157. Skjerve.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 3, side 476 ---

Namnet vert i 1427 skrive Skerfuar, i 1490 Skærff (i nominativ). Det vert no sagt Sjèrvé2; han búr pao, è tao Sjèrvé, ska tì Sjèrrs, sms. Sjèrskleivané. Namnet er same ord som skjerv n. skarv, steinrøys, gn. form må vera Skerf, dat. Skerfi. Formi Skerfuar frå 1427 er ei avleidd hokynsform i fleirtal.

Landkommisjonen skriv 1661 at skyldi på Skjerve var 2½ laup, at der var to brukarar og timber- og vedaskog til husbruk. Matrikkelen 1723 har same skyldi og melder det same um skogen, men det var då berre ein brukar. Garden var noko tungbrukt. Skyldi 2½ laup vart 1838 umskrivi til 7 dalar 1 ort 12 skill. Samanlikningstalet var 1100 og garden hadde fureskog til sal.

Matrikkelen 1865 har ført upp 312/3 mål åker, 3 mål dyrka eng, 34 mål god, 23½ mål medels natureng og 40 mål skrapebø. 7 mål var skikka til dyrking. Hamnegangen var medels og der var skog til husbruk. Bruk 1 kunde selja timber for 8 spd. um året. Bruk 2 og 3 kunde venda ved og never for 2 spd. årleg. På bruk 1 og 3 var helleberg og dei kunde selja hellor

--- side 477 ---

for 4 spd. um året kvar. Garden var tungbrukt og dyrka som vanleg. I 1918 var der 14,9 mål åker, 28 mål kunsteng og 13,5 mål natureng.

Der budde 13 menneske i 1801, 27 i 1865 og 12 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Skjerve.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 2 21 19
1723 2 18 18 22
1865 3 26 58 76 76
1918 2 11 30

Munkeliv åtte 1427 4 mmb. i Skjerve, 1 laup i 1463 og 4 mmb. i 1480-90. Knut var leiglending 1563 og 1567. Han betalte landskyld for ½ laup i 1563 og for 1 laup i 1567. Botolv Knutson betalte 1597 tridje års bygsel for 1 laup med 1 mark 51/3 skill., var leiglending ogso 1603 og 1611 og bygsla på nytt 1617. Mons betalte 1616 tridje års bygsel for 1 laup med 1 dalar.

I 1621 åtte Knut Grovu ½ laup 9 mark i Skjerve, Karl Saude ½ laup, Botolv Skjerve 1 laup, ei enkje på Dolve 12 mark og Olav Hefte var eigar av noko. Leidangsboki 1624 melder at leidangen var 1 pund smør og 1 bukkskinn. Det er sagt at jordi var toleg god, men der var ikkje noko lunnende. Stiftet åtte 1626 2 pund der Botolv var leiglending. Odelsgodset 1 laup var pålagt ryttarskatt med 2 dalar 1 ort.

I 1629 er ført upp fire eigarar: Sverkve 1 laup, Gunnhild 1 laup, Guttorm 1 pund 8 mark og Olav 1 laup 12 mark. Ei enkje var 1635 leiglending på 2½ laup og Helge på noko. Enkja Ingebjørg var brukar 1645 og hadde sonen Lars Steffason og dotteri Ragnhild. Berete var «hustaus». Munkeliv åtte 1646 ½ laup 1 bukkskinn.

Skyldi er 1652 førd upp med 2½ laup. Derav åtte kongen 2 pund, Ingebjørg 1 laup, Mons Bjørkås 6 mark og Munkeliv 3 spann. Ho Ingebjørg brukte alt. Det var likeins 1655 og 1659 berre det at Lars då var brukar på 1½ laup og Ingebjørg på sin eigen laup. Landkommisjonen har 1661 skrive at kongen og Munkeliv åtte det same då som 1659 og resten av dei 2½ laup

--- side 478 ---

var bondegods. Ei enkje og Lars Steffason var brukarar. Lars budde der og 1664.

