64. Saude (på Borstrondi).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 383 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive Sauðr, (i dativ) i Sauði. Det vert no sagt Saué2 (pao Bórstrònd'né); han búr pao, è tao Saué, ska tì Saué el. Saués, sms. Sauéshaujén. Namnet er truleg eit ord sauðr m. med tyding brunn eller kjelde (finst i svensk og andre germanske mål).

Landkommisjonen skriv 1661, at Saude var halv gard med skyld 3 laup 9 mark og hadde to brukarar. Der var vedaskog, ein liten humlagard og ei bekkekvern. I 1723 var det same skyldi, turvande vedaskog, ein humlagard og ei flaumkvern. Garden var sers lettvinn og hadde medels jord er det sagt. Skyldi er likeins i 1838 og då umskrivi til 12 dalar 3 ort. Då var det brennefang meir enn til eige bruk, noko fureskog, eit vassfall og gode hamnegangar. Samanlikningstalet var 1900.

Matrikkelen 1865 har ført upp tri brukarar. Dei hadde 46 mål åker, 27,5 mål dyrka eng, 88 mål god, 89,5 mål medels natureng og 58,5 mål skrapebø. Vårhamni var medels, men det vanta sumarhamn. Bruk 1 selde timber for 3 spd. årleg og dei andre to bruki selde kvar for 1½ spd. Garden var sers lettvinn og dyrka betre enn vanleg. I 1918 var det på Saude 51 mål open åker, 85 mål kunsteng og 32 mål natureng.

Folketalet på Saude var 30 i 1801, 49 i 1865 og 44 i 1920.

--- side 384 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Saude.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3 17 18
1723 2 35 30 27
1865 4 50 93 116 ½ 116
1918 11 23 78

Andreas Pålson har ikr. 1300 (DN. II. nr. 61) gjeve Arne Jørundson fullmakt til å selja det som husfru Hildegun hadde sett i pant i Saude til Andreas Pålson. Saude er og nemnt i eit brev frå 1312, skrive på Leikvin i Hardanger (DN. II. nr. 112). Presten på Vangen og tri menn vitnar i brev 1323 (DN. I. nr. 171) at Odd på Gjerdåk kjøpte 3 mmb. i Saude av Håvard Halleson for 5 kyrlag for kvart mmb. Dersom Håvard vilde selja meir i Saude, skulde han bjoda det fyrst til Odd. Håvard vedgjekk, at Odd ogso hadde betalt for 3 kyrlag i Saude på vegne av brorsønene sine, Odd og Svein. I Bjørgynjar Kalfskinn er ført upp jordgods i Saude, som Vangens prestebol og kyrkja åtte. Det må kanskje vera Saude i Viki. Tri menn upplyser i 1438 (DN. I. nr. 763) korleis Håvard Botolvson på sottesengi etter testamente av Odd bror sin let til kyrkja og presten på Vangen jordgods i fleire gardar og m. a. 2 laup i Saude, Borstrondi. Odd hadde gjeve det for si sjel.

Tiendemanntalet 1521 har ført upp to menn på Saude: Arvid og Botolv. Arvid betalte ½ mark i skatt og 8 mark i breffbrot. Botolv betalte 7 mark 4 skill. og 2½ lodd 1 kvintin sylv i skatt. Det ser ut til at Arvid budde på Saude i Borstr. og Botolv på Saude i Viki. Svein budde på Saude i 1563 og 1567, då han betalte landskyld for 2 laup ½ pund. Laurits var leiglending på 1½ laup i 1591 og betalte tridje års bygsel i 1597 for 2 laup ½ pund, som stiftet og kruna åtte, med 2½ mark 6 skill. Ei enkje var leiglending i 1603.

