½ laup, Karen Lind 3½ laup. Knut var brukar.

I manntalet 1664 er skrivne som brukarar: Trond Person, Jon Brynjulvson (og son Rasmus Brynjulvson, 17 år gl.), Olav Olavson og Ivar Brynjulvson. På Vetle Ringheim Knut Larsson (og son Odd Botolvson, 13 år gl.). På Midt Ringheim var Olav Knutson. Trond er på tinget 1671 umtala som ein av dei eldste på Voss og som «kirkeverge for lang tid siden i mange aar». Han var ofte lagrettemann 1663-73. Knut var og ofte lagrettemann 1669-74.

Som Apostelgods er ført upp i 1676 3 laup 2½ spann i nedre og øvre tun på Ringheim i Gullfj., 4 laup i Indre Ringheim og 1 laup 2 pund i Vetle Ringheim. Som Finnegods var då ført upp 3 laup 1 spann i øvre tun. Eigarar var: Rådmann Per Hansson 4 laup, Klas Miltzow 1½ spann i Vetle Ringheim, Knut

--- side 292 ---

Øvsthus 5 spann, Trond Ringheim 1½ spann i Vetle Ringheim og 3 spann 4 mark i Store Ringheim og 22 mark i Liland. I 1680 åtte Nils Rokne 9 mark, Brynjulv Lofthus 1 laup 3 mark i Vetle Ringheim. Klas Miltzow 3 laup 1 spann i Store Ringheim, Borstr., 2½ spann i Vetle Ringheim og enkja etter Per Hansson 3½ laup. Klas Miltzow selde i 1685 sine 3 laup 1 spann til Otte Hansson Schrøder i Bergen med halvparten «av Skulestad tilliggende kvernedam». Mikkjel Skulestad protesterte mot salet av kverndammen. Schrøder selde same året jordgodset til kapellan Christen Weinwich. I futerekneskapen 1669-73 står at til ein løytnant på Voss var utlagt 3 laup 2½ pund i nedre og nordre Ringheim. Etter futerekneskapen 1675-76 og 1680-81 brukte resid. kapellan Christen Weinwich 4 laup i Ringheim, som difor var skattefritt. Det same var tilfellet med 4 laup i Indre Ringheim fordi det var skrivargard.

No skal me ta dei einskilde gardar kvar for seg.

50. Store Ringheim.

Landkommisjonen i 1661 har ført Ringheim upp i tri tun: Undertun, Øvretun og Indre Ringheim. Undertun står under Gullfjordung åttung og dei andre to i Borstrand åttung. Undertun hadde 4 laup 12 mark i skyld, ein brukar. Der var turvande brennefang. Skyldi på Øvretun var 5 laup 18 mark med 3 brukarar. Der var vedaskog og ein liten humlagard. Indre Ringheim hadde i skyld 4 laup og ein brukar. Brennefang var det der og. Matrikkelen av 1723 har Store Ringheim under Gullfjordungen med 3 laup 2½ pund i skyld og to brukarar. Under Borstrand åttung er ført upp Øvre tun, Indre Ringheim og Vetle Ringheim. Sjå um dei gnr. 51, 52, 53. I 1838 heiter det um Store Ringheim at der var noko brennefang. Samanlikningstalet var 1555 og skyld som i 1723. Ho vart i 1838 umskrivi til 10 dalar 1 ort 13 skill.

I matrikkelen av 1865 er ført upp for Store Ringheim 32,5 mål åker, 6,5 mål dyrka eng, og 77 mål god, 76 mål medels natureng, 47 mål skrap, og dessutan 2¾ mål som var burtleigt. Sumarhamn var der ikkje og vårhamni var so medels. Knapt um vedaskog. Garden var svært lettbrukt, dyrka som vanleg og hadde ingen lunnende. I 1918 var det 351/3 mål åker, 49 mål kunsteng og 77¼ mål natureng.

--- side 293 ---

Folketalet på Store Ringheim var i 1801 17, i 1865 19 og i 1920 68.

Fødnad og avling (i tunnor) på Store Ringheim.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   23   15          
1723 4   28   30   32      
1865 3   34   60   84   60  
1918 5   29   64          

Bilete 32. Store Ringheim. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 32. Store Ringheim. Fot. P. Braaten 1935.

Denne garden er ofte skriven for nedre tun i 1700-talet og høyrde til Gullfjordung åttung. Han er i 1691 førd upp med 3 laup 2 pund 12 mark. Christen Weinwich budde der og brukte garden medan han var kapellan hjå sokneprest Gjert Miltzow. I skattemanntalet 1691 heiter det at personellkapellan Per Torbenson åtte, brukte og budde der på garden. I 1695 åtte Christen Weinwich garden. Knut var då leiglending, men i 1701 er det Arnfinn Andersson, som då var 37 år gl. Store Ringheim er kalla kapellangarden i folketeljingi 1701. Enkja etter Weinwich eig garden i 1714 og 1723. Arnfinn var framleies

--- side 294 ---

brukar til han døydde 1728, 62 år gl. Han var gift med Anna Knutsdr., som døydde 1755, 85 år gl. og hadde borni Knut Anders, Nils og Guro. Knut budde på Bryn. Nils var tambur, gifte seg 1737 med Brita Knutsdr. Finne og fekk gard på Finne. Guro var 1711 gift med Halle Andersson Midtun.

Dei enskilde bruk.

Bruk 1. Store Ringheim. Anders Arnfinnson, bygsla i 1730 av enkja etter Weinwich 2 laup 12 mark, som mor hans Anders hadde brukt. Dette vart bruk 1. Han kjøpte dette jordgodset i 1736 av løytnant Nicoll, som same året hadde kjøpt det på auksjon etter enkja åt Weinwich for 380 rd. 1 mark 8 skill. Anders hadde kjøpt odelsretten til dette jordgodset av løytnant Adam du Wahl. Anders var gift 1733 med Sisselja Steffadr. Midt Ringheim f. 1707, død 1774. Skifte etter Anders var halde 1752. Deira born var: Arnfinn f 1737, Knut f. 1741, Gudve f. 1735, Kristi f. 1739 og Brita f. 1744. Arnfinn fekk gard på Bryn i 1758 og budde der. Knut og Gudve budde 1774 på Io på Herdla. Ho var g. m. Sjur Torgeirson. Kristi var gift til Lisseim med Styrk Johannesson. Brita gifte seg 1764 med Knut Brynjulvson Rokne. Han kjøpte gard på Jernes 1763, men bytte seg seinare til Ullestad. Ho Sisselja vart 1756 samd med lensmann Frantz Weinwich at ho skulde få bu på garden til 1761.

Ervingane etter Anders og Sisselja selde garden i 1760 til presten Jens Bergendahl. Synsforretning var halde 1762. Husi var gamle og skrøpelege og laut rivast er det sagt. Bergendahl selde att 1778 til Johannes Olavson. Han er skriven for Holo, då han 1765 gifte seg med enkja Orlog Olavsdr. Sundve f. 1723, død på Ringheim 1789. Johannes gifte seg 2. 1790 m. Rannveig Bjarnesdr. Mølster, og døydde 1802, 7O½ år gl. Ho Rannveig gifte seg upp att i 1804 med Mattis Åmundson Hefte og døydde 1824, 61 år gl. Han gifte seg 1831 m. enkja Ingebjørg Larsdr. Saude. Eit gamalt skåp med namnet åt Johannes og årstalet 1784 er enno på garden. Han brende brennevin og skulde ha anker, halvtunnor og tunnor med brennevin liggjande langs etter heile eine sida i det store loftet på Ringheim, er det fortalt. Johannes og Rannveig hadde borni: Orlog f. 1790, Brita f. 1794 og Olav f. 1797. Brita gifte seg 1822 til Saude med Ivar Olavson. Olav var gift 1832 som enkjemann m. Synneva Steffadr. Tvinne.