Klas Miltzow stemnde 1663 Ingebjørg og Lars for di dei hadde bygsla burt 2 spann smør og 1 bukkskinn i Skjerve som Klas hadde kjøpt av Munkelivgodset. Ingebjørg påstod at ho som største eigaren i Skjerve med 3½ spann hadde bygsleretten til heile Skjerve. Ho upplyste at Botolv var g. m. Gunnhild Sjursdr. og hadde døtterne Ågot, g. m. Guttorm Bårdson, Brynhild, g. m. Knut Instenson og Ingebjørg, g. m. Helge Helgeson. Ho Gunnhild hadde fått etter mannen sin 1½ spann. Botolv hadde 1621 kjøpt ½ pund i Skjerve av Torkjel Arneson (Åmundson f) Brekku, Rd. og Viking Sveinson Tundal. Guttorm og Knut hadde selt med samtykkje av konone sine 1 pund i Skjerve som konone hadde fått etter Botolv, far sin. Klas påstod at kongen rådde over 3 spann Munkelivgods og 2 spann stiftsgods tilsaman 5 spann. Dessutan hadde kongen etter påbod av 1648 bygsleretten endå um andre åtte meir i garden. Klas vann saki.

H. Garmann fekk 1662 kongeskøyte på Munkeliv sin eigedom 3 spann i Skjerve og selde det same året til Klas Miltzow. Kongen skøytte 1665 til Peter Reedtzs 2 pund. Lars var leiglending 1670 og vitna då i den store skogsaki at han hadde hogge timber i Almenningen. Klas Miltzow var 1676 eigar av 3 spann, Per Andersson 2 pund og Nils Lekve 26 mark. I 1680 er skrive som eigarar: Klas Miltzow 3 spann, Per Anderssons ervingar 1½ pund og Odd Nedre Klyve 2 pund 2 mark.

Odels- og ryttarskattmanntalet 1691 har desse eigarar: Klas Miltzow 3 spann, laugmann Coch 2 pund og Olav Skjerve 1 laup 6 mark. Olav brukte heile garden, 2½ laup. Matrikkelen 1695 har som eigarar: Hans Akselson 2 pund, Henrik Miltzow 3 pund, Lars Ygre 13 mark, Botolv 13 mark, Ivar 1 pund 7 mark og syskini hans 21 mark. Ivar var leiglending, g. m. Rannveig Persdr. og døydde fyre 1701. Enkja gifte seg uppatt med Mons Andersson f. 1656, som var leiglending 1701. Rannveig døydde 1723 og hadde med Ivar borni Knut f. 1794 og Gjertrud.

Aksel Person bygsla 1705 noko og sonen Olav bygsla 1720 2 pund 6 mark av Hans Blytt for den umyndige Hans Flint. Olav fekk ny bygslesetel 1722 på det same. Aksel og Ragnhild Meland vart 1735 dømde til tri års straffarbeid på fiskelegerne for di dei som var syskinborn hadde avla born saman. Laurits

--- side 479 ---

Nilsson Ygre kjøpte 1709 1 laup 3 mark. Eigarane i 1714 var Henrik Miltzow av 1 laup 12 mark, Marcus Faye 2 pund, Lars Ygre 1 pund 15 mark og Ivar Grovu 9 mark. Viking Ygre kjøpte 1721 av ti eigarar tilsaman 25 mark.

Steffa Nilsson Helleve f. 1678, gifte seg 1709 m. Gjertrud Ivarsdr., nemnd ovanfor, og 1723 m. Soffi Massdr. Seve f. 1705, dotter åt lensmann Mass Seve. Steffa bygsla 1709 1 laup 18 mark og døydde 1733. Ho Soffi gifte seg att 1736 m. Arnved Jonson Vestrheim, Ulvik. Han bygsla same år Skjerve av Henrik Miltzow. I 1748 kjøpte han 2 laup på Berge av Johannes Larsson og 1760 halvparten av Skjerve av fru Inger Fürstenberg Alstrup. Deretter makebytte Arnved halvparten av eigedomen sin på Berge til versonen, Mikkjel Sveinson, uti halvparten av Skjerve, som Mikkjel hadde kjøpt 1760 av fru Alstrup. Arnved var no eigar av heile Skjerve.