I 1611 betalte Mons odelsskatt for 2 pund. Leiglendingar var Magnus og «Jnngre», som hadde 2 laup ½ pund. Oluf var tenestedreng. Mons og ei enkje betalte tridje års bygsel i 1613 for 3 laup 9 mark. Mons betalte odelsskatt for 1 laup i 1614. I 1616 betalte han tridje års bygsel for 2 laup 9 mark og fyrste års bygsel for 1 laup, som mor hans hadde overlate. Ei enkje

--- 385 ---

brukte 2 laup 12 mark i 1621 av Apostelgodset og Mons betalte då odelsskatt for ½ laup i Opeland, 15 mark i Brekku og 1 pund 6 mark i Saude. Leidangsboki 1624 melder at leidangen på Saude var 27 mark smør, 1 geitskinn, 1 bukkskinn og 1 kalvskinn. Det er tilført um garden: «Er god jord paa ager og eng», men hadde ingen lunnar. Ryttarskatt vart 1627 lagt på odelsgodset, 1 laup 4 mark med 2 dalar 1½ ort. I 1629 var ei enkje brukar av 2 laup 9 mark og Oluf av 1 laup 30 mark. Han Oluf hadde 3 laup 9 mark i 1635 og 2 laup 2 pund i 1636. Marta


Saude.
Bilete 43. Saude. Fot. Ludv. Bru 1919.

betalte 1642 odelsskatt for 1 laup 4 mark. I 1645 var der to brukarar: Olav Monsson med kona Sigrid og 2 døtter, enkja Mari Monsdr.

Hannibal Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen av Apostelgodset 20 mark smør og 1 bukkskinn. Sehested åtte i 1650 2 laup ½ pund som han hadde fått ved makebyte med kongen. På. dette var det 20 mark smør og 1 bukkskinn i leidang, 3 dalar 12 skill. i skatt, 3 ort 3 skill. i fornødspengar, 3 ort 3 skill. i arbeidspengar, og 4 dalar 4 skill. i avgift til jordeigaren. Dessutan åtte F. Broderson 2½ pund og klokkaren 9 mark. Sehested laut lata jordgodset att i 1651 til kongen, som selde

--- side 386 ---

det 1657 til Gabriel Marselis. I skattemanntalet 1657 står at det var 3 laup 12 mark Finnegods på Saude. Ved makebyte med Folkvard Broderson i 1649 fekk kongen noko jordgods i Saude. Han skøytte 1662 2½ pund Munkelivgods til Hermann Garmann. Kyrkjerekneskapen 1654 syner at Vangskyrkja åtte 9 mark i Saude og fekk i landskyld 1 aske korn og 6 mark smør.

Landkommisjonen skriv 1661, at Saude var på 3 laup 9 mark. Derav åtte Vangskyrkja 9 mark og Munkeliv 3 spann. Resten 2 laup 18 mark var Finnegods. Olav Monsson og Mons Olavson var leiglendingar både då og i 1664. Olav hadde sonen Bård f. 1644. Klas Miltzow åtte i 1680 3 laup, i 1691 2 laup og Vangskyrkja 1 laup 9 mark. Sjur og Svein brukte då kvar halve garden. Eiliv var komen i staden for Sjur i 1695.

I 1701 var det tri brukarar: Sjur f. 1640 med sonen Olav f. 1694, Åmund Godvinson f. 1671 og sonen Kolbein f. 1698, Eirik Tormodson f. 1665.

Sjur Sjurson Skutle eller Setre bygsla i 1712 av enkja etter Hans Flint i Bergen 2 pund 12 mark i Saude. Sjur var g. m. Herborg Sjursdr. og døydde 1721. Ho Herborg døydde 1725. Dei åtte 3 laup i garden, som ved skifte vart verdsett til 216 rd. Vangskyrkja åtte då 9 mark. Kongen hadde selt desse 9 mark saman med kyrkja i 1723. Sjur og Herborg hadde borni: Brita f. 1698, Sigrid f. 1700 og Ingebjørg f. 1703. Ingebjørg døydde ugift. Bruttomidelen var 376 rd. Ho Brita gifte seg med enkjemann Ivar Johannesson Bjørku, og Sigrid med Nils Andersson. Nils fekk ved skiftebrev 1721, 1723 og 1725 1 laup 32 mark i Saude.

Henrik Miltzow gav odelstransport på 2 pund 12 mark til Nils i 1726. Han budde i 1737 på Kvåle og skøytte då desse 2 pund 12 mark til Ivar. Jolafta 1730 kom Nils inn til Ivar og ynskte han god jolafta. Ivar fann ei skål øl og dei sat på storekrakken og drakk. Rett som det var tok Nils på Ivar, reiv han ned av krakken og for ille med han. Det kom for retten, men domaren har nok funne at det fekk gå upp i upp, for dei fekk korkje bot eller straff.

