230. Setre.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 417 ---

Namnet vert i 1500-talet skrive Setter. Det vert no sagt Sètré2; han búr pao, è tao Sètré, ska tì Sètrés eller (sjeldan) Sèttùrs, sms. Sèttùrs- eller Sètrés-gróè. Namnet kjem av gn. setr n. sæte, bustad, dativ setri.

Landkommisjonen har ført Setre upp i 1661 med 2½ laup i skyld og ein brukar og segjer at der var brennefang. Skyldi var den same i 1723. Der var då to brukarar, vedaskog og ein liten humlagard. Garden var tungbrukt og årvand. Skyldi er 1838 umskrivi til 8 dalar 10 skill. Der var vedaskog til sal, never og fureskog til husbruk og eit lite vassfall. Samanlikningstalet var 1220.

Matrikkelen 1865 melder at der var 23½ mål åker, 6 mål dyrka eng, 38 mål god, 69 mål medels natureng og 42 mål skrapebø. Der var ikkje noko som høvde til dyrking. Hamnegangen låg lagleg til garden, men var ring. Skog til husbruk, og båe bruki kunde kvar selja for 2 spd. årleg. Garden var lettbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 21,8 mål åker, 45 mål kunsteng og 5 mål natureng.

Folketalet var 20 i 1801, 22 i 1865 og 16 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Setre.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 15 14
1723 2 16 18 21
1865 2 24 55 56 55 ½
1918 3 21 44

--- side 418 ---

Eirik var leiglending i 1521, betalte 8 skill. i skatt og 4 mark som breffbrot. Vincent Lunges jordgods åtte 1535 1 laup 3 huder på Setre. Arne var leiglending 1563, 1591 og 1611. Han hadde to søner: Rasmus og Sjur. Rasmus var leiglending på Gjelle og truleg g. m. ei dotter åt Nils Gjelle. Sjur er ofte skriven som leiglending i tidi 1603-1645 og åtte 1611 og 1621 27 mark i Løn. Han vart utskriven 1614 til Svinesund med byrse og sverd. Sjur var g. m. Mildj og hadde sønene Sjur f. 1635 og Hermann som var gift med Marta. Det er truleg den same Hermann som seinare har vore g. m. Gunnhild. Ho er skrivi for Fitjo då ho 1712 i ei åstadsak på Glymme vitna noko som ho hadde høyrt av sin avlidne mann Hermann Setre.

Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 1 spann smør og 1 bukkskinn. Ryttarskatt vart 1627 lagt på ½ pund odelsgods med 1½ ort. Skyldi er 1652-1661 ført upp med 2½ laup som Byrge Juel åtte. Hermann var leiglending då og 1664. Han hadde sonen Olav f. 1648. Klas Miltzow åtte Setre i 1676 og 1680, Hans Akselson i 1691 og 1695 og etterkomarane åt Boye Rafnsdorff i 1714. Sjur Sjurson var leiglending 1691, 1695 og 1701. Kven som brukte garden 1664-1691 har eg ikkje funne upplysning um, men det har truleg vore etterkomarar av fyrst nemnde Sjur.

Sjur Sjurson var f. 1635, g. som ekm. m. Anna Andersdr. som døydde 1704. Sjur døydde 1725, og hadde fire born: Anders, Brita, g. m. Olav Vele, Lussi f. 1684 og Magne f. 1693. Med fyrste kona si hadde Sjur sønene Sjur og Lars. Sjur vart g. m. Herborg Sjursdr. og vart buande på Saude, Borstr. Anders og Magne vart leiglendingar på Setre etter faren, sjå bruk 1 og 2.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Setre. Anders Sjurson var f. 1679 og g. m. Guri Larsdr. Rjodo. Han budde på Setre til 1722. Då bytte han uti Nedre Rong med Lars bror sin, som fekk att 1 laup 18 mark på Setre. Lars betalte 34 rd. i millomlag. Han var g. 1715 m. Guri Henriksdr. Øvre Rjodo og døydde 1750, 60 år gl. Guri vart attgift 1758 m. ekm. Olav Monsson Bø og døydde 1784, 86 år gl. Lars og Guri hadde tri born: Eirik f. 1718, Olav f. 1720, g. 1752 m. enkja Torbjørg Ivarsdr. Vinjo og Anna, f. 1726, g. 1757 m. Per Olavson Uppheim på Lassahaugen. På skifte etter Lars var garden (1 laup 18 mark) taksta 135 rd.

