Rogne.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 256 ---

Rogne er gard nummer 49 i matrikkelen for Voss. Gardsnamnet Rogne vert no uttala «Rògne», i genetiv «(te) Rongs». Det vart i 1293 skrive (á) Rogne. Dette er truleg dativform av eit ord «rogn» som kunde hanga saman med ordet ei ruge (ein dunge) og tyda haug eller liknande.

Landkommisjonen har ført Rogne upp som heil gard i 1661 med skyld 5 laup, og med ein brukar. Der var brennefang og ein liten humlehage er det skrive. Same skyldi er det og i 1723, men der er då 2 brukarar. Det var vedaskog til eige bruk, ein humlehage og ei flaumkvern, men ikkje noko fiske. Garden hadde turr, sandig og årvand jord og var uviss til kornavling. Skyldi i 1777 var 4 laup og i 1838 3 laup 2 pund 16 mark, som då er umskrivi til 11 dalar. Samanlikningstalet var 1660. Der var noko lite vedaskog og «et betydeligt» vassfall.

Matrikkelen av 1865 fører upp 411/3 mål åker, 22¼ mål dyrka eng og av udyrka 40½ mål god, 62 mål midels og 64½ mål skrapebø. Vårhamni var ring, men Sumarhamni midels god. Hadde vedaskog, men ikkje timber. Garden var sers

--- side 257 ---

lettbrukt, noko utsett for sviding og dyrka som vanleg. På bruk 6 var ein foss, som er uppført med 5 spd. i årlegt verd. Elles ingi lunnende. I 1918 er ført upp 31 mål åker, 84½ mål kunsteng og 32 mål natureng.

Fødnad og avling (i tunnor) på Rogne.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 4   28   24   30      
1865 4   33   59   88   68  
1918 7   26   60          

For 1657 har ein ikkje uppgåve, av di Rogne då er ført upp under Finnegodset.

Odd Rogne er den fyrste me veit um som har butt på Rogne. Han var bror åt Hollrod på Ringheim. Båe er dei umtala i ei odelssak um garden Byrkjo i 1293 (DN. II. nr. 32). Sigurd lagmann på Aga tildømer då båe brørne, Odd og Hollrod, som rette odelsmenn på Byrkjo, som Einar Pinnung ikkje vilde lata dei få. Sjå vidare på Byrkjo. Odd var ikkje meir i live i slutten av 1304. Han hadde sønene Halle Bonde på Rogne og Odd Bonde på Røte (skriven for Gjerdåk og) og dotteri Ingebjørg. Odd vert umtala på Røte.

Halle Oddson var gift med Gudrid Audfinnsdotter, truleg dotter åt bisp Audfinn i Bergen. Halle hadde born frå tidlegare ekteskap, men visstnok ikkje noko med Gudrid. Han førde i seglet sitt eit verahovud som såg framover. Då han ekta Gudrid, gav han henne store gåvor, og han må ha vore ein vyrd og velståande mann. Halle må vera død i 1315 eller nyleg fyrr. Den 15. april 1315 er utferda eit brev frå to korsbrør i Bergen, fem prestar og fire andre menn (DN. V. nr. 61). Dei melder at i presteloftet på Vangen høyrde dei på kva Gudrid hadde til gode i buet etter Halle Oddson. Fyrst var det gåvone frå Halle då dei vart gifte, 8 mark gull og 12 mark for ein gullring i benkegåve. So hadde ho betalt ymist som er upprekna for Halle. Ialt hadde ho til gode 140 mark. For dette fekk Gudrid pant i heile garden Rogne, 20 mmb. Ho hadde dessutan framleis alt gull, sylv, kopar og klæde som ho sjølv åtte då dei vart gifte. Sønene åt Halle skulde ha rett til å løysa inn att garden

--- side 258 ---

med eigne - ikkje lånte - pengar. Til det var gjort, skulde Gudrid råda for bygslingi av garden. Både sønene åt Halle og syskini hans, Odd og Ingebjørg, skulde få bu på Rogne solenge dei svarde landskyld og åbot.

Ho Gudrid vart innan sumaren 1317 gift att med Tore Sigurdson og deretter med Orm Peterson på Finne (sjå vidare på Finne). Ein veit ikkje um born etter henne. I brev av 26. juli 1317 (DN. I nr. 151) er vitnemål frå 11 menn um at Odd Oddson på Røte og systeri Ingebjørg på vegner av deira bror Halle sine søner løyste inn att 20 mmb. i Rogne av Tore Sigurdson. For dei 140 mark som Gudrid hadde til gode, fekk ho og Tore 10 mmb. i Almsakre (Alsaker) i Åkrefjorden, 8 mmb. i Latran i Berge og dessutan kyr, smør og korn.

Eindride Olavsson og kona hans, Ragnhild Ormsdr., skøytte i 1337 til Arne Jonson 5 mmb. i Rogne, heiter det i brev av 1337 (DN. I. nr. 244). Brev av 1337 (DN. XI nr. 22) fortel at Sigurd Bårdson og kona Sisselja Torgautsdr. selde 3½ mmb. i Rogne til Hallbjørn Sjurson i Våge på Varaldsøy.

Halle på Rogne hadde sønene: Odd, Svein, Jon, Håvard og Guttorm. Odd er umtala i ei sak i 1342 um vedlikehaldet av Båbrui. Han meinte at bøndene i Gullfjordungen plikta det, medan dei påstod at han åleine skulde halda brui (DN. I. nr. 281). Odd fekk medhald ved dom av 1343. Odd hadde visst ikkje born etter seg.

Svein er skriven til Rogne alt i 1326 og var visseleg gift med Brynhilda, dotter åt Sigurd Hallvardson. Han var son åt Hallvard Skjalgr, umtala 1304. Bisp Håkon kunngjer i brev 1340 til folket på Voss:

«Me har gjeve Svein Halleson vårt fulle og lovlege umbod over bispestolen sitt jordgods hjå dykk, soleis som sira Bård fyrr hadde, å bygsla det burt og tilsetja leiglendingar, avgjera åbot, ta mot landskyldi og føra henne til bispegården. På same måten skal han krevja og samla tiendi vår her hjå dykk eller selja henne til dei som han veit er sætelege og som han sjølv vil stå inne for.» Me ser av dette at Svein har vore ein vyrd mann. Seglet hans syner eit bukkahorn i trikanta skjold. Han hadde truleg dotteri Margreta Sveinsdr., som budde på Ullestad 1383. Svein døydde visst i Svartedauden. Enkja haus, Brynhilda Sigurdsdr., har so gift seg uppatt med Valtjov Bårdson, som er nemnd fleire gonger 1347-1369, og har havt

--- side 259 ---

Rogne. Han fekk 1365 påbod frå kong Håkon den 6te um å ta burt dei demningane som han hadde sett upp i elvi, og som heldt vatnet burte frå soknepresten si kvern på Tvildeslandet (DN. VI. nr. 266). Valtjov har i 1368 selt ein part i Bolstad til Binning Romundson. Ein bror til Valtjov var visstnok sira Erling i Vinje, som bisp Håkon klagde over i brev av 1342 til Knut Oddson, leigeprest på Voss. Erling hadde ikkje gjeve rekneskap for tiendi eller landskyldi åt bispestolen. Brynhilda hadde Rogne til 1375. Då sette ho upp fledføringsbrev med Jørund Arneson, sysselmann på Voss, og let han få garden Rogne, 20 mmb., med kvern, kvernedam, bryggjeri osf. DN. V. nr. 298 (1376). Sjå og DN. II nr. 442 (1375). Sigurd Guttormson stadfeste denne avgjerdi 1380.

Denne Jørund Arneson var visst son åt Arne Jørundson, nemnd 1330, som var son åt Jørund på Rekve som levde i 1304. Jørund var, truleg i 1347, gift med Gyrid Hallbjørnsdr., som ser ut til å vera frå Foss i Ryfylke eller Onarheim. Sume granskarar meiner at ho var av den gamle storætti på Onarheim, som ættar frå Sigurd av Onarheim. I joli 1374 var Jørund Arneson og kona hans, Gyrid Halljarmardtr., på Foss i Hjelmeland. Han gav henne då 30 laup i Ringheim på Voss og ho gav han 30 laup i Onarheim, Sunnhordland. Likeins gav dei einannan 120 mark i lausøyre. Dei gav og fjordunggåve og tiendegåve av alt godset sitt laust og fast. Jørund hadde ein son Torkjel, som budde ei tid på Rogne (DN. IV. nr. 845), men er død fyre faren, og ein bror Erlend Arneson, gift med Turid, dotter åt Hallstein Bårdarson. Han åtte garden Gylten i Bergen. Jørund døydde 1412 på garden sin, Haugo, Bordalen. Som fortalt under Finne gav han garden Rogne i 1402 til brørne Håvard og Odd Botolvsøner, men gav seinare garden til Odd. Jørund var 1377 og kanskje til 1390 sysselmann på Voss. Skjoldmerket hans var ein rev som snudde mot høgre og gøymde hovudet i ein hjelm. På hjelmen var 2 stridsøkser med eggjane mot einannan.

