58. Skulestad.

 

--- Lars Kindem: Vossaboki 2, side 344 ---

Namnet vert i 1300-talet skrive i Skulastodum. Det vert no sagt Skulestò2; han búr pao, é tao, ska tì Skulestò. Namnet er samansett av mannsnamnet Skule og ein stad, gn. staðr m. (fl. staðir). I gamalnorsk vilde namneformi vera i nominativ Skúlastaðir, i dativ Skúlastọðum.

Skulestad er ein einbølt gard. Han er i 1661 ført upp som øydegard med skyld 1½ laup og ein brukar. I 1723 er det same skyldi og ein brukar. Garden var sers lettbrukt og hadde god jord til kornavling. Turvande vedaskog og humlagard. Skyldi var i 1777 og 1838 1 laup 18 mark, og er i 1838 umskrivi til 3 dalar 4 ort 6 skill. Samanlikningstalet i 1838 var 580. Der var då noko lite fureskog og eit lite vassfall, heiter det i matrikkelen.

I matrikkelen 1865 er ført upp: 12,5 mål åker, 22,5 mål god, 34 mål medels natureng og 25 mål skrap. Hamnegangen var ring, knapt um ved og Ute timberskog. Garden var medels lettbrukt, leid sume tider av turk og var mindre godt dyrka. Vassfallet var sett til 6 spd. årleg. I 1918 var det 13 mål open åker, 8 mål kunsteng og 14 mål natureng.

På Skulestad budde 10 menneske i 1801, 15 i 1865 og 23 i 1920.

Fødnad og avling (i tunnor) på Skulestad.
Hestar Storfe Småfe Korn Potetor
1657 1 13 18
1723 1 12 12 16
1865 1 10 ½ 24 30 26
1918 3 6 20

I Bjørgynjar Kalfskinn er skrive at Vangskyrkja åtte 1½ laup og Evanger prestebol 1 laup i Skulestad. Erling budde der i 1590-åri og var brukar av 1 laup. Han har i 1590 saman med lensmannen på Voss og fem lagrettemenn utferda eit brev vedkomande tvist um ein gardpart. I 1597 er ført upp tri leiglendingar: Erling som hadde 1 laup, Mons 1 laup og Jon ½ laup. Mons Erlingson har i 1597 betalt fyrste års bygsel for 1 laup, som stiftet og kruna åtte, med 7½ dalar. Per er nemnd fleire gonger som leiglending på 1 laup 1603-1616. Han var

--- side 345 ---

utkommandert i 1614 til Svinesund med byrse og sverd. Saman med Oluf Tròdo åtte han i 1611 ½ laup i Skulestad. Jon er leiglending på 1 laup 1619 og 1635, og på 2 laup 1636. Jakob var 1636 leiglending på 1 laup som Jon hadde rymt frå. Jakob var lagrettemann 1649.

Leidangsboki 1624 syner at leidangen på Skulestad var 9 mark smør og 1 geitskinn. Stiftet åtte 1627 1 laup. Ryttarskatt vart då lagt på 1 spann odelsgods med 3 ort i skatt. Hannibal Sehested fekk kongeskøyte 1649 på leidangen av Apostelgodset 9 mark smør og 1 geitskinn. I 1650 åtte Sehested 1 laup som han hadde fått ved makebyte med kongen. På det var der 9 mark smør og 1 geitskinn i leidang, 1 dalar i skatt, 1 ort i fornødspengar, 1 ort i arbeidspengar og 1 ort 8 skill. i avgift til jordeigaren. Sehested laut lata eigedomen att til kongen 1651, som i 1657 skøytte han til Gabriel Marselis. Etter Skattemanntalet 1657 var det 1½ laup Finnegods i Skulestad. I koppskattemanntalet 1645 er ført upp Jon Knutson, g. m. Ingebjørg. I ei rettssak på Skulestad er upplyst at i 1646 hadde rasa ein «skadeleg pest» som hadde rive burt mannen på garden og mange born.

