42. Seim (i Gullfjordungen).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 269 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive Seimr, i dativ a Seim eller Sæimi. Det vert no sagt Seim; han búr pao, è tao Seim, ska tì Seims. Namnet er samandrege av ei eldre form Sæheimr, sjøheimen.

Seim var halv gard i 1661 med skyld 2 laup og ein brukar. Der var vedaskog og ei skvettekvern. I matrikkelen 1723 er det same skyldi. Der er då to brukarar, vedaskog til husbruk og ei flaumkvern, men ikkje noko fiske. Garden hadde medels god jord og var lettvinn. Det var tri kvernar på Seim i 1776 og 1791. Skyldi var 2 laup både 1777 og 1838, då ho vart umskrivi til 5 dalar 1 ort 12 skill. Samanlikningstalet var då 800, og der var nok vedaskog. Etter matrikkelen av 1865 var det 17,5 mål åker, 14 mål god, 10 mål medels natureng og 64 mål skrapebø. Vårhamni var ring og sumarhamni vanta. Det var for Ute vedaskog og ikkje timber. Garden var lettbrukt, noko utsett for å svida, hadde ingen lunnar og var dyrka som vanleg. I 1918 var det 48 mål åker, 27,5 mål kunsteng og 30 mål natureng.

Folketalet på Seim var 21 i 1801, 22 i 1865 og 165 i 1920. I det siste talet er teke med Folkehøgskulen, der det var 137 menneske.

--- side 270 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Seim.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 12 22
1723 2 20 12 24
1865 2 16 40 44 32
1918 3 18 31

I Bjørgynjar Kalfskinn er skrive at Vangskyrkja åtte 1 laup og Vangens prestebol 1 laup i Seim. I diplom av 1350 (DN. I. nr. 322) er ein åker på Seim umtala. Hallstein Josteinson på, Hornve skulde nemleg for styring av Finne få som godtgjering avlingi av ein åker, 12½ mmb. på Seim for eit år, men skulde «leggja etter seg» 12 såld korn til fræ. Holte på Seim betalte i 1521 2 mark i skatt og 8 lodd sylv i breffbrot. Torgils budde der 1563, Knut 1563 og 1567 og Bjørn i 1591 og 1597. Det står ikkje anten det er på Seim i Gullfjordungen eller Seim i Viki dei ovanfor nemnde har butt. Kolbjørn var leiglending 1603, Svein 1611 og 1614, Jens Jensson 1635 og Nils 1640. Leidangsboki for 1624 melder at leidangen for Seim var ½ pund smør og 1 bukkskinn. Lasse var då leiglending.

I 1645 heiter det at den fyrre sorenskrivaren Hans Tygeson hadde betalt skatt for seg og kona i Bergen. Han har vel butt på Seim. Frå 1646 til 1667 budde sorenskrivaren der. Sorenskrivar Jens Madsson budde der 1655-1667. Hannibal Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen til Apostelgodset ½ pund smør og 1 bukkskinn. I 1648 har Sehested fått skøyte frå kongen på 2 laup av Finnegodset i Seim. På dette var det ½ pund smør og 1 bukkskinn i leidang, 2 dalar i skatt, ½ dalar i fornødspengar, ½ dalar i arbeidspengar og ½ dalar 16 skill. avgift til jordeigaren. Hannibal laut lata dette godset att 1651 til kongen, som selde det i 1657 til Gabriel Marselis.

Sivert var brukar 1672 og 1677 og var lensmann. Seinare er han komen til Mølster. Svein var brukar på Seim i 1680. I 1685 var tinglese gåvebrev frå Klas Miltzow på garden Seim til dottermannen Hans Mogenson, men i 1691 står Klas som eigar att for garden. Der er då to brukarar: Eirik og Mons. I 1695 var Hans Akselson eigar og Eirik brukar. Idevard Hansen skøytte 1699 heile Seim til Knut N. Finne, som åtte garden ogso 1714. Skyldi på Seim var då 2 laup.

