247. Seim (i Viki).

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 549 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive Seimr og a Seim. Det vert no sagt Seim (i Víkjéné); han búr pao, è tao Seim, ska tì Seims. Den gamalnorske formi er Sæheimr, samansett av gn. sær m. (sjø, vatn) og heimr m. (heim, bustad).

Landkommisjonen har 1661 ført upp øvre tun på Seim med 2½ laup 1 spann i skyld og to brukarar og nedre tun med same skyld og ein brukar. Skyldi for øvre tun stemmer ikkje med uppgåva over eigarane som syner 3 laup 18 mark. På båe tuni var noko timberskog og turvande vedaskog. I matrikkelen 1723 er båe tuni førde saman og kalla øvre og vestre tun. Skyldi er då 5½ laup og der var to brukarar. Der var humlagard og skog til brensel og husbruk elles. Fiske var der ikkje, er det sagt. Garden var tungbrukt og «tørskinnet». Skyldi er 1838 umskrivi til 14 dalar 8 skill. Samanlikningstalet var 2120. Der var vassfall og turvande fure- og vedaskog.

Matrikkelen 1865 melder at der var 50¼ mål åker, 4½ mål dyrka eng, 59½ mål god, 74½ mål medels natureng og 83 mål skrapebø. 9 mål høvde til dyrking. Vårhamni var ring og sumarhamni medels. Skog til husbruk. Bruk 1, 2 og 5 kunde selja skog for 7 spd., bruk 3 for 3½ spd. og bruk 4 for 2½ spd. årleg. Som årleg innkome av fiske er ført upp 14 spd. for bruk 1, 2 og 5, 2 spd. for bruk 3 og 1 spd. for bruk 4. Garden var medels tungbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 46 mål åker, 52 mål kunsteng og 77,9 mål natureng.

Folketalet var 35 i 1801, 41 i 1865 og 41 i 1920.

--- side 550 ---

Fødnad og avling (i tunnor) på Seim.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 3   27   42          
1723 4   34   40   40      
1865 5   51   112   116   83  
1918 7   44   92          

I Bjørgynjar Kalfskinn er skrive at Vangskyrkja åtte 1 laup og Vangens prestebol 1 laup i Seim. I diplom av 1350 (DN I nr. 322) er ein åker på Seim umtala. Hallstein Josteinson på Hornve skulde nemleg for styring av Finne få som godtgjering avlingi av ein åker 12½ mmb. på Seim for eit år, men skulde «leggja etter seg» 12 såld til fræ. Holte på Seim betalte i 1521 2 mark i skatt og 8 lodd sylv i breffbrot. Torgils budde der 1563, Knut 1563 og 1567 og Bjørn 1591 og 1597. Men det står ikkje anten det er på Seim i Gullfjordungen eller Seim i Viki, dei ovanfor nemnde har butt.

Jordboki 1585-1616 upplyser at Vangens prestebol fekk 1 såld korn og 1 spann smør i landskyld. Bjørn og Karl var leiglendingar i 1603. Sjur er ofte skriven som leiglending 1611- 1629 på 1 laup, 1636 på 2 laup og 1641 på 1 laup. Han åtte 5 spann i 1611, 1 laup i 1614 på Seim og i 1629 ½ laup på Ringheim og 2 pund på Stora Rokne og Nestås. Johannes vart 1614 utskriven til Svinesund med byrse og sverd. Knut var leiglending 1614, Mikkjel i 1621 og Styrk 1636. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 1 spann smør og 1 bukkskinn på ein part og likeins på ein annan. Mikkjel og Sjur. var brukarar. Stiftet åtte 1 laup i 1627. Ryttarskatt vart då lagd på 1 laup 5 mark med 2 dalar 1½ ort 3 skill.

