245. Skjelde.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 4, side 533 ---

Namnet vert i 1400-talet skrive Skiolder og i Skielde. Det vert no sagt Sjèldé2; han búr pao, è tao Sjèldé, ska tì Sjeldé(s), sms. Sjèldahòlmén. Namnet er same ord som gn. Skjọldr m. (genitiv skjaldar, dativ skildi) skjold, brukt um jordstykke som ser ut som ein skjold.

Skjelde hadde 1661 3½ laup i skyld, ein brukar og det dei trong av skog til gardsbruk. Det var likeins 1723 med skyldi og skogen, men der var då to brukarar og ein liten humlagard. Garden var sers tungbrukt og årvand med umsyn til kornavlingi. Skyldi er i matrikkelen 1777 førd upp med 3 laup 2 pund

--- side 534 ---

som 1838 er umskrivi til 10 dalar 3 ort. Der var fure- og vedaskog jamvel til sal. Samanlikningstalet var 1600.

I matrikkelen 1865 er ført upp 21 mål åker, 2 mål dyrka eng, 33½ mål god, 39½ mål medels natureng og 44 mål skrapebø. 8 mål var høvelegt til å dyrka. Medels hamnegang. Skog til husbruk og timber kunde seljast for 14 spd. årleg på kvart av dei to bruki. Garden var svært tungbrukt og dyrka som vanleg. Ved uppteljingi 1918 var der 38,8 mål åker, 39 mål kunsteng og 49 mål natureng.

Folketalet var 30 i 1801, 27 i 1865 og 34 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Skjelde.
  Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2   17   12          
1723 2   26   27   32      
1865 4   30   73   79   46  
1918 6   24   65          

Svein Bjørnson, kannik i Bergen, og to lagrettemenn kunngjorde i brev skrive på Måge 1436 (DN I nr. 753): Brørne Ivar, Salomon og Brynjulv Vikingsøner skifte deira fedragods på Voss og i Hardanger. Ivar fekk Skjelde på Voss og noko i Hardanger. Brørne hans fekk jordgods i Hardanger. Ivar budde ei tid på Skjelde. Han er i 1438 nemnd på Skjelde som lagrettemann på Voss saman med to andre menn. Dei var vitne til at Håvard Botolvson på Finne gav noko jordgods til kyrkja og presten.

Etter eit skiftebrev utferda på Måge 1415 har Ivar vore son åt Viking Ormson Måge, g. m. Hallfrid Pålsdr., og døydde ikring 1436. Far hans Viking var truleg Orm Isakson nemnd 1425-1431. Viking og Hallfrid hadde borni Ivar, Salamon og Brynjulv. Sume granskarar har gått ut frå at Ivar Vikingson er den same som kanslaren Ivar Vikingson, men noko prov for det har eg ikkje set. Sume meiner at Orm var soneson åt lagmann Sigurd Brynjulvson på Aga, men noko visst veit me ikkje um det. Ivar hadde sonen Orm som er nemnd 1466 og 1472. Han er truleg far til Ivar Ormson på Tokheim og Torbjørn Ormson på Måge.

--- side 535 ---

Munkeliv åtte i 1480-åri etter brev i DN XII nr. 257 8 mmb. i Skjelde. Arnfinn var leiglending 1563 og 1567 på 1 laup 12 mark som stiftet åtte. Han åtte noko på Liland der han og broren Knut Jensson er umtala. Arnfinn budde på Skjelde òg i 1573, då han er umtala som lensmann. Det er fortalt i eit uprenta diplom at Arnfinn saman med fleire andre menn var på Vangen som vitne ved eit odelsjordskifte.

I eit brev utferda på Voss 17. mai 1587 er meldt: Knut Olavson Skjelde sannkjenner at syster åt mormor hans, Gyrid


Skjelde
Bilete 66. Skjelde. Fot. P. Braaten 1938.

på Århus i Kvam, hadde gjeve Olav Person på Norheim 9 mark jordgods i Nesthus, Kvam, som Knut var odelsmann til og hadde ervt etter henne. Det var for di Olav hadde vore verje åt Guri medan ho var enkje. Knut var i 1587 over 60 år gl., er det sagt. Gyrid har då vore på Århus, men det må vera den same som Gyrid Ivarsdr. på Lydvo. Orm Ivarson Lydvo, nemnd 1455-1472, hadde dotteri Ingerid, g. m. Ivar Lydvo. Deira dotter Sigvor var g. m. Lars Eirikson og deira dotter var truleg g. m. Olav Skjelde, far åt Knut.

