155. Selheim.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 465 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Selhæimi. Det vert no sagt Sèleim2; han búr pao, è tao Sèleim, ska tì Sèleims. Namnet er samansett, etterlekken er heim, fyrelekken er vel helst trenamnet selja, mindre truleg eit sel (hus) eller ein sel (kobbe), brukt som tilnamn. I ei segn vert fortalt at den fyrste rudningsmannen der låg og «sov som ein sel».

Selheim har alltid vore einbølt gard. Han er ikkje førd upp 1661 av Landkommisjonen. Skyldi er 18 mark i matrikkelen 1723 og der var då ein brukar. Der var turvande brensel og skog til husvøling. Garden var tungbrukt og noko årvand. Skyldi var den same til 1838, då ho vart umskrivi til 2 dalar 3 ort 6 skill. Samanlikningstalet var 400. Der var fureskog til sal, turvande brensel og eit vassfall.

I matrikkelen 1865 er ført upp 11. mål åker, 11½ mål god, 16 mål medels natureng og 32 mål skrapebø. Vårhamni var ring og sumarhamni medels. Skog til husbruk og det kunde seljast timber og ved for 6 spd. um året. Garden var svært tungbrukt og dyrka vanleg godt. Ved uppteljingi 1918 var det 7,5 mål åker, 8 mål kunsteng og 15 mål natureng.

På Selheim budde 8 menneske i 1801, og 8 i 1920. For 1865 vantar uppgåve.

Fødnad og avling (i tunnor) på Selheim.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 1 7 6 3 ½
1865 1 11 24 24 24
1918 1 6 18

To lagrettemenn på Voss kunngjorde 1435 (DN. IV nr. 859) at dei på Vangen var vitne til at Torstein Toreson og kona hans selde til Peter Arneson 2 mmb. i Selheim. Bjørgynjar Kalfskinn melder at Vangskyrkja åtte ½ laup i Selheim. I rekneskapen for kyrkja 1585-1616 står at kyrkja fekk 1 aske korn i landskyld. Eirik var leiglending 1614. Sverkve Bø, Tjukkeb. åtte 1621 1 spann i Selheim. Leidangsboki 1624

--- side 466 ---

melder at leidangen var 3 mark smør og 1 kalvskinn og Sverkve Bø var leiglending.

Selheim er ikkje ført upp i skattemanntali i 1600-talet etter 1621. Kyrkjerekneskapen 1654 melder at Vangskyrkja fekk 1 såld korn i landskyld, og i rekneskapen 1659 står at kyrkja åtte 4 mark i Selheim øydejord. I folketeljingi 1701 heiter det at Torbjørn Bårdson var brukar av rudningsplasset Selheim og at han hadde tri søner: Sverkve f, 1684, Per f. 1692 og Jon f. 1698. Vangskyrkja åtte framleies 4 mark i 1723, som fylgde med henne då ho vart seld.


Selheim
Bilete 59. Selheim. Fot. P. Braaten 1936,

Bruk 1. Selheim. Lars Larsson Bjørku var eigar av 14 mark etter skøyte 1684 og hadde det til etter 1730. Han var f. 1676, g. 1. m. Gjertrud Arvesdr. Rene, 2. 1725 m. Anna Mikkjelsdr. Lirhus. Anna vart uppattgift 1736 m. Styrk Oddson Graudo. Lars bygsla 1720 1 laup på Bjørku, no bruk 1, av Bergens rektorat, og døydde 1735.

Lars stemnde Olav T. Tverberg for neverflekkjing, beiting, skoghogster og slått på Lars sin eigedom. Ved dom 1724 vart fastsett merkesline millom Selheim og Tverberg. Under saki kom fram ein dom avsagd på Bjørku 1627 som synte at det hadde vore trette millom Sverkve Bø og Engelbrekt Jørgensen, «Skolemester i Bergen og medeyer til den gaard Biørche» um

--- side 467 ---

«husetoft med stølsmarken og burekke». Alt vart tildømt Selheim. Samstundes er upplyst at Sverkve var oldefar til Lars Bjørku og at Selheim hadde vore i denne ættlina heile tidi. Sverkve har soleis havt ein son eller verson Bård, som hadde sonen Lars f. 1645 og han hadde sonen Lars Larsson f. 1676, umtala ovanfor. Engelbrekt Jørgensen var far til Dorothea Engelbrektsdotter som er so kjend for dikti sine.