Arnved døydde 1765, 54½ år gl. Soffi døydde 1786 og skifte vart halde på Bokkatun. Steffa og Gjertrud hadde borni Nils f. 1712 og Ivar f. 1716, som båe døydde ugifte 1736. Steffa fekk med Soffi fire døtter: Gjertrud f. 1726, g. 1745 m. Johannes Henrikson Opeland og døydde 1788 på Brurestolen, Ingebjørg f. 1727, g. 1755 m. Torgeir Monsson på Bokkatun, Torbjørg f. 1730, g. 1748 m. Knut Arnfinnson på Gjerde, Sigrid f. 1732, g. 1757 m. Mikkjel Sveinson Fenno. Arnved og Soffi fekk tri døtter: Brita f. 1743, g. 1766 m. Mattis Monsson Bokkatun på Berge, Soffi f. 1747, g. 1771 m. Erling Olavson Grovu, Marta f. 1739. Ho gifte seg 1761 m. Lars Steffason Melve og 1767 m. Lars Larsson Bjørku f. 1742. Lars Steffason fekk skøyte 1762 frå verfaren på 1 laup 18 mark som vart bruk 1.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Skjerve. Lars Steffason budde der til han døydde 1766, 37 år gl. og ved skifte etter han var bruttomidelen 481 rd. Han hadde med Marta to døtter Soffi f. 1763, g. 1787 m. Anders Larsson Rong, og Astri f. 1765, g. 1789 m. Eirik Rasmusson Nedre Vinjo. Lars Larsson vart 1767 eigar av 1 laup 4 mark og døydde 1824, 83 år gl. Marta døydde 1817 og hadde med han borni Lars f. 1775 og Ingebjørg f. 1783, g. 1818 m. Anders Knutson på Opeland f. 1779.

Lars Larsson f. 1775, g. 1802 m. Ingebjørg Nilsdr. Møn f. 1779 fekk 1801 skøyte frå far sin på garden 1 laup 18 mark.

--- side 480 ---

Båe døydde 1855 og hadde borni: Lars f. 1810. Nils f. 1813, g. 1842 m. Guri Andersdr. Øvre Graudo (Amerika), Marta d. e. f. 1805, død 1819, Guro f. 1807, g. m. husmann Lars Eirikson Skjerve, Brita f. 1817, g. 1853 m. ekm. Anders E. Medås, Marta d. y. f. 1820, g. 1843 m. David Knutson Hylle (Amerika).

Lars Larsson f. 1810, g. 1836 m. Brita Larsdr. Bjørku fekk farsgarden 1831. Brita døydde 1856, 45 år gl. Lars gifte seg uppatt 1858 m. enkja Eli Knutsdr. Opeland og døydde 1872. Ved skifte etter Brita 1858 vart garden taksta 500 spd. og brutto-


Skjerve
Bilete 61. Skjerve 1920. Fot. Ludv. Bru.

midelen var 1015 spd. Lars og Brita fekk tri born: Lars f. 1837, Ingebjørg f. 1841, g. 1870 m. Mattis Johannesson på Grevle, Anna f. 1845, g. 1873 m. Svein Håvardson på Grovu. Lars og Eli fekk dotteri Brita f. 1859, g. 1884 m. Anders Knutson Flatlandsmoen.

Lars Larsson f. 1837 gifte seg 1861 m. Ingjerd Andersdr. Hellesnes f. 1838. Han fekk garden 1858 ved skifte etter mor si for 500 spd. Dei hadde ikkje born, og Lars selde garden 1896 til Svein Knutson Hegle for 6000 kronor. Lars døydde 1913 og Ingjerd 1925 som kårfolk. Etter at bruk 4 var skilt frå,

--- side 481 ---

vart bruk 1 i 1897 selt på auksjon for 1600 kronor til Sjur Fadnes og Nils B. Norheim. Fadnes kjøpte Norheim sin part for 825 kronor i 1899. Oliver Helgeson Ullebust kjøpte 1900 bruket for 2400 kronor. Han var f. 1863 i Førde og g. 1892 m. Guri Nilsdr. Nesthus. I 1910 selde han bruket til Staten for 8000 kronor.