--- side 419 ---

Eirik Larsson gifte seg 1744 m. Brita Sjursdr. Vinsand og kjøpte 1751 30 mark av syskini, 1760 ½ laup av stykfaren og åtte 1765 1 laup 18 mark. Eirik døydde 1788 og Brita 1797, 84 år gl. Dei hadde sonen Mikkjel f. 1744 som gifte seg 1767 m. Anna Knutsdr. Kvåle. Han fekk 1767 skøyte frå far sin på garden og døydde 1776. Fire born: Lars f. 1768, Brita f. 1769, Knut f. 1772, g. 1804 m. Arnbjørg Arvesdr. Skjeldal og Sjur f. 1774. Anna gifte seg att 1778 m. grenader Knut Magneson


Setre.
Bilete 52. Setre. Fot. P. Braaten 1937.

Nedre Rykke etter kongelegt løyve då dei var slektningar i tridje led. Anna døydde 1784, 42 år gl., og Knut vart attgift 1785 m. Anna Nilsdr. Sonve. Dei fekk sonen Magne f. 1785.

Lars Mikkjelson, g. 1788 m. Rannveig Monsdr. Nesthus fekk 1785 skøyte på garden. Ho døydde 1851, 86 år gl. og Lars 1854. Åtte born: Mikkjel f. 1789, Brita f. 1791, Anna f. 1794, g. 1821 m. Nils Styrkson Midtun, Rannveig f. 1796, g. 1824 m. Knut Styrkson Gjerdskvål, Mons f. 1798, g. 1830 m. Anna. Rognaldsdr. Finnesteigen, Anna d. y. f. 1801, g. 1841 m. Henrik Monsson Kaldestad, Marta f. 1803, g. 1835 m. Olav Nilsson Midtun og Eirik f. 1807, g. 1839 m. Kari Jansdr. Ullestad. Mikkjel vart gift 1821 m. Anna. Styrksdr. Midtun og fekk same

--- side 420 ---

år garden for 400 spd. Dei fekk sonen Lars f. 1835. Mikkjel døydde 1841, og Anna vart attgift 1844 m. Jakob Henrikson Fadnes. Dei reiste til Amerika. På skifte 1844 vart garden taksta 700 spd. og lagd på Lars. Han reiste til Amerika saman med mori og stykfaren.

Jens Steffason Rivenes frå Haus kjøpte garden i 1851 for 1070 spd. Han var f. 1805, g. 1832 m. Sisselja Gusskalksdr. Vangen f. 1808. Jens var underoffiser og var med i direksjonen for Voss Sparebank og revisor for heradsrekneskapane. Dei døydde båe i 1892 og hadde ni born: Kirsti f. 1833, g. 1867 m. Lars Olavson Ringheim, sjå tuft 44-46 på Vangen, Brita f. 1834, død ugift, Anna f. 1836, g. 1873 m. Knut Larsson Stamnes, som ei tid budde på Dolve, Marta f. 1838, g. m. Mons Knutson Endeve (Amerika), Ivar f. 1841, Brita f. 1844, g. 1864 m. Halle Jørgenson Dagestad på Jernes, Olina f. 1846, g. 1868 m. Knut Torsteinson Dagestad, Johannes f. 1848, g. 1873 m. Brita Arnesdr. Rjodo, gardmann på Kinne, og Rannveig f. 1851, g. 1873 m. Jens Lærdalsøyri (Amerika).

