237. Rue (i Viki).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 462 ---

Namnet vert i 1300 skrive i Ruðinu. Det vert no sagt Rùé2 (i Víkjéné); han búr pao, è tao Rùé, ska tì Rùés. Namnet kjem av gn. ruð n. rudning (dativ ruði).

Rue har vore einbølt gard til 1906. I 1661 er garden ført upp med 1 pund i skyld og ein brukar. I 1723 var det og ein brukar, men skyldi var då 1½ pund. Båe åri var det turvande vedaskog og 1723 dessutan skog til husvøling og humlagard. Det var god korngard og sers lettbrukt. Skyldi vart 1838 umskrivi til 2 dalar 1 ort 16 skill. Der var fureskog jamvel til

--- side 463 ---

sal, turvande brensel, humlagard og eit lite vassfall. Samanlikningstalet var 350.

Matrikkelen 1865 melder at der var 6½ mål åker, 1 mål dyrka eng, 13 mål god, 37 mål medels natureng og 21 mål skrapebø. 2 mål høvde til dyrking. Medels hamnegang, skog til husbruk og timber kunde seljast for 14 spd. um året. Garden var lettbrukt, utsett for jordskred og dyrka mindre godt. I 1918 var der 11,9 mål åker, 2 mål kunsteng og 11 mål natureng.

Der budde 5 menneske i 1801, 8 i 1865 og 9 i 1920.


Rue
Bilete 59. Rue. Fot. P. Braaten 1937.
Fødnad og avling (i tunnor) på Rue.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 1   10   9   6      
1865 1   10   14   15   12  
1918 3   5   12          

For 1657 er fødnaden ikkje gjeven upp.

--- side 464 ---

Bruk 1. Rue. Svein Bjarneson og Halle på Rogne melder ikring 1300 (DN II nr. 60) til Fjaler prest på Øystusyn um kva jordgods Ulf Håvardson åtte. Han fridde nemleg til Ulfhild, dotter åt presten. Millom jordgodset som er upprekna var 1 mmb. på Rue. I jordboki 1480-1490 over Munkelivgodset (DN XII nr. 257) er ført upp 3 mmb. som då var øyde. Holste heitte leiglendingen som budde der 1521. Han betalte 3 mark i skatt og 8 mark i breffbrot. Laurits var leiglending 1563 og Knut og Jon i 1591. Jordboki for 1585-1616 melder at Vangskyrkja fekk 1 spann smør og 3 askar korn i landskyld og Vangens prestebol fekk 1 hud og 1 laup smør.

Nils var leiglending i 1603 og Berge i 1621. Sjur (Hæve?) åtte 1621 ½ laup 6 mark og var leiglending i 1635. Etter leidangsboki 1624 var leidangen 4 merker smør og 1 kalvskinn. Ei enkje var då leiglending og Karl i 1626. Endre Mattisson, g. m. Helga var leiglending 1640 og 1645. Der budde då og husfolki Jon, g. m. Anna og enkja Magli. Jon var lagrettemann i 1650. 1 pund 1 bukkskinn var Allehelgensgods i 1647. H. Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen 10 merker smør og 1 geitskinn av Apostelgodset. Ved makabyte med kongen same år fekk Sehested ½ laup av Apostelgodset. På jordgodset som Sehested åtte på Rue i 1650 var det 10 merker smør 1 geitskinn i leidang, ½ dalar i skatt, ½ ort i fornødspengar, ½ ort i arbeidspengar og 16 skilling i avgift til jordeigaren. Sehested let dette jordgodset 1651 til kongen som selde det 1657 til Gabriel Marselis.

Endre Bjørku åtte 1652-1659 1 pund. Odd var brukar 1652, 1657 og 1659 og Laurits 1655. Mattis Seim kjøpte 1661 9½ mark av Mikkjel Skjeldal, 3 mark av Odd Styve og 2 mark av Ragnhild Jerald. Mattis hadde dessutan ervt etter far sin det som han hadde kjøpt: 1 pund av Kolbjørn Rue, 6 mark av Eirik Fære og 1 mark av Gudleik Oddson. Sjur var brukar i 1661. Garden er ikkje nemnd i 1664. Han er førd upp under Apostelgodset i 1680 med ½ laup i skyld. Bjarne var 1691 brukar og eigar av ½ laup. I 1695 åtte Jon Tren 12 mark og Bjarne Mølster 12 mark. Brynjulv var brukar av heile Rue. Bjarne er i folketeljingi 1701 skriven som leiglending på Mølster og vart buande der. Bjarne åtte 1714 12 mark, Jon Tren 6 mark og Eirik Vinsand 6 mark. Bjarne kjøpte 1720 6 mark av

--- side 465 ---

Mattis Person Ringheim og 6 mark av Torbjørg Jonsdr., og åtte 1723 heile Rue, 1½ pund.

