Røte.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 125 ---

Namnet vert i 1317 skrive i Rætene. Det vert no sagt Røtè2; han búr pao, è tao Røtè, ska tì Røtés, sms. Røtés-gróæ. Den gamalnorske formi må vera Rætin, av eldre Rót-vin, samansett av rót f, (trerot) og vin (beite).

På Røte er det to gardsnummer, 18 Store (eller Øvre) Røte, og 19 Vetla (eller Nedre) Røte.

Matrikkelen i 1661 fører upp Store Røte som heil gard med skyld 4½ laup og Vetla Røte som halv gard med 3 laup 3 spann, men i uppgåva over dei einskilde eigarar vanta det 1 laup på Vetla Røte. Vedaskog og ein Uten humlagard var det både på Store og Vetla Røte. Noko anna er då ikkje fortalt um garden. I 1723 er skyldi som i 1661. På Store Røte var to brukarar. Det var knapt med vedaskog og ikkje kvern. Årviss for korn og måteleg lettvinn. På Vetla Røte var to brukarar. Der var lite vedaskog og ikkje kvern. Årviss for korn og tungvinn. I 1838 var skyldi på Store Røte 4 laup 1 pund 12 mark og på Vetla Røte 2 laup 1 pund 12 mark. Det var ei kvern på Vetla Røte og ingi på Store Røte i 1776. Ved matrikkelen i 1830-åri var samanlikningstalet for Store Røte 1860 og for Vetla

--- side 126 ---

Røte 1300. På båe gardane var vedaskog til eige bruk. Skyldi er i 1838 umskrivi på Store Røte til 12 dalar 1 ort 16 skill. og på Vetla Røte til 8 dalar 3 ort 2 skill.

I matrikkelen 1865 er ført upp for Store Røte 35,7 mål åker, 4,5 mål dyrka eng, 65 mål god, 64 mål medels natureng og 54 mål skrapebø. 16-20 mål var skikka til dyrking. Det var medels vårhamn, ring sumarhamn, for lite vedaskog og ikkje timberskog. Garden var lettvinn. Bruk 1 og 2 var vanleg godt


Frå Røtesgardane 1917. Til høgre Vetla Røte, til vinstre noko av Store Røte.
Bilete 16. Frå Røtesgardane 1917. Til høgre Vetla Røte, til vinstre noko av Store Røte. Fot. Ludv. Bru.

dyrka, men bruki 3 ikkje so godt. Ved uppteljingi 1918 var på Store Røte 43,8 mål åker, 28 mål kunsteng og 66 mål natureng. På Vetla Røte var det i 1865 21 mål åker, 7 mål dyrka eng, 52 mål god, 57 mål medels natureng og 34 mål skrapebø. 8 à 9 mål var høveleg for dyrking. Garden var lettvinn og medels godt dyrka. Hamnegang og skog som på Store Røte. I 1918 var det 27 mål åker, 25,5 mål kunsteng og 69 mål natureng.

Folketalet på Store Røte var i 1801 23, i 1865 26 og i 1920 26 menneske. På Vetla Røte var det 12 i 1801, 22 i 1865 og 28 i 1920.

--- side 127 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Røte.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 6 59 68
1723 1) 3 31 30 36
  2) 2 20   24   20      
1865 1) 3 38 85 98 64
  2) 2 28   52   66   40  
1918 1) 5 30   118          
  2) 6 17 52

3)

1) Store Røte. 2) Vetla Røte. 3) På eine bruket var mest ingen fødnad i 1918 på grunn av sers tilhøve.

I brev av 9. februar 1311 (DN. III. nr. 94) er umtala ei semje millom «husfru» Birgit og Halle (truleg på Rogne) som formyndar for Trond sine born på Røte. Birgit eignar då til Halle 2 mmb. i Hefte og 4 mmb. i Himle. Odd på Røte var son åt Odd på Rogne og bror åt Halle på Rogne og Ingebjørg. Odd på Røte hadde ein son Odd, som var far åt Arnfinn Oddson. Han var sysselmann på Voss i 1392. Ein Arnbjørn Oddson er kann hende òg son åt ovannemnde Odd. Brev av 26. juli 1317 (DN. I. nr. 151) umtalar at Odd og systri Ingebjørg løyste inn Rogne åt Halle sine born. Sjå på Rogne.