Anders Person, g. m. Barbrå, hadde i 1645 to døtter. Han var 1611 husmann eller øydegardsmann og var leiglending 1635-1652 og 1657 på 2½ laup 1 spann. Per Andersson, g. m. Brita, var leiglending i 1645 og 1648. I 1652-1661 er øvre og nedre tun ført upp kvar for seg med skyld 2½ laup 1 spann på kvart tun. I øvre tun åtte bispen ½ laup i 1652 og 1 laup 1655 og 1659, Apostelgodset 1 laup 1652-1659. Dei andre eigarane i 1652 var Vangens prestebol ½ pund, Sjur Hovda ½ laup og kongen 1 spann. I 1655 åtte kongen 9 mark, Sjur

--- side 551 ---

Hovda ½ laup, og 1659 åtte kongen 1 spann og Sjur Hovda ½ laup. Leiglendingar på øvre tun var Anders i 1652, Sjur i 1655 og Torgeir og Knut 1659. Eigarane på nedre tun i 1652- 1659 var bispen av 1 laup, Vangens prestebol ½ laup og kongen 1 laup 1 spann. Mattis og Halldor var leiglendingar i 1652, Per i 1655 og Mattis i 1659. Han åtte 1655 og 1659 1 pund på Rjodo.

Som eigarar i 1661 på øvre tun er ført upp Apostelkyrkja av 1 laup, Munkeliv 1 laup, kongen 1 spann og bispen 1 laup.


Seim
Bilete 68. Seim. Fot. P. Braaten 1937.

Eigarane av nedre tun var Vangens prestebol som åtte ½ laup, kongen 1 laup 1 spann og bispen 1 laup. Torgis og Knut var leiglendingar på øvre tun og Mattis på nedre tun. Peter Reedtzs fekk 1665 kongeskøyte på 2½ laup. Sjur var lagrettemann og leiglending i 1776. Klas Miltzow åtte 1676 og 1680 ½ laup på Seim, borgarmeister Ofue Jensson 2 laup i 1676 og sokneprest Per Hansson i Eidfjord 2½ laup i 1680. I 1691 er ført upp som eigarar Klas Miltzow ½ laup, bispestolen 2½ laup og Vangens prestebol ½ laup. Bispestolen åtte 1695-1723 og lenger 2 laup og Vangens prestebol likeins ½ laup. Dei andre eigarane var i 1695 Ingjerd Miltzow ½ laup og Karen Jonsdr. 2½ laup,

--- side 552 ---

i 1614 Lars Miltzow 1 laup 18 mark, myndlingen hans 1½ pund og brukarane 1 laup 18 mark. I 1723 åtte brukarane 3 laup. Nils og Knut var leiglendingar 1691 og hadde halve garden kvar.

I folketeljingi 1701 er skrivne som leiglendingar Nils Ivarson f. 1650 og Styrk Gudleikson f. 1676. Styrk fekk 1703 skøyte frå Lars Klasson Miltzow på 1 laup 18 mark og var g. m. enkja Hallbjørg Steffadr. Tvilde f. 1660. Ho hadde fyrr vore gift to gonger, og båe gonger med ein som heitte Knut. Med fyrste mannen hadde ho fire born, to med den andre, men ingen med Styrk: Marta f. 1678, g. som enkje 1719 m. Knut Arnfinnson Store Ringheim, budde på Bryn, Gudleik f. 1784, g. m. Ingjerd Knutsdr., Guri g. 1711 m. Anders Nilsson Midtun, Torilda f. 1690, g. 1719 m. ekm. Johannes Larsson Uppheim, Rannveig f. 1794, g. 1718 m. ekm. Nils Gudleikson Kolle og Knut f. 1697, g. 1716 m. Torbjørg Nilsdr. Seve, enkja etter lensmann Mass Seve. Styrk var lagrettemann ved matrikuleringi 1723. Han døydde 1735, 59 år gl., og Hallbjørg 1743. Ved skifte etter Styrk åtte dei 1 laup 12 mark på Midt Ringheim som vart taksta 168 rd.

Gudleik Knutson Sonve nemnd ovanfor bygsla 1735 av bispen 2¾ laup og kjøpte same år 1 laup 18 mark av Styrk Gudleikson. Gudleik budde ei tid på Sonve der han er umtala, seinare på Seim og døydde fyrr 1772. Ingjerd, kona hans, døydde 1759, 86 år gl. Erling Monsson var leiglending i 1750- og 1760-åri og hadde borni Tormod f. 1756, Svein f. 1763, Ingjerd f. 1765 og Knut f. 1767. Deretter kom Erling Brynjulvson, nemnd ovanfor, g. som ekm. 1763 m. Torbjørg Massdr. Seim. Dei fekk borni: Brynjulv f. 1770, g. 1802 m. Rannveig Velomsdr. Væte, Rannveig f. 1772, Svein f. 1773 og Mass f. 1777. Odd Masson, g. m. Anna Persdr., nemnd ovanfor, var leiglending då dei fekk borni Rannveig, Kari, Per og Brita f. 1772-1782. Sidan hadde dei plass og fekk sønene Ivar f. 1783 og Knut f. 1785. I 1802 var dei husmannsfolk på Nedre Uppheim. Framhald bruk 5.

