Rjodo.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 362 ---

Namnet vert i 1500-talet skrive Riøde, Riode, Rioda. Det vert no sagt Rjóó2; han bur pao, è tao Rjóó, ska tì Rjóa, sms. Rjóafòss'n. Namnet er ei hokynsavleiding i fleirtal Rjóðar (dativ Rjóðum) av gn. rjóðr n. rudning.

Laurits og Eirik var leiglendingar i 1563 og betalte 1 dalar i skatt kvar. Eirik betalte dessutan 9 skill. i landskyld. Laurits var 1567 leiglending på 2 pund stiftsgods. Jordboki 1585-1616 melder at Vangens prestebol fekk 3 askar korn og 12 merker smør i landskyld. Kristoffer var leiglending 1603 på Nedre Rjodo. Oluf er ofte skriven som leiglending 1603-1616. Han brukte ½ laup 1 kalvskinn i 1611 og betalte tridje års bygsel i 1613 for 1½ laup med 1½ dalar og 1616 for 1½ laup 15 mark med 1½ dalar 15 skill. Knut og Jon var leiglendingar 1611 og Knut 1614, som åtte ½ laup. Oluf Rue var 1614 husmann eller øydegardsmann.

Anders Jonson betalte 1619 fyrste bygsel til kongen for 1½ laup 9 mark med 8 dalar og brukte 1621 og 1629 ½ laup.

--- side 363 ---

Forutan fyrr nemnde Oluf og Anders var Askjel og ei enkje leiglendingar i 1621. Steffa Gjerstad åtte 6 mark, Sonne Jerald ½ laup 6 mark og Mons Rekve 21 mark. I leidangsboki er 1624 ført upp som leidang 9 merker smør 1 geitskinn på ein part med Askjel som leiglending og 6 merker smør 1 geitskinn på ein annan part der Jon var leiglending. Stiftet fekk 1627 ½ laup smør i landskyld. Jon og Askjel er ofte skrivne som leiglendingar 1635-1659. I 1645 er skrive Jon Ivarson, g. m. Brita og Askjel Hansson, g. m. Liva. Jon hadde dotteri Guri


Rjodo
Bilete 43. Rjodo. Fot. P. Braaten 1937.

og Askjel hadde to døtter. Jon brukte 1635 1½ laup 30 mark på Øvre Rjodo og betalte 1636 tridje års bygsel for 1½ laup 9 mark med 6½ dalar 6½ ort. Han brukte 1652, 1655 og 1659 1½ laup 3 mark og åtte den tid 3½ spann på Helland. Askjel brukte 1635 1 laup 12 mark på Nedre Rjodo og 1½ laup 3 mark i 1652, 1655 og 1659.

Skyldi er 1652 ført upp med 3 laup 6 mark. Derav åtte kongen ½ laup, Olav Jerald 2 pund 21 mark, Olav Bø, Dyrved. ½ laup 15 mark, Vangskyrkja 30 mark, prestebolet 22 mark og Gudleik Styve 14 mark. Det var likeins 1655 og 1659. I 1657 er ført upp desse fire brukarane: Jon, Erling, Askjel og Sonne.

--- side 364 ---

Han vitna 1670 i den store skogsaki at han hadde vore med og hogge timber i Raundalens Almenning. Ivar åtte 1655 og 1659 ½ laup 3 mark på Tillung. Frå 1664 er det skilt millom Øvre og Nedre Rjodo.

220. Øvre Rjodo.

Landkommisjonen har 1661 skrive at skyldi på heile Rjodo var 3 laup 6 mark, men når ein reknar saman dei einskilde eigarar, vert det 3 laup 2 pund 6 mark. Der er ikkje uppgåve serskilt for Øvre og Nedre Rjodo. Der var tri brukarar og turvande brennefang. På Øvre Rjodo var 1723 skyldi 2 laup 6 mark, to brukarar og det som trongst av vedaskog. Garden hadde bra jord. Skyldi vart 1838 umskrivi til 7 dalar 2 ort 4 skill. Der var vassfall, turvande neverskog og ved. Samanlikningstalet var 1120.

I matrikkelen 1865 er ført upp 21 mål åker, 2 mål dyrka eng, 25 mål god, 30 mål medels natureng og 33 mål skrapebø. 6 mål høvde til dyrking. Der var ring hamnegang, vedaskog og noko timber. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 21,2 mål åker, 17 mål kunsteng og 11 mål natureng.

Folketalet var 14 i 1801, 15 i 1865 og 15 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Øvre Rjodo.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   18   29          
1723 2   20   18   12      
1865 2   22   46   56   44  
1918 5   14   32          

Eigarane er 1661 skrivne upp for heile Rjodo likeins som i 1659. Jon, Erling og Sonne var brukarar. Øvre Rjodo er 1664 ført upp med 1 laup 2 pund 18 mark i skyld og Sonne Ivarson og Erling Jonson som brukarar. I 1676 åtte Klas Miltzow 2 spann, borgarmeister Ofue Jensson ½ laup og Tormod Setre 12 mark. Vangskyrkja åtte 1691 30 mark, Klas Miltzow 3 spann,

--- side 365 ---

Vangens prestebol 22 mark og buet etter sokneprest Gjerdt Miltzow ½ laup. Vangskyrkja og prestebolet åtte det same i 1695 og den andre eigaren var då Lars Miltzow som åtte 3 spann og brukaren Henrik 1 pund 20 mark.