--- side 271 ---

I 1701 var det to leiglendingar: Per Monsson, 39 år, og Per Knutson, 33 år. Knut Finne åtte Seim i 1713 og bygsla 1 laup til Svein Mikkjelson Hornve, g. m. Anna Knutsdr. Finne. Dei fekk sonen Mikkjel, f. 1714. Den andre leiglendingen då heitte per, g. m. Kari Andersdr. og hadde borni: Halle f. 1712, Nils f. 1714 og Anders f. 1718. Knut Finne selde i 1719 1 laup til Sjur Eirikson, framhald som bruk 2, og 1 laup til Olav Knutson, som vart bruk 1.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Seim. Olav Knutson var g. m. Barbrå Gusskalksdotter og døydde 1744. Dei hadde tri born: Lars f. 1720, Marta, g. 1742 m. Jon Mikkjelson Lemme, og Arnbjørg f. 1731. Marta og Jon fekk farsgarden hennar i 1741. Jon døydde 1751, 33 år gl. Deira son Nils f. 1750 var g. 1781 m. Brita Larsdr. Norekvål. Ho Marta, enkja etter Jon, selde garden (1 laup) 1755 til Jon Sjurson Ronve og tok seg kår. Jon Sjurson fekk 1759 kongeskøyte på løysningsretten til 1 laup i Seim for 95 rd. Kongen hadde selt jordgodset i 1657 til Gabriel Marselis. Jon var skulemeister, g. m. Rannveig Håvardsdr., døydde 1761, 322/3 år gl., og hadde borni Marta f. 1756 og Rannveig f. 1758. Rannveig vart g. m. Olav Gusskalkson Lirhus. Eirik Alvson kjøpte so bruket i 1765, men selde det att 1776 til Botolv Ingebriktson Seim. Han bytte i 1779 med Anders Person uti Berge. Eirik Andersson fekk so garden i 1786 og let han same året til stykson sin, Knut Ivarson Seim. Knut gifte seg 1794 m. Herborg Andersdr. Dagestad og 1805 m. Kristense Torsteinsdr. Saude. Knut og Herborg hadde dotteri Eli f. 1797, g. 1824 med Brynjulv Knutson Dukstad. Knut og Kristense sine seks born var: Ivar f. 1806, han var overjeger då han 1833 gifte seg med Anna Davidsdr. Mølster. Torstein f. 1809, gift 1846 med Margreta Larsdr. Veka. Per f. 1812. Herborg f. 1814, g. m. Nils Sveinson Lydvo. Rannveig f. 1820, g. m. Lars Sjurson Giljarhus. Knut f. 1823.

Ivar fekk farsgarden i 1831, men reiste til Amerika 1846 og let garden til Torstein, bror sin. Han døydde 1895, og desse borni var etter han: Kristense f. 1847, g. m. Olav Andersson Kvåle. Kristi f. 1851, g. m. Aslak Mikkjelson Rekve, gardmann på Grevle. Knut f. 1853, g. m. Marta Knutsdr. Møn. Marta f. 1856, g. m. Johannes Gusskalkson Dukstad, Amerika.

--- side 272 ---

Lars f. 1858, g. m. Synneva Johannesdr. Lid, smedjeverkstad på Vangen, sjå bruk 13 på Lekve. Rannveig f. 1859, g. m. snikkar Olav Mikkjelson Eimstad, Amerika. Kari f. 1862. Margreta f. 1865. Anna f. 1868. Knut fekk garden i 1880 for 2400 kronor. Han døydde 1916, og eldste sonen Torstein fekk skøyte på garden 1919 for 8000 kronor. Han er f. 1886 og g. m. Brita Endresdr. Liset, Eidfjord.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 42, lnr. 94 med gamal skyld 1 laup, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 2 ort 6 skill. Ny skyld mark 3,10 etter at bruk 5 er skilt frå.

