Rykke.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 66 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive a (eller i) Rykki, i 1383 Ryckin. Det vert no sagt Rykkjè2; han búr pao, è tao Rykkjè, ska tì Rykkjés, sms. Rykkjés-gróè. Til grunn for namnet må liggja eit ord rykke n. som kann vera avleidt av verbet å rykkja, laga rukkor, brukt um bylgjeforma lende?

Thorer er den fyrste mannen på Rykke ein har namn på. Han var nemleg vitne straks fyre 1300 i ei rettssak um garden Veiken i Granvin, er det fortalt i ei notisbok av vokstavlor, funne 1885 i Hoprekstad kyrkje (sjå DN. XIII. nr. 2). Arnbjørn på Rykke har i 1342 (DN. I. nr. 281) saman med 16 andre gjeve melding til lagmannen i Bjørgvin um at alle bøndene på Voss skiftevis har vore med i vegarbeidet. I Bjørgynjar Kalfskinn er meldt at Vangens prestebol åtte 1 laup i Rykke,

Kong Håkon bed i brev 1365 at Arnbjørn Gitleson på Rykke saman med 5 andre skal døma millom Jon, prest på Vangen, og Valtjov Rogne um presten sin kvernarett på Tvildeslandet. I seglet åt Arnbjørn var ein kross med ein vinkel eller hake på nedste armen. Greip Ivarson på Hatteberg pantsette i 1383 (DN. III. nr. 451) garden Rykke til fehirde Erlend Filippusson i Bergen og lovde samtykke av far sin til å avstå garden til Erlend, dersom skuldi ikkje vart betalt innan 3 år. Greip var g. m. Elin Ivarsdr. og var 1388 og 1399 syslemann på Færøyane.

Gudleik på Rykke betalte i 1521 1 mark i skatt, 8 mark i breffbrot og Eirik betalte 10 lodd 1 kvintin sylv i skatt og 2 mark 4 skill. i breffbrot. Åmund og Jon var brukarar i 1563, Knut og Anders i 1603, Erling, Knut, Anders og Mons i 1611, Mons, Anders og Arne i 1614. I 1621 var Odd og Mons leiglendingar. Anders åtte 1 pund i Løno. Knut Grøffue (Graudo?) og Anders Rykke åtte dette odelsgodset: 1½ laup i Gjerdåk, 1 laup 9 mark i Bygd, ½ laup i Mykkeltveit, 42 mark i Westad (Mestad?), ½ laup i Langeland, 54 mark i Sefflestad (Sevalstad?), 5 mark i Århus, 1 laup i Berge, 20 mark i Vike, 1 spann i Haugen, Rd., 45 mark i Schuffuen (Skjerve?) og 5 mark i Hyrt. Jordboki for 1585-1616 melder at Vangens prestebol fekk 2 askar korn og 12 merker smør i årleg landskyld av sin eigedom på Nedre Rykke.

Leidangsboki 1624 melder at leidangen av Apostelgodset

--- side 67 ---

sine to eigedomar var 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn av den eine med Odd som brukar, og 1 spann smør 1 bukkskinn av den andre med Mons som brukar. Båe eigedomane var tolleg gode, heiter det. Ryttarskatt vart lagt på 1 pund odelsgods med 3 ort. Hallvard som var brukar i 1629 er då likeins som Mons Dolve og ein del bønder i Sunnhordland og Sunnfjord mulkta for di dei vilde sjå skattebrevet frå kongen.

Johannes var i 1635 brukar av 2 laup 54 mark og Odd av 4 laup. Etter søknad frå sokneprest Henrik Miltzow har kongen i 1636 vedteke at bøndene på Rekve, Brekku, Raustad, En, Rykke og ein gard til skulde skyssa presten til og frå anneksi og difor vera fri onnor skyssplikt. Fyrst i 1645 er det skilt millom Øvre og Nedre Rykke i skattemanntali.

91. Øvre Rykke.

Øvre Rykke er skriven som heil gard i 1661 med 4 laup i skyld og hadde to brukarar. Der var brenneved og noko humladyrking. I 1723 var skyldi den same, men forlite vedaskog til eige bruk og ikkje nokon humlagard. Jordi var mager, årvand og tungvinn. Skyldi var i 1777 3½ laup som i 1838 vart umskrivi til 6 dalar 1 ort 12 skill. Då var der god humlagard og turvande brennefang. Samanlikningstalet var 950.

Matrikkelen 1865 upplyser at der var 22 mål åker, 36 mål god, 42 mål medels natureng og 36 mål skrapebø. Hamnegangen på bruk 1 var medels, men Sumarhamni langt burte. Skog til husbruk og timber til sal for 5 spd. årleg på kvart av dei 2 bruki. Garden var lettvinn, leid sume tider av turk og var dyrka som vanleg. I 1918 var det 34,5 mål open åker, 41,5 mål kunsteng og 12,5 mål natureng.