Ivar var frå Nesheim, Vossastr., f. 1670 og gift fyrst med Arngunna Nilsdr. Bjørku. Han kjøpte Nils sin part i Saude og åtte i alt 3 laup i garden etter skiftebrev 1721, 1723 og 1725 og skøyte 1737. Han døydde 1750 og ho Brita 1756. Dei hadde tri døtter: Herborg f. 1728, g. 1745 med Lars Davidson

--- side 387 ---

Hommedal f. 1710, Arngunna f. 1733, g. 1751 med Eirik Knutson Dukstad, Brita (Bryttva?) f. 1736, g. 1765 med Anders Person Rekve.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Saude. Arngunna og Eirik har i 1750 fått 1½ laup ved skifte etter far hennar. Ho Arngunna døydde 1775. Eirik gifte seg att 1786 med Anna Torleivsdr. Brattåker og døydde 1791, 68 år gl. Han hadde gard ogso på Dukstad. Han og Arngunna hadde sju born etter seg: Nils f. 1753, Knut f. 1761, sjå bruk 2 Dukstad, Torbjørg f. 1755, g. 1781 med ekm. Anders Knutson Løno, som i 1801 budde i Bergslidi, Brita f. 1758, gift til Osgjerd med Bård Eirikson, Ingebjørg f. 1767, Marta f. 1764, gift til Øvsthus med Knut Brynjulvson, Anna f. 1774, død ugift 1801.

Nils Eirikson f. 1753 vart gift 1777 med Anna Brynjulvsdr. Øvsthus, fekk farsgarden i 1784 og døydde 1833. Deira sju born var: Eirik f. ikr. 1781, Brynjulv f. 1790, død 1854 trul. ugift, Olav f. 1794, budde 1833 på Solheim ved Bergen, Knut f. 1802, g. 1831 med Gjertrud Sjursdr. Selje, budde på Haga, Vossastr. i 1833, Arngunna f. 1778, g. 1815 med ekm. Lars Davidson Saude, sjå bruk 4, Brita f. 1786, g. 1812 med Samson Person En, leiglending på En, Kari f. 1797, g. m. Nils Kolbeinson Fjellby.

Eirik Nilsson f. ikr. 1781, var g. 1811 med Barbrå Nilsdr. Mugås. Han fekk skøyte frå far sin i 1804 og 1819 på garden. Eirik skulde vera god til å driva garden og kjøpte i sine unge dagar ull og vadmål, som han reiste på Austlandet med og selde. Eirik kom saman med Hans Nilsson Hauge, vart vekt til kristelegt liv og tok til å forkynna Guds ord, serleg i heimbygdi. Meir um det ein annan stad i Vossaboki. Eirik døydde 1858 og hadde seks born: Anna f. 1812, gift til Flatekvål med Aslak Olavson, Nils d. e. f. 1817, Ingebjørg f, 1819, gift til Norheim med Brynjulv Gitleson, Kari f. 1821, g. m. Brynjulv Andersson Ullestad, gardmann på Løno, Nils d. y. f. 1825, g. m. Brita Torsteinsdr. Leiddal, sjå bruk 5 Øvre Graudo, Brita f. 1828, g. m. Styrk Bø, Amerika.

Nils Eirikson d. e. f. 1817, g. 1837 med Ingebjørg Andersdr. Vinjo, fekk garden hjå foreldri sine i 1838. Han døydde 1876. Åtte born: Eirik f. 1837, Anders f. 1840, g. m. Ingebjørg Persdr.

--- 388 ---

Syndve, gardmann på Tveito, Vossastr., Nils f. 1843, sjå bruk ?, Sjur f. 1846, g. 1. med Gjertrud Nilsdr. Afdal, 2. med Anna Nilsdr. Haga, gardmann på Haga, Vossastr., Synneva f. 1849 g. m. Viking Monsson Straume, Amerika, Barbrå f. 1852, g. m. Tormod Olavson Ringheim, sjå på Vetle Ringheim, Per f. 1854, g. m. Jenssina J. Hjellum, huseigar på Vangen, Brynjulv f. 1864, Chicago.