Den 3dje sonen åt Halle Oddson på Rogne, Jon, hadde truleg sonen Elling Jonson, prest på Hjelmeland i Ryfylke 1397-1402. Den fjorde sonen til Halle, Håvard, var far til Åsa Håvardsdr. som var gift med Botolv Eindrideson på Finne.

5te sonen åt Halle, Guttorm, hadde 2 døtter: Herborg og Gyrid. Herborg var gift med Eirik Einarson og budde på Holo

--- side 260 ---

på Vossastrondi. Dei gav i 1398 til Åsa Håvardsdr., syskinbarnet åt Herborg, ½ laup i Flògo-åi. Gyrid var 1353 gift med Bård Valtjovson, truleg son åt Valtjov Bårdson, som er umtala ovanfor. På brudlaupsdagen sin fekk Gyrid og Bård 5 mmb. i Ullestad hjå Brynhilda Sigurdsdr., som hadde vore gift med Svein, farbror åt Gyrid. Binningr Guttormson, prest i Etne 1376, 1377, var kann henda son åt Guttorm Halleson.

Ivar Ormson, sokneprest på Voss, bytte i 1496 til fru Magnhild Oddsdr. 1 mmb. i Vestrheim, som prestebolet åtte, og fekk att ein kvernedam på Rognslandet ovanfor Båbrui med veg til og frå han. Det som kvernedammen var meir verd, gav Magnhild til prestebolet for sjelene åt fedrane sine (DN. III. nr. 100).

Bunadsmenn på Rogne i 1500-talet og seinare.

Av eit brev i 1514 (DN. IV. nr. 1066) ser me at Styrk Torgeirson då budde på Rogne. Det er nemleg fortalt i brevet, at to av sønene hans då vart frikjende for eit bygderykte. I 1563 budde Heelag på Rogne. Erling Halldorson på Rogne har 4. juli 1593 med samtykke av Mikkjel, bror sin, skøytt til sin «nærskylde frænde» Odd Torkjelson på Djønne i Kinsarvik ein «arvelig tilfalden jordpart» etter sin salige far Halldor i ein øydegard Uddelzåkr (no Åkre i Ullensvang). Torbjørn Johannesson Espeland som kom til Rogne i 1739, ættar visst frå denne Odd. Erling hadde ein son Halldor Erlingson, som vart gift med Anna, dotter åt Havtor Gjerdmundson på Indre Ålvik, og budde der. Han var soneson åt Havtor Gjermundson Gjerdskvål og Gunnhild Askjelsdr. Bjørku. Ho var syster til «Rike Torstein» på Bjørku.

I ope brev av 1590 utferda av lensmann Mikkjel Tvilde og 6 lagrettemenn er m. a. umtala Erling på Rogne. Han var lagrettemann og har skaffa vitnemål um sin rett til Prestekleivi og slåtte-træet under prestebolet og Omundstølen, som «med rette tilkom han». Likeins skaffa han vitnesburd um ein slåtteteig kalla Rogns-teigen på Lemme med 2 mark i skyld. Finn på Helleve vitna at Prestekleivi alle dagar hadde høyrt til prestebolet og Rogne-slåtta til Rogne mann etter mann, men Nedre Kyte åtte Omundstølen. Sylfest på Gredin (Græe), kring 60 år gamal, fortalde at Arnfinn, far hans, som var

--- side 261 ---

lagrettemann, budde på Rogne i 14 år og brukte teigen på Lemme. Olav Homme frå Vossastrondi vitna at stykfar hans, Herlaug Eirikson, budde på Rogne i 20 år og brukte teigen. Nils Bolstad melde at han hadde butt på Rogne i 15 år og brukt teigen, og at Erling no hadde butt der 11 år, og ingen hadde gjort klagemål um teigen fyrr no. Son hans Erling, Halldor Erlingson på Indre Ålvik, er umtala på Gjerdskvål.

Lasse Olavson er ofte nemnd som leiglending på Rogne i tidi 1603-1659. Han var gift fyre 1645 med Rannveig og hadde dotteri Gunnhild. Han åtte 1 laup i garden i 1611 og ½ laup i 1642. Odd var husmann eller øydegardsmann i 1611 og Mikkjel i 1621. I 1645 er Torgeir Mattisson gift med Sigrid og var brukar på Rogne. Lagrettemann var han 1656 og 1657. Olav og Knut har butt på Rogne i 1656 og var truleg brukarar. Rogne høyrde til Finnegodset i 1661. Klas Miltzow var eigar 1680, 1691, magister Ivar Eirikson i 1695 og Henrik Miltzow i 1706. Rasmus var brukar i slutten av 1600-talet og var 1699 lagrettemann.

Eirik Person var leiglending 1661-1700, då han døydde, 80 år gamal. Det er i 1671 umtala at han hadde vore kyrkjeverje i lang tid for mange år sidan. Tri gonger var han gift. 3dje kona heitte Sigrid Hermundsdr. Med 1ste kona hadde han borni Knut Lunde, Brynjulv Lofthus, Per, som var austanfjells, og Johannes Lid. Borni med 2dre kona var Anders Gjerde og Per. Med Sigrid hadde han Eirik borni: Anna f. 1683, Hermund. f. 1686, Ragnhild f. 1687, og Sjur f. 1691. Ho Sigrid gifte seg uppatt med Kristen Rasmusson og døydde 1723. Framhald under bruk 6.

Dei einskilde bruk på Rogne.

På Rogne er det to hovudbruk, som no er bruk 1 og 6. Desse bruki har vore skilde åt sidan 1706.

Bruk 1. Hermund Eirikson Rogne som er nemnd ovanfor, og som var f. 1886, bygsla i 1706 2½ laup av Henrik Miltzow. Hermund gifte seg 1711 med Astrid Larsdr. Draugsvoll, døydde 1739 og hadde 2 born: Eirik, f. 1712 og Magne, f. 1714, gift 1744 med Gjertrud Steffadr. Trå. Eirik var gift 1734 med Kari Botolvsdr. Dolve og 1756 med Gudve Eiriksdr. Saude. Han var leiglending til 1763, då han kjøpte halve

--- side 262 ---

garden, 2½ laup, av sorenskrivar Fleischer. Løysningsretten til det hadde Eirik kjøpt i 1759. Eirik døydde fyre 1777. Med Kari hadde han sonen Arnfinn f. 1735 og med Gudve 7 born: Hermund f. 1758, gift 1795 med Barbrå Olavsdr. Bulken, Eirik f. 1764, Olav f. 1769, Kari gift 1781 med Knut Sveinson Eimstad som var leiglending på Ullestad, Brita f. 1760, Ragnhild f. 1762 og Anna f. 1766. Arnfinn Eirikson gifte seg 1763 med Marta Larsdr. Ukvitne, som døydde 1817. Arnfinn budde


Lekvesmoen sedd or flygemaskin. I bakgrunnen til vinstre Rogne og Ringheim, til høgre Tvildesmoen og Tvilde.
Bilete 38. Lekvesmoen sedd or flygemaskin. I bakgrunnen til vinstre Rogne og Ringheim, til høgre Tvildesmoen og Tvilde. Fot. P. Braaten 1930.

fyrst på Vesle Saude, men bytte med far sin i 1768 uti Rogne. Skifte etter Arnfinn er halde 1814 (Kindem, Dagestadætti nr. 592). Borni hans var: Signy f. 1772, gm. Jon Bårdson Rokne, og Ragnhild, gift 1812 med Torgils Aslakson Eimstad. Jon åtte bruk 1 og 3 i Store Rokne og budde der, men fekk 1793 skøyte frå far åt Signy på halve farsgarden hennar og resten i 1814 (Kindem, Losnaætti nr. 1079). Jon var postbonde.