Folketalet var 13 i 1801, 18 i 1865 og 35 i 1920. Den store auken i folketalet på Øvre og Nedre Rykkefell på grendi ved Palmafossen.

Fødnad og avling (i tunnor) på Øvre Rykke.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   21   18          
1723 2   22   24   25      
1865 2   18   48   54   40  
1918 5   22   56          

--- side 68 ---

Odd Monsson, g. m. Brita, var brukar på Øvre Rykke i 1645 og hadde dotteri Guri. 1652 var Skyldi på Øvre Rykke med Hildestveiti 4 laup, som Munkeliv åtte. Kongen selde det 1662 til Hermann Garmann. Odd var leiglending, var lensmann, slapp difor betala skatt og var ofte lagrettemann 1648-1657. I 1655 og 1659 var skrivaren brukar, og garden var difor skattefri då og. Gitle og Odd var leiglendingar i 1657 og 1661, men Olav Monsson og Tormod Halldorson i 1664. Klas Miltzow kjøpte garden i 1677 av Hermann Garmanns ervingar. Ingjerd Miltzow var eigar i 1695. Tormod var framleies leiglending i 1691, men i 1695 var det Eiliv. Folketeljingi 1701 har to leiglendingar: Torbjørn Davidson og Lars Sjurson. På tinget 1709 er upplyst at skyldi etter matrikkelen var 4 laup. Derav åtte Knut Raustad 3½ laup. Han forklåra at «plassen» Hildestveit fyrr låg under Rykke, hadde 2 pund i skyld, og la fram eit brev frå juli 1635 som viste det. Når Hildestveit gjekk frå, meinte Knut at det var ikkje andre eigarar på Rykke enn dei 3½ laup som han åtte. Torbjørn og Laurits var leiglendingar.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Øvre Rykke. Torbjørn Davidson var f. 1675, g. m. Brita Knutsdr. Dei døydde båe 1739 og hadde seks born: Knut, David, Ivar, Mattis, Anders og Liive, g. m. Jon Oddson. Dei var fyrst husmannsfolk på Rykke, men budde i 1739 i Bergen. David budde 1740 på garden Libestock i Hordaland. Mattis døydde 1740 på garden Hafstad i Sunnfjord, der han tente hjå skrivaren. Ivar budde på Kinne. Anders var koparslagarsvein hjå Schram i Bergen og døydde på ei reis 1751.

Knut Torbjørnson f. 1700, var etter kgl. løyve g. 1728 m. Torbjørg Davidsdr. Nedre Klyve og døydde 1769. Han bygsla i 1735 av Olav Nilsson Tren 1 laup 54 mark og kjøpte det i 1750. Dei hadde to born: Gudve f. 1732, g. m. Anders Brynjulvson Gjerdåk, Brita f. 1744, g. 1760 m. Knut Torbjørnson på Tvilde. Knut Rykke selde i 1767 garden til Anders Arnfinnson Store Saude. Han budde fyrst på Store Saude, seinare på Lid i Kvitli og er umtala på Lid, der han døydde 1819. I 1772 let han garden på Rykke til eldste sonen Eirik (1 laup 54 mark). Han budde der til 1779 då han bytte med Arnfinn, bror sin, uti Store Saude.

--- side 69 ---

Arnfinn Anderson kjøpte noko meir i Øvre Rykke, so han åtte ialt 2 laup. Han var f. 1753, g. 1. 1780 m. Ragnhild Henriksdr. Øvre Rykke, 2. 1785 m. Guri Knutsdr. Ronve og døydde 1823. Ho Guri fekk i 1790 3 rd. som premi frå eit selskap i Bergen for 2 stykke ullty som ho hadde spunne og vove. Arnfinn hadde med Ragnhild dotteri Ingjerd og med Guri borni: Ragnhild og Knut. Ingjerd f. 1783, var g. m. Nils Olavsson Bokkatun, Ragnhild f. 1788, g. m. Anders Knutson på


Øvre Rykke. Bruk 1 til vinstre, bruk 2 til høgre
Bilete 10. Øvre Rykke. Bruk 1 til vinstre, bruk 2 til høgre. Fot. P. Braaten 1936.

Sygnaberde, Knut f. 1804, g. m. Brita Larsdr. Bø. Knut fekk farsgarden i 1820. Dei hadde ikkje born.