Ivar Jensson gifte seg med Anna Davidsdr. Øvre Klyve, f. 1842 og fekk 1874 skøyte frå far sin på garden for 650 spd. Ivar var fanejunker, underkvartermeister og kaptein ved Hardanger landevernbataljon. Han var kontorist på sorenskrivarkontoret, medlem av formannskapet, ordførar, overformyndar, forliksråd, ordførar i fatigstyret og forstandarskapet i Voss Sparebank, medlem av tilsynskommisjonen for Bergensbanen og styrar av Voss Brandforsikringsselskap. Anna døydde 1914 og Ivar 1925. Dei hadde ti born (sjå K. Rene, Historie om udvandringen fra Voss, 1930, side 759): Jens f. 1864, advokat i Amerika, David f. 1866, forretningsmann i Amerika, Johannes f. 1867, Ivar f. 1871, bleiv 1879 i Vangsvatnet, Anders f. 1872, ingeniør i Bergen, Brynjulv f. 1874, ingeniør i Amerika, Einar f. 1877, forretningsmann i Amerika, Lars f. 1878, g. m. Anna Nilsen, stadsingeniør i Bergen, Sisselja f. 1880, g. 1900 m. Knut K. Tvilde (Amerika), og Anna f. 1884, død 1901. Johannes gifte seg 1894 m. Anna Larsdr. Haugo og fekk 1902 skøyte på garden for 4000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 231. lnr. 454 med gamal skyld 1 laup urevidert 4 dalar 13 skill., revidert 3 dalar 3 ort 9 skill. Ny skyld mark 5,35.

Bruk 2. Setre. Magne Sjurson vart som fyrr nemnt leiglending etter far sin. Magne gifte seg 1717 med Gjertrud Larsdr.

--- side 421 ---

Glymme og har 1716 kjøpt 1 laup 18 mark. Magne døydde 1742, 52½ år gl., Gjertrud 1764, 73 år gl., og hadde fire born: Anna f. 1718, død 1800, Olav f. 1720, g. 1756 m. Anna Hallesdr. Gjerstad, Anders f. 1724, g. 1758 m. Dønåt Knutsdr. Vinjo og Sjur f. 1727, g. 1775 m. Brita Helgesdr. Brekku. Anders var 1764 på Hauge i Lindås og døydde 1794 på Setre utan etterkomarar. Olav fekk 1755 og 1764 skøyte på garden (1 laup 18 mark). Han døydde 1799 utan etterkomarar. Sjur og Brita fekk fire born: Magne f. 1776, Helge f. 1778, Gjertrud f. 1781, g. 1806 m. Odd Nilsson Gjerme og Anna f. 1786, g. 1813 m. Nils Andersson Lid, Bergsdalen (Amerika).

Helge Sjurson var fødd blind og vanleg kalla Blinde-Helge og hadde ein merkeleg givnad til å greida seg. Åleine gjekk han etter vegane, kunde segja kva farge dyri hadde og alderen på hestar som den beste hestahandlar, vølte stoveklokkor og var flink spelemann. Ei tid etter at Sjur, brorson hans, var reist til Minnesota, drog Helge avstad. Sjur og kona hans trudde knapt sine eigne augo då Helge kom inn til dei. Han vart sidan der. Sjur, far deira, døydde på Setre 1796 og Brita, mor deira, vart attgift 1798 m. Kolbein Larsson Finnesteigen.