Jon og Signy hadde 5 born: Bård f. 1795, Arnfinn f. 1803, Kari f. 1797, Gudve f. 1800 og Marta f. 1809. Bård var gift med Ingjerd Andersdr. Nedre Kyte og reiste til Amerika. Kari gifte

--- side 263 ---

seg med Knut Erlingson Rjodo. Gudve gifte seg med Olav Olavson Store Rokne. Marta var gift med Klas Mikkjelson. Dei vart gardmannsfolk på Skylje. Jon Bårdson gifte seg 2dre gongen med Soffi Mattisdr. og fekk med henne dotteri Brita, f. 1815, som var gift med Olav Eirikson Tveiten, Ål i Hallingdal. Arnfinn Jonson, gift 1832 med Anna Knutsdr. Tvilde, fekk farsgarden på Rogne 1824 og 1831. Dei hadde 4 born: Knut, Eirik, Marta og Ingjerd. Eirik, f. 1850, var gm. Ingjerd Knutsdr. Ullestad, døydde 1916, og hadde huseigedom på Lekve, bruk 28. Han var kommandersersjant, medlem av skulestyret og fatigstyret og var overformyndar. Marta f. 1844 og Ingjerd f. 1853 døydde ugifte. Knut Arnfinnson f. 1843, gm. Margreta Knutsdr. Finne, fekk farsgarden i 1875 for 800 spd. Han døydde i 1915. Born: Anna, Brita, Anders, Knut. Anna var fødd 1879 og gifte seg med Odd Larsson Vinje, lensmann på Vossastrondi. Då han døydde, fekk ho garden på Rogne hjå mor si.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 49, lnr. 106 med gamal skyld i 1777 2 laup, 1838 1 laup 2 pund 20 mark, som då vart umskrive til 5 dalar 2 ort 12 skill. Revidert skyld var 5 dalar 3 ort 2 skill. Ny skyld fyrr noko var utskilt, mark 8,18. Etter bruk 100 var fråskilt, var skyldi mark 4.00.

Bruk 2. Borg, nedanfor Eggjane. Utskilt frå bruk 1 med skyld 1 øre. Ervefest i 1883 til Lars N. Jæger. Sjå vidare bruk 27 under Lekve, sidan dei same har havt desse eigedomane.

Bruk 3. Lund, ved Lundhaugen. Utskilt 1890 frå bruk 1 med skyld 4 øre. Ervefest i 1880 til Anders T. Kvåle, som bygde og budde der. Han var snikkar, f. 1849, gm. Kirsti Arnfinnsdr. Gjukastein og hadde borni Ingjerd, Guri, Ingebjørg og Torgeir. Ingjerd, f. 1883, gifte seg med lærar Arnfinn Nygard. Guri, f. 1886, var gm. Lars L. Haugo. Torgeir døydde som barn. Ingebjørg, f. 1891, er gm. snikkar Peter Tveranger. Dei har no eigedomen.

Bruk 4. Solheim, på vestsida av Rognsbakkavegen. Utskilt frå bruk 1 1882 med skyld 11 øre og selt til Knut T. Kvåle. Sjå um han på bruk 23 og 33 av Prestegarden. Knut Kvåle bygde husi på bruk 4 og selde eigedomen i 1888 til sorenskrivar Olsen. Han kjøpte 1889 av Prestegarden lnr. 105 a 3 b, som vart lagt til bruk 4 og selde so alt i 1898 til Staten for 18000 kronor til skrivargard. Skrivarkontoret har vore der sidan 1888. Sjå bruk 41.

--- side 264 ---

Bruk 5. Lemmesteigane, utskilt 1881 frå bruk 1 med skyld 8 øre og selt til Isak K. Ygre. Han selde 1888 til Nils Brynjulvson Lemme, som selde att 1919 til Lars Andersson Lemme for 1000 kroner. Eigedomen ligg bø i bø med gardsnr. 106 og 107 Lemme.

Bruk 6. Rogne. Som ovanfor fortalt gifte Sigrid Hermundsdr. Rogne seg med Kristen Rasmusson. Han bygsla i 1706 halve Rogne, 2½ laup, av Henrik Miltzow. Kristen gifte seg 2dre gongen 1724 med Marta Sjursdr. Tøn, og døydde 1739, 73 år gl. Dei hadde 4 born: Sigrid f. 1725, Brita f. 1728, gm. Odd Hollgeirson Ullestad, Steinvor f. 1734, gm. Torstein Hermundson Eide, og Åsa, f. 1737. Ho Marta gifte seg att 1739 med Torbjørn Johannesson Espeland. Han bygsla då halve Rogne som Kristen hadde havt, og kjøpte det 1763 av sorenskrivar Fleischer. Torbjørn hadde i 1759 kjøpt løysningsretten til det. I 1746 gifte han seg uppatt med Barbrå Hermundsdr. Røte, dotter åt H. Torsteinson. Dei fekk borni: Johannes f. 1753, Marta f. 1747, Ragnhild f. 1750 og Kari f. 1755. Ho Marta gifte seg 1768 med enkjemann Knut Erlingson Skutle, Ragnhild i 1773 med Klas Larsson Glymme, og Kari i 1778 med Eirik Magneson Nedre Rykke.

Johannes vart gift 1772 med Marta Knutsdr. Store Ringheim. Han fekk garden i 1771. Dei døydde båe i 1821 og hadde 7 born: Torbjørn, Halle, Knut, Torstein, Barbrå, Brita og Marta. Halle f. 1778, var gift til Dagestad med Rannveig Jørgensdr. Knut f. 1781, gm. Jorunn Sveinsdr. En, var leiglending på En. Torstein f. 1787, gm. Guri Knutsdr. Himle, var gardmann på Vinjo. Millom soneborni deira er høgsterettsdomar Odd Vinje i Amerika. Barbrå f. 1772 vart gift til Flatekvål med Olav Herlaugson. Brita f. 1776 gifte seg til Leiddal med Torstein Ivarson. Marta døydde ugift 1835.

Torbjørn Johannesson Rogne f. 1774, gm. Eli Jørgensdr. Dagestad, døydde 1858 (Sjå Kindem, Dagestadætti nr. 152). I 1801 og 1813 fekk han farsgarden. Stova som då stod på garden skulde etter segni vera eldre enn Finnesloftet. Kann henda Odd på Rogne har bygd henne i 1200-tallet. Det var ei stor og gild stove. Ho er umtala i «Vossebygdene» for 1925. Torbjørn reiv den gamle stova og bygde ny i staden. Bisp Neumann var på Rogne i 1836 og har skildra den gamle

--- side 265 ---

stova. Han fortel m. a. at ho var 4½ alner høg innvendes, bygd av 5 stokkar, og det var fortalt ho skulde vera frå fyre Svartedauden og eldste stova på Voss. Torbjørn var postbonde. Det var 8 born etter han og Eli: Johannes, Jørgen, Anders, Knut, Eirik, Rannveig, Marta, Kristense. Jørgen f. 1813, gm. Rannveig Olavsdr. Kronstad, var bygningsmann og husmann på Leiddal. Anders f. 1808, gm. Brita Johannesdr. Møn kjøpte gard på Kvåle i Gulfj. Knut f. 1816, var gift til Tvilde med Brita Knutsdr. Eirik døydde ugift 1854. Rannveig f. 1811 var gift 1. med Ivar Torsteinson Leiddal og 2. med Mass Person Gjerme, gardmann på Seve. Marta f. 1818 gifte seg til Lid i Kvitli med Nils Josefson. Kristense f. 1826 var gift til Øvre Kyte med Brynjulv Andersson.