Nils Ivarson var leiglending i 1701 og døydde 1716 barnlaus. Per Knutson er då vorten leiglending. Han var g. m. Kari Andersdr. og åtte 1 laup 2 pund 6 mark. Båe døydde 1744, han 74½ år ho 73 år gl. og hadde tri søner: Knut, Halle og Nils. Knut bygsla 1729 av bispen 1 laup 27 mark som faren då sa upp, og gifte seg 1730 m. Kari Nilsdr. Eide. Knut døydde 1733, 26½ år gl., og Kari vart attgift 1736 m. Knut Steffason Seim.

--- side 553 ---

Han bygsla 1735 1 laup av bispen. Nils Person kjøpte 1733 1 laup 2 pund 6 mark av Per Knutson, bygsla same år 1 laup 27 mark av bispen og fekk 1736 ny bygslesetel.

Nils vart g. 1. 1741 m. Guri Oleivsdr. Grimastad, 2. 1749 m. Sisselja Sjursdr. Vike. Han døydde 1759, 44 år gl., og hadde ei dotter med Guri og fire born med Sisselja: Kari f. 1746, Guri f. 1750, g. 1778 m. Lars Knutson Haga, Guri d. y. f. 1754, g. 1. 1780 m. Arnbjørn Sveinson Eimstad, 2. 1800 m. Brynjulv Olavson Hovda, sjå bruk 2, Eli f. 1755, g. 1780 m. Aslak Sveinson Eimstad og Per f. 1757. Sisselja vart attgift 1760 m. Torgis Steffason Melve etter kongelegt løyve. Ho døydde 1781, 60 år gl. og han 1783, 58 år gl. Dei hadde sonen Lars f. 1764. Ved skifte etter Sisselja åtte dei 27 mark som vart taksta 27 rd.

Lars Torgisson kjøpte 1784 27 mark av Knut Sjurson Ronve som hadde fått det på skifte etter Sisselja. I 1785 kjøpte Lars av Arnbjørn Sveinson ½ laup som han same år hadde fått ved makabyte. Lars gifte seg 1784 m. Ingebjørg Torsteinsdr. Stora Saude og døydde 1851, 87 år gl. og Ingebjørg 1821. Dei hadde åtte born: Torgis f. 1785, Sisselja f. 1788, g. 1814 m. Isak Knutson Vestrheim, Torstein f. 1790, g. 1840 m. enkja Brita Andersdr. Kaldestad, Rannveig f. 1794, g. 1825 m. Torstein Olavson Skjeldal, Knut f. 1797, Isak f. 1800, g. 1825 m. Kari Isaksdr. Nyre, Sjur f. 1802 og Anna f. 1806. Ved skifte etter Ingebjørg var deira ½ laup verdsett 46 spd. Torgis fekk 1831 kongeskøyte på 1 laup 27 mark, sjå bruk 1.

Mass Knutson Seve f. 1717 bygsla 1737 2¾ laup av bispen og kjøpte same år 1 laup 18 mark. Det vart søkt på odelsretten, men ved lagtingsdom 1768 fekk Mass ha garden. Han åtte 18 mark på Hæve som 1735 vart selt til stykfaren Mons Olavson Lid. Mass vart g. 1739 m. Anna Oddsdr. Sonve d. y. og døydde 1788, 71 år gl. Anna døydde 1801, 85 år gl. Dei hadde sju born: Torbjørg f. 1742, g. 1763 m. ekm. Erling Brynjulvson Seim, Knut f. 1744, Odd f. 1746, g. 1772 m. Anna Persdr. Rekve, Hallbjørg f. 1749, g. 1795 m. Olav Andersson Haga, skriven for Skylje i 1802, Styrk f. 1752, Nils og Kari, g. 1810 m. Anders Nilsson Grimastad.

Knut Masson fekk 1773 skøyte frå far sin på 1 laup 18 mark og vart g. 1776 m. Guri Torsteinsdr. Fære. Han selde garden fyre 1790, var sidan arbeidar og døydde 1809. Styrk Masson f. 1752 vart deretter brukar og gifte seg 1782 m. Kari Olavsdr.