Henrik Gerbson er i folketeljingi 1701 skriven som odelsbonde på Øvre Rjodo. Han var g. m. Anna Hermundsdr. og døydde 1712. Ho døydde 1739. Ved skifte etter han var det seks born: Erling Øvsthus, Ivar Helleve, Hermund, Olav f. 1692, Torstein f. 1698, g. 1715 m. Marta Andersdr. Midtun og Guri f. 1698, g. 1715 m. Lars Sjurson Nedre Rjodo. Jordgodset, ½ laup, vart på skiftet taksta 42 rd. Eigarane i 1714 var: Vangens prestebol 22 mark, Vangskyrkja 30 mark, brukaren 3 mark, Markus Faye 2 pund 6 mark og Sjur Rue 33 mark. Der var dessutan 18 mark utan eigar. Torstein og Anna, mor hans, var brukarar.

Torstein Henrikson bygsla 1713 1 spann 33/11 mark av mor si og Ivar, bror sin, og kjøpte 1718 1 laup av Erling Øvsthus. Torstein døydde 1720, åtte då 3 spann 3/11 mark og hadde dotteri Mari f. 1719. Ho Marta, enkja etter Torstein, vart attgift 1721 m. Knut Eirikson på Stora Saude. Olav Henrikson f. 1692, g. 1718 m. Marta Eiriksdr. Lydvo bygsla 1718 av mor si 1½ spann og kjøpte 172/11 mark av syskini sine. Olav døydde 1721 og hadde to born Henrik f. 1719 og Torstein f. 1720. Ho Marta vart attgift 1722 m. Torgeir Bårdson Fenno. Han var f. 1692 av foreldri Bård Torgeirson og Helga Persdr. som var leiglendingar på Fenno og åtte Håtveiti.

Torgeir bygsla 1725 3 spann 1 mark på Rjodo av Anna Olavsdr. og fekk ikring 1736 skøyte frå stykfar sin på Håtveiti. Torgeir budde på Rjodo til 1745 då han kjøpte av Lars Person på Hæve, der Torgeir er vidare umtala. Torgeir og Marta fekk borni: Olav f. 1725, g. 1754 m. Eli Bårdsdr. Lunde, budde ei tid på Rene, Eli, g. 1. 1752 m. Gudleik Knutson Århus, 2. 1754 m. Berge Sjurson Hæve, 3. 1771 m. Jakob Brynjulvson Århus, umtala på Flògo, Bård f. 1728, g. 1766 m. Ragnhild Larsdr. Gjerstad, budde på Hyljarås, Knut f. 1729, død fyre 1776, Kolbein f. 1732, g. 1771 m. Guro Styrksdr. Rognshaugen, husmann på Seim, Viki.

Hermund Henrikson bygsla 1721 ½ laup og kjøpte 1723 2½ spann. Han var g. 1. 1721 m. enkja Ragna Hermundsdr. Stora Saude, 2. 1745 m. Brita Erlingsdr. Væte. Hermund

--- side 366 ---

døydde 1752. Ragna hadde med fyrste mannen sin, Eirik Saude, to born Knut og Brita, g. m. David Stora Saude. Ved skifte etter Ragna 1744 åtte dei 2½ spann på Øvre Rjodo og 2 pund 10 mark på Saude. Hermund fekk ikkje born med Ragna, men tri med Brita: Henrik f. 1747, g. 1769 m. Eli Knutsdr. Vele, Erling f. 1749, g. 1767 m. Anna Knutsdr. Vele, som budde på Vele og Ragna f. 1751, død ugift 1777.

Enkja Brita Erlingsdr. vart attgift 1752 med Jakob Knutson Ronve, som ved skifte same år etter Hermund fekk 22½ mark. Jakob og Brita fekk tri born: Eli f. 1753, g. 1782 m. Erling Halleson Væte, Hermund f. 1756, død ugift 1777 og Knut f. 1759. Brita døydde 1766, 51½ år gl., og Jakob vart attgift 1767 m. Torilda Godvinsdr. Himle. Jakob døydde 1768, 44 år gl. Henrik ervde noko etter faren og kjøpte 1766 33¾ mark av ervingane. I 1780 kjøpte Henrik òg noko so han vart eigar av bruk 1 so nær som 22 mark. Det høyrde til Vangens prestebol. Framhald bruk 1.