--- side 295 ---

Han fekk garden 1815 og 1822, men hadde ikkje born og let garden att 1833 til systri Orlog. Ho var g. 1818 m. enkjemann Sjur Person Tveito, Vossastr. Dei hadde m. a. sonen Per.

Per Sjurson fekk garden hjå foreldri sine i 1848 for 900 spd. Han var fødd på Tveito 1823, gift 1852 med Ingebjørg Ivarsdr. Saude og døydde 1896. Dei hadde borni: Sjur f. 1853, Rannveig f. 1859, Olina f. 1869, som alle døydde ugifte, Brita f. 1855, Ivar f. 1861 og Johannes f. 1864. Brita vart gift 1885 med Olav Olavson Ringheim, sjå bruk 4. Ivar gifte seg 1887 med Kristi Knutsdr. Rokne og fekk farsgarden i 1892 for 4800 kronor. Deira son Sjur fekk skøyte på garden i 1897 for 9600 kronor. Han er f. 1893 og g. m. Emma Samsonsdr. Flògo.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 50, lnr. 108 med gamal skyld 2 laup 12 mark, urevidert 5 dalar 2 ort 12 skill., revidert 5 dalar 1 ort 13 skill. Ny skyld mark 4,74 etter at bruk 14 er skilt frå.

Bruk 2. Store Ringheim. Kapellan Olav Vardahl kjøpte på auksjon i 1736 1 laup 2 pund i garden, som vart bruk 2. Han selde det att 1740 til Hallstein Monsson Vetle Ringheim saman med bustadhuset på Nedre Ringheim, som Vardahl hadde kjøpt av Olav Knutson. Då er upplyst, at Vardahl budde i huset nokre år, og at der var daglegstova med «Jern Kakkelovn», to kammers, kjøken, ei stor stove utan omn og «Ammestue» med kakkelomn. Hallstein selde att 1740 til Gudleik Knutson. Han kjøpte 1743 odelsretten til dette jordgodset av Frants Weinwich. Ingjerd, enkja etter Gudleik, og deira verson Sjur Person Spildo (sjå Kindem: Losnaætti på Voss nr. 1032) selde 1755 bruket til fenrik Johan Barchlay de Tolly. Han selde att 1758 til jomfru Margreta Weinwich som påstod at ho hadde odelsrett til det. Ho selde so i 1777 til Torstein Arnfinnson Ullestad.

Torstein Ullestad var fødd 1740, gift 1768 m. Anna Nilsdr. Finne og døydde 1825. Han var leiglending på bruket nokre år fyrr han kjøpte det. Born: Brita f. 1769 og Arnfinn. Ho Brita var gift fyrst med Anders Halleson Gjerde og deretter med Anders Torbjørnson Løno. Arnfinn var fødd 1772, gift 1802 m. Gjertrud Arnbjørnsdr. Haugo og døydde 1832. Arnfinn fekk farsgarden 1821. Deira born var: Torstein, Brita f. 1805, g. m. Nils Andersson Gjerde, og Anders f. 1810, som vart buande på Gavle. Torstein f. 1803, gift 1834 m. Sigvor Styrksdr. Tvinno, døydde 1856. Han fekk garden i 1832 for

--- side 296 ---

500 spd. Ved skifte etter han i 1862 vart garden verdsett til 900 spd. Ho Sigvor gifte seg uppatt med Torgeir Steffason Grevle. Med Torstein hadde ho fire born: Arnfinn, Brita, Styrk og Knut. Arnfinn og Styrk reiste til Amerika. Brita f. 1844, var g. m. Styrk Andersson Lade, snikkar og husmann i Skulestadmoen. Knut f. 1851, g. m. Olina Nilsdr. Bidne, døydde 1920. Han fekk garden i 1882 for 2800 kronor. Born: Torstein, Nils, Torgeir, Sigvor, Brita. Nils fekk garden i 1920 for 4000 kronor. Han er f. 1881 og g. m. Margreta Ivarsdr. Rokne.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 50 lnr. 109, med gamal skyld 1 laup 2 pund, urevidert 4 dalar 4 ort 1 skill., revidert 4 dalar 1 ort 13 skill. Ny skyld mark 5,62 etter at bruk 16 er skilt frå.

Bruk 3. Frydenlund. Skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 2 i 1883 og ervefest til Lars Nikolaison Jæger. Sidan 1851 hadde han havt husmannsfeste på jordstykket. Lars bygde og dyrka der. Målarmeister Bernt Jørgensen kjøpte eigedomen 1883 og selde att 1899 til Lars Eskeland. Anders Ullestad kjøpte det 1901 og selde til skulestyrar A. Bjerk-Amundsen. Han selde so i 1911 til Knut Egdetveit, som er f. 1884, g. m. Gudve Torkjelsdr. og er lokomotivpussar.

Bruk 4. Eggjane. Skyld 64 øre. Skilt ut frå bruk 1 i 1886 og selt til Olav Olavson Ringheim, som har bygt og dyrka mykje på garden. Han har fått fortenestmedalja frå Landbruksselskapet for dyrkingsarbeidet. Olav er f. 1857, g. m. Brita Persdr. Ringheim. Ho døydde 1913. Sju born: Olav, Ivar, Anders, Kari, Per, Sjur, og Ingebjørg fødde 1886-1901. Sonen Olav f. 1886 fekk bruket i 1914 for 2000 kronor.

Bruk 5. Moen. Skyld 64 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1886 og selt til Rannveig Persdr. Ringheim, f. 1859. Ho døydde 1921 og gav eigedomen til systerdøttene Kari og Marta Ringheim. Dei selde til Ivar Person Ringheim, som selde att i 1923 til versonen Per Nordstrøm for 5800 kronor.

Bruk 6. Ringheim. Skyld 30 øre. Skilt frå bruk 2 i 1893 og selt til Viking Torbjørnson Gjerde. Han selde att til Per J. Dagestad. Han er snikkar er f. 1863 og g. m. Brita Olavsdr.

Bruk 7. Nyland. Skyld 3 øre. Skilt frå bruk 1 i 1893.

Bruk 8. Nyland. Skyld 3 øre. Skilt frå bruk 2 i 1893.

--- side 297 ---

Bruk 9 og 10 er umtala i band 1 (um Vossavangen) s. 279.

Bruk 11. Eggjane. Skyld mark 1,14. Skilt ut frå bruk 1 i 1909 og selt til Olav O. Ringheim. Sjå bruk 4.

Bruk 12-15 høyrer til Vossavangens Bygningskommune og er umtala i band I (um Vossavangen) s. 280.

Bruk 16. Borgatun. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 2 i 1923 og late til Borstrand Ungdomslag, som har bygt møtehus der i Skulestadmoen. Sjå bruk 4 Vetle Ringheim.

51. Nedre Ringheim.

Under gardsnr. 50 er meldt um korleis Landkommisjonen i 1661 har ført upp um Ringheimsgardane. Matrikkelkommisjonen av 1723 har skrive denne parten av Ringheim for øvre tun. Skyldi var 3 laup 18 mark med ein brukar. Der var ein humlagard, knapt um vedaskog og ikkje kvern. Garden var tungvinn, men viss for kornavling. I matrikkelen 1838 er sagt at der var brennefang og fureskog til husavøling. Samanlikningstalet var 1530 og skyldi som i 1723. Ho vart 1838 umskrivi til 10 dalar 18 skill.

Matrikkelen av 1865 fører upp 30 mål åker, 7 mål dyrka eng, 60,5 mål god, 118 mål medels natureng og 22 mål skrapebø. Vårhamni var medels, men Sumarhamni var ring. Knapt med vedaskog, men noko lite timberskog. Garden var sers lettvinn, dyrka som vanleg og utan lunnende. I 1918 var det 39 mål åker, 26 mål kunsteng og 32 mål natureng.

