Skulane på Vangen.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 1, side 294 ---

Boki um skulane på Voss av L. Bru, utgjevi 1914, gjev utgreiding um skulestellet i Voss herad, og dermed ogso for Vangen, heilt frå dei fyrste tider det tok til og til 1914. Her skal eg gjeva eit stutt oversyn over dei ymse skulane på Vangen.

Folkeskulen på Vangen.

Den fyrste skulen på Voss vart skipa i 1747. Då vart det vedteke at det skulde vera to skulehaldarar i Vangens sokn.


Bilete 40. Skulehuset på Vangen. Fot. P. Braaten 1933.

Seinare vart det 3, frå 1761 4, frå 1818 5 og frå 1825 6 skulehaldarar. Det var då alltid umgangsskule. Frå 1825 var Vangen med i andre krinsen, som gjekk frå Lydvo til Hefte. Skulekommisjonen vedtok i 1828 at det skulde vera fast skule for Vangen og gardane Hellesnes-Gjerde, som då vart ein krins med 71 skulepliktige born. Skulen leigde skulerom i Kytehuset (tuft 90) til 1845, på Mølster 1845 og seinare ei tid på Skarvet og ei tid på Grovendal. I 1852 fekk skulen plass i Formannskapsbygningen, sjå tuft 75 på Gamle Vangen. Gardane Gjerde, Indre- og Litle Ringheim vart skilde frå Vangskrinsen umlag 1860 og seinare ogso Store Ringheim. Vangen var saman med Gullfjordingi til 1879. Då vart Gullfjordingi ser skulekrins.

--- side 295 ---

Frå 1860 var det i Vangskrinsen 3 klassar, kvar på 9 vikor, frå 1891 4 klassar og frå 1895 5 klassar. Frå 1905 vart skulen 6-delt med 21 vikor skuletid i kvar klasse. I 1916 vart det 7 klassar, i 1918 8 klassar, i 1919 9 klassar med 212 born, i 1922 10 klassar, i 1923 11 klassar, i 1914 12 klassar med 264 born, i 1926 13 klassar med 293 born og i 1928 14 klassar med 335 born. Det var 375 skuleborn i 1930.

Nytt skulehus vart bygt på nordsida av kyrkjegarden i Lekvesmoen, og Vangens folkeskule flytte inn i det hausten 1913. Det har 8 leserom, 1 naturfagrom, 1 sløydsal, 1 tarvenderom, lærarrom, bibliotekrom, kontor og bustad for vaktmeisteren. I loftshøgdi er dessutan 3 leserom og 1 tarvenderom, men leseromi på loftet får ein ikkje nytta for skuld brandreglane. I kjellaren er vaskerom og rom til skulekjøkenet. Det vart skipa i 1921, 12 vikor årleg for gjentone i 7de-klassane. Det er i 1930 5 lærarar og 3 lærarinnor ved skulen. Den eine læraren er styrar.

Fleire private barneskular har vore i gang på Vangen sidan ikring 1890-åri i stuttare eller lenger tid.

Voss høgre Ålmuge- og Lærarskule.

Voss høgre Ålmugeskule vart sett igang hausten 1857 og fekk skulerom i Heradshuset, tuft 75. I 1863 vart knytt til ein lærarskule. Båe skulane var eitt-årige. Lærarskulen bygde på Den høgre Ålmugeskulen. Klokkar Torbjørn Sæve var fyrstelærar til han døydde 1875. Seminarist Bjerke var andrelærar til 1863, sidan var det Ola Larsson Kindem. I lenger tid var ein av kapellanane styrar eller inspektør på skulen. Skuletidi var 9 månader um året. Skulen hadde tilskot frå «Oplysningsvæsenets Fond», i fyrstningi 160 spd., som auka noko etterkvart til 510 spd. frå 1876. Elevane frå Voss slapp betala skulepengar, men andre laut betala 5 spd. Lærarskulen vart nedlagd 1882, men den høgre Ålmugeskulen heldt fram til 1888, då han slutta. Han hadde etter 1882 rikstilskot 800 kronor og av heradet noko over 400 kronor um året. På lærarskulen var det i alt 410 som tok lærareksamen. Fyrr lærarskulen byrja her, hadde klokkarane Josef Kyte og David Lemme lese med gutar som skulde verta skulemeisterar.

