139. Vetla Skiple.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 375 ---

Namnet vert i 1611 skrive Skiplen. Det vert no sagt Sjìplè2; han búr pao, è tao Sjìplè, ska tì Sjìplés. Namnet er samansett, etterlekken er vin (beite), fyrelekken er vel eit ord skipul-, som heng saman med verbet å skipla (skjepla), flytta um, riva av lage, og siktar vel til elvi der, Sjipló, som kløyver seg og ofte skal ha skift far, og var til meins for ferdsla der (jfr. tydingi av namnet Rekve i band 2).

Vetla Skiple er stundom kalla Øyjoræ og har alltid vore einbølt gard. Landkommisjonen segjer 1661 at skyldi var 12 mark og at det var ein brukar. I matrikkelen 1723 er skyldi førd upp med 18 mark. Garden var av same godleik som Sygnaberde. Der var litt skog til husvøling og nok vedaskog til eige bruk. Skyldi 18 mark vart 1838 umskrivi til 2 dalar 1 ort 15 skill. Samanlikningstalet var 350. Fure- og vedaskog og vassfall var det nok til eige bruk.

Matrikkelen 1865 melder at der var 8½ mål åker, ¾ mål dyrka eng, 12 mål god, 12 mål medels natureng og 27 mål

--- side 376 ---

skrapebø. Hamnegangen var medels. Der var skog til husbruk og timber kunde seljast for 2 spd. um året. Garden var svært tungbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 5,8 mål åker, 2 mål kunsteng og 18 mål natureng.

Det budde 9 menneske på Vetla Skiple i 1801, 7 i 1865 og 8 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Vetla Skiple.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1723 1 5 6 3
1865 1 10 17 18 21
1918 1 7 14

Vetla Skiple er i 1657 teke saman med Store Skiple og det er fyrst 1661 at det vert skilt millom dei i manntali. På tinget 1670 er upplyst at det var 16 år sidan dei tok til å rydja på Vetla Skiple . Vangens prestebol åtte garden i 1661. Lars Johannesson var leiglending både då og 1664. Skyldi er 18 mark i 1664. Anders Garmann var eigar 1680, buet åt Gjert Miltzow 1691 og Henrik Miltzow 1695. Anders var leiglending 1691 og Johannes 1695.

Folketeljingi 1701 har ført upp Lars Steffason f. 1665 som leiglending. Han var g. m. Kristi Knutsdr., døydde 1704 og hadde tri born etter seg: Olav f. 1694, Lars f. 1700 og Anna f. 1703. Soldat Knut Brynjulvson bygsla 1708 Vetla Skiple (18 mark) av Henrik Miltzow. Knut var g. 1. m. Anna Knutsdr. 2. 1712 m. Gjertrud Jakobsdr. Finne. Knut døydde 1755, 85 år gl. og Gjertrud 1761, 84 år gl. Dei var barnlause. I 1749 sa dei upp bygsli og fekk kår. Torkjel Knutson bygsla då garden og kjøpte han 1760 av enkja etter kancelliråd Nils Alstrup. Torkjel var g. m. Magli Botolvsdr. og fekk borni Marta f. 1729, Johannes og Per. Torkjel let garden 1761 til Johannes, son sin. Per var g. m. Gro Knutsdr. og fekk sonen Knut 1714.

Johannes Torkjelson var g. 1764 m. Herborg Gudleiksdr. Saude og døydde 1810, 79 år gl. Ved skifte etter han i 1811 var det sju born: Gudleik Stalheimsøyi f. 1765, Gjertrud f. 1771, Magli f. 1775, g. m. Torgeir Sjurson Gjukastein, Torkjel Vålo, Magne f. 1779, Guri f. 1782 og Olav f. 1789. Torkjel fekk

--- side 377 ---

skøyte frå faren 1791 og 1793 på garden av di eldste broren Gudleik var sjukleg. Torkjel var fødd 1768 og g. 1797 m. Ragnhild Olavsdr. Han bytte 1802 med Lars Nilsson uti Vålo. Lars var g. 1. m. Anna Eiriksdr., 2. m. Kari Torsteinsdr. og døydde 1852, 86 år gl. Kari døydde 1858, 75 år gl. Garden vart taksta 300 spd. ved skifte etter Lars. Dei hadde ikkje born.

Åmund Brynjulvson Brekke frå Granvin fekk garden utlagd ved skifte etter Lars for 150 spd. og budde der til 1862, då han selde til Lars Jonson Dale, Kvitli, for 400 spd. Lars var f. 1829, g. m. Anna Hermundsdr. Skutle og døydde 1920. Dei fekk borni Jon f. 1863, Hermund, Synneva f. 1867, Anna f. 1871, Arngunna f. 1873, Per f. 1876, Olav f. 1879, død 1896, Marta f. 1882, g. 1915 m. snikkar Sjur Håkonson Skiple. Hermund er f. 1865, g. 1892 m. Brita Nilsdr. Midberde f. 1868. Han budde fyrst ei tid på Rokne, og fekk so farsgarden i 1919 for 6000 kr. Deira son Olav fekk skøyte 1932 på garden for same pris. Ein annan son Lars som skreiv seg for Rokne, var byggmeister i Bergen og hadde fleire større arbeid og dreiv materialhandel. Han døydde 1929.