På Vossatinget i april 1656 var fyre ei sak um retten til bygsling av Skulestad. Erling Magneson Tverberg møtte på sine og medervingar sine vegner, nemleg: Ivar Gunnarson Flògo, Tormod Gunnarson Bjørku, Hermund Flògo, Styrk Væte og Steffa Johannesson Hovda. Dei upplyste at deira bestefar Erling Arnfinnson, som no var død, hadde i si tid rudt Skulestad av øyde jord. Han hadde bygt hus, rudt åker og eng, stelt til kvernedam og mykje anna. Erling budde der ei god tid, og son hans budde hjå han, men flytte godviljugt frå han, då kona hans totte garden var for liten til å leva av. Etter at Mons Erlingson var flutt frå garden, hadde ein fatig mann, Per Gulbrandson, fått lov å bu der inntil vidare og var der 13 år.

So kom farsotti, og i den døydde både Erling Arnfinnson og alle borni åt Per, som då flytte burt, av di han var ein aldrande mann. No kom Jon Person Grovu og sat der mot ervingane sin vilje i 15 år. Då han flytte burt, bygsla Jakob Skulestad imot ervingane sin vilje for ein «ringe bygsel» av 6 dalar. Då han døydde, hadde enkja garden, men gifte seg so med Mikkjel Sveinson. Ho heitte Magdelone og var dotter åt Ivar Lid, Kvitli. Erling Tverberg vilde no sjølv bygsla garden. Dei

--- side 346 ---

vart forlikte soleis, at når Skulestad vart bygselledigt att skulde Erling Arnfinnson, broren og ervingane hans vera dei nærmaste til å få bygsla garden att.

Dei einskilde bruk.

Bruk 1. Skulestad. Dette er hovudbruket, og der var ikkje fleire fyrr bruk 2 vart skilt frå i 1883.

Landkommisjonen av 1661 har ført upp Skulestad med 1¾ laup, som høyrde til Finnegodset. Mikkjel Sveinson var brukar då og i 1664, og hadde styksonen Knut Jakobson. Mikkjel var ofte lagrettemann 1663-1674. Klas Miltzow åtte garden i 1680 og 1691. Per var brukar 1691 og 1695. Hans Akselson var eigar 1695. I folketeljingi 1701 er Arnfinn Sylfestson, 39 år gl., leiglending. Han kjøpte garden i 1708 av Boye Ravnsdorf. Arnfinn kjøpte vidare i 1732 av Morten Ruus ein kvernedam med kvernehus og kvern i «Strømmen under Skulestad». Arnfinn døydde 1749. Av borni hans veit me um Magdeli, Brita og Lars. Magdeli var gift 1. 1721 m. Per Andersson Halden, 2. 1722 m. Ivar Botolvson Rekve. Brita gifte seg 1736 m. Åmund Arnfinnson Gjerde.

Lars Arnfinnson f. 1705, gift 1737 m. Gunnvor Knutsdr. Hefte, døydde 1767. Han fekk skøyte på garden hjå far sin 1739 og kjøpte 1759 av kongen løysningsretten til 1 laup for 22 rd. Kongen hadde selt jordgodset 1657 til Gabriel Marselis. Born: Knut, Lars og Gjertrud f. 1755. Lars f. 1751, vart gift 1782 m. Brita Magnesdr. Gjerdskvål. Knut f. 1740, gift 1771 m. Anna Olavsdr. Flatekvål, fekk garden i 1770. Born: Lars f. 1772, Brita f. 1773, Olav f. 1775, Sylfest f. 1777, Kirsti f. 1779, Gjertrud f. 1781 og Herlaug f. 1783. Ho Brita gifte seg 1826 m. Anders Hollgeirson Lemme. Kirsti gifte seg 1810 m. Lars Ivarson Kvåle. Knut Larsson selde garden 1783 til Odd Hollgeirson Ullestad.