Knut Andersson Sygnaberde fekk i 1864 garden hjå Knut, morbror sin på Rykke for 1100 spd., var f. 1817 og g. m. Gjertrud Persdr. Bø. Han døydde 1886 og dei hadde ni born: Anders f. 1851, Per f. 1853 (sjå bruk 1 Endeve), Arnfinn f. 1855, gardmann på Graudo, Lars f. 1856, g. m. Bertina Helgesdr. Uppheim, Vossastr., handelskar, Ragnhild f. 1859, Olav f. 1863, g. m. Dina Helgesdr. Uppheim, Vossastr., gardmann på Rene, Anna f. 1868, Knut f. 1870, g. m. Ingebjørg Olavsdr., snikkar og

--- side 70 ---

huseigar på Bø, Brita f. 1876. Anders er g. m. Torbjørg Davidsdr. Bokkatun og fekk farsgarden i 1886 for 3600 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 91, lar. 183 med gamal skyld 1 laup 2 pund 6 mark, urevidert 3 dalar 6 skill., revidert 3 dalar 1 ort 9 skill. Ny skyld mark 4,27.

Bruk 2. Øvre Rykke. Lars Sjurson var som fyrr nemnt leiglending i 1701. Etter han kom Olav som budde der i 1723. Viking Torgeirson bygsla i 1725 på levetidi av Olav Nilsson Tren 2 laup i Øvre Rykke. Viking var f. 1700, g. 1. m. Kari Andersdr., 2. 1755 m. enkja Marta Gitlesdr. Auro og døydde 1762. Fem born: Torgeir, g. 1754 m. Sigrid Eiriksdr. og budde 1755 på Byrkjo, Anders f. 1722, død som soldat i Kjøbenhavn 1763, Kari f. 1726, g. 1. 1756 m. Josef Samsonson Nedre Auro, 2. 1770 m. Torleiv Olavson Øvre Rykke, Herborg f. 1730, g. 1776 m. Lars Jensson Tungeteigen, Rasmus f. 1734, g. 1770 m. Ingebjørg Sjursdr. Nyre. Ved skifte etter Viking åtte buet m. a. 9 mark i Nedre Auro, ervt etter fyrste mannen hennar Marta.

Styrk Aslakson, g. m. Marta Larsdr. har vore brukar til han døydde 1766 og hadde ei dotter og sonen Henrik. Han var g. 1. m. Brita Mikkjelsdr., 2. 1783 m. enkja Kari Andersdr. Nedkvitno. Han kjøpte bruket i 1766 av Nils Olavson Tren. Henrik og Brita hadde seks born: Marta, g. 1771 m. Nils Nilsson Tren, Ragnhild f. 1748, g. 1780 m. Arnfinn Andersson Øvre Rykke, Mikkjel, Aslak, g. 1781 m. Anna Andersdr. Nedre Lid, Lars f. 1761, Olav f. 1764. Mikkjel var g. 1775 m. Marta Nilsdr. Tren. Han fekk skøyte 1775 frå far sin på garden, men bytte i 1778 med systermannen Nils Tren uti garden hans på Tren.

Nils Nilsson Tren, f. 1751, g. 1771 m. Marta Henriksdr. Nedre Rykke, budde på Rykke til han døydde 1823. Dei hadde to døtter: Brita, g. 1807 m. Herbrand Larsson Takla, husmann i Taklahaugen, Anna, g. 1792 m. Knut Andersson Gjerdåk f. 1765. Dei fekk garden hjå far hennar i 1791. Knut døydde 1839. Tri born: Anders f. 1793, Nils f. 1798, g. m. Sigvor Ivarsdr. Melve, gardmann på Melve, Henrik f. 1804, død ugift i Amerika.

Anders Knutson f. 1793, g. 1819 m. Sigrid Ivarsdr. Melve og døydde 1875. Han fekk skøyte frå far sin i 1835 på garden og hadde to søner: Knut f. 1821 og Ivar f. 1831. Knut var g.

--- side 71 ---

1847 m. Bryttva Olavsdr. Gjerdåk og fekk garden i 1853. Åtte born: Anders, Olav, Viking, Lars, Knut, Anna, Steinvor og Sigrid, alle i Amerika. Anders fekk garden i 1863 for 926 spd., men i 1865 vart garden seld på auksjon til Olav Magneson Gjerdskvål for 1062 spd. Han hadde vore paktar der frå 1824. Ivar Andersson f. 1831, nemnd ovanfor, søkte på odelen og fekk skøyte på garden i 1869 for 1325 spd. Han var g. 1857 m. Kari Magnesdr. Vinjo og døydde 1913. Tri born: Anders f. 1857, g. m. Ingebjørg Olavsdr. Helleve, Sigrid f. 1860 gift til Lofthus med Torstein Larsson, Olav f. 1862. Anders fekk farsgarden i 1896 for 3400 kronor. Deira son Lars fekk garden i 1926 for 10 000 kronor. Lars er f. 1896, g. m. Margreta Torsteinsdr. Sandven og er kasserar i Voss Veksel- og Landmandsbank. Han selde garden i 1930 til Anders, bror sin, for 13 000 kr. Anders er f. 1894, g. m. Anna Jørgensdr. Styve.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 91, lnr. 184 med gamal skyld 1 laup 2 pund 6 mark, urevidert 3 dalar 1 ort 6 skill., revidert 3 dalar 2 ort 11 skill. Ny skyld mark 4,70 etter at bruk 12 var skilt frå.