Det var 14 menneske på Nedre Ringheim i 1801, 28 i 1865 og 55 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedre Ringheim.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3   21   12          
1723 3   23   24   33      
1865 4   30 ½ 62   66 ½ 54  
1918 5   33   53          

--- side 298 ---


Bilete 33. Borstrondi og Dukstadgardane set frå Ringheim. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 33. Borstrondi og Dukstadgardane set frå Ringheim. Fot. P. Braaten 1935.

--- side 299 ---

Nedre Ringheim er i gamle dagar ofte skrive for øvre tun, og høyrde til Borstrand åttung. Husi på gardane nr. 50 og 51 låg i ein krull til utskiftingi 1886-88. I dagleg tale vert Nedre Ringheim no oftast kalla Store Ringheim. Nedre Ringheim er i 1691 ført upp med 3 laup 18 mark. Personellkapellan Per Torbenson åtte og brukte det då saman med Store Ringheim. Sokneprest Christen Weinwich åtte Nedre Ringheim i 1695. Halldor var då leiglending, men i 1701 er det Knut Mikkjelson, 35 år, og enkja Ingebjørg Oddsdr. med sonen Per Knutson, 4 år. Knut Person, mannen hennar, var død fyre 1700. Ho vart attgift med Mattis Person Vinsand. Knut Mikkjelson kom seinare til Rong og Per vart gift med Marta Larsdr. Glymme og fekk farsgarden hennar. Sjå nr. 192 i Glimmeætti av L. Kindem.

Enkja etter Weinwich åtte garden i 1709 og 1723. Mattis Person bygsla 2 laup av henne i 1709 og hadde det til etter 1736. Ho selde garden 1729 til kapellanen Morten Ruus for 450 rd., og han selde att i 1732 til Olav Knutson Mosafinn. I 1735 selde han slåtteteigen Taulen på Vossastrand til Olav Åmundson Heggland. Kapellanen Oluf Vardahl kjøpte i 1737 stovehuset av Olav Knutson for 66 rd. og budde der til i kring 1739.

Olav Knutson er skriven for Espedal, Hallingdal, då han 1715 var g. m. Jorun Aslaksdr. Villand i Hallingdal. Etter at han var utatt-trett på Mosafinn, som han hadde kjøpt, kom han til Ringheim. Han Olav døydde 1746, 74½ år gl. og ho Jorunn 1736, 40 år gl. Ved skifte etter henne er det sagt at dei åtte heile Nedre Ringheim etter skøyte 1732, verdsett 468 rd. og 2 laup i Eimstad. Bruttomidelen var 1061 rd. Det er fortalt at Olav dreiv med handel og at han på ei reis kom inn i stova på Villand, der ei liti gjente låg i vogga og gret. Han tok til å byssa på henne og fekk henne til å tagna. Um morgonen då han for, gav han veslegjenta eit markastykke og sa at ho skulde verta kjærasten hans. Sidan hadde Olav jamt tilhelde på Villand når han reiste i Hallingdal. Og veslegjenta vart kona hans. Ho fekk 700 dalar hjå foreldri sine då ho gifte seg, er det fortalt. Olav og Jorunn hadde borni: Knut, Svein, Sjur, Kirsti og Aslak. Svein var fødd ikr. 1720, og fekk garden på Eimstad. Sjur f. 1724, gifte seg 1753 m. Brita Monsdr. Kvarakvål. Kirsti f. 1719 var gift 1738 m. Olav Johannesson Flatekvål. Aslak

--- side 300 ---

f. 1726, var sersjant og gift 1752 m. Katrina Henriksdr. Blomberg, dotter åt gastgjevaren på Vangen. Um lag 3½ månad etter han var gift, skulde han rida over Båbrui. Han for då av hesten uti elvi og bleiv. Det gjekk ord um at han var kasta på elvi av hennar folk som var imot giftarmålet. Ikring 3 månader etter han døydde, fekk ho Katrina dotteri Akselina Katarina. Katrina vart attgift med Per, gastgjevaren på Vinjo, og har mange etterkomarar på Vossastrondi og noko på Voss.

Knut Olavson var fødd 1718, gifte seg 1739 m. Brita Hallesdr. Bryn og døydde 1779. Han var lensmann frå ikring 1762 til 1778 og fekk skøyte på farsgarden 1739 og 1747. Knut fekk kongeskøyte i 1759 på løysningsretten til 3¼ laup for 42 rd. Kongen hadde selt jordgodset 1657 til Gabriel Marselis. Knut og Brita hadde borni: Olav, Halle, Aslak, Jorunn, Marta, Anna. Halle var fødd 1747, Aslak 1750. Båe døydde ugifte fyre 1780. Halle var 1776 tilsett som hjelpelensmann med faren. Jorunn f. ikr. 1740 var gift 1768 m. Odd Davidson Klyve. Båe døde 1775. Marta f. 1745 gifte seg til Rogne med Johannes Torbjørnson. Anna f. 1757 var gift 1778 m. Nils Larsson Øvsthus.

Olav Knutson f. 1743, gift 1771 m. Anna Larsdr. Øvsthus, døydde 1804. Han fekk skøyte på farsgarden 1770 og 1777. Garden vart no skift i to jamstore partar, bruk 1 og 3. Sønene Knut og Halle fekk kvar sin. Olav og Anna sine born var forutan dei to nemnde: Brita, gift 1798 m. ekm. Lars Olavson Nesheim, Anna d. e. f. 1779, Jorun f. 1781, gift til Mølster med David Torgeirson, Ingebjørg f. 1783, g. m. Olav Knutson Ullestad, Guro, gift 1809 til Ullestad med Anders Knutson, Anna d. y. f. 1793, g. 1823 m. Aslak Nilsson Øvsthus.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Nedre Ringheim. Halle Olavson fekk i 1806 dette bruket som var i skyld 1 laup 1 pund 21 mark. Han var fødd 1790, gifte seg 1818 m. Kristi Andersdr. Tròdo, og døydde 1855. Deira sju born var: Olav, Anders, Knut, Ivar, Anna, Knut, Olav. Anders f. 1821, gift 1844 m. Marta Hallsteinsdr. Ringheim, var husmann i Motredet (born: Olav, Kari). Knut d. e. f. 1829, g. 1856 m. Brita Sjursdr. Njåtveit, budde på Njåtveit. Dei fire yngste borni åt Halle reiste til Amerika. Olav d. e. f. 1819 var gift 1845 m. Brita Torbjørnsdr. Tròdo og fekk

--- side 301 ---

farsgarden med part i Raundalens Ålmenning i 1840 for 690 spd. Dei hadde ikkje born. Brorson hans Olav, Olav Andersson i Motredet, fekk garden i 1881 for 3600 kronor. Han var fødd 1847, g. m. Anna Torbjørnsdr. Tròdo og døydde 1929. Dei hadde heller ikkje born. Systerdotter hans Olav, Brita Larsdr. Norekvål, gift 1905 m. Knut Johannesson Øvsthus, fekk so garden i 1900 for 4000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 51, lnr. 110 med gamal skyld 1 laup 1 pund 21 mark, urevidert 5 dalar 5 skill., revidert 4 dalar 2 ort 21 skill. Ny skyld mark 5,47 etter at bruk 11 er skilt frå.

Bruk 2. Møllenpris ved Dukstadfossen. Det var skilt ut frå bruk 1 i 1887 med skyld 10 øre og selt til Martinus Bjørndal og Eirik Birkeland for 600 kronor. Dei bygde bustadhus der. I 1902 kjøpte Knut S. Helleve eigedomen på auksjon. Han var f. 1855, g. m. Gudve L. Ullestad og døydde 1913. Sjå bruk 3 Skulestad.

