Rokne.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 221 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive Rokn og a Rokne. Det vert no sagt Ròkkné2; han búr pao, è tao Ròkkné, ska tì Ròkks, sms. Ròkkshaujén. Namnet må koma av eit ord rokn m. eller n. (eldre form hrokn) med tyding haug, skyld med ord som ei ruka (dunge) og ein rauk (stakk, stabel).

Tri menn kunngjorde 1333 (DN IV nr. 204) på Onarheim at Cicilia Ormsdr. hadde avstade ½ mmb. i Stora Rokne til Sigurd Hallvardson. På Rokne er 1333 utferda brev (DN IV nr. 207) der to menn kunngjer at Gudrid Arnfinnsdr. selde til Odd Oddson 3 mmb. på Byrkjo. Jon prest på Varaldsøy kunngjorde 1337 (DN XI nr. 22) at Sigurd Bårdson og kona hans, Cicilia Tor-

--- side 222 ---

gautsdr. hadde selt 3½ mmb. på Rokne til Hallbjørn Sigurdson i Våge på Varaldsøy for 14 kyrlag. Sume har sagt at Sigurd Bårdson truleg er Sigurd på Torsnes. Sigurd Gauteson var 1375 til stades på Rokne (eller Rogne) og skreiv under ei fledføringskontrakt. Det er sume som meiner at denne Sigurd kann vera same Sigurd Gauteson som 1343 var fehirde i Tunsberg (DN II nr. 259) og 1347 fehirde i Bjørgvin (DN II nr. 285).

Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangens prestebol åtte ½ laup i Vetla Rokne. Åmund var brukar 1521 og betalte 3 mark i skatt og 8 mark i brefbrot. Oluff og Laurits var brukarar 1563. Lauritz budde 1591 på Stora Rokne og Knut på Vetla Rokne. Han betalte 1597 tridje års bygsel av 1 laup med 1 mark 51/3 skill. I rekneskapen 1585-1616 for Vangens prestebol er sagt at det fekk 3½ aske korn og 9 merker smør i landskyld av Stora Rokne og 2 såld korn og ½ laup smør av Vetla Rokne. Oluff har betalt tridje års bygsel 1610 for 1 laup på Vetla Rokne og i 1616 3 dalar for 3 laup. I 1621 og 1629 hadde han 1 laup, og ei enkje hadde 1603 øydegard.

Styrk er ofte skriven som leiglending 1603-1641 og er skriven som eigar av 1½ laup 12 mark i 1611, 1 laup 18 mark i 1614 på Rokne og 1624 2 laup på Rokne og Skutle. Laurits var brukar 1611. Mons betalte 1613 tridje års bygsel på Vetla Rokne med 3 dalar. Anders åtte 1614 3 spann. Knut var øydegardmann 1614 og 1621. I 1621 åtte Nils Haugo 2 laup på Takla og Vetla Rokne, Arne Gjerstad 15 mark på Stora Rokne, Oluff Rokne 1 spann på Fjellby, 6 mark på Afdal og 9 mark på Brekkhus, Jon Vinsand 30 mark i Stora Rokne, Toris Glymme 1 spann på Rokne og Eide, Oluff Finne og Knut Sonve 12 mark på Stora Rokne, Ivar Bryn 5 mark på Stora Rokne, Sjur Seim 2 pund på Stora Rokne og Nestås, Anders Tesdal 1 spann på Vetla Rokne og Oluff Skutle 7 mark på Stora Rokne.

Leidangsboki 1624 melder at leidangen på Vetla Rokne var 1 spann smør 1 bukkskinn og på Stora Rokne ½ laup smør og 2 bukkskinn. Det er sagt at gardane var toleg gode. Per var leiglending på Vetla Rokne og Styrk på Stora Rokne. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset i Stora Rokne 2 laup med 4½ dalar i skatt. Stiftet åtte 1627 1 laup på Vetla Rokne der Oluff var leiglending. Per Vetla Rokne og Styrk Stora Rokne var leiglendingar 1635 og Per og Brynjulv 1640. Frå 1645 er det vanleg skilt millom Vetla og Stora Rokne i manntali.

--- side 223 ---

199. Vetla Rokne.

Landkommisjonen har skrive 1661 at Vetla Rokne hadde 2 laup 2 pund 18 mark i skyld, ein brukar og turvande vedaskog. I 1723 var det to brukarar, men elles som i 1661. Vidare er sagt i 1723 at der var humlagard, at garden var våtlend og at det var misleg med kornavlingi. Skyldi var 1777 3 laup som 1838 vart umskrivi til 9 dalar 4 ort 17 skill. Då og var der turvande vedaskog. Samanlikningstalet var 1500.

I matrikkelen 1865 er ført upp 43 mål åker, 5 mål dyrka eng, 66 mål god, 66 mål medels natureng og 46 mål skrapebø. 8 mål høvde til dyrking. Der var medels hamnegang, turvande vedaskog på bruk 3 og 4, men for lite på bruk 1 og 2. Timberskog var der ikkje. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 47,4 mål åker, 72 mål kunsteng og 5 mål natureng.

Folketalet var 22 i 1801, 34 i 1865 og 20 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Vetla Rokne.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   19   18          
1723 2   22   24   24 ½    
1865 4   30   74   103   72  
1918 7   27   57          

Per Anderson, g. m. Anna, var leiglending 1645. Dei hadde tenestgjenta Kristi. Per var son til Anders som budde på Tesdal. I 1664 var det sak millom 51 menn på Bordalen og mennene på Nesheim, Granvin. Båe partar vilde eiga stølen Krossaset. Per Rokne førde saki for Bordalingane. Det var ei stor og vidsveimd sak. Per har nok skilt seg godt frå henne etter di det fall dom for at stølen skulde vera Bordalingane sin eigedom. Per var fleire gonger lagrettemann 1650-1670 og har vore leiglending lenger enn til 1670. Knut Sonve åtte 1652 og 1659 9 mark, og 1½ laup høyrde til Finnegodset.

F. Broderson let 1649 til kongen ved makabyte noko på Vetla Rokne der Per var leiglending. H. Sehested fekk 1649

--- side 224 ---

kongeskøyte på leidangen 1 spann smør og 1 bukkskinn. Sehested åtte 1650 1½ laup. 1 spann var av Giskegodset og 1 laup 1 spann hadde han fått ved makabyte med kongen. På det var leidangen 1 spann smør 1 bukkskinn, 2½ ort 10 skill. i skatt, 2½ ort 10 skill. i fornødspengar, 2½ ort 10 skill. i arbeidspengar og 3 ort 211/3 skill. i avgift til jordeigaren. Per var leiglending. Vangskyrkja åtte 12 mark, Vangens prestebol 1 laup og bønder 1 spann. Sehested let 1651 sitt jordgods til kongen, som selde det 1657 til Gabriel Marselis.