Bruk 3. Kjødnateigen ved Opelandstjørni. Skyld 22 øre. Skilt frå bruk 2 i 1858 og selt til Josef Torleivson Bjørgo for 15 spd. Sonen Olav Bjørgum fekk denne skogteigen i 1904.

Bruk 4. Palmafossen skule. Skyld 4 øre. Skilt frå bruk 2 i 1893 og selt til Voss herad som bygde skulehus der åt Palmafossen skule.

Bruk 5. Palmheim. Skyld 10 øre. Skilt frå bruk 1 i 1901 og selt til Olav Knutson Rykke, som fyrr hadde bygt snikkarverkstad og bustadhus der. Sjå um han på Rene.

Bruk 6. Palmalund. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 2 i 1898 og ervefest til Nils Helgeson Opeland, som bygde der. Han selde 1913 til Lars Fenno, f. 1882, g. m. Brita Nilsdr. Han er smed.

Bruk 7. Kvitnaborgen. Skyld 3 øre. Skilt frå bruk 2 i 1904 og selt til Brynjulv B. Osgjerd. Det har vore utslåtte og ligg utanfor Kvitno i Rd.

Bruk 8. Palmafossen. Skyld 2 øre. Utskilt frå bruk 2 og ervefest til Svein H. Palmefossen, som har bygt og driv handelsforretning der. Han er f. 1861 og g. m. Marta Hollgeirsdr. Lemme.

Bruk 9. Skyld 40 øre. Oreigna til jarnbanen i 1899 frå eigaren av bruk 1.

--- side 72 ---

Bruk 10. Fredheim. Skyld 7 øre. Utskilt frå bruk 5 i 1914 og selt til Edvard Svenson frå Sverike f. 1866, g. m. Åsa Halldorsdr. Espeland. Han er murar.

Bruk 11. Palmafoss. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 8 i 1917 og selt til Olav B. Rene. Han er f. 1891 og g. m. Torbjørg B. Veiso.

Bruk 12. Elvelyd. Skyld 6 øre. Skilt frå bruk 2 i 1926. Ingerid Andersdr. Rykke f. 1888 fekk det i 1926 hjå far sin.

92. Nedre Rykke.

Landkommisjonen har i 1661 ført Nedre Rykke upp som halv gard med 2 laup 2 pund 6 mark i skyld og ein brukar. Det var ringt med brennefang og ein liten humlagard. I 1723 var det same skyldi, men to brukarar. Der var to flaumkvernar, men ikkje humlagard eller vedaskog. Skyldi var likeins til 1838, då ho vart umskrivi til 5 dalar 13 skill. Då var det god humlagard, nok vedaskog og fureskog jamvel til sal. Samanlikningstalet var 770.

Matrikkelen 1865 syner at der var 22½ mål åker, 4 mål dyrka eng, 22½ mål god, 36 mål medels natureng og 49 mål skrapebø. Vårhamni var medels og Sumarhamni god. Skog til husbruk. Båe bruki kunde selja timber for 24 spd. kvar. Garden var medels lettbrukt, utsett for sviding og var dyrka som vanleg. I 1918 var der 21 mål open åker, 19 mål kunsteng og 4 mål natureng.

Det budde 23 menneske på Nedre Rykke i 1801, 26 i 1865 og 40 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Nedre Rykke.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1   12   13          
1723 2   21   24   19 ½    
1865 2   21   44   50   42 ½
1918 1   9   23          

Torgeir Nilsson, g. m. Synneva, var brukar i 1645 på Nedre Rykke og hadde då ein son og ei dotter, men dei er ikkje namn-

--- side 73 ---

gjevne. Skyldi er 1652 gjevi upp med 2 laup 54 mark. Soknepresten i Domkyrkja åtte 2½ laup og Vangens prestebol 18 mark. Torgeir Knutson var leiglending. Det var likeins 1655, 1659 og 1664. Torgeir hadde sonen Torleiv f. 1644. Kongen selde 1665 1 spann til Peter Reedtzs. Knut var brukar 1691 og 1695. Eigarane var dei same i 1695 og 1714 som i 1664. I 1701 var det to leiglendingar: Hallstein Torgeirson f. 1643, med sonen Per f. 1677 og Lars Larsson f. 1673.