Vangskyrkja åtte etter Bjørgynjar Kalfskinn i 1340-åri 2½ laup i Røte. Um dette då var heile garden veit me ikkje. Erling på Røte er 6. november 1365 uppnemnd saman med 5 andre menn til å døma i ei sak (DN. VI. nr. 266). DN. IX. har eit diplom, nr. 341, skrive på Røte 25. august 1462, der Gard Rikolfson pantset til Hr. Alf Knutson 4 mmb. i Geslen (Geitle) og fisket i elvi for 40 kyrlag. Diplom av 21. august 1472 skrive på Gyrestad (DN. VIII. nr. 395) fortel at Ketil Brynjulvson har bytt 15 mmb. i Store Ringheim til Hr. Alf Knutson og fru Magnhild Oddsdr. og fått att 10 mmb. i Nedre Røte og noko millomlag i kyr, smør og korn. Ketil har so etter DN. VIII. nr. 428 21. oktbr. 1490 selt til henne Magnhild sin eigedom «Fremme» Røte og fått betaling for han. Det var same eigedomen som han hadde fått hjå henne. Munkeliv kloster åtte 8 mmb. i Røte i 1480-90 (DN. XII. nr. 257).

I 1521 budde Bjørn på Røte og betalte 9½ mark i skatt og 8 mark i breffbrot. Knut budde der 1563 og betalte 1 dalar

--- side 128 ---

i skatt. Ingelbrett var då tenestedreng. Fru Gyrvhild Fadersdotter (Gyldensparre) skøytte 1582 3½ laup Finnegods i Store Røte og ½ laup i Vetla Røte til kongen. Etter jordboki for Vangens prestebord 1585-1616 fekk det i årleg landskyld av parten sin i Nedre Røte ½ laup smør. Anders er nemnd fleire gonger som leiglending på Vetla Røte i åri 1603-1621 og Kolbein på Store Røte åri 1603-1636. Han åtte 1 laup i garden 1614 og 1621, og betalte ½ dalar i odelsskatt. Leidangsboki for 1624 melder at leidangen av Øvre Røte var 1 pund 6 mark smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn, og av Nedre Røte 1 pund smør, 1 geitskinn og 1 kalvskinn. Kolbein var leiglending på Øvre Røte og Anders på Nedre Røte. Det er tilført at desse to gardane var «maadeleg til avl» men hadde ikkje noko lunnende. Øvre Røte vart 1627 pålagt ryttarskatt med 1 dalar ½ ort. I 1635 var Kolbein brukar av 4½ laup og Nils av 2 laup 1 spann. Ei enkje budde der og då som leiglending, men det står ikkje kor mykje ho hadde. Nils er òg førd upp i 1636 og 1640.

I 1645 budde Johannes Knutson og Nils Andersson der. Johannes var gift med Berete og hadde dotteri Marete. Lasse var tenestedreng. Johannes må vera død fyre 1652, med di Berete er førd upp som eigar av ½ laup 1652 og 1659. Nils var gift med Marete, hadde sonen Per og budde på Vetla Røte. Tomas er førd upp 1640 som leiglending og fleire gonger i tidi 1642-1659 som eigar av ½ laup i garden. Han åtte dessutan i 1652 3½ spann 3 mark i Tren og 1655 3½ spann i Tren og 6 mark i Svanga i Evanger. Sjur er nemnd som brukar 1662 då han var stemnd fordi han hadde henta neter i annan manns skog. I skogsaki mot Klas Miltzow vitna Sjur at han i 1669 hadde hogge 11 tylvter sagtimber i Ålmenningen.

Finnegodset åtte i 1648 3½ laup i Øvre- eller Store Røte og 1 laup i Nedre Røte. Tomis var leiglending. Allehelgens gods åtte i 1647 2½ pund i Nedre Røte. Olav Gjerdåk var eigar av ½ laup i Røte 1652, 1655 og 1 laup 1659. Kongen selde 1649 til Hannibal Sehested leidangen av Apostelgodset i Store Røte 1 pund 6 mark smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn og i Vetla Røte ½ pund smør, 1 geitskinn og 2 kalvskinn. Sehested fekk kongeskøyte i 1648 på 3½ laup i Øvre Røte og 1 laup i Nedre Røte av Finnegodset, men laut lata det att til kongen i 1651. Leidangen på dei 3½ laup var 1 pund 6 mark smør, 1 bukk-

--- side 129 ---

skinn, 1 geitskinn og vidare 5 dalar i skatt, 5 ort i fornødspengar, 5 ort i arbeidspengar og 1½ dalar i avgift til jordeigaren. På Øvre Røte var dessutan 1 laup bondegods.