Per Erlingson kjøpte 1745 1 pund 21 mark av Nils Bjarneson Herre og fleire og likeins odels- og åsetesretten til 1 laup. Per var g. m. Dordei Andersdr. og døydde 1779, 69 år gl. Dordei døydde 1783, 62 år gl. Sju born: Erling f. 1745, g. 1778 m. enkja Anna Knutsdr. Vele, budde på Vele, Ingebjørg f. 1751 død 1784, Lussi f. 1751, Nils f. 1756, g. 1783 etter kongelegt løyve med Guro Persdr. Knutshaug, skriven for Lassahaug i 1784, Ingebjørg d. y. f. 1759, g. 1792 m. Nils Halleson Rogne, David f. 1762 og Sigrid f. 1764. Ved skifte etter Per vart deira 1 pund 21 mark taksta 300 rd. Erling Vele kjøpte 1780 jordgodset og i 1802 har Mikkjel Bårdson Rokne kjøpt det. Framhald bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Øvre Rjodo. Vangens prestebol åtte 22 mark i bruk 1. Resten åtte som fyrr meldt Henrik Hermundson. Han var f. 1747, g. 1769 m. Eli Knutsdr. Vele. Henrik selde 1807 2 pund 5 mark til Nils Jonson Rjodo for 1300 riksbankdalar. Henrik døydde 1810 og Eli 1827, 84 år gl., barnlause. Eiliv Erlingson bygsla 1810 22 mark av prestebolet og kjøpte 1811 bruk 1 av Nils for 1313 riksbankdalar. Eiliv åtte ogso bruk 3 Øvre Rjodo og bruk 2 Vele. Han var f. 1774, g. m. Brita Torbjørnsdr. og budde på Rjodo. Han døydde 1814, ho 1821, 48 år gl., og

--- side 367 ---

hadde to døtter: Anna, og Kari f. 1814. Kari fekk 1818 bruk 2 Vele.

Anna Eilivsdr. f. 1800 vart g. 1817 m. Lars Torsteinson Kvitno. Dei fekk 1818 hennar farsgard på Rjodo og bygsla 1820 22 mark av prestebolet. Anna døydde 1826 av nervefeber, og Lars gifte seg uppatt 1829 med Brita Knutsdr. Istad, enkja etter dokter Lars Istad, og tridje gong 1841 m. enkja Guri Larsdr. Bryn. Lars fekk med Anna sonen Torstein f. 1822. Guri døydde 1845 og Lars 1851, 57 år gl. På skifte etter Anna var jordgodset taksta 360 spd. og skogen 30 spd. Torstein fekk halve garden på skifte i 1827 og fekk skøyte 1834 frå faren på den andre halvparten. Torstein fekk 1852 kongeskøyte på prestebolet sine 22 mark for 150 spd. og jordavgift 6 skjeppor 1¾ fjerdingkar bygg. Torstein gifte seg 1842 m. Ingebjørg Knutsdr. Rokne og fekk to born: Anna f. 1846, g. 1876 m. Eirik Hermundson Himle og Lars f. 1854, død ugift 1887. Torstein og Ingebjørg døydde båe 1897.

Torstein selde garden i 1886 til Odd Eirikson Rjodo for 5200 kronor. Odd var skriven for Haug då han 1868 vart g. m. Guro Massdr. Rokne. Han var skomakar og budde seinare på Vangen, sjå bruk 12 av Lekve. Dei fekk borni: Marta f. 1869, g. m. målar Samson Larsson, f. 1863 i Fyrde, bur på Såkvitno, Eirik f. 1873, Nils f. 1876, Mass f. 1878, som har skreddarforretning på Vangen, sjå bruk 12 av Lekve, Brita f. 1881 og Anders f. 1890, adjunkt på Voss Landsgymnas, sjå bruk 212 av Lekve. Halldor Akselson Hyrt fekk skøyte på garden i 1919 for 4400 kronor. Han var g. m. Dortea Vilhelmsdr. som døydde 1931. Sonen Johannes f. 1897 fekk garden i 1933 for 4400 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 222, lnr. 435, 436 med gamal skyld 1 laup 14 mark, urevidert 4 dalar 1 ort 6 skill., revidert 3 dalar 3 ort 13 skill. Ny skyld mark 5,40, eller mark 3,86 etter at bruk 2 er skilt frå.

Bruk 2. Øvre Rjodo. Utskilt 1884 frå bruk 1 med skyld mark 1,54. Eirik Hermundson Himle fekk 1897 skøyte på det frå verfaren for 800 kronor. Eirik selde 1906 eigedomen til Viking Bårdson Selje for 1600 kronor. Han er umtala på bruk 2 Rue. Åmund Torsson Hageløkken kjøpte 1907 bruket for 1700 kronor. Andreas Eirikson eig det no.

Bruk 3. Øvre Rjodo. Mikkjel Bårdson Rokne kjøpte som fyrr fortalt bruk 2 i 1802. Han selde 1807 til Nils Eirikson Haga. Han var g. m. Mari Knutsdr., fekk dotteri Guri og døydde

--- side 368 ---

1815, 50 år gl. Nils selde att 1811 til Eiliv Erlingson umtala på bruk 1. Knut Eilivson Vele kjøpte 1817 garden av enkja etter Eiliv og selde 1838 til Eirik Vikingson Nedkvitno for 586 spd. Han var g. 1839 m. Kristi Knutsdr. Bokkatun og fekk på Øvre Rjodo borni Knut f. 1839 og Kristi f. 1841. Eirik Nilsson Nedre Rjodo kjøpte 1844 garden for 760 spd. Han var f. 1817 på Myrkve og g. 1839 m. Guro Andersdr. Jeraldstveiti f. 1812. Eirik var ei tid med i formannskapet og hadde andre tillitsyrke. Han laga medisin av urter og plantar og dokterte både seg sjølv og andre. Guro døydde 1894 og Eirik 1896 og hadde tri born: Marta f. 1840, g. 1871 m. Gusskalk Arnvedson Rong, Anna f. 1843, g. 1870 m. Olav Knutson Herre og Nils f. 1849, g. 1868 m. Margreta Vikingsdr. Vele.