Nedre Rykke. Bruk 1 til høgre, bruk 2 til vinstre
Bilete 11. Nedre Rykke. Bruk 1 til høgre, bruk 2 til vinstre. Fot. P. Braaten 1936.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Nedre Rykke. Hallstein var g. 1. m. Gyrid Guttormsdr., 2. 1712 m. Guri Larsdr. Store Røte. Han sa upp bygsli i 1721 og sonen Per bygsla i staden. Han gifte seg 1721 m. Tora Persdr. Vinsand f. 1674. Han Per laut bøta 3 gonger 3 lodd sylv i 1732 fordi han med kniv hadde skore grannen Hermann Kvåle i skallen og nakken, og 3 gonger 6 lodd sylv skulde Per bøta fordi han hadde skore sund kiærne hans Hermann.

Viking Nilsson Skiple f. 1730, g. 1. 1753 m. Gudve Endresdr. Rykke, 2. 1777 m. Kari Isaksdr. Brekke, Granvin, og døydde 1792. Han var leiglending. Med Gudve hadde han åtte born:

--- side 74 ---

Anna f. 1754, Endre f. 1756, Ivar f. 1759, Guro f. 1762, g. 1790 m. Knut Nilsson Øvsthus, Lars f. 1767, g. 1805 m. Ingeleiv Torgeirsdr. Løno, Sisselja f. 1770, Nils f. 1772, g. 1801 m. Ragnhild Sylfestdr. Fletre, Olav f. 1775, g. 1821 m. Barbrå Arnesdr. Urdland. Med Kari hadde Viking borni: Isak f. 1777 og Mikkjel f. 1780, g. 1800 m. Synneva Olavsdr. Gjøastein.

Sisselja Vikingsdr. f. 1770, gifte seg 1792 med Olav Olavson Kolvu. Dei har bygsla garden etter hennar foreldre og hadde to born: Gudve f. 1796, g. m. Mikkjel Ivarson Melve og Viking f. 1799, g. 1838 m. Brita Nilsdr. Kvåle. Han fekk kongeskøyte på bruk 1 i 1837 for 500 spd. og jordavgift som er innløyst. På bruk 2 Gjerdåk er fortalt um korleis Viking kom til å drepa Tormod Olavson Gjerdåk. Då Viking var død, bytte enkja i 1855 med Erling Erlingson uti bruk 1 på Vele. Han var f. 1792, g. 1826 m. Brita Eiriksdr. Rue og døydde 1882. Sju born: Erling f. 1826, Eirik f. 1828, g. m. Barbrå Sjursdr. Endeve, gardmann på Bø og Sygnaberde, Anna f. 1837, g. m. Knut Magneson Rykke, Per, Johannes f. 1841, Rannveig og Eli. Dei fire siste er i Amerika. Erling fekk garden i 1866 for 400 spd., var g. 1862 m. Kari Eiriksdr. Lassahaugen og døydde 1913. Dei hadde tri born: Marta f. 1864, Per f. 1870 og Anna f. 1872. Per var g. m. Marta Kjelsdr. Takla og døydde 1932. Per fekk skøyte frå far sin på garden i 1898 for 2000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 92, lnr. 185 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 2 dalar 2 ort 7 skill., revidert 3 dalar 2 ort 5 skill. Ny skyld mark 2,91.

Bruk 2. Nedre Rykke. Lars Larsson f. 1673 var leiglending i 1701. I 1715 var Olav Sjurson leiglending. Han var f. 1674, g. 1. m. Brita Sjursdr., 2. 1727 m. Ragnhild Eiriksdr. Rokne. Med Brita hadde han to born: Gunnhild, g. 1737 m. Mattis Larsson Nedre Kyte og Olav f. 1713. Med Ragnhild hadde Per sonen Sjur f. 1731. Olav var g. m. Brita Andersdr. Svanga, var leiglending etter foreldri sine, og hadde sonen Anders f. 1739. Magne Hermundson Rogne er vorten leiglending ikr. 1742. Han var son åt H. Eirikson og Astrid Larsdr. på Rogne, var f. 1714, g. 1744 m. Gjertrud Steffadr. Tròdo og døydde 1777. Ho og Magne hadde seks born: Hermund f. 1744, g. 1777 m. Brita Larsdr. Fenno, Steffa f. 1746, g. 1773 m. Ragnhild Andersdatter Rjodo, Lars f. 1749, Eirik f. 1751, Anders f. 1754, husmann på Rykke, Knut, g. 1778 m. enkja Anna Knutsdr.

--- side 75 ---

Setre. Ingebrikt Person, g. m. Brita Olavsdr. har bygsla noko som dei hadde til i 1788, då dei sa upp bygsli og deira verson per Magneson er komen i staden.

