223. Rue (på Giljane).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 382 ---

Namnet vert i 1611 skrive Roudt. Det vert no sagt Rùé2; (pao Jiljó), han búr pao, è tao Rùé, ska tì Rùés. Namnet kjem av gn. ruð n. rudning, dativ ruði.

For å skilja millom gardane Rue på Giljane og Rue i Viki har eg når det kann vera tvil, sett til G eller Giljane for Rue på Giljane og V eller Viki for Rue som ligg millom Vinsand og Dagestad. Rygh har i Norske Gårdnavne ført upp diplom og skattemanntal i 1500-talet og fyrr på Rue i Viki. Difor har eg gjort det same.

Landkommisjonen har 1661 ført upp 2 laup 6 mark i skyld og ein brukar på Rue. Elles er berre sagt at der var brennefang. Ogso i 1723 var der ein brukar, og skyldi var då 1 laup 2½ pund og 1 bukkskinn. Garden hadde lite vedaskog, var årvand og tungbrukt. I 1777 var skyldi 2 laup 12 mark som 1838 er umskrivi til 7 dalar 2 ort 5 skill. Der var turvande vedaskog og neverskog. Samanlikningstalet var 1120.

Matrikkelen 1865 melder at der var 26½ mål åker, 6 mål dyrka eng, 18 mål god, 21 mål medels natureng og 68 mål skrapebø. 12 mål var skikka til dyrking. Ring hamnegang, turvande vedaskog og litt timber. Garden var medels lettbrukt. Bruk 1 og 2 var dyrka som vanleg, men bruk 3 mindre godt. I 1918 var der 23,4 mål åker, 25 mål kunsteng og 16 mål natureng.

Der budde 11 menneske i 1801, 19 i 1865 og 13 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Rue.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   9   3          
1723 2   17   12   12 ¾    
1865 3   22   55   69   49  
1918 3   20   42          

--- side 383 ---

Odd er skriven som leiglending fleire gonger 1603-1630. Han åtte 2½ pund på Rue i 1614 og 2 pund 5 mark på Helland og Tillung i 1635 og 1636. Leidangsboki for Apostelgodset syner at leidangen 1624 var 9 merker smør og 1 geitskinn. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 2 laup 1 spann med 5 dalar 6 skill. Det ser ut til at Rue var øyde i 1635 og 1636. Kolbein Tøn var 1621 eigar av ½ pund på Rue. Ivar Olavson, g. m. Synneva var leiglending 1645. Der budde då og ei enkje Ingjerd.


Rue på Giljane
Bilete 45. Rue på Giljane. Fot. P. Braaten 1937.

Skyldi er 1652-1659 førd upp med 1½ laup. Derav var i 1651 1 laup Allehelgensgods, og Ivar åtte ½ laup. I 1655 Allehelgen ½ laup, Vangens prestebol 1 laup, og i 1659 kvar av dei ½ laup. Etter kyrkjerekneskapane 1654 og 1659 åtte Vangskyrkja 30 mark og fekk 3 askar korn og 1 spann smør i landskyld. I 1661 er ½ laup 6 mark ført upp som Finnegods og prestebolet som eigar av 2 laup, men det er truleg feil. Ivar Oddson var leiglending 1652-1664 og lenger og hadde sønene Lars f. 1642 og Odd f. 1650. Klas Miltzow åtte 1680 og 1691 ½ laup 6 mark og prestebolet 1½ laup. Odd og Knut var leiglendingar. Prestebolet er 1695 og 1714 skrive som eigar av 1 laup og Henrik Miltzow av ½ laup 6 mark. I 1723 åtte prestebolet 1½ laup og Henrik Miltzow 1 pund 18 mark.