Johannes Torbjørnson Rogne f. 1806, gift 1829 med Herborg Sveinsdr. Kvåle, døydde 1854. Ho gifte seg att med Brynjulv Torleivson Lid, Raundalen. Johannes fekk garden i 1837 for 600 spd. Herborg hadde med Johannes borni: Torbjørn, Klas, Eli, Jorunn, Margreta, Rannveig, Marta, og med Brynjulv sonen Olav. Klas f. 1843, gm. Synneva Nilsdr. Kvarme, var snikkar og hadde huseigedom i Strengjarhaugen på Prestegarden. Eli gift 1853 med Styrk Person Gjerme, reiste til Amerika. Jorunn var gift 1854 til Rokne med Knut Ivarson. Margreta gifte seg 1855 med Knut Halleson Prestegard, som var postførar og paktar på Rogne. Rannveig var gift 1863 med Gusskalk Ivarson Rokne. Dei kjøpte gard på Bø, Dyrvedalen. Marta, f. 1848 var gift 1. med Johannes Larsson Lid og 2. med enkjemann, kommandersersjant Sigfus Klette, båe frå Kvinnherad. Olav Brynjulvson døydde ugift. Torbjørn Johannesson, f. 1841 fekk garden ved skifte etter far sin i 1856, gifte seg 1882 med Sigvor Olavsdr. Grindaland. Dei døydde utan born etter seg. To av sønene åt Klas, bror hans Torbjørn, fekk so garden og skifte han millom seg soleis at Per fekk bruk 96, som vart skilt frå bruk 6, og Nils fekk det som var att av bruk 6. Nils er f. 1888 og gm. Anna Ivarsdr. Østgulen.

Bruk 6 var fyrr mtrnr. 49, lnr. 107 med gamal skyld i 1777 2 laup, i 1838 1 laup 2 pund 20 mark, urevidert 5 dalar 2 ort 12 skill. og revidert 5 dalar 3 ort 17 skill. Ny skyld mark 8,27 fyrr noko var fråskilt, og mark 3,44 etter at bruk 96 var fråskilt,

Bruk 7. Rognshagen, ovanfor Rognsfossen, skilt ut frå bruk 6 i 1883 med skyld 30 øre og selt til Olav Larsson Vinjo,

--- side 266 ---

som bygde bustadhus og garveri der, som han dreiv. Etter at bruk 32, 46 og 76 var skilde frå, fekk sonen Lars eigedomen i 1923. Olav var f. 1851, gm. 1. Ingebjørg Knutsdr. Rogne, 2. m. Maria Gjeitle og døydde 1915. Sonen Lars er f. 1903.

Bruk 8. Fossen, ved Rognsfossen, skilt ut frå bruk 9 med skyld 1 øre og selt i 1889 til Mikkjel Rekve og Knut Hæve. Odd S. Gjøastein kjøpte det 1903, bygde bustadhus og selde att 1920 til Peter Petersen. Otto Henriksen kjøpte eigedomen 1921 og selde att 1925 til sporskiftar Alfred Johan Hille.

Bruk 9. Strømsnes, var skilt frå bruk 6 i 1889 med skyld 5 øre og selt til Mikkjel Rekve og Knut Hæve. Dei hadde ikring 1870 kjøpt kvernbruket av Rogne og drive kornmaling med 3 par steinar. Det stod tett nedanfor Rognsfossen på Rognssida åt elvi. Nils Norheim, skreddarmeister Gitle Mølster i Bergen, Olav Hylle og M. Bjørndal kjøpte i 1889 kvernbruket med vassretten i Rognsfossen som høyrde til. Mylni vart nedlagd av umsyn til det nye mylnebruket som Bjørndal og Birkeland hadde bygt i Dukstadfossen I 1892 gjekk Nils S. Fjose, N. J. Finne, Sjur Fadnes og Lars Kindem inn som medeigarar i bruk 9. Det vart skipa «Rognsfossens Aktieselskap» med 8 luter, kvar på 2000 kronor. I styret var L. Kindem, formann, N. J. Finne og N. Fjose.

Fyrst prøvde dei med å få til elektrisitetsverk for Vangen, som fortalt um under Vossavangens Elektrisitetsverk. Då det ikkje lukkast, og sal av eigedomen til Vangen heller ikkje kom istand, bygde selskapet i 1894 ullspinneri med fargeri. Fargar Vambheim gjekk med fargeriforretningen sin inn i selskapet, som no fekk namn «Voss industrielle Aktieselskap». Lutmidel 28 500 kronor, skift i 19 luter på 1500 kronor kvar. Styret var då L. Kindem, formann, H. Vambheim og N. Fjose. Forretningsførar var N. J. Finne. Fabrikken kosta 55 000 kronor. Der var eit sett spinne- og kardemaskinor, damppressa, stampe- og fargeriinnretningar, alt drive med vassturbin. Ein mekanisk vevstol vart teken i bruk i 1896. 4. februar 1897 brann fabrikken. Berre stemma og vassrenna stod att. No vart det på nytt lag tinga med Vangen um sal av eigedomen, men utan resultat. Anders S. Vinje frå Vossastrondi kjøpte i 1897 eigedomen, bygde murhus med spinne-, karde- og vevmaskinor og fargeri. Han dreiv forretningen under namn «Voss Ullvarefabrikk» til 1906, då Vossavangens Elektrisitetsverk kjøpte fabrikken

--- side 267 ---

og heldt fram med drifti til 1911. E. Hoven kjøpte då fabrikken. Fabrikktuftene vart no skilde ut som bruk 56, der det held fram med Ullvarefabrikken. Det som var att av bruk 9, åtte framleis Vossavangens Elektrisitetsverk. Sjå vidare um det i stykket Vossavangens Elektrisitetsverk.

Bruk 10. Lemmesteigen, skilt frå bruk 6 i 1882 med skyld 10 øre og selt til Olav M. Dukstad for 1000 kronor. Han let eigedomen i 1905 til sonen Nils, som selde att 1925 til Knut, bror sin. Denne eigedomen ligg bø i bø med gardsnr. 106 og 107 Lemme, tilsvarande som bruk 5.

Bruk 11. Blankberg, ovanfor Lundhaugen, skilt frå bruk 1 med skyld 4 øre og ervefest i 1892 til sersjant Anders J. Rogne. Han bygde bustadhus der, men det brann ned nokre år etter. Morbroren Eirik A. Rogne kjøpte eigedomen 1902 og skilde frå bruk 94. Ervingane hans selde 1923 til Bygningskommunen.

Bruk 12. Utsikten, søraust for Lundhaugen, utskilt frå bruk 1 i 1890 med skyld 3 øre og ervefest til Olav Josefson Bø, som bygde husi på eigedomen og selde att 1918 til Martin Jensen frå Fana. Han var f. 1861, gm. Ingrid, og er død. Enkja hadde siden eigedomen til ho døydde i 1933.

Bruk 13. Fossum, skilt frå bruk 1 med skyld 4 øre og ervefest 1891 til kommandersersjant Sigfus Klette, som var uppsynsmann for Tvildesmoen eksisplass og leir. Statsbanane oreigna eigedomen i 1899. Um Klette sjå bruk 6 og 30.

Bruk 14. Fosse, skilt frå bruk 6 med skyld 2 øre og ervefest 1899 til Olav A. Honve. Statsbanane oreigna eigedomen i 1899.

Bruk 15. Lirhus, søraust for Lundhaugen, utskilt frå bruk 1 og i 1893 ervefest til Torstein K. Lirhus, som bygde husi der. Han er f. 1848, gm. Guro Brynjulvsdr. Løno, og har drive mykje med husebyggjing. 2 born: Knut og Kari. Sjå bruk 22. Knut er f. 1880, gm. Anna Knutsdr., sjå bruk 1 Lofthus. Kari er gm. Johannes Ygre, sjå bruk 28 av Lekve.

Bruk 16. Rognshagen, ovanfor Rognsfossen, skilt frå bruk 1 i 1893 med skyld 3 øre, og fest til Olai Ullebust, som bygde bustadhus der. Enkja fekk ervefeste på eigedomen i 1905 etter at bruk 28 var skilt frå. Skyldi på bruk 16 vart då 2 øre. Anders J. Dagestad kjøpte eigedomen i 1921. Han er f. 1859 og gm. Ingebjørg Knutsdr. Dagestad.

Bruk 17. Lundheim, millom Bergensbanen og Strandavegen, skilt frå bruk 6 med skyld 19 øre og selt til Olav J. Bø. Han

--- side 268 ---

kjøpte hotellbygningen i Skjervet og flytte dertil, skilde ut bruk 19, 20, 25-27, 34, 52, 53, 60, 61 og 68 og selde so til lokomotivførar Andreas Søylen for 15000 kronor. Søylen er f. 1874 og gm. Martina Nilsdr. Tungeteigen.