Bruk 3. Nedre Ringheim. Knut Olavson, nemnd ovanfor, fekk dette bruket i 1799 hjå far sin. Det hadde i skyld 1 laup 1 pund 21 mark. Knut var fødd 1773, gift 1803 m. Kristi Torgeirsdr. Mølster og døydde 1824. Ved skifte etter han 1824 er garden verdsett 540 spd. og skogen 60 spd. Dei hadde to born: Olav og Jorunn. Olav f. 1805, drukna i Vossavåkjæ saman med seks andre ungdomar i januar 1828 på ein køyretur til ein dans på Jernes. Jorunn f. 1811, gift 1830 med Sjur Person Vinjo, fekk farsgarden hennar i 1829 og 1830. Han var fødd 1804 og døydde 1884. Born: Olav f. 1837, død ugift 1868, Knut f. 1848 og Per f. 1851. Per reiste til Amerika. Knut fekk garden hjå far sin 1875 for 1000 spd. og gifte seg 1878 m. Kari Arnfinnsdr. Gjukastein. Born: Sjur og Arnfinn. Sjur fekk garden 1921 for 5000 kronor. Han er f. 1881, g. m. Olina Andersdr. Ringheim f. 1882, død 1922.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 51, lnr. 111, gamal skyld 1 laup 1 pund 21 mark, urevidert 5 dalar 13 skill., revidert 4 dalar 3 ort 15 skill. Ny skyld mark 6,20 etter at bruk 10 er skilt frå.

Bruk 4-7 høyrer til Vossavangens Bygningskommune og er umtala i band I (Vossavangen) s. 280.

Bruk 8. Møllenpris. Skyld 5 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1914 og selt til Knut Knutson og Lars Knutson Helleve.

--- side 302 ---

Bruk 9. Huse. Skyld 32 øre. Skilt frå bruk 1 1921 og selt til Viking Gjerde. Han er f. 1863, gift fyrst med Martina Eilivsdr. og sidan med Anna Nilsdr. Ringheim. Viking som er snikkar og bygningsmann, selde i 1935 eigedomen til versonen Knut K. Graudo for 2500 kronor.

Bruk 10. Lien. Skyld 40 øre. Utskilt 1923 frå bruk 3 og selt til Aslak Nilsson.

Bruk 11. Teigen. Skyld 50 øre. Skilt frå bruk 1 i 1930. Selt til Knut A. Ringheim, som er f. 1904. Han er son til skomakar Anders Larsson Ringheim f. 1857 og Marta Sjursdr. som fyrr hadde bygsla og bygt der.

Bruk 12. Bruteigen I. Skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 7 i 1932, selt til Vossavangens Bygningskommune.

Bruk 13. Bruteigen II. Skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 7 i 1932, selt til Vossavangens Bygningskommune. Desse bruki, 12 og 13, er elverettar i Strandaelvi, og dei ligg no innanfor Vangsgrensa.

52. Indre Ringheim.

Det er fortalt under gnr, 50 um kva Landkommisjonen har skrive um Ringheim i 1661. I 1723 har matrikkelkommisjonen skrive um Indre Ringheim: Skyldi var 4 laup 12 mark med to brukarar. Det var knapt um vedaskog, ikkje humlagard og ikkje kvern. Garden hadde god jord for kornavling, men var tungvinn. I matr. 1838 er sagt at der var ikkje vedaskog på bruk 1 og lite på bruk 2 og 3. Samanlikningstalet var 2010 og skyldi 4 laup, som vart umskrivi til 12 dalar 4 ort 23 skill.

I matrikkelen 1865 er ført upp 36 mål åker, 9,5 mål dyrka eng, 67 mål god, 68 mål medels natureng og 15 mål skrap. Hamnegangen var medels. Bruk 2 og 3 hadde god sumarhamn. Bruk 1 hadde vedaskogen nære ved, men bruk 2 og 3 langt burte. Timberskog vanta. Bruk 1 var tungvint, men dei andre lettvinne. Alle var dyrka som vanleg og utan lunnende. I 1918 var der 55¼ mål åker, 99 mål kunsteng og 43 mål natureng.

Folketalet på Indre Ringheim var 22 i 1801, 34 i 1865 og 63 i 1920.

--- side 303 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Indre Ringheim.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   18   26          
1723 2   29   30   40      
1865 4   33   69   94   65  
1918 7   37   70          

Indre Ringheim er i 1700-talet ofte skrive for Midt Ringheim. Det var i 1691 4 laup. Derav åtte magister Nils Smedal 3 laup og Vangskyrkja 1 laup. Knut og Lars var leiglendingar på 2 laup kvar. Same eigarane var det òg i 1695, men Knut var no brukar av alt. Knut har nok vore gift med ei enkje, for i skogsaki i 1708 er upplyst at Knut hadde styksonen Odd Flatekvål. Både Knut og sonen Lars var døde 1697. Lars var g. m. Kristi Steffadr., syster åt lensmann Viking Tvilde, og hadde med henne borni: Brita f. 1685, Hallbjørg f. 1688 og Gjertrud f. 1692. Brita gifte seg 1. 1725 m. Gudleik Halleson Tillung, 2. m. Knut Gudleikson Ure. Hallbjørg var gift 1. 1720 m. ekm. Brynjulv Larsson Midt Skutle, 2. 1773 m. Trond Mattisson. Ho Kristi vart gift 2. m. Steffa Mikkjelson, død 1716, og 3. 1718 m. Arne Rasmusson Stalheim. Dei heldt fram som leiglendingar. I folketeljingi 1701, og både fyrr og seinare er garden kalla skrivargard. Steffa vart vald saman med fleire i 1713 til å likna ut dagskatten, men dei vilde ikkje gjera det av di det var so stor misnøgje med skatten. Som umtala under Prestegarden vart Steffa stemnd av presten i 1708 for ulovleg skoghogster på Afdal.

Anna Tvilde, mor hennar Kristi, og lensmann Viking Tvilde kjøpte i 1709 3 laup 2 pund i garden av madam Else Hoffmann og budde der. I matrikkelen 1723 er garden ført upp med 4 laup 12 mark. Vangskyrkja åtte ½ laup, som Arne hadde bygsla i 1718, og Anna Tvilde 3 laup 2 pund. Kongen selde i 1723 Vangskyrkja saman med ½ laup i «Lunde under Ringheim». Ved skifte etter Steffa Mikkjelson er ført upp 3 born: Knut f. 1699, Guri f. 1702 og Sisselja f. 1707. Medelen til å skifta var 134 rd. 3 mark 10 skill. (Sjå boki um Tvildeætti nr. 282). Ho Guri gifte seg 1725 m. Lars Hagtorson Fenno og budde i 1748 på Kleivdal, «Horland», Alversund. Sisselja vart gift 1733 med

--- side 304 ---

Anders Arnfinnson Store Ringheim. Knut f. 1699, vart 1723 m. Sigvor Mikkjelsdr. Lid, Kvitli. Ho var gift 2. 1737 m. Hallstein Monsson Tøn f. 1715 død 1776. Knut kjøpte 1734 av Viking Larsson Ygre, 1 laup 16 mark som kona hans hadde ervt etter mor si, Anna Tvilde. Knut døydde 1736 og hadde fire born: Anders, Lars, Arnfinn og Anna. Lars f. 1731 budde fyrst på Gjøastein, men bytte seg sidan til Tøn. Arnfinn døydde ugift. Anna gifte seg 1751 til Eimstad m. ekm. Svein Olavson. Framhald bruk 3, der Anders vert umtala.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Indre Ringheim. Høyrde til Vangskyrkja. Skyld 1 pund 10½ mark i 1800. Gusskalk Mattisson Mølster var brukar. Han var fødd på Mølster 1746, g. 1784 m. Rannveig Davidsdr. Lunde og døydde 1811. Gusskalk var lensmann frå 1779 til 1810 med undantak av nokre år. Som lensmannsløn fekk han i 1790-åri 4 rd. for året og var friteken for sume skattar. Postopnar var han og ei tid og åtte hus på Vangen. Etter han kom til Ringheim, er han stundom skriven for Ringheim. Dei hadde sju born: Mattis, David, Bjarne, Ingebjørg, Brita, Anna, Marta. David f. 1787 var statsdyrlækjar i Danmark 1837-1863, vart riddar av Danebrog og døydde 1875. Bjarne f. 1796, vart regimentsdyrlækjar i Sverike, riddar av Vasaordenen og døydde 1867. Ingebjørg f. 1789, var g. 1. 1809 m. ekm. Olav Eilivson Store Røte, 2. 1810 m. Halle Arnfinnson Gjerstad. Brita f. 1791, gifte seg 1815 m. gardmann Johannes Vikingson Gjerme. Anna f. 1793, var 1819 g. m. Ivar Larson Gjerme, sjå vidare nedanfor. Marta f. 1799 gifte seg 1823 m. Olav Person Skutle.