På laupen i Nedre Røte som høyrde til Finnegodset var det ½ pund smør, 1 geitskinn og 2 kalvskinn i leidang, 1 dalar i skatt, 1 dalar i fornødspengar, 1 dalar i arbeidspengar og 1 ort 8 skill. i avgift til jordeigaren. Allehelgensgodset åtte dessutan 3 spann og prestbolet ½ laup i Nedre Røte. Nils var leiglending. Kongen selde i 1657 til Gabriel Marselis 3½ laup i Store Røte og 1 laup i Vetla Røte. Styrk og Brynjulv var då leiglendingar på Store Røte og Nils på Vetla Røte. I Skattemanntalet 1657 står, at Finnegodset åtte 4½ laup i Store Røte og 1½ laup i Nedre Røte. Eirik Krag fekk i 1665 saman med nokre andre kongeskøyte på 2½ pund i Nedre Røte av Allehelgensgodset. Frå ikring 1660 er det i manntali skilt millom Øvre- eller Store Røte og Nedre- eller Vetla Røte. Me skal no halda fram fyrst med Store Røte og deretter med Vetla Røte.

18. Store Røte.

Brynjulv Vikingson var brukar 1661 og åtte 1 laup i garden. Resten høyrde til Finnegodset. Skatten var då 6½ rd. 1 mark. Brynjulv og ei enkje var brukarar i 1664. I 1680 var Gjert Miltzow eigar av 1 laup og Klas Miltzow av 3½ laup. Der var 4 brukarar i 1691: Lars, Botolv, Hans og Kolbein. Henrik Miltzow åtte 3½ laup i 1695 og Vangskyrkja 1 laup. Botolv og Lars var då brukarar på 1½ laup kvar. Resten har då altso vore bygsleledigt. Lars Bergeson døydde 1696 og let etter seg enkja Ragnhild Nilsdr. og seks born: Berge Seve, gift, Anders Vestrheim, gift, Nils, Guro, Giør, alle myndige, og Ragnhild, 17 år gl. Lars åtte ikkje noko jordgods.

Folketeljingi 1701 fører upp som brukarar Botolv Sjurson, 55 år, Kolbein Styrkson, 53 år og enkja Ragnhild Nilsdr. Botolv hadde sonen Lars 17 år gl. I 1714 åtte Henrik Miltzow framleies 3½ laup og Vangens fatighus åtte 1 laup. Botolv, Brynjulv og Lars var brukarar i 1715. Botolv døydde 1722 som enkjemann og hadde då borni Johannes Lofthus, Lars Rene, Per Finne, husmann, og enkja Ingebjørg Dolve. Ein son Sjur var død 1721 og let etter seg enkja Kari Gitlesdr., men ikkje born. Brynjulv Sjurson, gift med Ragnhild Larsdr.

--- side 130 ---

hadde i 1705 bygsla ein part av Nils Hermundson og hadde borni: Marta f. 1710, Brita, g. m. Lars Basteson Seim, Sigvor f. 1715 og Sjur f. 1721. Den tridje leiglendingen i 1715, Lars Botolvson, fekk bygslebrev på 1 laup i 1712 hjå Henrik Miltzow.

Matrikkelen av 1723 fører upp som brukarar Arve og fyrrnemnde Brynjulv. Arve var gift 1722 med lensmannsdotteri Kristi Massdr. Seve. Han bygsla 1721 av Henrik Miltzow 1 laup 18 mark som mori åt Arve då sa upp. Arve døydde 1735 og hadde borni Sjur f. 1726, Gjertrud f. 1730, Mass f. 1732 og Andreas f. 1734. Ho Kristi vart attgift 1737 med Lars Person Vetla Røte. Han bygsla same året 2½ laup i Store Røte.

Hans Knutson Store Røte bygsla 1739 1 laup, 18 mark i Store Røte av Miltzow og vart gift andre gongen 1745 m. Ragnhild Knutsdr. Store Saude f. 1722. Hans var f. 1689 og døydde 1746. Ho Ragnhild gifte seg att 1747 m. Torgeir Bjarneson Herre f. 1715. Dei bygsla 1747 2½ laup i Store Røte. Torgeir døydde 1750 og ho vart gift att 1751 m. Bjarne Velomson Eide. Han heldt fram med bygsli og kjøpte 1763 1½ laup av sorenskrivar Fleischer. I 1759 hadde Bjarne fått kongeskøyte på løysningsretten til desse 1½ laup, som kongen hadde selt i 1657 til Gabriel Marselis. Bjarne betalte 75 rd. for løysningsretten. Ragnhild hadde med Torgeir sonen Bjarne og med Bjarne 6 born: Torgeir, Velom, Knut, Marta, Eli og Anna. Torgeir var f. 1755, g. m. Guri A. Gjerme og vart gardmann på Kvåle, Gullfj. Velom f. 1763, g. m. Johanna Andersdr. Rekve var leiglending på Rekve. Knut f. 1766 døydde ugift. Marta f. 1753, g. 1798 m. ekm. Anders Person Rekve. Eli f. 1758 gifte seg 1793 m. David Nilsson Saude. Anna f. 1760 vart gift 1790 m. tambur Lars Knutson Raustad.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Store Røte. Bjarne Torgeirson kjøpte garden på auksjon 1772 då stykfaren Bjarne døydde, selde i 1773 halvparten (3 spann) til halvbror sin, Torgeir Bjarneson, og det vart fråskilt som bruk 2. Bjarne hadde att bruk 1. Bjarne var f. 1748, gifte seg 1778 m. Dønåt Eiriksdr. Vetla Røte og døydde 1832. Han åtte soleis 3 spann og bygsla resten i bruket, 2 spann, som Vangens Fatighus åtte. Bjarne og Dønåt hadde 5 born: Eirik f. 1781, Torgeir f. 1786, Ragnhild f. 1779, g. m. enkjemann Nils Levorson Hegg, Ingebjørg f. 1783 og Gudve f. 1792,