Bruk 18. Bruheim, ved Båbrui, skilt frå bruk 1 i 1896 og ervefest til Gudve Jonsdr. Gjerme. Foreldri hennar kjøpte ein part av husi der etter Nils Mikkjelson, umtala under husmenn på Rogne. Ho Gudve gifte seg i 1906 med enkjemann Anders Person Kvarmastølen. Han fekk skøyte på eigedomen 1926 og let han til versonen Lars Olavson Rogne, som driv med køyring og skyssing med bil. Han er f. 1889 og gm. Ingebjørg Andersdr. Skyldi på bruk 18 er 2 øre. Sjå bruk 71.

Bruk 19. Strømheim, ovanfor Rognsfossen, skilt frå bruk 17 i 1899 med skyld 1 øre og selt til Bertina Olavsdr. Horne, som fekk sett upp stovehus.

Bruk 20. Strømshavn, ovanfor Rognsfossen, utskilt frå bruk 17 og ervefest til Johannes J. Mosafinn, som bygde stove der. Enkja selde att i 1921 til Johan J. Fliseram. Han er lokomotivpussar og gm. Ingebjørg J. Seim, Granvin.

Bruk 21. Fridheim, på Rognsflaten, skilt ut frå bruk 6 med skyld 12 øre og i 1900 ervefest til Lorentz Nybø. Han bygde bustadhus. Sjå elles um han under bladi «Unglyden» og «Hordaland». Enkja har no eigedomen.

Bruk 22. Strømmen, ved Skarvet, skilt ut frå bruk 1 med skyld 20 øre og i 1900 selt til Lars H. Steine. Torstein Lirhus kjøpte noko av eigedomen same året av Steine. Steine bygde beinmyln i 1900 og kornmyln for samfengt maling i 1909. Lirhus bygde sagbruk med sirkelsag og hyvleri og dreiv trelasthandel. Etter at bruk 65 var utskilt i 1915, kjøpte Nikolai Hatlestad bruk 22 med mylnebruk som han har drive saman med kolonial- og mjølhandel. N. Hatlestad er f. 1876 og gm. Dortea Fyllingen, som døydde 1929. Skyldi på bruk 22 er no 3 øre, etter at bruk 88 var fråskilt i 1922.

Bruk 23. Rognslid, i Rognshagen, skilt ut frå bruk 6 med skyld 18 øre og i 1900 ervefest til Olaus Alvestad, som bygde og budde der. Saman med Lars Eskeland var han med og skipa Voss Folkehøgskule, var ei tid lærar på skulen og seinare styrar av bladet «Hordaland». Han var f. 1866, gm. Maria Bertelsen frå Horsens i Danmark og døydde 1903. Ho er uppattgift med Olav Håkonson, og dei har no eigedomen.

--- side 269 ---

Voss Gamleheim skal byggjast på denne eigedomen. Til Gamleheimen er det til 1933 samla inn 120000 kronor.

Bruk 24. Sødermanland, ovanfor Rognsfossen, skilt frå bruk 6 med skyld 4 øre og ervefest i 1901 til Johan Søderman, som kjøpte ei gamal bu i Prestegarden og flytte dertil. Knut A. Rokne kjøpte eigedomen i 1909, skilde ifrå bruk 51, 66 og 67 og selde so i 1915 til skomakar Halfdan Engen. Han er f. 1869 og gm. Marta Knutsdr. Sidan er fråskilt bruk 95, og skyldi er no 1 øre. Sjå og bruk 39.

Bruk 25. Ro, millom Bergensbanen og Strandavegen, skilt frå bruk 17 med skyld 1 øre og i 1901 ervefest til Arne S. Rene. Han kjøpte gamle Joramorstova i Prestegardsmoen og flytte dertil. Klas N. Vinsand kjøpte eigedomen 1906 og selde att 1926 til Kristian J. Mosafinn, som selde i 1929 til Ågot O. Hyljarås.

Bruk 26. Strømslid, ved bruk 27. Skilt ut frå bruk 17 i 1901 med skyld 3 øre og ervefest til Martin B. Rogne, som bygde stove der, og er vegvaktar. Han er f. 1864 og gm. Kari Nilsdr. Rogne. Sjå bruk 52.

Bruk 27. Hellestad i vest for bruk 25, skilt ut frå bruk 17 i 1901 med skyld 3 øre og ervefest til l/l Voss Skiferbrud. Banevaktar Olav O. Bryn kjøpte i 1908 og bygde stove der. Etter at bruk 77 var fråskilt, kjøpte fru Inga Løberg eigedomen og selde att 1928 til enkjefru Ragna Blindheim. Sjå bruk 12.

Bruk 28. Rognshagen, ovanfor Rognsfossen. Skilt ut frå bruk 16 i 1902 med skyld 1 øre og ervefest til Anders Steffason Væte, som fekk bygt bustadhus der. Han selde 1916 til lærar S. Blindheim, som i 1918 selde att til lokomotivførar Jakob Jakobsen. Han er f. 1889 og gm. Sigvarda. Olav Gregersen kjøpte eigedomen i 1931. Han har drive med hellearbeid, er f. 1858 og gm. Guri Einarsdr. Bolstad, som er død.

Bruk 29. Bjørkelid. Utskilt frå bruk 6 i 1902 med skyld 9 øre og selt til Voss herad, som bygde helseheim for tæringssjuke. Seinare er kjøpt innåt bruk 63, 66, 99, og skyldi er no 14 øre. Sjå stykket um sjukerøkt og sjukehus.

Bruk 30. Fossheim, ovanfor Rognsfossen. Skilt ut frå bruk 6 i 1902 med skyld 3 øre og ervefest til kommandersersjant Sigfus Klette. Han bygde stovehus der. Byrsemakar Johan Siemer kjøpte eigedomen 1911, selde att 1918 til Kristian K. Førde, som i 1919 selde til Emanuel Askjelson. Murar Daniel

--- side 270 ---

Christensen kjøpte so i 1920. Han er f. 1880 og gm. Johanna.

Bruk 31. Rognslund, ovanfor Rognsfossen. Skilt ut frå bruk 1 i 1904 med skyld 3 øre og ervefest til Olav Eirikson Rogne, som bygde stove der. Per Nilsson Saude kjøpte eigedomen i 1913 og selde att 1924 til Johan Bye. Han har vore skomakarsersjant, er no pensjonist, f. 1867 og gm. Kari Færestad.

Bruk 32. Stemmen. Vassretten på bruk 7 vart i 1906 skild ut frå bruk 7 med skyld 4 øre og ervefest som bruk 32 til Anders Vinje. Han let det att same året til Vossavangens Elektrisitetsverk, som Vossavangens Bygningskommune overtok i 1919.

Bruk 33. Stemmen. Skilt frå bruk 6 i 1906 med skyld 4 øre og ervefest til Anders Vinje. Framhald som bruk 32.

Bruk 34. Brustemmen III. Skilt frå bruk 17 i 1906 med skyld 3 øre og selt til Vossavangens Elektrisitetsverk.

Bruk 35. Lillesand ovanfor Rognsfossen. Utskilt frå bruk 6 i 1906 med skyld 1 øre og ervefest til Gjertrud N. Rødland, som har stove og bur der. Ho er f. 1860. Sjå bruk 69.

Bruk 36. Fagerlid, austanfor Rognsflaten. Skilt ut frå bruk 6 i 1906 med skyld 4 øre og ervefest til kommandersersjant Jakob G. Horvei. Han flytte dertil eit stovehus han kjøpte på Gjerde etter Nils Tofte. Jakob Horvei er f. 1868 og gm. Anna Andersdr. Han er bokhaldar i Voss Sparebank.

Bruk 37. Fagerheim, ovanfor Skarvet. Utskilt frå bruk 1 i 1907 med skyld 4 øre og fest til Knut J. Finne, som bygde bustadhus der. Enkja fekk ervefeste i 1917 og selde då eigedomen til Kolbein Tillung. Bruk 81 vart fråskilt i 1921. Skyldi på Fagerheim vart då 3 øre. Konduktør Knut Almenningen kjøpte eigedomen og selde att 1927 til Eirik, bror sin. Eirik er f. 1886, gm. Ingerid Jonsdr. Kolvu og er lokomotivførar.

Bruk 38. Rognshagen. Skilt ut frå bruk 6 i 1907 med skyld 1 øre. Maskinist Olav J. Mosafinn fekk i 1908 ervefeste på bruket og kjøpte same året huset av Nils O. Frisvold. Olav Mosafinn er f. 1882 og gm. Brita Arnesdr. Rene.