Mattis G. Ringheim f. 1785, gifte seg 1810 m. Guro Johannesdr. Raustad. Han kjøpte bruk 2 på Seim, Gullfj. i 1814 av Sjur Olavson, bytte 1818 med Johan Fleischer uti bruk 1 Indre Ringheim, men let det att 1822 til Johan Fleischer. Mattis var lensmann frå 1812 til 1832 og postopnar 1810-1818. Gastgjevargarden på Bolstadøyri hadde han òg i nokre år. Borni hans var: Marta, Johannes, Rannveig, Gusskalk, Ingebjørg og Guro. Ho Marta f. 1812 reiste til Kjøbenhavn og vart gift der. Johannes f. 1815 busette seg i Bergen. Ordførar Ragnvald Lorentsen er millom ettarkomarane hans. Rannveig døydde ugift 1840. Gusskalk f. 1818, g. m. Ingebjørg Olavsdr.

--- side 305 ---

Flatekvål, død 1873, var gardmann på Dukstad. Ingebjørg f. 1820, gifte seg til Gjerstad med Steffa Jonson. Guro f. 1822, var g. m. Mass Sveinson Kvåle, som kjøpte gard på Byrkjo.

Ivar Larsson Gjerme, nemnd ovanfor, f. 1788, g. m. Anna G. Ringheim, bygsla garden i 1827 av Johan Fleischer. Ivar var overjeger og døydde 1867. Fire born: Marta, Lars, Gusskalk og Nils. Marta gifte seg 1849 med Sjur Brynjulvson Ringheim, skomakar og husmann i Veiseteigen. Gusskalk f. 1825 g. 1843 m. Ingebjørg Olavsdr. Flatekvål, var skomakar og husmann på Tròdo. Nils f. 1833, g. 1865 m. Anna Brynjulvsdr. Lemme, var skomakar og husmann på Repål.

Lars Ivarson f. 1820, g. 1. 1850 m. Brita Torbjørnsdr. Tròdo, 2. 1863 m. Kristi Andersdr. Gjerde og døydde 1894. Han kjøpte garden i 1864 av Johan Fleischer sine ervingar for 600 spd. Fire born: Rannveig f. 1852, Torbjørn, Ivar f. 1855 og Anders f. 1857. Torbjørn og Ivar reiste til Amerika. Anders, g. m. Marta Sjursdr. Dolve, sjå husmenn og bruk 11 Nedre Ringheim. Rannveig vart gift 1879 m. Mattis Knutson Ukvitno. Dei fekk farsgarden hennar i 1888 for 2200 kronor. Deira son Knut fekk garden i 1912 for 4300 kronor. Han er f. 1881 og g. m. Marta Aslaksdr. Grevle.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 52, lnr. 113 med gamal skyld 1 pund 10½ mark, urevidert 1 dalar 3 ort 15 skill., revidert 1 dalar 2 ort. Ny skyld mark 2,04.

Bruk 2. Indre Ringheim. Hallstein Monsson fekk i 1736 ved skifte etter Knut Steffason 1 pund 20 mark og kjøpte 1740 av Gudleik Knutson 1 laup 16 mark, men selde til styksonen Anders Knutson i 1748 og 1756 18 mark. Hallstein hadde då att 1 laup 1 pund 18 mark. Med Sigvor hadde han dotteri Torunn f. 1738. Ho var gift 1766 med David Larsson Saude. I 1768 fekk dei skøyte frå far hennar på 1 laup 16 mark og i 1772 skøyte frå Anders Knutson på 1 pund 2 mark, tilsaman 1 laup 1 pund 18 mark. Torunn døydde 1774, og David gifte seg 1776 med Marta Knutsdr. Skutle. Skifte var halde etter han 1789. Midelen var då 156 rd. brutto. David hadde med Torunn fem born: Hallstein f. 1772, Sigvor f. 1766, Ingebjørg f. 1768, Gunnvor f. 1770 og Torunn f. 1774. Med Marta hadde David 4 born: Lars f. 1777, Knut f. 1781, Kari f. 1779 og Brita f. 1784. Gunnvor vart gift 1798 m. Viking Torgeirson Yksnabjørg. Kari gifte seg 1799 m. Knut Nilsson Sonve eller Nedre Himle. Brita

--- side 306 ---

vart gift 1825 m. ekm. Olav Person Nedre Fenno. Lars budde på Saude, Borstr.

Hallstein Davidson vart gift 1798 med Kari Olavsdr. Gjerdåk og døydde 1815. Ho gifte seg andre gongen 1817 med Anders Olavson Nyre, som døydde 1834, 58 år gl. Ho døydde 1844 67 år gl. Han var med i krigen mot Sverike, vart teken til fange og ført langt inn i Sverike. Fyrst var han saman med mange andre i eit stort fangehus, men vart seinare sett i arbeid hjå bønder i bygdi. Anders var helsebroten etter han kom heim att. Hallstein åtte 1 laup 1 pund 13½ mark i garden, som ved skifte etter han 1816 var verdsett 650 riksbankdalar. Born: Arnfinn f. 1799, David f. 1807, Marta f. 1810 og Kari f. 1813. Marta vart gift 1844 m. Anders Halleson Ringheim. Kari var gift 1840 m. Torleiv Brynjulvson Graudo. David gifte seg 1832 m. Anna Johannesdr. Møn og døydde 1872. Garden fekk han skøyte på i 1837. (Sjå Kindem: Losnaætti på Voss nr. 603.) Born: Arnfinn f. 1845, Kari f. 1833, Brita f. 1834, Ingebjørg f. 1837. Arnfinn og Brita døydde ugifte. Ingebjørg var 1858 g. m. bakar Johan Johannesson Vangen. Sjå tuft 50 og 52 på Vossavangen i band I.

Kari gifte seg 1861 m. Nils Eirikson Vangen. Dei fekk hennar farsgard i 1865 for 1100 spd. og hadde borni: Eirik, David, Nils, Johannes, Anna, Marta, Ingebjørg, alle i Amerika so nær som Anna og Eirik. Anna f. 1870, gifte seg til Øvsthus med Eirik Knutson i 1896. Eirik f. 1861 vart gift 1886 med Eli Jonsdr. Dukstad og fekk farsgarden i 1899 for 4400 kronor. Han dreiv mange år med bygningsarbeid og har seinare i lenger tid drive med saueal i Amerika, men er no på Voss. Sonen Nils f. 1887 fekk garden i 1905 for 7500 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 52, lnr. 113 med gamal skyld 1 laup 1 pund 13½ mark, urevidert 5 dalar 1 ort 12 skill., revidert 4 dalar 1 ort 1 skill. Ny skyld mark 5,50 etter at bruk 5 er skilt frå.

Bruk 3. Indre Ringheim. Anders Knutson var fødd 1729, gift 1752 m. Ragnhild Persdr. Glymme og døydde 1801. Han fekk skøyte 1739, 1748 og 1756 på tilsaman 2 laup, som ved skifte etter Ragnhild i 1773 var verdsett 376 rd. Anders åtte dessutan part i Raundalens Ålmenning. Han var presten sin medhjelpar. Anders og Ragnhild hadde seks born: Knut, Marta, Kristi, Torunn, Sigvor og Ingebjørg. Marta f. 1754, vart gift til Skulestad med Hollgeir Oddson. Kristi f. 1766 gifte

--- side 307 ---

seg 1791 med gardmann Mikkjel Oddson Brekku, Gullfj., Torunn f. 1763 vart gift 1786 m. Styrk Torgeirson, gardmann på Jernes. Sigvor f. 1765, gifte seg 1789 m. Åmund Torgisson Jernes, leiglending på Ullestad og seinare paktar i Prestegarden. Ingebjørg, f. 1768, vart gift til Flatekvål m. Aslak Olavson.

