250. Skjeldal.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 572 ---

Namnet vert i 1611 skrive Skieldall. Det vert no sagt Sjèlldal2 eller (eldre) Sjelldalané2; han búr pao, è tao Sjølldòló, ska pao Sjèlldalané. Namnet er samansett med dal. Fyrelekken er truleg eit Skjọll f. (genitiv Skjallar), som må vera eit eldre namn på elvi Torfinno, laga av gn. skjallr adj. (lyd, høg, klingande).

Landkommisjonen har 1661 sagt um Skjeldal at han hadde 1 laup i skyld og at der var to brukarar og timber- og vedaskog. I 1723 var skyldi 1½ laup, to brukarar, skog til husvøling og turvande vedaskog. Garden var tungbrukt og jordi likeins som på Nestås. Skyldi var 1½ laup i 1777 og 1 laup 33 mark i 1838, som vart umskrivi til 6 dalar 2 ort 16 skill. Samanlikningstalet var 985. Der var godt vassfall og turvande vedaskog.

Etter matrikkelen 1865 var der 36 mål åker, 3 mål dyrka eng, 50½ mål god, 71 mål medels natureng og 130½ mål skrapebø. 16 mål var høvelegt til dyrking. Vårhamni var ring og sumarhamni medels. Skog til husbruk. Garden var medels tungbrukt. Kornet vart ikkje moge i kalde sumrar, men fraus sjeldan. Bruk 1 var mindre godt dyrka, men dei andre bruki var dyrka som vanleg. I 1918 var der 30,1 mål åker, 16,5 mål kunsteng og 56 mål natureng.

Folketalet var 32 i 1801, 42 i 1865 og 31 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Skjeldal.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   22   30          
1723 2   20   18   15      
1865 4 ½ 40 ½ 73   90   65 ½
1918 5   33   48          

Hjå O. Rygh, Norske gaardnavne (bd. 11) er på Skjeldal umtala eit diplom frå 1472 (DN IV s. 712). Deri makebyter Gunnhild Sigurdsdr. til hr. Alf Knutson og fru Magnhild Oddsdr. garden Gjerstad og «Skelleros-» og Flagarå-fisket imot 5 mmb. i garden nedre Store Ringheim. Laurits var leiglending

--- side 573 ---

1611 og 1614 og åtte ½ laup i 1611 og 1 pund 8 mark i 1614. Helge betalte 1614 8 dalar i fyrste bygsel for 1 laup 12 mark. I 1621 var Laurits husmann eller øydegardsmann og åtte 6 mark i Øvre Klyve. Leidangen var etter leidangsboki i 1624 ½ pund smør og 1 geitskinn. Laurits var leiglending. Lars Vinsand åtte ½ laup på Skjeldal og Kvåle i Rd. Jørgen, Sjur


Skjeldal.
Bilete 71. Skjeldal. Fot. P. Braaten 1934.

og Anders var leiglendingar i 1635 og Anders i 1640 som då åtte 1½ laup. Mattis Endreson, g. m. Rannveig, og Nils Magneson, g. m. Ingebjørg, var leiglendingar i 1645. Ei tenestgjente Ingebjørg var der òg då.

Skyldi er 1652, 1655 og 1659 førd upp med 1 laup. Då åtte Jørgen Mosafinn 1 pund 8 mark, og Evanger kyrkje 8 mark. Anders Berge i Evanger åtte 1652 og 1655 1 pund 8 mark som Lars Berge var eigar av i 1659. Lars og Nils var leiglendingar i 1652, Mattis og Nils i 1655, Mikkjel og Nils i 1657 og Lars

--- side 574 ---

og Nils i 1659. Evanger kyrkje åtte 8 mark i 1661 og resten var bondegods. Nils Magneson og Mikkjel Endreson var brukarar då og 1664. Nils hadde sonen Rasmus f. 1650.