--- side 554 ---

Hæve f. 1763. Styrk døydde 1823 og Kari 1836. Dei hadde fem born: Eirik f. 1783, Ingjerd f. 1785, død 1812, Anna f. 1792, g. 1836 m. ekm. Magne Sjurson Liland, Mass f. 1793, Anna d. y. f. 1797, g. 1818 m. Lars Brynjulvson Liland. Eirik bygsla 1809 2 pund 1½ mark av bispen, sjå bruk 3.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Seim. Torgis Larsson fekk som fyrr fortalt kongeskøyte i 1831 på bruk 1. Han var f. 1785, g. 1821 m. Gjertrud Johannesdr. Hovda og døydde 1863. Dei fekk seks born: Ingebjørg f. 1822, Brita f. 1823, g. 1849 m. Kolbein Kolbeinson Hovda, Sisselja f. 1826, Lars f. 1830, Marta f. 1839 og Rannveig f. 1842. Ingebjørg, Sisselja, Marta og Rannveig reiste til Amerika. Kolbein fekk 1849 skøyte frå verfaren på garden for 500 spd. Kolbein og Brita fekk på Seim borni: Gjertrud, Johannes, Torgis, Lars, Kolbein og Gudleik f. 1850-1860. Knut Andersson Røte kjøpte 1862 garden for 1300 spd. Han var g. 1861 m. Marta Olavsdr. Bø, og fekk på Seim borni Anders f. 1863 og Olav f. 1865.

Torstein Larsson Skjelde kjøpte 1878 garden for 1470 spd. og selde same år til Eirik Knutson Skjeldal for 7400 kronor. Eirik var f. 1830, g. 1870 m. Brita Knutsdr. Tren f. 1846 og fekk borni: Anna f. 1871, g. m. Helge Jakobson Skorve, Marta f. 1876, g. 1900 m. Endre Johannesson Lisseim, som har mekanisk verkstad i Haugamoen, Brita f. 1878, g. m. Hermann Hovland, som hadde smedeverkstad i Haugamoen, tvillingane Kari og Ingebjørg f. 1883 og Olav f. 1886, g. m. Ingebjørg Andersdr. Nestås. Eirik døydde 1893 og Brita 1930. Olav fekk garden i 1905 for 4000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 248, lnr. 486 med gamal skyld 1 laup 27 mark, urevidert 3 dalar 2 ort 14 skill., revidert 3 dalar 2 ort 17 skill. Ny skyld mark 5,16.

Bruk 2. Seim. Arnbjørn Sveinson Eimstad f. 1744 var som fyrr umtala g. 1780 m. Guri Nilsdr. Seim d. y. f. 1754. Han bytte 1785 med Aslak, bror sin, uti 1 laup 27 mark på Seim og bygsla noko av bispen. Arnbjørn selde 1785 ½ laup til Lars Torgisson. Arnbjørn døydde 1799 og hadde tri born med Guri: Asgjerd f. 1782, g. 1819 m. Per Larsson Uppheim, Vestb., Brita f. 1784, g. 1818 m. Helge Olavson, husmann på Væte, og Olav f. 1791. Guri gifte seg uppatt 1800 m. Brynjulv Olavson Hovda.

--- side 555 ---

Han bygsla same år av bispen 1 laup 27 mark og åtte 2 pund 15 mark som han kjøpte same år av Klas Andersson Kvåle. Brynjulv døydde 1813, 42½ år gl., og Guri 1838, 84 år gl.

Olav Arnbjørnson bygsla 1814 av bispen og fekk 1815 skøyte frå mor si på 2 pund 15 mark. Olav gifte seg 1819 m. Anna Olavsdr. Haugo f. 1787. Han var god til å doktera folk for sår og tappa dei blod med bild og koppar. Nokre gonger tok han av føter og armar, er det fortalt. Medisin laga han av blomar og lækjegras. Mange kom til han både frå Voss og grannebygdene. I eit brudlaup på Evanger der Olav var med, var det ein som skaut av seg høgre tumalsfingeren, og det blødde fælt. Olav heldt då ei stund på fingerstubben. Då han slepte taket sa han at no skulde det stå, og det blødde ikkje meir. Fleire merkelege døme er fortalde um at han stemde blod som dei kalla det.

