121. Røyrlidi (med Gilbòdo).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 282 ---

Namnet vert i 1723 skrive Rørlien. Det vert no sagt Røyrlíè2; han búr i, è or Røyrlíéné, ska í Røyrlíè. Namnet er samansett, fyrelekken er truleg gn. hreyrr m. (røys, steindunge), etterlekken er ei lid. gamaln. Hreyrhlíðin.

Røyrlidi har me ikkje funne noko um fyrr i folketeljingi 1701, der det står, at det var «rudningsplass». I Odelsskattemanntalet 1714 er Røyrlidi førd upp med 12 mark i skyld. Likeins i 1723. Då er det ogso meldt at Røyrlidi var skild ut frå Kvitno. Der var då ein humlagard og noko lite vedaskog. Garden hadde kald jord, var tungbrukt og det var ymist med kornavlingi. Skyldi var den same i 1838 og vart då umskrivi til 1 dalar 3 ort 7 skill. Då var det turvande vedaskog og dessutan never til sal. Samanlikningstalet var 250.

I matrikkelen 1865 er ført upp 7½ mål åker, ¼ mål dyrka

--- side 283 ---

eng, 14 mål god og 32 mål medels natureng og 28 mål skrapebø. ¾ mål høvde til dyrking. Garden hadde ring hamnegang, turvande vedaskog, men ikkje timber, var medels lettbrukt og dyrka som vanleg. Ofte vart ikkje kornet moge. Det var ⅛ mil klyvjaveg til bygdavegen.

Gilbòrdo som vart skilt frå i 1840, er ikkje medrekna ovanfor i 1865. Der var 4½ mål åker, 7½ mål god og 20 mål medels natureng og 15 mål skrapebø. Det var dyrka minder godt, men elles som bruk 1. Ved uppteljingi 1918 var på bruk 1 5,8 mål åker, 21½ mål kunsteng og 5½ mål natureng. På bruk 2 var 4 mål åker, 1½ mål kunsteng og 3 mål natureng.

Det budde 11 menneske i 1801 i Røyrlidi med Gilbòrdo, 8 i 1865 og 11 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Røyrlidi og Gilbordo.
    Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723   0   5   6   1 ½    
1865 på bruk 1 1   8   18   16   14  
« « 2
1   5   14   9   10  
1918 på bruk 1 2   4   15          
« « 2
0   3   5          

Bruk 1. Røyrlidi. Torkjel Larsson f. 1657 budde i Røyrlidi 1701 og hadde sonen Lars som 1735 gifte seg med Ingebjørg Larsdr. Hustveit. Olav Larsson let tinglesa bygslebrevet sitt i 1709 på Røyrlidi.

Anders A. Graudo åtte i 1714 8 mark og Gusskalk Fjose og Knut Osgjerd 4 mark. Jostein Endreson Kolvu var brukar. Han vart g. 1711 m. Gjertrud Nilsdr. Røyrlidi og hadde borni Olav f. 1711, Ingebjørg f. 1713 og Steinvor f. 1715. David Oddson Klyve kjøpte i 1721 2 mark i Røyrlidi av Ivar Osgjerd, 2 mark av Gusskalk Fjose og 8 mark av Anders Graudo, tilsaman 12 mark for 19 rd. 4 mark. David bygsla garden i 1722 til Nils Larsson. Han var f. 1691, g. m. Sisselja Torgeirsdr., døydde 1739 og hadde borni Viking f. 1730, David f. 1736 og Nils f. 1739, som 1765 vart g. m. Brita Nilsdr. Hagen. Ho Sisselja vart uppattgift 1740 m. Jørgen Kolbeinson, som same året bygsla Røyrlidi av Odd Klyve. Dei fekk borni: Eli f. 1741

--- side 284 ---

og Kolbein f. 1746, som gifte seg 1778 m. Ingebjørg Gudleiksdr. Midberde.

Torgeir Davidson Klyve fekk 1746 skøyte på Røyrlidi frå ervingane ved skifte etter Odd Klyve i 1728. Nils Jonson hadde ved skøyte 1746 og makebyte i 1755 fått garden for 210 rd. og selde han 1758 til Odd D. Klyve, som selde att same året til Mikkjel Ivarson for 230 rd. Mikkjel var g. m. Brita Jonsdr. og døydde 1767, 52 år gl. Ho gifte seg ått 1769 m. ekm. Eiliv Eilivson Skiple. Brita fekk sonen Jon i 1748. David Oddson Klyve kjøpte Røyrlidi i 1765 og selde 1768 til Brynjulv


Røyrlidi
Bilete 33. Røyrlidi. Fot. P. Braaten 1936.

Ingebriktson. Han bytte i 1770 med Johannes Torgeirson Ringheim uti 9 mark i Bjørndalen. Han selde att same året til Anders Jonson Kvåle. I 1774 bytte Mikkjel Knutson seg til Røyrlidi og selde att 1785 til Nils Nilsson Lydvo d. y.