Lars Berge var eigar av 1 pund 8 mark i 1676 og 1680. I 1691 og 1695 åtte Evanger kyrkje 8 mark og brukarane Mikkjel 18 mark, Endre ½ laup og Håvard 28 mark tilsaman 1 laup 18 mark. Evanger kyrkje åtte 1714 og 1723 framleies 8 mark, Lars Ronve 16 mark i 1714 og brukarane 2 pund i 1714 og 2 pund 16 mark i 1723. Mikkjel, Endre og Håvard var som nemnt brukarar i 1691 og 1695.

Mikkjel Endreson og Håvard Larsson var brukarar i 1701. Mikkjel kjøpte 1680 1 pund 8½ mark av sine versyskin. Han var f. 1635, g. m. enkja Torbjørg Knutsdr., og døydde 1707. Han var lagrettemann i 1702. Torbjørg fekk fire born med fyrste mannen og fire med Mikkjel: Anders, Gudleik, Marta, g. m. Einar Sveinson, Guri som var enkje, Lars, Endre, Brita, g. m. Lars Jonson, og Ingebjørg, g. m. Lars Ronve. I skiftet 1707 var bruttomidelen 177 rd. og nettomidelen 116 rd., som vart skift millom ervingane. Kyrne var verdsette til 4 rd. Jordgodset som dei åtte (32 mark), var taksta 32 rd. og skift soleis at enkja fekk 16 mark, Lars og Endre kvar 51/3 mark, Brita og Ingebjørg kvar 22/3 mark. Det var so då at den attlevande ektemake fekk halvparten av jordgodset. Den andre halvparten vart skitt soleis at sønene fekk dobbelt so mykje som døtterne. I 1711 vart sett upp kontrakt millom Lars Ronve på eine sida og Anders og Lars Skjeldal, Endre Narheim, Lars Gjukastein og Sjur Lunde på andre sida. Lars Ronve skulde gjeva henne Torbjørg upphald mot å få lausøyret og 16 mark i Skjeldal som mannen hennar hadde ått.

Lars Mikkjelson, g. m. Ragnhild Knutsdr., bygsla 1701 1 spann. Det er då sagt at han var ein gamal mann. Han kjøpte 51/3 mark i 1717 av Endre, bror sin, og 21 mark i 1719 av Ingebjørg, syster si, som då var enkje, og åtte sjølv 51/3 mark. Lars døydde ikring 1741 og Ragnhild 1748, 92 år gl. Dei hadde dotteri Ågota, g. m. Sjur Torleivson. Han fekk 1741 skøyte frå vermori på 29 mark og åtte ialt 32 mark. Fyre 1741 var Sjur husmann. Han selde 1763 1 pund 8 mark til ungkar Kristen Isakson Botnen i Hardanger. Sjur døydde 1782, 81 år gl. og hadde borni: Guri f. 1727, g. 1779 m. Halldor Rasmusson Tysso, Lars f. 1730, Torleiv f. 1733, død ugift 1800, Arn-

--- side 575 ---

bjørg f. 1738, g. 1763 m. Knut Arveson Skjeldal og Olav i. 1742, g. 1770 m. Soffi Isaksdr. Mosafinn.

Lars Sjurson f. 1730, g. 1757 m. Magli Ivarsdr. Skjerpe, bygsla 1763 jordgodset som foreldri hans hadde ått og kjøpte det (32 mark) i 1772 av Kristen I. Botnen. Magli døydde 1780, 52½ år gl. og Lars 1801. Dei hadde fire born: Olav f. 1757, Ragnhild f. 1761, død ugift fyrr 1802, Mikkjel f. 1764, g. 1790 m. enkja Brita Larsdr. Skjeldal og Nils f. 1767, husmann på Leite. På skifte etter Magli var jordgodset taksta 200 rd. Lars skøytte 1782 eigedomen til Olav, son sin, sjå bruk 3 og 4.

Anders Larsson var leiglending frå ikring 1708. Han var g. m. enkja Brita Nilsdr., som fyrr hadde vore g. m. Lars. Anders døydde 1717 utan born. Brita hadde med Lars borni Gudleik Skjerpe, Marta, g. m. Einar Sveinson, og Guri, g. m. Styrk Lunde. Gudleik døydde fyre 1717 og hadde borni Lars, Olav, og Marta f. 1691, som alle tente i Valdres.