H. G. Wille som då var distriktslækjar på Voss, melde Olav i 1837 for kvaksalveri. I retten fortalde han um mange som hadde vore hjå han og fått hjelp. Sume av dei hadde fyrr vore hjå Wille utan å verta betre. Olav stod ikkje etter å doktera sa han, men tykte han laut hjelpa folk som kom og bad um det. Han hadde lært noko av morbroren som stundom hadde hjelpt til hjå dokter Lars Istad med å passa sjuke, og noko hadde Olav lese seg til.

Olav vart dømd etter forordning av 1794 til 16 spd. i bot eller vatn og braud i 8 dagar. I domen er sagt at Olav «havde behandlet mange syge og paa egen haand foretaget chirurgiske operationer, anvendt lægemidler til indvortes brug og deriblandt drivende midler uden at have bevilling til at praktisere».

Olav og Anna fekk tri born: Guri f. 1820, g. 1842 m. Nils Larsson Gjukastein f. 1817, Kari f. 1822, g. 1843 m. Rognald Andersson Nestås og Jorunn f. 1826, g. 1856 m. Bård Nilsson Lunde. Olav døydde 1851 og Anna 1882. Nils Larsson fekk 1848 kongeskøyte på bispen sin part i garden for 600 spd. og jordavgift 2 tunnor 3 skjeppor 1 fjerdingkar bygg. Nils og Guri fekk sju born: Olav f. 1845, Brita f. 1846, g. 1881 m. Gustav Hellstrøm, hadde stove på Ullestad, Anna f. 1848, g. 1873 m. Knut Olavson Skjeldal, Lars f. 1850 som bleiv 1873 i Evangervatnet, ugift, Guri f. 1852, g. 1880 m. Olav Olavson Seim, Arnfinn f. 1855, g. 1880 m. Ingjerd Olavsdr. Skjeldal, sjå bruk

--- side 556 ---

1 Øvre Rekve, og Kari f. 1858, g. 1880 m. Jens Knutson Grimastad.

Olav Nilsson fekk 1873 skøyte frå mor si på garden for 600 spd., gifte seg same år med Anna Knutsdr. Eide, og døydde 1895. Dei fekk ni born: Guri f. 1875, Nils f. 1877, Brita f. 1879, g. m. Johannes Brynjulvson Rongen, Bulken, Anna f. 1880, g. m. Gusskalk Gusskalkson Flògo, Knut f. 1883, Gusskalk f. 1885, Margreta f. 1887, g. m. Knut Rognaldson Nestås, Oleanna f. 1889, g. m. Klas Olavson Skjeldal, og Olav f. 1891. Nils gifte seg 1900 m. Ingebjørg Eiriksdr. Berge og fekk 1908 skøyte på garden for 4000 kronor. Deira son Sigurd, f. 1907, fekk 1935 skøyte på farsgarden for 8000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 248, lnr. 287 med skyld som bruk 1.

Bruk 3. Seim. Eirik Styrkson bygsla som ovanfor nemnt bruk 3 av bispen i 1809. Eirik var f. 1783, g. 1809 m. Ingjerd Klasdr. Mosafinn f. 1786. Han var med i krigen mot Sverike. Dei fekk borni Kari f. 1811, død ugift 1890 og Rannveig f. 1815, g. 1846 m. Olav Knutson Skjeldal. Eirik døydde 1818, og Ingjerd vart attgift 1819 med Torstein Brynjulvson Liland, sjå bruk 4. Mass Styrkson bygsla bruk 3 og fekk 1833 kongeskøyte på det for 300 spd. og jordavgift 1 tunne 1 skjeppe 12/3 fjerdingkar bygg. Mass. var f. 1793, g. 1819 m. Kari Oleivsdr. Ukvitno og fekk seks born: Eirik f. 1820, Oleiv f. 1825, g. 1854 m. Eli Klasdr. Eimstad f. 1828 (dotter til Klas Oddson Uppheim), Styrk f. 1828, Klas f. 1831, Ingjerd f. 1835 og Isak f. 1838. Mass døydde 1863 og Kari 1876. Oleiv, Klas, Styrk og Isak reiste med skreppa i Nordfjord og Sunnmøre. Styrk busette seg i Ålesund og vart jakteskippar millom Ålesund og Bergen.