Vetla Skiple var fyrr mtrnr. 140, lnr. 278 med gamal skyld 18 mark, urevidert 2 dalar 1 ort 15 skill., revidert 1 dalar 3 ort 18 skill. Ny skyld mark 2,55.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden, heiter det 1723 og er vel same stølen som garden no har på Vatnaset.

Kvern.

Kvern var der ikkje i 1700-talet. No er det kvern ved elvi Vetlaskiplo. Husmannen Brynjulv i Husæ hadde stampe og beinmyln ved same elvi. Brita Øyjordi kjøpte stampa som seinare er nedlagd. Knut A. Skiple og Olav har bygt sag ved Vetlaskiplo. Hermund har laga seg eige elektrisitetsverk ved Storaskiplo på 5 kilowatt som gjev ljos og drivkraft til garden. Hermund la ut kontant 1800 kronor og har saman med sonen arbeidt resten av verket.

Offentlege forretningar.

Steiningsforretning 1796. Grunnsetel til Arne Arneson Skiple på tuft til sagbruk. Semje 1832 med Heimberde um beiting. Jarnbanetakst 1900.

Ymse.

Olav har for nokre år sidan funne ein gravhaug på Vetla-Skiple.

Segn.

Segni fortel at i gamle dagar var Vetla Skiple kalvahage åt Store Skiple og vart seinare gjeven til kyrkja.

Bumerke.

Torkjel 1745, 1756 tavle 6 nr. 61.

--- side 378 ---

140. Store Skiple.

Landkommisjonen har 1661 ført upp skyldi med 2 laup 18 mark, som det var berre ein brukar på, men i matrikkelen 1723 er skyldi 1 laup 2 pund 15 mark. Garden låg høgt til fjells er det sagt, var tungbrukt og det var misleg med kornavlingi. Der var turvande vedaskog og litt fureskog til husvøling. I 1777 og 1838 er skyldi førd upp med 2 laup og vart siste året umskrivi til 10 dalar 3 ort. Samanlikningstalet var 1600. Der var fureskog, vedaskog og never til eige bruk og til sal, turvande vassfall og god hamn.

Matrikkelen 1865 melder at der var 371/5 mål åker, 1 mål dyrka eng, 46 mål god, 45½ mål medels natureng og 131 mål skrapebø. 4 mål var skikka til dyrking. Hamnegangen var medels. Skog til husbruk. Bruk 1, 2 og 4 kunde selja timber for 4 spd. årleg, bruk 5 for 6 spd. og bruk 10 for 5 spd. Garden var svært tungbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 24 mål åker, 28 mål kunsteng og 77 mål natureng. Folketalet var 44 i 1801, 49 i 1865 og 56 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Store Skiple.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 18 26
1723 1 18 15 12
1865 5 46 100 77 1/3 80
1918 5 33 69

Som meldt under Vetla Skiple er det fyrst i 1661 at det i manntali er skilt millom Vetla Skiple og Store Skiple. Arne var leiglending på Skiple 1603, Eirik 1611 og Nils 1621. Halldor Endreson åtte då 9 mark i garden. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 9 mark smør og 1 geitskinn. Nils var leiglending. Laurits er førd upp fleire gonger som leiglending 1629-1659 og brukte 1629 1½ laup og 1635 2 laup. Han budde 1642 på eige odelsgods 1 laup 18 mark og betalte 15 skill. i skatt. I 1645 står at han heitte Laurits Brynjulvson, var g. m. Sigrid og hadde Olav og Guri til tenarar.

--- side 379 ---

Åmund og ei enkje var brukarar 1652 og Laurits budde framleies på eige odelsgods 1 laup 27 mark. Manntalet 1655 bar som eigarar Laurits 1 laup, Mikkjel Haugo ½ laup og Laurits som då og budde på eigedomen sin. Mons og Åmund var brukarar 1657. Åmund vart då stemnd for di han ikkje hadde møtt fram på Bolstad for å skyssa futen. Store Skiple var og bondegods i 1661. Åmund Askjelson var brukar både då og 1670. Hermann Garmann var 1676 og 1680 eigar av 2 laup. Buet etter Gjert Miltzow åtte det 1691 og Henrik Miltzow 1695. Lefoer og Mons var leiglendingar 1691 og Sjur og Mons 1695.


Skiple
Bilete 48. Skiple. Fot. P. Braaten 1936.