Lars hadde fem born m. Gjertrud og tri med Anna: Rannveig f. 1703, g. 1. 1723 m. Gudleik Andersson Graudo, 2. 1748 m. Herbrand Larsson Kolvu, budde på Takla, Brita (Bryttva?) f. 1709, g. 1726 m. husmann Sjur Hollgeirson Kvarakvål, Arve f. 1712, Lars f. 1715, g. 1. 1742 m. enkja Anna Knutsdr. Mæringi, 2. 1749 m. Sigrid Hansdr. Mæringi, budde på Mæringi, Bård f. 1717, g. 1738 m. Guro Olavsdr. Nedre Himle, budde på Dukstad ei tid og på Himle ei tid. Gjertud f. 1727, g. 1745 m. Lars Gusskalkson Endeve, leiglending på Endeve, Sigvor f. 1732, g. 1752 m. Nils Olavson på Hegle, Mikkjel.

Arve Larsson var f. 1712, g. 1736 m. Synneva Ivarsdr. Lirhus f. 1712. Han fekk skøyte 1736 på 14 mark i Selheim. Arve bygsla 1738 5 spann på Gjerdåk og er stundom skriven for Gjerdåk og stundom for Bjørku. Synneva døydde 1773 og Arve 1790. Dei fekk borni: Gjertrud f. 1738, g. 1759 m. Rasmus Jørgenson på Graudo, Kari f. 1740, g. 1762 m. Olav Sjurson Bidne, Lars f. 1744.

Lars Arveson gifte seg 1771 m. Guro Brynjulvsdr. Lemme og 1785 m. Guri Styrksdr. Bø og fekk 1765 og 1772 skøyte frå far sin på hans 14 mark i garden, Guri døydde 1804, 61 år gl. og Lars 1824. Han hadde seks born m. Guro: Synneva f. 1772, død 1848, Nils f. 1773, Arne f. 1775, død 1808 i krigen ugift, Brynjulv f. 1777, død 1856 ugift, Ivar f. 1779, død ugift, Gjertrud f. 1782, g. 1814 m. Mattis Sjurson Finne.

Brynjulv bygde seg på sine eldre dagar eit lite stovehus ved gardstunet, der han og systri Gjertrud budde etter ho vart enkje. Brynjulv var god veidemann, fanga rev i revomnar og revsokser, morkattar i fellor, hare og fugl i snaror. Ivar, bror hans Brynjulv, skulde vera slik ein sprek kar. Ein gong kom han til Kvarakvål der dei hadde fått upp sperrone på ei ny løe, men fyrr trofjølene var komne på. Ivar gjekk i hussko, kleiv upp og hinka frå den eine sperrespissen til den andre heile løda tilendes. Ein annan gong sette han eit bytte uppå handredet

--- side 468 ---

på Selheimsbruæ og stod på hovudet uppå byttet. Han spelte seg stundom med hoggormar som det var mykje av i Selheimbergo. I seinare tid har det ikkje vore orm der.

Nils Larsson f. 1773, g. 1803 m. Brita Torleivsdr. Graudo f. 1779, fekk skøyte 1796 og 1815 på Selheim. Båe døydde 1847, Dei hadde ni born: Guro f. 1803, Barbrå f. 1805, Gjertrud f. 1807, Kari f. 1808, Anna f. 1812 (Amerika), Lars f. 1815, død 1838, Torleiv f. 1819, død ugift 1853, Ivar f. 1822, Brita f. 1825. Torleiv var blind. Han lærde seg til å spyta og skulde vera ein meister til å binda tægjor og korger.

Ivar Nilsson fekk 1843 farsgarden og selde han 1850 til Klas Nilsson Røyrlidi og reiste til Amerika. Klas var f. 1800, g. 1843 m. Kari Larsdr. Lemme og fekk borni: Lars f. 1844, Eirik f. 1847, g. 1878 m. Guro Knutsdr. Graudo, gardmann på Vålo, Nils f. 1850, g. 1875 m. Brita Sjursdr. Veiso, Ivar f. 1853, g. m. Marta Arnesdr. Kolvu, husmann på Kvarakvål, Kari f. 1844.

Lars Klasson var g. 1873 m. Brita Knutsdr. Møn og fekk 1872 skøyte frå mor si på garden for 600 spd. Dei fekk borni Klas, død 1888, Sjur, Kari, Ivar død 1905, Nils død 1908, Klas og Sigurd, fødde 1873-1892. Sjur var f. 1875, gifte seg 1897 m. Brita Knutsdr. Hegg og fekk skøyte på garden i 1907 for 2000 kronor.