Nils Nilsson vart g. 1. m. Kari Ivarsdr., 2. 1814 m. enkja Sigvor Larsdr. Tøn og døydde 1815, 64 år gl. Ved skifte etter Kari i 1810 var garden verdsett 500 rd. Seks born m. Kari: Nils d. e. g. 1817 m. Anna Andersdr. Tròdo, Arnfinn f. 1795, Lars f. 1797, Klas f. 1800, g. 1843 m. Kari Larsdr. Lemme, Margreta f. 1803, og Nils d. y. f. 1806. Nils d. y. gifte seg 1852 m. Sigvor Knutsdr. Endeve. Han hadde fått skøyte 1814 på farsgarden frå medervingar og kreditorar i buet etter mori

--- side 285 ---

Kari, som døydde 1810, 48 år gl. Nils bytte i 1826 med Hans Ivarson uti Gilbakken i Holbygdi. Hans selde Røyrlidi att 1828 til Bjarne Knutson Sygnaberde. Han gifte seg 1828 m. Eli Hansdr. Røyrlidi og døydde 1858, 66 år gl. Ho døydde 1867, 67 år gl. Fire born: Gunnhild f. 1829, g. 1853 m. Kolbein Larsson Midberde, Knut f. 1830, Brita f. 1832, g. 1855 m. Lars Ivarson Brattåker, Hans f. 1838.

Knut Bjarneson f. 1830 gifte seg 1854 m. Ragnhild Mattisdr. Gjerde og døydde 1881. Ho var f. 1805 og døydde 1887. Knut fekk farsgarden i 1854, men selde i 1860 til systermannen Lars


Gilbòrdo
Bilete 34. Gilbòrdo. Fot. P. Braaten 1936.

Ivarson Brattåker for 250 spd. Han og Brita fekk borni Eli f. 1855, Olav f. 1857 og Synneva f. 1858. Lars selde garden 1880 til Knut Kolbeinson Midberde for 800 kronor. Han er f. 1859, g. 1882 m. Guri Steffadr. Fagnastølen. Dei har fått borni: Steffa, Kolbein, Knut, Johan, Eirik, Lars, Anders og Julia, fødde 1887-1904. Anders f. 1902 har fått farsgarden for 1000 kronor.

Bruk 2. Gilbòrdo. Skyld 87 øre. Skilt frå bruk 1 i 1840.

Gamle skriftformer finst ikkje. Det vert no sagt Jìlbòr'na2; han búr pao, è tao Jìlbòró, ska pao Jìlbòr'na. Namnet er samansett av ei gil (bergkluft) og border, ei hokynsavleiding i fleirtal

--- side 286 ---

av eìt bard (bakkekant). I gamalnorsk vilde det ha heit Gilborðirnar.

Gilbòrdo var fyrr husmannsplass. Åmund Larsson g. 1. m. enkja Ingebjørg Eilivsdr. f. 1741, død 1810, 2. 1810 m. Ingebjørg Sjursdr. Setre budde der frå fyre 1801. Åmund døydde 1829, 77 år gl. Lars Olavson Bygd, g. m. Brita Hansdr. feste plasset i 1828 og hadde det då dei i 1832 fekk dotteri Brita og i 1835 dotteri Guri.

Jørgen, son til Åmund Larsson, var f. 1796, g. 1837 m. Barbrå Nilsdr. Selheim. Han dreiv mykje med massingarbeid, laga Ijosestakar, selalyklar, punglås, knivskaft, kyraknappar, smidde ljå, høveltenner, navrar, arbeidde sagblad, vevreider, kistor, rokkar og ymist anna. Jørgen arbeidde det fyrste hjulparet som gjekk gjenom Rastaliæ. Odd Klyve kjøpte det, men no er det på Gilbordo att. Jørgen dreiv og med hestahandel og reiste på Austlandet. Han bygde stovehuset som no er i bruk. Det var fyrste stovehuset med lem der i grendi. I 1840 kjøpte han Gilbòrdo for 200 spd. Jørgen døydde 1866 og hadde fire born: Åmund, Nils f. 1839, Anna f. 1844 og Brita f. 1847. Åmund var f. 1837, g. m. Ingerid Olavsdr. og fekk i 1872 garden for 250 spd. Han dreiv og med massingstøyping. Born: Jørgen, Olav, Brita, Nils, Ingerid, Lars, Åmund og Ivar, fødde 1874-1890. Ivar f. 1890 gifte seg 1928 m. Oleana Andersdr. Kvitno og fekk skøyte på Gilbòrdo hjå far sin i 1920 for 500 kronor.

Røyrlidi var fyrr mtrnr. 122, lnr. 241 med gamal skyld 12 mark, urevidert 1 dalar 13 skill., revidert 1 dalar 12 skill. Ny skyld mark 1,60, når Gilbòrdo ikkje er medrekna.

Støl.

Støl var det ikkje til Røyrlidi i 1723 og bruk 1 har heller ikkje no støl, men hamnar krøteri i utmarki umkring garden. Gilbòrdo har ått stølsrett i Vetlestølen, bruk 7 Nedre Lid med skyld 12 øre. No har Gilbòrdo ikkje sumarsstøl, men hamnar kyrne på Mjølstødl'n ovanfor garden.

Kvern.

Kvern har der ikkje vore i 1700-talet, men i 1838 og seinare har Røyrlidi og Gilbòrdo havt kvar si kvern i Urdlandselvæ. Gilbòrdo hadde og stampe der for noko lenge sidan.

Bumerke.

Mikkjel 1776, tavle 1 nr. 84. Brynjulv Ingebriktson 1770 t. 6 nr. 9. Nils Nilsson t. 6 nr. 10.