Bruk 1 var fyrr mtrnr. 158, lnr. 306 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 3 dalar 3 ort 6 skill., revidert 3 dalar 4 ort 23 skill. Ny skyld mark 5,81 fyrr bruk 4 var skilt frå.

Bruk 2. Skjerve. Ovanfor umtala Arnved Jonson selde 1765 2 pund 23 mark til Mattis Monsson Bokkatun, som 1766 selde att til Mikkjel Sveinson Berge. Han var skriven for Fenno i 1757 då han gifte seg med Sigrid Steffadr. Skjerve. Mikkjel døydde 1775, 47 år gl. og Sigrid 1792, 60 år gl. og hadde fire born: Steffa f. 1757, Svein f. 1760, død 1825, Ivar f. 1763 og Anna f. 1773, g. 1817 m. husmann Nils Torsteinson Tverberg. Ved skifte etter Mikkjel var garden taksta 284 rd. og bruttomidelen var 406 rd.

Steffa Mikjelson f. 1757, var g. 1. 1788 m. Kari Brynjulvsdr. Graudo og 2. 1797 m. Brita Andersdr. Skutle. Han fekk 1776 skøyte på 2 pund 8½ mark og døydde 1833. Brita døydde 1828, 62 år gl. Steffa hadde med Kari sønene: Mikkjel f. 1789, Brynjulv f. 1793 og Olav f. 1794. Med Brita fekk Steffa borni: Anders f. 1799, død 1830, Svein f. 1801, g. 1841 m. Kari Knutsdr. Lid, gardmann på Tverberg, Steffa f. 1804, Knut f, 1808, g. 1843 m. Kari Nilsdr. Selheim.

Mikkjel Steffason f. 1789, g. 1821 m. Brita Ivarsdr. Bokkatun (Stuarjo) fekk skøyte på garden i 1815. Bruk 3 vart skilt ut frå bruk 2 i 1831. Mikkjel var med i krigen mot Sverike og har namnet sitt på Veteranbautaen. Han døydde 1837 og Brita gifte seg att 1840 m. Torstein Person Haugen, Granvin, som kjøpte gard på Kinne. Mikkjel hadde ikkje etterkomarar.

Brynjulv Steffason f. 1793, nemnd ovanfor, gifte seg 1820 m. Ingebjørg Knutsdr. Opeland og 1829 m. Kari Knutsdr. Vivås. Han fekk i 1827 skøyte på bruk 2 for 300 spd. Brynjulv fekk med Ingebjørg borni Steffa f. 1822, død 1847, Kari f. 1824 og Synneva f. 1825, Brynjulv hadde med Kari fem born: tvillingane Knut og Gjertrud, Ingebjørg, Knut og Brita, fødde 1829-1837. Ved skifte etter Ingebjørg 1828 var garden verdsett 230 spd. og skogen 30 spd.

--- side 482 ---

Anders Endreson Øvre Folkedal kjøpte bruk 2 i 1843. Han var g. m. Sigrid Erlingsdr. som døydde 1853 og hadde fire born: Endre, Erling f. 1847, Elisabet f. 1844 og Barbrå f. 1845. Ved skifte etter Sigrid vart garden verdsett 600 spd. Jan Bårdson Mala, frå Byrkjeland i Kvam, kjøpte 1858 garden for 800 spd. Han var f. 1819, g. m. Kristi Johannesdr. f. 1833 i Kvam. Jan døydde 1915 og Kristi 1910. Dei hadde borni: Johannes f. 1854, Bård f. 1860, Åmund f. 1868, sjå bruk 4, Ingjerd f. 1857, Kari f. 1862, Dortea Olina f. 1865, Anna f. 1871, g. 1899 m. Nils Olavson Froastad, husmann, Kristi f. 1874, Synneva f. 1877, Brita f. 1883, g. 1915 m. Torstein Brynjulvson Rue. Johannes Janson f. 1854, g. 1888 m. Anna Olavsdr. Auro, fekk 1889 skøyte frå far sin på garden. Dei budde der til 1910 då han selde bruket til Staten for 10 000 kronor.

Bruk 2 var fyrr mtrnr. 158, lnr. 307 a med gamal skyld 1 pund 21 mark, urevidert 1 dalar 4 ort 3 skill., revidert 2 dalar. Ny skyld mark 2,91 etter at bruk 3 var skilt frå.