Laurits var leiglending 1591 og betalte 1597 og 1611 tridje års bygsel for 3½ pund. Helge er ofte skriven som leiglending

--- side 536 ---

1614-1649. Han åtte i 1611 3 spann på Skjelde og 1621 16 mark på Liland. Syster hans åtte 1 pund på Liland. Helge brukte 1½ laup 9 mark i 1616, 1½ laup 12 mark i 1629 og 1641. I 1645 er han skriven for Helge Lauritsson, g. m. Marta og hadde to døtter. H. Garmann fekk 1622 kongeskøyte på 1 laup 12 mark av Munkelivgodset. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 1 pund smør 1 bukkskinn og 1 geitskinn. Ryttarskatt vart 1627 lagt på 3 spann 6 mark med 1½ dalar 1½ ort. Helge Skjelde og Mattis Liland var leiglendingar. Stiftet åtte då 1 laup 12 mark. Allehelgensgods åtte 3½ pund i 1647. F. Broderson let 1649 noko til kongen.

Hannibal Sehested fekk 1649 kongeskøyte på leidangen 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn av Apostelgodset. Sehested åtte 1650 1 laup 12 mark i Skjelde som han hadde fått ved makabyte med kongen. På det var leidangen 1 pund smør, 1 bukkskinn og 1 geitskinn, skatten 3½ dalar, fornødpengane 3½ ort, arbeidspengane 3½ ort og avgifti til jordeigaren 1 dalar 16 skill. Kongen åtte då 1 laup 12 mark og F. Broderson 1 laup 12 mark. Sehested let 1651 sine 1 laup 12 mark til kongen, som selde det 1657 til G. Marselis. Anders Berge åtte 1655 1 pund 8 mark og Anders Lisseim 3 spann i 1659.

Eigaren i 1661 var: Munkeliv 1 laup 12 mark, Apostelgodset 1 laup 1 pund og Finnegodset 1 laup 12 mark. H. Garmann fekk 1662 kongeskøyte på Munkeliv sin part og selde det til Klas Miltzow. Mikkjel Halleson var leiglending i 1661, Anders Olavson og ei enkje i 1664. Ho hadde sonen Sjur Mikkjelson f. 1648. Eirik Krag fekk 1655 saman med fleire kongeskøyte 1665 på 1 laup 12 mark Allehelgensgods. Klas Miltzow åtte 1676 1 laup 9 mark og 2 laup 1 spann i 1680. I 1691 var borgarmeister Trøyel eigar av 1 laup 12 mark og Klas Miltzow av 2 laup 1 pund. Henrik Miltzow åtte 1695, 1714 og 1723 2 laup 1 pund. Dei andre 1 laup 12 mark åtte Hans Akselson i 1695, Hans Davidson Faye i 1714 og meisterskreddar Børre Jochumson i 1723. Han selde 1 laup 12 mark i 1724 til assessor Jon von der Lippe. Erling Ivarson f. 1723 og Torgeir Erlingson var leiglendingar 1691 og 1701.

Per Monsson, g. m. Anna Øysteinsdr., var leiglending 1716 og fekk borni Odd f. 1714, Knut f. 1717, død 1736, og Eirik f. 1720. Per døydde 1722, og same år gifte ho Anna seg att med

--- side 537 ---

Åmund Brynjulvson Bø, som då vart leiglending. Dei fekk sonen Per som 1753 vart g. m. Lussi Davidsdr. Saude etter kongelegt løyve då dei var i slekt. Ho Anna vart g. tridje gong 1741 m. Anders Løno. Øystein Sjurson f. 1710 kjøpte 1733 1 laup av Henrik Miltzow og gifte seg 1735 m. Kari Mikkjelsdr. Bø f. 1709. Øystein og Kari døydde båe 1736 og hadde dotteri Marta f. 1736. På skifte etter dei vart jordgodset 1 laup taksta 84 rd. Marta vart g. 1759 m. Mikkjel Sjurson Seim.