--- side 384 ---

Tormod og Knut var leiglendingar i 1695. Tormod Halleson var g. m. Ingebjørg Magnesdr. og døydde 1698. Ingebjørg døydde 1700 og hadde fire born: Halle, Sigrid, Marta og Åsa. Ved skifte etter Tormod åtte dei 1 spann i Tillung som Ingebjørg hadde ervt etter far sin. Lars Oddson f. 1669 er skriven som leiglending i 1701. Han har 1720 fått ny festesetel frå soknepresten på 1½ laup og selde 1722 ½ laup 6 mark til Johannes Oddson for 46 rd. Lars var g. m. Guro Larsdr., døydde 1734, 64 år gl. og hadde åtte born: Tormod f. 1712, Arngunna f. 1715, g. m. Tormod Oddson Nedre Himle, Odd f. 1720, g. 1746 m. Liva Styrksdr. Haug, Guro, g. 1734 m. ekm. Brynjulv Rue, Sigrid, g. 1734 m. ekm. Nils Knutson Midtun, Guri, g. 1753 m. Sjur Bergeson Jerald, skriven for Tungeteigen i 1763, Lars død 1736, 30½ år gl. og Gudleik død 1737, 28 år gl.

Guro vart attgift 1737 m. David Larsson Bø som bygsla 1½ laup av Vangens prestebol og døydde 1763, 81 år gl. David vart gift att 1763 m. Ragnhild Brynjulvsdr. Lemme og døydde 1767, 60 år gl. barnlaus. Ragnhild gifte seg att 1768 m. Bjarne Monsson Bokkatun, som same år bygsla 1½ laup av prestebolet. Han døydde 1804, 69 år gl. og Ragnhild 1834. Dei hadde seks born: Mons f. 1769, død ugift 1822, Ragna f. 1770, død ugift 1855, Brita f. 1774, død ugift 1833, Torbjørg f. 1777, g. 1814 m. Anders Larsson Dymbe, Brynjulv f. 1780 og Ivar f. 1783. Brynjulv bygsla 1809 2 pd. 84/52 mark av Vangens prestebol, sjå bruk 2. Ivar bygsla likeins av prestebolet 2 pund 84/25 mark, sjå bruk 1.

Johannes Styrkson bygsla 1727 ½ laup av Henrik Miltzow. Han skøytte 1728 ½ laup 6 mark til Rognald Arnbjørnson for 120 rd. Han kjøpte 1760 løysningsretten til ½ laup for 122 rd. som G. Marselis i si tid hadde ått. Brynjulv Larsson bygsla 1732 1 pund 18 mark av Ragnhild Tveito og vart som ekm. gift 1734 m. Guro Larsdr. Rue, nemnd ovanfor. Dei fekk tri born: Marta f. 1735, Olav g. 1762 m. enkja Eli Larsdr. Hovda og Lars f. 1738, g. 1753 m. Brita Bergesdr. Jerald. Brynjulv døydde 1756, 57 år gl. og Guro 1771, 68 år gl.

Halldor Rognaldson Haugo fekk 1761 skøyte frå far sin på ½ laup 6 mark i Rue og løysningsretten til det. Halldor bytte 1764 med Knut Sjurson uti garden hans på Nedre Tøn. Knut fekk 1 pund 18 mark på Rue. Halldor kom seinare til Glymme der han er umtala. Knut er umtala på Tøn. På Rue

--- side 385 ---

fekk han dotteri Guro f. 1767. Rognald Kristensen fekk 1776 ved makabyte 1 pund 18 mark og selde att 1782 til Endre Olavson Tesdal. Han var g. 1781 m. Sigtru Oddsdr. Gjelle, selde eigedomen att 1792 til Eirik, bror sin, og budde sidan på Tesdal. Sjå vidare bruk 3.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Rue. Vangens prestebol var eigar av det. Ivar Bjarneson bygsla det 1809. Han var f. 1783, g. 1814 m. Rannveig Eiriksdr. Tillung og budde sidan på Tillung. Anders Larsson Dymbe bygsla garden 1813 og gifte seg 1814 med Torbjørg Bjarnesdr., syster hans Ivar. Dei fekk borni: Lars f. 1815 og Ragnhild f. 1820, g. 1849 m. Torstein Person Vassenden. Anders døydde 1839, 60 år gl. og Torbjørg 1857, 80 år gl. Lars fekk 1841 kongeskøyte på garden for 350 spd. og jordavgift 1 tunne 5 skjeppor 2½ fjerdingkar bygg. Han gifte seg 1849 med Kari Mikkjelsdr. Tesdal og fekk borni: Torbjørg, Ingebjørg, Sigtru, Ragnhild og Anders f. 1850-1865.