Folketeljingi 1701 har Rognald Halldorson f. 1654 som leiglending. Han hadde då sønene Halldor f. 1692 og Erling f. 1698. Erling gifte seg 1721 m. Gjertrud Larsdr. Ullestad. Rognald bygsla på nytt 2 laup i 1708. Han var presten sin medhjelpar, men var likevel fleire gonger stemnd for slagsmål, overfall og skjellsord, og laut bøta. Ein gong vart han stemnd for di han hadde skremt kona Ragnhild Gjeitle so ho hengde seg. Halldor, son hans Rognald, vart dømd til å bøta 2 lodd sylv og betala 1 rd. i kostnader for di han hadde kjøpt heim tobakk og selt.

--- side 380 ---

Lars Bårdson Sponheim bygsla 1713 2 laup av H. Miltzow. Det er fortalt um Lars på Kolvu bruk 3. I ei likferd 1716 hjå Lars var og ei uvyrde, Knut Gulfson (eller Gummalason) med. Han reitte seg inn på ymsne i laget. Ein av dei, Per T. Store Hegg, treiv til kniven for å verja seg og stakk Knut i ryggen so han døydde. Etter Lars Bårdson kom Eiliv Eilivson som 1725 kjøpte 2 laup av Henrik Miltzow for 270 rd. Eiliv var gift fyrste gong med Margreta Larsdr. og andre gongen 1730 m. Gjertrud Steffadr. Ukvitno. I 1739 var Eiliv lagrettemann. Han og Margreta var frå Hallingdal. Eiliv og Gjertrud døydde 1779, han 102 år 6 vikor gl. og ho 89½ år 14 dagar gl. Året fyrr han døydde, reid han på Vangen.

Ved skifte etter Eiliv åtte buet 1 pund 9¾ mark. Han hadde late noko i 1735 og noko til sonen Eiliv. Eiliv d. e. hadde fire born m. Margreta: Lars f. 1721, død 1744, Eiliv, Mari, g. 1745 m. ekm. Hallstein Henrikson Istad, Marta f. 1728, g. 1746 m. Ivar Olavson Kolvu; og eit med Gjertrud: Margreta f. 1733, g. 1. 1756 m. Olav Olavson Sygnaberde eller Kolvu, 2. 1783 m. ekm. Ivar Johannesson Bjørgo. Eiliv f. 1722 er det fortalt um på bruk 5.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Store Skiple. Olav Arneson Dyrdal har 1730 fått skøyte på 2 pund 19½ mark. Han var g. m. Soffi og døydde 1733, 64 år gl. Soffi døydde 1743, 71 år gl. Deira dotter Lisbet gifte seg 1734 med Arne Andersson som var son åt Anders Arneson Dyrdal og Sigrid Hansdr. i Aurland. Arne fekk skøyte 1735 på 2 pund 19½ mark. Arne døydde 1774, 64 år gl. og Lisbet 1778, 70 år gl. Dei hadde borni Olav som 1774 var på Gudvangen, Sigrid f. 1739, g. 1768 m. Olav Olavson Midberde, Anders f. 1744 (på Gudvangen 1778) og Soffi f. 1754, g. 1775 m. Olav Johannesson Heimberde, skriven for Gudvangen 1778.

Olav Arneson f. 1734, g. m. Marta Olavsdr. Gudvangen f. 1733 fekk skøyte 1775 og 1778 på garden, 2 pund 19½ mark. Olav døydde 1817 og Marta 1819. Dei hadde borni Elisabet, g. 1790 m. Bjarne Mikkjelson Brekku, Sigrid, g. 1794 m. Viking Nilsson Kvåle, Arne og kann henda fleire. Arne var f. 1759 og fekk skøyte 1785 og 1799 på garden. Han selde 1815 1 pund til andre son sin Askjel. Sjå vidare bruk 4. Arne var g. 1786 m. Sisselja Askjelsdr. Reime som døydde 1816, 54½ år gl. og

--- side 381 ---

2. 1820 m. Guri Åmundsdr. Lofthus f. 1770. Arne døydde 1840 og hadde med Sisselja åtte born: Arne f. 1787, Kari f. 1789, g. 1819 m. Hallstein Olavson Grindaland, Askjel f. 1791, g. 1828 m. Gudve Nilsdr. Eggjareid, Olav f. 1794, g. 1829 m. Gudve Sjursdr. Fenno, Jon f. 1796, Olav f. 1799, Torgis f. 1801, g. 1841 m. Rannveig Larsdr. Bø, Anders f. 1805, g. 1826 m. Arngunna Arnesdr. Nygryten.

Arne Arneson f. 1787, g. 1819 m. Synneva Olavsdr. Grindaland, fekk farsgarden. I 1836 var han tilsett som presten sin medhjelpar. Garden vart seld på auksjon 1854 til Herlaug Olavson Flatekvål for 660 spd. Arne døydde 1859 og Synneva 1891. Dei fekk seks born: Sisselja f. 1820, Synneva f. 1822, Arne f. 1825, Marta f. 1828, g. 1853 m. Olav Andersson Nòsen, Guri f. 1833 og Olav f. 1835. Herlaug Flatekvål selde garden 1854 til fabrikkeigar P. Jebsen for 900 spd., som selde att 1859 til Olav Askjelson Skiple for 1200 spd. Arne Arneson var med i krigen mot Sverike.

