56. Skjerpe.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 334 ---

Namnet vert i 1563 skrive Skerpenn. Det vert no sagt Sjèrpè2, han búr pao, è tao Sjèrpè, ska tì Sjèrpés. Namnet er truleg samansett av skarp (um jord) og vin (beite), upphavleg Skarpvin, som so har vorte til Skerpin.

Skjerpe er einbølt gard, og var øydegard i 1661 med skyld 1 laup 9 mark med ein brukar. Landkommisjonen segjer at garden var utan lunnende. Same skyldi er det i 1723. Garden var tungvinn med mager og skinnæm jord. Det var knapt um ved og humlagard vanta. I 1777 og 1838 var skyldi 1 laup 18 mark og der var ei flaumkvern. Samanlikningstalet i 1838 var 400, og då var der vedaskog. Skyldi vart i 1838 umskrivi til 2 dalar 3 ort 6 skill.

I matrikkelen 1865 er ført upp: 9 mål åker, 2 mål dyrka eng, 10 mål god, 41 mål medels natureng og 32 mål skrap. Hamnegangen var ring, lite vedaskog og inkje timberskog. Garden var medels lettbrukt, utsett for å svida og dyrka som vanleg. I 1918 var det 8 mål open åker, 10 mål kunsteng og 13 mål natureng.

Folketalet på Skjerpe var 9 i 1801, 8 i 1865 og 11 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Skjerpe.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 8 7
1723 1 11 12 10
1865 1 8 22 4 1 ½
1918 1 8 16

Bruk 1. Skjerpe.

Fyrste gong me finn Skjerpe nemnt, er 1521, då Sjur budde der og betalte ½ mark i skatt og 4 mark i breffbrot. Ivar var

--- side 335 ---

leiglending 1563 og 1567. Skyldi var 1 laup. Stiftet var eigar. Torgeir er nemnd mange gonger som leiglending 1591-1616. Laurits er ført upp som leiglending 1614 og 1621 og Lasse 1620, 1621 og 1629. Skyldi er frå 1619 ført upp med 1 laup 9 mark. Sjur var leiglending i 1635-36, men so arm at han slapp skatta. Enkja Ingjerd Jonsdr. var brukar 1641 og 1645.

Leidangsboki 1624 melder at leidangen på Skjerpe var 9 mark smør og 1 geitskinn. Ryttarskatt vart i 1627 lagt på odelsgodset 30 mark i Skjerpe med 3½ ort 6 skill. Gunnhild var brukar. Hannibal Sehested fekk kongeskøyte i 1649 på leidangen av Apostelgodset i Skjerpe 9 mark smør og 1 geitskinn. Sehested åtte i 1650 1 laup 9 mark, som han hadde fått ved makebyte med kongen. På dette var det 9 mark smør og 1 geitskinn i leidang, 1 dalar 12 skill. i skatt, 1 ort 8 skill. i fornødspengar, 1 ort 8 skill. i arbeidspengar, og 1½ ort i avgift til jordeigaren. Anders var leiglending. Sehested laut lata eigedomen att til kongen i 1651, som 1657 selde han til Gabriel Marselis. I skattemanntalet 1657 står at Finnegodset åtte 1 laup. Nils Skjerpe var i 1659 stemnd for rest på landskyld og vart dømd til å betala og frådømd bygsleretten. Landkommisjonen i 1661 førde upp garden med skyld 1 laup 9 mark som høyrde til Finnegodset. Per var brukar, men i 1664 var det Olav Person. Som vitne i den store skogsaki mot Klas Miltzow i 1669 har Olav upplyst at han hadde hogge 9½ tylvt sagtimber i Raundalens Ålmenning. Klas Miltzow åtte garden i 1680 og 1691 og Henrik Miltzow i 1695. Gudleik var då brukar.

Laurits Person døydde 1700 som leiglending, var g. m. Brita Olavsdr. og hadde borni Olav f. 1685 og Sigrid f. 1684. Enkja er førd upp i folketeljingi 1701 som leiglending. Boye Ravnsdorf selde garden i 1708 til Arnfinn Sylfestson Skulestad. Olav var brukar 1714 og 1723.

I 1723 stemnde Arnfinn han Olav Skjerpe og kravde at Olav skulde etterkoma lovnaden sin um å flytta frå Skjerpe og til ein annan gard, når borni hans Arnfinn vart so store at eit av dei kunde ta garden. Olav hadde ikkje gjort det. Arnfinn tilbaud Olav 5 spann i Rekve i staden. Olav svara at han skulde flytta når han fekk like so god jord i staden. Han hadde betra husi og gjeve mor si kår. Arnfinn og versonen Ivar tilbaud so Olav 5 spann i Rekve, som bispen åtte. Det 6te spann i Rekve som Mons no brukte, vilde dei og skaffa han når det vart ledigt.

--- side 336 ---

Dei vilde og betala han 4 riksdalar for husevølingane og gjeva mor hans kår. Soleis vart dei forlikte.