Bruk 39. Sødermanland. Skilt frå bruk 6 i 1908 med skyld 2 øre, og selt 1909 til Knut Arnfinnson Rokne, som 1915 selde att til Halfdan Engen. Sjå bruk 24.

Bruk 40. Lundhaugen. Skilt frå bruk 1 i 1908 med skyld 6 øre. I 1830 hadde prokurator Kristoffer Lund ervefest eige-

--- side 271 ---

domen og bygt husi som no er der. Han døydde 1851. Sakførar Mikael Schumann kjøpte eigedomen i 1870-åri etter fru Lund og budde der. Enkjefru Mathilde Fleischer kjøpte seinare eigedomen, og no er det døtterne, frøkenene Fanny, Helga og Cecilia Fleischer som har han. Sjå og bruk 16 på Lekve. Schumann var f. 1835, gm. Helena Jæger og døydde 1890. Sjå på bruk 1 Lekve um enkjefru Fleischer og frøkenene Fleischer.

Bruk 41. Solheim. Skilt ut frå bruk 1 i 1908 med skyld 8 øre, ervefest til Oplysningsvesenets Fond og høyrer til Sorenskrivargarden, bruk 4.

Bruk 42. Bassenget. Utskilt 1908 frå bruk 1 med skyld 12 øre. Eigar er Vossavangens Bygningskommune. Sjå under Brandstellet og vassverket, side 53.

Bruk 43. Brubakken, ved Båbrui. Utskilt frå bruk 1 i 1901 med skyld 1 øre og ervefest i 1908 til Olav T. Viste. Han hadde kjøpt ein part i husi som stod der etter «Nils mæ Brudne». Olav Viste er f. 1854, og gm. Kristina Fredriksdr. Sonen Fredrik Viste skøytte eigedomen i 1908 og har lagt bruk 44, 74 og 88 saman med bruk 43. Skyldi er no 5 øre. Han har bygt nytt bustadhus på eigedomen. Fr. Viste er f. 1880 og gm. Ingebjørg Jakobsdr. Sjå bruk 29 av Lekve.

Bruk 44. Brubakken. Skilt frå bruk 1 i 1908 og lagt til bruk 43.

Bruk 45. Strømsnes. Skilt frå bruk 6 i 1908 med skyld 10 øre og selt til Vossavangens Elektrisitetsverk. No eig Bygningskommunen det.

Bruk 46. Elvehøi, ovanfor Rognsfossen. Skilt frå bruk 7 i 1910 med skyld 3 øre. Olav L. Vinje som hadde bygt bustadhus der, selde eigedomen i 1910 til enkjefru Fleischer. Sonen Vilhelm fekk han 1916, og gav han same året til frk. Emma Fleischer. Eigedomen vart seld 1918 til Håkon Isdahl, 1921 til fru Løberg, 1923 til Lars Rykke og 1930 til Nils Johannesson. Han har brød- og mjølkeutsal, er f. 1886 og gm. Ingeborg Davidson.

Bruk 47. Rogne. Skilt frå bruk 1 i 1910 med skyld 56 øre. Statsbanane hadde oreigna eigedomen i 1899. Bruk 64 er fråskilt i 1915.

Bruk 48. Solberg, ved Skarvet. Utskilt frå bruk 1 i 1910 med skyld 3 øre. Kristen K. Rogne hadde bygt stovehus og budde der. Han fekk skøyte på grunnen frå Statsbanane i

--- side 272 ---

1909 og 1918. Enkja selde eigedomen i 1918 til Nils B. Mugås. Han er skreddar og bur på Evanger.

Bruk 49. Dalheim, ovanfor Båbrui. Skilt frå bruk 1 i 1910 med skyld 1 øre og ervefest til Marta Larsdr. Dolve, som har stovehus der. Ho er f. 1850 og var gm, Brynjulv V. Dolve.

Bruk 50. Hyrt. Skilt frå bruk 6 i 1910 med skyld 2 øre og ervefest til Guri E. Nesheim, som har bygt stovehus der.

Bruk 51. Utsikten. Skilt frå bruk 24 i 1911 med skyld 1 øre og ervefest til Viking Bårdson Dymbe, som bygde stove der. Olav Dahl kjøpte eigedomen i 1915, Engel Sannes i 1918, Arnfinn Bauthus i 1919 og Bjørkelid Helseheim i 1927.

Bruk 52. Strømslien. Utskilt frå bruk 17 i 1911 med skyld 1 øre og selt til Martin Rogne, bruk 26.

Bruk 53. Nyhaug. Skilt ut frå bruk 17 i 1911 med skyld 1 øre. Anders K. Litlere bygde stove der og fekk skøyte i 1925 på grunnen. Sjå bruk 68. Anders er f. 1863, gm. Gjertrud Andersdr. og har i lenger tid vore gravar ved kyrkjegarden.

Bruk 54. Fredlid, ovanfor Båbrui. Skilt frå bruk 1 i 1911 med skyld 2 øre og ervefest til E. T. Hoven. Han selde det att i 1919 til Max Bøhme saman med bruk 55. Han bygde uthus der og dreiv hønseri.

Bruk 55. Fredlid. Skilt frå bruk 15 i 1911 med skyld 2 øre. Kolbein Tillung hadde bygt bustadhus der, som han selde til E. T. Hoven. Han fekk ervefeste på tufti i 1911 og selde eigedomen att i 1919 til Max Bøhme saman med bruk 54. Bøhme var disponent for Voss Ullvarefabrikk, var f. 1877 og gm. Malena og døydde 1932.

Bruk 56. Hovland. Skilt ut frå bruk 9 i 1911 med skyld 4 øre. På denne eigedomen står Voss Ullvarefabrikk. E. T. Hoven kjøpte han 1911, sette inn fleire vevstolar og eit sett til med spinnemaskinor og dreiv til 1919. Eit nytt lutlag a/s Voss Ullvarefabrikk kjøpte då fabrikken. Det har utvida med ein ny fabrikkbygning og ymse maskinor. I fabrikken var då 3 sett spinnemaskinor med kardemaskinor, 9 vevstolar, 1 tvinnemaskine, apperaturgreidor og fargeri. Lutmidelen var 200 000 kronor. I styret var Arne Johannessen, formann, M. Bøhme, disponent, og O. Folkedal. Seinare er kome til fleire vevstolar, so der er ialt 15 og ruemaskin. Lutmidelen er no 84 000 kronor skift på luter à 15 kronor. Arne Johannessen er no einestyrar for selskapet og fabrikken.

--- side 273 ---

Bruk 57. Hovland. Utskilt frå bruk 45 med skyld 5 øre. Høyrer saman med bruk 56.

Bruk 58. Øyhaug, ovanfor demma åt Elektrisitetsverket. Skilt frå bruk 1 i 1912 med skyld 3 øre. Gudve P. Rogne hadde stove der og fekk i 1913 skøyte på grunnen. Ho er f. 1856 og var gm. Jens V. Ullestad.

Bruk 59. Øystrand, ved sida av bruk 58. Utskilt frå bruk 1 i 1912 med skyld 3 øre. Karl Tonheim er eigar og har stove der. Han er f. 1862, gm. Rakel Annaniasdr., har vore arbeidar på Voss Stasjon og har no pensjon.

Bruk 60. Straume. Skilt i 1912 frå bruk 17 med skyld 4 øre. Kristian Brandset kjøpte eigedomen i 1912, Martin Jensen i 1918 og lokomotivførar A. Søylen i 1925. Sjå bruk 17.

Bruk 61. Fredheim. Utskilt i 1912 frå bruk 17 med skyld 1 øre. Samuel Horne er eigar, er f. 1876 og driv med fiskehandel.

Bruk 62. Flåten, ovanfor Rognsfossen. Skilt frå bruk 6 i 1914 med skyld 2 øre. Anders P. Gjerme er eigar og har stove der. Han er f. 1855 og gift med Ingjerd Knutsdr. Raustad.

Bruk 63. Bjørkelid. Skilt frå bruk 6 i 1914 med skyld 2 øre og selt til Voss herad. Høyrer saman med bruk 29.

Bruk 64. Straumen. Skilt ut frå bruk 47 i 1915 med skyld 1 øre. Eigar: Voss Mølle- og Sagbruk.