Magne Sjurson gifte seg 1797 m. Asgjerd Arnbjørnsdr. Haugo og fekk 1797 skøyte på garden. Dei fekk seks born: Sjur f. 1799, g. 1826 m. Ingjerd Olavsdr. Hæve, Brita f. 1800, g. 1835 m. Per Samsonson Tverberg, Anna f. 1803, g. 1830 m. Sjur Steffason Bjørku, skriven for Bø i 1833, Arnbjørn f. 1807, g. 1838 m. Marta Persdr. Nesthus, paktar på Hop ved Bergen, Ragnhild f. 1809, g. 1831 m. Per Knutson Løno, Olav f. 1812, g. 1. 1838 m. Ingebjørg Johannesdr. Mølsterteigen, 2. m. enkja Anna S. Giljarhus, Vossastr. (Amerika).

Magne fekk i 1813 noko potetor hjå Eirik Finne til å setja på det vilkår at Eirik skulde få halve avlingi. Eirik gjorde krav på å få att 9 tunnor, men Magne vilde ikkje lata han få so mykje. Det vart sak og Magne vart dømd til å betala for 5 tunnor 6 askar potetor. Asgjerd døydde 1833, 68 år gl. Magne reiste 1845 til Amerika for å leita upp sønene sine som ikkje hadde late høyra frå seg sidan dei reiste.

Sjur Magneson fekk garden i 1810, selde han 1844 til Mikkjel Styrkårson Ulvund og reiste til Amerika. Ein son hans Sjur, Olav, vitja Voss i fyrstningi av 1890-åri. Han fekk Olav Mosafinn med seg til Amerika der han reiste umkring og gav kon-

--- side 422 ---

sertar. Mikkjel var f. 1822, g. 1. 1846 m. Marta Johannesdr. Vinjo, 2. 1878 m. Synneva Andersdr. f. 1837 i Evanger. Med Marta fekk han seks born: Marta f. 1846, død på Vossastrondi, Styrkar f. 1850 (Amerika), Johan f. 1855, er på Vinjo, Vossastr., Ingebjørg f. 1859, Guri f. 1861, g. 1890 m. Gudleik Person Dymbe på Seim, og Brita f. 1862, død ugift 1930. Mikkjel let garden i 1866 til borni Styrkar og Brita for 800 spd. Han budde ved Vosso etter at han var gift med Synneva og fekk med henne borni Malina f. 1878 og Johannes f. 1881, g. 1906 m. Marta Larsdr. Norekvål. Mikkjel døydde 1894.

Knut Torkjelson Opeland kjøpte garden i 1869 for 1200 spd. Han var f. 1843 i Folkedal, g. 1866 m. Brita Nilsdr. Bjørku f. 1845. Knut var kunnande med ymse slags arbeid, laga sjølv sine reidskap og anna som han trong. Han arbeidde m. a. den fyrste sluffesleden på Voss som sidan er kome i ålment bruk. Dei fekk seks born: Nils f. 1867, Elina f. 1870, g. m. Anders K. Raustad, Torkjel f. 1874 (Minneapolis, Amerika), Anders f. 1876, Lars f. 1880, huseigar og fabrikkdisponent i Ålesund og Guri f. 1883, død 1901. Knut døydde 1925 og Brita 1926. Nils gifte seg med Synneva Steffadr. Ullestad f. 1868 og fekk 1897 skøyte på garden for 2400 kronor. Han bleiv 1905 i Vangsvatnet. Sonen Knut fekk garden i 1920 for 2400 kronor, selde han 1926 til systermannen Jakob Kvalen for 8000 kronor og reiste til Amerika. Jakob er f. 1883, g. m. Marta Nilsdr. f. 1894, Dei bur i Ålesund der han er politimann. I 1926 vart fråskilt bruk 3. Lars E. Klyve kjøpte bruk 2 i 1933. Han er f. 1899 og g. m. Kristi Brekke, Seim, Granvin, f. 1899.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 231, lnr. 455 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 3 dalar 4 ort 21 skill., revidert 3 dalar 1 ort 1 skill. Ny skyld mark 4,67 fyrr bruk 3 var skilt frå.

Bruk 3. Setre. Utskilt frå bruk 2 i 1926 med skyld mark 2,08. Jakob Kvalen bygde nye hus på eigedomen og bur der i sumarferien.