Eirik selde garden 1869 til Anders Larsson Takla for 1200 spd. og kjøpte same år bruk 2 Nedre Vinjo, som vart skøytt på sonen Nils. Anders var f. 1815 på Auro, g. 1845 m. Ragnhild Styrksdr. Rokne f. 1822, budde fyrst på Auro, so på Skutle, deretter på Indre Takla og kom derifrå til Rjodo. Anders døydde 1886, Ragnhild 1896 og fekk fem born: Ingjerd f. 1846, Lars f. 1851 (Amerika), Styrk f. 1855, Anna f. 1864 og Gudleik f. 1866. Styrk fekk garden i 1887 for 2400 kronor og gifte seg 1891 med Orlog Knutsdr. Sonve f. 1859. Dei let garden i 1933 til Anders son sin for 1500 kronor.

Brak 3 var fyrr mtrnr. 222, lnr. 437 med gamal skyld 2 pund 16 mark, urevidert 3 dalar 22 skill., revidert 2 dalar 2 ort 22 skill. Ny skyld mark 3,76.

221. Nedre Rjodo.

Når ein dreg skyldi på Øvre Rjodo frå skyldi på heile Rjodagarden i 1661, vert det att 1 laup 12 mark på Nedre Rjodo i 1664. I 1723 var skyldi likeins, og det var to brukarar. Garnen var årvand og tungbrukt og hadde turvande brennefang. Skyldi var 1777 og 1791 1 laup 2 pund som 1838 er umskrivi til 7 dalar 19 skill. Der var turvande brennefang og neverskog. Samanlikningstalet var 960. Matrikkelen 1865 melder at der var 28,3 mål åker 31/3 mål dyrka eng, 34¼ mål god, 39 mål medels natureng og 95 mål skrapebø. 2 mål høvde til dyrking. Hamnegangen var ring. Bruk 1 og 2 hadde vedaskog og noko

--- side 369 ---

timber, bruk 3 hadde ikkje timber og lite brennefang og bruk 4 noko timber, men knapt um brennefang. Bruk 4 var tungbrukt og dei andre medels lettbrukte. Alle var dyrka som vanleg. I 1918 var der 27,1 mål åker, 20 mål kunsteng og 23 mål natureng.

Folketalet var 24 i 1801, 17 i 1865 og 20 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedre Rjodo.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   19   24          
1723 2   14   18   12      
1865 3   31   61   73   55 ½
1918 4   24   39          

Sonne Olavson var 1664 brukar på Nedre Rjodo. Knut Kvåle åtte 1695 12 mark og brukaren Sjur 1 laup. I folketeljingi 1701 er Sjur Oddson f. 1661 på Gjelle skriven som odelsbonde. Han var g. m. enkja Anna Eiriksdr. Rjodo f. 1654 og døydde 1711. Dei fekk tri born: Lars f. 1690, g. 1715 m. Guri Henriksdr. Øvre Rjodo, Ivar f. 1693, g. 1715 m. Inga Bårdsdr. Rong og Sigtru f. 1695, g. 1717 m. ekm. Berge Person Istad. På skifte etter Sjur vart jordgodset, ½ laup 9 mark, på Rjodo taksta 32 rd. og 3 spann på Rong 31 rd. 3 mark.

Ho Anna var gift fyrste gong med Lars S. Rjodo, son til Sonne Olavson Nedre Rjodo, g. m. Dønåt Nilsdr. Nedre Himle. Olav, far hans Sonne, var g. m. Guro Sonnesdr. Rue. Anna og Lars fekk fire born: Sonne Rjodo, død fyre 1711, Ingebjørg f. 1677, g. m. Styrk Jonson Rjodo, Guro, g. 1. m. Lars Oddson Rue f. 1669, 2. m. David Larsson Rue, Guri, g. 1. m. Anders Sjurson Setre på Rong, 2. 1724 m. Svein Eirikson Vele. Sjur Oddson døydde 1711 og Anna gifte seg tridje gong 1714 m. Anders Brynjulvson Skutle. Anna døydde 1738 og hadde ikkje born med Anders. Ved skifte etter henne åtte dei ½ laup 16½ mark på Nedre Rjodo og 1 laup 18 mark på Øvre Kvitno etter skøyte 1733. Anders fekk garden på Kvitno og vart 1739 gift att med Anna Arnesdr. Tren. Jordgodset på Rjodo vart skift millom borni hennar Anna.

--- side 370 ---

Styrk Jonson Rjodo var 1701 leiglending på Rong. Han kjøpte 1712 10½ mark av Lars Oddson Rjodo og 1739 ½ laup 16½ mark på Rjodo av Lars Sjurson, Ivar Sjurson, David Larsson, Svein Eirikson og Nils Torsteinson. Styrk var g. m. Ingebjørg Larsdr. Han var bror åt Hollgeir Jonson Kvarakvål. Styrk døydde 1754, 85 år gl. og Ingebjørg 1772, 95 år gl. Dei hadde seks born: Eirik, Asgjerd, g. 1729 m. Tomas Gitleson Mala, skriven for Grønlidi i 1755, Johannes f. 1700, Marta f. 1713, g. 1754 m. Oddmund Nilsson Kvitno, Sjur f. 1718, g. 1747 m. enkja Gjertrud Olavsdr. Takla og Kari f. 1725.