I 1864 vart utskilt stølen Honndalen som bruk 3, og bruk 1 vart deretter skift i to jamstore partar bruk 1 og 2. Olav let bruk 2 til Nils, bror sin, og hadde sjølv bruk 1. Olav var f. 1834, g. 1863 m. Ragna Knutsdr. Hegg f. 1839. Ho døydde 1920 og han 1911. Dei fekk seks born: Gudve f. 1864, g. 1886 m. Olav Kolbeinson Rjodo, Marta f. 1868, g. 1890 m. ekm. Johannes Monsson Nedkvitno, Sisselja f. 1871, g. 1891 m. Askjel Brynjulvson Berde, Knut f. 1873, Anna f. 1875 og Olav f. 1878. Knut fekk garden 1901 for 1800 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 141, lnr. 279 a med gamal skyld 2 pund. Etter at bruk 2 var skilt frå var skyldi på bruk 1 urevidert 1 dalar 3 ort 2 skill., revidert 1 dalar 2 ort 20 skill. Ny skyld mark 2,28.

Bruk 2. Store Skiple. Skilt frå bruk 1 1864. Nils Askjelson kjøpte det av Olav, bror sin, for 450 spd. Han var f. 1832, g. 1862 m. Johanna Sjursdr. Hornve f. 1838 og døydde 1909. Johanna døydde 1921. Dei hadde fire born: Gudve f. 1863, g. 1881 m. Mons Eirikson Almenningen f. 1839, sjå bruk 13 på Finne, Sjur f. 1864, Marta f. 1870, g. 1898 m. Samuel Gabrielson frå Kinn f. 1863, Anna f. 1876, g. 1899 m. Johan Brynjulvson Kvåle. Samuel fekk skøyte 1911 frå vermor si på garden. Han døydde 1917.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 141, lnr. 279 a 2 med skyld som bruk 1 etter at brak 2 var skilt frå.

--- side 382 ---

Bruk 3. Honndalsbotn. (Støl.) Skilt frå bruk 1 i 1864 med skyld 50 øre. Arnfinn Nilsson Lirhus og Torstein A. Hellesnes kjøpte denne stølen 1865 for 300 spd. Torstein selde 1874 sin part til Arnfinn og Knut O. Ukvitno. Mikkjel G. Ronve er so vorten eigar og skøytte stølen saman med garden sin på Ronve til sonasonen Nils Gusskalkson Ronve. Håvard Berge kjøpte stølen og Ronvesbruket i 1903 og let det 1927 til Nils, son sin.

Bruk 4. Store Skiple. Det er skilt frå bruk 1 i 1815. Askjel Arneson fekk som fyrr nemnt skøyte på det frå far sin. Askjel var f. 1791 og gift 1828 m. Gudve Nilsdr. Eggjareid f. 1805. Dei hadde seks born: Arne, Nils f. 1832, sjå bruk 2, Olav f. 1834, g. 1863 m. Ragna Knutsdr. Vetla Hegg, Ragnhild f. 1837, Lars f. 1841, Olav f. 1844. Askjel døydde 1864 og Gudve 1881.

Arne Askjelson f. 1829, g. 1858 m. Guro Hansdr. Heimberde fekk skøyte 1857 og døydde 1905. Dei fekk seks born: Askjel f. 1858, Hans, Anna f. 1865, g. 1890 m. Lars Torgeirson Bø, Olav f. 1867, død ugift 1923, Lars f. 1870, Gudve f. 1874, g. 1893 m. Hans Knutson Grovu. Hans fekk skøyte i 1885 frå far sin på bruk 4 for 1700 kronor.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 141, lnr. 279 b med gamal skyld 1 pund, urevidert 1 dalar 3 ort 20 skill., revidert 1 dalar 3 ort 12 skill. Ny skyld mark 2,48.

Bruk 5. Store Skiple. Eiliv Eilivson, nemnd ovanfor, f. 1722 gifte seg fyrste gong 1748 m. Gudve Olavsdr. Store Grovu og andre gongen 1769 m. enkja Brita Jonsdr. Røyrlidi. Eiliv fekk skøyte frå faren 1748 og 1769 på 2 pund 19½ mark. Gudve døydde 1768, Eiliv 1784, 62 år gl. og Brita 1803, 86 år gl. Ho Brita hadde med fyrste mannen, Mikkjel, sonen Jon f. 1749. Med Gudve fekk Eiliv fem born: Margreta f. 1750, Kari f. 1753, g. 1780 m. Sjur Olavson Tymbrålen, husmann på Skiple, skriven for Frekhaug i 1784, Brita f. 1754, g. 1782 m. husmann Lars Knutson Bø, Bryn, f. 1758, Anna f. 1758, g. 1791 m. Tormod Abrahamson Løno, Lars f. 1762.