Håvard Larsson var som fyrr nemnt leiglending i 1701. Han var f. 1652 og g. m. Anna Olavsdr., som døydde 1705 og hadde tri born: Anders, g. 1739 m. Anna Sverkvesdr. Bergo, Arve og Randi, g. 1721 m. Svein Levorson Hegle. Håvard åtte 1 pund 8 mark som på skifte 1705 vart taksta 28 rd. Anders og Anna fekk sonen Sverkve f. 1743. Håvard vart attgift med Gjertrud Andersdr. og fekk med henne borni Lars, Per, Anders, Anna og Brita f. 1704-1717. Lars var til huse på Skjeldal då han fekk borni Gjertrud f. 1738 og Marta f. 1744, og døydde 1758, 54 år gl. Håvard og Gjertrud døydde 1734, han 81 og ho 53½ år gl.

Arve Håvardson er skriven for Ullestad då han 1735 kjøpte tilsaman 1 pund 8 mark i Skjeldal av Arne Midt Ringheim, Velom Eide, Nils Vetla Saude, Knut Vetla Saude, Nils Midtun, Per Vinsand, Anders Narheim, Klas Mosafinn, Gudleik Sonve, Knut Kvåle, Oleiv Grimastad, Brynjulv Eimstad, Olav Jørgenson, Mikkjel Torgeirson, Mons Levorson, Knut Gjerme, Olav Tren og Svein Levorson. Arve var som ekm. g. m. Kari Arnesdr., og fekk ein son med fyrste kona og fem born med Kari: Lars f. 1728, Arne f. 1735, g. 1759 m. Kari Larsdr. Tren, Knut f. 1737, Håvard f. 1739, Magne f. 1743, g. 1786 m. Kari Olavsdr. Rogne, og Per f. 1746, g. 1781 m. enkja Kari Torleivsdr. Apaltun. Arve døydde 1753, 72½ år gl. og Kari 1759, 54 år gl. Henrik Styrkson Lisseim kjøpte 1753 på auksjon 1 pund 8

--- side 576 ---

mark for 250 rd. 3 ort. Han fekk på Skjeldal borni Aslak f. 1754 og Lars f. 1762. Henrik selde att 1763 til Knut Arveson Skjeldal.

Knut var g. 1763 m. Ambjørg Sjursdr. Skjeldal og fekk fem born: Arve f. 1764, Ragnhild f. 1765, g. m. Halldor Tysse, Olav Tysse f. 1768, Guro f. 1772 og Kari f. 1779. Knut døydde 1812 og Arnbjørg 1815, 78 år gl. Arve vart g. 1785 m. Brita Larsdr. Mosafinn og fekk 1786 skøyte frå far sin på 16 mark. Arve, døydde 1788 og hadde borni: Arnbjørg f. 1786, g. 1804 m. Knut Mikkjelson Setre og Ingebjørg f. 1787, g. 1818 m. Rasmus Magneson Mosafinn. På skifte etter Arve vart deira 16 mark taksta 125 rd.