Knut Andersson f. 1757, var g. 1. 1780 m. enkja Gunnvor Åmundsdr. Gjerde. 2. 1800 m. Kristbjørg Oddsdr. Brekku og døydde 1813. Ho Kristbjørg gifte seg 1815 m. Ingebrikt Ivarson Lydvo. Knut fekk halve garden i 1800 og resten 1802. Han åtte og part i Raundalens Ålmenning. Ved skifte etter han 1813 var jordgodset verdsett 850 rd. Bruttomidelen var 2019 riksbankdalar. Med Gunnvor hadde Knut to born: Ragnhild og Brita, og med Kristbjørg 5 born: Anders, Odd, Gunnvor, Marta og Kristense. Ho Kristbjørg hadde med Ingebrikt sonen Knut, som vart gardmann på Afdal. Ragnhild vart gift 1820 m. sersjant Olav Hallvorson Kronstad, huseigar på Vangen. Brita gifte seg 1831 m. Brynjulv Knutson Opeland, som kjøpte gard på Grovu. Odd f. 1807 bleiv 1828 i Vossavåkjæ saman med seks andre ungdomar. Gunnvor gifte seg til Øvre Klyve 1824 m. Anders Anderson. Marta, g. m. Brynjulv Aslakson Flatekvål budde ei tid på Opeland og reiste sidan til Amerika. Kristense, g. m. ekm. Josef H. Mala, reiste og til Amerika.

Anders Knutson f. 1801, gift 1824 m. Brita Andersdr. Øvre Klyve, døydde 1841. Halve farsgarden fekk han 1814 og den andre halve i 1833. Anders var god til å doktera folk og krøter for ymse slag sjukdomar, og det var mange som kom til han. Han skulde og kunna stemma blod, er det fortalt, og hadde lese mykje. Seks born: Kristense, Knut f. 1827, Anders f. 1830, Odd f. 1832, Ingebrikt f. 1835 og Ingebjørg. Knut gifte seg 1849 m. lensmannsdotteri Boletta Berg, og Odd med Kristense Andersdr. Øvre Klyve. Båe huslydane reiste til Amerika i 1849 og fekk seg farm der. Anders vart gift 1858 m. Anna Eiriksdr. Lemme og dei fekk farsgarden hennar på Lemme. Ingebrikt gifte seg 1. m. Rannveig Seim, Viki, og 2. med hennar systerdotter Gjertrud Seim. Han dreiv stor handelsforretning i Illinois og åtte mykje land. Ho Kristense f. 1825, var gift 1. 1849 m. Brynjulv Brynjulvson Ringheim, 2. 1857 m. Asle Halleson Prestegard. Kristense og Brynjulv fekk garden 1849 for 1600 spd. og Asle hadde han etter Brynjulv. Born m. Brynjulv: Brita, Steinvor og Marta, og med Asle: Brynjulv,

--- side 308 ---

Anders, Nils og Knut. Dei tri siste reiste til Amerika. Steinvor f. 1852 g. 1887 m. ekm. Bartolomeus Tofte, budde på Gjerde Marta f. 1854 gifte seg 1878 til Ronve m. Tormod Oddson. Brynjulv f. 1858, g. m. Elisabet Eiriksdr. Eide, bur på Vangen. Ho Brita f. 1850, var g. m. Anders Person Vinjo f. 1839. Han døydde 1910 og Brita 1920. Dei fekk garden. Han dreiv mykje med hestehandel. 10 born: Per, Brynjulv, Kristi, Anna Kristense, Olina, Marta, Brita, Ingebjørg, Synneva. Dotteri Anna f. 1878 g. m. Nils Larsson Hemre f. 1880 fekk garden i 1911 for 8500 kronor. På dette bruket er eit gamalt stort bualoft av fint rundtimber. Både bui og loftet er innvendes 5,43 x 6,65 m. Huset skal etter forteljing vera frå år 1700.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 52, lnr. 114, gamal skyld 2 laup, urevidert 5 dalar 4 ort 20 skill., revidert 5 dalar 1 ort 13 skill. Ny skyld mark 6,93 etter at bruk 6 er skilt frå.

Bruk 4. Lundarheim. Skyld 38 øre. Utskilt i 1898 frå bruk 2 og selt til sersjant Hans Klette. Eirik Nilsson Hefte hadde butt der fyrr som husmann. Bruk 4 ligg på austsida åt Lundarvatnet.

Bruk 5. Ringheim. Skyld 25 øre. Skilt ut frå bruk 2 i 1904 og skøytt til Nils Eirikson Ringheim.

Bruk 6. Lundar. Skyld 80 øre. Utskilt frå bruk 3 i 1915 og selt til Per Andersson Ringheim. Han bygde bustadhus og har drive handelsforretning på Vangen, sjå bruk 56 av Prestegarden. Han var f. 1873, g. m. Anna Steffadr. Ullestad og døydde 1932. Ho har no eigedomen.

53. Vetle Ringheim.

Under gnr. 50 er meldt um korleis Landkommisjonen har skrive um Ringheim i 1661. I 1723 skriv matrikkelkommisjonen um Vetle Ringheim at skyldi var 2 laup, og at der var ein brukar. Det var ein liten humlagard, men ikkje skog eller kvern. Jordkjøme var so måteleg og garden tungvinn. I matr. 1838 er sagt at der var ikkje brennefang. Samanlikningstalet var 600 og skyldi 1 laup 2 pund. I matrikkelen for 1865 er sagt at der var 11 mål åker, 2,5 mål dyrka eng, 24 mål god, 32 mål medels natureng og 12 mål skrap. Vårhamni var medels, og det vanta

--- side 309 ---

sumarhamn. Knapt um vedaskog, men timber til husbruk. Garden var lettbrukt, dyrka som vanleg og hadde ingen lunnende. I 1918 var der 18¾ mål åker, 37 mål kunsteng og 13 mål natureng.

Det var 9 menneske på Vetle Ringheim i 1801, 17 i 1865 og 15 i 1920.


Bilete 34. Indre og Vetle Ringheim. Fot. P. Braaten 1935.
Bilete 34. Indre og Vetle Ringheim. Fot. P. Braaten 1935.
 
Fødnad og avling (i tunnor) på Vetla Ringheim.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   10   8          
1723 1   12   12   16      
1865 1   10   21   29   27  
1918 3   8   12          

Klas Miltzow åtte i 1691 ½ laup 9 mark i garden og ½ laup 1 pund 15 mark var bondegods. Brukaren av det heitte Olav. I 1695 åtte kaptein Stoud ½ laup 9 mark, Knut Nyre 9 mark og brukaren Knut 1 laup 3 mark. Olav Knutson f. 1636, var leiglending 1701 og til han døydde 1715. Borni hans var: Rognald,

--- side 310 ---

Mikkjel f. 1676, Gjertrud, g. m. Arnfinn Skulestad, Brita g. m. Nils Person Ringheim. Per Andersson Halden fekk 1708 skøyte på 2 laup i garden frå Laurits Miltzow. Då det vart tinglese, kom Brynjulv Lofthus med påstand um at Knut, son hans, var odelsboren til dette jordgodset og vilde løysa det. På tinget 1709 er lese skøyte til Knut Brynjulvson på 2 laup i Vetle Ringheim. I Odelsskattemanntalet 1714 er garden førd upp med 2 laup, som Knut Brynjulvson åtte. Nils, g. m. Brita Olavsdr., var brukar 1711, 1714 og Knut, g. m. Anna Jonsdr., i 1717 og 1728. Han makabytte i 1731 med Henrik Miltzow uti 1 laup 6 mark i Vetla Røte.