Bruk 2. Seim. Sjur Eirikson kjøpte som fyrr nemnt i 1719 av Knut Finne 1 laup i Seim. Sjur gifte seg 1728 m. Magli Mikkjelsdr. Store Hornve og 1744 m. Guri Olavsdr. og døydde 1783. Det var tri born etter han: Mikkjel f. 1730, Sigrid, g. m. Styrk Væte, og Eirik. Eirik fekk farsgarden 1751, men døydde 1758 og faren fekk garden attende og selde til Mikkjel, son sin. Han kjøpte i 1759 av kongen løysningsretten til 1 laup i Seim for 95 rd. Kongen hadde selt jordgodset til Gabriel Marselis i 1657. Mikkjel var g. m. Marta Øysteinsdr. og døydde 1811. Deira born var: Kari f. 1760, Gyrid f. 1765 og Rannveig f. 1772, g. m. Per J. Alvær, Nordhordland.

Ho Kari gifte seg 1780 m. Olav Gudleikson Nedre Graudo, og dei fekk garden på Seim i 1781. Olav døydde 1792, 41 år gl. Ho Kari gifte seg att 1793 m. Åmund Olavson Hornve, som då fekk garden. Kari og Olav hadde fem born: Gudleik f. 1782, Sjur f. 1785, Mikkjel f. 1787, Johannes f. 1790 og Marta f. 1792. Sjur gifte seg 1810 m. Marta Jørgensdr. Kari og Åmund hadde to born: Kari f. 1794, g. m. Jon Steffason Gjerstad og Gjertrud f. 1798.

Gudleik Olavson fekk garden i 1803. Han selde 1808 til Knut Styrkson, som var g. m. Marta Jonsdr. og hadde dotteri Brita f. 1808.

Lensmannsgard.

Sjur Olavson Seim kjøpte so garden 1812, men selde att 1814 til lensmann Mattis Ringheim. Han makebytte i 1818 med Johan Fleischer uti bruk 1 Indre Ringheim, men kjøpte Seim attende i 1822, og Fleischer fekk samstundes bruket på Ringheim. Ved tingsvitne i 1820 er upplyst at lensmann Ring-

--- side 273 ---

heim i 1816 hadde kjøpt eit hus på Vangen som kaptein Hans Meitzner hadde ått, og flytte det til Seim. Garden åt lensmannen på Seim vart seld på auksjon 1833 til Arnoldus Sylow von Westen Koren for 1322 spd. Han var son åt sorenskrivar Arnoldus von Westen Sylow Koren, var ordførar og konstituert lensmann nokre år på Voss og døydde 1852, 45½ år gl. Premierløytnant Johannes Klingenberg, f. 1817 var i 1837 kompanikommandør ved Vossiske kompani og budde då på Seim.

Skrivargard.

I 1855 selde fru Koren garden til Jens M. Skagen for 2000 spd. Han var sorenskrivar i Hardanger og Voss frå 1852 til 1873. Sorenskrivarkontoret var då på Seim, og Skagen budde der til han døydde 1877, 82¾ år gl. Sonen sakførar Max Skagen fekk garden ved skifte etter far sin i 1879 for 8980 kronor. M. Skagen var f. 1837, g. m. Hanna Ulrika Bergström, Sverike og døydde 1903. Han var konstituert sorenskrivar etter far sin til 1879 og sidan sakførar på Vangen.

Futegard.

Max Skagen selde garden i 1880 til Oplysningsvesenets fond for 16 400 kronor og den var då futegard til dess futedømet vart nedlagt. Garden vart so seld på auksjon i 1899 for 17 000 kronor til gullsmed G. Nilsen og Jakob Skorve. Den siste futen i Hardanger og Voss, Johan Danielsen, hadde kontor og budde der. Han var f. 1821 og døydde 1900. Skorve selde i 1900 sin part til G. Nilsen som selde att i 1902 til høgskulestyrar Lars Eskeland for 18 500 kronor.

Voss Folkehøgskule.