Selheim var fyrr mtrnr. 156, lnr. 305 med gamal skyld 18 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 6 skill., revidert 2 dalar 4 ort 1 skill. Ny skyld mark 4,09.

Bruk 2. Sarpen. Denne fossen er 1898 utskilt frå bruk 1 med skyld 1 øre og skøytt til Staten for 1000 kronor.

Bruk 3. Selheim. Skilt ut frå bruk 1 i 1906 med skyld 2 mark. Lars skøytte det 1909 til sonen Sjur for 2000 kronor.

Husmenn.

Ivar Bø var husmann i to år ikring 1660. I 1722 budde han på Brekke i Granvin. Sjur Hollgeirson Kvarakvål, g.m. Brita (Bryttva?) Larsdr. Bjørku fekk på Selheim borni Gjertrud i 1727 og Gjøa 1729. Dei hadde sidan plass på Ygresbød'n. Tri huslydar som ikkje hadde plass budde på Selheim fyrst på 1700-talet: Trond Olavson, g. m. Inga? Nilsdr. (fekk sonen Nils 1717), Knut Olavson, g. m. Kristi Ivarsdr. (fekk sonen Olav 1720) og Nils som fekk sonen Svein i 1737. Eirik Klasson, g. m. Guro Knutsdr., umtala ovanfor, var husmannsfolk då dei fekk borni: Klas f. 1879, Knut f. 1880 og Anna f. 1890

--- side 469 ---

og fekk sidan gard på Vålo. Mons Sylfestson fødd på Takla j 1669, var til hus på Selheim 1724.

Støl.

Støl er ikkje nemnd 1723. I saki 1724 millom Selheim og Tverberg er umtala ein dom frå 1627, der det er sagt at stølen Erjellen høyrde til Selheim. Gretto er gamal Selheimsstøl og ligg jamsides med Tverbergsstødl'n. Dei tok fyrr leigekrøter, og eit serskilt sel kalla Lovesele var til det bruk. Som umtala på Tundal, støla dei der ei tid fyrr dei kjøpte Myseliæ. Uppe i stølsbeiti på Gretto er Kjennsetbot'n, der det tidlegare har synt etter hustufter og der har stølen Kjennset vore.

Kvern.

Kvern er ikkje nemnd 1723, men 1776 og 1791 var der ei flaumkvern. Dei har kvern i Tverbergsgroæ, men har ikkje brukt henne dei siste 50 åri.

Offentlege forretningar.

Steiningsforretning var halde 1724, det vart då steint i merkeskili millom Selheim og Mæringi soleis som eigarane Lars Bjørku på Selheim og Johannes K. Mæringi var samde um. Jarnbanetakst 1906.

Ymse.

Arve Larsson bygde i 1760-åri bru over Raundalselvæ. Fyrr vadde dei over elvi når ho var liti ein stad der ho er breid og grunn og som heiter Seleimsvade, eller la laup over på Laupasteinane. Øvste luten av den eine Laupasteinen flakna av og då er det vel at brui er bygd. Ein stor flaum i 1870-åri tok brui, men ho er bygd upp att.

Segn.

Selheim skal vera eldste garden på Voss, er det fortalt, men gardsnamnet syner at det kann ikkje vera so. Det er og fortalt at det skulde vera veidemenn frå Hardanger som fyrst sette seg til der.

Uppe på stølen ved Jygraskare syner det etter foten hennar Gjervor Møn i eit skarv den gongen ho steig frå Mønsokslæ og på Selheimsstødl'n. Ein stein stor som eit hus hadde ho Gjervor i fyreklædet, men steinen smatt gjenom eit hol i fyreklædet og vart liggjande ikkje langt frå Selheimstunet. Ho Gjervor har og ordet for at ho trakka det djupe skaret ovanfor Seleimsnolt'n den gong ho hadde Mæringi til geitastøl.

Nedanfor gardshusi er Huldrahaugen. Serleg til jol og andre høgtider bar dei i eldre tid mat og sette på haugen so huldafolki skulde ha til å hyggja seg med.

Bumerke.

«Ønund» Arneson 1755 tavle 6 nr. 100. Lars 1783 t. 6 nr. 101.