Dag Knutson bygsla garden 1737 av Henrik Miltzow. Sjur Knutson, g. m. Maria Larsdr., var seinare leiglending til han døydde 1759. Fru Inger Alstrup selde i 1761 garden (2 laup) til Johannes Torgeirson. Han var gift 1766 med Marta Olavsdr. Høyland. Ho ætta frå Sundve, Vossastr., frå bror hans Erling Eielson. Johannes var tiltala for ulovleg handel i 1755. Han gjekk med på å betala noko til dei fatige for det. Det er fortalt at Johannes skulde vera slik ein ertekrok. Han kom på kant med fleire og då serleg med futen. Difor fann han det rettast til slutt å flytta frå Voss. Nok er, at han selde garden i 1773 til systri Sigrid og vart buande på Flatabø i Fyksasundet. Millom etterkomarane hans kann nemnast biskop J. N. Skår og syskin.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Vetle Ringheim. Ho Sigrid gifte seg 1774 med Knut Åmundson Fjose. Han døydde 1778, 38 år gl. Dei hadde sonen Torgeir f. 1778. So gifte Sigrid seg att 1780 med Odd Nilsson Tròdo og hadde med han dotteri Marta f. 1783. Ho vart gift 1803 med Tormod Olavson Ronve. Torgeir døydde ugift, og halvsystri Marta og Tormod fekk garden. Ved skifte etter Tormod 1835 var garden verdsett 630 spd. og skogen 30 spd. Dei hadde seks born: Olav, Odd f. 1819, Kari f. 1804, Sigrid f. 1809, Brita f. 1811 og Marta f. 1813. Odd gifte seg 1844 med Kari Rognaldsdr. Haugo og fekk gard på Ronve. Kari, gift 1845 med Kjel Knutson Bø, Rd. kom til Indre Takla. Sigrid var 1841 g. m. Ivar Andersson Gjerde, som kjøpte gard på Vike.

Olav Tormodson f. 1807, g. 1846 m. Karen Andersdr. Ringheim fekk garden i 1835 og 1836. Deira born var: Tormod f. 1850, Marta f. 1848, Kari f. 1852, Sigrid f. 1852, Anders f. 1855,

--- side 311 ---

Olav f. 1857, Marta f. 1860. Marta d. e. var gift 1879 med Mons Larsson Rue. Sigrid gifte seg 1873 m. ekm. Lars Olavson En på Flatekvål. Anders var g. m. Brita Jonsdr. og døydde 1904. Olav gifte seg 1885 m. Brita Persdr. Ringheim, sjå gnr. 50 bruk 4. Tormod var gift 1893 m. Barbrå Nilsdr. Saude og fekk farsgarden. Deira son Olav f. 1894 har no garden.

Vetle Ringheim var fyrr mtrnr. 53, lnr. 115 med gamal skyld 1 laup 2 pund, urevidert 3 dalar 4 ort 21 skill., revidert 3 dalar 1 ort 13 skill. Ny skyld mark 4,78 etter at bruk 4 er skilt frå.

Bruk 2. Lund. Denne parten som ligg i Skulestadmoen, er skild frå bruk 1 i 1895 med skyld 2 øre og ervefest til Nils Larsson Lofthus, som bygde bustad- og forretningshus og dreiv handelsforretning. Salamon Hjørnevik kjøpte eigedomen 1914 og held fram med forretningen. Han er f. 1886, g. m. Johanna Arnvedsdr.

Bruk 3. Borg. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 1 og ervefest til Mikkjel Aslakson Grevle i 1905. Han selde 1915 til Salamon Hjørnevik.

Bruk 4. Borgatun. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 1 og i 1923 ervefest til Borstrand Ungdomslag. Sjå bruk 16 Store Ringheim.

Husmannsplass på Ringheimsgardane.

På gnr. 50, bruk 1 har vore husmannsplassi Myro og Rivenestredet. Lars Halleson (Lars i Myro) f. ikr. 1805, g. m. Brita Torgeirsdr. budde på Myraplasset i 1865 og til dei døydde. Lars var ofte kjømeister og talsmann, var flink til å spinna og tok spunna um vintrane likeins som kvinnfolki. Til å veva var han ein meister. Han vov m. a. fine krokakvitlar og lærde fleire unge kvinnor til å veva. Rannveig Persdr. fekk sidan plasset som eigedom hjå far sin, sjå bruk 5. Underoffiser Jens Rivenes feste plasset, som etter han fekk namnet Rivenestredet ikr. 1850. Han budde der skiftevis med sonen Ivar. Sjå meir um dei under Setre. Knut Stamnes g. m. Anna Jensdr. Rivenes budde der og ei tid, og deretter bakar Jon O. Gjerdåker. Han døydde 1915, og dotteri Brita f. 1900, g. m. fyrbøtar Stabekk, budde på Rivenestredet til 1932. Det høyrer no til bruk 4.

Plasset Modn høyrde til gnr. 50 bruk 2. Olav Jørgenson Ringheim, gift 1817 m. Gjertrud Knutsdr. Ukvitno budde der

--- side 312 ---

frå ikr. 1818. Han døydde 1864, 83½ år gl. Ho døydde 1894, 105¾ år gl. Han var med i krigen mot Sverike. Etter dei fekk snikkar Styrk Andersson plasset. Han var gift 1867 m. Brita Torsteinsdr. Ringheim. Dei reiste til Amerika. Skomakar Nils Jakobson Istad f. 1860, g. m. Arngunna Eiriksdr. Norekvål fekk plasset i 1898, oreigna det i 1932, og sonen Eirik f. 1891 fekk det.

På gnr. 51 bruk 1 var husmannsplassi Brandset eller Brandsetehuse, Spelarehaugen og Spannsteigen. På Brandset har m. a. butt: Johannes Gudleikson f. ikr. 1763, g. m. Kari Larsdr., som feste plasset 1799. Då han var død, vart ho Kari i 1812 dømd til å flytta frå plasset. Dei var barnlause. Olav Knutson døydde der 1827. Kona hans, Ingebjørg Olavsdr. livde att med fem umyndige born. Etter folketeljingi 1865 budde Torstein Andersson der, 66 år gl., g. m. Magli Larsdr. Barnlause. Enkja Rannveig Torbjørnsdr. feste plasset 1880. Ho hadde vore gift med Nils Ro. Dei hadde 2 born: Knut, som bur på Skulestad bruk 8, og Anna g. 1902 m. snikkar ekm. Viking Gjerde. Dei fek so plasset og kjøpte det 1921. Sjå bruk 9 på Nedre Ringheim.

Nils Andersson Ringheim var husmann på plasset Spelarehaugen frå i 1830-åri og bygde frå nyo. Han var gift 1832 m. Brita Arnfinnsdr. Ringheim. Nils dreiv mykje med treskoarbeid um vintrane og var god felespelar. Plasset er lagt til garden att. - Skomakar Anders Larsson Ringheim, f. 1857 g. 1879 m. Marta Sjursdr. Dolve, har fått husmannsfeste på Spannsteigen og har bygt og bur der. Det er no bruk 11.

På plasset Kvednahaugen under Nedre Ringheim, bruk 2 budde lenge ei enkje Anna. Ho hadde òg Kvednahaugplasset på Skulestad. Då ho flytte derfrå, kom plasset til garden att. Olav Andersson selde sin eigedom, Kvednahaugen, sjå bruk 2 Møllenpris. Bruk 3 på Nedre Ringheim åtte og eit plass i Brandsethuse. Nils Aslakson Veka g. 1864 m. Brita Nilsdr. Grevle budde der. Han var smed og dreiv og mykje med helletekkjing. Deira son Aslak kjøpte plasset i 1919. Sjå bruk 10. Plasset Hagen, på austsida av Lundarvatnet, høyrde til bruk 3, Indre Ringheim. Knut Monsson Litlere, g. 1863 m. Gjertrud Persdr. Skjerpe, var husmann der ei tid. Han dreiv mykje med handel, batt vevskeier og arbeidde stolpaband.