Ho Brita vart attgift 1790 med Mikkjel Larsson Skjeldal. Han fekk 1790 skøyte på tilsaman 13 mark frå Knut Arneson Skjeldal, Eirik Andersson Saude og Klas Larsson Mosafinn. Mikkjel og Brita fekk borni Arve f. 1790, død 1815, Magli f. 1791, Lars f. 1796, Knut f. 1798, Klas f. 1801, g. 1838 m. Marta Jonsdr. Rogne, tvillingane Eli og Ragnhild f. 1803, og Sjur f. 1815, g. 1847 m. Anna Velomsdr. Tren. Eli vart g. 1829 m. Olav Knutson Grimastad og Ragnhild 1834 m. Knut Olavson Saude. Knut budde ei tid i Avaldsnes, er det upplyst 1836. Mikkjel skøytte 1805 jordparten sin til Knut Mikkjelson Setre og var sidan husmann på Skjeldal på plasset Skarvet til han døydde 1839, 77 år gl. Ho Brita, kona hans, døydde 1822, 61 år gl. Sjå vidare bruk 1.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Skjeldal. Knut Arveson skøytte 1804 jordeigedomen sin til mannen åt sonedotteri, Knut Mikkjelson Setre. Dette saman med det han i 1805 fekk hjå Mikkjel Larsson, vart bruk 1. Knut var f. 1772, g. 1804 m. Arnbjørg Arvesdr. Skjeldal og fekk ti born: Anna f. 1806, g. 1833 m. Anders Knutson Skjeldal, husmann, Brita f. 1808, død ugift 1872, Ingebjørg f. 1811, g. 1831 m. Knut Olavson Tren, Knut f. 1818, Arve f. 1821, Arnbjørg f. 1824, g. 1843 m. Lars Nilsson Skjeldal, budde på Gilbakken, Brita f. 1827, Mikkjel f. 1827, g. 1. 1854 m. Sigvor Brynjulvsdr. Eide, 2. 1857 m. Gudve Knutsdr. Jernes, budde på Eimstad, Eirik f. 1830, g. 1870 m. Brita Knutsdr. Tren, Mikkjel d. y. f. 1835 som var handelskar og døydde ugift 1867. Knut døydde 1856 og Arnbjørg 1874, 92 år gl.

--- side 577 ---

Knut Knutson fekk 1843 skøyte frå faren på garden og vart g. 1847 m. Guro Nilsdr. Skylje f. 1827. Han let 1849 halve garden som vart bruk 2 til Arve, bror sin. Knut og Guro hadde fem born: Knut f. 1849, Nils f. 1851, død 1907, Arnbjørg f. 1854, g. 1885 m. Anders Halleson Kinne, Anna f. 1858, g. 1881 m. Lars Mikkjelson Lid og Brita f. 1862. Knut døydde 1865 og Guro 1916. Sonen Knut gifte seg 1880 m. Marta Nilsdr. Skjelde og fekk 1901 skøyte frå mori på garden for 1600 kronor. Han var snikkar. Deira son Knut f. 1882 fekk 1914 garden for 2000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 251, lnr. 494. Etter at bruk 2 var skilt frå, var den gamle skyldi 27 mark, urevidert 1 dalar 3 ort 13 skill., revidert 2 dalar 6 skill. Ny skyld mark 2,99.

Bruk 2. Skjeldal. Arve Knutson fekk 1849 skøyte frå Knut, bror sin, på bruk 2 for 400 spd. Arve vart g. 1849 m. Ingebjørg Larsdr. Geitle f. 1825 og fekk sju born: Knut f. 1850, g. 1872 m. Gjertrud Ivarsdr. Geitle, Arnbjørg f. 1852, g. 1897 m. ekm. Torgeir Vikingson Tren, Lars f. 1854, g. 1886 m. Marta Mattisdr. Skylje, Kari f. 1856, g. 1890 m. Mons Jakobson Landro på Ukvitno, Anna f. 1860, g. 1885 m. Per Johannesson Kviting på Ukvitno, Olav f. 1862, g. m. Anna Geitle, og Eli f. 1864, g. 1886 m. Lars Knutson Geitle. Olav var nokre år i Amerika. No har han huseigedom i Haugamoen. Han er ein kunnande arbeidar både i tre og jarn og har bygt mange sirkelsager på Voss og den store togbanen i Osa, Hardanger. Arve døydde 1898 og Ingebjørg 1899. Arve skøytte garden i 1887 for 300 kronor til sonasonen Knut Larsson, som same år let han att til far sin, Lars Arveson, for 500 kronor. I 1924 skøytte han bruk 2 saman med bruk 3 på Gilbakken til Nils son sin for 6500 kronor, og døydde 1929.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 251, lnr. 494 b med skyld som bruk 1.