Odd Hollgeirson var fødd ikr. 1728, g. m. Brita Kristensdr. og døydde 1808. Dei hadde tri born: Hollgeir, f. ikr. 1761, Sjur og Marta f. ikr. 1769. Sjur gifte seg 1801 m. Brita Eiriksdr. Gjerde. Hollgeir var gift 1. 1787 m. Marta Andersdr. Ringheim, 2. 1802 m. Rannveig Larsdr. Litlere. Sjå nr. 330 i Tvildeætti av L. Kindem. Hollgeir fekk garden i 1794 og døydde 1849. Born m. Marta: Odd f. 1791, Anders f. 1794, Ragnhild f. 1787. Barn m. Rannveig: Marta f. 1804. Anders gifte seg 1826 m.

--- side 347 ---

Brita Knutsdr. Lemme og vart gardmann på Lemme. Ragnhild gifte seg til Lemme med Ivar Knutson.

Odd Hollgeirson var gift 1814 m. Sigrid Knutsdr. Lemme og døydde 1878. Han fekk farsgarden Skulestad 1813. 5 born: Marta f. 1814, Hollgeir f. 1819, Knut f. 1821, Olav f. 1823, Anders f. 1830. Olav for til Amerika. Anders vart gift 1858 m. Sigrid Larsdr. Fenno og fekk med henne gard på Øvre Fenno. Hollgeir gifte seg 1841 m. Anna Mattisdr. Mølster og døydde 1879. I 1840 fekk han farsgarden og ein part i Raundalens Almenning. Fire born: Mattis, Odd, Marta og Ingebjørg. Odd f. 1845, vart gift 1884 m. Rannveig Nilsdr. Ukvitno, sjå under husmenn. Marta f. 1859 vart gift 1884 m. Knut Sveinson En. Ingebjørg f. 1856 gifte seg 1897 m. Nikolai Nilsson Flatekvål, husmann. Mattis f. 1841, var gift 1867 m. Brita Persdr. Skjerpe og fekk farsgarden i 1872 for 800 spd. Mattis selde garden i 1883 til Lars Magneson Gjerdskvål for 5800 kronor. Mattis og Brita hadde borni Marta f. 1868, Hollgeir f. 1870 og Ivar f. 1876. Hollgeir tok att farsgarden ved odelssøknad i 1887 for 6100 kronor. Han gifte seg 1895 med Marta Andersdr. Espeseter frå Vik, f. 1872.

Skulestad var fyrr mtrnr. 58, lnr. 122 med gamal skyld 1 laup 18 mark, urevidert 3 dalar 4 ort 3 skill., revidert 3 dalar 1 ort 17 skill. Ny skyld mark 3,02 etter at bruk 11 er skilt frå.

Bruk 2. Skulestad, utskilt i 1883, ligg ved Dukstadfossen. Eigar Mattis Hollgeirson. Dette var fyrr husmannsplass og heiter Kvednahaugen. Der var fyrr sagbruk og årgangs kvern, der dei mol mykje åt andre. Mattis let bruket i 1920 til sonen Hollgeir. Han let det att 1926 til dotter si, Marta, f. 1897. Skyldi er 35 øre etter at bruk 10 er skilt frå.

Bruk 3. Møllenpris (ved Dukstadfossen). Skyld 16 øre. Skilt frå bruk 2 i 1887 og ervefest til M. Bjørndal og Eirik Birkeland. Dei bygde mylnebruk som dei dreiv. Eigedomen vart seld 1902 til Knut Sveinson Helleve for 13 500 kronor. Han og sønene Lars og Knut bygde elektrisitetsverk. A/S Dukstadfossens Mølle- og Elektrisitetsverk kjøpte eigedomen i 1918 for 14 000 kronor. Sjå bruk 2 Nedre Ringheim.

Bruk 4. Skulestad skule. Skilt frå bruk 1 i 1897 og selt til Voss herad, som bygde skulehus der. Skyldi er 3 øre etter at bruk 12 er skilt frå.

--- side 348 ---

Bruk 5. Stòrvikjæ. Skyld 8 øre. Skilt frå bruk 1 i 1906 og selt til Otto Stensæth og banemeister Samuel Solheimsli.