Torstein Nilsson kjøpte 1736 1 laup av Kari Mikkjelsdr., og vart g. m. Marta Andersdr. Torstein døydde 1744, 57 år gl., og Marta 1747. Dei hadde fire born: Anders f. 1728, g. 1769 m. Gro Persdr. Store Hegg, Marta f. 1729, g. 1765 m. Jon Jakobson Finne, Nils f. 1730, g. 1769 m. Synneva Ivarsdr. Narheim, sjå Store Hegg, og Anders d. y. f. 1731. Jordgodset vart verdsett 102 rd. på skifte etter Torstein. Kaptein Nordahl kjøpte det 1747 på auksjon for 155 rd. Anders d. y. var leiglending til 1767 då han kjøpte 1½ pund på Store Hegg av Lars Knutson Vassenden for 400 rd. Han var g. 1764 m. Barbrå Hollgeirsdr. Store Hegg. Anders Larsson Ukvitno kjøpte 1763 1 laup 12 mark av kaptein Koren Dahl og krigskommissær Frimann Dahl. Nedanfor umtala Torgis Velomson var då leiglending på eigedomen. Anders Larsson er umtala vidare på bruk 1.

Torgeir Erlingson var som ovanfor umtala leiglending 1691, var f. 1656 og g. m. Marta Larsdr. Han fekk ny bygslesetel i 1706 og 1721. Marta døydde 1706 og hadde fire born: Rannveig, Nils, død ugift 1749, Kari og Torbjørg, død 1736 f. 1694- 1701. Torgeir vart attgift med Ingjerd Jonsdr., og er død 1722. Dei fekk borni Marta, død 1736, Ragnhild, Anna, Nils og Erling, død 1736, f. 1709-1722. Ingjerd gifte seg att 1723 m. Velom Isakson Skjelde. Han bygsla 1736 1 laup 1 pund av H. Miltzow. På den store ljoskruna i kyrkja er m. a. denne innskrift: VELOM ISACSEN SKJELDE 1733. Han var lagrettemann 1739. I ein odelsforretning same år på Skjelde er upplyst at Velom var f. ikring 1689. Velom og Ingjerd fekk sonen Torgis f. 1728, g. 1. 1750 m. Gjertrud Ivarsdr. Alland, 2. 1752 m. enkja Marta Ivarsdr. Hellesnes.

Torgis var leiglending og kjøpte 1761 1 laup 12 mark og 1776 av kaptein Nils Dahl 1 laup og selde same år til Vangens Fatighus noko jordgods på Lofthus, Skjelde, Øvre Vinjo og Bø. Torgis døydde 1806 og Marta 1789, 76½ år gl. Dei hadde to

--- side 538 ---

døtter: Gjertrud f. 1753 og Ingjerd f. 1755, g. 1773 m. Isak Larsson Ukvitno. Gjertrud gifte seg 1778 m. grenader Johannes Andersson Lid. Han fekk 1779 skøyte frå verfaren på 2 laup 12 mark. Johannes og Anders Larsson Ukvitno ordna det i 1788 soleis at kvar av dei vart eigar av halve Skjelde. Anders sin part vart bruk 1, og parten hans Johannes vart bruk 2. Gjertrud døydde 1799, 46½ år gl. og Johannes 1800, 53 år gl. og hadde fem born: Marta f. 1783, Anders f. 1787, Lars f. 1790, g. 1822 m. Kari Gudleiksdr. Væte, Ragnhild f. 1793 og Mikkjel f. 1796. Anders fekk garden bruk 2 etter foreldri ved skifte 1791 og skøyte 1801.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Skjelde. Anders Larsson Ukvitno vart som ovanfor umtala eigar i 1763. Han var f. 1758, g. 1788 med Steinvor Andersdr. Indre Flògo og døydde 1826. Steinvor døydde 1828, 68 år gl. Dei hadde fem born: Brita f. 1788, Synneva f. 1790, g. 1813 m. Erling Gudleikson Væte, Lars f. 1793, Ingebjørg f. 1796, g. 1816 m. Olav Brynjulvson Liland og Brita d. y. f. 1797, g. 1823 m. Nils Bårdson Lunde. Lars fekk skøyte på garden i 1812 og 1817 og gifte seg 1816 m. Anna Brynjulvsdr. Liland. Dei fekk ti born: Anders f. 1817, Brynjulv f. 1819, g. 1846 til Væte med Eli Knutsdr., Steinvor f. 1821, g. 1850 m. Pål Nilsson Lunde, Marta f. 1823, g. 1855 m. Knut Halldorson Lunde, Olav f. 1827, g. 1. 1856 m. Anna Torsteinsdr. Dagestad, 2. m. Brita Nilsdr. Gjelland, budde på Himle, Isak f. 1828, g. 1854 m. Guro Olavsdr. Liland, budde på Nedre Graudo, Guro f. 1830, g. 1865 m. Eirik Samsonson Grimastad, Torstein f. 1832, g. 1864 m. Marta Oleivsdr. Liland, Anders d. y. f. 1834 og Nils f. 1836, g. 1865 m. Brita Knutsdr. Saude. Anna døydde 1843, 45 år gl. og Lars 1871. Alle sju brørne reiste med kram ei tid, helst i Hardanger og Sogn.