Bruk 3. Skjeldal. Olav Larsson fekk som fyrr umtala skøyte i 1782 frå far sin på hans eigedom og kjøpte same år 16 mark av Kristen Isakson Botnen. Desse eigedomane vart bruk 3 og 4. Olav var f. 1757, g. 1781 m. Margreta Larsdr. Mosafinn, og døydde 1836. Margreta døydde 1838, 83 år gl. Dei hadde sju born: Sjur f. 1783, Lars f. 1786, g. 1821 m. Gjertrud Sjursdr. Gilbakken, budde på Gilbakken, Knut f. 1789, Klas f. 1791, Eirik f. 1793, g. 1. 1819 m. Brita Mattisdr. Lunde,

--- side 578 ---

2. 1866 m. enkja Kari Oleivsdr. Seim, Torstein f. 1795, g. 1. 1825 m. Rannveig Larsdr. Seim, 2. 1867 m. Kari Johannesdr. Narheim, budde på Narheim, Lars d. y. f. 1799.

Knut Olavson gifte seg 1814 m. Ragnhild Halldorsdr. Glymme og fekk 1820 skøyte på bruk 3. Dei fekk åtte born: Margreta f. 1814, g. m. Nils Olavson Saude (Amerika), Olav f. 1817, Anna f. 1819, Klas f. 1821 (Amerika), Magli f. 1824, g. m. Rognald Rognaldson Nestås, Halldor f. 1826, Ragnhild f. 1828 og Per f. 1833, død ugift 1853. Ragnhild døydde 1866, 78 år gl. og Knut 1867. Olav fekk 1843 skøyte frå far sin på garden, gifte seg 1846 m. Rannveig Eiriksdr. Seim f. 1815 og døydde 1872. Rannveig døydde 1888. Dei hadde sju born: Knut f. 1847, Eirik f. 1848 (Amerika), Torstein f. 1849, g. m. Marta Knutsdr. Bjørgo (Amerika), Olav f. 1852, g. 1880 m. Guri Nilsdr. Seim, budde på Seim, Halldor f. 1855, død 1873, Ragnhild f. 1856, g. 1879 m. Olav Klasson Skjeldal, Ingjerd f. 1859, g. 1880 m. lærar Arnfinn Nilsson Seim.

Knut Olavson vart g. 1873 m. Anna Nilsdr. Seim f. 1848, og fekk farsgarden i 1875 for 500 spd. Han var mange år med i heradsstyret, skulestyret, var valmann og meddomsmann. Knut døydde 1911 og Anna 1937. Seks born: Olav f. 1876, sorenskrivar i Nedre Telemark, Rannveig f. 1877, styrar på sjukehuset Bjørkelid, Nils f. 1879, Lars f. 1881, Brynjulv f. 1883 og Guri f. 1885. Nils fekk garden i 1910 og gifte seg same år med Brita Gusskalksdr. Flògo. Nils døydde 1926.

Bruk 3 var fyrr mtrnr. 251, lnr. 495 med gamal skyld 1 pund 3 mark, urevidert 1 dalar 2 ort 7 skill., revidert 2 dalar 20 skill. Ny skyld mark 3,16.

Bruk 4. Skjeldal. Sjur Olavson fekk 1810 skøyte frå far sin på bruk 4. Sjur var f. 1783, g. 1817 m. Rannveig Olavsdr. Tren. Han vart utkommandert 1811 i krigen mot Sverike og var med til 1814. Fire born: Margreta f. 1817, død ugift 1868, Marta f. 1821, Olav f. 1824, g. 1859 m. Marta Trondsdr. Græe, smed på Evanger, og Olav d. y. t. 1828. Sjur selde garden 1837 til Klas, bror sin, for 500 spd. og døydde 1873. Rannveig døydde 1874, 86 år gl.

Klas Olavson var f. 1791, g. 1824 m. Anna Knutsdr. Tren t. 1799. Dei var paktarfolk på Skylje fyrr dei kjøpte på Skjeldal. Klas var ein sers dugande arbeidskar og dyrka mykje på garden so dei hadde største fødnaden på Skjeldal. Ofte skar, batt og feste han ei salså åker på ein dag. Då han so kom inn i stova,

--- side 579 ---

spente han upp i ringane i randåsen og reiste til støls um kvelden, er det fortalt. Klas døydde 1860 og Anna 1883 og hadde ti born: Ingjerd f. 1823, g. m. Erling Jakobson Eide (Amerika), Olav f. 1824, Margreta f. 1825, død ugift 1910, Ingebjørg f. 1827, g. 1858 m. Eirik Torgeirson Eimstad, budde på Rekve, Knut f. 1829, g. 1869 m. Ingebjørg Bårdsdr. Helleve, budde på Rekve, Nils f. 1833, bleiv 1863 i Seimsvatnet, ugift, Anna f. 1835, g. 1869 med Simon Olson, handelsmann på Vangen, Ragnhild f. 1837, død ugift 1926, Lars f. 1840, død ugift 1930 og Olav d. y. f. 1842.