Eirik Masson gifte seg 1853 m. Rannveig Nilsdr. Tren, fekk 1857 farsgarden for 400 spd. og døydde 1873. Rannveig døydde 1894. Dei hadde tri born: Kari f. 1853, g. 1881 m. Anders Einarson Dørum f. 1854, Styrk og Nils, båe fødde 1862. Nils døydde 1931. Styrk fekk 1882 skøyte på garden for 400 spd. og gifte seg 1887 m. Anna Larsdr. Kolle. Knut Olavson Skjerven kjøpte garden i 1916 for 7500 kronor.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 248, lnr. 488 med gamal skyld 2 pund 1½ mark, urevidert 1 dalar 3 ort 19 skill., revidert 1 dalar 3 ort 22 skill. Ny skyld mark 2,60.

--- side 557 ---

Bruk 4. Seim. Torstein Brynjulvson Liland f. 1783, g. 1819 m. Ingjerd Klasdr., enkja etter Eirik Styrkson Seim, pakta 1828 garden av bispen. Torstein døydde 1840 og Ingjerd 1866, 80 år gl. Dei fekk fem born: Marta f. 1819, g. 1856 m. Olav Nilsson Tren, Eirik f. 1821, Brynjulv f. 1823, død ugift 1878, Klas f. 1828, g. 1870 m. Margreta Nilsdr. Vele, handelskar, og Guro f. 1831. Eirik fekk kongeskøyte i 1858 på garden for 500 spd. og jordavgift 1 tunne 1 skjeppe 2 fjerdingkar bygg. I 1865 vart Eirik g. m. Ingebjørg Olavsdr. Bø. Båe døydde 1887 barnlause.

Olav Olavson Skjeldal kjøpte garden i 1881 for 2400 kronor. Han var f. 1854, g. 1880 m. Guri Nilsdr., Seim og fekk fem born: Ingebjørg f. 1881, Rannveig f. 1883, Guri f. 1884, Ragnhild f. 1889, g. 1916 m. Johan Nilsson Matland frå Kvam f. 1891, og Otilia f. 1896. Dottersonen Olav Johanson Seim fekk garden i 1919 for 6000 kronor.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 248, lnr. 489 med gamal skyld 2 pund 1¼ mark, urevidert 1 dalar 3 ort 19 skill., revidert 1 dalar 3 ort 16 skill. Ny skyld mark 2,52.

Bruk 5. Seim. Eirik Nilsson Seim bygsla 1 laup 27 mark av bispen då Odd Masson slutta, og gifte seg 1782 m. Kari Andersdr. Væte. Dei fekk fire born: Nils f. 1783, Velom f. 1786, g. 1812 m. Brita Persdr. Tren, Gusskalk f. 1788, g. 1817 m. Guro Brynjulvsdr. Liland og Kari f. 1800, g. 1823 m. Olav Johannesson Hovda, som 1843 budde i Mandal. Gusskalk vart utkommandert 1812 i krigen mot Sverike. Han var paktar på Berge og bleiv 1819 i Seimsvatnet. Eirik døydde 1842 86 år gl., og Kari 1845, 85 år gl. Nils vart g. 1813 m. Guri Brynjulvsdr. Liland og bygsla garden av bispen. Nils vart utkommandert 1807 og gjorde garnisonsteneste i Mandal og Kristiansand og var truleg med dei som drog til Kristiansand i 1808. Fire born: Eirik f. 1814, Brynjulv f. 1817, g. 1850 m. Brita Olavsdr. Glymme, husmann på Glymme, Gusskalk f. 1822, død ugift 1907, Kari f. 1826, g. 1848 m. Steffa Andersson Væte. Guri døydde 1845, 56 år gl. og Nils 1848.

Eirik Nilsson bygsla garden og fekk 1848 kongeskøyte på han for 600 spd. og jordavgift 2 tunnor 3 skjeppor 1 fjerdingkar bygg som seinare er løyst. Eirik var g. 1849 m. Ingebjørg Knutsdr. Gjukastein f. 1816, enkja etter Knut Andersson Bø, Dyrvd. og fekk fem born: Nils f. 1850, Knut f. 1852, g. 1. 1880

--- side 558 ---

m. Sisselja Bjarnesdr. Røte, 2. 1923 m. Brita Sjursdr. Berge, gardmann på Røte, Eirik f. 1855, g. 1878 m. Sigvor Steffadr. Væte, gardmann på Berge, Brynjulv f. 1858, g. 1888 m. Sigvor Torsteinsdr. Kvamme, kyrkjesongar på Vossastrondi, og Lars f. 1865, død ugift 1881. Eirik døydde 1893 og Ingebjørg 1896. Nils fekk farsgarden i 1878 for 2400 kronor og vart g. 1880 m. Brita Knutsdr. Eide. Brita døydde 1915 og Nils 1927. Han let garden 1917 til Knut, bror sin, for 4000 kronor. Han skøytte garden i 1920 til sonen Eirik for same pris.