Anders Larsson d. e. fekk 1843 farsgarden for 800 spd. og gifte seg 1856 m. Margreta Olavsdr. Liland f. 1837. Dei fekk sonen Lars f. 1858. Anders døydde 1860 og Margreta vart attgift 1861 m. Anders Larsson d. y. f. 1834. På skifte 1861 etter Anders d. e. vart garden utlagd til sonen Lars for 1500 spd. Han vart g. m. Brita Knutsdr. Grimastad. I 1885 selde han garden til stykfaren Anders Larsson d. y. for 8000 kronor og døydde 1924. Anders og Margreta fekk ni born: Anders f. 1862,

--- side 539 ---

Marta f. 1865, Olav f. 1866, Brynjulv f. 1868, g. m. Anna Sjursdr. Sonve, sjå bruk 3 Seve, Anna f. 1869, Olav d. y. f. 1874, handelsmann og gardmann på Utsira i Rogaland, Knut f. 1876, bur i Haugesund, Guro f. 1877, g. 1907 m. Olav Gusskalkson Flògo, bur i Haugesund, Gusskalk f. 1880, g. 1. m. Kari Gusskalksdr. Flògo, 2. m. Guro Styrksdr. Uppheim, sjå bruk 2 Ytre Flògo. Anders døydde 1888 og Margreta 1908. Olav d. e. fekk garden i 1895 og gifte seg med Ingebjørg Larsdr. Nyre.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 246, lnr. 484 med gamal skyld 1 laup 2½ pund, urevidert 5 dalar 1 ort 12 skill., revidert 4 dalar 3 ort 13 skill. Ny skyld mark 6,86.

Bruk 2. Skjelde. Anders Johannesson fekk som ovanfor umtala bruk 2 hjå far sin. Anders gifte seg 1814 m. Synneva Andersdr. Byrkjo. Han døydde 1840 og Synneva 1864, 67 år gl. og hadde ni born: Anna f. 1819, g. 1846 m. Knut Klasson Byrkjo (Amerika), Nils f. 1821, Anders f. 1822, død 1842, Gjertrud f. 1824, død ugift 1857, Torgis f. 1826, g. 1858 m. Brita Knutsdr. Veka, budde på Byrkjo, Kari f. 1828 (Amerika), Ingjerd f. 1833, g. m. Arne Knutson Bø (Amerika), Marta f. 1836, død ugift 1859 og Johannes f. 1839. Nils fekk 1843 skøyte frå mor si på garden for 700 spd. Han gifte seg 1. 1847 m. Brita Olavsdr. Liland, 2. 1862 m. Ingebjørg Knutsdr. Veka f. 1831. Nils døydde 1900 og Ingebjørg 1902. Dei hadde seks born: Synneva f. 1848, g. 1880 m. Per Larsson Mosafinn, husmann på Skjelde, Anders f. 1849, Marta f. 1854, g. 1888 m. Knut Knutson Skjeldal, Ingebjørg f. 1857, Knut f. 1863, g. 1892 m. Brita Olavsdr. Liland og Brita f. 1865, g. 1886 m. Anders Halleson Berge. På skifte etter Brita i 1862 vart garden taksta 950 spd. Anders gifte seg 1870 m. Ingjerd Vikingsdr. Jernes og fekk 1877 skøyte på farsgarden for 3500 kronor. Han døydde 1912 og hadde med Ingjerd sønene Nils f. 1871 og Olav f. 1874. Olav var g. 1. 1905 m. Torbjørg Larsdr. Lid, 2. 1922 m. Berta Olavsdr. Boge, Bruvik, f. 1888, og døydde 1923. Nils gifte seg 1903 m. Brita Larsdr. Vassenden og fekk 1908 skøyte på farsgarden for 800 kronor. Nils og Ingjerd døydde 1938.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 246, lnr. 484 med skyld som bruk 1.