--- side 296 ---

Hardanger og Voss Amtsskule

vart flytt til Voss hausten 1883 og heldt til i Heradshuset. Fyrste året var skuletidi 6 månader, og sidan 7. Sume år var det skeid for gutar og sume for gjentor. Skulen var her 6 skeid til våren 1889. Det var 2 lærarar ved skulen.

Framhaldsskulen.

Etter lovi frå 1889 vart det sett i gang ein framhaldsskule på Vangen som frå hausten 1893 hadde 24 vikor skule um året. Han slutta i 1895 då Eskeland og Alvestad tok til med Voss Folkehøgskule. I 1909 vart skipa framhaldsskule att med skuletid frå 12-24 vikor årleg. Skipnaden for skulen er soleis at heradet er skift i åtte krinsar. Vangen saman med Gullfjordingi, noko av Bordstrond- og noko av Jernes folkeskulekrinsar utgjer den eine framhaldsskulekrinsen. Skulen går etter tur frå den eine til den andre av dei åtte krinsane i heradet. Framhaldsskulen held til i skulehusi.

Paul Bergh sin skule.

Saman med Johannes Lavik sette Paul Bergh i gang ein privatskule på Vangen hausten 1888 og leigde hotellet Eldorado (Lekve, bruk 35) til skulerom. Skulen fyrebudde til millomskuleeksamen og til studenteksamen. Lavik slutta ved joletid 1889 og Mandius Berentsen kom i staden. Bergh døydde i april 1890, og skulen vart no uppløyst. Berentsen og kaptein Frants Ingvoldstad heldt fram med dei som skulde upp til millomskuleeksamen.

Voss kommunale Millomskule.

Frå slutten av 1870-åri var det frå tid til onnor arbeidt for å få til ein millomskule på Vangen, men det førde ikkje til noko fyrr 1889, då residerande kapellan Ivar Hesselberg saman med fleire tok saki upp att og kom med framlegg. No og møtte det mange vanskar, og skulen kom ikkje i gang fyrr hausten 1893. For å få skulen laut dei vangsfolki som trong skulen, gå god for tilsaman 900 kronor for året, som etter kvart vart minka noko, so det i 1912 var 625 kronor. Alle desse åri laut garan-

--- side 297 ---

tistane betala summen til skulekassa. Dei utgiftene som ein ikkje kunde greida med garantipengane, skulepengane og statstilskotet, laut heradskassa skyta til. Den private garantien fall burt skuleåret 1913-14. Utlogone med skulen var 1901-10 jamt over 8928 kronor og heradstilskotet 1595 kronor utjamna årleg. Dei private garantitilskoti er då medrekna i. heradstilskotet. Skulen var 4-årig og fekk frå 1893 3 lærarar: Filolog Jens Kjos, styrar, realist Aksel Holstad og seminarist A. Ø. Gjelsvik. Det var mykje klassesamandrag i mange fag.

Skulingi var frå fyrst av på bokmål, men frå 1911 vart det mykje strid um målføret i skulen. Det førde til at sidan 1914 har nynorsk vore brukt i skulen. Hausten 1919 vart det i norsk, tysk og engelsk skipa parallellundervisning i 2. og 3. klassa for elevar frå den private barneskulen. Foreldri til elevane i bokmålsparallellane måtte binda seg til å betala to tridjepartar av utlogone, medan Staten gjekk med på ein tridjepart. Denne upplæringi heldt ved til sumaren 1926. I 1917 vart millomskulen umskipa til 3-årig. Han har havt eksamensrett sidan 1895. Elevtalet har svinga frå 31 til 75. 551 har teke eksamen ved skulen i tidi 1894-1930.

Styrarar har sidan Kjos vore: Kand. filos. Tormod Tendeland, kand. mag. Lars Waage, kand. filos. N. Grønlien, kand. mag. Einar Sigmund, kand. mag. J. T. Lillegraven, kand. mag. A. Bjerk-Amundsen, kand. mag. Johs. Lie, kand. mag. Sjur Bøyum, kand. filos. Lars Haugen, premierløytnant P. Sæbø, kand. filol. Ingj. Færevaag og frå hausten 1928 kand. filol. Kr. Starbo. No er det 4 lærarar: ein lektor, ein adjunkt, ein lærar og ei lærarinne og dessutan ei timelærarinne.

Skulen leigde hus av Eirik Flatekvål, bruk 46 i Lekvesmoen og heldt til der til 1916, so ei kort tid i 3. høgdi i den nye folkeskulebygningen, deretter i det gamle folkeskulehuset og sidan hausten 1918 i den nye folkeskulebygningen.