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 248, lnr. 490 med skyld som bruk 1.

Bruk 6. Seim. Utskilt 1898 frå bruk 1 med skyld 12 øre og ervefest til Helge Jakobson Skorve.

Bruk 7. Kleven. Utskilt frå bruk 1 i 1909 med skyld 14 øre og selt til Helge J. Skorve.

Bruk 8. Grønestad. Skilt ut frå bruk 3 i 1910. Skyld 35 øre. Ingebrikt L. Nesheim kjøpte det og selde att 1916 til Knut O. Skjerven.

Bruk 9. Sletthaugen. Skilt frå bruk 5 i 1924 med skyld 2 øre og selt til Lars Jakobson Nestås. Einar Larsson Nestås kjøpte eigedomen i 1934.

Husmenn på Seim.

Lars Andersson hadde dotteri Torbjørg f. 1747. Torbjørn hadde sonen Ingebrikt f. 1747. Styrk hadde sonen Knut f. 1747. Ivar Ivarson hadde sonen Ivar f. 1755. Eirik Sylfestson hadde sonen Sylfest f. 1757. Mikkjel Rasmusson hadde dotteri Marta f. 1756. Jon Johannesson, g. m. Gjertrud Larsdr., døydde 1769 og hadde sønene Anders og Lars, som båe då var myndige. Kolbein Torgeirson Rjodo, g. 1771 m. Guro Styrksdr. Rognehaugen fekk dotteri Marta f. 1773. Erling Ivarson, g. m. Asgjerd Eiriksdr., fekk dotteri Gjertrud f. 1778.

Enkja Kari Mikkjelsdr., døydde 1842, 86 år gl. Ho hadde fått fire born med Olav, fyrste mannen sin, og to med den andre som heitte Åmund: Gudleik, død i Bergen, Sjur Opeland, Mikkjel, paktar på Haukeland ved Bergen, Marta f. ikring 1792, Kari, g. m. Jon Steffason Gjerstad og Gjertrud f. ikring 1799. Enkja Eli Mikkjelsdr. f. på Skjeldal 1802 døydde 1892. Anders E. Dørum, g. m. Kari Eiriksdr., fekk 1891 sonen Edvin Olav.

--- side 559 ---

Torbjørn Klasson, g. m. Brita Jørgensdr., hadde plass i 1890-åri og lenger og hadde fleire born. Fyrr hadde dei butt i Evanger.

Støl.

Stølen var 22/4 mil frå garden er det sagt i matrikkelen 1723. Seimsstølen Grønestad er det dei no brukar. Han ligg ved Hamlagrøvatnet. Seim sin støl på Lonane i sørvest for Trensveten vert burtleigd. Vårstølen er ikring 1½ km. frå garden og heiter Øvre. På Grønestad er ein stein med innhogt årstal 1815. Dei trur det er gjort då Nils Seim som var med i krigen, rudde upp stølstrædet. Seimane og Flagane vart 1786 samde um at Flagane skulde få bruka beiti i Seimsteigen ved Seimsstølen Lonane mot å betala 2 mark for året. Johs. Brandtzæg fekk 1899 feste på tuft på stølen Grønestad. Han bygde der og avhenda 1911 hus og tuft til Ingebrikt L. Nesheim. Bernhard Solberg og Olav Dankertsen feste 1931 to hyttetufter for 25 år på Grønestad.

Kvern.

I 1723 var der ei flaumkvern, i 1776 og 1791 to, og i 1800-talet var det ei kvern åt kvart bruk i Kvednusgroæ til ikring 1880. No er der berre ei som er brukande. Uppi fjellet var demme for å samla upp vatn. Ei av kvernane vart seld til utstellingi i Oslo 1914, og er no på Norsk Folkemuseum. Sag med elektrisk drift er sett upp i seinare tid.

Offentlege forretningar.