Torstein Andersson kjøpte garden i 1867 for 600 spd. Han døydde ugift 1874, 25½ år gl. og faren Anders Torsteinson fekk garden. Han var son til Torstein Andersson Kvanndal, husmann på Vele. Anders var f. 1822, g. 1. 1847 m. Ingebjørg Brynjulvsdr. Rue, 2. 1853 m. Brita Larsdr. Litlere. Han fekk to born med Ingebjørg og eitt med Brita: Torstein f. 1848, nemnd ovanfor, Brynjulv f. 1850 og Lars f. 1854. Brita døydde 1894 og Anders 1914. På skifte 1851 etter Ingebjørg vart garden taksta 450 spd. Anders skøytte 1876 garden til Brynjulv, son sin, for 600 spd. Han gifte seg m. Maria Torkjelsdr. Rue og fekk borni Ingebjørg f. 1872, g. m. Johannes Olavson Glymme, Marta f. 1876, g. m. Anders Gusskalkson Rong, Anna f. 1882 og Torstein f. 1885 som vart g. m. Brita Jansdr. Skjerve og fekk skøyte på garden i 1915 for 4600 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 225, lnr. 444 med gamal skyld 2 pund 84/25 mark, urevidert 2 dalar 2 ort 7 skill., revidert 1 dalar 4 ort 20 skill. Ny skyld mark 2,86.

Bruk 2. Rue. Vangens prestebol åtte det. Brynjulv Bjarneson bygsla det i 1809. Han var f. 1780, g. 1809 m. Mari Torsteinsdr. Herre. Han var presten sin medhjelpar til 1836. Dei fekk borni Ingebjørg f. 1811, g. 1847 m. Anders Torsteinson Kvanndal og Bjarne f. 1814, død ugift 1851. Brynjulv døydde 1839 og

--- side 386 ---

Mari 1868, 88 år gl. Ho fekk 1841 kongeskøyte på garden for 350 spd. og jordavgift 1 tunne 5 skjeppor og 2½ fjerdingkar bygg. Mari skøytte det 1847 til dotteri Ingebjørg og Anders, umtala på bruk 1. Båe bruki har sidan havt same eigar. I staden for dei gamle husi er der bygt nye hus i hop for båe bruki.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 225, lnr. 445 og med skyld som bruk 1.

Bruk 3. Rue. Eirik Olavson Tesdal kjøpte som fyrr nemnt dette bruket 1792 av Endre, bror sin. Eirik var f. 1758, g. 1793 m. Rannveig Johannesdr. Lindberg f. 1763. Dei fekk fem born: Olav f. 1794, Gudleik f. 1799, Brita f. 1802, g. 1826 m. Erling Erlingson Vele, Gjertrud f. 1805, g. 1827 m. Brynjulv Person Medås og Ingeleiv f. 1807, g. 1829 m. Olav Nilsson Rjodo. Eirik døydde 1835 og Rannveig 1842, 79 år gl. Olav Eirikson fekk 1826 garden hjå far sin, selde att 1827 til Gudleik, bror sin, og døydde ugift 1861.