I 1661 åtte Evanger kyrkje 12 mark, Vangens prestebol 1 laup og 1½ laup var Finnegods. Per var framleies leiglending 1661 og 1664 og hadde sønene Mattis f. 1644, Nils f. 1645 og Knut som var g. m. Ingebjørg Oddsdr. og i 1695 var brukar på Store Ringheim og hadde sonen Per Glymme. Nils Sonve åtte 1680 9 mark, Rasmus Finne 1 laup 17 mark og Klas Miltzow 1½ laup. Eigarane i 1691 og 1695 var: Vangens prestebol 1 laup, Evanger kyrkje 12 mark, Nils Sonve 9 mark. Dessutan åtte Klas Miltzow 1691 1½ laup 9 mark som Henrik Miltzow åtte 1695. Matriklane 1714 og 1723 har desse eigarar: Vangens prestebol 1 laup, Evanger kyrkje 12 mark, Odd Sonve 9 mark og Henrik Miltzow 1 laup 1 pund 21 mark.

Nils Person, nemnd ovanfor, er skriven som leiglending 1691 og fleire gonger seinare. Han var som ekm. g. m. Lussi Monsdr. og døydde 1726. Nils stemnde 1708 Eirik Fære for di han hadde hogge sprakastaur i skogen hans Nils. Han hadde med fyrste kona si ei dotter og med Lussi fem born: Sigrid g. 1. m. Knut Torgeirson Nyre, 2. m. Jørgen Nilsson Haugo, Ingebjørg, g. 1. m. Olav, 2. m. Erling Henrikson Øvsthus, Vinjar åttung, Olav f. 1675, David Stora Saude og Anders f. 1691. Olav bygsla 1718 33 mark av H. Miltzow og kjøpte 1727 9 mark av Odd N. Sonve. Olav døydde 1738.

Olav og Anders stemnde 1729 saman med Lars Skutle og nokre andre Henrik Miltzow og løytnant Nordahl for di dei hadde teke for stor avgift. Dei laut betala attende 7 rd. både til Olav og Anders. På den store ljoskruna i kyrkja står m. a: OLLE NILSSEN ROCKNE 1733 og ANDERS NILSSEN ROCKNE 1733. Anders Nilsson f. 1691, g. 1713 m. Ingebjørg Rasmusdr. Stora Rokne fekk 1713 som gåve frå verfaren 45 mark i Stora Rokne og bygsla 1718 1 laup 33 mark av H. Miltzow, som Nils, far hans Anders då sa upp. Ingebjørg døydde

--- side 225 ---

1758, 67½ år gl. og Anders 1767. Dei fekk seks born: Olav f. 1715, Per f. 1718, g. 1747 m. Anna Arnesdr. Kvitno, Dorta g. 1744 m. Per Erlingson Skutle, Mons f. 1721, g. 1770 m. enkja Kristi Åmundsdr. Jernes, Rasmus f. 1730, g. 1763 m. Kristi Gitlesdr. Auro, og Lussi f. 1733, g. 1754 m. ekm. Nils Oddson Sonve. Olav vart g. 1742 m. Jorunn Persdr. Haugo og kjøpte 1764 1½ laup av ervingane etter kancelliråd Alstrup. Olav hadde 1670 kjøpt løysningsretten til dette jordgodset som Gabriel Marselis hadde ått. Jorunn døydde 1776, 61½ år gl. og Olav


Bilete 27. Vetla Rokne fyre utskiftingen 1931. Fot. P. Braaten.
Bilete 27. Vetla Rokne fyre utskiftingen 1931. Fot. P. Braaten.

1778. Dei hadde fem born: Per, Dordei f. 1748, g. 1792 m. Knut Bjarneson Grevle, Marta, g. 1775 m. Johannes Monsson Bokkatun, Anna f. 1754, g. 1781 m. Olav Nilsson Nedre Herre og Brynhild f. 1757, g. 1790 m. Sjur Jonson Græe. På skifte etter Jorunn var jordgodset verdsett 450 rd.

Per Olavson, g. 1. 1771 m. Torbjørg Monsdr. Bokkatun, 2. 1784 m. Ingebjørg Larsdr. Mosafinn, fekk 1777 skøyte på 1 laup 33 mark. Sokneprest Ruus har skrive 1761 at Per O. Rokne hadde gode kunnskapar ved konfirmasjonen og var ved vidare øving i lesing og skriving «præpareret» til skulehald. Per vart etter vedtak av stiftet tilsett som skulehaldar i fjorde skuledistrikt som gjekk frå Haugo på Bordalen og heile Viki.

--- side 226 ---

Då Per fekk avskil 1769, gav Ruus han god attest som skulehaldar. Per fekk tri born med Torbjørg og åtte med Ingebjørg: Ragna f. 1774, død 1854, Olav f. 1777, Jorunn f. 1779, Nils f. 1784, g. 1815 m. Ingebjørg Sjursdr. Rokne, Torbjørg f. 1786, g. 1815 m. Anders Larsson Svelgane, Anders f. 1791, Lars f. 1794, g. 1818 m. enkja Torbjørg Mikkjelsdr. Jerald, Ingebjørg f. 1796, Klas f. 1798, Knut f. 1800, g. 1830 m. Marta Mikkjelsdr. Gjerstad (og døydde 1855) og Marta f. 1803. Per døydde 1803, 60½ år gl. og Ingebjørg 1850, 93 år gl. På skifte 1783 vart garden verdsett 450 rd. og på skifte 1804 til 600 rd. Olav fekk garden på skifte etter far sin. Sjå vidare bruk 3.

Ivar Andersson bygsla 1731 1 laup 18 mark. Torgeir Olavson kjøpte 1737 9 mark og bygsla same år 1 laup 33 mark av Henrik Miltzow. Torgeir var, som ovanfor nemnt, g. m. Inga Endresdr. Tesdal f. 1713. Dei fekk sju born: Lussi f. 1738, Olav f. 1744, Askjel, g. 1763 m. Steinvor Jørgensdr. Graudo, Svein, g. 1773 m. Barbrå Ivarsdr., Anna f. 1751, Nils f. 1754 og Marta f. 1757. Torgeir bytte 1753 med Halldor Knutson uti Yksnabjørg. Han gifte seg 1754 m. enkja Ragna Torgeirsdr. Bokkatun. Halldor kjøpte 1761 9 mark på auksjonen av fru Alstrup. Ragna døydde 1770, 64 år gl. og Halldor 1773, 56 år gl. Dei hadde ikkje born. På Bokkatun er umtala borni som Ragna hadde med Mons, fyrste mannen sin. Ved skifte etter Ragna åtte buet 1 laup 33 mark.