Lars Eilivson f. 1762, g. 1. 1782 m. Guri Endresdr. Heimberde, 2. 1815 m. Gjertrud Eiriksdr. Rekve, 3. 1822 m. Marta Ivarsdr. Syndve og 4. 1829 m. Dønåt Gudleiksdr. Fagnastølen. Lars fekk skøyte 1781 på bruk 5 (1 pund 12 mark) og 1829 på bruk 9. Det skal vera Lars som sette seg i brodden for å få

--- side 383 ---

gravplass åt Raundalen på Skiple. Han arbeidde og mykje for å få bygt kyrkje i Raundalen og vilde at ho skulde stå på Asleflòten nedanfor husi på Skiple. Lars lovde at dei i skogen hans skulde få hogga det timberet dei trong til kyrkja, og han kjøpte ljosekrune og altarkalk. Ved skifte etter Lars vart ljosekruna skrudd sund og saman med altarkalken skift millom ervingane, er det fortalt.

På skiftet etter Lars 31. oktober 1834 vart det kokt mjølkesupa av mjøl som var male på handkvern. Ho Dønåt styrde garden eit par år etter at Lars var død. Det eine året var det sers fljott. Til olsok kokte ho rjomegraut med mjøl av årsavlingen. Guri døydde 1812, Gjertrud 1821, 27 år gl. (drukna i Raundalselvi), Marta 1828, 51 år gl., Lars 1834, 74 år gl. og Dønåt 1857, 53 år gl. Ved skifte 1812 vart garden taksta 1600 rd. og skogteigen Kavleteigen «under Hylle» 100 rd. I 1821 var taksten på garden og skogteigen 750 spd. Bruttomidelen ved skifte 1821 var 1041 spd.

Lars hadde med Guri fem born, med Gjertrud to og med Dønåt to: Gudve f. 1783, g. 1805 m. ekm. Lars Ivarson Kolvu, Synneva f. 1788, g. 1814 m. Olav Johannesson Lindberg, Kari f. 1791, g. 1815 m. David Eirikson Rekve, Brita f. 1794, g. 1823 m. Torgis Jonson Øyaflòten, skriven for Kolvu 1834, Steinvor i. 1797, g. 1818 m. Lars Jonson Øyaflòten, Eiliv f. 1819, Eirik f. 1821, sjå bruk 9, Marta f. 1830, g. 1870 m. husmann David Knutson Haugo, Lars f. 1832, g. 1850 m. Karen Nilsdr. Venjum, Aurland.

Eiliv Larsson f. 1819, g. 1836 m. Brita Olavsdr. Skiple f. 1815, død 1886, fekk 1829 skøyte på bruk 1 og hadde åtte born: Lars f. 1836, Marta f. 1839, g. 1865 m. ekm. Johannes Torsteinson Leiddal, Olav f. 1842, g. 1869 m. Ingjerd Nilsdr. Fenno, Johannes f. 1844, Bryttva f. 1846, Henrik f. 1849, Eirik f. 1853, Ingebrikt f. 1856. Lars fekk garden 1856 og bytte 1857 med Knut Trondson uti bruket hans på Brekku, Rd. Knut er umtala på Øvsthus, Rp. Han bytte 1875 med Svein Nilsson uti hans bruk på Øvsthus. Svein selde att same året til Asle Torgisson Reime for 800 spd.

Asle Torgisson var f. 1835, g. 1870 m. Brita Mikkjelsdr. Bø f. 1840 og døydde 1931. Brita døydde 1902. Åtte born: Ingebjørg, Sigrid, Knut, Guri, Torgis, Ingebjørg, Anna og Maria f. 1871-1885. Knut f. 1873 gifte seg 1910 m. Synneva

--- side 384 ---

Jonsdr. Kolvu f. 1890 og fekk 1902 skøyte frå far sin på garden for 2800 kronor.

Bruk 5 var fyrr mtrnr. 141, lnr. 280 med gamal skyld 1½ pund, urevidert 2 dalar 15 skill., revidert 2 dalar. Ny skyld mark 2,91.

Bruk 6. Krikkane. Utskilt frå bruk 5 i 1881 med skyld 29 øre. Det var fyrr husmannsplass og skal vera rudt av Olav Torkjelson kalla Gamle-Krikkjen. Det er fortalt at han var med i krigen mot Sverike og fekk feste på Krikkane då han kom heim att. Namnet hans er ikkje på Veteranbautaen. Han brende tjøre og hadde to tjøregrytor i Skiplesliæ og ei i Honndalen. Han bytte tjøra uti korn med Fleischer som hadde bruk for tjøra åt kyrkjo. Ivar Knutson Skiple kjøpte Krikkane for 800 kronor. Han var fødd på Brekku 1842, g. m. Anna Jonsdr., fekk sonen Jon 1876, og døydde 1917. Ervingane hans Ivar selde bruket til Sjur Håkonson Skiple for 5000 kronor. Sjur er f. 1876, g. 1915 m. Marta Larsdr. Skiple og er snikkar.