Eirik Nilsson f. 1837, var g. 1858 med Torbjørg Olavsdr. Bø Tjukkeb. Han fekk i 1866 bruk 1 Saude hjå foreldri sine for 1400 spd. og bruk 1 Bø hjå hennar foreldre for 196 spd. Sju born: Ingebjørg, Kari, Nils, Brita, Olina, Olav og Barbrå. Nils f. 1863, g. 1903 med Kari Andersdr. Tveito fekk garden på Saude i 1913 for 10 000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 64, lnr. 135 med gamal skyld 1 laup 1 pund 16½ mark, urevidert 6 dalar 1 ort 12 skill., revidert 7 dalar 2 skill. Ny skyld mark 8,63. I 1880 vart skilt frå bruk 2, men det er atter ført saman med bruk 1.

Bruk 3. Saude. Skilt frå bruk 1 i 1878 og skøytt til Nils Nilsson. Han var f. 1843, g. 1871 med Marta Johannesdr. En. Deira born var Ingebjørg f. 1871 og Johannes f. 1873. Han fekk garden i 1928. Skyldi er 74 øre etter at bruk 10 er skilt frå.

Bruk 4. Saude. Lars Davidson Hommedal f. 1710, g. 1745 med Herborg Ivarsdr. Saude, fekk 1½ laup i Saude ved skøyte 1746 og 1750 frå far hennar. Lars kjøpte i 1759 løysningsretten til 2 laup 12 mark på auksjon. Ho Herborg døydde 1775 og han Lars 1788. Ved skifte etter Herborg åtte dei 1½ laup i Saude og 1 pund i Hommedal. Ved skifte etter Lars var det seks born: David f. 1746, g. 1. 1766 med Torunn Hallsteinsdr. Ringheim, 2. 1776 med Marta Knutsdr. Skutle, som budde på Ringheim, Ivar f. 1752, g. 1778 med Mari Magnesdotter Gjerdskvål, var på Rene i 1788, Lars f. 1759, Olav f. 1766, Ingebjørg f. 1762, g. 1. m. Olav Ivarson, 2. 1831 med ekm. Mattis Åmundson Ringheim, Brita g. 1796 med Sone Nilsson En.

Lars Davidson Ringheim, son til David Larsson og Torunn Hallsteinsdr., nemnde ovanfor, var fødd 1777, g. 1. 1796 med Ingebjørg Knutsdr. Gjøastein, 2. 1815 med Arngunna Nilsdr. Saude. Lars kjøpte bruk 4 i 1781 av ervingane etter Lars og Herborg. Han døydde 1840 og hadde med Ingebjørg fire born (a-d) og med Arngunna to born (e-f): a. Lars f. 1798, b. Knut

--- side 389 ---

f. 1807, g. m. Gjertrud Olavsdr. Afdal, sjå bruk 1 Afdal, c. David f. 1811, kjøpte bruk 2 Gjøastein, d. Marta f. 1804, g. 1840 med ekm. Knut Torkjelson Skogstad, e. Nils f. 1816, g. 1840 med Gudve Nilsdr. Draugsvoll, f. Olav f. 1819, sjå bruk 2 Grjotland.

Lars Larsson f. 1798, g. 1824 med Marta Knutsdr. Dukstad fekk farsgarden i 1824, og døydde 1878. Seks born: Lars f. 1829, Ingebjørg f. 1824, g. m. Knut Isakson Ygre, sjå bruk 2 Ygre, Arngunna f. 1833, Brita f. 1836, gift til Leiddal med Torstein Johannesson, Kristi f. ikr. 1841, g. 1868 med Anders Knutson Afdal, Marta f. 1747, g. m. Torbjørn Leiddal, husmann på Tvinno. Lars vart gift 1879 med Synneva Larsdr. Holo og fekk garden hjå far sin i 1856 for 290 spd. Dei hadde borni Marta og Lars. Lars fekk garden etter foreldri og selde att 1911 til enkja Eli Olavsdr. Løno. Ho er f. 1873 og var g. m. Johannes Person Hylland, som døydde 1903. Sonen Knut, f. 1902 fekk garden i 1933.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 64, lnr. 136 med gamal skyld 2 pund 8¼ mark, urevidert 3 dalar 18 skill., revidert 3 dalar 2 ort 13 skill. Ny skyld mark 4,85 etter at bruk 8 er skilt frå.