Nils Andersson Gjerde kjøpte 1771 18 mark av Halldor og gifte seg 1773 m. Synneva Davidsdr. Mølster, som var systerdotter hans Halldor. Synneva døydde 1796, 53½ år gl. og Nils vart attgift 1797 m. Magli Knutsdr. Tveiti. Han fekk tri born med Synneva: Knut f. 1774, Ingebjørg d. e. f. 1775, g. 1807 m. Olav Endreson Tesdal, Ingebjørg d. y. f. 1779, død ugift 1799. Nils døydde 1809, 68 år gl., og Magli gifte seg att 1811 m. Per Ivarson Nedre Fenno. Knut har 1800 og 1810 fått skøyte på 1½ laup. Sjå vidare bruk 1.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Vetla Rokne. Knut Nilsson vart som ovanfor umtala eigar av bruk 1. Han var f. 1774 og g. 1803 m. Dønåt Oddsdr. Sonve. Knut bytte 1822 med Eirik Knutson uti bruk 1 Vinsand. Eirik var g. 1813 m. Anna, Torsteinsdr. Vinsand og fekk fire born: Knut f. 1821, Torstein f. 1824, Marta f. 1827

--- side 227 ---

og Anna f. 1829. Eirik døydde 1833, 45 år gl. På skifte etter han vart garden taksta 770 spd. og skogen 30 spd. Bruttomidelen var 1125 spd. Anna vart attgift 1835 m. Endre Monsson Ygre.

Knut fekk garden ved skifte etter faren og skøyte 1835 frå mori og selde 1840 halve garden til Torstein Hermundson Ygre for 575 spd. Torstein Eirikson kjøpte 1843 denne halvparten for 750 spd. og likeins den andre halvparten for 400 spd. av Endre Monsson som hadde kjøpt han av Knut. Torstein selde 1859 halve garden, som vart bruk 2, til Olav Monsson Dale for 980 spd. Bruk 1 selde Torstein same år til Knut Larsson Rokne. Torstein, syskini hans, mori og stykfaren reiste alle til Amerika.

Knut Larsson er umtala på bruk 4. Han let bruk 1 i 1874 til Johannes, son sin, for 650 spd. som selde att 1880 til Torbjørn Mikkjelson Haugen for 6400 kronor. I 1887 selde Torbjørn til Olav Andresson Høvik frå Sunnfjord for 6600 kronor og flytte til Tveiti. Ragnhild J. Edal kjøpte so 1889 for 5600 kronor og selde 1890 til Helge Bergeson Styve for 6000 kronor. Han kjøpte gard på Grimastad og selde på Rokne i 1895 til Hermund Larsson Skiple for 6400 kronor. Han selde att 1913 til Anton J. Slettemark for 12000 kronor og flytte til Vetla Skiple. Anton er f. 1877 og g. m. Sigrid Knutsdr. Møn f. 1880. Han har vore med i heradsstyret, skulestyret, formann i jordstyret og har havt andre tillitsyrke.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 201, lnr. 389 med gamal skyld 1½ laup, urevidert 2 dalar 1 ort 15 skill., revidert 2 dalar 2 ort 20 skill. Ny skyld mark 3,74.

Bruk 2. Vetla Rokne. Det er skilt frå bruk 1 i 1851 og selt til Olav Monsson Lunde for 780 spd. Han var f. 1808 og g. 1840 m. Anna Davidsdr. Vestrheim. Olav døydde 1876 og Anna 1898. Dei fekk seks born: David f. 1841, død ugift 1895, Torstein f. 1842, død ugift 1914, skreddar, Brita f. 1844, død 1923, Olav f. 1846 (Amerika), Guro f. 1849, g. 1873 m. Lars Bjarneson Herre og Nils f. 1852 (Amerika). Ho Brita hadde ei dotter, Margreta, som vart g. 1900 m. Nikolai Rognebakke på Himle. Lars var f. 1849, fekk 1883 skøyte på farsgarden til kona for 4200 kronor og hadde to døtter Ragnhild f. 1873, g. m. Steffa Arnfinnson Stora Rokne og Anna f. 1877. Lars døydde 1903 og enkja selde same år garden til Lars Eirikson

--- side 228 ---

Fenno for 6400 kronor. Han selde att 1905 til Sjur Jonson Grønsberg for 6000 kronor. Han var g. m. Hansina Jonsdr. Åse frå Vik i Sogn som døydde 1917.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 201, lnr. 389 b med urevidert skyld 2 dalar 1 ort 14 skill., revidert 2 dalar 2 ort 20 skill. Ny skyld mark 3,74.

Bruk 3. Vetla Rokne. Olav Person vart som fyrr nemnt eigar 1804 av bruk 3. Han var f. 1777, g. 1812 m. Guro Klasdr., enkja etter Arnfinn Knutson Stora Rokne. Guro døydde 1831, 67 år gl., og Olav 1838 utan etterkomarar. Olav selde 1805 halve garden som framleies var bruk 3, til Nils, bror sin. Han bytte 1824 med Gusskalk Sjurson uti bruk 2 Litlere. Han er skriven for Rykke då han 1796 gifte seg med Sisselja Knutsdr. Ullestad og budde på Jeraldstveiti fyrr han kom til Litlere. Dei fekk fem born: Knut f. 1797, død 1856, Brita f. 1799, g. 1827 m. Ivar Knutson Bø, Rd., Ragnhild f. 1802, g. 1832 m. Sjur Åmundson Himle (Amerika), Synneva, budde 1856 på Seim, Manger, Sjur f. 1809, g. 1851 m. Kari Nilsdr. Sonve, sjå bruk 3 Sonve. Gusskalk let 1840 garden til versonen Ivar for 500 spd. Gusskalk døydde 1849, 82 år gl. og Sisselja 1854, 83 år gl.