Bruk 7. Store Skiple. (Stølen Bjønnset.) Skilt frå bruk 5 i 1865 med skyld 15 øre og selt til Nils Brynjulvson Midberde for 100 spd. Det er stølen Bjønnset på sørsida av storelvi. Askjel, son hans Nils, fekk stølen 1886 og let han 1927 saman med bruk 2 Nedre Vinjo til Nils, son sin.

Bruk 8. Store Skiple. Utskilt frå bruk 5 i 1858 og selt til Per Andersson Vinjo, som selde att 1862 til Knut Olavson Ukvitno for 100 spd. Det er støl til bruk 1 Ukvitno, Reppen.

Bruk 9. Store Skiple. Eiliv Larsson på bruk 1 let i 1829 bruk 9 med skyld 1½ pund til Eirik Larsson. Eirik var f. 1821 og døydde som barn 1831. Faren Lars Eilivson ervde då garden og skøytte han same året til Eiliv, son sin, på bruk 1. I 1847 vart fråskilt bruk 10 og det som var att av bruk 9, fekk 50 øre i skyld og vart selt 1857 til Johannes Torsteinson Vinjo og har sidan fylgt med bruk 2 Nedre Vinjo som støl til garden.

Bruk 10. Store Skiple. Utskilt frå bruk 9 i 1847 og selt til Gudleik Knutson Almenningen for 700 spd. Han budde fyrr på Øyaflòten, var f. 1809, g. 1845 m. Ingebjørg Larsdr. Øyaflòten f. 1818 og døydde på Skiple 1890. Ingebjørg døydde 1882. Dei fekk borni: Lars f. 1845, Knut f. 1847, Ingjerd f. 1849, g. 1880 m. Endre Jonson Heimberde, Jon f. 1855, og Eirik f. 1859. Knut fekk Øyaflòten. Lars gifte seg 1875 m. Marta Andersdr. Hegle og fekk skøyte 1879 frå far sin på bruk 10 for 2000 kronor. Lars døydde 1918. Tri born: Gudleik f. 1876,

--- side 385 ---

Kari f. 1878 og Ingebjørg f. 1882. Gudleik fekk garden i 1911 for 4000 kronor.

Bruk 10 var fyrr mtrnr. 141, lnr. 281 b med gamal skyld 1 pund 8 mark, urevidert 2 dalar 1 ort 19 skill., revidert 2 dalar 8 skill. Ny skyld mark 3,01.

Bruk 11. Honndalen. Det er støl som vart skilt frå bruk 4 i 1909 med skyld 23 øre og selt til Håvard Berge på Ronve for 800 kronor.

Bruk 12. Denne parten er utskild frå bruk 10 i 1910 med skyld 18 øre og var oreigna av Statsbanane i 1899.

Bruk 13. Fagerhaug. Skilt frå bruk 2 1911 med skyld 1 øre og selt til Johannes Romslo. Han selde 1917 til Olav Olavson Eggjareid for 2000 kronor.

Husmenn på Store Skiple.

Odd Larsson f. 1657 var husmann 1701 og hadde sonen Lars f. 1685. Husmann Olav Kittelson Skiple og 18 andre husmenn var stemnde 1706 av soknepresten for di dei ikkje hadde ytt pliktige dagsverk til han. I 1723 var der ikkje husmann på Skiple. Hollgeir Sjurson, g. m. Synneva Knutsdr. fekk borni Sjur f. 1771 og Bryttva f. 1774. Mons Eirikson, g. m. Brita Kristoffersdr. fekk 1781 dotteri Anna. I 1801 var der seks husmenn: a. Jon Sjurson, død 1826, 70 år gl., g. m. Liva Larsdr. f. 1750, død 1828 og hadde sonen Sjur f. 1793. b. Knut Brynjulvson f. 1760, g. m. Marta Hallsteinsdr. f. 1762, som hadde borni Synneva, Gjertrud, Hallstein og Brynjulv f. 1787-1799. c. Sverkve Torgeirson f. 1759, sjå plasset Bakken. d. Olav Olavson f. 1750, g. m. Guri Henriksdr. f. 1751 som hadde tri born: Per, Henrik, Synneva f. 1780-1795. e. Lars Bårdson f. 1762, g. m. Andri Tormodsdr. f. 1763. f. Øyel Bårdson f. 1754.

Som husmannskonor døydde Sigrid Styrksdr. 1856, 71 år gl. og Brita Torgeirsdr. 1875, 65 år gl. Anna Jonsdr. f. 1852 døydde 1879. Gudleik Hallsteinson, g. m. Ingebjørg Sverkvesdr. fekk borni Hallstein f. 1820 som kom til Kolvu, Sverkve f. 1823, Åsa f. 1826, g. 1856 m. Olav Kolbeinson Grindaland, Kari f. 1829 og Gunnhild f. 1831. Gudleik døydde 1833, 40 år gl. Olav Olavson gift som ekm. 1810 m. Rannveig Jonsdr. Øyaflòten døydde 1833, 62 år gl. Anders Ivarson, g. m. Anna Olavsdr. fekk borni Anna f. 1880, Brita f. 1883 og Olav f. 1885.