Bruk 5. Saude. Lars Larsson f. 1759, nemnd under bruk 4, var gift 1785 med enkja Ingebjørg Brynjulvsdr. Leiddal. Dei fekk i 1783 skøyte på ein part i Leiddal. I 1784 fekk han skøyte frå far sin på 2 pund 6 mark i Saude. Lars døydde 1815 utan born, og bruk 5 vart selt til Ivar Olavson Saude, son åt Olav Ivarson og Ingebjørg Larsdr. f. 1762, nemnde ovanfor.

Ivar Olavson var f. 1798, g. 1822 med Brita Johannesdr. Ringheim og døydde 1867. I 1830-åri var det fleire som laut bøta 10 spd. kvar for ulovleg brennevinsbrenning. Han Ivar var ein av dei. Åtte born: Olav f. 1823, Johannes f. 1824, Amerika, Ingebjørg f. 1826, gift til Ringheim i 1852 med Per Sjurson, Lars f. 1828, g. m. Sigtru Oddsdr. Tesdal, Amerika, Olav f. 1830, død ugift, Ivar f. 1833, g. m. Margreta Kronstad, Amerika, Mattis f. 1835, g. m. Brita Olavsdr. Saude, gardmann på Norekvål, Rannveig f. 1837, død ugift.

Olav Ivarson f. 1823, gifte seg 1849 med Åsa Olavsdr. Dukstad og fekk garden hjå foreldri sine i 1856 for 550 spd. Fire born: Ivar f. 1850, Nils f. 1852, g. m. Gudve Gitlesdr. Rokne, gardmann på Nesheim, Brita, død ugift, Olav f. 1856, Amerika. Ivar gifte seg 1881 med Brita Hermannsdr. Dukstad og fekk farsgarden i 1893 for 4000 kronor. Sonen Hermann

--- side 390 ---

fekk garden i 1919 for 9000 kronor. Sjur Knutson Vidme fekk i 1924 auksjonsskøyte på garden for 15 000 kronor.

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 64, lnr. 137 med gamal skyld 2 pund 8¼ mark urevidert 3 dalar 18 skill., revidert 3 dalar 2 ort 13 skill. Ny skyld mark 5,11.

Bruk 6. Saude. Skyld 4 øre. Skilt frå bruk 1 i 1894 og ervefest til Ivar Olavson. Sjur K. Vidme fekk auksjonsskøyte på det i 1924 saman med bruk 5.

Bruk 7. Flathaug. Skyld 8 øre. Skilt frå bruk 4 og skøytt i 1908 til Knut Øysteinson Høyland. Han er skomakar, f. 1879 og g. m. Kari Larsdr. Hylland. Stovehuset hans brann i 1927.

Bruk 8. Flathaug. Skyld 18 øre. Utskilt frå bruk 4 og selt 1924 til Knut Ø. Høyland.

Bruk 9. Solstad. Skyld 80 øre. Skilt frå bruk 3 i 1928 og skøytt til Kolbein K. Myrkve for 7000 kronor.

Bruk 10. Mohaug. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 3 i 1930 og selt til Jon E. Breilid.

Husmenn.

Den fyrste me har namn på, er Arne Gunderson. Han døydde som ekm. 1746. Gudleik Åmundson var g. m. Gjertrud Sjursdr. og døydde 1749. Ho døydde 1754. Deira dotter Herborg f. 1746, gifte seg 1764 med Johannes Torkjelson Vetla Skiple. I 1760-åri budde Abraham der og hadde sonen Tormod f. 1766. Han var husmann, g. m. Anna, Eilivsdr. f. 1757 og hadde borni: Brita f. 1792, Gudve f. 1794 og Abraham f. 1797. Bård Eirikson og kona Brita Eiriksdr. budde der i 1780-åri, då dei fekk dotteri Arngunna f. 1785. Ivar Larsson og kona Mari Magnusdr. budde der, og fekk dotteri Herborg i 1779 og sonen Sjur i 1781. I 1830-åri budde Knut Nilsson, g. m. Gjertrud Sjursdr. der og fekk i 1834 sonen Nils. Ei husmannskone, Marta Kolbeinsdr., er død 1843, 74 år gl.