Ivar Knutson f. 1806 gjekk i smedlære hjå Gamlesmeden på Rokne og vart god smed. Ivar bygde sjølv nye alle husi på garden. Stovetimbret hogde han høgt uppe i Istadmarki og flekte takhellone på Skjerve. Ivar var sume tider på smedarbeid hjå andre. Både han og sønene Knut og Gusskalk var, saman med verfar hans Ivar på murings- og bruarbeid. Ho Brita var flink med alt slags kvinnearbeid og gjorde ymse kararbeid og. I smidja hjelpte ho til sume tider som uppslagar. Ivar døydde 1858 og Brita 1887. Dei fekk tri søner: Knut f. 1827, Gusskalk f. 1830, g. 1863 m. Rannveig Johannesdr. Rogne, gardmann på Bø, Dyrved., og Olav f. 1836, g. 1859 m. Guro Johannesdr. Vangen, gardmann på Olde. Knut gifte seg m. Jorunn Johannesdr. Rogne f. 1838 og fekk 1859 skøyte frå mori på garden for 700 spd. Knut døydde 1872 og Jorunn 1912. Dei hadde seks born: Brita f. 1854, g. m. Arnved Velomson Dolve, Ivar, Herborg f. 1860, g. m. Arnfinn Velomson Dolve, sjå bruk 75 av Lekve, Anders f. 1861 (Amerika), Sigrid f. 1864, Johannes f. 1871 (Amerika). Ivar er f. 1857, g. m. Brita Hermundsdr. Skutle og har no garden. Ivar er flink smed, snikkar og bygningsmann og arbeider sjølv skone åt seg og huslyden sin.

--- side 229 ---

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 201, Lnr 390 med gamal skyld 2 pund 6 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 3 ort 22 skill. Ny skyld mark 4,05.

Bruk 4. Vetla Rokne. Olav Person vart som ovanfor umtala eigar av dette bruket i 1804. Han var f. 1777 og g. 1812 m. enkja Guri Klasdr. Stora Rokne. Ho døydde 1831, 67 år gl. og han 1838, barnlause. Knut Larsson kjøpte 1824 garden for 700 spd. Han var g. 1. 1817 m. Kristi Olavsdr. Saude, 2. 1846 m. enkja Brita Andersdr. Vangen. Han var god smed, dreiv mykje med større smedarbeid t. d. smedestedar, skruestedar og liknande og elles det folk hadde bruk for. Utslitne ljå saud han ihop til sleggjor, som skulde vera framifrå gode. Knut vart vanleg kalla Gamlesmeden. I 1813 vart han utkommandert i krigen mot Sverike. Han var oldefar til den både i Amerika og Europa namngjetne fotballspelar Knute Rockne i Chicago. Knut Rokne døydde 1873, 86 år gl. og Brita 1897. Han fekk sju born med Kristi og tri med Brita: Lars d. e., Ingebjørg f. 1820, g. 1842 m. Torstein Larsson Rjodo, Olav d. e. (Amerika), Knut d. e. f. 1824, g. 1850 m. Marta Andersdr. Kvitno, Brita f. 1828, g. 1848 m. Svein Oddson Tesdal (Amerika), Ivar f. 1831 (Amerika), Lars d. y. f. 1836, Johannes f. 1848, g. 1872 m. Ragnhild Gudleiksdr. Tillung (Amerika), Olav f. 1850, g. 1879 m. Ingebjørg Endresdr. Jerald, gardmann på Jerald og Knut d. y. f. 1855, død 1875.

Lars Knutson d. e. fekk garden ved skifte 1847 etter mori og skøyte 1863 frå faren. Han gifte seg 1842 med Marta Torsteinsdr. Lofthus. Lars døydde 1867, 49½ år gl., og Marta 1907. Dei fekk seks born: Kristi f. 1844, g. 1869 m. Johannes N. Lid, Brita f. 1846, g. 1871 m. Knut Johannesson Raustad, Torbjørg f. 1849, g. 1884 m. Lars N. Lid, Nyre, Knut f. 1852, Torstein f. 1853 (Amerika), Lars f. 1860 (Amerika). Knut vart g. 1875 m. Marta Johannesdr. Raustad og fekk 1877 garden for 2600 kronor. Knut døydde 1903, Marta 1915, og sonen Johannes fekk 1899 garden for 4350 kronor. Johannes er f. 1881 og g. m. Brita Larsdr. Nyre.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 201, lnr. 391 med skyld som bruk 3.

Bruk 5. Midt Rokne. Utskilt frå bruk 2 i 1903. Guro Olavsdr. Rokne tok det undav då ho selde bruk 2. Ho var f. 1849 og døydde 1909.

--- side 230 ---

200. Stora Rokne.

Landkommisjonen har 1661 ført upp ein brukar på Stora Rokne og at skyldi var 4 laup 18 mark, men i upprekningane av eigarane vert det 4 laup 30 mark. Elles er berre sagt at der var brennefang. Skyldi er ført upp med 4 laup 18 mark i 1723, 4 laup i 1777 og 4 laup 15 mark i 1838, då ho er umskrivi til 11 dalar 4 ort 13 skill. Humlagard og vedaskog til eige bruk var der både 1723 og 1838. Garden var sers lettbrukt og kornavlingen årviss er det sagt i 1723. Samanlikningstalet var 1800 i 1838. Vassfall er og ført upp då.

I matrikkelen 1865 er ført upp 40 mål åker, 15 mål dyrka eng, 53 mål god, 148 mål medels natureng og 84 mål skrapebø. 16 mål var skikka til dyrking. Der var medels hamnegang, vedaskog og litt timber. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 44,5 mål åker, 74 mål kunsteng og 22 mål natureng.

Folketalet var 17 i 1801, 32 i 1865 og 33 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Stora Rokne.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   20   17          
1723 4   34   24   32      
1865 4   40   80   104   96  
1918 5   32   63          

Brynjulv Styrkson, g. m. Gundelle var leiglending 1645 og hadde dotteri Kristi og tenestgjenta Jorunn. Der budde og husfolki Øyel, g. m. Ingjerd og enkja Ingeleiv. F. Broderson let 1649 noko til kongen ved makabyte. F. Broderson åtte 1652 4 laup og 1655 3 laup. Munkeliv var 1659 eigar av 4 laup og 1661 3 laup 2 pund 18 mark. Prestebolet åtte 1652-1661 1 spann. Arne Vikingson og Brynjulv Styrkson var leiglendingar 1661. Brynjulv hadde sonen Mons f. 1645. Hermann Garmann fekk 1662 kongeskøyte på 4 laup som var Munkelivgods. På Rokne var det ein Jens som skulde vera ein av dei to fyrste underoffiserar på Voss. Han fekk avskil 1660.