--- side 131 ---

g. m. enkjemann Per Nilsson, husmann på Gjelle. Eirik Bjarneson fekk garden i 1808, var gift med Marta Larsdr. Nedkvitno og døydde 1816. Eirik, son deira, f. 1816 fekk garden ved skifte etter far sin 1817, bytte same året med farbror sin, Torgeir Bjarneson, uti bruk 2 på Nedkvitno. Han vart sidan buande på Røte. Torgeir var gift 1815 med Kari Larsdr. Nedkvitno og døydde 1876. Borni deira var: Bjarne, Dønåt f. 1820 (g. m. Gudleik Torsteinson Saude, Amerika), Lars f. 1819 (Amerika), Kari f. 1823 (g. m. Steffa Olavson, gardmann på Kyte), Marta f. 1826 (Amerika) og Anna f. 1829.

Bjarne Torgeirson f. 1816, var fyrst gift 1846 med Sisselja Tormodsdr. Gjelle og deretter 1856 med enkja Gjertrud Nilsdr. Nesthus. Bjarne fekk farsgarden i 1846 for 4000 spd. Med Gjertrud hadde han dotteri Sisselja f. 1860. Ho vart gift 1880 med Knut Eirikson Seim f. 1852. Han var g. 2. 1923 m. enkja Brita Sjursdr. Berge. Knut var 12 år lærar i folkeskulen, fekk garden hjå verfaren i 1880 for 2600 kronor, var med i heradsstyret, formannskapet og hadde ymse andre tillitsyrke. Sonen Bjarne f. 1896 fekk garden i 1922 for 4000 kronor. Han gifte seg 1925 m. Anna Samuelsdr. Apaltun f. 1904. Der er eit stort fint bualoft bygt av rundtimber i bui og flatt timber i loftet. Årstalet ved sida av buadøri er utydelegt, men skal truleg vera 1775. Buadøri er sett ihop med trenaglar. Klædningen utvendes på vestsida er av kløyvde bord og var sett på med trenaglar, men då huset vart flytt etter utskiftingi 1892 vart klædningen spikra på.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 18, lnr. 40 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 3 dalar 2 ort 22 skill., revidert 3 dalar 3 ort 17 skill. Ny skyld mark 5,45.

Bruk 2. Store Røte. Som ovanfor umtala fekk Torgeir Bjarneson skøyte på 3 spann i dette bruket i 1773 og bygsla 2 spann av Vangens Fatighus. Torgeir var fødd 1755, gift 1780 med Guri Andersdr. Gjerme og døydde 1826 på Kvåle. Han selde garden på Røte i 1801 til Olav Eilivson Berge og kjøpte att bruk 1, Kvåle, Gullfj. Olav døydde 1809 utan born, og andre kona hans, Ingebjørg Gusskalksdr., selde garden på Røte i 1810 til Anders, son åt Torgeir Bjarneson og Guri Andersdr. Anders var fødd 1781, gifte seg 1812 med Marta Eiriksdr. Lydvo og døydde 1861. Dei hadde seks born: Torgeir, Eirik f. 1820 (Amerika), Rannveig f. 1813 (g. m. Lars Knutson

--- side 132 ---

Gjukastein, Amerika), Guri f. 1816 (g. m. Lars Jonson Lid, Evanger), Ingebjørg f. 1818 (g. m. Henrik Jørgenson Brekku, Bergsdalen), Marta f. 1832, d. 1931 (g. m. Mons Isakson Saude), Knut f. 1831 (g. m. Marta Olavsdr. Bø, gardmann på Uppheim, Gullfj.).