Eirik Styrkson vart 1733 g. m. Anna Brynjulvsdr. og fekk skøyte frå far sin i 1734 på 31½ mark og i 1739 2 pund 4½ mark. Eirik døydde 1746, 39½ år gl. og hadde fire born: Asgjerd f. 1736, g. 1772 m. Erling Ivarson Gjerstad, skriven for Berge i 1784, Brynjulv f. 1738, umtala nedanfor, Lars f. 1745, død 1822 og Styrk f. 1747, død 1784. Ved skifte etter Eirik åtte dei 2 spann 6 mark verdsett 70 rd. Ho Anna vart attgift 1747 m. Hans Knutson Rjodo. Han kjøpte 1747 2 spann 6 mark av Svein Eirikson. Anna døydde 1784, 71 år gl. og hadde tri born med Hans: Eirik f. 1748, Torleiv f. 1753 (som var tambur då han 1777 gifte seg med Brita Oddsdr. Helland og i 1792 er skriven for Haugo), og Mari f. 1758, g. 1787 m. ekm. Gudleik Olavson Svanga.

Gudleik Olavson Uppheim lyste 1757 på vegne av Ingjerd, dotter si, at dei var i pengemangel, men vilde seinare løysa jordgodset som Hans og Sjur Nedre Rjodo hadde. Brynjulv Eirikson lyste og 1757 sin pengemangel og vilde løysa jordgodset som Sjur Styrkson hadde. Brynjulv kjøpte 1764 21 mark av stykfaren og 1765 2 spann 6 mark av farbroren Sjur Styrkson Lid. Brynjulv var f. 1738, g. 1765 m. Brita Mikkjelsdr. Rokne. Dei fekk sonen Eirik f. 1766. Brynjulv var kårmann då han døydde 1820. Eirik fekk 1788 skøyte frå far sin på 31½ mark. Framhald bruk 1.

Eirik Hansson, nemnd ovanfor, var f. 1748 og g. 1777 m. Gjertrud Larsdr. Tillung. Han fekk 1777 skøyte på 27 mark frå far sin og døydde 1789. Fem born: Kristi, Anna, Hans, Marta og Eirik f. 1773-1789. Jon Samsonson kjøpte 1791 av ervingane etter Eirik 2323/25 mark. Jon var g. m. Gjertrud Larsdr. og fekk på Nedre Rjodo dotteri Sigvor f. 1795. Jon bytte 1798 med Halle Larsson uti 27 mark på Indre Afdal.

--- side 371 ---

Halle var f. 1768, g. m. Marta Jonsdr. f. 1763 og hadde 1801 borni Lars f. 1795, og Anna f. 1797. Halle selde 1800 garden til Mikkjel Bårdson Rokne og vart paktar hjå han. Brynjulv Eirikson Rjodo har so vorte eigar av jordgodset som vart bruk 2. Framhald bruk 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Nedre Rjodo. Eirik Brynjulvson vart som fyrr fortalt eigar av bruk 1 i 1788. Han var f. 1766, g. 1789 m. Dordei Sjursdr. Rong. Ho døydde 1825, 65 år gl. Eirik 1747 og hadde fire born: Brynjulv f. 1790, Knut f. 1792 , Brita f. 1794, g. 1822 m. Salamon Olavsson Taulen, seinare skriven for Bolstadøyri, og Sjur f. 1797, sjå under husmenn. Brynjulv gifte seg 1. 1812 m. Arngunna Torgeirsdr. Græe, 2. 1821 m. Torbjørg Knutsdr. Tvilde. Han fekk tri born med Arngunna: Dordei f. 1812, Eirik f. 1814 og Torgeir f. 1817, og eitt med Torbjørg: Knut f. 1821. Ved skifte etter Arngunna åtte dei etter skøyte 1810 og 1816 1 pund 18 mark som vart taksta 500 spd.

Knut Eirikson har etter panteregistret fått skøyte frå far sin på bruk 1. Han gifte seg 1816 m. Brita Helgesdr. Olde og fekk på Rjodo borni: Eirik f. 1816, Inga f. 1819, g. 1841 m. Brynjulv Oddson Gjelle, Anna f. 1821, Gudleik f. 1830 og Brynjulv f. 1833. Eirik gifte seg 1843 med Brita Torsteinsdr. Fære og fekk borni Torstein f. 1845, Brita f. 1848, og Gudve f. 1853. Knut Eirikson bytte 1823 med Gudleik Nilsson Vossabakken, men det er ikkje sagt kva Knut fekk. Knut og Brita var seinare husmannsfolk på Rokne. Gudleik døydde 1837, 75 år gl. og hadde sønene Nils f. 1800 og Lars f. 1811, g. 1838 m. Rannveig Nilsdr. Tesdal. Nils vart gift 1823 med Ragnhild Larsdr. Litlere f. 1802. Nils fekk 1826 skøyte frå far sin på garden og hadde borni Kristi f. 1827, g. 1848 m. Lars Ivarson Jerald, Marta f. 1832 og Gudleik f. 1837.