Arnfinn Danielson f. 1663 er skriven som leiglending i 1701. Han var g. 1. m. Ingjerd Andersdr., som døydde 1713, 2. 1715 m. Eli Mattisdr. Haga. Arnfinn har 1721 fått ny bygslesetel på 1 pund frå Bjarne Mattisson Mølster. Arnfinn fekk ei dotter med Ingjerd og fem born med Eli: Anna f. 1697, Mattis f. 1720, Ragna f. 1728, Lars f. 1730, tvillingane Olav og Anna f. 1733. Arnfinn døydde 1743, 85 år gl. og Eli vart 1745 attgift m. Odd Tormodson Kvamme. Han døydde 1749 utan etterkomarar.

Bjarne Mølster selde 1733 1 pund til son sin, Nils Gjelland, for 16 rd. Han hadde paktarar på garden for det meste. Sonen Knut d. e. fekk 1762 skøyte på 1 pund. Han var f. 1734, g. 1794 m. Eli Knutsdr. Jernes og døydde 1812. Ved testament hadde han fastsett at kona skulde få heile midelen deira. Det var 2367 riksbankdalar.

Ho Eli gifte seg att 1814 m. Nils Halleson Væte og døydde 1829. Ho hadde ikkje born, men ein fosterson Anders Johan-son f. 1797, som gifte seg 1821 m. Anna Olavsdr. Uppheim. Eli selde garden 1812 til Nils Bjarneson Gjelland for 600 rd. Han styrde garden med paktar. Nils Knag Jæger kjøpte 1856 garden for 1350 spd., dreiv ut skogen og selde garden 1866 til Sjur Arnfinnson Rekve for 500 spd.

Sjur var f. 1839, g. 1862 m. Guri Torsteinsdr. Dagestad f. 1842. Dei reiste til Amerika og selde garden 1880 til Erling Velomson Dolve. Han var f. 1854, g. 1879 m. Marta Knutsdr., fødd på Haug 1850, enkja etter Lars Oddson Nyre. Erling dreiv ei tid mykje med arbeid av ljå og knivar og selde mykje av det til Nordland. Han døydde 1896 og sonen Lars fekk garden på skifte etter Erling i 1905 for 4400 kronor. Lars har bygt nytt uthus og dyrka mykje på garden.

Rue var fyrr mtrnr. 238 med gamal skyld ¼ laup, urevidert 2 dalar 1 ort 16 skill., revidert 2 dalar 1 ort 4 skill. Ny skyld mark 3,25.

Bruk 2. Burekkje. Utskilt 1906 frå bruk 1 med skyld 6 øre og selt til Olav Bårdson Lunde. Han kjøpte og bruk 5 Solhaug på Dagestad. I 1912 selde han til Voss herad som har eigedomane til lærarjord. Olav kjøpte same år Tyrlingen og bur der.

--- side 466 ---

Stølen.

Han var ½ mil frå garden er det fortalt i 1723. Stølen heiter Flyane og er framleies i bruk. Selet vart flytt av ei snøskride i 1928.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala i 1791 eller fyrr, men folk fortel at der har vore kvern. Sag har der og vore som vart drivi med overvasshjul.

Offentlege forretningar.

Semje 1781 med Vinsand um merki. Steiningsforretning 1826 vedkomande Søteigen. Semje 1852 um merkesgjerde. Kontrakt 1897 med W. Konow um Torfinno. Ved skylddeiling 1908 er Rue sin vassrett skilt frå bruk 1 med 1 øre i skyld og ført saman med gnr. 235 bruk 3 Torfinno.

Bumerke.

Arnfinn 1714, 1716 tavle 9 nr. 38. I 1718 teikna han t. 1. nr. 23. Tri andre merke teikna han 1725, 1738 og 1740.