--- side 231 ---

Presten Christen Weinwich åtte 1680 2½ pund, Trond Gjelland 1 laup, Per Flatekvål 1 pund 9 mark, Nils 1 pund 9 mark og Apostelgodset 1 laup 1 spann. Eigarane i 1691 var Christen Weinwich 2½ pund, Nils Rogne 1 pund 9½ mark og brukaren Rasmus 2 laup. I 1695 var det Trond Gjelland 1 laup og Rasmus 21/3 laup. Prestebolet åtte 1691 og 1695 som fyrr 1 spann og Per Flatekvål 1 pund 9½ mark. Rasmus og Mattis var brukarar 1691 og 1695. I 1714 og 1723 åtte brukarane tilsaman 3 laup 2 pund 18 mark. Resten 18 mark høyrde framleies til Vangens prestebol.


Bilete 28. Stora Rokne fyre utskiftingen 1931. Fot. P. Braaten.
Bilete 28. Stora Rokne fyre utskiftingen 1931. Fot. P. Braaten.

I 1701 var der tri brukarar: odelsbøndene Rasmus Brynjulvson og Rasmus Sjurson og leiglendingen Mattis Person. Mattis f. 1644, var son hans Per Andersson Vetla Rokne og som ekm. g. 1702 m. Anna Monsdr. Norekvål. Han hadde to born med fyrste kona og fem med Anna: Olav, Anders, Rannveig, g. m. Rasmus Sjurson Rokne, Ragnhild f. 1712, g. 1744 m. Bjarne Ivarson Vinjo, Trond f. 1715, Anna f. 1717 og Mattis f. 1720. Mattis Person døydde 1721, og Anna levde etter han. Versonen Rasmus kjøpte 1721 1 laup 9 mark som verfaren hadde i bygsel. Rannveig, kona hans Rasmus, døydde 1724, og Rasmus vart same år attgift med Brita Ivarsdr. Lydvo.

--- side 232 ---

Rasmus var f. 1657, døydde 1726 utan etterkomarar og åtte då 2½ pund som på skifte etter han var taksta 40 rd. Ho Brita selde 1726 dette jordgodset til Ivar Olavson Osgjerd.

Ivar kjøpte noko jordgods av andre og, so han åtte i alt 2 laup 12 mark. Ivar budde på Osgjerd der han er umtala. Ein son, Mikkjel, f. 1719, bygsla faren sin eigedom på Stora Rokne og fekk 1747 og 1761 skøyte på han. Mikkjel var ofte for retten for slagsmål og ymist anna. Ein gong i 1758 slo han ut vindauga i gastgjevarstova for di han ikkje fekk meir brennevin. På sumartinget 1766 bad Mikkjel futen um å få snus. Futen svara at han hadde ikkje. Mikkjel gjekk so til Hermann Fleischer og bad um snus og fekk det. So gjekk han burt att til futen og bles snusen på han, brukte fæl munn mot futen og andre og gjorde mykje uppstuss. Domaren stogga rettsmøtet til det vart rolegare. Mikkjel fekk sjølvsagt svida seinare for denne åtferdi.

Mikkjel gifte seg 1739 m. Barbrå Jonsdr. Fagnastølen og døydde 1781 og Barbrå 1796, 75 år gl. Dei fekk borni: Bård f. 1742, Brita f. 1746, g. 1765 m. Brynjulv Eirikson Rjodo og Ingjerd f. 1761. Bård vart g. 1762 m. Gudve Sjursdr. Sonve og fekk 1764 skøyte frå far sin på 1 laup 2 pund 12 mark. Gudve døydde 1799, 57 år gl., og Bård vart attgift 1801 m. Marta Nilsdr. Lid. Han bygsla bruk 1 Bjørku og budde der til han døydde 1815. Bård hadde med Gudve fire born: Jon, Ingjerd f. 1766, g. 1796 m. Knut Eirikson Almenningen, Inga f. 1769, g. m. Helge Jonson Olde og Mikkjel f. 1776, g. 1815 m. Synneva Sveinsdr. Jerald.

Jon Bårdson gifte seg 1. 1793 m. Sygni Arnfinnsdr. Rogne, 2. 1814 m. Soffi Mattisdr. Berge. Ved skifte etter Sygni åtte dei 2 laup 9 mark på Stora Rokne verdsett 1200 rd. og 2½ laup på Rogne verdsett 1500 rd. Rogne hadde dei fått hjå Sygni sine foreldre. Jon døydde 1840, 77 år gl. og Soffi 1845, 68 år gl. på Rogne. Jon fekk seks born, umtala på Rogne: Bård, Kari, Gudve, Arnfinn, Marta og Brita. Eigedomen på Rokne vart skift i to bruk. Sonen Bård fekk bruk 1, og dotteri Gudve fekk bruk 3. Sjå vidare bruk 1 og 3.

Rasmus Brynjulvson var son til lensmann Brynjulv Styrkson og soneson til Styrk, som båe er umtala ovanfor. Rasmus var f. 1643, g. m. Dordei Johannesdr. Seve og døydde 1721. Dordei levde etter han. Dei hadde tri døtter: Torbjørg, g. 1. 1694

--- side 233 ---

m. Torgeir Sjurson Hylle, 2. m. Anders Hylle, Marta, g. m. Steffa Bryn, og Ingebjørg, g. 1713 m. Anders Nilsson Vetla Rokne. Ved skifte etter Rasmus åtte buet 3 laup 12 mark, verdsett 192 rd. Bruttomidelen var 335 rd. Sokneprest Nils Weinwich stemnde 1708 på odelsretten til 2½ pund som Rasmus hadde, men me har ikkje set korleis det gjekk. Rasmus var lagrettemann 1695.

Brynjulv Torgeirson Hylle, som ho Torbjørg fekk med fyrste mannen sin, var f. 1694 og g. 1719 m. Kirsten Knutsdr. Finne. Brynjulv bygsla same år 1 pund 7½ mark av Rasmus og 1723 1 laup 6 mark av Dordei, Steffa Bryn og fleire. Anders Hylle selde 1732 2 pund 4 mark til assessor v. d. Lippe, men etter lagtingsdom 1734 fekk Brynjulv dette jordgodset som han hadde gjort krav på og hadde odelsretten til. Brynjulv er skriven som skysskaffar i 1723. I 1750 åtte Brynjulv etter skøyte 1724 og 1746 tilsaman 2 laup 9 mark. Han døydde 1752 og hadde fem born: Dordei f. 1727, g. 1751 m. ekm. Sjur Knutson Rong, Torgeir f. 1729, Knut d. e. f. 1732, g. 1764 m. Brita Andersdr. Ringheim, som budde på Jernes, Rasmus f. 1734, død 1765 og Knut d. y. f. 1739, g. 1768 m. Guri Oddsdr. Gjelle. Enkja Kristi kjøpte 1754 33 mark av Eirik Oddson Jerald og vart attgift 1755 m. Per Knutson Glymme. Ho døydde 1772, 73½ år gl., og Per 1766.