I 1840 var utskilt 17½ mark frå bruk 1, men det vart seinare ført saman att med det. Nils Gudleikson selde 1840 desse 17½ mark til Knut Knutson Tungeteigen, som selde att 1844 til Eirik Knutson. Ingebrikt Olavson Berge kjøpte 1860 av Eirik og 1861 noko på auksjon, so han åtte heile bruk 1. Eirik og Brita, kona hans, flytte då til Fære. Ingebrikt var f. 1801 på Vålo, g. m. Rannveig Olavsdr. Midtun f. 1834 og døydde 1897. Rannveig døydde 1923. Dei fekk borni: Olav f. 1856, Ingjerd

--- side 372 ---

f. 1861, død ugift 1894, Anders f. 1866 og Knut f. 1874, død ugift 1898. Olav gifte seg 1886 med Bryttva Nilsdr. Hommedal og fekk 1894 skøyte på garden for 1100 kronor. Han døydde 1923. Sonen Olav fekk garden i 1931 for 1000 kronor. Han er f. 1887 og g. m. Sigrid Arnfinnsdr. Graudo.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 223, lnr. 438 med gamal skyld 1 pund 6 mark, urevidert 1 dalar 2 ort 23 skill., revidert 1 dalar 4 ort 20 skill. Ny skyld mark 2,86.

Bruk 2. Nedre Rjodo. Brynjulv Eirikson Rjodo vart som fyrr umtala eigar av bruk 2. Han bytte 1822 med Nils Eirikson uti ½ laup på Myrkve og fekk 450 spd. i byte. Nils er skriven for Finne då han 1811 gifte seg med Marta Johannesdr. Rogne. Han kjøpte 1812 ½ laup på Myrkve av Arne Olavson for 3305 riksdalar dansk kurant. Nils og Marta døydde båe i april 1826 i nervefeber, han 48 og ho 43 år gamle. Det var sju born etter dei: Brita f. 1811, død ugift 1898, Marta f. 1813, g. 1842 m. Nils Knutson Haugo, Marjo f. 1815, g. m. Arne Hansson Ulvundsøy, husmann på Rjodo, Eirik f. 1817, Johannes f. 1820, bleiv 1840 i Melsvatnet, Jorunn f. 1822, g. 1845 m. Knut Olavson Flatekvål, Dukstad, og Knut f. 1825 som bleiv da han skulde rida over elvi. På skifte 1827 var jordgodset, 1 pund 18 mark, taksta 427 spd. skogen 73 spd., Teigen 43 spd. og skogen der 7 spd. Alt jordgodset med skog vart utlagt til Eirik. Bruk 3 vart skilt frå i 1827.

Jon Jonson Lid kjøpte 1829 bruk 2 på auksjon for 700 spd. Han var f. 1779, g. 1. 1812 m. Marta Monsdr. Dale, 2. 1845 m. Jorunn Torgeirsdr. Hornve. Jon kom 1801 med i hertenesta som vanleg soldat, men steig etterkvart til fanejunker og var med i krigen mot Sverike frå 1807 til 1814. Ved umskipingi av heren 1834 slutta han. Jon vart 1812 utkåra til presten sin medhjelpar. I Finneloftet er klædeskista etter Jon med mykje klæde og sylvstas etter han og konone hans. Jon døydde 1861 og Jorunn 1874, 64 år gl. Dei hadde sonen Jon f. 1846. Han fekk 1851 skøyte på garden for 200 spd. Jon døydde ugift 1912. Sonen Johan fekk garden på skifte etter faren for 6000 kronor i medhald testament frå Jon. Johan er f. 1896 og g. m. Maria Birkeland, Fotlandsvåg, f. 1890.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 223, lnr. 439 med gamal skyld 2 pund 144/7 mark, urevidert 3 dalar 17 skill., revidert 3 dalar 1 ort 1 skill. Ny skyld mark 4,67, alt etter at bruk 3 er skilt frå.