Eldste sonen, Torgeir Andersson f. 1814, gifte seg 1839 med syskinbarnet sitt, Ingjerd Bjarnesdr. Kvåle. Han fekk farsgarden på Røte i 1843 for 600 spd. og Ingjerd fekk sin farsgard bruk 1 Kvåle i 1842. Dei selde so Røte i 1856 til Brynjulv Nilsson Nesthus for 1200 spd. Han var fødd 1810, gift 1856 med Kari Torsteinsdr. Davidhaug og døydde 1876. Dei hadde borni: Marta f. 1858, g. m. Kolbein Andersson Hovda, Nils f. 1861, g. 1893 m. Marta Olavsdr. Røte, f. 1870, Torstein, sjå bruk 3, Olav f. 1868, g. m. Marta Jonsdr. Hornve. Nils fekk garden ved skifte etter foreldri i 1882 for 4200 kronor. Sonen Olav Nilsson f. 1903, g. m. Marta Knutsdr. Bø, fekk garden i 1931 for 13500 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 18, lnr. 41, med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 3 dalar 2 ort 6 skill., revidert 3 dalar 1 ort 11 skill. Ny skyld mark 4,79.

Bruk 3. Store Røte. Anders Andersson kjøpte i 1759 2 laup i Store Røte og fekk same året kongeskøyte på løysningsretten til det. Gabriel Marselis hadde kjøpt jordgodset i 1657. For løysningsretten laut Anders betala 100 rd. Anders selde att 1764 til Knut Gudleikson Uppheim, som då budde på Vetla Røte. Knut var fødd 1702, vart gift 1738 med enkja Ragnhild Vetla Røte og 1760 med enkja Guri Knutsdr. Væte. Med Guri hadde han borni Ragnhild f. 1761, Mari f. 1771 og Anders f. 1766. Han fekk garden i 1786, vart gift 1792 med Rannveig Larsdr. Veka og døydde 1815. Anders og Rannveig hadde sju born: Knut f. 1805, Torstein f. 1811 (g. m. Torbjørg O. Berge), Guri f. 1793 (g. m. Lars Sjurson Bø, Tjukkeb.), Gunnvor f. 1797 (g. m. Halldor Bårdson Lunde), Brita f. 1800 (g. m. Knut Halldorson Roe, Mestad), Marta f. 1803 (g. m. Knut Bergeson Geitle), Dønåt f. 1809 (g. m. Bertel Smelden, Sunnfjord).

Knut Andersson fekk garden i 1819, gifte seg 1842 med Ingebjørg Jonsdr. Bø, og døydde 1887. Deira sju born var: Anders f. 1845, Jon f. 1847, Eirik f. 1850, Rannveig f. 1843 (gift med Nils Nesthus), Kari f. 1854 (g. m. Olav Larsson Dolve), Marta f. 1857 og Ingebjørg f. 1860 (g. m. Lars Magneson Væte).

--- side 133 ---

Jon gifte seg 1879 m. Ingjerd Vikingsdr. Seve, fekk garden i 1879 for 3200 kronor og selde i 1884 ein part av han, som vart bruk 4, til systermannen Lars Væte. Halldor B. Styve kjøpte bruk 3 i 1897, men selde att 1899 til Torstein Brynjulvson Røte for 4000 kronor. Han er f. 1864, g. 1892 m. Kristi Sjursdr. Berge, f. 1871. Torstein let garden i 1921 til sonen Brynjulv for 10 000 kronor. Han er f. 1893, g. m. Kirsti Tormodsdr. Fletre. I 1930 vart fråskilt bruk 5. Brynjulv selde so bruk 3 i 1930 til Olav K. Skjerven for 18 000 kronor.

Bruk 3 var mtrnr. 18, lnr. 42 med gamal skyld 2 laup, urevidert 5 dalar 1 ort 12 skill., revidert 4 dalar 4 ort 19 skill. Ny skyld mark 6,25 etter at bruk 5 er skilt frå.

Bruk 4. Ytre Røte. Det er skilt frå bruk 3 i 1884. Lars Magneson Væte kjøpte det då. Enkja etter han, Ingebjørg Knutsdr., selde garden i 1906 til Steffa Jonson Gjerstad for 2150 kronor. Han er f. 1870 og g. m. Anna Nilsdr. Bruk 4 var mtrnr. 18, lnr. 42 b med revidert skyld 1 ort 4 skill. Ny skyld mark. 0,33.

Bruk 5. Røte. Utskilt frå bruk 3 i 1930 og selt av Brynjulv Torsteinson til sonen Torstein. Skyldi er 65 øre.