Bruk 65. Straumberg. Skilt ut frå bruk 22 i 1915 med skyld 16 øre. Voss Mølle- og Sagbruk fekk i 1915 skøyte frå L. Steine på grunnen og frå T. Lirhus på sagbruket. L/l Trelastforretningen kjøpte i 1920 dette bruket og gnr. 66 bruk 5 og selde bruk 65 i 1923 til Nikolai Hatlestad. Sjå bruk 22.

Bruk 66. Bjørkelid. Utskilt frå bruk 24 i 1915 med skyld 2 øre, selt til Bjørkelid Helseheim og ført saman med bruk 29.

Bruk 67. Utsikten. Utskilt frå bruk 24 i 1915 med skyld 1 øre, og selt til Viking V. Dymbe. Ført saman med bruk 51. Bjørkelid Helseheim eig det no.

Bruk 68. Ljoshaug. Utskilt 1915 frå bruk 17 med skyld 1 øre og selt til Knut A. Litlere. Sjå bruk 53.

Bruk 69. Lillesand. Skilt frå bruk 6 i 1916 med skyld 1 øre og ervefest til Gjertrud N. Rødland. Sjå bruk 35.

Bruk 70. Frydenlund, austanfor Lundhaugen. Utskilt frå bruk 1 i 1918 med skyld 5 øre og selt til fru Gunnbjørg Ludvigsen, som bur i Bergen.

--- side 274 ---

Bruk 71. Bruheim, ved Båbrui. Skilt frå bruk 1 i 1918 med skyld 1 øre og selt til Anders P. Kvarmastøl. Ingebjørg, dotter hans, fekk det i 1926. Sjå bruk 18.

Bruk 72. Rognshagen. Skilt ut frå bruk 1 i 1919 med skyld 2 øre og ervefest til Anders J. Dagestad. Sjå bruk 16.

Bruk 73. Rognshagen. Skilt ut frå bruk 1 i 1904 med skyld 2 øre og ervefest til Jakob Jakobsen. Sjå bruk 28.

Bruk 74. Brubakken. Utskilt frå bruk 1 i 1920 med skyld 2 øre og selt til Fredrik Viste. Sjå bruk 43.

Bruk 75. Stemma. Utskilt frå bruk 1 i 1920 med skyld 8 øre og selt til Bygningskommunen.

Bruk 76. Stemma. Skilt frå bruk 7 i 1920 med skyld 1 øre og selt til Bygningskommunen.

Bruk 77. Lundheim. Utskilt frå bruk 27 i 1920 med skyld 1 øre og selt til A. Søylen. Sjå bruk 17.

Bruk 78. Rognshagen, som i aust grensar til Ringheim, er skilt frå bruk 1 i 1920 med skyld mark 1,70. Jon Fyllingen fekk skøyte på det i 1921. Han er son åt Kristian Fyllingen, som i 1905 vart gm. Brita Knutsdr. Rogne.

Bruk 79. Rogne. Skilt ut frå bruk 1 i 1920 med skyld 5 øre og skøytt til syskini Solveig, Aslaug, Kirsten og Magnhild Fyllingen saman med bustadhuset på eigedomen. Dei er syskin åt Jon Fyllingen, nemnd ovanfor.

Bruk 80. Teigen. Utskilt frå bruk 1 i 1920 med skyld 2 øre. Eigar: Katrina Kvåle. Ho selde det i 1927 til sonen Nils Kvåle. Sjå bruk 23 av Prestegarden.

Bruk 81. Fjellheim, søraust for Lundhaugen. Utskilt frå bruk 37 i 1921 med skyld 1 øre, og selt til Jørgen Brekke. Her stod uthuset åt bruk 37. Brekke bygde det um til bustadhus og bur der. Sjå bruk 61 av Prestegarden.

Bruk 82. Borg. Skilt ut frå bruk 1 i 1921 med skyld 20 øre. Eigar Knut K. Egdetveit. Sjå bruk 27 av Lekve.

Bruk 83. Fjellheim, søraust for Lundhaugen. Utskilt frå bruk 1 i 1921 med skyld 2 øre og selt til Jørgen Brekke. I 1924 vart skilt frå bruk 98 med skyld 1 øre.

Bruk 84. Strengjarvoll. Utskilt 1921 frå bruk 1 med skyld 2 øre og selt til Sjur Småbrekke. Vart i 1923 ført saman med bruk 131 av Lekve.

Bruk 85. Fossheim, ovanfor Rognsfossen. Skilt frå bruk 6 i 1921 med skyld 4 øre. Eirik J. Rogne fekk det saman med

--- side 275 ---

stovehuset der, som foreldri hans fyrr hadde ått. Han er f. 1873 og gm. Marta Persdr. Ulvund.

Bruk 86. Elvarheim, ovanfor Rognsfossen. Utskilt frå bruk 6 i 1921 med skyld 2 øre. Fru Kristense Grindaland fekk det. Sjå tuft 41 på Gamle Vangen.

Bruk 87. Tretteberg. Skilt frå bruk 6 i 1921 med skyld 1 øre. Eigar I. L. Nesheim, som selde det 1922 til Klas J. Rogne. Han selde att 1926 til Bygningskommunen.

Bruk 88. Brubakken. Utskilt frå bruk 22 i 1922 med skyld 1 øre. Eigar Fredrik Viste. Ført saman med bruk 43 i 1929.

Bruk 89. Heimly, ovanfor Rognsfossen. Skilt ut frå bruk 1 i 1922 med skyld 3 øre. Eigar fyrbøtar Birger Nilsen, som har bygt der. Han er i. 1897 og gm. Lovise Eide.

Bruk 90. Bjørkehaug, ovanfor Rognsfossen. Skilt ut frå bruk 6 i 1923 med skyld 4 øre og ervefest til baneformann Bjarne B. Hernes. Han har bustadhus der, er f. 1875 og gm. Kristina Fadnes.

Bruk 91. Lund, ovanfor Rognsfossen. Utskilt frå bruk 6 i 1923 med skyld 3 øre og ervefest til Jørgen Småbrekke. Der er bygt bustadhus. Jørgen let det til Per Småbrekke i 1929. Jørgen f. 1913, er radiotelegrafist; Per er f. 1892 og har vore styrmann.

Bruk 92. Grønvoll ovanfor Rognsfossen. Skilt frå bruk 6 i 1923 med skyld 2 øre og ervefest til lokomotivpussar Johan Karlsen, som har bygt bustadhus og bur der. Han er f. 1875 og gm. Maria Olsen.

Bruk 93. Bjørkelund, ovanfor Rognsfossen. Skilt frå bruk 8 i 1923, skyld 2 øre, og ervefest til Ernst Svendsen. Han er f. 1891, har bygt bustadhus, er møbelsnikkar og gm. Ingebjørg Sjursdr. Reime.

Bruk 94. Lund. Skilt frå bruk 11 i 1923, skyld 3 øre, og selt til P. Tveranger. Sjå bruk 3.

Bruk 95. Midtbø. Skilt frå bruk 24 i 1923, skyld 1 øre, og selt til Bygningskommunen.

Bruk 96. Rogne. Skilt frå bruk 6 i 1923, med skyld mark 3,21. Eigar Per K. Rogne, som har bygt og bur på eigedomen og driv gardsbruk. Han er f. 1894 og gm. Anna Øygard.

Bruk 97. Lund. Skilt frå bruk 1 i 1924, skyld 1 øre, og selt til P. Tveranger. Sjå bruk 3.

Bruk 98. Solhovd. Skilt ut frå bruk 83 i 1924, skyld 1 øre. Eigar I. L. Nesheim. Sjå bruk 131 av Lekve.

--- side 276 ---

Bruk 99. Bjørkelid. Skilt ut frå bruk 1 i 1924, selt til Bjørkelid Helseheim og ført saman med bruk 29.

Bruk 100. Nordby. Utskilt frå bruk 1 i 1931 med skyld 25 øre, etter forretning i medhald jordlovi, og skøytt til enkja Brita Gitlesdr. Rogne. Ho er f. 1856 og var gm. Torgeir Vikingson Mølster, som var fødd 1855 og døydde 1925. Dei var husmannsfolk på eigedomen som ligg på Eggjane. Sonen Olav har no eigedomen. Han er f. 1902, gm. Guri Osa, og er tilsett ved jarnbanen på Myrdal Stasjon.

Bruk 101. Bruheim. Skilt frå bruk 43 i 1932 med skyld 1 øre og selt av Fredrik Viste til broren Alfred O. Viste med husi på bruket. Han er fabrikkarbeidar, f. 1896 og gm. Ågot Høyland.