--- side 373 ---

Bruk 3. Nedre Rjodo. Utskilt 1827 frå bruk 2. Eirik Nilsson kjøpte det 1827 saman med bruk 2. Knut Kjelson, g. m. Brita Nilsdr. budde der. Han døydde 1826 og ho 1835, barnlause. Der budde og Knut Erlingson Vele f. ikring 1789, g. 1825 m. Kari Jonsdr. Rokne. Dei fekk borni: Erling f. 1826, g. 1862 m. Ingebjørg Arnfinnsdr. Græe, Eiliv f. 1829, Anna f. 1833, Jon f. 1838, g. 1871 m. Ragnhild Persdr. Skutle. Knut fekk fyrr han gifte seg, sonen David f. 1824, som 1855 vart g. m. Magli Halldorsdr. Teigen. Sidan har Arne Hansson Ulvundsøy butt der. Han var f. 1809 og som fyrr umtala g. m. Marjo Nilsdr. Myrkve f. 1815. Dei fekk fire born: Ingebjørg f. 1842, g. 1866 m. Olav Davidson Glymme, Marta f. 1845, g. 1871 m. Eirik Knutson Gjelle, Brita f. 1848, g. 1873 m. Johannes Jensson Rivenes på Kinne og Margreta f. 1858, død ugift 1898. Arne døydde 1890 og Marjo 1902. Torgeir Torbjørnson Jerald kjøpte 1888 eigedomen av Eirik Nilsson for 1800 kronor. Han var snikkar f. 1855, g. m. Kristi Eiriksdr. Eide, Granvin, og døydde 1895. Johannes Nilsson Haugo kjøpte so bruket i 1898 for 1950 kronor. Han var f. 1850 og g. 1893 m. Marta Øysteinsdr. Vang i Valdres f. 1864, og døydde 1937. Sonen Nils har no eigedomen. Han er f. 1894 og g. m. Brita Mikkjelsdr. Njåtveit. Det er fortalt at bruk 3 hadde veiderett på bruk 4, men då han Gudleik vart leid av det, let han bruk 3 få ein skogteig til eige for at dei gav slepp på jaktretten.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 223, lnr. 439 b med gamal skyld 36/7 mark, urevidert 20 skill., revidert 2 ort. Ny skyld 58 øre.

Bruk 4. Nedre Rjodo. Ein utbygdar Gudleik gifte seg med Dønåt Gitlesdr. Kvitno og budde på bruk 4. Ho døydde 1800 og han var død fyrr. Dei hadde tri born: Ivar, Gudleik Vele, og Ingebjørg, g. m. Kolbein Bjarneson Bjørku. Ivar f. 1742 vart g. m. Kari Andersdr. f. 1742 og fekk 1799 skøyte på bruk 4. Kari døydde 1803 og Ivar 1826. Dei hadde fire born: Gudleik, Magli f. 1773, g. m. Arnfinn Jørgenson Nesbø, Lindås, Dønåt f. 1776 og Gunnvor f. 1783. Gudleik fekk 1802 skøyte frå far sin på garden og vart g. 1. 1804 m. Kari Andersdr. Haug, 2. 1808 m. Anna Knutsdr. Tveiti, 3. 1819 m. Bryttva Jørgensdr. Kvitno. Gudleik døydde 1845, 76 år gl. og Bryttva 1877, 88 år gl. Dei fekk tri born: Ivar f. 1821, Brynjulv f. 1823 og Jørgen f. 1827. Ved skifte etter Gudleik åtte dei 19 mark som vart taksta 480 spd.

--- side 374 ---

Brynjulv Gudleikson gifte seg 1846 m. Gjertrud Magnesdr. Rykke og fekk same år heimelsbrev på garden. Dei fekk fem born: Gudleik f. 1847, Brita f. 1848, Kari f. 1851, Lars f. 1853 og Jørgen f. 1856. Gudleik var f. 1847 og skreiv seg for Gudleikson. Han var urmakar, vanka vida umkring både i Noreg og utanlands og var noko av ein eventyrar. I 1880-åri budde han ei tid i Ofoten. Brynjulv selde 1857 garden til Kolbein Larsson Skiple for 685 spd. og reiste med huslyden sin til Amerika. Kolbein var f. 1828, g. 1854 m. Sigvor Olavsdr. Kyte f. 1822 og dreiv mykje med bygnings- og snikkararbeid. Dei fekk borni: Sigvor f. 1855, g. 1885 m. Torbjørg Larsson Jernes, sjå bruk 4 Gjelle, Olav f. 1856, Marta f. 1860, g. 1899 m. ekm. Nils Person Haugo, Lars f. 1864. Sigvor døydde 1883 og Kolbein 1901. Olav gifte seg 1886 m. Gudve Olavsdr. Skiple og fekk 1890 garden for 1600 kronor. Olav døydde 1936. Sonen Kolbein f. 1887 fekk 1922 skøyte på garden for 3000 kronor.

Brak 4 var fyrr mtrnr. 223, lnr. 441 med gamal skyld 271/7 mark, urevidert 1 dalar 2 ort 7 skill., revidert 1 dalar 3 ort 6 skill. Ny skyld mark 2,40.

Husmenn på Rjodo.

Mattis Gudleikson var husmann i 1664. Eirik Knutson f. 1619 var husmann i 1701 og hadde sonen Olav f. 1661. Olav Jørgenson, g. m. Ingebjørg Arnfinnsdr. fekk dotteri Marta f. 1716. Anders Oddson hadde dotteri Marta f. 1758. Olav Nilsson Herre f. 1752, var g. 1781 m. Anna Olavsdr. Vetla Rokne. Lars Knutson, g. 1. m. Kari Erlingsdr., 2. 1784 m. Magli Larsdr. Gjøastein fekk sonen Knut f. 1788. Torstein Nilsson Herre f. 1748, g. 1780 m. Ragnhild Larsdr. Dymbe f. 1752, fekk borni Anna f. 1788, Nils f. 1791 og Lars f. 1794. Dei budde ei tid på Jerald. Erling Erlingson, g. 1826 m. Brita Eiriksdr. Rue, var husmann i 1830-åri, fekk seinare bruk 1 Vele og bytte seg derfrå til Nedre Rykke.