Lars Eskeland er f. 1867, og g. 1893 m. Marta Nerhus f. 1867, død 1925. Eskeland skipa Voss Folkehøgskule i 1895 og var styrar av skulen til 1928. I 1902 flytte han skulen til Seim, der han framleies er. Eskeland har der bygt to store skulehus, stor gymnastikk- og møtesal, bustadhus åt læresveinane og ymse andre hus. Garden har han fått godt uppdyrka. Lars Eskeland har skrive fleire lærebøker, diktsamlingar og mange andre bøker og er svært mykje nytta som talar på møte og stemnor. Han var vore formann i fleire mållag og er no formann

--- side 274 ---

i Norsk Måldyrkingslag. Tri born: Øystein, Sigurd og Magnhild. Øystein er f. 1894, g. 1923 m. Anna H. Gjelle, f. 1896. Hau er styrar av skulen sidan 1928. Sigurd f. 1896, g. 1928 m. Rakel Berg, f. 1906 og død 1931, er lektor ved Voss Landsgymnas. Magnhild f. 1898, er g. 1926 m. Johannes Kringlebotn. f. 1898 redaktør av «Folketanken», Risør.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 42, lnr. 95 med gamal skyld 1 laup, urevidert og revidert skyld som bruk 1. Ny skyld mark 3,57.


Raustad (øvst), Brekku (i midten) og Folkehøgskulen på Seim (nedst).
Bilete 30. Raustad (øvst), Brekku (i midten) og Folkehøgskulen på Seim (nedst). Fot. P. Braaten 1935.

Bruk 3. Øvre Seim. Utskilt frå bruk 1 i 1898 med skyld 21 øre. Gudleik P. Dymbe er eigar. Han er f. 1866, g. 1. 1890 m. Guri Mikkjelsdr. Setre, 2. m. Ingebjørg Knutsdr. Hirt.

Bruk 4. Øvre Seim. Skilt frå bruk 1 i 1898 med skyld 24 øre og selt til Knut A. Brekku (sjå bruk 3 Hovda). Han var f. 1869, døydde 1919 og var lærar i folkeskulen på Voss. Systri Brita, f. 1867 fekk bruket 1920 og hadde det til 1925, då ho selde til lærar Johan Sundve som no bur der.

Bruk 5. Lundheim. Skilt frå bruk 1 i 1928 med skyld 2 øre og selt til Knut E. Dolve.

Husmenn.

Jan Jakobsen, g. m. Marta Torsteinsdr. var hus-

--- side 275 ---

mannsfolk i 1780-åri. Olav Nilsson, g. m. Brita Johannesdr. var plassfolk i 1870-åri, men reiste til Amerika. Plasset er no bruk 4.

Stølar.

Seim hadde ikkje støl er det sagt i 1723. Då Mikkjel Sjurson i 1781 selde 1 laup i garden til Olav Gudleikson Nedre Graudo, fylgde halvparten av stølen «Kroken» med. Bruk 1 har vårflor i Seimsmarki og sumarsstøl i Kvålsdalen. Bruk 2 skal for lenger tid sidan ha havt sumarsstøl i Vålakroken, og det er vel han som er meint med «Kroken» ovanfor. No har bruket vårstøl på Klepp i Seimsmarki og sumarsstøl på Dalen (Viren) ved Langavatnet i Raundalen, som Eskeland har kjøpt.

Offentlege forretningar.

Forretning mot Finne 1654, forretning um ei engslåtte 1737, sak mot Kvåle um skogen i Finnesteigen 1756, sak mot Hæve um eit makebyte 1767, ein dom vedkomande Seim i 1774, odelssak 1788 og 1811, takst 1811, odelssak 1819, utskifting 1823, åstadtingsvitne 1849. Serskilt for bruk 2: Semje um demming i elvi 1850, jarnbanetakst 1878 og kontrakt med Bergens Skogselskap um planting av skog 1902. Uthusbygningen på bruk 2 brann i 1901.

Bumerke.

Per 1719-1739 tavle 1 nr. 45. Det same hadde Kila Seim 1754. Jon 1748 t. 3 nr. 1. I 1759 er merket heilt onnorleis. Ivar 1774 t. 3 nr. 2.

Ymse.

To menn frå Seim var i midten av mars 1873 uppe i Seimsmarki. Dei trefte på ein orm som dei drap. Straks kom det frå fleire kantar ei mengd med orm so mennene laut røma. Dagen etter gjekk dei upp att og såg då òg mange ormar, men ikkje so mange som dagen fyrr. Då drap dei to.

Gardsnumri 43-45 høyrer til Vossavangen.