Olav Klasson d. e. fekk farsgarden i 1864 for 400 spd., let han 1877 til Olav, bror sin, for 2000 kronor og døydde ugift 1905. Olav gifte seg 1879 med Ragnhild Olavsdr. Skjeldal f. 1856 og fekk ni born: Anna, Klas, Rannveig, Olav, Knut, Nils, Eirik, Lars og Brynjulv f. 1880-1901. Ragnhild døydde 1920 og Olav 1926. Klas fekk farsgarden i 1912 og vart 1915 g. m. Oleana Olavsdr. Seim.

Bruk 4 var fyrr mtrnr. 251, lnr. 496 med gamal skyld 1 pund 3 mark, urevidert 1 dalar 3 ort 7 skill., revidert 2 dalar 4 ort 11 skill. Ny skyld mark 4,21.                                      

Bruk 5. Skjeldal Skule. Utskilt frå bruk 3 i 1893 med skyld 2 øre og selt til Voss herad som bygde skulehus der.

Bruk 6. Hotten. Skilt ut frå bruk 1 i 1893. Skyld 9 øre. Selt til Lars Arveson Skjeldal som selde att 1924 til sonen Nils Larsson.

Bruk 7, 8, 9 og 10. Torfinno. I 1899 i same rekkjefylgje skilde frå bruk 1, 2, 3 og 4, kvart med skyld 1 øre og selde til W. Konow som selde att 1920 til Bergens kommune og Voss herad. Dei vart i 1934 førde saman med bruk 5 på Eide.

Bruk 11. Vetlehjellen. Utskilt 1925 frå bruk 1 med skyld 4 øre og skøytt til Marta Jonsdr. Nestås. Då ho døydde, har Einar Larsson Nestås kjøpt eigedomen.

Husmenn på Skjeldal.

Nils Larsson f. 1767, g. m. Gjertrud Hallesdr. f. 1773, hadde plass på Leite. Han døydde 1818 og Gjertrud 1846. Dei fekk seks born: Magli, Sisselja, Eli, Lars, Halle og Ragnhild f. 1796-1816. Magli døydde 1823 på barnseng ugift. Halle døydde ugift 1858. Magne Larsson f. 1717, g. m. Gjertrud Olavsdr., døydde 1792 og fekk borni: Sjur f. 1767, død 1809, Eli f. 1772,

--- side 580 ---

død 1792, Gjertrud f. 1776 og Lars f. 1780, død ugift 1803. Sjur var g. m. Maria Knutsdr. Gjerdåk f. 1765 og fekk fire born: Gjertrud f. 1792, g. m. Lars Olavson Skjeldal, Knut f. 1795, Magne f. 1797, g. 1826 m. Guro Brynjulvsdr. Liland, husmann på Liland, og Olav f. 1805.

Olav Sjurson, g. m. Kristbjørg Mikkjelsdr., fekk borni Sjur f. 1772, Ingebjørg f. 1775 og Ingjerd f. 1779. Knut Andersson døydde 1836, 70 år gl. Eirik Olavson, g. m. Brita Mattisdr., fekk 1822 sonen Mattis. Knut Olavson Tren, g. 1831 m. Ingebjørg Knutsdr. Skjeldal, hadde plasset Ingebjørghaujen eller Mjølstølshaujen som det og er kalla. Dei hadde fire born: Olav f. 1832, Arnbjørg f. 1837, Knut f. 1842, Marta f. 1846, og flytte seinare til Svanga. Torstein Olavson, g. 1825 m. Rannveig Larsdr. Seim, fekk på Skjeldal sonen Olav f. 1834. Torstein kjøpte 1840 bruk 2 Narheim og flytte dertil.