Bruk 3. Skjerve. Det er skilt frå bruk 2 i 1831. Mikkjel Steffason var eigar. Ervingane hans selde 1838 bruket til Olav Steffason f. 1794, nemnd ovanfor. Han var g. 1822 m. Ingebjørg Kjelsdr. Takla. Dei reiste til Amerika og selde garden 1844 til Torkjel Torkjelson Hamre, som var g. m. Eli Knutsdr. f. 1822 i Hardanger. Dei selde garden 1853 til Olav Samsonson Jørdre for 500 spd. og kjøpte bruk 2 på Opeland.

Olav Samsonson f. 1823 på Selland, Vossastr., var g. m. Anna Knutsdr. Hamre, Granvin, f. 1826. Han døydde 1902 og ho 1901 og hadde to døtter: Sigrid f. 1858, g. 1881 m. Klas Knutson på Finne og Gyrid f. 1856, død ugift 1922. Brørne Olav, Per og Arnfinn K. Rykke kjøpte 1900 garden for 7050 kronor, Olav selde 1902 sin part til medeigarane. Staten tok 1910 garden etter takst for 10060 kronor.

Bruk 3 er ført i panteregistret som mtrnr. 158, lnr. 307 b med skyld som bruk 2.

Bruk 4. Skjerve. Det var skilt frå bruk 1 i 1898 med 2 mark i skyld og selt på auksjon 1899 for 4000 kronor til Åmund Janson Skjerve, nemnd ovanfor. Han er f. 1868, g. 1898 m. Brita Eiriksdr. Graudo. Hermund Torleivson Seiland kjøpte bruket på auksjon i 1908 for 4875 kronor og Åmund kjøpte seinare bruk 3 på Rene. Staten kjøpte 1910 bruk 4 for 8400 kr.

--- side 483 ---

Bruk 5. Skjerve. Utskilt frå bruk 1 i 1910 med skyld 56 øre og selt til Oliver Ullebust saman med bruk 1. Johannes A. Møn kjøpte denne stølen i 1920.

Bruk 6. Bjønnsstigen og Potten. Skilt frå bruk 2 i 1910 med skyld 53 øre og selt til Kristian Johannesson Skjerve som bruker denne stølen til garden sin på Auro.

Bruk 7. Potten. Det er støl som er utskilt frå bruk 4 i 1919 med skyld 20 øre og selt til Anders K. Møn.

Bruk 8. Potten og Bjønnsstigen. Støl som er skilt frå bruk 3 i 1910 med skyld 43 øre. Eigarar: Per Endeve og Arnfinn Graudo. Arnfinn selde parten sin 1911 til Per Endeve.

Husmenn på Skjerve.

Erling Person f. 1651 var husmann 1701. Mons fekk 1739 sonen Gudleik. På plasset Skjersbød'n budde Olav Johanson, g. m. Helga Larsdr. som døydde 1742. Ho hadde dotteri Guro Sjursdr. Johannes Øyulvson, g. m. Jorunn Olavsdr. døydde 1791 og hadde dotteri Sigvor. Eirik Larsson, g. m. Marta Gudleiksdr. døydde 1829. Sonen Lars f. 1803, g. 1831 m. Guro Larsdr. Skjerve f. 1807 fekk borni Eirik, Jon, Ingebjørg f. 1832- 1840, som alle reiste til Amerika.

Nils Torsteinson Tverberg, g. 1817 m. Anna Mikkjelsdr. Skjerve, nemnde ovanfor, fekk då plasset Skjersleite. Ho døydde 1842, 70 år gl. Nils gifte seg att 1845 m. Jorunn Sjursdr. Finne. Ho hadde i 1842 med ein Eyvind sonen Olav som vart skulelærar i Raundalen. Nils var med i krigen mot Sverike og har namnet sitt på veteranbautaen. Nils døydde 1857, 68 år gl. og Jorunn gifte seg uppatt 1867 m. ekm. Herbrand Kjelson Takla. Olav Steffason, g. 1822 m. Ingebjørg Kjelsdr. Takla var husmannsfolk fyrr dei 1838 fekk bruk 3. Dei fekk borni: Kari f. 1823 og Kjel f. 1831. Knut Mikkjelson, g. m. Marta Larsdr. fekk dotteri Brita f. 1845.