Dessutan har på Ringheim vore etternemnde husmenn som

--- side 313 ---

me no ikkje veit kva plass dei hadde: Anders Torgeirson, død 1736, 35 år gl., Brynjulv Olavson, død 1766. Han var g. m. Gunnhild Olavsdr. og hadde 1766 borni, Olav, Lars, Svein, Per, Olav, 17-3 år gamle. Bjarne Velomson, på Store Ringheim, døydde 1777, var g. m. Brita Styrksdr. og hadde tri born: Knut, Åsa og Borrilde, 14-9 år gamle i 1777. Sjur Olavson, g. m. Brita Monsdr. på Store Ringheim i 1780-åri. Fire born: Aslak, Jorunn, Ingjerd og Torunn.

Enkjemann Sjur Olavson, f. 1734 var husmann i 1801. Likeins Jørgen Larsson f. ikr. 1747, g. m. Rannveig Olavsdr. Millom borni deira var Ingebjørg, som kom burt natti millom 3. og 4. mai 1801. Ho vart attfunni 4. september 1804 i Vosso ved Grandane i Vangsvatnet. Det synte seg at ho var drepi. Aslak Hefte var under tiltale for det, men vart frikjend. Mattis Sjurson, g. m. Gjertrud Larsdr. var husmann og døydde 1845. Gjertrud Knutsdr. f. ikring 1787, med dotteri Marta Olavdsdr. budde på plasset Modn i 1860-åri.

Stølar på Ringheim.

Matrikkelen i 1723 upplyser at av Ringheimsgardane var det berre Indre Ringheim som åtte støl. Han låg ½ mil frå garden. Lensmann Knut O. Ringheim gav 1767 skøyte til Sjur, bror sin, på støl på Taulen, Vossastr. Det var då plass heiter det, hadde frå gamal tid lege under Ringheim som slåtteteig, og der hadde seinare vorte bygt.

Store Ringheim bruk 1 leiger støl i Kronæ på Afdal og betalar ei liti årleg leige til soknepresten. Leiga kann ikkje segjast upp. Bruk 2 har ikkje sumarsstøl. Båe bruki har vårstøl på Bavadl, men brukar han ikkje no. Båe bruki på Nedre Ringheim har stølsrett på Kvitanosæ, men har ikke brukt han på lenge. Bruk 3 har kjøpt sumarsstøl på Kvassdalen i Myrkdalen, som dei bruker. Indre Ringheim bruk 1-3 har sumarsstøl på Preststølen, Øvre Afdal. Der var fyrr to stølar, Øvrestølen og Nerestølen. På Øvrestølen var dei midtsumars. No bruker dei berre Nerestølen. Vårstøl har dei ikkje. Fleire gonger har det vore sak millom brukarane på Indre Ringheim og Prestegarden um stølsretten åt Indre Ringheim på Øvre Afdal. Vetle Ringheim har ikkje vårstøl. Dei leigar sumarsstøl i Kronæ på Afdal og betalar årleg leige til presten. Denne stølen har sume tider vore leigt burt til geitehamn.

--- side 314 ---

Kvern.

Kvern var det ikkje på Ringheimsgardane korkje i eller 1723, men i 1776 og 1791 var det fire, ei på kvart gardsnummer.

Offentlege forretningar på Ringheimsgardane.

a. Vedkomande gnr. 50-53: Kommisjonssemje i 1836 um gjerde og beiting. b. Vedkomande Store Ringheim: Sak i 1735, steiningsforretning i 1805, utskifting 1888 og jarnbanetakst 1899 på bruk 2. c. Vedkomande Midt Ringheim: Merkegang i 1776, odelssak 1785, utskifting 1888 og 1895, jarnbanetakst 1899 på bruk 3. d. Vedkomande Indre Ringheim: Semje i 1627 um bruksrett i stølsmarki åt Prestegarden på Afdal og lagtingsdom 1708, åstadsak 1791 og 1802, odelstrette 1809, utskifting 1895, overrettsdom 1897 um hamneretten på Øvre Afdal og utskifting av skog på Øvre Afdal 1904, utskifting på stolen Afdal var halde 1862 vedkomande bruk 2. e. Vedkomande Vetle Ringheim: Overtakst på garden 1834, utskifting 1895. f. Vedkomande sume av bruki på Ringheimsgardane: Sak i 1698 millom Ringheim, Gjerde og Tròdo um fjellstølen Føyningen. Forretning um merket mot Lekve var halde 1758. I 1766 var det odelssak, 1785 oversjå på husi, åverksak 1810 vedkomande Kvednahaugen og 1825 på Brandsetplasset. 1813 var det forretning um uppsegjing av brukaren på Brandsetplasset.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Ringheim.

Sjur Vikingson 1673 tavle 3 nr. 18. Steffa (Midt. R.) 1709, 1711 t. 3 nr. 44. Mattis (Store R.) teikna 1710-1737 over 20 gonger som trulovar t. 3 nr. 45. I 1718, 1719 og 1729 har han kvar gong brigda noko på det. Arnfinn 1699 t. 3 nr. 46. Som trulovar 1715 og 1718 har han snutt motsette vegen dei tvo små tverrstreki uppe. Arnfinn (Store R.) har 1720, 1724 og 1725 teikna t. 3 nr. 46, kvar gong med små brigde frå det. Olav (Vetle R.) mange gonger 1711-1736 t. 3 nr. 57. Nokre gonger i 1729 er teikna eit anna merke. Nils 1712, 1714 t. 3 nr. 58. Arne (Midt R.) 1720 t. 3 nr. 59. I 1728, 1732 og 1737 er merket brigda. Likeins 1735 noko onnorleis. Knut (Vetle R.) 1723 t. 3 nr. 60, men i 1727 ein umsnudd K sett saman med B. Knut har 1744-1765 brigda merket på 6 ymse måtar. David 1728 t. 3. nr. 47. Dag 1737 t. 3 nr. 48. Gudleik 1738 t. 3 nr. 49, i 1746 eit anna merke. Hallstein 1739, 1740 t. 3 nr. 61, Hallstein (Midt R.) t. 3 nr. 61 mange gonger 1745-1769. Torgeir (Vetle R.) 1747, 1750, 1751 t. 2 nr. 99. Torgeir Botolvson 1752, 1753, 1755 t. 3 nr. 54. I 1775 teikna han t. 2 nr. 99. Per 1761 t. 3 nr. 62. I 1771 teikna han t. 1 nr. 45. Johannes Torgeirson 1768 t. 3 nr. 63. Anders (Midt R.) fleire gonger 1770-1782 t. 3 nr. 64. Torstein 1773 t. 3 nr. 65. Johannes (Store R.) 1780-

--- side 315 ---

1786 t. 3 nr. 51. Olav (Store R.) 1783-1786 t. 3 nr. 55. Knut (Store R.) 1767-1770, men brukte eit anna merke i 1769. Knut Åmundson Fjose, (Vetle R.) 1769 t. 5 nr. 37. Per (Store R.) t. 1 nr. 45. Lensmann Knut 1773, 1774 t. 3 nr. 56 og brukte eit anna merke og i 1774. Odd Nilsson 1782 t. 3 nr. 72. I 1784 var bumerket hans A: N: S: Signetet åt Knut O. Ringheim 1776. 1777 t. 3 nr. 71.

Ymse.

Under eit fælt torever på Voss i juli 1873 slo lynet ned i ei gran tett med husi på Ringheim og spikte treet i fliser.

Segn.

Ei gygr vilde byggja bru over Lundarosen og var upp i Lønahorgjæ etter ein stor stein og bar han i fyreklædet. Det syner føt etter henne uppi Føynings-skarve og far etter hunden hennar og. Då ho kom til Ringheims, slitna fyreklæbandet og steinen datt ned og vart liggjande. Han ligg på Vetle Ringheim og heiter Storesteid'n.