Bruk 6. Utan skyld. Utskilt frå bruk 1 i 1902 og selt til Voss herad som la det til Skulestad skule.

Bruk 7. Øvrebø. Skyld 68 øre. Skilt frå bruk 1 i 1905 og selt til Torbjørn Gusskalkson Tròdo, som bygde der. Han var f. 1867, g. 1897 med Anna Sjursdr. Dolve og døydde 1925.

Bruk 8. Bjørkelund. Skyld 40 øre. Utskilt frå bruk 2 i 1906 og selt til Knut Nilsson Ringheim, som har bygt og bur der. Lars Gjerde har saman med Knut Ringheim og Viking Gjerde bygt sagbruk og hyvleri der. Knut er f. 1874, g. ra. Brita Mikkjelsdr. Gilbakken og har vore forretningsførar for Voss Kretssykjekasse.

Bruk 9. Bårskottreet. Skyld 5 øre. Utskilt frå bruk 3 i 1926. Eigar Marta H. Skulestad f. 1897.

Bruk 10. Skulestadsagi. Skyld 6 øre. Skilt frå bruk 2. Eigar Hollgeir M. Skulestad.

Bruk 11. Skulestad leikeplass. Skyld 3 øre. Skilt frå bruk 1 i 1930 og selt til Voss herad.

Bruk 12. Skulestad. Skyld 1 øre. Skilt frå bruk 4 i 1930. Eigar Hollgeir Skulestad.

Husmenn på Skulestad.

På plasset Kvednahaugen ved Dukstadfossen budde Svein Arneson, som døydde 1784, 66 år gl. og var g. m. Gunnhild Johannesdr. Dei hadde ikkje born. Sidan budde Nils Botolvson der og var g. m. Guro Olavsdr. I 1801 var det Mikkjel Nilsson f. ikr. 1762 og kona, Kari Torbjørnsdr. I 1835 då Mikkjel var 75 år gamal, gifte han seg uppatt m. Steinvor Karlsdr. Ringheim. Enkja Anna Rasmusdr. f. 1799, budde der i 1860-åri og seinare. Ho førde folk over elvi ovanfor Dukstadfossen. Odd Hollgeirson var der sidan. Han var mykje burte på snikkararbeid, men ho Rannveig, kona hans, var so flink til å styra med kverni. Dei reiste sidan til Amerika. Dette plasset er no bruk 2. På Ivarshaugen hadde Ivar Mattisson g. m. Brita Ivarsdr. plass i 1850-åri og seinare. Halle Larsson hadde plasset Båtskote-tredet (Bårskottredet) og døydde 1848, 81 år gl. Sonen Lars i Myro var husmann på Myraplasset, under Ringheim.

--- side 349 ---

Støl.

Han var ½ mil frå garden er det sagt i 1723. Vårstøl har dei ikkje. Sumarsstølen er på Nyestølen, men dei har ikkje brukt han sidan ikr. 1880.

Kvern.

Det var ei «bekkekvern» i 1661 heiter det. I 1723 er det sagt at der var ei årgangs kvern, men det var ikkje mykje å tena med maling, for alle i grendi hadde eigi bekke- eller flaumkvern. Der var to kvernar i 1776 og 1791 som var skattlagde 6 skill. kvar. Det vanlege elles var 2 skilling. Det har difor vore male åt andre og. Garden var lagt høgt i skyld av umsyn til kverni. Soknepresten åtte halvparten i kvernedammen i 1723. Sjå vidare på bruk 2, 3 og 8.

Offentlege forretningar.

Rettsmøte 1656 um bygslingi av garden. Forretning 1723 mot Grevle um stølsbeite. Semje 1908 um gjerdet kring Skulestad skulde.

Bumerke teikna på Skulestad.

Arnfinn 1711 tavle 3 nr. 97. Lars 1757 t. 3 nr. 98. Odd Hollgeirson 1792 t. 3 nr. 99.