19. Vetla Røte.

Nils Andersson var brukar der i 1661 og 1664. Vangens prestebol åtte 1 laup, Allehelgens gods 3 spann og Finnegodset 1 laup. Skatten var 3 riksd. 1½ mark. Nemnde Nils Andersson var i 1663 vitne i markegangsforretning millom Gjerstad og stølen Kviting. I 1662 var han tiltala fordi han hadde henta neter i annan manns skog, og laut i 1663 bøta 2 rd. for slagsmål. Klas Miltzow åtte 1 laup i 1680. Mikkjel og Nils var brukarar i 1691. I 1695 åtte Ingjerd Miltzow 1 laup 2½ pund, Vangens prestebol ½ laup og Vangskyrkja resten. Berge og Lars var brukarar. Berge var gift med Åsa Eiriksdr., som døydde 1696, og hadde borni: Lussi f. 1683 og Sigvor f. 1691. Hans Monsson Rødberg fekk i 1700 skøyte på jordgodset som Ingjerd Miltzow hadde ått i garden.

Folketeljingi 1701 fører upp som brukarar Berge Andersson, 61 år, og enkja Ingebjørg Persdr. Mannen hennar, Ingebrikt Sjurson, var død i 1701. Dei hadde to søner: Per, som då var 20 år og Asbjørn, 13 år. Skattemanntalet 1714 fører upp desse

--- side 134 ---

eigarar: Henrik Miltzow 1 laup 2 pund 6 mark og Vangens prestebol ½ laup. Brukarane var i 1715 Per og Tormod Nilsson. Tormod hadde bygsla i 1711 av H. Miltzow 1 laup, var gift med Sigvor Bergesdr. og døydde 1722. Dei hadde borni: Berge f. 1713, Gudleik f. 1719, Lussi f. 1715 og Marta f. 1722. Per Ingebriktson var gift med Bryttva Knutsdr. Han sa upp bygsli i 1744 og hadde sidan kår hjå Eirik Knutson, som då vart bygslemann i staden. Per og Bryttva hadde desse seks borni: Ingebrikt, Lars (g. 1737 med enkja Kristi Massdr. Store Røte), Ingebjørg f. 1710, Marta f. 1712, Ingjerd f. 1719 og Brita f. 1722 (gift 1749 med Knut Person Haga).

Etter Tormod vart Hermund Torsteinson leiglending. Han døydde 1737, var gift med Ragnhild Oddsdr., som livde etter han. Dei åtte 2 pund 15 mark i Lid, Kvitli, som dei hadde fått ved skifte og skøyte. Deira born var: Barbrå f. 1716 (g. 1747 med ekm. Torbjørn Rogne), Torstein f. 1719 (g. 1750 med sin trimenning enkja Barbrå Eide) og Josef f. 1734, død ugift 1751. Meir um dei i ætteboki Lidætti nr. 177.

Knut Gudleikson Uppheim, f. 1702, gift fyrst 1738 med enkja Ragnhild Knutsdr. Vetla Røte og dinæst i 1760 med enkja Guri Knutsdr. Væte. Han bygsla 1738 9 mark i garden av soknepresten og 1 laup av Knut Brynjulvson Øvsthus. Knut Gudleikson kjøpte i 1759 løysningsretten til 1 laup. Kongeskøyte på det vart utferda til Jon Knutson på 2 pund 15 mark og til Eirik Knutson på 9 mark. Gabriel Marselis hadde kjøpt desse jordeigedomane i 1657. I 1764 kjøpte Knut 2 laup i Store Røte og flytte dertil.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Vetla Røte. Eirik Knutson Øvsthus bygsla i 1744 27 mark. Jon Knutson fekk i 1751 skøyte frå bror sin, Brynjulv K. Øvsthus, på 2 pund 15 mark i Vetla Røte og bygsla 1759 9 mark av soknepresten. Jon gifte seg 1768 med Brita Knutsdr. Dukstad og døydde 1809, 72 år gl. Tri born: Knut f. 1773, Marta f. 1772 (g. m. Knut Styrkson Fjose) og Gudve f. 1778 (g. 1813 med ekm. Knut S. Fjose). Sonen Knut Jonson fekk garden i 1799 og bygsla 18 mark av soknepresten, men døydde ugift 1816. Systermannen Knut S. Fjose fekk so garden i 1813. Han hadde tri born: Knut f. 1814, Brita f. 1808 (g. m. Knut Gusskalkson Eide) og Marta f. 1816. Knut fekk