Bruk 3. Torfinno. Utskilt 1899 frå bruk 1 med skyld 2 øre og skøytt til W. Konow. Han selde att 1920 til Bergen og Voss kommunar. Bruket er i 1934 ført saman med bruk 5 på Eide.

--- side 540 ---

Bruk 4. Torfinno. Skilt ut frå bruk 2 i 1899. Skyld 3 øre. W. Konow kjøpte det og selde att 1920 til Bergen og Voss kommunar. Bruk 4 er ført saman med bruk 5 på Eide.

Bruk 5. Øvre Skjelde. Utskilt 1908 frå bruk 2 med skyld mark 1,00 og selt til Olav Andersson Skjelde, umtala på bruk 2. Olav selde 1922 eigedomen til brorsonen Lars Nilsson Skjelde.

Bruk 6. Skjeldaleite. Skilt ut frå bruk 1 i 1936 med skyld mark 1,84. Olav A. Skjelde er eigar.

Husmenn på Skjelde.

Lars Eilivson, g. m. Anna Davidsdr., døydde 1783, 67 år gl. og hadde sju born: Synneva, Per, Erling, David, g. 1. 1787 m. Gudve Larsdr. Møn, 2. 1796 m. Rannveig Monsdr. Lofthus, Eiliv, Brita og Olav f. 1747-1766. Mikkjel Styrkson, g. m. Ragnhild Mattisdr., fekk sønene Olav f. 1775 og Mikkjel f. 1778. Lars Torgeirson f. 1753, g. m. Brita Larsdr. f. 1760, døydde 1843. Dei fekk borni: Maria f. 1788, Ingebjørg f. 1791, g. 1814 m. Olav Johannesson Berge, Anna f. 1795, g. 1822 m. Knut Brynjulvson Liland, Berge f. 1800, g. 1840 m. Kari Olavsdr. Lunde og døydde 1843, Guri f. 1803 og Torgeir f. 1804. Mor hans Lars, enkja Marjo Torgeirsdr. f. 1731 budde hjå han. Styrk Larsson f. 1751, g. m. Marta Monsdr. f. 1741 døydde 1824. Ho døydde 1831. Dei fekk sonen Lars f. 1778. Per Larsson f. 1760, g. m. Brita Andersdr. fekk sonen Lars f. 1794. Knut Mikkjelson, g. m. Brita Persdr., fekk borni Brita f. 1822 og Kari f. 1824.

Nils Bårdson f. 1798, g. 1823 m. Brita Andersdr. Skjelde, hadde plass i Skjeldahaga og fekk borni: Kari f. 1823, g. 1852 m. Olav Larsson Nesheim, Granvin, Bård f. 1825, Steinvor f. 1827, g. 1858 m. Eirik Velomson Tren og Anna f. 1830, g. 1855 m. Lars Knutson Steine. Brita døydde 1869 og Nils 1874.

Olav Larsson Hefte, g. m. Mari Persdr., døydde 1848, 62 år gl. Dei fekk borni: Lars f. 1821, g. 1848 m. Dønåt Mikkjelsdr. Gjerstad f. 1816, Marta f. 1827, g. 1870 m. ekm. husmann Olav Olavson Folkedal, og Sjur f. 1831. Lars fekk 1851 plass i Skjeldahaga. Både Lars og Dønåt døydde 1874 og hadde borni: Olav f. 1851, Nils f. 1857 og Mari, g. m. Nils Gudleikson Gjerme eller Svanga, husmann på Veka. Olav budde på Frøya utanfor Trondheimsfjorden og var fiskar. Nils skriv seg for Hagen, er fiskar og gardmann på Edøy. Dønåt Mikkjelsdr., fekk med

--- side 541 ---

Nils Eimstad sonen Lars f. 1840 som i lang tid reiste med kram.