--- side 386 ---

Me veit ikkje kva plass dei ovanfor nemnde har butt på. På Honndalshaugen har butt husmann, det syner enno etter tuftene. Forutan der og i Honndalen som er umtala nedanfor har der vore seks husmannsplass: Krikkane, som no er bruk 6, Haugane, Haugasunde, Huse og Bakken der det var to plass. Olav Johannesson budde på Krikkane 1865, var g. m. Sigrid Styrksdr., døydde 1872, 83 år gl. og hadde borni: Johannes f. 1820, g. 1845 m. Ingerid Larsdr. Nesheim, Granvin, Herborg f. 1823, g. 1851 m. lensmann Johannes J. Hovda, Evanger, Styrk f. 1825, Torkjel f. 1828 og Knut f. 1830. På Haugane budde Lars Olavson f. 1810 på Vossastr., g. m. Sisselja Nilsdr. Voll f. 1806. Han døydde 1898 og Sisselja 1890; dei hadde borni: Torgis, Ingebjørg, Marta og Kjel f. 1839-1847. Marta gifte seg 1871 m. Johannes Monsson på Nedkvitno. Lars Åmundson Bø budde der sist.

Herlaug Håkonson Reime tok upp plasset Haugasunde, men budde heime på garden. Han var f. 1798, g. 1827 m. Brita Torgisdr. Voll og døydde 1881. Brita døydde 1875, 65 år gl. Tri born: Knut, Håkon og Sjur. Håkon f. 1846 gifte seg 1873 m. Marta Sjursdr. Hornve. Han var sersjant, hadde plasset etter foreldri sine, bygde hus på det og budde der. Han døydde 1883 og hadde seks born: Ivar, Sjur f. 1876, sjå bruk 6, Olav f. 1881, g. m. enkjefru Maria Alvestad, sjå bruk 23 på Rogne, Nils og Brita f. 1874, g. m. Tomas T. Meland og Herlaug f. 1879, død ugift 1917.

På Huseplasset budde Brynjulv Askjelson Øvsthus f. 1827, g. 1869 m. Gunnhild Gudleiksdr. f. 1831. Han døydde 1909 og ho 1910. Det var to plass på Bakken. Olav Andersson Nòsen f. 1815, g. 1853 med Marta Arnesdr. Skiple, døydde 1898. Dei hadde sønene Arne Uppheim f. 1853, stemnevitne på Vossastr. og Knut f. 1853. På det andre plasset budde Sverkve Torgeirson, som feste plasset 1798 av Arne Olavson. Sverkve var g. m. Gunnhild Knutsdr. og døydde 1803, 44 år gl. Han var god smed og arbeidde sers gode og fine kistelås. Dei hadde seks born: Torgeir f. 1786, g. 1824 m. Marta Olavsdr. Brekku, Knut f. 1789, g. 1822 m. Gunnhild Kolbeinsdr. Tufto, Ingebjørg f. 1791, g. 1820 m. Gudleik Hallsteinson Teigen, Anna f. 1793, g. 1828 m. ekm. Halldor Johannesson Øyjord, Bård f. 1796 og Synneva. (Knut og Gunnhild hadde borni: Gunnhild f. 1823, Guri f. 1825, Katla f. 1828, g. 1862 m. Olav Ingebriktson

--- side 387 ---

Heimberde, Anna f. 1831, g. 1857 m. Sjur Bårdson Selje, Sverkve f. 1835, g. 1862 m. Kristi Olavsdr. Gavle. Kolbein f. 1840. Far deira døydde 1860.)

Bård Sverkveson hadde plasset etter foreldri sine. Han var g. 1. 1836 m. Sigrid Knutsdr. Hegg som døydde 1843, 2. 1844 m. Kristi Knutsdr. Hegg f. 1810 og hadde dotteri Ingebjørg f. 1836, g. 1860 m. Nils Torsteinson Brekku. Bård hadde 19 åkrar og turka sume tider høyet ved omnen inne i stova. Han døydde 1876 og Kristi 1885. Anders Semeling frå Valdres budde der sidan ei tid. Heimanfor plassi står endå ei tjøregryte frå den tid at sume av husmennene brende tjøre der. Alle plassi er nedlagde frå tid til onnor fyre 1910.

Kårmann Olav Eilivson, g. m. Dønåt Gudleiksdr. hadde seks born: Marta f. 1830, Lars f. 1832, Brita f. 1836, g. 1873 m. postførar Johannes Harberg, som budde på Vangen, Gudve f. 1839, g. 1877 m. Lars Tormodson Vålo, Sigrid f. 1842, g. 1864 m. Torleiv Åmundson Brekku.

Støl.