Knut Andersson g. m. Magli Olavsdr. Edal, hadde plasset Hotten. Etter dei kom Anders Knutson f. 1805, g. 1833 m. Anna Knutsdr. Skjeldal, som 1869 fekk feste på plasset. Dei fekk tri born: Knut f. 1833 som var handelskar og døydde 1864, Nils f. 1836 og Arnbjørg f. 1844. Anders døydde 1886 og Anna 1861, 55 år gl. Arnbjørg fekk dotteri Brita Oleivsdr., og døydde ugift 1920. Ein frå Lærdal hadde ei tid i 1820-åri eit plass som sidan er kalla Lærdalsplasset. Herborghaujen har vore plass der ei gamal kone Herborg budde. Gilbakken var husmannsplass under Skjeldal fyrr det vart eigen gard.

Støl.

Stølen var 1½ mil frå garden fortel matrikkelen 1723. Lars Sjurson og Knut Arneson Skjeldal bytte 1775 med Grimastadmennene som fekk stølen Brusetliæ, og Lars og Knut fekk stølen Øyaset. Dei selde Øyaset til Arnfinn og Johannes Rogne og Anders Nestås. Skjeldal har sumarsstøl på Nore Hamlagrø som ligg på nordsida av Hamlagrøvatnet. Dei har vårstøl eller vårflor ovanfor bøjagarden.

Kvern.

Der var ei kvern i 1723, to i 1776 og 1791 og fire i 1800-talet. Sume år då det var lite nedbør, kom folk heilt frå Gusslandsgardane til Skjeldal for å få male korn. Uppgangssag har der vore tidlegare, og no er der sirkelsag.

Offentlege forretningar.

Skyldsetning 1810 av plasset Gilbakken. Utskifting 1820. Semje 1843 um gjerde. Skylddeilingsforretning 1850 til utskiljing av bruk 2. Utskifting 1882 på Hamlagrø. Kontrakt 1896 med W. Konow um rettar i Torfinno. Semje 1896 um beiting på Nore Hamlagrø.

--- side 581 ---

Utskifting 1915 av innmarki. Oreigningstakst 1928 vedkomande regulering av Hamlagrøvatnet. Konsesjon 1928 vedkomande regulering av Bergsdalselvæ og Torfinno.

Bumerke.

Lars 1721, 1722 tavle 2 nr. 51. Same merke brukte Sjur 1748 og 1753. Håvard 1721 t. 7 nr. 104. Henrik 1755 t. 5 nr. 15. Knut 1776 t. 3 nr. 35, mykje brigda 1781.

Ymse.

I 1871 var det lauseld på Skjeldal. Tri stovehus og uthusi på eit bruk gjekk med. Husi vart bygde upp att på same tuftene vegg i vegg som fyrr. Etter utskiftingen 1915 flytte bruk 1 og 4 husi sine or gamle tunet, og bruk 4 flytte stova.

Dei gamle har fortalt at Skjeldal har vore mykje større i gamal tid. Skjeldalane eigde då i eitt frå Ho ved Torfinno og heilt til merkes med Grønestad ved Hamlagrø. Stølen Holmen fekk Lundane odla til seg på den måten at dei fekk lov til å sleppa kyrne sine der nokre vikor um sumaren. Grimastadane fekk stølen Brusetliæ for at Skjeldalane skulde få dauren (kyrkjedauren) når dei kom or kyrkja, er det fortalt. Beitesmarki som høyrer til Narheim, skal ha høyrt til Skjeldal, men Narheim brukte eigedomen so lenge at dei odla han.

Segn.

Ei segn segjer at Skjelde i gamal tid hadde stølen sin på Skjeldal. Namnet Sel-aokkor'n på Skjeldal kann tyda på at det har vore so. Sume vil forklåra gardnamnet på den måten at garden ligg i dalen som skil millom Narheim og Skylje og heitte fyrst Skildalen som seinare er vorte til Skjeldal.