For skulen er eit forstanderskap på 5 medlemer, valde av heradsstyret og departementet. Formenn i det har vore residerande kapellan Ivar Hesselberg, handelsmann L. Kindem, residerande kapellan H. T. Hansen, advokat Fr. Lyng, handelsmann N. J. Finne og no (i 1930) fylkeslækjar B. Lærum. Dei andre i forstanderskapet er: Olav Holdhus, Anders Ullestad, Henrik Brekke og skulestyraren.

--- side 298 ---

Voss to-årige Gymnas.

Etter at det i 1909 og 1910 hadde vore halde fleire møte av interesserte menn, og fleire lag og einskildmenn hadde lova studnad, tok skulen til med ein fyrste-klasse i september 1910 med 12 elevar. Frå skuleåret 1911-12 til 1916-17 var det 2 klassar. Hausten 1917 vart det ikkje sett i gang nokor ny 1. klasse, men 2. klassa vart førd fram til eksamen våren 1918. Dermed slutta dette private gymnaset som no vart avløyst av Voss Landsgymnas. Elevtalet var 1911-12 32, i 1912-13 55 og 1913-14 50. Bjerk-Amundsen var styrar ved Gymnaset til nyår 1911, N. Grønlien til hausten 1912, Leiv Heggstad til sumaren 1916 og sidan Erik Eggen.

Hausten 1913 vart det sett i gang ein to-årig millomskule knytt til Voss to-årige Gymnas. Då Voss Landsgymnas byrja hausten 1916, vart det ikkje sett i gang nokor 1. klasse av millomskulen. Derimot vart 2. klassen halden ved lag, so at dei som gjekk i 1. klassen året fyrr, kunde førast fram til eksamen våren 1917. Dermed slutta den to-årige millomskulen.

Voss private eitt-årige Millomskule.

Denne millomskulen vart sett i gang av Conrad Bonsaksen og Lars Haugen hausten 1912. Skulen skulde fyrebu til Voss Gymnas og hadde umlag 20 elevar um året. Frå hausten 1913 var Haugen åleine styrar. Umframt styraren hadde skulen lærarar frå dei andre skulane her som timelærarar. Skulen vart nedlagd på dei tider då Voss Landsgymnas tok til.

Voss Landsgymnas.

Landsgymnaset er ein rein statsskule som på fire år fører elevane fram til artium utan millomskuleeksamen. Det er ein heilt ut moderne skule med alle linor: realline, latinline, engelskline, greskline og norrøn line. Voss Landsgymnas er einaste landsgymnaset som har gresk line, og einaste gymnaset i landet som har norrøn line. Den norrøne lina byrja i august 1931.

Skulebygningen er heilt moderne med ljose, trivelege rom og gangar og sentraluppverming. Skulen har stor gymnastikksal (med bad), ei sers rik boksamling (over 8000 band) og mo-

--- side 299 ---

derne undervisningsmateriell. I f jorde høgdi er festsal med vid utsyn over Vossabygdi. Ser bustadhus åt rektoren er sett upp nær skulen. Heile anlegget med innbu og rektorbustad kom på kr. 1100000,00. Heradet gav fri tuft, umlag 60 mål, og kr. 50 000,00 kontant. Umlag halvparten av tuftene kjøpte heradet av Lekve, og betalar 300 kronor årleg for den andre halvparten til Prestegarden. Skulebygningen var ferdig og vart teken i bruk i august 1919. Fyrr den tid leigde dei rom i folkeskulebygningen.


Bilete 41. Voss Landsgymnas. Fot. P. Braaten 1933.

Skulen sine utlogor var for skuleåret 1919-20 kr. 224 000,00 og for skuleåret 1932-33 kr. 139 337,58. Elevar som bur so nær skulen at dei kann gå heim att, betalar 350 kronor um året i skulepengar. Dei andre går fritt. Av skulepengane vert 20 prosent nytta til friplassar for elevar som bur heime og har liti råd. Hertil kjem at det dei siste åri årleg har vore ytt 11 000 kronor til stipend.