Torgeir Brynjulvson gifte seg 1754 m. Marta Sjursdr. Rong og fekk 1754 og 1764 skøyte frå fleire på tilsaman 2 laup 12 mark. Torgeir bytte 1779 med Henrik Hermundson Rjodo uti garden hans på Vele, men dei bytte um att i 1780. Same året bytte Torgeir med Knut Arnfinnson uti bruk 1 på Gjerde og fekk 200 rd. i byte. Torgeir flytte 1784 til Espeland i Granvin, der han vart buande og hadde åtte born. Sonen Knut har dikta ei lang vise um andre divisjon av Bergenhusiske grenaderbataljon frå den fyrste dag dei kom frå legdene 1807 og til dei kom attende til Bergen 1810. Knut Arnfinnson var f. 1727, g. 1753 m. Torbjørg Steffadr. Skjerve, og døydde 1817. Dei hadde tri born: Ragna f. 1754, som 1817 var enkje på Ettesvoll, Arnfinn f. 1762 og Arnved f. 1771, g. 1808 m. Bryttva Knutsdr. Vivås, sjå bruk 1 Midt Skutle.

Arnfinn fekk 1783 og 1810 skøyte på 2 laup 10½ mark og gifte seg 1786 m. Guro Klasdr. Grimastad. Arnfinn la upp sak saman med trettan andre menn mot lensmann Gusskalk Ring-

--- side 234 ---

heim med ymse skuldingar mot han. Ved domen 1803 fekk Arnfinn straff, åtte fekk bøter og fem vart fri for straff, men vart pålagde sakskostnader saman med dei andre. Arnfinn døydde 1811, og Guro vart attgift 1812 m. Olav Person Rokne f. 1777, sjå bruk 3 Vetla Rokne. Arnfinn og Guro fekk fire born: Klas f. 1793, Steffa f. 1797, g. 1829 m. Brita Larsdr. Tveito, Isak f. 1801 og Mass f. 1807, husmann. Isak hadde stove ved gardshusi på Stora Rokne og var ein meister til å spela fele, serleg rull og lauseslåttar. Han reiste til Amerika i 1845. På skifte etter Arnfinn var jordgodset verdsett 1200 rd. Bruttomidelen var 2068 rd. Garden vart no skift, so Steffa fekk bruk 4 og Klas bruk 5. Framhald bruk 4 og 5.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Stora Rokne. Bård Jonson vart g. m. Ingjerd Andersdr. Nedre Hylle og fekk bruk 1 i 1824. Han bytte 1828 med Lars Mikkjelson uti Lassahaugen. Lars var f. 1795, g. 1823 m. Marta Bårdsdr. Osgjerd, og fekk borni: Guri, død som barn, Mikkjel f. 1826, Gjertrud f. 1827, Bård f. 1832, Guri f. 1836, Kari f. 1839, Olav f. 1843 og Ivar f. 1847. Lars selde garden 1850 for 1000 spd. til Mikkjel Olavson Seim og reiste med huslyden sin til Amerika. Mikkjel Larsson fekk i Amerika sonen Anton J. Rockne i Minnesota. Han har vore medlem av legislaturen i Minnesota, formann i finanskomiteen og statssenator.

Mikkjel Olavson var f. 1787 på Seim, Gullfj., g. m. Anna Olavsdr. og døydde 1856. Dei hadde fire born: Olav, Karolina, Knut f. 1841 og Marta f. 1844. Karolina var f. 1835 og g. 1859 m. Lars Steffason Rokne f. 1834. Dei fekk garden ved skifte etter far hennar. Lars døydde 1890 og hadde borni: Steffa f. 1860, g. 1887 m. Gudve Endresdr. Jerald, Anna f. 1861, d. 1937, Johan Mikael f. 1865, Brita f. 1869, g. 1893 m. Torleiv Olavson Belgum f. 1869, Olav f. 1872 og Lars f. 1874. Torleiv fekk 1901 skøyte frå vermori på garden. Han selde att 1913 til Mikkjel Larsson Brakestad for 12400 kronor. Han var f. 1868 i Evanger g. m. Marta Larsdr. og døydde 1930. Deira son Lars fekk 1935 skøyte frå mori for 5900 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 202, lnr. 392 a med gamal skyld 1 laup 4½ mark, urevidert 2 dalar 4 ort 18 skill., revidert 3 dalar 9 skill. Ny skyld mark 4,48.

--- side 235 ---

Bruk 2. Kùlset. Utskilt 1832 frå heile Stora Rokne og selt til Lars Hermundson Bjørgo for 200 spd. Stølseigedomen har sidan fylgt med garden Bjørgo.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 202, lnr. 392 b, 393 b, 394 b med gamal skyld 3 mark, urevidert 13 skill., revidert 1 ort 7 skill. Ny skyld 38 øre.

Bruk 3. Stora Rokne. Gudve Jonsdr. f. 1800, gifte seg 1825 m. Olav Olavson Stora Rokne. Dei fekk 1824 skøyte frå far hennar på bruk 3. Ein part i Raundalens Ålmenning fylgde med. Olav var med i krigen mot Sverike. Han var noko nervøs og leid ikkje so lite soleis når han var med i slag. Nils Olavson, truleg bror hans Olav, var og med i krigen. Han var ein stor sprek kar og var alltid den fremste i marsen. Dei kalla han difor bjødlekjyræ. Olav døydde 1847, 58 år gl. og Gudve 1876. Dei hadde tri born: Eirik (Amerika), Nils f. 1828 og Anna f. 1830, g. 1853 m. Lars Knutson Haug. Nils gifte seg 1847 m. Anna Oddsdr. Sonve og fekk same år skøyte frå far sin på garden. Han let garden 1853 til verbror sin Lars K. Haug og reiste til Amerika. Dei hadde då sonen Olav som skriv seg for Oliver Rockney Nelson. Han er g. 1880 m. Julia Marie Salveson. Foreldri hennar er frå Skien. Nelson vart forretningsmann og arbeidde seg fram til leidande stilling i eit stort linoljeselskap i Chicago og let etter seg ikring ½ million kronor då han døydde. Frua har 1936 sendt 5000 dollars som gåve til Voss Barneheim.