Johannes Bårdson Byrkjeland f. 1829, g. m. Sigrid Torbjørnsdr., båe frå Kvam bygde og rudde seg plass i Kallhagen på bruk 1. Plasset er kalla Skjershuse. Johannes arbeidde sers fine hornskeior og tresko og var burte på gardane og laga tunnebònd av hatl. Sigrid døydde 1910 og Johannes 1914. Fem born: Bård f. 1861 bur på Bjørku, Soffi f. 1865, g. 1894 m. Ivar Styrkson Finne, sjå bruk 8 på Finne, Kari f. 1869, Sigrid f. 1871, Kristi f. 1876, g. 1909 m. Hermund Torleivson

--- side 484 ---

Seiland, Vossastr. Ivar Johannesson Svartveit g. 1858 m. Jorunn Davidsdr. Istad, budde fyrst i Leiro på Bjørku og sidan på Bruplasse. Han var skreddar og ein meister til å nytta tøyet godt ut. Dei hadde på Bjørku og Skjerve borni: Johannes, skreddar og huseigar i Haugamoen, Kristina, Kari og Brita, fødde 1858-1868.

Åmund Sjurson Hornve, g. 1866 m. Anna Hansdr. Heimberde hadde sidan Bruplasset på Skjerve og fekk noko som låg innåt av bruk 1 Bjørku der Åmund bygde og budde. Han kjøpte sidan eit bruk i Hagen. Sidan har det ikkje butt nokon på Bruplasset. Millom borni deira er Hans f. 1874 som er gardmann på Sygnaberde. Olav Samsonson f. 1822, g. m. Anna Knutsdr. f. 1826 i Hardanger hadde plass i 1865 og hadde døtterne Sigrid f. 1852 og Gyrid f. 1855. Murar Nils Olavson Froastad f. 1858 i Vikør, g. 1899 m. Anna Jansdr. Skjerve har no plasset Skjersleite og har bygt nye hus.

Stølen.

I ei rettssak 1670 er umtala at Skjerve hadde støl på Potten. Det var ¼ mil til han frå garden er det skrive 1723. Bruki 1-4 har havt støl på Potten, men han er no seld, sjå bruk 5-8.

Kvern.

Kvern er ikkje umtala 1723, men i 1776 og 1791 var der ei. Bruk 1-3 har havt kvar si kvern i Hòrjolo, men dei har kome burt etter at helledrifti tok til der.

Offentlege forretningar.

Rettssak 1663 um bygsel og lunnende. Grenseforretning 1758 mot Bokkatun, Gjerdåk og Tverberg. Takst 1848. Skyn um merki 1852. Semje 1909 med militæretaten um skjotebane.

Ymse.

Skjerve ligg soleis til for skjotebanen på Bømoen at Staten i 1910 måtte kjøpe heile garden. Alle gardshusi er rivne so nær som eit stovehus og ein løebygning som er nytta til upplagshus åt dei militære. Jordi vert leigd burt i teigar. Sume tider har det vore flekt noko hellor på Skjerve, men det har ikkje vorte noko stendig drift der.

Ovanfor vegen Bjørku til Skjerve er ein haug som heiter Sjoaten, som skal vera rudd av ein Sjovat. Smørsteid'n, på skap som ei høysåte, er uppe i Sjerskleivane. Ikkje langt derfrå er dravlasteid'n som er overgrodd med kvitgrøn mose som ser ut som rosemåling. Umlag midtveges millom Skjerve og stølen Potten er Kleivakjødnæ. Ei segn fortel at ein gris vart burte i Kleivakjødnæ og kom att i Brynesùrane, ei underjordisk ferd på 3-400 meter.

Bumerke.

Arnved fleire gonger 1743-1755 tavle 7 nr. 2 med litt brigde sume gonger. Nils 1765 t. 7 nr. 3. Mikkjel 1768 t. 7 nr. 4. Lars 1772 har teikna L L S.