Saki um å skilja Vangen ut som eige herad.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 67 ---

Fyrste gong ein ser dette spursmålet umtala i møteboki åt Bygningsstyret er 12. november 1910, då det vart vedteke å setja ned ei nemnd «til sakens undersøkelse og til at foreta de fornødne underhandlinger». Etter framlegg frå denne nemndi vedtok Bygningsstyret i møte 9. mars 1911 å uppmoda formannskapet til å velja 3-4 mann til å greida ut spursmålet. Heradsstyret vedtok 28. mars 1911 samrøystes formannskapet sitt framlegg, at «skrivet vert å senda Bygningsstyret med uppmoding um å uppgjeva dei viktigaste grunnane for at spursmålet no er reist, då heradstyret for tidi ikkje kjenner til at det er noko sterkt ynskje um å skilja Vangen ut frå heradet» (Vangen hadde då 4 representantar i heradstyret).

I møte i «Foreningen til Vossevangens Fremgang» 5. juni 1917 er saki umtala og på møte 28. oktober s. å. vart bladstyrar Ludv. Bru uppmoda til å samla tilfang og koma med utgreiding um saki. I 1920 let Bygningsstyret prenta hans utgreiding og vedtok 18. septbr. s. å. etter Bru sitt framlegg søknad til kongen um at Vossavangen måtte verta skild ut som eige herad.

Saki um utskiljing var teki upp av di vangsbuarane såg at Vangen sine interessor ikkje var komne til sin rett i det kommunale styr og stell. Vangen var på langt nær ikkje representert i dei kommunale styremakter etter folketal, næring eller økonomiske liv elles samanlikna med heradet utanfor Vangen. Heradsskatten var etter måten større på Vangen, og lite vart gjort for Vangen av det som trongst, tykte ein. Utgreidingi i 1920 frå Bygningsstyret gjev ei detaljert oversikt over skattane.

--- side 68 ---

    1910
kr.
1915-16
kr.
1919-20
kr.
Midel: Berre bygdi 4 597 200 5 753 100 14 020 300
Do. Berre Vangen 1 655 100 2 478 500 6 023 400
Likna inntekt: Berre bygdi 792 500 1 134 865 3 159 225
Do. Berre Vangen 401 975 586 150 1 982 500
Skattlagd inntekt: Berre bygdi 297 311 438 261 2 075 504
Do. Berre Vangen 245 095 395 725 1 574 189
Heradsskatt Berre bygdi 38 945 45 556 214 835
Do. Berre Vangen 27 820 34 636 153 724
Prosent av heile skatten      
Do. Berre bygdi 58,3% 56,8% 58,3%
Do. Berre Vangen 41,7% 43,2% 41,7%
Prosent skattlagd inntekt av den
som er ilikna i heile heradet
45,41% 48,46% 70,98%
Do. Berre bygdi 37,52% 38,62% 65,70%
Do. Berre Vangen 60,97% 67,51% 79,40%

I Bygningsstyret si utgreiding er for rekneskapsåri 1913-14 og 1917-18 gjeve oversyn over kor mykje Vangen og bygdi ser for seg har fått av heradsløyvingane i dei åri. Fatigutlogone er skifte millom Vangen og bygdi som um det då hadde vore 2 fatigkommunar. Skuleutlogone er skifte millom dei to lutene av heradet etter som dei verkeleg har note godt av dei. Andre utgifter er skifte nokolunde i samhøve med folketalet etter høvestali 1/5 på Vangen og 4/5 på bygdi i 1913-14 og ¼ på Vangen og ¾ på bygdi i 1917-18.

Vangen fekk for 1913-14 godt av 19,1 prosent av løyvingane, men laut for same år betala 42,9 prosent av skatten. Dersom Vangen hadde fått pålagt berre 19,1 prosent av skatten, so hadde Vangen fått ein skatt på kr. 14 987,00 i staden for kr. 33 701,00. For 1917-18 fekk Vangen godt av 20,3 prosent av heradsløyvingane, men måtte betala 48,2 prosent av skatten. 20,3 prosent av heradskatten vert kr. 29 267,73 eller kr. 40 284,00 mindre enn Vangen betalte.

Rekna etter grensone for bygningskommunen, fastsette i 1920, var det på det umrådet som då kom til, 225 menneske i 1900, 370 i 1910 og 545 i 1920. Skattelikningi for det utvida umrådet synte i 1919-20 som midel kr. 303 800,00, som ilikna

--- side 69 ---

inntekt kr. 187 025,00, som skattlagd inntekt kr. 131 139,00 og som heradsskatt kr. 12 376,00. Talet på skattytarane var 85.

Vangens bygningskommune hadde havt Sovore representasjonstal i heradsstyret: Åri 1890-1895 1 representant av 20, 1896-98 2 av 20, 1899-1916 har det skift frå 3 til 6 av 28. I same tidsbolken har av heradet sine 25 likningsmenn berre 2-3 butt innanfor Vangsgrensa.

Saki. vart send til fylket, som let henne gå til Voss heradsstyre. Det valde ei nemnd med 3 mann frå bygdi og 2 frå Vangen til å fyrebu saki. Nemndi var: Ludv. Bru, L. Gjerde, O. Bjørgum, H. Brekke, M. Haga. Nemndi kom med ei fleirtals- og ei mindretalstilråding, båe var for deling. Fleirtalet sette ymse vilkår vedkomande kyrkja. Det var fyre på nokre møte i heradsstyret og førde til at ei ny nemnd vart nedsett 6. mars 1922 med 3 mann frå kvar av partane til «å arbeida ut grunnlaget for og måten på korleis det økonomiske hopehav i tilfelle kan løysast». Heradsstyret valde: L. Hustveit, L. Gjerde og O. Dagestad. Bygningsstyret valde H. Brekke, Fr. Kjær og Abel Ramsdal. Denne nemndi la fram fullstendige delingsvilkår, som vart dryfte og vedtekne i heradsstyremøte 23. februar og 1. mars 1923, der det med 16 mot 12 røyster vart vedteke å tilråda at heradet vart delt.

Saki gjekk so attende til fylket og derfrå til ymse autoritetar som skulde uttala seg. Lensmannen og fatigstyret talde til deling, medan skulestyret, skuledirektøren, soknepresten, prosten og bispen talde ifrå. Fylkesmannen talde til. Saki kom so fyre i fylkestinget 13. juni 1924, der 31 røysta mot og 20 for deling. No kom saki til justisdepartementet og sidan til ymse andre departement, og kom attende til heradsstyret i møte 28. februar 1925 til nærmare uttale um eit par punkt i delingsvilkåri.

År 1925 den 11. november fall justisdepartementet si avgjerd som gjekk ut på at departementet ikkje kunde telja til at søknaden um utskiljing vart imøtekomen med di departementet meiner at spursmålet bør kvila inn til vidare. Kjem det seinare ein ny søknad, vil det for departementet si stoda ha mykje å segja i kor stor mun dei kommunale styremakter har evna å skifta kommunale gode og tyngslor etter rettferdsumsyn.

Medan saki var i gang, kom det fram fleire innlegg frå. båe sidor for og imot deling. Saki har og vore mykje dryft i bladi.