--- side 135 ---

halve garden 1826, resten 1838 og kongeskøyte i 1829 på 18 mark, som Vangens prestebol hadde ått. I 1753-54 selde Knut garden til Anders Halleson Dagestad. Han døydde 1863. Enkja etter han, Marta Samsonsdr., vart attgift 1866 med Nils Davidson Gullbrå. Meir um dei i ætteboki Dagestadætti. Ho Marta selde garden i 1876 til Mattis Nilsson Giljarhus og Olav Magneson Rekve for 2390 spd. I 1878 vart det skilt frå ein part som bruk 3, i 1881 ein part som bruk 2 og i 1891 ein part som bruk 5. Olav Magneson sin son, Lars, fekk bruk 1 i 1908 for 4000 kronor. Han var f. 1874, g. 1905 m. Gjertrud Knutsdr. Røte og døydde 1917. Garden vart seld i 1918 på auksjon saman med bruk 5 Øvre Rekve for 36 000 kronor til Anders Nesheim, Haugesund. Då han hadde havt garden eit par år, selde han til Knut Larsson Væte. Han var f. 1894, og g. m. Marta Knutsdr. Røte f. 1893. Johan Nornes kjøpte garden i 1932 for 21 000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 19, lnr. 43 med gamal skyld 1 laup 18 mark. Etter at bruk 2 og 3 var fråskilt, var den ureviderte skyldi 3 dalar 1 ort 14 skill. og likeins den reviderte. No er skyldi mark 4,77 etter at bruk 5 er fråskilt.

Bruk 2. Kvernhusgjelæ. Anders Johannesson Hornve fekk skøyte på denne eigedomen i 1881 for 200 kronor. Han budde ei tid på Indre Flògo bruk 1, var f. ikring 1815, gift fyrst 1856 m. Liva Sjursdr. Rekve og deretter 1877 m. Marjo Sjursdr. Rekve, som døydde 1929, 96 år gl. Ovanfor Rekvesbrui bygde Anders stampor for bein og vadmål og kornmylne. Eigedomen testamenterte han i 1890 til Anna Olavsdr. Rekve, som er gift med Lars Knutson Hernes f. 1869. Han har halde fram med stampa. Sjå og bruk 3 Gjukastein. Bruk 2 Røte var fyrr mtrnr. 19, lnr. 43 a 2 med revidert skyld 4 skill. Ny skyld 5 øre.

Bruk 3. Vetla Røte. Skilt frå bruk 1 i 1878. Anders Andersson Røte kjøpte det då. I 1887 vart det selt til Ivar Person Flògo for 1700 kronor. Det er faren, Per Person som styrer garden. Han er frå Flògo, f. 1865 og g. m. Gunnvor Andersdr. Røte, f. 1861. Bruket var fyrr mtrnr. 19, lnr. 43 b med revidert skyld 4 ort 19 skill. Ny skyld mark 1,40.

Bruk 4. Vetla Røte. Ovanfor er nemnt at Eirik Knutson vart leiglending i 1744 etter Per Ingebriktsen. Eirik kjøpte 1751 1 pund 7½ mark i garden. Han var gift fyrst med Dordei

--- side 136 ---

Johannesdr. og 1758 med Torbjørg Nilsdr. Gjukastein og døydde 1789, 77 år gl. Fire born med Dordei: Johannes f. 1746, Dønåt f. 1749 (g. m. Bjarne T. Røte), Ingebjørg f. 1752 (g. m. Sjur Torgeirson Yksnabjørg) og Anna f. 1754 (g. m. Lars Nilsson Vetla Skiple). Born med Torbjørg: Knut f. 1762, Nils f. 1766 (g. 1797 med Maria Knutsdotter Store Røte) og Jon f. 1772.

Eldste sonen Johannes Eirikson fekk ved skifte etter faren i 1790 2 pund 15 mark i garden og bygsla 18 mark som Vangens prestebol åtte. Johannes var gift med Ragnhild Persdr. og døydde 1811 utan born. Garden hadde han selt 1799 til Jon Eirikson, halvbror sin. Jon gifte seg 1807 med Marta Knutsdr. Brekku og døydde 1857. Deira fem born var: Eirik f. 1807, Torbjørg f. 1809 (Amerika), Ragnhild f. 1812 (g. m. Arnfinn Halleson Gjerstad), Brita f. 1814 (g. m. Gudleik Askjelson Akslabjørg), Dønåt f. 1819 (g. m. Johannes Halldorson Bø). Sonen Eirik Jonson fekk garden 1839, gifte seg 1835 med Marta Hallesdr. Gjerstad og fekk 1862 kongeskøyte på dei 18 mark som prestebolet åtte i garden. Eirik døydde 1885. Seks born: Jon f. 1835, Halle f. 1839, Johannes f. 1841. Knut f. 1844, Marta f. 1848, Ingebjørg f. 1851. Han Knut fekk skøyte på garden i 1868 for 1000 spd. og hadde han til 1895. Knut var i lenger tid skulemeistar i Sogn, gift med Synneva O. Målsnes, og døydde 1914. To born: Eirik og Brita f. 1872, g. m. Nils Eirikson Rekve. Han Eirik var f. 1870, g. 1890 m. Maria Andersdr. Seve f. 1864 og skøytte farsgarden i 1895 for 2800 kronor. I 1929 vart skilt frå bruk 6.