Eirik Magneson f. 1751, var g. 1. 1778 m. Kari Torbjørnsdr. Bogne, 2. 1802 m. Bryttva Olavsdr. Øvre Graudo. Han var leiglending, døydde 1823 og hadde med Kari tri born, Magne, Barbrå og Gjertrud, og med Bryttva dotteri Kari f. 1805: Magne f. 1779, g. 1805 m. Brita Larsdr. Haugo, Barbrå f. 1783, g, 1821 m. Olav Magneson Narheim, husmann, Gjertrud f. 1785, g. m. ekm. Bård Oddson på Osgjerd. Magne bygsla garden i 1802 og fekk kongeskøyte på han 1856 for 700 spd. og jordavgift, som er løyst med 281 spd. 84 skill. Sju born: Eirik f. 1805, g. 1829 m. Brita Steffadr. Hagen, Rd., gardmann på Lassahaugen, Kari f. 1808, g. m. Eiliv Steffason Hagen, Rd., gardmann på Haugo, Marta f. 1811, g. m. ekm. Eiliv Haugo, Knut f. 1816, Brita f. 1818, g. m. Josef Arnfinnson Grovu (Amerika), Gjertrud f. 1820, g. m. Brynjulv Gudleikson Rjodo (Amerika), Torbjørn f. 1823.

Knut Magneson var g. 1855 m. Anna Erlingsdr. Rykke og døydde 1893. Han fekk garden i 1859 for 700 spd. og hadde tri born: Brita f. 1857, Lars f. 1860 og Per f. 1862. Lars gifte seg 1885 med Guro Larsdr. Haugo og fekk farsgarden i 1890 for 2400 kronor. Deira son Knut fekk garden i 1924 for 3500 kronor. Han er f. 1886 og g. m. Ingjerd Andersdr. Bokkatun.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 92, lnr. 186 med gamal skyld 1 laup 1 pund 18 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 3 dalar 3 ort 17 skill. Ny skyld mark 3,01 etter at bruk l4 er skilt frå.

Bruk 3. Gjerdåks Palmafoss. Skyld 5 øre. Skilt frå bruk 2 i 1890 og selt til Nils Davidson Gjerdåk, som selde att 1897 til Voss Sagbruksinteressentskap.

Bruk 4. Palmafossen skule. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 2 i 1894 og selt til Voss herad som tillegg til skulehustufti.

Bruk 5. Bømoen. Skyld mark 18,00. Utskilt frå gardane Rykke, Bø, Hylle Bokkatun og Ygre i medhald oreigning i 1894 til eksisplass åt Sogns bataljon. Det har etterkvart vorte rudt og bygt hus, so der no er umlag 50 hus og 20 skur. Derav er det 7 befalsbarakkor, 6 befalsmessor, 6 soldatbarakkor, 2 kjøken med matsalar, 2 sjukehus, 1 bad og 1 bustadhus til uppsynsmannen. Dertil kjem magasin, verkstader, vognskur, stall, høy- og halmmagasin, garasje, smidje, potetkjellar,

--- side 76 ---

proviantbu, reidskapsbuer, vaskehus og vedskur o. s. b. Der er og ein soldatheim som Noregs Kristelege Ungdomsforbund eig. No er det Fjordane Infanteriregiment nr. 10 med 4. hjulridarkompani som har øvingar der.

Bruk 6 og 7 er sprunge over i matrikkelen.

Bruk 8. Palmafossen. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 2 i 1906 og ervefest til Svein H. Palmefossen. Sjå og bruk 8 av Ovre Rykke.

Bruk 9. Palmamo. Skyld 2 øre. Skilt frå bruk 2 i 1906 og ervefest til Eirik Steffason Fagnastølen. Han bygde bustadhus og verkstad, der han dreiv smedforretning. Han hadde og ei tid brusfabrikk. Han selde eigedomen i 1917 til Knut N. Lirhus saman med fleire. Dei flytte fabrikken til Vangen, bustadhuset til Haugamoen og selde verkstadhuset i 1918 til Olav J. Kolvu, som atter selde i 1931 til Sjur J. Kolvu.

Bruk 10. Skyld 40 øre. Oreigna til jarnbanen i 1899 frå eigaren av bruk 1.

Bruk 11. Skyld 24 øre. Oreigna til jarnbanen i 1899 frå eigaren av bruk 2.

Bruk 12. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 9 i 1921 og selt til Even Evenson. Han laga smidja um til bustadhus.

Bruk 13. Bruflaten. Skyld 5 øre. Skilt frå bruk 2 i 1926 og selt til smed Knut Nilsson Lid, som har bygt der.

Bruk 14. Furehaugen. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 2 1927 og ervefest til Helge K. Århus. Det ligg ved Horjolo og var fyrr husmannsplass og heitte Oddaplasse.

Husmenn på Øvre og Nedre Rykke.