Sjur Eirikson var ei tid paktar og sidan husmann. Han var f. 1797, g. 1823 m. Gudve Bjarnesdr. Mosafinn og fekk ni born: Eirik f. 1823, g. 1850 m. Rannveig Torsteinsdr. Saude og budde på ferjestaden ved Vosso, Bjarne f. 1824, g. 1849 m. Anna Torsteinsdr. Saude, sjå bruk 2 Rene, Brita f. 1826, Dordei f. 1828, Kristi f. 1831, g. 1854 m. Brynjulv Larsson Gjøastein, Gudve f. 1833, g. 1860 m. Anders Torbjørnson Mala, Brita f. 1836, Anna f. 1838 og Synneva f. 1841. Sjur døydde 1844

--- side 375 ---

og Gudve 1882. Husmannskona Guri Larsdr., f. 1824 på Skiple, enkja etter Eirik Kyte, døydde 1909.

På bruk 1 Nedre Rjodo har vore eit plass kalla Bergane. Nils Gudleikson tok det undav då han selde bruk 1. Han selde sidan Bergane til Kristi Larsdr. Litlere og flytte til Alvøyi. Kristi selde att og fekk plass på Tillung der ho døydde 1878, 65 år gl. Svein Olavson Jerald, g. m. Gunnvor Davidsdr. Skutle, hadde plass på Rjodo i 1870-åri og sidan på Helland. Det har vore to husmannsplass kalla Fleskhaugen som båe ligg ved Tesdalsmerket ved sida av Fleskhaugplasset på Tesdal. Svein Olavson nemnd ovanfor, budde på det eine og Torstein Torsteinson Tverberg fekk 1828 feste på det andre. Han var f. 1800, g.m. Ingebjørg Nilsdr. Tverberg og fekk 1835 sonen Nils. Dei reiste 1849 til Amerika. Sidan har det ikkje butt nokon der.

Støl.

Stølen var nær ved garden heiter det i matrikkelen 1723. Gamle stølen har vore høgt uppe i marki og er kalla Rjoastødl'n. Det syner etter to hustufter. Rjoane har no støl i Almenningane so nær som bruk 2 Øvre Rjodo. M. O. Rjodo har kjøpt denne stølsretten.

Kvern.

Øvre og Nedre Rjodo hadde kvar to kvernar i 1723. I 1776 og 1791 var det ei på Øvre og to på Nedre Rjodo. På Øvre Rjodo har bruk 3 kvern i Tesjolo nedanfor Tesdalskvernane og bruk 1 har sett upp sirkelsag. På Nedre Rjodo har vore tri kvernar i Kvednhusgroæ utanfor Rjodo. Berre bruk 1 har no kvern, og bruk 3 har sirkelsag.

Offentlege forretningar.

Odelssak 1744. Steiningsforretning 1804. Odelssak 1815. Semje 1816 med Tillung um merki og gjerde. Utskifting 1818 og 1829. Odelstakst 1835. Åstadsak 1848. Sak 1849 millom Øvre og Nedre Rjodo. Utskifting 1896 og 1897. Husi på bruk 1 Øvre Rjodo og bruk 2 Nedre Rjodo står i dei gamle tuni. Dei andre bruki har flytt husi etter utskiftingen.

Bumerke.

Styrk Nedre Rjodo 1715 og Eirik 1745 tavle 8 nr. 94. Sjur 1764 t. 4 nr. 92. Anders Nedre Rjodo fleire gonger 1721-1737 t. 8 nr. 95. Hermund 1733, 1739 t. 8 nr. 96. Torgeir 1742 t. 8 nr. 97. Per Erlingson 1747 t. 8 nr. 98, brigda på tri måtar 1760-1777. Hans 1754 t. 8 nr. 99. Jakob 1765 t. 8 nr. 100. Brynjulv 1767 t. 8 nr. 101. Henrik 1777 t. 8 nr. 102, brigda 1781 og 1784.

--- side 376 ---

Ymse.

Fyrr dei bygde Rjodabraæ heimimot Helland, hadde dei laup over elvi. I ein stor stein er boltehol som laupet har vore fest i. Fyrste Rjodabruæ var ikring 100 meter lenger nede enn brui som no er, til dess ein flaum tok henne. Då vart brui bygt der ho er no. No er det bygt ny veg og bru under Kvitno. På Rjodo er fleire gravhaugar og sume av dei skal vera urørde.

I Skreo plar det gå snøskridor um våren. Dei syner korleis året vert. Går skrida rett nedover, vert det medels år. Går ho på austsida, vert det ringt år, og dei kallar henne havraskreo. Går ho på vestsida, kallar dei henne reinkodneskreo, og det vert godt år.

Segn.

Ei segn segjer at Rjodo var fyrst støl åt Kvitno. Dei som fyrst busette seg der, hadde husi sine på Holane som ligg lenger uppe enn der husi no er. Der syner etter hustufter og at det har vore dyrka noko. Dei tri fyrste gardmennene på Holane skal vera gravlagde på eigedomen. Forutan vegen som no er millom Tillung og Rjodo er der merke etter to vegar lenger uppe som dei trur er frå den tid husi stod på Holane.