Rasmus Magneson Mosafinn eller Lunde f. 1788, g. 1818 m. Ingebjørg Arvesdr. Skjeldal fekk 1846 feste på plasset Ålmås på Skjelde. Han døydde 1857 og ho 1866, 78 år gl. Dei hadde borni: Marta f. 1817, g. m. ekm. Lars Nilsson, skomakar på Vangen, Arve f. 1819, g. m. Marjo Magnesdr., husmann i Hornveshagen, Magne f. 1823, g. m. Marta Knutsdr. Liland, Brita f. 1827, g. m. Knut Jonson, husmann på Gjerstad og Ingebjørg f. 1832, g. m. ekm. Olav Nilsson Gjerdåk. Magne var fyrst husmann på Lilandsleite og seinare på Væte. Torgeir Larsson, g. m. Kari Olavsdr., fekk dotteri Mari f. 1832. Isak Larsson, g. m. Kari Isaksdr., fekk 1832 dotteri Ingebjørg. Lars Olavson fekk 1861 husmannsfeste. Per Larsson Mosafinn f. 1830, g. 1880 m. Synneva Nilsdr. Skjelde, døydde 1917. Dei fekk borni Torstein f. 1883 og Brita f. 1886. Jakob Helgestad frå Evanger var husmann nokre år og budde seinare i Haugamoen. På Skjelde var ei tid eit plass kalla Sløen.

Støl.

Stølen var 1¼ mil frå garden heiter det i 1723. Skjeldastølen er Flatøynæ som ligg ved nedre Valfossen i Torfinno. Vårstølen er ovanfor bøjagarden.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala i 1723, men 1776 og 1791 var der ei flaumkvern. Seinare har der vore to kvernar som stod i Grimastagroæ, men dei er no burte. Der er sag som er i bruk.

Offentlege forretningar.

Sak 1750 um eit jordstykke. Semje 1801 um stølen Vibotn'n. Semjor 1803 og 1805 um merkesgjerde. Dom 1809 um merki på stølen. Forretning 1815 vedkomande stølen Flatøynæ. Sak 1810 med Lunde um merkesgjerde. Semje 1822 um beiting. Sak 1823 med Saude um stølen Vibotn'n. Semje 1837 um gjerde og beiting. Semje 1841 um eit slåttetræde i utmarki. Dom 1841 um stølsgrensor. Kontrakt med Raustad um beiting. Feste 1844 til Raustad på stølen Flatøynæ. Utskifting 1845 og 1889. Kontrakt 1896 med W. Konow vedkomande Torfinno. Kontrakt 1902 med Bergens Skogselskap. Overskyn 1928 vedkomande regulering av Torfinno. Bruk 1 flytte husi sine etter utskiftingen 1889.

Bumerke.

Nils 1712 tavle 9 nr. 68. Torgis 1721 t. 1 nr. 83, Torgis har brukt fire ymse merke i tidi 1751-1781. Åmund 1723 t. 9 nr. 69. Velom 1735, 1738 t. 1 nr. 43. Lars 1760, 1771, 1776 t. 9 nr. 70. Han har brigda litt på merket i 1779.

Ymse.

I juli 1871 gleid ein stor knaus or høgste ryggen på Hylmaberje og sturta nedover Hylmaslaotto ved Narheim og førde mykje grus med seg. - I fyrstningi av 1800-talet var det

--- side 542 ---

so turt eit år at graset vilde ikkje veksa, er det fortalt. Den eine gardmannen tok då veit or Suto uti marki heimetter. På vegen er ein dal, og der laga han vassleiding av trelurar. Han fekk då vatna jordi. - I ein haug på Skjelde er funne sverd, spjot, piler, 2 øksar, beitlemilar og bryne.

Segn.

Folk lagar seg gjerne forklåringar til gardnamni. Dei fortel at fyrr nokon hadde busett seg i Viki, var der i Hardanger ein mann som heitte Sjeldrup., Ein gong vildra det seg burt nokre kyr or bølingen åt far hans medan dei var på stølen. Sjeldrup reiste på leiting. Da han kom på fjelleggi, såg han ned i ein framifrå ven dal med eit stort vatn. Der vilde han busetja seg, tenkte han. Fjellet der kalla han Graosio etter bjøllekyri som var burtkome og var gråsidut. Våren etter busette Sjeldrup seg i dalen han hadde set og kalla garden etter seg sjølv: Sjelde. Eldste sonen Grim bygde på ei slette og kalla garden Grimastad. Nesteldste sonen Bjørn tykte so godt um ein bjørkelund, bygde der og kalla garden Lund. Tridje sonen Finn busette seg lenger uppe. Der var mykje mose, og han kalla garden Mosafinn. Yngste sonen Olav fekk ei lid attmed Skjelde og kalla det Liland. Alle brørne vart samde um å laga seg eit træde åt smalen og kalla staden Saude. Sjeldrup vart gravlagd attmed der han hadde rudt og bygt.