Dotter hans Arnfinn, Magli, var gift med Ivar Botolvson. Han fekk skøyte i 1739 frå verfar sin på Skjerpe 1 laup 9 mark for 81 riksdalar. I 1759 kjøpte Ivar løysningsretten til det. Ivar døydde 1769. Seks born: Per, Marta f. 1723, Brita, Ingebjørg f. 1729, Magli f. 1733 og Ingerid f. 1736. Brita var gift 1746 m. Askjel Eirikson Gjerde, skriven for Styve i 1769. Ingebjørg gifte seg 1761 m. Lars Bårdson på Himle. Magli vart gift 1757 m. Lars Sjurson Skjeldal.

Per Ivarson f. 1742 gift 1. 1765 m. enkja Ragnhild Olavsdr. Flatekvål, 2. 1784 m. Barbrå Bergesdr. Dolve og døydde 1819. I 1763 fekk han garden, som ved skifte 1783 var verdsett 300 riksdalar og ved skifte 1808 450 riksbankdalar. Med Barbrå hadde Per sju born: Ivar, Berge f. 1792, Jon f. 1796, Arnfinn f. 1802, Brita f. 1787, Magli f. 1791 og Marta f. 1799. Berge gifte seg 1826 m. Synneva Olavsdr. Taulen. Jon var gift 1835 m. Gunnvor Styrksdr. Tøn og Brita i 1811 m. Eirik Knutson Staup.

Ivar Person f. 1785 g. m. Gjertrud Knutsdr. døydde 1837. I 1809 fekk han farsgarden. Åtte born: Per, Anders f. 1815, Knut f. 1817, Arnfinn f. 1822, Barbrå f. 1819, Gudve f. 1820, Brita f. 1826 og Ingebjørg f. 1828. Anders var gift 1856 m. Kirsti Andersdr. Prestegard, husmann. Knut gifte seg 1846 m. Kari Jonsdr. Gjerstad, husmannsfolk på Gjerstad. Arnfinn var gift 1852 m. Kari Ivarsdr. Flògo og kjøpte gard på Litlere. Barbrå var gift 1841 m. Nils Knutson Gjerdåk. Gudve gifte seg 1849 m. Knut Oddson Bø. Brita var gift 1854 m. Sjur Erlingson Småbrekku. Ingebjørg gifte seg 1858 m. Olav Jonson Lavik.

Per Ivarson f. 1811, var gift 1836 m. Marta Oleivsdr. Ukvitno. Han fekk garden i 1834, bytte 1839 med farbror sin, Berge Person, uti Taulen, men bytte um att 1841. Per døydde 1891. Born: Gjertrud f. 1836, Oleiv f. 1839, Brita f. 1841, Ivar f. 1844. Gjertrud var gift 1863 m. Knut Monsson Litlere. Brita gifte seg til Skulestad med Mattis Hollgeirson. Ivar vart gift 1873 m. Gjertrud Larsdr. Nedkvitno f. 1842 og døydde same året. Ho Gjertrud gifte seg andre gongen 1879 m. Gudleik Olavson Fagnastølen f. 1844. Ivar fekk garden i 1870 for 700 spd. Ved skifte etter han fekk Gjertrud garden for 3020 kronor, men

--- side 337 ---

selde han 1883 til Knut Arnfinnson Litlere for 4000 kronor. Han var fødd 1860, gift 1886 m. Gjertrud Sjursdr. Dolve og døydde 1914. Han var i mange år skogplantar åt Voss Skoglag. Deira son Arnfinn f. 1896 har fått garden (bruk 1) i 1924 for 5100 kronor.

Skjerpe var fyrr mtrnr. 56, lnr. 120 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 2 dalar 3 ort 8 skill., revidert 2 dalar 1 ort. Ny skyld mark 2,89 etter at bruk 3 er skilt frå.

Bruk 2. Skjerpeshaugen. Skyld 1 øre. Utskilt frå bruk 1 i 1901 og ervefest til Gjertrud N. Rødland. Ho let det att 1908 til Knut A. Skjerpe.

Bruk 3. Nyhagen. Utskilt frå bruk 1 i 1932 og selt til Johannes B. Grevle. Skyld 30 øre.

Husmenn.

Ivar Knutson var husmann i 1701 og var då 58 år gl. Korporal Jens Rivenes fekk husmannsfeste på Skjerpe i 1840, men det er uvisst um han kom til å bu der.

Støl.

Garden hadde ikkje støl i 1723. No er det sumarsstøl på Nyestødlen. Ser vårstøl har dei ikkje.

Kvern.

Kvern har det ikkje vore på Skjerpe i 1661, men det var ei flaumkvern i 1723 og likeins 1776 og 1791. Nolevande folk minnest at Skjerpe hadde kvern ved Skjerpeselvi ved bygdavegen.

Offentlege forretningar.

Merkeforretning mot Fitjo i 1889. Kontrakt med Voss Skogplantingslag um skogplanting. Semje um bruk av ein veg 1908.

Bumerke teikna på Skjerpe.

Olav 1721 tavle 3 nr. 89. Ivar 1735 t. 3 nr. 90. Per Ivarson 1779 t. 3 ur. 91. Han har brigda merket på tri ymse måtar 1780-1787.