Gudleik Eirikson vart g. 1830 m. Torbjørg Sveinsdr. Jerald og fekk sju born: Eirik f. 1831, Svein f. 1833, g. 1866 m. Anna Ivarsdr. Lydvo, Ingjerd f. 1835, g. 1865 m. ekm. Lars Knutson Rokne, Rannveig f. 1838, var ugift då ho bleiv i elvi under Rue, Brita f. 1841, død ugift 1863, Johannes f. 1844 og Lars f. 1848. Johannes og* Lars er kalla fiskarar i folketeljingi 1865. Svein åtte nokre år huset på tufti 57 på Vangen og reiste sidan til Amerika. Torbjørg døydde 1876, 68 år gl. og Gudleik 1878, 79 år gl. Eirik fekk 1861 farsgarden og gifte seg 1865 m. Ingjerd Klasdr. Jerald og fekk på Rue dotteri Brita f. 1866.

Viking Bårdson Selje kjøpte garden i 1868 for 800 spd. Han var f. 1841, g. 1. 1861 m. Ragnhild Ivarsdr. Tillung. 2. 1904 m. Jorunn Klasdr. Vele. Han bytte gard fleire gonger og budde på Selje, Dymbe, Rue, Mølsterteigen, Tungeteigen og Øvre Rjodo og bygde deretter stove på Rogne. Viking døydde 1924. Sonen Ivar er umtala på Dymbe. Viking selde 1871 bruk 3 til Olav Olavson Jerald for 800 spd. og han selde att same år til Torkjel Person Taulen for same pris. Torkjel var som ekm. g. 1854 m. Marta Andersdr. Gjerde og døydde 1878, 67 år gl. Ho døydde 1901. Dei fekk borni: Maria f. 1855, g. 1873 m. Brynjulv Andersson Rue, Anders f. 1857, Kari f. 1862, g. 1890 m. skomakar Mass Andersson Jernes, Marta f. 1872, g. 1898 m. Lars Torsteinson Tròdo. Ein son åt Torkjel av fyrste ekteskap,

--- side 387 ---

Sjur f. 1845, vart g. m. enkja Ingebjørg L. Kindem. Anders fekk garden og gifte seg 1885 m. Jorunn Endresdr. Tesdal f. 1862. Ho døydde 1901 og han 1922. Deira son Torstein f. 1886, g. m. Johanna Ivarsdr. Rokne har no garden.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 225, lnr. 446 med gamal skyld 1 pund 1917/25 mark, urevidert 2 dalar 2 ort 15 skill., revidert 2 dalar 1 ort 14 skill. Ny skyld mark 3,37.

Husmenn.

Soldat Halle Tormodson f. 1682 var husmann i 1701. Tormod Larsson, g. 1744 m. Ingebjørg Andersdr. Gjerdåk fekk borni Anders, Anna, Gudleik og Lars f. 1745-1751. Tormod er skriven for Ådnehaug i 1763. På plasset Tuftæ budde ei tid Mikkjel, g. m. Guri.

Støl.

Støl var der ikkje i 1723. Ruane har no støl i Øvre Almeningen. På Buflåten som ligg i marki ovanfor garden, skal ein gong ha vore støl til Rue.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala i 1723, men 1776 og 1791 var der to. Folk hugsar at Rue hadde kvern i Kvitæ utanfor Tillung.

Offentlege forretningar.

Godviljug utskifting 1841. Utskifting 1864-1866. Semje 1882 um merket med Tillung.

Bumerke.

Brynjulv 1740 tavle 9 nr. 2. David 1754 t. 9 nr. 3. Knut 1768 t. 3 nr. 4. Bjarne mange gonger 1775-1785 t. 9 nr. 5.

Ymse.

Rue skal vera ein god korngard og avla ei tid over 100 såld er det fortalt. - På Giljane har dei nok havt mykje vegarbeid. Det er soleis fortalt etter Brynjulv Rue at han i um lag 20 år hadde 60 dagsverk um året med vegarbeid. - På to stader, Nyeløjøto og Britabykse, er det råd til å koma over Bordalselvæ. - Britabykse har namnet etter ei gjente som bleiv der då ho skulde over elvi. I Ruesgjelæ er ei stygg kleiv kalla Ruesverkjen. Olav Mosafinn dikta ein slått som han kalla Ruesverkjen. Det må vera i denne kleivi han har fått idéen til den.