Lars Knutson og Anna fekk sønene Olav f. 1855 og Knut f. 1857. Anna døydde 1864, og på skifte etter henne vart garden taksta 800 spd. og utlagd til sonen Olav. Lars vart attgift 1865 m. Ingjerd Gudleiksdr. Rue. Ivar Nilsson Lavik kjøpte 1866 garden for 1050 spd. Han var f. 1816 i Eksingdalen, g. m. Kristense Nilsdr. Bø og døydde 1907. Ho var f. 1816 og døydde 1899. Dei hadde borni: Ågota f. 1838, død ugift 1909, Kristbjørg f. 1845, død 1891, Brita f. 1847, død ugift 1923 og tvillingane Nils og Anna f. 1850. Anna er g. m. Olav Olavson Rokne i Chicago. Nils fekk 1892 skøyte på garden for 3200 kronor. Han døydde ugift. Han let garden 1892 til systersonen Nils Teodorson Rokne, son hennar Kristbjørg. Han er f. 1867 og g. 1898 m. Mari Larsdr. Sonve som døydde 1927. Nils fekk 1936 ei sylvskei og diplom frå Voss Dyrevernlag for trugen umsut og dyrevenleg åtferd gjenom mange år.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 202, lnr. 392 o med skyld som bruk 1.

--- side 236 ---

Bruk 4. Stora Rokne. Steffa Arnfinnson fekk 1818 som fyrr umtala bruk 4. Han var f. 1798, g. 1829 m. Brita Larsdr. Tveito og fekk tri born: Arnfinn f. 1830, Guro f. 1833, g. 1857 m. Endre Oddson Tesdal og Lars f. 1835, g. 1859 m. Karolina Mikkjelsdr. Rokne. Brita døydde 1873, 65 år gl. og Steffa 1879. Arnfinn fekk 1856 farsgarden for 500 spd. og gifte seg 1862 m. Kirsti Knutsdr. Lirhus. Dei fekk fire born: Brita f. 1864, g. 1914 m. Olav Sveinson Bygd på Sonve, Steffa f. 1868, Kristi f. 1875, g. 1897 m. Knut Styrkson Haug, Knut f. 1880, g. m. Brita Jonsdr. Tveito. Steffa fekk 1890 skøyte på garden for 2400 kronor og gifte seg 1895 med Ragnhild Larsdr. Rokne.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 202, lnr. 393 a med skyld som bruk 1.

Bruk 5. Stora Rokne. Klas Arnfinnson fekk 1812 som fyrr nemnt bruk 5. Han var f. 1793 og g. 1815 m. Marta Aslaksdr. Jernes. Klas bytte 1827 med Styrk Aslakson uti bruk 3 Jernes. Styrk var f. 1783, g. 1817 m. Gjertrud Olavsdr. Store Hornve. Han var ute i krigen mot Sverike og døydde 1841 og Gjertrud 1871, 81 år gl. Dei fekk tri born: Anna f. 1820, Ragnhild f. 1821, g. 1845 m. Anders Larsson Auro, gardmann på Rjodo, og Olav f. 1832, g. 1863 m. Anna Gudleiksdr. Tillung f. 1838. Olav fekk halve garden på skifte etter faren og den andre halve ved skøyte 1858 frå mori. Anna, døydde 1918 og Olav 1922. Dei hadde ni born: Styrk f. 1864, Gudleik f. 1865, Knut f. 1866, Anna f. 1868, g. m. Sjur Mikkjelson Veiso, Olav f. 1870, død 1888, Kristi f. 1873, g. 1. 1897 m. Lars Nilsson Bjørku, 2. 1926 m. ekm. Sjur Larsson Istad, Gjertrud f. 1876, Ingjerd f. 1878 og Lars f. 1880. Lars fekk 1904 garden for 3600 kronor og selde att 1906 til Sjur Veiso for 5000 kronor. Per Larsson Jordal kjøpte 1913 garden for 9000 kronor, men 1914 skøytte han garden etter odelssøknad til Olav Sjurson Veiso for 11 100 kronor. Gitle Knutson Grønlidi kjøpte 1920 garden for 20 000 kronor. I 1924 vart fråskilt bruk 6 og 1928 bruk 7-13. Det som var att av bruk 5, kjøpte Mikkjel Brakestad i 1928 for 1785 kronor.

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 202, lnr. 394 a med skyld som bruk 1.

Bruk 6. Kvernateigen. Utskilt 1924 frå bruk 5 med skyld 38 øre. Knut Ivarson Vetla Rokne er eigar.

Bruk 7. Rokne. Skilt frå bruk 5 i 1928. Skyld 50 øre. Selt til Nils Th. Rokne for 1786 kronor.

--- side 237 ---

Bruk 8. Rokne. Utskilt 1928 frå bruk 5. Skyld 50 øre. Selt til Steffa A. Rokne for 1786 kronor.

Bruk 9. Rokne. Skilt ut 1928 frå bruk 5 med skyld 50 øre og selt til Anton Slettemark for 1786 kronor.

Bruk 10. Rokne. Utskilt 1928 frå bruk 5. Skyld 50 øre. Selt til Sjur Grønsberg for 1786 kronor.

Bruk 11. Rokne. Skilt frå bruk 5 i 1928. Skyld 50 øre. Selt til Knut Ivarson Rokne for 1786 kronor.

Bruk 12. Rokne. Utskilt frå bruk 5 i 1928 med skyld 50 øre og selt til Johannes Knutson Rokne for 1786 kronor.

Bruk 13. Nystødl'n og Kùlset. Skilt frå bruk 5 i 1928. Skyld 50 øre. Selt til Mikkjel Brakestad for 3500 kronor, som selde stølane att 1929 for same pris til Lars K. Lid.

Husmenn.

Lars Sveinson var husmann 1656 då han vart stemnd av Per for di Lars hadde bygt sel på Per sin eigedom og hamna der. Mattis døydde som husmann stutt fyre 1701 og hadde sonen Knut f. 1691. Lars Eirikson er nemnd 1717. Olav Torgisson fekk dotteri Ingjerd f. 1782. Lars Andersson g. m. Anna Olavsdr. fekk dotteri Ingebjørg f. 1783. Anders Larsson, g. m. Torbjørg Persdr., fekk dotteri Ingebjørg f. 1822. Rasmus Sjurson, g. m. Kari Gusskalksdr., var husfolk då dei fekk døtterne Brita f. 1825 og Gunnvor f. 1827. Lars Person, g. m. Torbjørg Mikkjelsdr. hadde plass på Kjennsstødl'n og fekk sonen Nils f. 1829.