Nedre Rykke har teigen Odden nedanfor Møn. Bruk 1 eig Nedre Odden og bruk 2 Øvre Odden. Der har i lange tider butt husmenn. Gudleik budde der 1734, då han fekk sonen Olav. På Øvre Odden budde Nils Jonson frå Skylje f. 1795, g. m. Anna Knutsdr. f. 1799. Dei hadde borni: Knut som budde på Veiso, Anna død ugift og Jon f. 1838, død ugift 1913. Jon og Anna hadde plasset etter foreldri. Sidan budde Gunnar Fykse der, seinare sjølveigar på Lid, Kv. Knut Gudleikson Århus fekk so plasset. Sonen Helge ervefeste det i 1927, sjå bruk 14. På Nedre Odden har butt i seinare tid Andreas Mala, skreddar Ivar Skjerve og Anders Semelingen, men berre nokre år kvar.

--- side 77 ---

Der var og eit plass Hòle på eigedomen åt bruk 1. Der budde i 1870-åri kårmann Lars Torsteinson Mæringi, som 70 år gamal gifte seg i 1869 med Brita Torbjørnsdr. Rene.

Fleire av nedanfor nemnde husmenn har nok butt i Odden, men for dei fleste vantar uppgåve um kva plass dei har havt. Johannes Nilsson, g. m. Signy Levordsdr. var husmann då dei fekk dotteri Gunnhild i 1727. Kåre Knutson, g. m. Synneva Andersdr. fekk sonen Ivar i 1730. Ein husmann Anders Jonson døydde 1763, 86 år gl. Rasmus Rasmusson Skjeldal, g. 1. 1750 m. Elisabet Oddsdr. Rykke budde på Rykkjesbød'n då dei fekk borni Jakob f. 1751, Brita f. 1754 og Jakob f. 1758. Knut Knutson, g. m. Brita Andersdr. fekk dotteri Marta i 1785. Husmannen Anders Nilsson, g. m. Anna Vikingsdr. døydde 1790 og hadde to born: Nils f. 1784 og Brita f. 1786.

Olav Åmundson, g. m. Herborg Tormodsdr. døydde 1792. Det var tri born etter dei: Johannes, Brita og Synneva, fødde 1768-1776. Anders Magneson f. 1754 var g. m. Arngjerd Steffadr. Bjørku og døydde 1800. Fem born: Magne, Steffa, Mons, Gjertrud og Olav, 19-6 år gamle i 1800. Ivar Erlingson døydde 1841, 42 år gl. Erling Knutson, g. m. Gjertrud Andersdr. fekk sonen Anders i 1822. Torbjørn Hermundson, g. m. Gudve Knutsdr. fekk sonen Knut 1839. Lars Bjarneson, g. m. Barbrå Arnfinnsdr. hadde borni Bård f. 1858 og Kari f. 1862.

I 1865 var det tri husmenn på Nedre Rykke: Olav Knutson, 52 år gl. og kona hans, Ingebjørg Knutsdr., 54 år gl. med dotteri Kristi, 14 år gl., gjenta Kari Olavsdr., 47 år gl. med dotteri Guri 18 år og fosterson Anders Knutson, 2 år gl., Seinare har det vore desse husmannsfolki på Rykke: Jon Knutson, g. m. Ragnhild Persdr. og borni Knut f. 1872 og Per f. 1874. Halldor Olavson, g. m. Sisselja Eiriksdr., som hadde borni Lars f. 1878 og Steffa f. 1881. Johannes Olavson f. på Kvåle, 1855, g. 1883 m. Brita Olavsdr. Bjørku har plass på bruk 1 Nedre Rykke og driv med skreddararbeid. Sjur Midtun fekk ikr. 1900 plass på bruk 2 Øvre Rykke ovanfor Palmafossen skule og bur der.

Kvern.

På Øvre Rykke var ikkje kvern i 1723, men to i 1777 og 1791. Bruk 1 har havt kvern på Bokkatun sin eigedom i Ygresgjelæ og betalt årleg svarelse 40 øre. På Nedre Rykke var to i 1723 og ei 1777 og 1791. Nolevande folk hugsar ikkje um noko kvern på Nedre Rykke. I futerekneskapen 1790-91

--- side 78 ---

er fortalt at den sokalla Mønssag, som hadde stått på Rykke sin grunn, no var nedrivi.

Stølane.

I matrikkelen 1723 er sagt at Øvre Rykke hadde ikkje støl, og at stølen til Nedre Rykke var 1½ mil frå garden. Bruk 1 på Øvre Rykke leigde ikring 1780-1820 støl på Sygnaberde, og kjøpte umlag 1820 støl på Grotveit, Tverbergsdalen. Denne stølen fylgde med garden då Knut A. Sygnaberde kjøpte i 1864. Knut åtte og bruk 1 Øvre Graudo, som hadde støl i Moldaliæ. Han bytte då stølane so Graudo fekk Grotveit og Rykke fekk Moldaliæ. Denne stølsparten har høyrt til bruk 4 Nedre Lid, Kv. og er i matrikkelen førd upp som bruk 6 Nedre Lid med skyld 34 øre. Ivar J. Lid selde stølsretten 1834 til Torstein Fagnastølen, som selde att 1839 til Kristoffer Åmundson Øvre Graudo. Knut L. Bolstad er so vorten eigar og selde 1851 til Knut A. Sygnaberde på Øvre Graudo. Bruk 2 Øvre Rykke kjøpte i 1796 støl åt seg på Jonsstølen av eine bruket på Fagnastøl og stølar der. Ved skylddeiling i 1926-27 vart ein part av Øvre Klyvsstølen på Jonsstølen fråskild som bruk 8 med skyld 12 øre og seld til eigaren av bruk 2 Øvre Rykke.