Bruk 102. Solbakken. Skyld 5 øre. Utskilt frå bruk 78 i 1932 og selt til fyrbøtar Anders A. Litlere, som er f. 1897. Han var g. 1. m. Larsina Andersdr. Ronve, 2. m. Elle Wengård.

Husmannsplass på Rogne.

Johannes Person var husmann på Rogne i 1664, Knut Eirikson i 1739 og Nils Olavson, gm. Marta Olavsdr. i 1730-åri. Marta døydde 1737 og hadde 4 born etter Johannes, 1ste mannen sin. På plasset Rognsbøen budde i 1765 og 1768 enkja Guri Knutsdr. På plasset Rognshaugen var ikring 1760 Jakob Olavson Witmeyer, gm. Anna Katarina Blomberg, død 1762, Lars Larsson i 1770-åri og Styrk Knutson, som døydde 1783, 62 år gl. Styrk Knutson og Guri Knutsdr. budde der i 1770-åri, båe er døde 1783. Likeins budde Godvin Jørgenson, gm. Sigvor Sjursdr. der ikring året 1800. Jørgen Godvinson, gm. Marta Oddsdr. hadde plass i Rognshagen 1801 og døydde der 1810, 73 år gl. Der budde og Nils Mikkjelson Gjerme, gm. Marta Tørisdr. frå Valdres, frå umlag 1835 og flytte til plasset ved Båbrui ikring 1850. Han var stemnevitne ei tid, og ho dreiv med farging. Nils Nilsson, gm. Sigvor Knutsdr. Endeve, fekk i 1850 husmannskontrakt på Rognshagen, der han døydde 1873, 68 år gl. og ho i 1901.

På plasset ved Båbrui budde i 1790 syskini Knut, Ingjerd og Gjertrud Andersborn. Det var då skifte etter halvbroren Anders Olavson. Han var død som soldat i Fredrikstad. Kolbein Ivarson var plassmann ved Båbrui i 1770, då kona hans, Ragnhild Olavsdr., døydde. Ho hadde 2 born med Knut, fyrste mannen

--- side 277 ---

sin, etter seg, nemleg Eirik Lirhus og Guri. Kolbein døydde på plasset 1798, 79¾ år gl. Andre kona hans, Guri Sjursdr. levde etter han. Ikkje born.

Ved Båbrui budde og ikring 1810-1830 Sjur Knutson, gm. Ingebjørg Olavsdr. Han døydde 1819 og ho 1831. Ein utbygdar, Bautler, budde der ei tid. Han skulde vera den fyrste på Voss som dreiv med farging og persing åt andre. Det var serleg blått han farga. Kona hans heitte Anna. Etter dei kom Per Larsson, gm. Gudve Helgesdr. Han døydde 1856, 56 år gl., og ho 1877. 4 born: Lars i Amerika, Knut i Ålesund, Olav i Nordland og Ingebjørg død ugift.

Fyrrnemnde Nils Mikkjelson og Marta hadde m. a. dotteri Brita, som 1861 var gift med Fredrik A. Lillegraven. Han var buntmakar og budde ved Båbrui. Deira dotter Kristina, f. 1861 var gift med Olav Torleivson Viste, som og har butt der, sjå bruk 43. I Rognshjellen budde skomakar Knut Eirikson, gm. Marta Andersdr. frå ikring 1860. Han døydde 1890. Av husmenn elles på Rogne er nemnde Knut Andersson, gm. Gjertrud Oddsdr. i 1801. Han var smed. Olav Olavson, gm. Anna Andersdr., nemnde 1844-1856, Mikkjel Larsson, gm. Guri Rasmusdr., nemnde 1848 og Lars Person, død 1846, 78 år gl. På Rognshjellen bur no desse tri: Olav Olavson Rogne, f. 1886, Anders Olson Skjerveheim, f. i Jølster 1848, gm. Brita Larsdr., og enkja Brytva Larsdr. Grindaland, f. 1860. Plasset Eggjane vart oreigna i 1931, sjå bruk 100.

Stølane.

Stølen var 2 mil frå garden heiter det i 1723. Johannes Torbjørnson Rogne kjøpte i 1775 av Lars Sjurson og Knut Arveson Skjeldal tridjeparten i fjellstølen «Øient» (Øyaset), som fyrr høyrde til Grimastad, og halvparten i selet for 50 riksdalar. Bruk 6 har i 1827 fått tinglese fredlysing vedkomande stølen Øyaset. Rogne har vårstøl på Kringlo og sumarstøl på Øyaset ved Hamlagrøvatnet. I 1907 vart det semje i forlikskommisjonen um merket millom Øyaset og Søre Hamlagrø.

Kvernane i Rognsfossen.

Kvern har det nok vore på Rogne i 1300-talet og kanskje tidlegare. Når Valtjov har veita vatnet i elvi frå Prestegarden si kvern på Tvildeslandet, umtala ovanfor frå diplom av 1365,

--- side 278 ---

so må det vera fordi han sjølv vilde bruka vatnet åt kverni si. Ovanfor er umtala, at enkja etter Svein Halleson på Rogne i 1376 let kvern og kvernedam til Jørund Arneson, og vidare at i 1496 fekk Ivar Ormson, sokneprest på Voss, ved byte ein kvernedam på Rogne. Manntalet av 1661 nemner ikkje noko um kvern på Rogne, men i 1723 er der ei flaumkvern. I uppgåva av 1776 over kvernar er ført upp 2 årgangs kvernar med skatt 6 skill. for kvar og ei kvern med skatt 2 skill., som var det vanlege for kvernar då. På dei 2 kvernane på Rogne «males noget lidet for andre» heiter det. Same tal kvernar var der og i 1790 og skattlagde på same måten. Siste kvernebruket på Rogne er umtala på bruk 9. Lenger nede straks ovanfor Båbrui stod på same sida åt elvi eit kvernhus til i 1880-åri på den tufti, der pumpeverket åt Vossavangens Vassverk no er. Det hadde seinste åri fyre 1880 bytt eigarar fleire gonger. Truleg har det vore det eine kvernhuset åt Rogne.

Offentlege forretningar.

Av offentlege forretningar er umtala merkeskilsforretning i 1758 mot Ullestad, Mølster og Prestegarden, semje av 1836 um gjerde og beiting, sak med Vinsand i 1844 um skade ved buføring, overutskifting 1874.

Ymse.

Rogne er ofte nemnd som postgard i tidi 1675 til 1831. Mennene der er kalla postbønder, dei skyssa posten uppover til Leiddal eller Tvinno og nedover til Eide eller Lisseim. For det var både dei og ein dreng åt kvar, postdrengen, fritekne for soldatteneste. Postbøndene var og fri for soldathald og fekk dertil noko løn. Det var 2 riksdalar 4 mark til kvar postbonde for året i 1720 og 1735. Postgardane var og sume tider fritekne for sume skattar.

På Vangstinget var fyre ei sak i 1771 um ein mann frå Sogn som var funnen død. Soldat Viking Mattisson Rogne var mistenkt for å ha drepe han. Det er då vitna at liket var funne eit lite stykke frå den store elvi. Kolbein Båbrui hadde meldt det til lensmannen og sagt at liket låg der «blyverket» hadde vore, og at «blygruben» var full av vatn. Me veit ikkje no noko um kvar denne «blygrube» har vore, dersom det då ikkje skulde vera sylvgruva på Tvildesmoen ved Raundalselvi som er meint.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Rogne.

Kristen Rasmussen 1711 tavle 1 nr. 45. Kristen 1713 t. 3 nr. 38. I 1722 teikna han umlag likt t. 2 nr. 13, i 1725

--- side 279 ---

og 1734 likt t. 2 nr. 51, men har atter brigda merket både i 1713 og 1734. Hermund 1724 t. 3 nr. 40, men har brigda merket mykje i 1731. Eirik Hermundson 1739-1761 t. 3 nr. 41. Torbjørn 1740-1778 7 gonger t 3 nr. 42. Merket er brigda på 7 måtar frå 1749-1779. Johannes Torbjørnson t. 3 nr. 52. Kolbein mæ Brudne teikna 1772 bokstavane K J S. Arnfinn 1781, 1784 t. 3 nr. 43. Seglet åt Eirik Rogne i 1766 t. 4 nr. 9. Sjå bumerketavla side 11.