Knut Eirikson Rjodo, g. 1816 m. Brita Helgesdr. Olde, budde på plasset Haugane og fekk borni Brita f. 1837 og Bård f. 1839. Plasset Sekken var ved Græesmerket nedanfor bygdavegen. Der budde Mass Arnfinnson f. 1807, g. 1835 m. Sisselja Nilsdr. Skjeldal. Dei fekk døtterne Torbjørg f. 1837 og Guro f. 1844, g. 1868 m. Odd Eirikson Haug, fødd på Flatekvål. Mass døydde 1855 og Sisselja 1866, 66 år gl. Ho Torbjørg hadde to born: Nils f. 1863 og Sisselja f. 1873. Det er fortalt at Mass og kona hans og syskini Nils og Sisselja til ulike tider og på ulike stader reiste på gjeli og bleiv.

Knut Eirikson døydde 1855, 63 år gl. og hadde to døtter Dordei f. 1825, g. 1846 m. Knut Ivarson Vike og Anna f. 1826, g. 1847 m. Lars Larsson Takla. Gitle Johannesson Hornve f. 1814, g. 1845 m. Gudve Oddsdr. Tesdal hadde plasset Haugane

--- side 238 ---

etter Knut og Brita. Gitle var skomakar. Han døydde 1886 og Gudve 1910. Dei fekk åtte born: Jorunn f. 1844 (Amerika), Johannes f. 1846, g. m. Anna Eggjareid, kyrkjetenar på Vangen, Odd f. 1847 (Amerika), Ingebjørg f. 1849, g. m. skreddar Eirik Knutson Ullestad, Ringheim, Knut f. 1851, g. m. Ingebjørg Sjursdr. Lydvateigen, skomakar, Jørgen f. 1851 g. 1. m. Brita Olavsdr. Haugo, 2. m. Ingeleiv Mikkjelsdr. Erdal, husmann på Tròdo, Gudve f. 1857, g. m. Nils Olavson Saude, gardmann på Nesheim i Reppen, og Anders f. 1859 (Amerika). Knut Larsson, g. m. Brita Andersdr., fekk dotteri Brita i 1854.

Stølane.

Det var ei mil til støls er det sagt i matrikkelen 1723. Vetla Rokne har vårstølen Kjennsstødl'n som ligg utanfor Tessjolo og sumarsstølen Roksbot'n som er høgre uppe. Ei stor jordskride våren 1894 sopte burt husi på Kjennsstødl'n. Stora Rokne har vårstølen Nyestødl'n og sumarsstøl Kulset, som er i kring 1 km. ovanfor Nyestødl'n.

Kvern.

Der var ei flaumkvern på Vetla Rokne og ei på Stora Rokne i 1723, men 1776 og 1791 hadde kvar av dei to og seinare tri kvernar som stod i Sonvesgroæ.

Offentlege forretningar.

Sak 1728 millom eigar og brukar, odelssak 1732, sak 1733 um odelsretten til Rokne, semje 1734 um Kjennsstødl'n, forretning 1737 på Vetla Rokne, sak 1738 og 1739 med Vele, forretning 1759, steining 1759 mot Sonve og fleire, odelssak 1767, sak 1773 på Vetla Rokne og 1785 på Stora Rokne, steiningsforretning 1785, åstadsak 1794 mot Jerald, steiningsforretning 1795, dom 1798 og 1799 i sak mot Jerald og 1797 og 1798 mot Jerald og Jeraldstveiti um beite, utskifting 1807, åstadsak 1807, semje 1816 med Tillung um merkeskil, semje 1828 um beiting på bøen og um ikkje å halda geiter, odelstakst 1830, åverksak 1834, odelssak 1842 på Vetla Rokne, åstadsak 1842 på Kulset, overtakst 1842, semje 1847 um gjerde på stolen, utskifting 1860 på Kjennstødl'n, utskifting 1865, 1867, rettssemje 1885 um beiting, utskifting 1931. Fyre denne utskiftingen stod husi på Vetla Rokne i ei rekkje der bruk 1 og 4 sine hus no er. På Stora Rokne flytte bruk 1 husi sine or det gamle tunet. Ved siste utskifting vart bruk 5 på Stora Rokne kjøpt og skift millom dei andre bruk på Stora og Vetla Rokne.

Bumerke.

Rasmus 1712 tavle 8 nr. 31. Rasmus Sjurson fleire gonger 1713-1724 t. 8 nr. 32. Olav Vetla Rokne fleire gonger 1717-1734 t. 2 nr. 59. Lars Eirikson 1717 t. 8 nr. 33, Brynjulv Stora Rokne fleire gonger 1732-1782 t. 2 nr. 78. Brynjulv Torgeirson nokre gonger 1745-1752 t. 2 nr. 78. Torgeir Stora Rokne 1762, 1779 t. 2 nr. 78. Gusskalk 1733 t. 2 nr. 8, litt brigda nokre gonger 1734-1738. Anders Vetla Rokne

--- side 239 ---

1734, 1741 t. 1 nr. 41. Olav Stora Rokne 1734 t. 8 nr. 34. Mikkjel 1751 t. 8 nr. 35, brigda på fire måtar 1754-1778. Per Stora Rokne 1756, 1758 t. 1 nr. 13. Halldor Vetla Rokne 1765 t. 8 nr. 36. Bård 1778, 1786 t. 8 nr. 37, noko brigda 1780, 1782. Nils Vetla Rokne 1781, 1783 t. 8 nr. 38.

Ymse.

Som døme på kor nærsøkjen bjørnen var fyrr i tidi er fortalt: Ein av Roksmennene hadde sett hegn umkring ei gamal bu som stod midt i tunet for å ha smalen der um nettene. Ein bjørn tok der ei natt ein stor ver, drog han i kring 150 meter burtum husi og heldt måltid der.

I kring midten av 1800-talet var det på Rokne ein Lars som «bøtte» for tannverk. Gamle Nils mæ Brudne (Båbruæ) fortalde at han hadde havt slik ulideleg tannverk og gjekk til slutt til Lars. Fyrst fekk Nils ein dram brennevin. Lars gjekk so ut ei stund. Da han kom inn att og Nils skulde gå, fekk han eit glas medisin med seg. Nils skulde ta tri gonger i munnen av glaset og sputta det ut. Nils so gjorde og Nils kjende sidan aldri meir til tannverk. Folk trudde at dei som bøtte for tannverk, sette han på eit tre, helst ei bjørk, som då snart vart turr.