Husmenn på Setre.

Anders Larsson Øvre Herre, g. 1733 m. Marta Knutsdr. Midt Skutle, fekk borni Guro, Knut, Gitle og Sigrid f. 1737-1744. Anders døydde ikring 1745. Eirik Larsson skatta 1745 2 rd. av di han dreiv med handel. Josef hadde dotteri Ragnhild f. 1759. Styrk Larsson, g. m. Marta Monsdr. fekk sonen Lars f. 1778.

--- side 423 ---

Eiliv Henrikson f. 1773, g. m. Marta Knutsdr. Setre f. 1771 fekk plass i 1812. Ho døydde 1847 og hadde borni: Maria f. 1796, g. 1828 m. Olav Ivarson Græe, Brita f. 1800, g. 1831 m. Nils Monsson Ro (som 1837 fekk sonen Mons), Eli f. 1803, g. 1853 m. Anders Erlingson Rykke, husmann på Bryn, Anna f. 1808, g. 1841 m. Herbrand Ivarson Helland.

Mass Rognaldson Nestås hadde plass på Setre til 1825 då han flytte til Ukvitno i Reppen. Helga, fyrste kona hans, døydde på Setre 1815, 30 år gl. Mons Larsson, g. m. Anna Rognaldsdr. Finnesteigen fekk dotteri Marta f. 1830. Kona Synneva Torbjørnsdr. Rene døydde 1877, 45 år gl. Sjur Larsson Jerald f. 1821, g. m. Brita Reneshajen fekk ikring 1860 det gamle plasset Setreshajen på bruk 2. Fyrr budde dei på plasset Leirflåten millom Jerald og Rong. Deira to born døydde i ungdomen. Sjur dreiv mykje med å svarva treskåler og trefat som ho Brita gjekk ikring og selde og stundom bytte uti korn. Sjur gjekk ofte på veiding i fjellet. Han var ein hardhaus og pratmakar og fortalde på ein spanande måte um sine upplevingar og anna. Brita var sers flink til å spinna og veva einskjefta vadmål. Sjur døydde som ekm. 1908. Torstein Jonson Græe f. 1838, g. m. Anna Knutsdr. Haug fekk plasset Kallhajen på bruk 1 ikring 1876 og bygde der. Han var skomakar. Dei fekk to born: Nils f. 1868 som reiste til Amerika, og Eli f. 1879, g. m. Ivar Hansson Høyvik f. 1881. Dei bur i Balestrand. Han er treskjerar, og ho vev teppe og anna. Torstein døydde 1898 og Anna, kona hans, flytte til dotteri.

Støl.

Støl var det ikkje til Setre i 1723. Umlag ein times veg rett uppover og forbi utmarki ligg Setresstølen Hindarveit. Magne som fekk garden i 1797, og sønene hans, bygde fleire hundrad meter steingjerde på stølen.

Kvern.

Der var to flaumkvernar i 1723, 1776 og 1791. I groi millom Setre og Glymme har bruk 2 kvern som har vore i bruk til nyleg. Kverni åt bruk 1 i same groi er no burte.

Offentlege forretningar.

Forretning 1741. Merkeskilforretning 1798. Utskifting 1886. Merkeskilforretning 1898.

Bumerke.

Lars fleire gonger 1735-1746 tavle 5 nr. 86. Eirik 1751 t. 9 nr. 23. Han brukte to andre merke 1756 og 1758. Per 1758 t. 1 ur. 45. Olav 1770 t. 9 nr. 24. Sjur 1776 t. 9 nr. 25.

--- side 424 ---

Ymse.

Heimebøen har vore utvida uppover og der er merke etter at bøjagarden har vore flytt to gonger. Ei segn fortel at Setre i gamal tid høyrde til Voss Prestegard. Noko stadfesting av dette har me ikkje set.