Stølen var ¼ mil frå garden melder matrikkelen 1723. Stølane Bjønnset og Hondalsbot'n som høyrde til Skiple er selde, sjå bruk 3, 7, 8, 9 og 11. Vatnaset som ligg i nord for garden er no sumarsstøl. Det var vedteke i 1857 at det skulde ikkje beitast på Bjønnset. Skiplane har no laga seg køyreveg til Vatnaset. På Bjønnset står Storafuro som er 9,95 meter til øvste klufti i leggen og har kringmålet 3,36 meter ein meter over jordi. Honndalen skal i gamal tid ha vore gard, er det fortalt, og tufter etter fleire hus syner endå. Jon var den siste som budde der. Han fødde 12 kyr og åtte garden. Han flytte ikring 1750-åri til Vossastrondi og Skiplane kjøpte då eigedomen. Etter at Jon flytte, var det husmannsplass ei tid.

Kyrkjebøkene stadfester at det har butt folk i Honndalen. Dei melder at Olav Sjurson og kona hans, Sigrid Andersdr. døydde båe 1739 som husmannsfolk i Honndalen. Hallvard Olavson Honndalen fekk sonen Torgis i 1736, Mikkjel fekk dotteri Synneva 1739, Jakob fekk dotteri Liva 1740 og Jon Sveinson fekk dotteri Gjertrud 1741 og sonen Jon 1744. Far deira døydde 1744, 36 år gl. Alle er skrivne for Honndalen.

Kvern og sag.

På Store Skiple var det ei flaumkvern i 1723, 1776 og 1791. Ved elvi Storaskiplo er kvernar no og. I kvern-

--- side 388 ---

huset til Hans Arneson står eit årstal som truleg skal tyda 1740. I 1780 var det ikkje sag på Skiple. Det var ei i 1790, men det hadde ikkje vore skore noko på henne det året. I 1791 var det skore 200 bord er det upplyst på tinget. Semje var gjord 1808 um Skiplessagi og Olav Arneson skøytte henne då til Viking Nilsson Kvåle. Arne Arneson fekk 1845 grunnsetel på tuft til sagbruk hjå Vetla Skiple. Sagi står ved Storaskiplo, og medan Ivar Krikkane hadde henne, var der både sirkelsag og uppgangssag under same tak. Han var svært velleten for skjeringi si.

Offentlege forretningar.

Sak um ein teig i 1677. Semje 1708 millom bruk 5 og Vetla Skiple um byggjingstimber. Steiningsforretning 1796. Semje um beiting 1798 og 1810. Semje 1823 um gjerde. Utskifting 1829. Semje 1832 um beiting. Åstadsak 1839. Takstforretning 1848. Godviljug utskifting 1864. Utskifting 1890. Jarnbanetakst 1896 og 1900. Merkeskilsforretning 1909. Semje 1921 med jarnbanen um vassleiding og 1924 um telegrafline. Dom 1894 og høgsterettsdom 1899 vedkomande bruk 3.

Ymse.

Kavleteigen er ein skogteig på høgdi av Skipleseidet. Han må ha fått namnet sitt etter Kavle på Hylle. Segni segjer at Hyllesmennene fekk teigen av Skiple for at dei skulde halda Skiplesfolki med hus og mat når dei var til kyrkje. Det skal vera Lars Eilivson og Arne Olavson som i 1796 kjøpte teigen av Hylle. Natthedlersteid'n i teigen skal ha fått dette namnet av at folk natta der sume tider når dei reiste der forbi. Etter ei onnor forteljing skal folk ha butt der ei tid.

Jon Eilivson, nemnd ovanfor, f. 1749, kalla Skoga-Jo, var ved kongelegt påbod av 1780 forboden å vera i Bergens stift. Jon hadde truga Lars, halvbror sin, på livet og stal både frå han og andre. Frå Lars stal Jon t. d. alt sylvtyet, sumarssmøret og ei merr som han reiste til Hallingdal med. Han brende og upp stølshusi hans Lars på Bjønnset. Jon heldt seg i skogane um sumrane og i Hallingdal um vintrane. Skiplane samla seg for å fanga han Jon ein gong og fekk han innringa, men han bykste luks på ein i ringen og fekk rømt, er det fortalt.

Segn.

Ei segn fortel at det var ein halling som heitte Asle som fyrst budde på Skiple og bygde på flaten nedanfor husi som no er. Flaten heiter sidan Asleflòten. Det skulde då vera so mykje skog, at på Berde kunde dei ikkje sjå husi hans, men berre røyken.

Bumerke.

Lars 1721 tavle 6 nr. 58, noko brigda 1722. Mons 1719 t. 6. nr. 59. Eiliv 1728, 1739 t. 6 nr. 60, mykje brigda

--- side 389 ---

1748. I 1764 er teikna E S og 1768 E E. Arne Andersson 1748, 1762 t. 6 nr. 62. Sjur 1762 t. 1 nr. 43. Arne 1769 t. 6 nr. 63. Olav Arneson 1780 t. 6 nr. 64, brigda på to ymse måtar 1782, 1785 og har 1783 teikna O A S.