Ringheim.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 279 ---

Store Ringheim, gardsnr. 50, og Nedre Ringheim, gardsnr. 51, er det berre nokre småe bruk eller tufter som ligg innanfor grensa for Bygningskommunen.

Tufter av Store Ringheim. Gardsnr. 50.

Bruk 9. Lundheim. Utskilt frå bruk 2, Store Ringheim i 1896. Skyld 30 øre. Hermann Stensæth kjøpte denne teigen og selde att 1899 til Knut Andersson Raustad, som bygde bustadhus der. Lars S. Nesheim kjøpte eigedomen i 1907. Han bygde nytt bustadhus på eigedomen, selde det gamle huset med ein part av stykket, som vart utskilt i 1922 som bruk 15, til Ivar Moberg. Det som no høyrer til bruk 9, ligg utanfor Vangsgrensa.

Bruk 10. Østlund. Skilt frå bruk 1 i 1902 med skyld 7 øre og ervefest til Georg Rokne, som har bygt lagerhus for bensin og olje der.

--- side 280 ---

Bruk 12. Fridtun. Utskilt frå bruk 1 i 1914 med skyld 40 øre. Knut K. Farestveit kjøpte parsellen og bygde der. Lærar S. Blindheim kjøpte eigedomen i 1918. Han var f. 1890 i Borgund, gm. Ragna Andersdr. Lavik, og er død. Sjå bruk 27 og 28 på Rogne. No er snikkar Gusskalk N. Væte eigar og bur der. Han er f. 1872 og gm. Brita Knutsdr.

Bruk 13. Elvebakken. Skilt frå bruk 1 i 1918. Skyld 4 øre. Selt til Vossavangens Elektrisitetsverk.

Bruk 14. Lundarhaugen. Skilt frå bruk 1. Skyld 2 øre Per Nordstrøm kjøpte dette stykket og bygde bustadhus. Han selde i 1923 til Odd Handegård, som er lokomotivpussar, f. 1892 og gm. Anna Jonsen.

Bruk 15. Lundarosen. Skilt frå bruk 9 i 1922. Skyld 2 øre og skøytt til Ivar Moberg. Sjå bruk 9. Ivar Moberg er f. 1878 og er lokomotivpussar.

Tufter av Nedre Ringheim. Gardsnr. 51.

Bruk 4. Strømshagen. Skilt frå bruk 1 på Nedre Ringheim i 1896 med skyld 22 øre og selt til Lars O. Ringheim på Vangen. Dottersonen Leif Ullestad fekk eigedomen i 1902. Etter at Leif døde, eig faren Olav Ullestad det.

Bruk 5. Brustemmen. Skilt frå bruk 4 i 1904 med skyld 6 øre. Vossavangens Elektrisitetsverk kjøpte det.

Bruk 6. Brustemmen. Skilt frå bruk 3 i 1904. Skyld 4 øre. Selt til Vossavangens Elektrisitetsverk.

Bruk 7. Strømshagen. Skilt frå bruk 3 i 1906 med skyld 12 øre. Selt til Lars P. Skjervheim, som bygde der. Marta L. Gjøastein kjøpte eigedomen i 1915 og har selt til Jørgina A. Nesheim.