Forretning 1737 mot Nestås og Ukvitno og 1738 mot Nestås. Dom 1774 vedkomande Seim. Semje 1822 um beiting. Semje 1823 um utskifting. Utskifting 1825. Overskyn 1828. Godviljug utskifting 1835, 1836 og 1839. Semje 1843 millom Seim og Nestås. Semje 1856 um brigde av eldre utskifting. Jarnbanetakst 1878. Utskifting 1884 av innmarki. Kontrakt 1897 med W. Konow um rettar ved Hamlagrøosen, overdrege 1908 til Dale Fabrikkar og 1918 til Bergens kommune. Kontrakt 1894 med P. Jebsen med forkjøpsrett på Seim sine rettar i Hamlagrøvatnet og osen. Fråsegn 1902 um forkjøpsrett for Th. Beyer og Chr. Kahrs av fiskerett i Vossaelvi. Oreigning 1928 av Hamlagrøvatnet. Skøyte 1935 frå Bergens kommune til Bergens kommunale kraftselskap for kr. 3 185 000,00. Semje 1935 millom Bergens komm. kraftselskap og Voss herad um nytting av Torfinno.

Bumerke.

Sjur 1721 tavle 1 nr. 18. Styrk 1723 t. 9 nr. 74. Han teikna eit anna merke 1724 og 1730. Olav 1726, 1733 t. 9 nr. 75. Sjur 1736, 1745 t. 9 nr. 76. Han teikna fire andre merke 1739-1760. Mass 1750 t. 1 nr. 91. Mikkjel 1760 og Mikkjel Sjurson 1772 t. 9 nr. 77. Torgis 1762, 1765 t. 9 nr. 78, brig-

--- side 560 ---

da på to måtar 1767, 1776. Eirik 1768 t. 1 nr. 13. Eirik Masson teikna 1798 eit anna merke. Åmund 1769 t. 9 nr. 79, mykje brigda 1771. Botolv 1776 t. 9 nr. 80. Erling 1776 t. 9 nr. 81.

Ymse.

Seimane må over Seimsvatnet for å koma til hovudvegen. Skuleborni må og over det for å koma til skulestova som er på Lisseim. Nyleg er skipa stoppeplass på Seim der sume jarnbanetog stoggar på signal. Seimane tek no stølsvarone sine um Dale, ned Bergsdalen.

I februar 1883 var det lauseld, og 24 hus gjekk med. Det stod att berre to stabbur og ein smalflor. Alle husi stod i ei klyngje. Utskifting vart då sett i gang. Stovehuset på bruk 4 brann att i 1889. Det er fortalt at langt attende i tidi brann ein skogteig som truleg derav fekk namnet Brendehaugane. Skogen er vakse til att. - I ein haug skal ha vore funne to bronseringar og deri hekk ymse tunne bronsereidskapar. I ein haug var det ei stor hellekiste. Deri var gullbetalingsring, krossforma bronsespenne og smøygjestol av bronse. Alt skal vera frå eldre jarnalder. Det er ikkje sagt anten det er Seim i Viki eller i Gullfjordungen.

Seim har laksefiske i Seimsvatnet. Det er fortalt at i gamle dagar brukte dei so ofte laks til måltidene på Seim at folki vart leide av han. Tenarane sette det vilkåret når dei feste seg, at dei vilde ikkje ha laks for ofte. I tidlegare tid var ein av Eirikane på Seim sers ihuga veidemann. Han la ut etl og laga seg barhytte der han låg og skaut reven når han kom til etlet. Eirik mura fleire revomnar som han fanga rev i.

Ein fjellknaus raste i 1864 ut or Klevabergje og la seg midt i Vosso. Laksekjeri vart øydelagde både for Seim og Eide. Då Eidesmannen bygde sitt upp att, vart det prosess, og medan han stod på, kom ein storflaum som reiste med Eides-kjeret.

Som umtala på Flògo har Welhaven lagt det kjende diktet Åsgårdsreien til gardane Seim og Flògo. Det skal knyta seg til ei verkeleg hending på garden Dale i Nordre Aurdal i Valdres; dei illgjetne «Seimsberserker» var brørne Torleiv og Knut Tidemandson på grannegarden Revling. Segni fortel at på Seim har butt ein som heitte Ulv. Då han ein gong saman med folki sine skulde til Flògo i brudlaup, bykste dei over elvi og den staden er sidan kalla Ulvaspranget.