Fyrr Nils N. Saude fekk bruk 3, var det husmannsplass. Sjur og Anna budde der. Han dyrka mykje grønsaker, serleg nepor og fekk difor namnet Nepe-Sjur. Plasset vart oftast kalla Sjur-Anna-plasset. Eit anna plass der kalla dei Botolvsplasset. Der budde Botolv Larsson, med kona Anna. Det er sagt at han skulde vera frå Rogne. På Saudeshaugen burtimot Blikberget hadde Anders Davidhaug, g. m. Ragnhild En ei tid plass. Sjå meir um dei på En. Sidan budde Olav Sjurson der,

--- 391 ---

g. m. Anna Knutsdr. f. 1818. Han var fødd 1804 og døydde 1881. Ho Anna var på sine gamle dagar hjå Knut, son sin, på Vangen og vart ikring 104 år gl. På Nigardsplasset budde Nils Romslo.

I Fargarehaugen hadde Olav Åmundson plass. Han var fødd 1820 på Kvåle i Rd., g. m. Marta Nilsdr. Kvåle og døydde 1895. Dei hadde mange born. Olav var lenge formann i Voss Indremisjonsforeining, heldt ofte uppbyggjingsmøte. Han dreiv med farging og persing åt folk. Eldste sonen Nils hadde plass ved sida av plasset åt foreldri. Seinare vart han huseigar og handelsmann i Haugamoen, sjå bruk 19, gardsnr. 192. No er det berre eit plass på Saude, det er i Katturna. Der bur Jens Hovland g. m. Maria Nilsdr. Han har vore mykje på hellearbeid.

Stølar.

Stølen var ¼ mil frå garden heiter det i 1723. Vårstølen er på Rot i marki ovanfor husi. Lenger upp tett under Horgi ligg Kviting, der Saude fyrr hadde sumarsstøl. Bruk 1 har no sumarsstøl på Reppane i Engjalandsdalen og bruk 4 på Myrkvestølen. I gamle dagar hadde Saude støl på Brileset. To gonger vart seli brende av folk som vilde driva dei derifrå, er det fortalt.

Offentlege forretningar.

Forretning mot Løno var halde i 1724. Utskifting på innmarki var det i 1916. Bruk 4 og 5 laut då flytta husi sine or det gamle tunet, der husi åt bruk 1 er.

Kvern.

I 1777 var der to kvernar, som har vore i bruk til ikring 1870-åri. Det eine kvernhuset står endå. Der har og vore ei beinstampe og ei vadmålsstampe. Sidan ikring 1890 har det vore drive mange hellebrot ovanfor bøjagarden og vunne ut mykje hellor. Både frå Saude og frå dei andre helledriftene i Borstrondi har dei køyrt hellone til jarnbanestasjonen på Vangen. På bruk 4 er ei gamal bu med årstalet 1724 på døri. Saude har eigedomar i Lønaøyane, som dei skal ha eigna til seg ved å bruka dei i lang tid. På austsida av Lønavatnet eig Saude ein tange, Uksanese. Uksen til den tidlegare eigaren der stanga Saudesuksen ihel, er det fortalt. Til vederlag skulde Saudesmannen få so mykje av neset som tarmane av uksen nådde um. Soleis fekk neset namnet og vart Saudeseigedom.

Segn.

Segni fortel at det i gamal tid skal ha stått eit slag på Saude. Der er tri gravhaugar: Eskjehaugen, Torhaugen og Samshaugen. Namni skal haugane ha etter dei som er gravlagde der Eskje,

--- side 392 ---

Tor og Sams. I dei to fyrste gravhaugane er funne steinkistor og i den siste eit sverd og to stridsøkser, er det fortalt. - Juvesteid'n ligg ovanfor bøjagarden. Segni segjer at ei gyger kom med han i forklædet og vilde leggja han til meins i Saudestunet, men so slitna forklæbandet der steinen no ligg. Kjem ein uppå steinen utan noko slag hjelp, vil ein finna ein gullring der segjer dei.

Bumerke teikna av bunadsmenn på Saude, Borstr.

Ivar 1726-1744 tavle 4 nr. 22. Lars same merket 1761. Nils 1731 t. 4 nr. 23. Lars Davidson 1751 t. 4 nr. 24. I 1788 teikna han t. 4 nr. 22 sett på hovudet. Eirik Knutson 1751 t. 4 nr. 25. I 1755-1780 har han brigda merket på fire måtar.