Skulen byrja i august 1916 med to parallellklassar i fyrste klassen, i alt 57 elevar. Skuleåret 1919-20, då skulen var komen i full gang, var det auka til 10 klassar med umlag 220 elevar. Forutan rektor var det då 12 overlærarar, 3 adjunktar og 1 gymnastikklærar. Den residerande kapellanen har heile

--- side 300 ---

tidi vore religionslærar. På skulen er no rektor, 14 lektorar, 1 overlærar, 2 adjunktar, 1 gymnastikklærar, 1 religionslærar og 2 årsvikarar. P. Blix var rektor frå skulen byrja til 1. august 1931. Sidan er det 0. Bonsaksen.

Frå skulen tok til, har det vore 1120 elevar medrekna skuleåret 1933-34. Høgste elevtalet for året har vore 260 og det lågaste 130. I skuleåret 1933-34 er det 190 elevar (gutar og gjentor). Det er 16 klassar, men sume av dei er slegne saman i sume fag. Skulen har til og med 1933 ført fram 14 årsklassar på i alt 638 studentar, 246 på reallina, 244 på latinlina, 121 på engelsklina og 27 på gresklina. Storparten er frå fylki på Vestlandet, men det er ogso mange frå Sørlandet, Austlandet, Trøndelag og Nord-Noreg.

Idrottsplassen åt skulen ligg eit lite stykke frå skulebygningen. Han er heilt moderne og etter internasjonale mål, med fotballplass 105x60 meter, tennisplass 34x17 meter og tribunar. Idrottsplassen med vegar og tribuneplass er umlag 20 mål. Idrottslagi på Voss har arbeidt upp plassen og har på visse vilkår rett til å bruka han. Lagi har fått noko tilskot til dette av innkoma av kinoframsyningane, noko av landslaget for idrott og noko umveges av staten. Dei seinste åri har gymnaset ytt 250 kronor året til idrottsplassen.

Voss tekniske kveldskule.

Denne skulen tok til 1917 um hausten. Han var skipa som 2-årig, vart umskipa til 3-årig og slutta som 2-årig i 1929. Skuletidi var 2 timar 5 dagar for vika i 31 vikor um vinteren. Fagi var norsk, rekneskapsføring, rekning og utmælingslære, konstruksjons- og projeksjonsteikning, frihandsteikning, naturkunne, fagteikning og mekanikk. Forutan styraren var det 4 faste lærarar. Overlærar Selberg var styrar til august 1919, og sidan lektor Bonsaksen til skulen vart nedlagd hausten 1929. Elevtalet har skift frå 15 til 53. Utlogone for skulen var i skuleåret 1918-19 kr. 3693,67, året 1924-25 kr. 3788,80 og året 1928-29 kr. 2086,34. Staten ytte herav fyrste åri 40 pct., frå hausten 1924 30 pct. og fra 1925 35 pct. Skulen hadde fritt hus i Vangens folkeskule, men ljos og brennefang gjekk inn i rekneskapen. Skulen stod under eit forstandarskap på 5 lemer. Ludv. Bru var fyrste formannen, deretter Selberg og frå 1. aug. 1919 Sjur Småbrekke.

--- side 301 ---

Sundagsskulen.

Sundagsskule vart skipa på Vangen av frøken Adelaide Hansteen i 1886 for born i alderen frå 6 år til dei var konfirmerte. Skulen var i Holbergshuset kvar sundag ettermiddag frå kl. 3. Der kom born både frå Vangen og frå bygdi, inntil ½ mil frå Vangen. Kvar jol vart halde joletrefest i Gymnastikkhuset, seinare i «Nain». Frå 1890 kom presten Nils Roth Heyerdahl og fleire lærarar og lærarinnor med i arbeidet, og dei heldt då til ei tid i Gymnastikkhuset og seinare i «Vonheim» til 1918. Sidan har skulen vore halden i kyrkja sundagane fyre gudstenesta. Vangens Sundagsskule har no umlag 200 born, 4 lærarinnor og 3 lærarar. Lærarane kjem saman kvar fredag kveld og går gjenom teksten for komande sundag. Kvar sumar har skulen ei utferd. Frå denne sundagsskulen har det greina seg ut fleire sundagsskular i bygdi. Lærarane og lærarinnone i alle sundagsskulane kjem saman eit par gonger um året til samråding um arbeidet. Alle desse skulane høyrer til Bergens krins for sundagsskulen. Det har vore ein offerdag um året i kyrkja til skulen, og Voss Sparebank har i mange år ytt 50 kronor til han.

Som nedanfor umtala hadde metodistmeinigheiti og ei tid sundagsskule på Vangen.