Jon Eirikson selde 1833 ein kvernedam med jordstykke til Anders Torgeirson, som let det 1843 til Torgeir Andersson. I 1881 kjøpte Johannes Hornve ein kvernedam, truleg den same. Johannes let att til Lars Hernes, sjå bruk 2. I 1931 brann uthusi på bruk 1 og 4.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 19, lnr. 44 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 4 dalar 1 ort 13 skill., revidert 4 dalar 1 ort 16 skill. Ny skyld mark 6,25 etter at bruk 6 er skilt frå.

Bruk 5. Bruteigen. Skyld 6 øre. Han vart fråskilt bruk 1 i 1891. Marta Persdr. Røte ervefeste eigedomen i 1895. Knut Gusskalkson Bø kjøpte bruk 5 i 1898. Han er f. 1874 og g. m. Ingebjørg Jonsdr. Gjerstad. Bruk 5 er i 1930 ført saman med bruk 6.

Bruk 6. Bruteigen. Skyld 6 øre. Utskilt frå bruk 4 i 1929 og selt i 1930 til Knut G. Bø. Teigen er førd saman med bruk 5.

--- side 137 ---

Husmannsplass.

Skomakar Johannes Eirikson var husmann på Bruteigen, gift med Marta Persdr. og døydde 1890. Ho kjøpte plasset, sjå bruk 5. På bruk 3 Store Røte var to husmenn: Eirik Knutson og Lars Magneson. Eirik fekk feste i 1879 på Smidjeteigen og Ormaleite, var gift 1905 med Marta Hallsteinsdr. Hornve og døydde 1911. Lars Magneson feste Askjeteigen og Nygjerdslo i 1880 og budde der til han reiste til Amerika.

Stølane.

Stølen var i 1723 ½ mil frå garden. Per og Hermund Vetla Røte var stemna i 1735 fordi dei hadde teke seg støl på Lauvdalsstølen som høyrde til Berge. Ved matrikkeleringi i 1830-åri er tilført at bruk 1 og 2 Store Røte hadde to stølar. No har bruk 3 på Store Røte vårstøl på Vetlestølen, bruk 2 på Geitahaugane og bruk 1 vårflor i markagarden. Sumarsstøl har bruk 2 på Vålo, dei andre på Tunnaset. Vetla Røte har vårstøl på Buneld. Sumarsstøl har bruk 1 og 3 på Tunnaset og bruk 3 på Rauberge. Bruk 1 kjøpte for nokre år sidan støl i Geitabotn.

Av offentlege forretningar vedkomande Røte kann nemnast:

I 1728 var ei rettssak millom leiglending og eigar. Um Fannastølen har det vore sak i 1772. I 1778 var steiningsforretning på Store Røte og i 1787 sak millom Vetla Røte og Hæve. Vetla Røte med fleire gardar hadde i 1876 sak mot Arhelleren um beite. Det var utskifting 1891 og overutskifting 1892 på Røte. To bruk laut då flytta husi sine. I 1899 er sett upp semje med skogvesenet um skogplanting. Bruk 2 Store Røte har i 1810 tinglese fredlysing av stølsbeite.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Røte.

Tormod Vetla Røte 1715 tavle 1 nr. 72. Per Vetla R. 1719- 1745 t. 1 nr. 73. Brynjulv Store R. 1721 t. 1 nr. 74. Lars Store R. 1728, 1737 t. 1 nr. 75. Hermund Vetla R. 1731, 1732 t. 1 nr. 76. Knut Vetla R. brukte same merke 1746, 1751. Arve R. 1734 t. 1 nr. 77. Hans 1742, 1744 t. 1 nr. 78. Torgeir 1749 t. 1 nr. 79. Bjarne 1754 t. 1 nr. 80. Krossen stikk i 1766 og 1768 nedum trikanten. Bjarne Torgeirson har i 1786 T B S som er fletta i hop. Knut 1756 t. 1 nr. 81. Anders Store R. 1762 t. 1 nr. 82. Eirik Vetla R. 1769 t. 1 nr. 83. Bjarne Røte har i

--- side 138 ---

seglet 1766 bokstavane B V S og derunder bumerket sitt av 1766.

Ymse

Ovanfor vegen rett upp frå husi på bruk 1 Store Røte er ein gravhaug. Under låvefleken skal og vera ein gravhaug.