Båe bruki på Nedre Rykke har vårstøl på Solliæ og sumarsstøl på Øvraset, båe på Hòraldsdalen.

Det er fortalt at Øvre Rykke i gamle dagar hadde Opeland til vårstøl og Hildestveiti til sumarsstøl. Då dei vart tekne til gardar, vart Øvre Rykke utan støl. Båe bruki på Øvre Rykke har havt kvar sin skogteig ved Opeland. Bruk 2 selde sin, sjå bruk 3, men bruk 1 har sin enno. Han heiter Kjødnateigen. Skattemanntali 1652, 1655 og matrikkelen 1661 viser at Hildestveiti då høyrde til Øvre Rykke.

Ymse.

Halldor Duk og Arnfinn Dukson vitnar i brev 1348 at Gudleik Åmundson vedgjekk at Eirik Erlendson åtte Oddateigen ovanfor alfarvegen og under Møns gjerde frå Ordølsvadet og fram til Halmsgrinde-ledet. Då det ikkje er sagt kva gard desse to mennene budde på, veit ein ikkje um Rykke då åtte denne teigen. -

Segn.

Heimebøen på Rykke skal ha vore mykje vidare fyrr. Ein teig, Aovol'na på 150-200 mål ovanfor Øvre Rykke skal vera gjeven frå Rykke som fadragåve til Kvåle, fortel segni. Ei

--- side 79 ---

segn fortel at Lid i Kvitli skal i gamal tid ha høyrt til Rykke, men vart gjeve burt som fadragåve. - I vegabotbrevet frå 1343 er m. a. umtala at vegen i Brunsberg (som er på Rykke) og Auregòto ovanfor Tøn skulde haldast ved lag av bøndene i Vinjar åttung.

I 1808 har Mikkjel Bårdson Rykke skøytt til Erling Erlingson Rjodo «Mønssagi» som stod på Rykke sin grunn. Det må vera same sagi som folk har fortalt stod i Oddahaugen til ikring 1880.

Offentlege forretningar.

a. vedkomande Øvre Rykke: Åstadsak 1844, semje um stølsbeite 1848, utskifting 1897, forretning um merki mot Kvaale 1898. festekontrakt til Voss fatigstyre på jordstykke i Kjødnahaugane, kommisjonsforlik millom bruk 2 og Anders Kyte um Jonsstølen, utskifting på Jonsstølen 1913. b. Vedkomande Nedre Rykke: Godviljug utskifting 1842, skifting av gjerde mot Bømoen 1902, utskifting 1909, semje 1910 med militæretaten um skjotebana, semje i 1916 med militæretaten som fekk leggja vassleiding over Oddaplasset. Ved utskiftingi 1898 på Øvre Rykke flytte bruk 1 husi sine. På Nedre Rykke flytte båe bruki husi ved utskiftingi 1909.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Rykke.

Torgeir 1660 tavle 5 nr. 17. Torbjørn Øvre R. 1712-1736 mange gonger t. 5 nr. 9. Knut Øvre R. 1739 t. 5 nr. 9. Knut Torbjørnson Øvre R. 1742 t. 5 nr. 9. Han teikna 1753-1767 t. 5 nr. 10 men utan tverrstrik på midten. Lars Øvre R. 1714 t. 5 nr. 10. Olav Nedre R. 1721 t. 5 nr. 11. Han teikna på to andre måtar i 1729. Per Nedre R. 1727 t. 5 nr. 12. Ein annan gong 1727 teikna han t. 5 nr. 13, og 1729 er dette brigda. Viking Øvre R. 1733, 1737 t. 1 nr. 4. Merket er snutt andre vegen i 1740-1760. Ivar Andersson R. 1735 t. 2 nr. 47. Endre Nedre R. 1739 t. 3 nr. 31. Magne Nedre R. 1750 t. 3 nr. 92, noko brigda i 1761. Viking Nedre R. 1773 t. 5 nr. 14, noko brigda i 1777. Henrik Øvre R. 1780, 1781 t. 5 nr. 15. Han hadde same merket i seglet 1778 og over merket bokstavane H S S. Henrik Styrkson R. 1782 t. 5 nr. 15. Nils Nilsson Øvre R. 1781 t. 5 nr. 16, mykje brigda 1792.